12.11.2017

Tolvte november

Tolvte november 1944 kom Booker T. Jones til verda i musikkhovudstaden Memphis i Tennessee. Jones, som kurriøst nok ikkje har noko mellomnamn, berre ein T. midt i namnet, er kjent som både musikar og produsent og har arbeidd med alle dei store namna i bransjen. Hjå meg kan Booker T. høyrast både som sjef for eige band, det legendariske instrumentalbandet Booker T & The MG’s på samleplata The Best Of Booker T. & The MG’s, og som musikar for stjerner som Willie Nelson på plata Stardust frå 1978, og som bassist på Bob Dylan si plate Pat Garret & Billy The Kid frå 1973. Jones er også kreditert for tangentspel på Soul Asylum si plate Grave Dancers Union frå 1992. I 1945 vart Neil Percival Young fødd i den forblåste storbyen Toronto. Den kanadiske superstjerna Neil Young har, aleine og saman med bandet Crazy Horse gjeve ei rekkje sterke bidrag til platehylla mi, det er diverre ikkje plass til å ramseo opp alle her, men eg lovar at det vert fleire. Før solokarrieren var Young med i supergruppa Buffalo Springfield, eit band han har songe om i songen Buffalo Springfield Again, som også er tittelen på den plata som er bandet sitt bidrag til mi platehylle, i tillegg finn du også Young kreditert for gitarspel, med meir, på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971, munnspel på songen Furry Sings The Blues på Joni Mithchell si plate Hejira frå 1976, for gitarspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, og hjelpevokal på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. Sjølv var eg så heldig at eg fekk oppleve Neil Percival Young på Koengen i Bergen i 2008, eit minne for livet. I 1947 kom Donald Roeser til verda på Long Island i New York. Buck Dharma er vokalist og gitarist i Blue Öyster Cult og kan hjå meg høyrast på plata Spectres frå 1977. I 1953 vart Malcolm Macdonald fødd Lochmaddy i Skotland. Calum Macdonald har hatt fast jobb som perkusjonist for Runrig sidan starten i 1973 og i mi platehylle kan han høyrast på studioplatene The Highland Connection (1979), The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime frå 1988. I 1955 kom Leslie Richard McKeown til verda i Edinburgh. Les McKeown var songar i Bay City Rollers og kan hjå meg høyrast på samleplata The Magic Collection. I 1957 var Johnny Cash i Memphis og spela inn songen Big River, produsent var Jack Clement. I 1959 vart Lester Butler fødd i den amerikanske delstaten Virginia. Munnspelvirtousen Butler var kjend frå rootsbandet The Red Devils, hjå meg kan bidraget hans på eitt spor Rancid si studioplate Life Won’t Wait frå 1998, i tillegg til utvalde spor på avdøyde Johnny Cash si samleplate Unearted frå 2003. Butler sleit med rusproblem og døyde av ein overdose i 1998. I 1964 vart David Warren Ellefson fødd i Jackson i den skandinaviske delstaten Minnesota. Bassisten David Ellefson slo seg saman med Dave Mustain og starta Megadeath i 1983, og det er på plata Rust In Peace frå 1990 han kan høyrast i mi platesamling. I 1968 var Miles Davis i Columbia Studio B i storbyen New York for å spele inn songen Splash, som eigentleg var med på plata Circle In The Round frå 1979, men som i mi platesamling har fått plass som bonusspor på ei nyutgjeving av samleplata Water Babies som fyrste gong kom på marknaden i 1976. I irske Ruan kom Sharon Shannon til verda. Shannon kan i mi platehylle høyrast medan ho spelar fele og akordion på The Waterboys si femte studioplate Room To Roam frå 1990. I 1987 var Toy Dolls i Sneeke for å spele på Bolwerk same dag som Cornelis Vreeswijk døyde. I 1991 kunne ihuga fans kjøpe ein Lynyrd Skynyrd-box med same namn som bandet. I 1995 var Rock City i fotballbyen Nottingham vertskap for Ozzy Osbourne sin Retirement Sucks-turné. I 1999 døyde Ed Black og Marilyn Manson slepte konsertplata The Last Tour On Earth. I 2000 spelte ein Steve Earle i storform med fullt band i levande live på fjernsynsprogrammet Austin City Limits. Denne konserten er tilgjengeleg som DVD-plata Live From Austin TX. I 2001 kunne trufaste The Cure-fans kjøpe samleplata Greatest Hits, som var ein dobbel CD med det meste av det beste frå bandet. I 2002 var det plateslepp for Missy Elliot si fjerde studioplate, produktet fekk tittelen Under Construction og vart seinare nominert til Grammy-pris. I 2003 døyde Tony Thompson. I 2004 slepte No Doubt-vokalist Gwen Stefani soloplata Love. Angel. Music. Baby. I 2007 slepte Led Zeppelin den doble samleplata Mothership.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar