21.11.2017

Tjuefyrste november

Tjuefyrste november 1926 kom Odd Lunde Børretzen til verda på Hjelmeland i Rogaland. Heilt sidan sekstitalet har prestesonen, forfattaren og songaren m.m. Odd Børretzen kombinert lyrikk og musikk med ei svært ironisk tilnærming og med suverent resultat. Børretzen har samarbeida med fleire store norske artistar som visesongaren Alf Cranner og gitaristen Lars Myhre. Mi platehylle byr på Børretzen si sjølvtitulerte debutplata frå 1974, konsertplata Odd Børretzen og Alf Cranner I Levende Live På Sandvika Kino En Kald Desemberdag I 1973 (1974), og Noen Ganger Er Det Al Right (1995). Børretzen døyde i 2012. I 1940 vart Malcolm John Rebennack Jr fødd i flomutsette New Orleans i Louisiana. Dr. John har hausta fleire Grammy-titlar og var ein ettertrakta studiomusikar før han gjekk i gang med ein platekarriere som soloartist. Mi platehylle byr på soloplata Anutha Zone frå 1998. I tillegg kan Dr. John høyrast medan han trakterar diverse tangentinstrument på på samleplata The Best Of Carly Simon, som Carly Simon slepte i 1975, eit spor på Bob Seger And The Silver Bullet Band si studioplate Against The Wind (1980), på Let Me In, som supergitaristen Johnny Winter slepte i 1991, og på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. Dr. John er i tillegg kreditert som gjest på plata Plastic Fang, som Jon Spencer Blues Explotion slepte i 2002. I 1941 kom Andrew Love til verda i Memphis i Tennesee. Saksofonisten Love spelte til dagleg i den legendariske blåserekkja The Memphis Horns, hjå meg kan saksofonen hans høyrast på The Fabolous Thunderbirds si plate Hot Number (1987), og på After Hours, som Gary Moore slepte i 1992, Joe Cocker si konsertplate Joe Cocker – Live (1990), samt utvalde spor på Aretha Franklin si samleplate The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1. (1994). Love døyde i 2012 etter å ha levd med Alzheimer i ein del år. I 1946 kom Rainer Brüninghaus til verda i tyske Bad Pyrmont. Pianisten Brüninghaus sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Jan Garbarek si plate Legend Of The Seven Dreams frå 1988. I 1948 vart John Douglas Bundrick fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Tangentmannen John Bundrick sin CV tel namn som The Who, Eric Burdon og Johnny Nash, og han spelte på lydsporet til kultfilmen Rocky Horror Picture Show. Hjå meg kan Bundrick høyrast på songen Sleeping With The Dog frå Jethro Tull si studioplate Catfish Rising, og på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death, begge frå 1992. I Charleston i South Carolina kom Alphonse Mouzon til verda. Trommeslagaren Mouzon er i dag hovudsakleg involvert i drifta av eige plateselskap, men har i fortida spelt med så ulike artistar som Jaco Pastorius og Tommy Bolin. I mi platehylle kan Mouzoun sitt arbeid høyrast på utvalde spor på samleplata Collection, som Weather Report slepte i 2008. I 1949 vart Randy Zehringer fødd i Celina i Ohio. Trommisen Randy Z er bror av meir merriterte Rick Derringer og dei kom i sentrum for musikkverda si interesse i bandet The McCoys. Hjå meg kan Randy Z si stødige tromming høyrast på utvalde spor på Johnny Winter si samleplate A Rock ‘N Roll Collection, som kom på marknaden i 1994. I 1950 kom David Williams til verda i marinebyen Newport News i Virginia. Gitaristen Williams spelte for Michael Jackson på plata Off The Wall frå 1979. Williams er også kreditert for gitarspel på Madonna si studioplate True Blue (1986), og på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. Williams døyde i 2009. I 1953 vart Carlton Davis fødd i Kingston på Jamaica. Trommisten Carlton Davis, gjerne kjend som Santa Davis, kan i mi platehylle høyrast medan han held reggeatakten for Peter Tosh på utvalde spor på samleplata The Toughest frå 1998. I 1960 vart Brian Ritchie fødd i motorsykkelhovudstaden Milwaukee i Wisconsin. Bassisten Ritchie har ytt sitt bidrag til musikken si verd gjennom fleire plateinnspelingar med Violent Femmes. Hjå meg kan Ritchie høyrast på studioplatene 3 (1989), New Times (1994) og Freak Magnet (2000), i tillegg til samleplata Add It Up (1993). I 1961 kom Elvis Presley med singelen Can’t Help Falling In Love. Songen er henta frå filmen Blue Hawaii og låg fire veker på toppen av dei engelske listene. I USA var andreplass høgaste notering. I 1965 kom Björk Guðmundsdóttir til verda i Reykjavik på Island. Songerinna Björk har tre bidrag til mi platehylle, soloplata Debut frå 1993, og platene Life’s Too Good (1988) og Stick Around For Joy (1992), som ho slepte medan ho var ein del av det fantastiske bandet Sugarcubes. I 1968 vart Steven Alexander James fødd i engelske Bournemouth. Alex James er best kjend som bassist i Blur, men driv også som osteproduserande bonde. I tillegg til seks seks av Blur sine studioplater, Leisure (1991), Modern Life Is Rubbish (1993), Parklife (1994), The Great Escape (1995), Blur (1997) og 13 (1999), kan James sitt bidrag til mi platehylle høyrast på Sophie Ellis-Bextor si debutplate Read My Lips frå 2001. I 1971 platedebuterte Gasolin’ med plata Gasolin’ (Gaz 1). I 1972 kom Rain Joan Of Arc Bottom til verda i Crocket i skytegale Texas. Veslesystera til skodespelarane River og Joaquin Phoenix er i mi platehylle kreditert for å synge bakgrunnsvokal på songen Bang And Blame på R.E.M. si plate Monster frå 1994. I 1975 vart Erlend Øye fødd i Bergen. Øye påstår han er The Whitest Boy Alive, men hjå meg kan han høyrast som den eine halvleiken av duoen Kings Of Convenience på deira debutplate Quiet Is The New Loud frå 2001. Øye er også kreditert for vokalhjelp på Röyksopp si plate Melody A.M. frå 2001. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm og spelte inn Wearing And Tearing. Det ferdige resultatet kan høyrast på samleplata Coda frå 1982. AC/DC slepte konsertplata If You Want Blood You’ve Got It. I 1980 slepte The Clash singelen The Call Up, som nøyde seg med ein førtiandeplass på dei engelske singellistene. Same dag la Iron Maiden ut på ein ti dagar turne i England, for å introdusere den nye gitaristen Adrian Smith for den voksande tilhengjarskaren. I 1979 gav plateselskapet CBS ut Gasolin’ si debutplate Gasolin’, i ettertid gjerne kalla Gas 1. Plata vart spela inn i Rosenberg Studios i København tidlegare same år og produsent var Sture Lindén. I 1981 var AC/DC sin turné komen til Rosemont Horizon i Chicago i Illinois. I 1986 gav det amerikanske alternativbandet Soul Asylum ut den studiotredje plata si, While You Were Out. I 1995 underheldt Ozzy Osbourne Gordiane og tilreisande i Newcastle City Hall, same dag som Matthew Ashman døyde. I 2000 slepte Nine Inch Nails ut plata Things Falling Apart, som var ei samling remixar frå andre studioplater og som ikkje fekk noko god mottaking i kritikarkrinsar. I 2001 døyde Ralph Burns.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar