22.11.2017

Tjueandre november

Tjueandre november 1925 kom jazzmusikaren Gunther Schuller til verda i New York City. Schuller er i mi platesamling representert medan han spelar franskhorn på Miles Davis si samleplate Birth Of The Cool frå 1957. Schuller døyde i 2014. I 1946 vart Aston Francis Barrett fødd i Kingston på Jamaica. Bassisten Aston “Family Man” Barrett var ein viktig del av lydbiletet til Bob Marley & The Wailers og hjå meg kan han høyrast på samleplata Legend frå 1984, i tillegg til eit par samleplater av varierande kvalitet. I 1950 kom Martina Michèle Weymouth til verda i Coronado i California. Bassisten Tina Weymouth har spela i både Tom Tom Club og Talking Heads og kan i mi platehylle høyrast på to titlar med sistnemnde, konsertplata Stop Making Sense (1984) og samleplata Once In A Lifetime-The Best Of Talking Heads (1992). I Boston i Massachusetts kom Steven Van Zandt til verda. Gitaristen Little Steven har dei siste åra gjort seg best merkt som skodespelar og plateprodusent, men er likevel best kjend for å spele fast i Bruce Springsteen sitt E. Street Band. Hjå meg kan du høyre Little Steven på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol.1-3., som Bob Dylan slepte i 1991. I 1957 kom Clarence Öfwerman til verda på Södermalm i den svenske hovudstaden Stockholm. Produsenten Öfwerman er i mi platehylle høyrast medan han spelar tangentar på Roxette si storselgjande plate Joyride frå 1991, ei plate han også produserte. I 1958 vart Jason Ringenberg fødd i Kewannee i Illinois. Bondesonen og musikaren Ringenberg har gjort seg merkt som soloartist, leiar av alt-country-bandet Jason & The Scorchers, og som barne-TV-figuren Farmer Jason. Hjå meg kan Ringenberg høyrast på samleplata Best Tracks And Side Tracks 1979-2007 frå 2007. Same dag kom Nicolas Ryes til verda. Gipsy Kings-vokalisten Reyes er mannen som sjarmerte verda med slagarar som Bamboleo og Volare og kan hjå meg høyrast på studioplatene Allegria (1982), Luna De Fuego (1983), Gipsy Kings (1988), Mosaique (1989), Este Mundo (1991) og Love & Liberte (1993), samt konsertplata Live (1992). I 1978 kom Karen Lee Orzolek til verda i Sør-Korea. Karen O er songar i bandet Yeah Yeah Yeahs og kan i mi platehylle nytast på bandet si debutplate Fever To Tell frå 2003. I 1980 kom Motörhead med plata The Beer Drinkers EP. I 1981 var Toy Dolls i West Road Club i Loftus og AC/DC møtte den etter kvart trufaste fansen i Met Centre i norskamerikanske Minneapolis. I 1982 gjekk Stevie Ray Vaughan And Double Trouble i Down Town Studio i Los Angeles og starta innspelinga av det som skulle ende opp som plata Texas Flood, tittelsporet vart foreviga denne dagen. I 1988 gav Gipsy Kings ut si tredje studioplate, den hadde same namn som orkesteret og inneheldt slagaren Bamboleo. I 1993 var dette dagen Jethro Tull gav ut samleplata Nightcap. The Unreleased Masters som inneheldt ei rekkje tidlegare uutgjevne innspelingar som vart gjort tidleg i bandet si karriere. Og veteranane i The Rolling Stones slepte si sjette samleplate, Jump Back – The Best Of The Rolling Stones (’71-’93). I 1997 døyde Michael Hutchence.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar