24.11.2017

Tjuefjerde november

Tjuefjerde november 1941 fekk verda for fyrste gong stifte kjennskap med superbassisten Donald Dunn. Dette skal han hendt i den musikalsk belasta byen Memphis i Tennessee. “Duck” Dunn vart av fleire rekna som verdas beste bassist innen sitt felt og kan hjå meg høyrast på plate med dei legendariske banda Blues Brothers og Booker T & The MGs. Han trakterar også bassen på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love, som kom på marknaden i 1981, og på Neil Young si tjuefemte studioplate Silver And Gold frå 2000. Duck Dunn døyde i 2012. Ein annan stad i den muskalske byen vart Wayne Jackson fødd. Trompetisten har blese i hornet i The Mar-Keys, husbandet til legendariske Stax Records, og meir kjende The Memphis Horns. Mi platehylle byr på Jackson sitt trompetspel på studioplatene Hot Number, som var The Fabolous Thunderbirds sitt bidrag til underhaldningsindustrien i 1987, og After Hours, som Gary Moore slepte i 1992, konsertplata Joe Cocker – Live (1990), samt utvalde spor på samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1., som kom på marknaden i 1994. I 1942 kom William Connolly til verda i svenske Glasgow. Humoristen Billy Connolly var ein av grunnleggjarane av The Humblebums, som fostra Gerry Rafferty, og har ein lang CV innan filmindustrien. Hjå meg kan du høyre Connolly sitt bajonspel på samlepata The Early Collecton, som kompisen Gerry Rafferty slepte i 1988. I 1945 vart Beverley Bevan fødd i Birmingham i England. Trommeslagaren Bev Bevan var ein av grunnleggjarane av Electric Light Orchestra og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. Bevan spelte også på plata The Eternal Idol, som Tony Iommi slepte under namnet Black Sabbath i 1987. I 1946 kom Anthony Michael Clarkin til verda i engelske Birmingham. Tony Clarkin la i ungdomen frisørsaksa på hylla for å spele gitar i bandet Magnum. Clarkin har skrive alle songane på dei tre platene som står i mi platehylle, Kingdom Of Madness frå 1978, Magnum II, som kom i 1979 og konsertplata Marauder frå 1980, alle på plateselskapet Jet Records. I 1947 vart David Sinclair fødd i engelske Herne Bay. Tangentmannen Dave Sinclair spelar til dagleg i Caravan, men hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Robert Wyatt på hans ellevte soloplate Comicopera frå 2004. I 1950 kom Robert Louis Burns til verda i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Trommsien Bob Burns var ein av grunnleggjarane av sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd, men var visst nok aldri konfortabel med turnélivet og sa frå seg trommestolen i 1974. Hjå meg kan Burns sitt taktfaste arbeid nytast på utvalde spor på samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd, som kom på marknaden i 1998. Burns døyde i 2015. I 1954 vart Clement Anthony Bozewski fødd i Bayonne i New Jersey. Trommisen Clem Burke er best kjend for arbeidet han gjorde i new-wave bandet Blondie, som så langt står med to titlar i mi samling, Parallelle Lines (1978) og No Exit (1999). Burke har også tromma for stjerner som Joan Jett, og har gjort seg merka som Elvis Ramone etter at han heldt takten for dei skinnkledde i to show i august 1987. I 1956 kom Terry Steven Lewis fødd i Omaha i Nebraska. Terry Lewis er den eine halvleiken av eit produksjonsteam som også omfattar Jimmy Jam, og er best kjend for arbeidet dei har gjort med Janet Jackson. Lewis spelar gjerne med på platene han produserar og hjå meg kan han høyrast med basspel og diverse perkusjon på plata Janet Jackson Rhythm Nation frå 1989. I 1960 vart familien Meyer i Oak Ridge i Tennessee lykkelege foreldre til jazzbassisten Edgar Meyer. Saman med resten av bandet Telluride kan Meyer hjå meg høyrast på Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1962 kom John Thommas Squire til verda i engelske Broadheath. John Squire var gitarist i det engelske bandet The Stone Roses og kan i mi platehylle høyrast på deira andre og siste studioplate The Second Coming frå 1994. I 1965 vart Adam Steffey fødd i Norfolk i Virginia. Mandolinspelande Steffey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Michelle Shocked si studioplate Arkansas Traveller frå 1992. I 1978 slepte The Clash singelen Tommy Gun, som plasserte seg på ein fin nittandeplass som høgaste plassering på dei engelske singellistene. I 1981 var Queen på scenen i den kanadiske olympiabyen Montreal for å spele den fyrste av to konsertar som skulle ende opp som den doble konsertplata Rock Montreal, som kom på marknaden i 2007. Resten av materialet vart spela inn dagen etter. I 1982 var ein særs produktiv Stevie Ray Vaughan i studio og spela inn songane Love Struck Baby, Pride And Joy, Testify, Rude Mood, Mary Had A Little Lamb, Dirty Pool, Lenny og Tin Pan Alley (aka Roughest Place In Town) for bruk på plata Texas Flood. Med seg i studio hadde Stevie Ray bandet Double Trouble. I 1991 døyde Eric Carr av kreft, førtiein år gamal, same dag som Freddie Mercury sa takk for seg etter å ha levd med diagnosen HIV i fire år. I 1993 døyde Albert Collins. I 1999 slepte Luca Turilli plata King Of The Nordic Twilight. Plata var den fyrste i ein triologi. I 2011 døyde Ross MacManus.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar