01.03.2012

Fyrste mars

Fyrste mars 1930 vart Benny Powell fødd i New Orleans. Trombonisten Powell kan høyrast som ein del av Count Basie sitt band på samleplata Atomic Swing. Benny Powell døyde i 2010. I 1944 kom The Who-vokalist Roger Harry Daltrey til verda i eit London som levde i konstant frykt for hardt bomberegn frå tyske bombefly. I 1957 signerte Buck Owens for Capitol Records, og grunnlaget var lagt for eit fruktbart samarbeid. I 1968 spelte Janis Joplin saman med Big Brother And The Holding Company i Grande Ballroom i bilbyen Detroit. Songen Magic Of Love kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. Produsent var John Simon. I 1969 vart Dafydd Ieuan fødd i Bangor. Dafydd Ieuan tenar til vanleg til livets opphald som trommeslagar i det walisiske bandet Super Furry Animals. I 1972 gav Deep Purple ut si sjette studioplate, Machine Head. Plata vert rekna som bandet si mest suksessfulle, inneheld klassikaren Smoke On The Water, og har inspirert generasjonar av hardrockarar og luftgitaristar over heile verda. I 1974 døyde Bobby Timmons. I 1982 var karane i Toy Dolls attende i London og spelte på Old Twenty Nine. I 1985 nyttar Toy Dolls datoen til å spele to konsertar på Mayfair i Newcastle, ein for dei under atten år og ein for dei med stemmerett og lovleg tilgjenge til alkoholservering. To konsertar på ein kveld må ha vore tungt for Pete Zulu, for etter dette forlèt han bandet for andre gong og denne gongen for godt. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Kulturs i Jönköping. I 1993 platedebuterte The Cranberries med ein platetittel formulert som spørsmålet Everybody Else Is Doing It, So Why Can’t We? I 2001 kom Madrugada si andre studioplate, The Nightly Disease, og nok ein gong gjekk bandet frå Stokkmarknes til topps på dei norske platelistene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar