31.03.2012

Trettifyrste mars

Trettifyrste mars 1944 kom gitaristen Michael Geoffrey Ralphs til verda. Mick Ralphs er ein av grunnleggarane av både Mott The Hoople og Bad Company. Sjølv er eg livslang fan av Mott The Hoople og Ralphs sitt elegante gitarspel er sjølvsagt grundig dokumentert i mi platehylle, både frå tida i MTH og Bad Company. I 1955 skjedde det som gjør at det vert feira Angus Young dag for alle tilhengjarar av ekte gitarbasert hardrock. På denne dagen vart AC/DC-gitarist og rockegnom Angus McKinnon Young fødd i den falleferdige skotske storbyen Glasgow. Angus er kjent som den alltid like energiske og hardtarbeidande sologitaristen og det sjølvsagte midtpunktet på ein AC/DC-konsert. Fråhaldsmannen Angus er også midtpunktet på alle platene AC/DC har spela inn sidan 1974. Med feite riff og drivande soloar er han bindeleddet mellom solid komp frå storebror Malcolm og resten av bandet, og den hese vokalen til vokalist Brian Johnson. Eg er stolt eigar av meir enn ei handfull AC/DC-plater og videoar og tek gjerne fram luftgitaren til heimekos på seine kveldar. I 1970 spelte Cornelis Vreeswijk inn Första Vackra Dan I Maj. Songen kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1976 nytta Led Zeppelin dagen til å gje ut si sjuande studioplate, Precense. I 1984 var Toy Dolls utanlands igjen og spelte sin fyrste konsert i Nederland, det skjedde på Simplon i Groningen. I 1986 leverte Twisted Sister eit forrykande show på scenen i det som var den tida sitt fyrsteval for store konsertar i Noreg, Drammenshallen, oppvarmar var UFO og underteikna var sjølvsagt tilstades.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar