30.04.2010

Trettiande april

Trettiande april 1933 kom countryartisten Willie Nelson til verda med fullt namn Willie Hugh Nelson. Etter som eg ikkje er verdas største countryfan, har Nelson fram til no berre vore representert med ei av Highwayman-platene som han han gav ut saman med stjernelaget Johnny Cash, Kris Kristofferson og Waylon Jennings, men no er plata Stardust frå 1977 kjøpt inn. Stardust vart spela inn med Booker T. Jones, mest kjend frå eit av verdas beste backingband, Booker T. & The MGs, bak spakane, og med mellom anna verdas beste kordame Emylou Harris med i studio. I 1957 var dette dagen verda fekk endeleg fekk stifte kjennskap til Elvis Presley sin legendariske versjon av Jailhouse Rock frå filmen med same namn. Musikken var sjølvsagt ved husbandet The Jordanairs. Sundag trettiande april 1978 spela AC/DC i levande live på The Apollo i det som er fødebyen for dei to gitarspelande brødrene Young, Glasgow. Klassikarane Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog og Let There Be Rock kan både høyrast og sjåast på dobbel DVD’en Plug Me In som over to plater oppsummerar to vokalistar sitt arbeid for bandet. I 1988 fekk dei frammøtte i Projeto SP i Sao Paolo sjå Toy Dolls sin andre konsert av fire på like mange dagar i same lokalet.

29.04.2010

Tjueniande april

Tjueniande april 1988 var Toy Dolls i Sao Paolo for å spele på Projeto SP. Dette var fyrste av fire konsertar på rappen i same lokalet. I 1993 døyde gitaristen Mick Ronson av kreft i levera. Ein av verdas beste rockegitaristar var borte for alltid. Eg var heldig og fekk sjå og høyre Ronson saman med Ian Hunter og band på Maxime i Bergen i 1989. Konserten vart omtala som ein av dei beste i Bergen til då og er framleis ein av dei beste konsertane eg har vore på. Perler frå heile Hunter/Ronson samarbeidet, innkludert Mott The Hoople-æraen, kom som perler på ein snor. Irene Wild, All The Young Dudes og Just Another Night er høgdepunkta eg hugsar best.

28.04.2010

Tjueåttande april

Tjueåttande april 1960 var Elvis Presley i studio og spelte inn sin versjon av songen Wooden Heart. I 1983 nytta Iron Maiden dagen til og sleppe singelen Flight of Icarus. Songen om mannen med fuglefjør på armane klatra til ellevteplassen på listene.

27.04.2010

Tjuesjuande april

Tjuesjuande april 1947 fekk verda trommeslagaren Jim Keltner. Keltner frå Tulsa er studiomusikar, han vert rekna som ein av verdas beste i sin bransje og heldt mellom anna takten for Bob Dylan på plata Shot Of Love frå 1981. I 1951 kom den originale Kissgitaristen Ace Freley til verda som Paul Daniel Freley. Freley spelte gitar i Kiss frå starten av karriera til 1982. Han gjorde i tillegg eit etterlengta come back i 1996 og spelte den gongen med bandet til 2002. I tida utan Kiss har ”Space Man” pleia ei solokarriere med sitt eige band, Freley’s Comet.

26.04.2010

Tjuesjette april

Tjuesjette april 1940 spelte Woodie Guthrie inn songane Talking Dust Bowl Blues, Blowin’ Down This Road, Do Re Mi, Tom Joad og Dusty Old Dust (So Long It’s Been Good To Know Yuh). Alle songane hadde han komponert sjølv og dette var dei fyrste innspelingane han gjorde for RCA Reccords. I 1971 bydde dagen på konsert med The Who på The Young Vic Theatre i London. Seansen vart spela inn og songane Naked Eye og Water kan høyrast på nyugjevne versjonar av plata Who’s Next. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å sleppe singelen The Number Of The Beast som meir enn tjue år seinare står som sjølvaste signaturlåten for det høgtflygandet hardrockbandet.

23.04.2010

Tjuetredje april

Tjuetredje april 1988 var dagen Iron Maiden-fansen endeleg kunne kjøpa plata Seventh Son Of A Seventh Son. Og det gjorde dei, plata debuterte med fyrsteplass på platelistene. I 1991 vart datoen prega av at den tidlegare New York Dolls-gitaristen Johnny Thunders vart funnen daud, In Cold Blod, på eit hotellrom i New Orleans. Rykta og spekulasjonane om at gode gamle Johnny vart teken av dage for at nokon skulle kunne stikke av med alt dopet hans har heldt seg i livet fram til i dag, sjølv om det, som vanleg i slike saker, offisielt ikkje finst prov for at noko kriminelt har hendt den slitne rockaren.

22.04.2010

Tjueandre april

Tjueandre april 1949 hadde Miles Davis med seg eit stjernelag av musikarar beståande av J.J. Johnson på trombone, Sandy Siegelstein på fransk horn, John Barber på tuba, Lee Konitz på altsaxofon, Gerry Mulligan på baritonsaxofon, John Lewis på piano, Nelson Boyd på bass og Kenny Clarke på trommer. Dei spelte inn Venus De Milo, Boplicity, Israel og Rouge som alle kan høyrast på plata Birth Of The Cool. I 1967 gav The Who ut singelen Pictures Of Lily. Songen, som vistnok handlar om mastrubasjon, nådde fjerdeplass på hitlistene.

20.04.2010

Tjuande april

Tjuande april 1941 vart bassisten Tim Drummond fødd. Drummond spelte mellom anna på Neil Young si plate Comes A Time frå 1978. I 1970 kunne The Wonder Of You kjøpast som singel. Artisten var Elvis Presley og songen fekk seks veker på fyrsteplassen på dei engelske listene. I USA vart niandeplassen høgaste plassering.

19.04.2010

Nittande april

Nittande april 1944 var ordvulkanen Woodie Guthrie i studio i New York og spelte inn Talking Sailor, Grand Coulee Dam, New York Town, Who’s Gonna Shoe Your Pretty Little Feet, Mulle Skinner Blues og Biggest Thing Man Has Ever Done. Alle desse songane kan høyrast på samleplata Pictures Of Plenty. Original Recordings 1940-1947 som er Guthrie sitt einaste bidrag til mi platesamling. Guthrie sjølv spelte gitar og song på desse inspelingane, men for spesielt interesserte kan det opplysast at han vart assistert av Cisco Houston på både song og gitar på New York Town.

16.04.2010

Sekstande april

Sekstande april 1947 kom trommeslagaren Lee Kerslake til verda i badebyen Bournemouth på den engelske sørkysten. Kerslake har lang fartstid i urrockarane Uriah Heep som eg var så heldig at eg fekk sjå i levande live på Maxime i Bergen vinteren 1989 og som er rikeleg representert i mi platesamling. Kerslake kan i mi platesamling også finnast bak trommesettet på innspelingar med ein av mine store heltar, Ozzy Osbourne.

15.04.2010

Femtande april

Femtande april 1944 vart den walisiske rockaren Dave Edmunds fødd i den walisiske hovudstaden Cardiff. Edmunds har hatt fleire hits sidan slutten av 1960-talet, men er meir kjend som produsent enn som musikar og han er grunnleggaren av Rockfield Studios som han har plassert langt ute på den walisiske landsbygda. Der har mellom anna Motörhead gjort vellukka innspelingar. I 1974 vart Lynyrd Skynyrd-plata Second Helping tilgjengeleg for platekjøparane på denne dagen. I 2001 nytta Joey Ramone denne dagen til å trekkje det siste andedraget sitt. Gjennom å vere vokalist og ein av grunnleggarane av Ramones er hans bidrag til all slags god musikk uvurderlig og det er ikkje tvil om at han vert sakna av alle som likar ekte rock’n roll.

14.04.2010

Fjortande april

Fjortande april 1969 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Elvis Presley sin meste sosialt engasjerte song nokon sinne. In The Ghetto låg ei veke på fyrsteplassen i England, men måtte nøye seg med tredjeplass i USA. I 1980 var dette sleppdato for Iron Maiden si sjølvtitulerte debutplate. Plata vart spela inn i Kingsway Studios i London i desember 1979 og produsent for verket var Will Malone.

13.04.2010

Trettande april

Trettande april 1966 kom gitaristen Marc Ford til verda. Ford var kjend for å leike med stengane i The Black Crows, men har no forlete sørstatsrockarane for godt i von om å halde seg edru og for å pleie solokarriera si. I 1992 gjorde Iron Maiden singelen Be Quick Or Be Dead frå Fear of The Dark tilgjengeleg, og platekjøparane sin respons løna dei med ein tredjeplass på listene.

12.04.2010

Tolvte april

Tolvte april 1971 var dagen The Who fullførte innspelinga av Too Much Of Anything i Olympic Studios. Songen vart likevel ikkje tilgjengeleg før plata Odds & Sods i 1974. Dei driftige karane gjekk også i gang med innspelinga av låten Bargain som vart fullførd med tre studiodagar i juni (5, 18 - 19) same året.

11.04.2010

Ellevte april

Ellevte april 1980 spelte Toy Dolls i Boilermakers Club i Sunderland, dette vart siste konsert for originaltrommis Mr. Scott etter at kjærasten hans kravde at han måtte få betalt minimum ein tiar (ti pund) for kvar konsert. Slike skyhøge krav kunne gitarist og bandleiar Olga (Michael Algar) sjølvsagt ikkje innfri og han måtte ut på jakt etter ein rimelegare trommis. Tidsskilnaden gjer at det truleg var gått nokre timar då Ramones nytta denne dagen til å gå på scenen i Hollywood Palladium, California, USA.

10.04.2010

Tiande april

Tiande april 1959 kom den alltid like hårfine gitaristen Brian Setzer til verda. Setzer er mest kjend som låtskrivar, vokalist og supergitarist i rockabillybandet Stray Cats, men har i tillegg hatt ei omfattande solokarriere utanom. Rockabillyikonet har etter Stray Cats-tida fått gravert ei rekkje tatoveringar i huda og er ein flott representant for sjangeren. Hjå meg kan Setzer høyrast på diverse Stray Cats-plater som dekker det mest essensielle frå dette epokegjørande bandet. I 1980 nytta dei skinnkledde karane i Ramones dagen til å signere plater på Music Plus i Hollywood, California, USA. Bandet var annonsert til å dukke opp klokka halv fem om ettermiddagen.

09.04.2010

Niande april

Niande april 1980 la dei elleville skagutane i Madness seg godt til rette på ein fin sjetteplass på hitlistene med lystige Night Boat To Cairo som hjå meg kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits. Frå 2006 vert dagen hugsa for at bluegrasfelespelaren Gordon N. Terry døyde, etter eit langt sykeleie, syttifire år gamal. Terry har spela med mange av dei store country- og bluegrasstjernene og er i mi platesamling å finne på plater med Johnny Cash.

08.04.2010

Åttande april

Åttande april 1994 vart grungeikonet og den mest profilerte Nirvanamedlemmen, Kurt Cobain funnen daud i heimen sin i Seattle etter eit, truleg sjølvpåførd, skott i hovudet. Heime hjå meg kan Kurt høyrast på den mest kjende Nirvanaplata Nevermind. Eg kan føye til at eg året etter var innom i Cobain sin fødeby, Aberdeen på den amerikanske vestkysten og det bedrøvelege synet gjer at eg har eit snev av forståing for kvifor ting gjekk som det gjekk.

06.04.2010

Sjette april

Sjette april 1946 vart gitaristen Danny Kortchmar fødd. I mi platesamling står Kortchmar for seksstrengslyd på Neil Young si plate Landing On Water. I 1965 vart det mogleg å kjøpe Elvis Presley singelen Crying In The Chappel som engelskmennene likte godt nok til at det vart to veker på topp av lista. I USA heldt det til ein respektabel sjetteplass. I 1974 nytta unge rockarar i Black Sabbath dagen til å underhalde på Ontario Speedway i California. Children of the grave var ein av songane som stod på programmet og denne klassikaren kan både høyrast og sjåast på ein DVD med tittel Undead and Alive frå Falcon Neue Medien

05.04.2010

Femte april

Femte april 1950 vart ABBA-vokalist Agneta Feltskog fødd og det er berre å ta av seg hatten og gratulere med det denne Dancing Queen har oppnådd i musikken si verd. I 1984 stod Toy Dolls på plakaten på Forum i Enger. I 1991 avslutta Iron Maiden verdsturneen No Prayer On The Road i NHK Hall i Tokyo. Dette var tredje konsertkvelden i same arena.

03.04.2010

Tredje april

Tredje april 1960 vart It’s Now Or Never og Are You Lonesomme Tonight festa til lydband. Songaren bak desse meisterverka heit Elvis Presley og musikkarane som hjelpte han med godlyden kalla seg for The Jordanairs. I 1980 var det truleg høgtid på Castle Inn i Durham då dei tok i mot Toy Dolls. I 1982 er dette datoen då Motörhead sin singel Iron Fist/Remember Me I’m Gone kom på marknaden. I 1984 fekk A-Z i Freiburg vitjing av Toy Dolls.

02.04.2010

Andre april

Andre april 1984 nytta gutane i Toy Dolls til å spele på Korn i Hannover. I 1987 spelte Iron Maiden i vidgjetne Madison Square Garden i metropolen New York.

01.04.2010

Fyrste april

Fyrste april er narredagen framfor noko, men følgjande skal vere høveleg sannferdig. I 1980 nytta Iron Maiden dagen til å spele på The Rainbow i London. Dette var den fyrste konserten av femtiein på ein omfattande englandsturnè. I 1984 kunne Toy Dolls for fyrste gong opplevast i levande live i Tyskland, det hendte på Slaugterhof ved mektige Weser sine bredder, nærare bestemt i Bremen. I 1991 nytta kampsportentusiasten Lou Reed denne dagen til å gå i studio for å gå i gang med innspelinga av plata Magic and Loss, som sjølvsagt står klart til å verte plukka fram frå mi platehylle.