05.11.2017

Femte november

Femte november 1931 kom Ike Wister Turner til verda i Clarksdale i Mississippi. Gitaristen Ike Turner stod for den drivande gode gitarlyden i duoen Ike & Tina Turner på slutten av sekstitalet, men vert gjerne hugsa for å ha brukt nevane til anna enn gitarspel. Turner skal ha banka kona Tina Turner ut av ektesenga og ned i rennesteinen, noko som har gjeve ein glitrande musikar eit heller slett ettermæle. Hjå meg kan Turner høyrast på samleplata 18 Classic Tracks, kreditert Ike & Tina Turner, og med pianospel på Gorillas si plate Demon Days frå 2005. Ike Turner døyde i 2007. I 1947 vart Peter Blair Denis Bernard Noon fødd i nærleiken av den engelske industribyen Manchester. Peter Noon var vokalist og spela rolla som Herman i det engelske tyggegummipopbandet Herman’s Hermits, som produserte ei rekkje hits på sekstitalet. Hjå meg kan Noon høyrast på samleplata No Milk Today. I 1956 kom Jefferey Victor Watson til verda i den californiske hovudstaden Sacramento. Gitaristen Jefferey Watson var ein av grunnleggjarane av Night Ranger, eit band han sa takk for seg i i 2007. Hjå meg kan Watson sitt gitarspel høyrast på Chris Isaak si plate San Francisco Days frå 1993. I 1959 kom Bryan Guy Adams til verda i Kingston, nei ikkje på Jamaica, men i Ontario. Rockesviskesongaren Bryan Adams har herja listene med bidrag av ulik kvalitet dei siste åra, og Waking Up The Neighbours frå 1991, som du finn i mi platehylle, er neppe det beste produktet hans. Adams er også kreditert for vokalhjelp på Tina Turner si studioplate Twenty Four Seven frå 1999. I 1960 vart den tidlegare Wilco-trommisen Ken Coomer fødd. Coomer sitt bidrag til mi platehylle finn du på Wilco si tredje og fjerde studioplate Summerteeth (1999) og Yankee Hotel Foxtrot frå 2002. I 1965 vart Angelo Christopher Moore fødd i Los Angles i California. Poeten Angelo Moore var ein av grunnleggjarane av Fishbone, og hjå meg høyre du han på spele saksofon for Jane’s Addiction på deira fyrste studioplate Nothing’s Shocking frå 1988. Moore er også kreditert for bakgrunnsvokal på Red Hot Chili Peppers si tredje studioplate The Uplift Mofo Party Plan frå 1987. The Who nytta dagen til å gje ut singelen My Generation, som også var titelen på debutplata som kom ut ein månad seinare. Singelen nådde andreplassen på listene. I 1971 kom Jonathan Richard Guy Greenwood til verda i den engelske universitetsbyen Oxford. Gitaristen Jonny Greenwood spelar til dagleg i Radiohead og kan i mi platehylle nytast på platene Pablo Honey (1993) og OK Computer (1997). I 1973 kunne sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd sin singel Gimme Three Steps kjøpast for pengar. I 1974 kom David Ryan Adams til verda i Jacksonville i North Carolina. Ryan Adams er ein utruleg produktiv og kreativ artist som, enn så lenge, er representert i mi platehylle med Gold (2001), Love Is Hell frå 2004, og Easy Tiger, som kom på marknaden i 2007. I 1980 stod Coach and Eight i Durham som vertskap for Toy Dolls. I 1982 kom Toy Dolls til Central Club i Newbiggen. I 1983 var The Sun And The Rain tema for Madness sitt listebidrag. Publikum var såpass fornøgd at det vart ein femteplass. I 1986 kunne fastbuande og tilreisande i Köln gå på Luxor og sjå Toy Dolls spele. I 1987 spelte Toy Dolls på Batschlapp i Frankfurt. I 1996 gav Johnny Cash ut plata Unchained. Plata var nummer to i serien American Recordings og produsent var framleis skjeggpryda Rick Rubin. I 2002 gav Johnny Cash ut plata American IV: The Man Comes Around. Plata var den fjerde i samarbeidsserien med Rick Rubin og resulterte i eit ras av nominasjonar og titlar på utdelingar som Grammy og MTV Awards. Dagen bydde også på plateslepp frå Justin Timberlake, debutplata Justified selde i meir enn sju millionar eksemplar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar