10.11.2017

Tiande november

Tiande november 1946 vart James Earl Gilstrap fødd i Pittsburg, nei, ikkje stålbyen i Pennsylvania, men ein liten småby i skytegale Texas. Songaren Jim Gilstrap hadde eit par solohits på syttitalet, men hjå meg kan han høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på Michael Jackson si plate Off The Wall, som kom på marknaden i 1979, og på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. I 1947 kom Glen Edward Buxton til verda i Akron i Ohio. Glen Buxton var med å starte Alice Cooper Band og er kreditert som komponist på fleire av dei store slagarane bandet hadde på byrjinga av syttitalet. Hjå meg kan Buxton høyrast på platene Schools Out frå 1972 og Billion Dollar Babies, som kom på marknaden i 1973. Buxton døyde i 1997. I 1958 vart Brian Taylor fødd. Trommisen Dolphin Taylor har spela med Stiff Little Fingers, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Tom Robinson Band, eit band han forlet i 1978. I 1964 vart Chris Connely fødd i skotske Edinburg. Connely har ei fortid som tangentmann i Ministry og kan hjå meg høyrast på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1966 kom Stephen Patric Mackey til verda i den engelske stålbyen Sheffield. Bassisten Steven Mackey spelte i Pulp og kan i mi platehylle høyrast på plata Different Class frå 1995. På denne dagen var også The Who i CBS Studios i London og spelte inn Happy Jack, også denne gongen med Kit Lambert som produsent. I 1967 kunne ein treffe The Who i De Lande Lea Studios i London der dei var i ferd med å spele inn sin eigen versjon av Eddie Cochran sin låt May Way. I 1970 vart Eric Sardinas fødd i Fort Lauderdale i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Sardinas er inspirert av fleire store namn innan bluessjangeren, og får gode skussmål frå gitarhelten Steve Vai. Hjå meg kan Sardinas sitt gitarspel høyrast på Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1973 kom den kvinnelege vokalisten i The Beautiful Sout, Jacqui Abbot, til verda i St. Helens, nordvest i England. Dama med døypenamnet Jaqueline Abbot forlèt bandet etter at hennar bidrag til mi platehylle, studioplata Painting It Red kom på marknaden i 2000. I 1974 slepte Uriah Heep si sjuande studioplate, Wonderworld. I 1975 nytta Neil Young dagen til å gje ut plata Zuma, som han hadde spelt inn saman med dei hardtrockande kompisane sine i Crazy Horse. I 1978 vart Drew McConnell fødd i irske Dublin. Bassisten McConnell sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Babyshambles si debutplate Down In Albion frå 2005. I Philadelphia i Pennyslvania vart Eve Jihan Jeffers fødd. Rapparen Eve sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Gwen Stefani si soloplate Love. Music. Angel. Baby. frå 2004. Same dag fekk BBC One sine entusiastiske sjåarar oppleve AC/DC i eit opptak frå University Of Essex. Musikkelskande fjernsynssjåarar kunne nyte dei framtidige slagarane Problem Child, Sin City og Bad Boy Boogie. For dei som måtte kjenne for å gjennoppleve denne hendinga er det berre å gå til innkjøp av DVD-samlinga Plug Me In. I 1981 inntok Toy Dolls East Stanley Club i Stanley, same dag som den hårfine gjengen i Mötley Crüe platedebuterte med Too Fast For Love. I 1987 bydde dagen på Toy Dolls-konsert på Paradiso i Amsterdam. I 1989 var Toy Dolls på tur til Toulouse der dei spelte på Bikini. I 1997 døyde Tommy Tedesco. I 2008 døyde Miriam Makeba.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar