12.03.2012

Tolvte mars

Tolvte mars 1948 kom Richard Leslie Holroyd til verda i den nordengelske byen Oldham. Les Holroyd har i vaksen alder livnært seg som bassist i symforock bandet Barclay James Harvest, og kan hjå meg høyrast på konsertplata Berlin - A Concert For The People frå 1982. I 1949 vart William Payne fødd i Waco Texas. Bill Payne er best kjend for å vere ein av grunnleggjarane av Little Feat, men hjå meg er det på plata Stranger In Town, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1978, på Lawyers In Love frå Jackson Browne i 1983, og på Bryan Adams si plate Waking Up The Neighbours frå 1991, pianospelet hans kan høyrast. I 1956 vart grunnleggaren av, og den ubestridne sjefen i dei engelske metallikona Iron Maiden, Steve Harris fødd som Stephen Percy Harris. Bassisten Harris har opp gjennom åra stått for det meste av Iron Maiden sin musikk og er dermed den viktigaste kjelda til bandet sin suksess. Om ein skal seie noko negativt om Harris må det vere at han, i fotballen si verd, held med London-laget West Ham, noko som aldri er eit godt teikn. Harris leverte glitrande basspel på Koengen i august 2010 saman med resten av den etter kvart godt vaksne gjengen i Iron Maiden, og glitrande basspel har han levert på alle dei femten Iron Maiden-platene eg har investert i. I 1959 var dette dagen då Johnny Cash spela inn The Great Speckled Bird og Five Feet High And Rising. Songane, som var produsert av den faste produsenten på den tida, Don Law, enda opp på plata Songs Of Our Soil og kan i tillegg høyrast på samleplatene God frå 2000 (TGSB) og Johnny Cash’s America frå 2008 (FFHAR). I 1969 kom Graham Leslie Coxon til verda i det som den gongen heit Vest-Tyskland. Graham Coxon er best kjend for tida han spelte gitar i Blur. I 1979 vart Peter Doherty fødd i Hexham. Skandaleombruste Pete Doherty er kjend for ein romanse med supermodellen Kate Moss og eit suksessrikt opphold i bandet The Libertines, men i mi platehylle kan han høyrast som vokalist i Babyshambles. Plata heiter Down In Albion og kom på marknaden i 2005. I 1983 var Toy Dolls sin turné komen til Barracks i Albemarle. I 1996 slepte The Afghan Whigs si femte studioplate, Black Love. I 2010 heldt Fish konsert på Garage i Bergen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar