09.11.2017

Niande november

Niande november kom 1936 vart Mary Allin Travers fødd i Louisville i Kentucky. Songerinna Mary Travers vart verdskjend som ein del av folktrioen Peter, Paul & Mary på sekstitalet, hjå meg kan ho høyrast med bakgrunnsvokal på The Hooters si plate Zig Zag frå 1989. Travers døyde i 2009. I 1941 kom Thomas Richard Fogerty til verda i Berkeley i California. Tom Fogerty er storebroren til meir kjende John Fogerty og var den fantastiske gitaristen i Creedence Clearwater Revival, som herja platelistene for eit par generasjonar sidan. I mi platehylle finn du Fogerty sitt gitarspel på samleplata The Complete Hit-Album Vol. 1., som neppe kjem på bandet si offisielle liste over utgjevingar, men likevel inneheld det mest essensielle frå bandet si storheitstid. Fogerty døyde i 1990. I 1942 vart Richard Greene fødd i luksuriøse Beverly Hills like utanfor storbyen Los Angeles i California. Felespelaren Greene vert rekna som ein av dei framste i sin bransje og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975, i tillegg til The Fire Inside, som Bob Seger & The Silver Bullet Band slepte i 1991. I 1948 vart Joseph Bouchard fødd i Watertown i delstaten New York. Bassisten Joe Bouchard spelte i Blue Öyster Cult, og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Spectres frå 1977. I 1951 kom Frode Rønli til verda i Sandnes. Rønli er kjend som ernergisk frontmann i Stavangerensemblet og kan i mi platehylle høyrast på åttitalsklassikarane Ska det ver…Så Ska Det Ver (1981) og Knappar Og Glansbilder (1984). I 1954 vart Dennis Stratton fødd i engelske Canning Town. Gitaristen Stratton spelte i Iron Maiden frå 1979 til 1980 og deltok på innspelinga av bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 1980. I 1973 vart Willy Marhaug fødd. William Hut er best kjend som ein av grunnleggjarane av Poor Rich Ones, og for ei strålande solokarriere, hjå meg kan han høyrast med hjelpevokal på Furia si plate …And The We Married The World frå 2003. I 1985 kom W.A.S.P. si andre studioplate, The Last Command. Sidan sist hadde Steve Riley erstatta Tony Richards på stolen bak trommesettet. Blind In Texas og Wild Child kan i tillegg høyrast i remixa versjonar på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. Same dagen døyde Kenny Hagood. I 1986 fekk Paradiso i Amsterdam vitjing av Toy Dolls. I 1987 nytta Toy Dolls kvelden til å spele på Bisqethalle i Bonn. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Rockstore i Montpellier. Same dag døyde Pancho” Hagood. I 1991 døyde Yves Montand. I 1992 gav Mano Negra ut konsertplata In The Hell Of Patchinko. I 1995 stod Ozzy Osbourne på scenen i Guildhall i hamnebyen Portsmouth. I 2015 døyde Andy White.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar