17.11.2017

Syttande november

Syttande november 1940 kom Luke Kelly til verda i irske Dublin. Kelly var ein av grunnleggjarane av det irske folkrockbandet The Dubliners og kan hjå meg høyrast på konsertplata Live In Carré, i tillegg til fleire samleplater. Kelly døyde i 1984. I 1944 vart Harold Eugene Clark fødd i Tipton i Missouri. Gene Clark var ein av grunnleggjarane av The Byrds og kan hjå meg høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. Clark døyde i 1991. I 1946 vart Martin Lancelot Barre fødd i engelske Birmingham. Gitaristen Martin Barre har spelt i Jethro Tull sidan 1969 og har vore med på alle platene bandet har slept etter This Was, som kom så tidleg som 1968. Hjå meg høyrer du Barre på studioplatene Aqualung (1971), Thick As A Brick (1972), Too Old To Rock’n Roll Too Old Too Die (1976), Heavy Horses (1978) og Catfish Rising (1991), samt samleplatene M.U. Best Of Jethro Tull (1976), Repeat. The Very Best Of Jethro Tull Vol.2 (1977) og Nightcap (1993), i tillegg til konsertplata A Little Light Music (1992). I 1966 kom Jeffrey Scott Buckley til verda i Disneybyen Anaheim sør for Los Angeles i California. Jeff Buckley var son av musikaren Tim Buckley, men døyde tragisk tidleg i 1997. Før han gjekk bort gav Buckley ut ei studioplate, Grace (1994), og den finn du hjå meg. I 1969 hadde Jimi Hendrix med seg Band Of Gypsies, Buddie Miles på trommer og Billy Cox på bass, og spelte inn Room Full Of Mirrors på Reccord Plant i New York. I 1970 kom Paul Allender til verda i engelske Colchester i Essex. Gitaristen Allender er inne i sin andre periode i Cradle Of Filth og kan høyrast på to plater i mi samling, The Principle Of Evil Made Flesh (1994), og Midian frå 2000. I 1979, på bandkollega Martin Barre sin fødselsdag, døyde bassisten John Glascock. I 1981 spelte Ebba Grön på Kulturama i Stockholm og songen Mental Istid kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. Same dag spelte AC/DC i Milwaukee Arena i motorsykkelbyen Milwaukee. I 1983 starta AC/DC innspelinga av videoen til For Those About To Rock (We Salute You). I 1986 fekk dei frammøtte i Candy Hall i Osaka høve til å nyte Toy Dolls. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i L’usine i Reims. I 1995 var det Centre i Newport sin tur til å vere vertskap for ein snart pensjonert Ozzy Osbourne. I 1998 kom Offspring si femte plate, Americana, med kjempe hiten Pretty Fly (For A White Guy), som kjempa seg nesten heilt til toppen av dei viktigaste amerikanske platelistene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar