16.11.2017

Sekstande november

Sekstande november 1942 vart Geir Børresen fødd i Oslo. Skodespelaren Børresen opplevde gigantisk suksess då han song den norske vokalen på dei utruleg kitche smurfeplatene som herja den vestlege verda frå slutten av syttitalet. Hjå meg finn du samleplata Smurfenes Beste, som samlar det meste av det verste frå dei små blå sine glansdagar her til lands. I 1945 kom Paul Martin Raymond til verda i engelske St. Albans. Paul Raymond har livnært seg som gitarist i band som UFO og hjå meg kan han høyrast på plata Obsession frå 1978. I 1954 vart Louis Conte fødd på Cuba. Perkusjonisten Conte sitt bidrag til mi platehylle finn du på plata Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire, og på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death, begge frå 1992. I 1955 kom Christopher Layton til verda i Corpus Christi i skytegale Texas. Trommeslagaren Chris Layton er best kjend for å vere ein del av Stevie Ray Vaughan sitt faste backingband, Double Trouble, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene In The Beginning (1982) og Texas Flood (1983), samt samleplata The Best Of Stevie Ray Vaughan (20087). I 1962 vart Gary Manny Mounfield fødd nær den engelske storbyen Manchester. Mani var bassist i The Stone Roses og gjør i dag teneste hjå Primal Scream. Hjå meg kan Mani høyrast på The Stone Roses si andre, og enn så lenge, siste studioplate, The Second Coming frå 1994, og på Primal Scream sine studioplater XTRMNTR (2000) og Beautiful Future frå 2008. I 1963 vart Bernard Wright fødd i nabolaget Jamaica i bydelen Queens i New York City. Tangentmannen Wright er son av songerinna Roberta Flack og kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Tutu frå 1986. I 1965 kom David Kushner til verda i Los Angeles i California. Gitaristen Dave Kushner er best kjend for å spele i supergruppa Velvet Revolver og kan hjå meg høyrast på bandet si debutplate Contraband frå 2004. I 1966 kom Christian Lorenz til verda i tyske Berlin. Doctor Lorenz, gjerne også kalla Flake Lorenz, spelar til dagleg keyboard i Rammstein, og hjå meg kan han høyrast medan han spelar på bandet si andre studioplate Sehnsucht frå 1997. I 1977 la sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd spørsmålet What’s Your Name? ut på dei amerikanske singellistene, b-sida med tittelen I Know A Little gjev eit hint om at dei hadde ei aning. I 1978 var Led Zeppelin på plass i ABBA-bastionen Polar Studios i Stockholm og spelte inn songen Darlene. Resultatet frå denne seansen kan høyrast på samleplata Coda, som kom på marknaden i 1982. I 1981 bydde datoen på konsert med AC/DC i Cobo Arena i bilbyen Detroit i Michigan. Tidlegare på dagen hadde Kiss slept konseptalbumet Music From The Elder, som på ingen måte vart den salssuksessen som bandet og produsenten Bob Ezrin hadde vona. Gitaristen Ace Freley forlèt bandet etter at plata var spela inn og vart erstatta av Bruce Kullic. I 1982 døyde Al Haig. I 1989 var Salle de la Cite i Rennes arena for Toy Dolls sine herjingar. I 1992 slepte Mano Negra si fyrste konsertplate, In The Hell Of Patchinko. Dette var mitt fyrste møte med bandet og eg hugsar enno at håra på armen min reiste seg då den rå energien strøyma ut av høgtalarane og inn i øyrene mine. Absolutt ei av dei beste platene eg har høyrd nokon sinne. I 1993 slepte Pointer Sisters plata Only Sisters Can Do That, bandet si femtande studioplate. I 1995 spelte R.E.M. i North Charleston Coliseum i Charleston. Songen The Wake-Up Bomb kan høyrast på plata New Adventures In Hi-Fi, som kom på marknaden året etter. I 1999 kom Will Smith si andre studioplate Willennium og eg har ikkje anna forklaring på at eg eig denne plata enn at ein kan få mykje rart for ein tiar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar