07.11.2017

Sjuande november

Sjuande november 1943 vart Roberta Joan Andreson fødd i Fort McLeod i canadiske Alberta. Joni Mitchell var med å setje sitt preg på den nordamerikanske folkrock-scena på sekstitalet og har samarbeida med dei fleste av dei store artistane frå den tida. I mi platehylle finn du Mitchell sine bidrag til musikkhistoria på hennar åttande studioplate Hejira frå november 1976. Mitchell syng også på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971, og er også kreditert for vokalhjelp på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997. I 1963 kom bassisten Petter Taranger til verda i Bodø. Petter Pogo har vore innom ei rekkje punkband i både heimbyen Bodø og i Oslo, men har gjort størst suksess i Jokke & Valentinerne, der han fekk med seg ein spelemannspris for plata Frelst i 1991. I 1964 vart Liam Ó Maonlaí fødd i Monkstown, ikkje langt frå den irske hovudstaden Dublin. Maonlaí var ein av grunnleggjarane av Hothouse Flowers i 1985 og kan hjå meg høyrast på plata Songs From The Rain frå 1993, i tillegg til at han er kreditert for å spele irsk trommet og piano på plata Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. I Kingston på Jamaica kom Sandra Denton til verda. Denton voks opp i Queens i New York City og er kjend som Pepa i raptrioen Salt’n Peppa. Hjå meg høyrer du Denton på studioplata Very Necessary frå 1993. I 1969 spela Crosby, Stills, Nash & Young inn nydelege Helpless i Wally Heider studios. For dei som ikkje vil investere i Neil Young Greatest Hits er Crosby, Stills, Nash & Young-plata Deja Vu ein grei stad å leite etter denne perla. Same dag gav ein ung og framstormande David Bowie ut plata Space Odity. I 1970 vart Edward Neil Hannon fødd i nordirske Derry. Neil Hannon er einaste gjenværande originalmedlemm i The Divine Comedy og kan i mi platehylle høyrast med bakgrunnsvoka på Robbie Williams si studioplate I’ve Been Expecting You frå 1998, og på sporet All Mine frå Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1974 vart Christer Engen fødd. Engen, som også nyttar scenenamnet Chris Summers har ei fortid i både Big Bang, Turboneger og Euroboys. Hjå meg kan Summers høyrast på platene Retox, som Turboneger slepte i 2007, og Soft Focus, som var Euroboys sitt bidrag til populærkulturen i 2005. I 1981 hadde Le-Metro i Sunderland gleda av å presenterer Toy Dolls som den lokale haustunderhaldninga. I 1982 var dette datoen Iron Maiden opna sin fyrste Australia-turné og ti konsertar venta dei ”down under”. I 1986 døyde Tracy Pew, same dag som ein kunne oppleve Toy Dolls i Youth Hall i Den Bosch. I 1987 bydde denne dagen på ein konsert med Toy Dolls i Waginingen Youth Club. I 1988 slepte Iron Maiden singelen The Clairvoyant, som tok seg til sjetteplass på listene. R.E.M. sitt bidrag til platemarknaden fekk tittelen Green og var bandet si sjette studioplate. I 1989 var Toy Dolls på scenen og underheldt på Le Transbordeur i den franske mathovudstaden Lyon. I 1995 spelte R.E.M. i Paramid Arena i Memphis i Tennessee. Songen Bittersweet Me på plata New Adventures In Hi-Fi frå 1996 skal vere spela inn under lydprøven til denne konserten. I 1997 gav Ulf Lundell ut si sekstande studioplate, Män Utan Kvinnor, produsert av Lars Halapi. I 2006 døyde Sonny Cohn. I 2016 døyde Leonard Cohen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar