22.07.2017

Tjueandre juli

Tjueandre juli 1924 kom Bill Perkins til verda i solrike San Francisco i California. Saksofonisten Bill Perkins sitt arbeid kan i mi platehylle nytast på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Perkins døydde i 2003. I 1937 vart Chuck Jackson fødd i Latta i North Carolina. Songaren Jackson hadde suksess med eit par av Burt Bacharach sine låtar tidleg på sekstitalet, hjå meg kan han høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på Aretha Franklin si plate Aretha frå 1980. I 1941 vart George Clinton fødd i Kennapolis i North Carolina. Clinton er i tillegg til eiga solokarriere, kjend frå band som Funkadellics og det er ingen som protesterar om han vert omtala som kongen av funk. Hjå meg kan Clinton høyrast på plata Greatest Hits, som oppsummerar noko av det beste han gjorde før me gjekk inn i det nye milleniet, og på Funkadellics samleplata We Got The Funk You Got The Funk. Clinton har også produsert plater for andre artistar og er i mi platehylle mannen bak lyden på Red Hot Chili Peppers-plata Freakey Style frå 1985. I 1944 kom Richard Davies til verda i engelske Swindon. Rick Davies var ein av grunnleggjarane av det britiske bandet Supertramp og kan hjå meg nytast på plata Crisis? What Crisis? Frå 1975. I 1947 vart Donald Hugh Henley fødd i småbyen Gilmer i skytegale Texas. Don Henley er ein av grunnleggjanane av Eagles, som enno ikkje er på plass i mi platehylle. Det betyr at hjå meg er det som gjesteartist på andre sine plater han kan høyrast, og den imponerande lista inneheld vokalhjelp på Jackson Browne si tredje studioplate Late For The Sky frå 1974, Against The Wind, som var Bob Seger And The Silver Bullet Band ellevte studioplate og kom på marknaden i 1980, og på Warren Zevon si sjette studioplate Sentimental Hygiene frå 1987. Eagles-legenda kan også høyrast med vokalhjelp på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1953 kom Brian Anthony Howe til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Songaren Brian Howe sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Ted Nugent si plate Penetrator frå 1984. I 1956 kom Mick Pointer til verda i engelske Brill. Trommeslagaren Mick Pointer var ein av grunnleggjarane av Marillion og kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på debutplata Script For A Jester’s Tear frå 1983. I 1961 vart Jack Grisham fødd i Long Beach i California. Politisk aktive Grisham sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokal på The Offspring sine studioplater Americana (1998) og Splinter frå 2003. I Ann Arbor i Michigan vart Luis Edgar Resto fødd. Plateprodusenten og tangentmannen Luis Resto er tett knytt til Eminem og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for rap-kollektivet D12 på studioplata Devil’s Night (2001), og for 50 Cent på plata Get Rich Or Die Tryin’ (2003). I 1970 nytta gitarhelten Jimi Hendrix datoen til å fullføre innspelinga av In From The Storm i Electric Ladyland Studios. I 1973 fekk artistane Loudon Wainwright III og Kate McGarrigle ein son som skulle få namnet Rufus McGarrigle Wainwright. Rufus Wainwright vart fødd i Rhinebeck i New York, og er ein suksessfull musikar som har gjeve ut fleire kritikarroste album. Mi platehylle byr enn så lenge på debutplata Rufus Wainwrigth frå 1998 og Want One, som kom på marknaden i (2003). I 1977 gav Yes ut sitt åttande studioalbum, Going For The One, same dag som Richie Kamuca døydde av strupekreft. I 1984 stod Music Machine i Santa Monica som vertskap for Toy Dolls. I 2003 døydde Gary King. I 2010 døydde Harry Beckett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar