06.11.2017

Sjette november

Sjette november 1941 kom Douglas Wayne Sahm verda i myteomspunne San Antonio i skytegale Texas. Dough Sahm var ein av Tex-Mex musikken sine mest markante skapningar og debuterte som musikar i ein alder av fem år, han spelte i ulike band fram til han starta Sir Douglas Quintett i 1965. SDQ hadde ei rekkje hits og gjorde stor suksess i Skandinavia. Saman med kompisen Freddy Fender og Augie Myers og Flaco Jimenez starta Sahm Texas Tornados i 1990. Bandet gav ut fire plater og fekk med seg ein Grammy. Hjå meg kan Sahm høyrast saman med Sir Douglas Quintet på samleplata Scandinavian Years (2008), og saman med Texas Tornados på studioplata Hangin’ On By A Thread (1992), og på samleplata Best Of The Texas Tornados (1994). Sahm døyde i 1999. I 1948 vart John Russel Morgan fødd i Los Angeles i California. Bassisten Rushton Moreve spelte i det legendariske motorsykkelbandet Steppenwolf og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Steppenwolf frå 1968. Rushton Moreve døyde i ei motorsykkelulukke i 1981. I skotske Glasgow kom George Redburn Young til verda. Seinare utvandra heile Young-familien til Australia og unge George toppa hitlistene verda over saman med resten av The Easybeats med hiten Friday On My Mind. Men det er kan hende som produsent for dei to yngre brørne sine George Young har gjort seg best kjend, han har produsert dei tidlegaste AC/DC-platene, og kan i mi platesamling høyrast medan han spelar bass på Little Lover og She’s Got Balls på den internasjonale versjoen av plata High Voltage frå 1975. Young døyde i 2017. Også i Michigan, nærare bestemt i bilbyen Detroit vart det fødd ei stjerne denne dagen. Glenn Lewis Frey er mannen bak mange av dei store slagarane frå country-rock heltane i Eagles. Hjå meg kan Glenn Frey høyrast som sologitarist på utvalde spor på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate Stranger In Town frå 1978. Frey er også kreditert for vokalhjelp på plata Against The Wind (1980) frå same band. Frey døyde i 2016. I 1961 kom Craig Goldie til verda i San Diego i California. Gitaristen Goldie har vore innom band som Venegance og Rough Cut, men i mi platehylle er det som gitarist på Dio-plata Dream Evil frå 1987 han kan høyrast. I London kom Ricky Smith til verda. Musikaren og plateprodusenten Ricky Wilde kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar ulike instrument på systera Kim Wilde si plate Love Is frå 1992. I 1964 kom Gregory Walter Graffin til verda i Racine i Wisconsin. Geologiprofessoren og vokalisten Greg Graffin er i dag einaste gjenværande originalmedlem av Bad Religion og kan i mi platehylle høyrast medan han gaular ut si vrede på platene Stranger Than Fiction frå 1994, og No Substance (1998). I Brooklyn i New York City vart Corey Glover fødd. Vokalisten Glover er frontmann i Living Colour, eit band som prydar mi platehylle med platehylle med studioplata Stain frå 1993. I 1968 kom Eric Newkirt Singleton til verda i New York City. Rapparen Eric Singleton sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Modern Talking si plate Back For Good frå 1998. I 1970 vart Matt Johnson fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Trommeslagaren Johnson kan hjå meg høyrast medan han held takten for Jeff Buckley på debutplata Grace frå 1994, og for Rufus Wainwright på studioplata Want One frå 2003. I 1978 nytta Blondie kvelden til å underhalde i The Walnut Theatre i Philadelphia i Pennsylvania, I Know But I Don’t Know kan høyrast som bonuskutt på nyutgjevingar av studioplata Parallel Lines frå 1978. I 1981 var det punkrock på programmet i Brewers Arm i Durham, underhaldninga var det Toy Dolls som stod for. I 1986 var endeleg Toy Dolls attende på Bolverk i hollandske Sneek. I 1987 hadde Toy Dolls teke turen til Hamburg for å spele på Markthalle. I 1988 var Iron Maiden-singelen Infinite Dreams til sals, det same var videoen Maiden England. I 1989 slepte Uriah Heep si syttande studioplate, Raging Silence. I 1990 gav The Pogues ut plata Hells Ditch, og Scorpions slepte plata Crazy World, som var deira ellevte studioplate og byr på den særs plagsame Wind Of Changes. I 1992 platedebuterte Rage Against The Machine med ei sjølvtitulert plate. I 2004 døyde Pete Jolly.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar