02.11.2017

Andre november

Andre november 1928 vart Herbert Albert Geller fødd i Los Angeles i California. Saksofonisten Herb Geller sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han spelar for Chet Baker på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Geller døyde i 2013. I 1938 kom den norske kunstnaren Oddvar Torsheim til verda på Herland i Askvoll kommune. Torsheim er betre kjend som målar enn som plateartist, men han har gjeve ut fleire soloplater og har delteke i talentkonkurransar på fjernsyn. Mi platehylle byr på studioplata Tur-Retur Blues, som kom ut på plateselskapet Tylden i 2000. I 1945 vart John David Souther fødd i bilbyen Detroit i Michigan. J. D. Souther har samarbeida med dei fleste store namna innan countryrocken, og hjå meg kan han høyrast på plata Late For The Sky, som Jackson Browne slepte i 1974, og The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band Slepte i 1991. I 1947 vart David Pegg til verda i engelske Birmingham. Bassisten Dave Pegg har spelt med fleire store folk-rock namn, som mellom anna Fairport Convention, og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar med Jethro Tull på studioalbumet Catfish Rising frå 1991 og konsertplata A Little Light Music frå 1992, samt utvalde spor på samleplata Nightcap (1993). I 1949 kom Rowland Salley til verda i Bellvedere i Illinois. Bassisten Salley er best kjend for samarbeidet med Chris Isaak og hjå meg høyrere du han på studioplata San Francisco Days frå 1993, samt samleplata Wicked Games frå 1991. I 1953 såg Stein Erik Tafjord dagens ljos i Langevåg på Sunnmøre. Tafjord spelar tuba og kan hjå meg høyrast som ein del av The Brazz Brothers på platene Afrobrazz (1993) og Aquarius (2001). I 1957 vart Carter Anthony Beauford fødd i Charlotteville i Virginia. Trommeslagaren Carter Beauford vert rekna som ein av verdas framste i sitt fag og spelar til dagleg i Dave Matthews Band. I mi platehylle held Beauford takten for DMB på debutplata Under The Table And Dreaming frå 1994. I 1961 kom Kathryn Dawn Lang til verda i forblåste Edmonton i canadiske Alberta. k.d lang har seld millionar av plater og er verdas best kjende lesbiske countryartist. I mi platehylle finn ein studioplatene All You Can Eat, som kom på marknaden i 1995, og Watershed frå 2008. I 1969 vart Reginald Quincy Arvizu fødd i Los Angeles i California. Bassisten Reginald «Fieldy» Arvizu spelar til dagleg i Korn og hjå meg kan han høyrast på samleplata Proud frå 2000. I 1976 gav Miles Davis ut plata Water Babies som inneheldt studioinnspelingar han hadde gjort saman med eit elitelag av musikarar på slutten av sekstitalet. Mi nyutgjevne CD-plate inneheld songen Splash, som ikkje var blant dei fem utvalde spora på den originale plata. I 1977 var Neil Young i Woodland Sound Studios i Nashville i Tennessee og spela inn songen Comes A Time som vart utgjeven på plata med same namn. I 1979 stod Toy Dolls på plakaten i Comrades Club i Horden. Etter den konserten forlèt Pete Zulu bandet for fyrste gong. I 1981 spela Toy Dolls sin konsert nummer hundre og det jubileet vart markert i Legions Park i South Shields, same dag gav Neil Young ut plata Re-Ac-Tor saman med husrockarane i Crazy Horse. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Salle De Faubourg i Genève. I 1989 fekk Luxor i Köln gleda av å høyre og sjå Toy Dolls. I 1991 spela Mano Negra live på Club Chitta i Kawasaki, ein konsert som er foreviga på plata In the Hell of Patchinko, som sjølvsagt står trygt plassert i platehylla mi. I 1997 døyde Carson Smith. I 1999 gav Rage Against The Machine ut den tredje studioplata si, The Battle Of Los Angeles, og også Foo Fighters slepte si tredje studioplate, den fekk tittelen There Is Nothing Left To Loose. I 2009 slepte dødsbuet etter Alf Prøysen den doble samleplata De Kjente Og Kjære Sangene, meir enn femti spanand spor frå ein av Noregs største visesongarar. I 2010 døyde Robert «Spike» Mickens. I 2015 døyde Raul Rekow.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar