15.11.2017

Femtande november

Femtande november 1932 vart Petula Sally Olwen Clark fødd i engelske Surrey. Songerinna Petula Clark byrja karrieren sin allereie under andre verdskrigen og skal ha selt nærare sytti millionar plater gjennom åra. Hjå meg finn du samleplata Downtown, som er oppkalla etter den største slagaren hennar, og som ikkje står i oversikta over offisielle utgjevnader. I 1941 kom James Luther Dickinson til verda i Little Rock i Arkansas. Jim Dickinson sitt keyboardspel kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997. Dickinson døyde i 2009. I 1945 vart Anni-Frid Synni Lyngstad fødd i Ballangen i Nordland. Anni-Frid Lyngstad gjorde svenske av seg i ung alder og er mest kjend for tida som songar i den svenske superkvartetten ABBA og ekteskapet med felles ABBA-medlem Benny Andersson. Hjå meg finn du Lyngstad si røyst på samleplatene The Hits og ABBA Gold (1992). I tillegg er Lyngstad kreditert for å synge på eit spor på samleplata The Dandy Highwaymen, som Adam & The Ants slepte i 2007. I 1951 kom Frank Infante til verda i metropolen New York City. Gitaristen Infante slo seg saman med gruppa Blondie i 1977 og spelte med dei fram til bandet vart oppløyst fyrste gong i 1982. Infante fekk ikkje tilbod om å vere med då bandet vart attforeina tidleg på 1990-talet. Seinare har Infante heldt koken saman med store namn som Iggy Pop, Joan Jett og 4Non Blondes. Hjå meg finn du Infante sitt gitarspel på plata Parallelle Lines frå 1978. I 1960 vart Dann Huff fødd i Nashville i Tennessee. Huff sitt gitarspel kan hjå meg høyrast på platene True Blue, som var Madonna sitt bidrag til platehyllene i 1986, og The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1991. Huff er også kredtiert for å spele på Rod Stewart si plate Vagabond Heart frå 1991. I 1963 vart Jay Walter Bennett fødd i Rolling Meadows i Illinois. Gitaristen Jay Bennett er best kjend for arbeidet han gjorde med Wilco i perioden 1994 til 2001. Hjå meg kan Bennett høyrast på studioplatene Summerteeth frå 1999 og Yankee Hotel Foxtrot, som kom på marknaden i 2002. Bennett fekk sparken i bandet like etter at albumet Yankee Hotel Foxtrot var fullførd i 2001. Bennett døyde i 2009. I 1972 kom Gasolin’ si andre plate, Gaz 2, på marknaden på denne dagen. I 1981 introduserte Iron Maiden den nye vokalisten, Bruce Dickinson for den engelske fansen. Same dag spelte AC/DC i Cobo Arena i bilbyen Detroit i Michigan. I 1986 bydde dagen på plateutgjeving frå Beastie Boys, debutplata var eit meisterverk som fekk namnet Licensed To Ill, ei plate som til no har selt i meir enn ni millionar eksemplar verda over. I 1988 slepte Journey samleplata Journey’s Greatest Hits. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i MJC jous les i Tours. I 1995 stod Ozzy Osbourne på scenen i Apollo Theatre i engelske Manchester. R.E.M. spelte i Orlando Arena i Orlando. Songen So Fast, So Numb vart spela inn og kan høyrast på plata New Adventures In Hi-Fi, som kom på marknaden året etter. I 2005 slepte Green Day konsertplata Bullet In A Bible, der dei heldige, som eg, fekk med ein DVD med konsert med bandet. Same dag bydde også på plateslepp frå popikonet Madonna, hennar bidrag til popsoga fekk namnet Confessions On A Dance Floor og var hennar tiande studioplate. I 2006 døyde Alice Preves. I 2012 døyde Frode Thingnæs.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar