01.11.2017

Fyrste november

Fyrste november 1946 vart Richard Roman Grechko fødd i den franske vinbyen Bordeaux. Musikaren Rick Grech har ei fortid i Blind Faith og Family, hjå meg kan han høyrast medan han trakterar fiolin på Rod Stewart si plate Smiler frå 1974, samt samleplata The Mercury Anthology frå 1992. Grech døyde i 1990. I 1947 kom James Richard Steinman til verda i New York City. Superprodusenten og komponisten Jim Steinman har gjeve ut soloplater, men er best kjend for samarbeidet han har gjort med andre. Hjå meg kan Steinman høyrast på plata Bat Out Of Hell, som Meat Loaf slepte i 1977. I 1949 vart David Foster fødd i Victoria i British Columbia. Plateprodusenten Foster kan i mi platehylle høyrast på Alice Cooper si plate From The Inside frå 1978, og på plata Off The Wall, som Michael Jackson slepte i 1979. I 1951 kom Ronald Bell til verda i Youngstown i Ohio. Saksofonspelaren Bell er ein av grunnleggjarane av bandet Kool & The Gang, han er også bror av bassisten Robert Bell. Hjå meg kan Bell høyrast på samleplata Anthology 20 Greatest Tracks. I 1960 stilte Elvis Presley det spørsmålet svært mange ungjenter vona å få frå den mannen på den tida. Are You Lonesome Tonight? begeistra platekjøparane nok til at det var seks veker på fyrsteplass i USA, fire i England. I 1962 kom Red Hot Chili Peppers-vokalisten Anthony Kiedis til verda i Grand Rapids i Michigan. I tillegg til Kiedis sitt musikalske innslag, som i mi platehylle heiter The Red Hot Chilipeppers (1984), Freaky Style (1985), The Uplift Mofo Party Plane (1987), Mothers Milk (1989), Blood Sugar Sex Magic (1991), One Hot Minute (1995), Californication (1999) og By The Way (2002), vert han gjerne hugsa for ei rekkje dameaffærar, og i mi platesamling er det forholdet til den aust-tyske punkdronninga Nina Hagen som utmerkjer seg. I 1968 slepte souldronninga Aretha Franklin singelen See Saw. I 1972 gav Slade ut plata Slayed?, som inneheldt mange av dei store hitene dei vert hugsa for i dag. Mama, We’re All Crazy Now nådde fyrsteplassen på dei britiske singellistene, Gudbuy T’Jane kom aldri høgare enn nummer to, men det sikra dei plass i historiebøkene. I 1977 var det andre og siste innspelingsdag for Keith Jarrett si plate My Song. Plata vart spela inn i Talent Studios i Oslo og foruten Jarrett var det berre skandinaviske musikarar i bandet. I 1986 kunne ein høyre Toy Dolls på Meerhaus i den sveitsiske hovudstaden, Bern. I 1987 var Toy Dolls innom Graz for å spele på Haus der Jugend. Same dag gav Black Sabbath ut plata The Eternal Idol, den fyrste plata der vokalist Tony Martin fekk prøve seg som frontmann. I 1988 platedebuterte My Bloody Valentine med Isn’t Anything, som var bandet sitt fyrste studioalbum etter ei rekkje spanandes singlar. Også Yello nytta dagen til plateslepp, produktet fekk namnet Flag og var sveitserane si sjette studioplate. I 1989 var dette dagen då Cafe Europa i Bielefeld tok i mot Toy Dolls. I 1990 døyde Ray Pohlman. I 1994 vart det høve til å kjøpe Nirvana sin akustiske MTV-konsert på plate, og hadde ein pengar og lyst stod også The Black Crows si tredje studioplate, Amorica, i platehyllene denne dagen. I 2004 slepte brørne Caleb og Nathan Followill og resten av Kings Of Leon plata Aha Shake Heartbreak i UK og Irland, resten av verda måtte vente nokre månader. Her heime var det plateslepp for Enslaved, deira produkt hadde tittelen Isa. I 2005 slepte Public Enemy si niande studioplate som fekk tittelen New Whirl Odor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar