14.11.2017

Fjortande november

Fjortande november 1930 kom Jay Migliori til verda i Erie i Pennsylvania. Saksofonisten Migliori var ein av grunnleggjarane av Supersax, i mi platehylle finn du bidraget hans på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. Migliori døyde i 2001. I 1951 vart trommeslagaren Frankie Banali fødd i bydelen Queens i New York City. Banali er best kjend for å ha vore medlem i Quiet Riot, men i mi platesamling er det på W.A.S.P. si samleplate First Blood. Last Cuts trommespelet hans kan høyrast. I 1958 kom Brice Wassy til verda i den kamerunske hovudstaden Yaounde. Trommisen Wassy er kjend som kongen av 6/8, og har spelt med verdsstjerna Salif Keita. I mi platehylle kan Wassy sitt arbeid nytast på utvalde spor på Talking Heads si samleplate Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads, som kom på marknaden i 1982. I 1972 kom Dougie Payne til verda i skotske Glasgow. Bassisten Payne kan i mi platehylle høyrast på Travis si tredje studioplate, The Invisible Band, ei plate der Dougie også er kreditert for å syngje bakgrunnsvokal. I 1977 kom Obie Trice III til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Raparen Obie Trice sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som vokalhjelp på Eminem si plate The Eminem Show frå 2002. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm, der dei spelte inn Ozone Baby. Songen kan finnast på samleplata Coda frå 1982. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Arts Centre i Darlington, og datoen bydde også på ein konsert med AC/DC, det gjekk føre seg i Cobo Arena i bilbyen Detroit i Michigan, der dei spelte for andre kveld på rad. I 1985 kunne 100 Club i London ynskje Toy Dolls velkomen attende. I 1989 var Toy Dolls i Theatret Barbet i Bordeaux. I 1992 slepte Motörhead The ’92 Tour EP. I 1995 kunne mørkets fyrste, Ozzy Osbourne både høyrast og sjåast på scena i Sheffield City Hall og Melissa Etheridge gav ut plata Your Little Secret. I 1996 prisa AC/DC våren i Sydney. Dei frammøtte i Entertainment Centre fekk høyre Hail Cesar, Ballbreaker og Rock’n Roll Ain’t Noise Pollution, og det gjer me andre også, om me stappar DVD’en Plug Me In i spelaren. I 1997 heldt Bee Gees konsert på MGM Grand i Las Vegas. Konserten vart spela inn og kan kjøpast som både DVD og CD. CD-versjonen har fått namnet One Night Only og kom på marknaden i 1998. I 2000 slepte Offspring plata Conspiracy Of One. I 2005 fekk Pete Doherty sitt prosjekt Babyshambles sin platedebut med plata Down In Albion.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar