13.11.2017

Trettande november

Trettande november 1928 vart Hampton Barnett Hawes Jr. fødd i Los Angeles i California. Pianisten Hampton Hawes hadde storhetstida si på femtitalet, men sleit ille mykje med tungt heroinmissbruk, som drog med seg eit påfølgjande fengselsopphald. Hjå meg kan Hawes sitt pianospel høyrast på eit spor på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975. Hawes døyde i 1977. I 1942 kom gitaristen John Paul Hammond til verda i storbyen New York City. Hammond kan i mi platesamling høyrast medan han spelar gitar for Bob Dylan på plata Bring It All Back Home frå 1965. Han er også kreditert for å spele Blues Harp på sporet Pony frå Tom Waits si plate Mule Variations, som kom på marknaden i 1999. I 1949 vart Terry Reid fødd i engelske Huntingdon. Gitaristen Reid har slept plater på eiga hand, men er best kjend for å spele for andre. Hjå meg kan Reid høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på Jackson Browne si Grammy-nominerte tredje studioplate Late For The Sky frå 1974. I 1953 kom Dennis Taylor til verda i New England. Saksofonspelande Taylor sitt bidrag til mi platehylle kan nytast på Michelle Shocked si studioplate Arkansas Traveller frå 1992. I London vart Andrew Ranken fødd. Trommeslagaren Ranken er best kjend for å halde takten i The Pogues. I mi platehylle finn du Ranken sitt arbeid på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Ranken kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Der er han rett nok omtalt som Ardren Ranken. I 1958 vart Anita Skorgan fødd i svenske Göteborg. Svenskfødde Skorgan er kjend som norsk artist og har gjeve ut fleire plater, skrive songar for andre og fora skandalepressa med detaljar frå eit lengre forhold med Jahn Teigen. Hjå meg kan Skorgan høyrast på utvande spor på Prima Vera si samleplate Absolutt Prima Vera (1994) og på Trond-Viggos Beste (1997), også det ei samleplate, denne gong i regi av Trond-Viggo Torgersen. I 1969 kom Romye Robinson til vers. Rapparen Bootie Brown var ein av grunnleggjarane av rapkollektivet The Pharcyde, i mi platehylle kan han høyrast medan han yt vokalhjelp på sporet Dirty Harry på Gorillaz si plate Demon Days frå 2005. I 1978 kom Nikolai Philippe Fraiture til verda i metropolen New York City. Bassisten Nikolai Fraiture spelar til dagleg i The Strokes og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Is This It (2001) og Room On Fire (2003). Same dag slepte Kate Bush si andre studioplate, Lionheart, som berre nådde ein skuffande sjetteplass på listene. I 1981 var Ferryhill staden for dei som ville høyre Toy Dolls spele og det hendte på 101 Club. Same dag spelte AC/DC i Cobo Arena i bilbyen Detroit i Michigan. I 1987 kom The Sisters Of Mercy si andre studioplate, Floodland. I 1992 døyde Ronnie Bond. I 2000 slepte Oasis konsertplata Familiar To Millions, som var spela inn på Wembley Stadium i London tjuefyrste juli same år. I 2014 døyde Michael Burnley, betre kjend som Wizzard. I 2016 døyde Leon Russell.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar