30.05.2011

Trettiande mai

Trettiande mai 1923 vart Harold Winston Beckett til verda på Barbados. Harry Beckett var trompetist og kan mellom anna høyrast på songen Had Me A Good Time frå Faces-plata Long Player frå 1971. Beckett døyde i 2010. I 1955 kom Topper Headon til verda med døypenamnet Nicholas Headon. Topper si karriere er merkt av han er den best kjende trommeslagaren i det legendariske punkbandet The Clash. I 1958 vart Roxette-vokalisten Marie Fredrikson fødd i Össjö. Fredrikson kan hjå meg høyrast på plata Joyride frå 1991. I 1967 kom Sven Pipien til verda i Hannover. Pipien er bassist i Black Crows etter å ha erstatta originalbassisten Johnny Colt frå plata By Your Side frå 1999. I 1980 kunne heldige frammøtte i Civic Hall i Shildon sjå Toy Dolls spele i levande live. I 1986 døyde Hank Mobley. I 1988 bydde dagen på konsert med Toy Dolls i Madrid, der dei var reist for å spele på Rock Club.

29.05.2011

Tjueniande mai

Tjueniande mai 1949 var det jubel i familien Rossi, for då kom vetle Francis Dominic Nicholas Michael kom til verda. I nesten seksti år har Francis Rossi pleia musikarkarriere si som ein del av det engelske booggierockbandet Status Quo, og saman med makker Rick Parfitt har han fått den engelske utmerkinga OBE for innsatsen sin. I 1961 kom Melissa Lou Etheridge til verda. Melissa Etheridge har vore offentleg lesbisk i ei årrekkje og har fleire barn saman med den kvinnelege partnaren sin. Rykta har strøyma om kven som kan vere faren, og ein av dei som er nemnd i den samanhengen er ein annan musikar, nemleg David Crosby frå den legendariske kvartetten Crosby, Stills, Nash & Young. Eg har, uavhengig av legning, vore fan av denne dama så lenge eg kan hugse og har gjennom åra investert tungt i dei fleste platene ho har sendt ut på marknaden, og har planar om å halde fram med det til krampa tar meg. I 1963 vart Bayley Alexander Cooke fødd i Birmingham. Under namnet Blaze Bayley har han gjort seg merkt som vokalist i både eit sjølvtittelert band og i Wolfsbane, men i mi platehylle er det som vokalist i Iron Maiden han kan høyrast. Denne dagen i 1967 gav oss Oasisgitaristen Noel Gallagher. Gallagher er den som har vore musikalsk ansvarlig for det meste av det beste av det grinegutane frå Manchester har gjort og kan hjå meg høyrast på platene What’s The Story (Morning Glory), Unplugged, Familliar To Millions og Be Here Now. Sistnemde vert rekna som ein flopp og kan hende er eg litt unik som har investert i det makkverket. I 1979 kunne delar av AC/DC sin konsert i Glasgow året før sjåast på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One. I 1980 var Toy Dolls attende i Round Robin Pub i Sunderland for å spele for andre gong på ei veke. I 1988 kunne dei same Toy Dolls opplevast på Txibisto i Bergara.

28.05.2011

Tjueåttande mai

Tjueåttande mai 1926 kom jazzpianisten Russel Donald Freeman til verda i Illinoise. Russ Freeman vart på førti- og femtitalet kjend for samarbeid med Art Pepper og Shorty Rogers, men er i dag best kjend for å ha spela med den norskætta jazztrompetisten Chet Baker. Freeman kan høyrast samleplata Best Of Chet Baker Plays. Russ Freeman døyde i 2002. I 1944 vart Gladys Maria Knight fødd i olympiabyen Atlanta i Georgia. Gladys Knight kom inn under den kjendte Motown-etiketten i 1966. Ho vert omtala som Keiserinna av Soul, har hausta Grammy-prisar og har hatt fleire store hits saman med bandet The Pips. I 1956 vart Gerald Calvin Douglas fødd i Warren, Ohio. I mi platesamling kan ein høyre mannen som er kreditert som Jerry Douglas spele dobro på songen Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Same dag kom den danske visesongaren Poul Krebs til verda i Jylland sin største by, Århus. Krebs slo gjennom med plata Små Sensationer i 1995. Plata var hans tiande og står i mi platehylle. I 1970 kom den engelske trommeslagaren Mark Richardon til verda. Richardson kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Skunk Anansie på plata Stoosh frå 1996. I 1982 hadde Smuglers Arms i Stanley æra av Toy Dolls sitt besøk. I 1983 slepte Iron Maiden plata Piece Of Mind som nådde til tredjeplass på listene. I 1988 hadde Toy Dolls teke turen til Burgos for å spele på Ramas.

Tjuesjuande mai

Tjuesjuande mai 1926 kom Clifford Everett Shank til verda i Dayton i Ohio. Bud Shank har spela med Ravi Shankar og The Mamas & The Papas, Harry Nilson og Gene Clark, i tilegg til Chet Baker, der han kan høyrast på plata Best Of Chet Baker Plays. Shank døyde i 2009. I 1957 var dagen fødselsdag for Eddie Harsch. Harsch trakterar tangentane på alle mine Black Crows plater, men har sidan fôrlete bandet for å halde fram med karriera andre stader. I London kom Susan Janet Ballion til verda. Siouxsie Sioux har saman med bandet The Banshees gjeve ut elleve studioplater og vert rekna som ei av pønkverdas mest suksessrike artistar. I 1963 gav ein ung Bob Dylan ut si andre plate, The Freewheelin’ Bob Dylan. Med seg på plata hadde han mellom anna gitaristane Bruce Langhorn og Howard Collins. I 1966 fekk verda nok ein trommeslagar i Sean Howard Kinney. Sean Kinney har tent til livets opphald bak trommesettet i Alice In Chains og hans taktfaste bidrag til mi platehylle kan høyrast på studioplatene Facelift og Dirt. I 1982 nytta Toy Dolls dagen til å spele i 101 Club i Ferryhill og året etter, i 1983 gav Motörhead ut singelen I Got Mine/Turn You Round Again. Same dag var Toy Dolls attende og spela i Feltham Football Club i London, medan dei i 1988 hadde teke turen til Lacunza for å spele på Ilargi. I 2003 platedebuterte irske The Thrills med So Much For The City.

Tjuesjette mai

Tjuesjette mai 1926 vart jazztrompetisten Miles Dewey Davis III fødd i den amerikanske delstaten Illinoise. Miles Davis var både bandleiar og komponist, spelte med dei fleste av verdas største jazzartister og rakk å bli ein av verdas mest innflytingsrike jazzartistar før han døyde etter ei tids sjukeleie i 1991. Miles Davis gav ut meir enn hundre studio-, konsert- og samleplater, men mi platehylle byr så langt berre på sju av desse. I 1940 kom Mark Lavon Helm til verda i Marvell i Arkansas. Levon Helm gjorde seg merkt på seksti- og syttitalet som trommeslagar og vokalist i det legendariske folkrockbandet The Band. Helm sitt trommespel finn ein på plata Islands og som takthaldar for Neil Young på plata Hawks & Doves (1980). I 1944 vart Terrence Allen fødd. Mannen som er kjent som Verden Allen er ein av grunnleggjarane av Mott The Hoople, der han spelte keyboard. I 1946 kom Mick Ronson til verda i hamnebyen Kingston-upon-Hull. Ronson er best kjend for samarbeidet med David Bowie tidleg på 1970-talet, men hadde også ei solokarriere før også han slo seg saman med undergrunnsheltane i Mott The Hoople. Ronson samarbeida etter Mott The Hoople-tida med Ian Hunter til han diverre døyde av leverkreft i 1993. Mykje av det beste Ronson spelte inn og gav ut er samla på plata Heaven & Hull som vart gjeven ut etter at meisteren gjekk bort, men i mi platehylle er det på Ian Hunter si sjølvtittelerte debutplate og liveplata Welcome To The Club gitarspelet hans kan høyrast. I 1963 var Elvis Presley i studio og spela inn (You’re The) Devil In Disguise. I 1964 kom Leonard Albert Kraviz til verda. Lenny Kraviz har ei solid solokarriere, men hjå meg er det som hjelpevokalist på Mick Jagger si plate Wandering Spirit frå 1993 han kan høyrast. I 1988 var Toy Dolls i Valladolid for å spele på Hippo. I 1989 avslutta Melissa Etheridge studioarbeidet på det som vart gjeve ut som plata Brave And Crazy.

Tjuefemte mai

Tjuefemte mai 1956 kom den amerikanske gitaristen og dobroartisten Cindy Cashdollar til verda. Cashdollar, som til vanleg spelar i Asleep At The Wheel, kan hjå meg høyrast medan ho trakterar flaskehalsen på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997. I 1958 fekk verda John William Weller. Mannen som kallar seg Paul Weller til vanleg, og som gjerne vert referert til som The Modfather, har gjort seg merkt som leiar av det legendariske Mod-bandet The Jam, som i mi platesamling er representert med samleplata Beat Surrender. Denne plata her ein heilt utruleg driv frå fyrste takt og kan tilrådast til alle som er glad i god Mod-musikk, men ikkje er komen i gang med å kjøpe enkeltproduksjonar. Weller sitt arbeid etter tida med The Jam er dokumenter på plata Studio 150, som kom på marknaden i 2004. I 1961 var John Coltrane med venner i A&M Studios i New York og spelte inn materialet til det som skulle ende opp som plata Olé Coltrane. I 1978 spelte eit anna Mod-band, The Who, ein improvisert konsert i Shepperton Studios som ein del av innspelinga av filmen The Kids Are Alright. I 1982 var det ska-kveld då Madness fekk notert topplassering på listene med House Of Fun. I 1983 gav bandet Dio ut debutplata si, Holy Diver, som selte til både gull og platina i USA.

24.05.2011

Tjuefjerde mai

Tjuefjerde mai 1941 vart hippielegenda Bob Dylan fødd som Robert Allen Zimmerman. Det skal ha skjedd i Duluth i det som vert rekna som den norskaste av dei amerikanske delstatane, Minnesota. Dylan har gjeve ut ei rekkje plater og inspirert musikkarar i årevis, og sjølv skal han ha vore inspirert av det amerikanske visesongarikonet Woodie Guthrie. Underteikna har fylt opp med Dylanplater i platehylla og var heldig og fekk oppleve ikonet i Nygårdsparken i Bergen ei solrik kveldsstund i 2001. Der framførde ein Dylan i storform, han skal vist nok ha smilt litt, det meste av det beste frå ei lang karriere. I 1945 vart Ludlow Massacre, ein song om den avskyelege massakren som fann stad i gruvebyen Ludlow i Colorado tjuande april 1914, der gruvearbeidarar som ville fagorganisere seg vart meid ned saman med kvinner og barn, og 1913 Massacre, også det ei song om vanskelegstilte gruvearbeidarar, spelt inn i New York. Mannen med gitaren var Woodie Guthrie og begge songane kan høyrast på samleplata Pastures Of Plenty. I 1975 var Led Zeppelin på scenen i Earls Court i London. I 1980 var Toy Dolls på plass i Craghead og spela i Victory Club. Og når ein spolar fram til 1987 spelte R.E.M live i McCabes Guitar Shop. The One I Love (live) enda opp som B-side på ein singel med same namn og Disturbance At The Heron House (live) endar opp som B-side på ein UK singel av The One I Love. Begge desse songane er å finne på plata Document. I 1994 gav Biohazard ut plata State Of The World Adressed, som var bandet si tredje studioplate og inneheldt Lack There Of som var eit bidrag til filmen Resorvori Dogs.

23.05.2011

Tjuetredje mai

Tjuetredje mai 1925 kom den amerikanske bluegrassartisten Malcolm B. Wiseman til verda i Crimora i Virginia. Wiseman har vore innom i Bill Monroe’s Bluegras Boys, men kan i mi platesamling høyrast på Johnny Cash-plata American V: A Hundred Highways frå 2006. I 1969 gav The Who ut rockeoperaen Tommy, som i filmversjonen hadde Tina Turner i hovudrolla. Plata klatra til nummer to på dei engelske listene. I 1976 gav Kiss ut plata Dynasty, som var produsert av Vini Poncia og inneheldt superhitten I Was Made For Lovin’ You som framleis er ein ”floor filler” på dansestader i ikkje alt for urbane strok. I 1981 spelte Toy Dolls i Great Lumley Commercial Centre i Durham. I 1992 var Jethro Tull og underheldt i Caesarea og slagarparaden Rocks On The Road, Look Into The Sun, A Christmas Song og This Is Not Love kan høyrast på liveplata A Little Light Music frå 1992. I 1994 fekk verda høve til å kjøpe plata Ill Communication og dei kreative, unge mennene bak meisterverket var dei rappkjefta karane i Beastie Boys. Dette var raptrioen si fjerde studioplate. I 2000 slepte Eminem si tredje soloplate, The Marshall Matters LP, som er notert i Guiness Book Of Reccords som den hurtigast selgjande plata nokon sinne med nesten 1,8 millionar selde eksemplar den fyrste veka berre i USA. Same dag fekk eit anna platekjøpande publikum høve til å kjøpe ei Johnny Cash-samling som fekk namnet Love, God, Murder. Samlinga inneheld tre CD-plater og fororda til dei ulike platene er skrive av så pass ulike rockepersonlegdomar som Bono, Nick Cave og Cash sin ektefelle June Carter Cash.

22.05.2011

Tjueandre mai

Tjueandre mai 1959 kom ein av populærmusikken sine vanskelegaste og mest eksentriske karrakterar til verda. Veganaren og dyrevernaren Steven Patric Morrisey er kan hende like kjend for kontroversielle utsegn som for musikken han laga saman med The Smiths. Mi platehylle byr på platene Strangeways, Here We Come frå 1987, Meat Is Murder og samleplata Louder Than Bombs. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnet og spelte inn Join Together. Songen vart gjeve ut som singel i juni same år. I 1980 var gutane i Toy Dolls på puben, nærare bestemt Round Robin Pub i Sunderland. I 1990 slepte Madonna plata I’m Breathless. I 2001 bydde dagen på plateslepp for The Dickies, produktet hadde namnet All This And Puppet Stew og var bandet si sjette studioplate.

21.05.2011

Tjuefyrste mai

Tjuefyrste mai 1920 kom jazzmusikaren John William Barber til verda. Barber vart kjend som den fyrste til å spele moderne tubaspel i jazzmusikken og kan i mi platesamling høyrast på Miles Davis si Birth Of The Cool, som også er nemnt mellom 1001 plater du må høyre før du døyr i boka med same namn. Barber døyde i 2007. I 1929 vart Larance Marable fødd i Los Angeles. Trommeslagaren Lawrence Marable held takten for Chet Baker på enkelte spor på samleplata Best Of Chet Baker Plays. I 1954 vart gitaristen Marc Ribot fødd i Newark i New Jersey. Ribot har spelt med ei rekkje store amerikanske artistar og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Tom Waits på plata Mule Variations frå 1999. I 1963 fekk verda ein trommeslagar i Pete Sandoval. Sandoval frå El Salvador held til dagleg takten for death metall-bandet Morbid Angel frå Florida. I 1965 gav The Who ut singelen Anyway, Anyhow, Anywhere som nådde ein tiandeplass på singellistene og som seinare vart nytta som kjenningsmelodi på fjernsynsprogrammet Ready, Steady, Go. Songen var spelt inn i IBC Studios i London i april same år og produsent var, som vanleg tidleg i The Who si karriere, Shel Talmy. I 1970 var supergruppa Crosby, Stills, Nash & Young på plass i Record Plant Studio 3 for å spele inn Ohio, ein singel som også kan høyrast på Neil Young Greatest Hits. I 1981 spelte Iron Maiden opningskonserten på den fyrste turnéen sin i Japan. Same dag var det minnekonsert i Kingston på Jamaica til ære for avdøydde Bob Marley. Konserten vart arrangert av det jamaikanske folket og både statsminister og opposisjonsleiaren var til stades. I 1987 enda Iron Maiden sin Somewhere On Tour i Osaka etter totalt eitt hundre og førtiåtte konsertar. I 1992 spelte Jethro Tull i Jerusalem, dei frammøtte fekk høyre Locomotive Breath, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992.

20.05.2011

Tjuande mai

Tjuande mai 1944 kom Sheffield sin store son, John Robert Cocker til verda. Joe Cocker vart kjend etter ein legendarisk opptreden med Beatles-låten With A Little Help From My Friends på den minst like vidgjetne Woodstock-festivalen i august 1969. Seinare har gamlingen frå stålbyen arbeidd jamnt og trutt og levert slagarar som You Can Leave Your Hat On frå filmen 9 ½ Weeks, og Love Lift Us Up Where We Belong. Hjå meg finn du plata Across From Midnight frå 1997. I 1996 slepte Skunk Anansie plata Stoosh. Dette var bandet si andre studioplate og produsent var Garth Richardson.

19.05.2011

Nittande mai

Nittande mai 1945 kom The Who-gitaristen og låtskrivaren Pete Townshend til verda i eit utbomba etterkrigs-London. Nokre år seinare var Townshend mannen som fekk alle unge wanna be rockarar til å forstå at gitarknusing er nesten like tøft og viktig som sjølve gitarspelinga. Saman med dei andre i The Who fekk Townshend satt ord på ungdommeleg frustrasjon gjennom siste halvdel av sekstitalet og heile syttitalet. I dag har nok frustrasjonen lagt seg hjå den eminente gitaristen, men songane kling like bra. Eg høyrer gjerne på Tommy og Who’s Next om eg vil høyre Townshend sitt arbeid, men andre eldre plater, som A Quick One, med meir, fungerar greitt om det er behov for å få opp stemninga i huset på ein regnvåt kveld. I 1949 vart Dusty Hill fødd som Joseph Michael Hill. Texanaren Dusty Hill er bassist i skjeggrockbandet ZZ Top og har fryda oss med tung bluesrock i meir enn førti år. Eg er stolt innehavar av platene Fandango, Tres Hombres og Recycler. I tillegg kan eg by på ei litt suspekt samling kalla Viva Las Vegas. I 1951 vart Joey Ramone fødd som Jeffry Ross Hyman. Joey Ramone er kjend som den karismatiske vokalisten i punkgruppa Ramones, men gjekk diverre bort i 2001. I 1954 vart AC/DC-trommeslagaren Phil Rudd fødd som Phillip Hugh Norman Witshke Rudzevecuis og alle som til vanleg slit med rettskriving forstår kvifor han har valt å forenkle namnet sitt. Phil Rudd slo i fyrste omgang trommer for kengururockarane frå 1975 til 1983, då han hoppa av midt i innspelinga av Flick Of The Switch. Etter ein lang pause, der han overlet trommestolen til Bill Wright, og seinare Cris Slade, slo han seg saman med bandet igjen i 1994 og er framleis taktfast medlem i bandet. I 1975 slepte Lynyrd Skynyrd singelen Saturday Night Special. Same dag vart Geir Zahl fødd. Zahl var, saman med Janove Ottesen, med å starte Kaizers Orchestra i 2000, og etter det vart norsk rock aldri det same. I 1980 opptrådde Ramones på fjernsynsshowet SHA NA NA i Los Angeles, California. I 1984 kom Toy Dolls og underheldt ungdomen i Youth Hall i Leiden. I 1986 gav Ramones ut plata Animal Boy. Plata vart produsert av Jean Beauvoir og spelt inn i Intergalactic Studios og Media Sound i 1985. I 1998 gav metallcorebandet Zao ut plata Where Blood And Fire Bring Rest. Dette var bandet si tredje studioplate og den fyrste med vokalisten Dan Wayandt. Dagen bydde også på ein platedebut, den var det Rufus Wainwrigth som stod for, og produktet hadde same namn som opphavsmannen.

18.05.2011

Attande mai

Attande mai 1922 kom den dansk-amerikanske trombonespelaren Kai Chresten Winding til verda i den jyllandske hovudstaden Århus. Kai Winding var i si tid innom orkesterleiaren Benny Goodman sitt band, men vert ofte hugsa for eit livslangt samarbeid med trombonisten J.J. Johnson, ein mann han spelte saman med på Miles Davis-plata Birth Of The Cool frå 1957. I 1930 kom trombonisten Mike Zwerin til verda. Zwering var ein del av Miles Davis sitt band fram til innspelinga av Birth Of The Cool og kan høyrast på plata med same namn. Zwerin døyde i 2010. I 1949 vart Richard Christopher Wakeman fødd i London. Rick Wakeman er klassisk skolert pianist og er ein av dei mest markante musikarane som har vore innom det engelske progbandet Yes, der han gjerne spelte keyboard. Wakeman har også vore innom Ozzy Osbourne sitt band der mi platesamling byr på Wakeman sitt arbeid på plata Ozzmosis frå 1996. Wakeman sine bravadar med Yes kan hjå meg høyrast på plata Going For The One frå 1977. I 1954 kom Reinhold Heil til verda. Heil sitt bidrag til mi platehylle finn ein på plata Unbehagen, som Nina Hagen Band slepte laus på platekjøparane i 1979. I 1971 var Cornelis Vreeswijk i Stockholm og spelte inn En Fattig Trubadur. Songen, som sikkert har sjølvbiografiske trekk, kan mellom anna høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer frå 1996. I 1973 spelte Johnny Cash inn songane Nasty Dan og One and One Makes Two i heimbyen Hendersonville. Begge songane kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album som kom ut same året. I 1979 platedebuterte Ian Dury & The Blockheads med plata Do It Yourself. Dury var sjølvsagt ein røynd plateartist, men dette var den fyrste plata Dury gav ut der han krediterte resten av bandet og plata produserte hittsinglen Hit Me With Your Rhythm Stick. I 1980 døyde Ian Curtis, og seinare på kvelden sa Shildon Old Club i Durham Oi!Oi! då Toy Dolls gjekk på scenen. I 1984 var Amsterdam Youth Centre vertar for Toy Dolls. I 1989 gav Miles Davis ut plata Amandla. Amandla betyr makt på dei to sørafrikanske språka Xhosa og Zulu. I 1992 slepte Kim Wilde plata Love Is. I 1993 gav Kiss ut si tredje liveplate, og den fekk det treffande namnet Alive III. Dagen bydde også på eit høgdepunkt frå Judas Priest-leiren, dei gav ut samleplata Metal Works ’73-’93 som gjev platekjøparane det beste frå dei tjue fyrste åra med bandet. I 2004 døyde Elvin Jones.

17.05.2011

Syttande mai

Syttande mai 1955 vart gitaristen Pat Irwin fødd. Pat Irwin har gjeve sitt bidrag til fleire band på New York sin pønkscene i overgangen mellom sytti- og åttitalet, men hjå meg finn du gitarspelet hans på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992. I 1957 kom Paul Andrews til verda i den engelske hovudstaden. Paul di Anno var Iron Maiden sin fyrste vokalist og røysta hans kan høyrast på dei to fyrste studioplatene bandet gav ut. I 1965 såg Michael Trent Reznor dagens ljos. Reznor er best kjend som mannen bak industrimetallprosjektet Nine Inch Nails, ei gruppe som prydar platehylla mi med plata Things Falling Apart frå 2000. Reznor kan også høyrast som gjestevokalist på songen Past The Mission frå Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1973 kom Josh Homme til verda med fullt namn Joshua Michael Homme. Homme er den kreative krafta i gruppa Queens Of The Stone Age, som er noko av det grommaste rocken har å by på for tida. Queens Of The Stone Age-platene Songs For The Deaf frå 2002 og Lullabies To Paralyze er på plass i platehylla mi, og fleire står på ynskjelista. I 1982 gjekk U2 i studio for å byrje innspelinga av plata War. I 1992 gav Melissa Etheridge ut plata Never Enough. I 1994 kom Violent Femmes si plate New Times. I 1999 gav Moby ut plata Play.

16.05.2011

Sekstande mai

Sekstande mai 1965 vert hugsa for fødselen av Krist Anthony Novoselic. Novoselic var bassist i grungebandet Nirvana og vert rekna som limet som heldt bandet saman i dei mest stormfulle periodane før bandet vart oppløyst etter at gitarist og vokalist Kurt Cobain gjekk bort i 1994. I 1966 vart Janet Damita Jo Jackson fødd i Gary i Indiana. Vetlesystera til meir merreterte Michael signerte med A&M Records som sekstenåring og har produsert musikk av høg kvalitet jamt og trutt. Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814 har loppa millionar av platekjøparar for pengane deira. På Janet Jackson sin fødselsdag gav Bob Dylan ut plata Blonde On Blonde. Plata var spela inn i tidsrommet oktober 1965 til mars 1966 i CBS Studios i countrybyen Nashville og vert rekna som ei av dei beste han har gjort nokon sinne. Frå 1980 vert dagen hugsa for at Olga og dei andre i Toy Dolls var attende og spelte for trufaste fans i Comrades Club i Hordon. I 1992 var Jethro Tull og underheldt i Ankara, dei frammøtte fekk høyre, mellom anna, Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Die, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 2000 slepte The Getaway People plata Turnpike Diaries, og Lou Reed sine fans fekk høve til å høyre det beste av det beste frå den gamle samuraien på ei og same plate. I 2010 måtte Ronnie James Dio gje tapt for kreften og eit langt liv i hardrocken si teneste var over.

15.05.2011

Femtande mai

Femtande mai 1948 kom den engelske bassisten Gary Mervin Thain til verda. Gary Thain kan hjå meg høyrast medan han spelar for Uriah Heep på studioplatene Demons And Wizzards, The Magican’s Birthday og Wonderworld. Han spelte også på Sweet Freedom frå 1973 og konsertplata Uriah Heep Live, men desse glimrar enn så lenge med sitt fråvær i mi platehylle. Thain døyde i 1975. I 1955 vart Kevin John Morris fødd i London. Frå 1983 har Kevin Morris traktert trommene i Dr. Feelgood, og han kan i mi platehylle høyrast på plata Primo frå 1991. I 1970 gjorde Jimi Hendrix og Cry Of Love Band fyrste sesjon i innspelinga av songen Freedom. I 1972 var Led Zeppelin i Stargroves saman med Rolling Stones Mobile. Walter’s Walk frå denne seansen kan høyrast på samleplata Coda, som kom ut i 1982. I 1998 kom plata No Substance på marknaden, artistar var californiapønkarane i Bad Religion. I 2001 nytta Missy Elliot dagen til å gje ut plata Missy E…So Addictive. I 2003 ebba livet ut for countrysongerinna, komponisten og tekstforfattaren June Carter Cash.

14.05.2011

Fjortande mai

Fjortande mai 1943 kom Derek Leckenby til verda i den ein gong så stolte fotballbyen Leeds. Leckenby vert hugsa for glitrande gitarspel i Herman’s Hermits. Leckenby døyde i 1994. I 1971 spelte The Who på Liverpool University. Same dag og same stad vert dei fotografert for omslaget til plata Who’s Next. I 1976 gav AC/DC ut den internasjonale versjonen av albumet High Voltage. Låtutvalet på denne versjonen er satt saman av to songar frå den originale High Voltage-plata og eit utval av songar frå den neste AC/DC-plata på den australske marknaden T.N.T. I 1977 kom Heart si andre studioplate, Little Queen på marknaden. Plata har seld til tre gonger platinum i USA og har bandet sitt feitaste opningsriff gjennom tidene med songen Barracuda. I 1982 slepte The Clash si femte studioplate, den fekk tittelen Combat Rock og produserte kjempehitten Should I Stay Or Should I Go?. Plata var den siste der Mick Jones og Topper Heddon deltok. I 1991 vart Elvis Costello si trettande studioplate, Migthy Like A Rose, tilgjengeleg for det platekjøpande publikumet. I 1992 var Jethro Tull og spelte andre kveld på rad i Athen.

Trettande mai

Trettande mai 1947 kom bassisten og produsenten Peter Overend Watts til verda. Watts spelar bass på dei Mott The Hoople platene som er i mi platehylle og det gjer han med både stil og bravur. I 1954 vart den slitne og ikkje så alt for tiltalande industribyen Buffalo velsigna med ein countryartist. Ray Kennedy heiter han og han har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men hjå meg er det som perkusjonist hjå Steve Earle ein kan høyre han. I 1962 kom musikkprodusenten Yngve Leidulv Sætre til verda. Sætre kan hjå meg høyrast som vokalist i bandet Barbie Bones som i 1992 fekk spelemannsprisen for plata Death In The Rocking Horse Factory. I 1964 vart Glasgow berika med ein kvinneleg songar. Lorraine McIntosh er best kjend for å synge nydeleg i Deacon Blue. McIntosh er i tillegg gift med bandleiar Ricky Ross. I 1971 var Cornelis Vreeswijk og heldt konsert i Kunstträdgården i Stockholm. Publikum fekk mellom anna høyra Svappavaara-visan som var med på plata Låt Almerna Leva. Produsent var Anders Burman og songen kan også høyrast på samleplata Guldkorn (Samhällskritikern). I 1988 starta Iron Maiden sin Seventh Son Of A Seventh Son-turne i Moncton i Canada. Dette var fyrste av femtini konsertar i Nord-Amerika. I 1992 kunne Jethro Tull opplevast i levande live i Athen. Someday The Sun Won’t Shine For You og John Barleycorn kan høyrast på liveplata A Little Light Music frå september 1992. I 1994 slepte Mano Negra studioplata Casa Babylon.

Tolvte mai

Tolvte mai 1942 vart den engelske bandleiaren Ian Robins Dury fødd i Harrow, ikkje langt frå den pulserande storbyen London. Ian Dury sleit med polio sidan ungdomen, men det hindra han ikkje i å spele inn fleire hitlåtar, som Sex, Drugs & Rock’n Roll og Hit Me With Your Rhythm Stick. Eg er stolt av å endeleg kunne seie at eg eig platene New Boots And Panties og Do It Yourself. Begge er kjøpt på tilbod på Posten for tjuefem kroner stykket. Kupp. Dury gjekk dessverre så altfor tidleg bort i 2000. I 1945 kom Ian Patrick McLagan til verda i Hunslow. Ian McLagan herja hitlistene seint på seksti- og tidleg på syttitalet med Small Faces og Faces og kan hjå meg høyrast på plata Long Player frå 1971. I 1958 kom den amerikanske trommeslagaren Eric Singer til verda i byen som i følgje Ian Hunter rockar, Cleveland. Singer, som har døypenamnet Eric Doyle Mensinger, har tromma for store namn som Black Sabbath og Alice Cooper, før han erstatta Eric Carr som trommis i Kiss og kan hjå meg høyrast på plata Alive III. I 1962 vart Bad Religion-gitaristen Bret Gurewitz fødd i Los Angeles. Gurewitz var med og starta Bad Religion så tidleg som i 1979, men har hoppa av fleire gonger, for så å slå seg saman med gamle punkvenner igjen. Som sjef for Epitaph Records har han også vore med og forme karrieren til Rancid, som er eit anna band som tek opp plass i platehylla mi. I 1981 var singelen Grey Day galningane i Madness sitt bidrag på listene. Platekjøparane svara med å skaffe den alltid like livlige oktetten ein fin fjerdeplass og songen kan, for dei som ikkje hadde høve til å kjøpe originalinnspelinga, høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits. I 1987 døyde Victor Feldman. I 1992 var Jethro Tull i Frankfurt og dei som stappar liveplata A Little Ligth Music i spelaren kan høyre Life Is A Long Song frå denne konserten. Same dag slepte The Black Crows den andre studioplata si, den fekk namnet The Southern Harmony And Musical Companion. I 1998 gav Soul Asylum ut plata Candy From A Stranger.

10.05.2011

Tiande mai

Tiande mai 1946 vart Graham Gouldman fødd i Broughton. Gouldman song og spelte både gitar og bass i det engelske kunstrockbandet 10CC, som hadde stor suksess på syttitalet og vert rekna som ein av dei britiske øyane sine viktigaste musikkeksportar. I 1952 kom Lee Collinson til verda i Durban i Sør-Afrika. Lee Brilleaux var med å starte det engelske pubrockbandet Dr. Feelgood i 1971 og var med bandet til han døyde i 1994. Hjå meg er plata Primo frå 1991 einaste bidrag så langt. I 1977 var AC/DC å sjå på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One, der dei spelte Problem Child. I dag er dette opptaket tilgjengeleg på DVD’en Plug Me In. I 1982 slepte australske The Birthday Party plata Junkyard, som nådde ein anstendig syttandeplass på dei engelske platelistene, mykje takka radioverten John Peel. I 1992 var Jethro Tull i Praha og One White Duck vart foreviga og kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1993 gav Blur ut plata Moderne Life Is Rubbish. I 1994 platedebuterte Weezer med ei sjølvtittelert plate som gjerne vert kalla The Blue Album og inneheldt slagaren Buddy Holly. Produsent var den gamle Cars-sjefen Ric Ocasek.

09.05.2011

Niande mai

Niande mai 1947 kom Uriah Heep gitaristen Mick Box til verda i London som Michael Frederick Box. Box har vore med i den engelske hardrockgruppa Uriah Heep sidan starten og har såleis opplevd både oppturar og nedturar med bandet som ein gong i tida fylte store konsertsalar over heile verda. Box er ein gudnåda gitarist som briljerte stort under ein konsert på Maxime i Bergen i 1989. I 1949 vart William Martin Joel fødd i New York av jødiske immigrantforeldre. Billy Joel har etter kvart etablert seg som ein av dei største amerikanske poprock artistane etter at han slo gjennom med songen Piano Man i 1973. I mi platehylle finn ein, i kronologisk rekkefølgje, Glass House (1980), liveplata Kohuept frå 1987 og studioalbumet Stormfront frå 1989. I 1950 vart Tom Peterson fødd i Rockford i Illinois. Peterson er bassist i Cheap Trick, eit av mine store favorittband frå ungdomstida. I 1951 kom bassisten John Victor Edwards til verda i London. Rhino Edwards er best kjend for å traktere bassen i seinare versjonar av Status Quo, og kan i mi platesamling høyrast på platene Rock ’Til You Drop frå 1991 og konsertplata Live Alive Quo frå 1992. I 1962 vart Paul David Heaton fødd i Bromborough. Paul Heaton har ei fortid som hooligan, men er langt betre kjend for tida i bandet The Housemartins. Hjå meg kan Heaton derimot høyrast som vokalist på platene Welcome To The Beautiful South og Painting It Red, som no oppløyste The Beautiful South spelte inn i høvesvis 1989 og 2000. Same dag kom Dave Gahan til verda i Essex. Gahan var med å starte synthpoptrioen Depeche Mode i 1980 og kan hjå meg høyrast på platene A Broken Frame (1982), Music For The Masses (1985) og Playing The Angel, som kom på marknaden i 2005. I 1992 var Jethro Tull i Graz der dei frammøtte, mellom anna, fekk høyre A New Day Yesterday, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1995 gav det amerikanske death metall-bandet Morbid Angel ut plata Domination.

08.05.2011

Åttande mai

Åttande mai 1943 kom gitaristen Danny Ray Whitten til verda i Columbus, Georgia. Whitten starta karriera si saman med Ralph Molina og Billy Talbot, noko som etter kvart vart til bandet Crazy Horse, som er kjend for samarbeidet med Neil Young. Hjå meg kan Whitten sitt gitarspel høyrast nettopp hjå Neil Young, på plata Tonight’s The Night. Whitten sleit etter kvart med massive rusproblem noko som resulterte i at han fekk sparken både frå Crazy Horse og Neil Young sitt band, men først rakk han å inspirere Neil Young til å skrive songen The Nedle And The Damage Done. Whitten døyde i 1972. 1982 fekk Huddersfield Polytechnic vitjing av Toy Dolls. I 1984 kom Bob Marley-samleplata Legend, som kan hende er den beste samlinga av reggaemusikk som nokon gong har vore på marknaden. I 2006 vart det mogleg å kjøpe Neil Young si plate Living With War i butikkar, etter at plata hadde vore tilgjengeleg for nedlasting i nesten ei veke.

07.05.2011

Sjuande mai

Sjuande mai 1946 kom andre halvdel av The Rhythm Devils, Grateful Dead-trommeslagar Bill Kreutzmann, til verda i Palo Alto i California. Kreutzmann var enno ikkje ein del av laget då mi einaste Dead-plate vart spela inn, men er i mi platesamling å høyre på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. I 1951 vart Bernhard John Marsden fødd i Buckingham i England. Bernie Marsden har spelt med fleire av dei store britiske stjernene frå sytti- og åttitalet og kan i mi platesamling høyrast medan han er i Trøndelag og herjar på ein bluesfestival i Hell saman med engelske musikarkollega Mick Moody. I 1968 kom Eagle-Eye Lanoo Cherry til verda i den svenske hovudstaden, Stockholm. Eagle-Eye er halvbror av Neneh Cherry og har gjort seg merk som både artist og DJ. Hjå meg finn du debutplata Desirelss frå 1997. I 1980 var det i Empire Theatre i Sunderland Toy Dolls fekk høve til å utfolde seg. I 1984 var Motörhead og underheldt i Hammersmith Odeon. ”We murdered the audience that night” erindrar Lemmy i boka White Line Fever. Vonleg var det somme av dei frammøtte som overlevde den minnerike hendinga, som ein konsert med Motörhead alltid er. I 1992 heldt Jethro Tull konsert i München og songen From A Dead Beat To An Old Greaser kan høyrast på plata A Little Light Music frå 1992.

Sjette mai

Sjette mai 1945 kom Robert Clark Seger til verda i Dearborn i Michigan. Bob Seger har sidan 1970-talet gjeve ut ei rekkje plater saman med The Silver Bullet Band og lista mi tel titlar som Beautiful Looser (1975), Night Moves (1976) og The Distance (1980). I 1982 hadde Toy Dolls reist til Bristol for å spele på Newyate Club. I 1992 heldt Jethro Tull fyrste av to konsertar i Zürich og songen Under Wraps er gjort tilgjengeleg for ettertida og kan høyrast på liveplata A Little Light Music frå 1992. I 1994 gav Mano Negra ut plata Casa Babylon, som mellom anna inneheld songen Santa Maradona, ei hylling av den argentinske fotballegenda Maradona. Ei fransk nettside hevdar datoen var trettande mai, noko som resulterar i dobbel oppføring for denne plata, ein god ting kan ikkje nemnast for ofte. I 2003 slepte canadiske The New Pornographers plata Electric Version, som var bandet si andre plate og fekk strålande kritikkar i dei fleste media.

05.05.2011

Femte mai

Femte mai 1948 kom trommeslagar William Thomas Ward til verda. Bill Ward er mest kjend for å ha heldt takten for Black Sabbath, som sjølvsagt er godt representert i mi platehylle. Ward var stadig eit offer for gitarist Iomi sine practickal jokes, han tende fyr på den stakkars trommisen sitt skjegg. Ward har ukjend side som veganar, men er nok mindre kjend for det, noko som i seg sjølv er godt, for han er nok ein mykje betre trommeslagar. Men ein slik diett opnar likevel for overraskande mange gode måltid. Eg såg Ward og resten av ungdomsheltane i Black Sabbath på Koengen i Bergen for nokre år sidan og har det lagra i minnet mitt som eit av mine beste konsertminne. I 1967 kom The Wind Cries Mary på marknaden og skaffa gitarguruen Jimi Hendrix og resten av bandet Experience ein fin sjetteplass på dei engelske listene. I 1978 nytta Bob Seger dagen til å gje ut plata Stranger In Town. I 1980 kom Saxon si andre studioplate Wheels Of Steel, som saman med Back In Black og British Steel vert rekna som den viktigaste hardrockplata det året. I 1982 var Toy Dolls i London for å halde konsert på legendariske Marquee Club. I 1992 kom liveplata Scream In Blue frå dei australske miljøvernarane Midnight Oil. Plata inneheld konsertopptak frå perioden 1982 til 1990. Same dag var Jethro Tull i aksjon på scenen i Mannheim. Songen Nursie frå denne konserten kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1997 slepte Paul McCartney plata Flaming Pie. I 2003 slepte The Dandy Warhols plata Welcome To The Monkey House.

04.05.2011

Fjerde mai

Fjerde mai 1937 vart bassisten Ron Carter fødd. Carter kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på plata Water Babies. I 1950 kom bassisten Darryl Hunt til verda. Unge Hunt erstatta Cait O’Riordan på bass i The Pogues i 1986 og gjorde det så bra at han spelar med bandet enno. Hunt kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1969 vart den amerikanske musikaren og produsenten Luis Edgardo Resto fødd i Detroit. Luis Resto er best kjend for å samarbeide med Eminem, men mi platesamling byr på keyboardspelet hans på 50 Cent si plate Get Rich Or Die Tryin frå 2003. I 1972 kom bassisten Michal Ryan Pritchard til verda. Mike Dirnt er best kjend for sitt daglege virke i Green Day og kan høyrast på både Dookie (1994) og Nimrod (1997). I 1980 kunne dei frammøtte i West Cornforth Working Mens Club i Durham sjå og høyre Toy Dolls spele. Dei fekk sjå trommeslagaren Dean James gjere sin debut for bandet. I 1992 var Jethro Tull i Dortmund og på konsertplata A Little Light Music kan ein høyre songen Pussy Willow frå denne konserten. I 1993 gav PJ Harvey ut den andre plata si, Rid Of Me, som, i 2003, fekk plass på Rolling Stone Magasine si liste over tidenes 500 beste album. I 1998 gav Garbage ut plata Version 2.0 i Japan, resten av verda måtte vente ei veke. I 2004 gav Ryan Adams ut plata Love Is Hell.

03.05.2011

Tredje mai

Tredje mai 1920 vart pianisten John Aaron Lewis fødd i LaGrange. Lewis kan høyrast medan han spelar på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957. Lewis døyde i 2001. I 1933 kom James Joseph Brown til verda. Brown gjorde seg fortend til tilnamnet The Godfather Of Soul og har gjennom åra hatt ei mengde store hits som Papa’s Got A Brand New Bag, It’s A Mans World og ikkje minst den udøydelege slagaren Sexmachine. Samleplata Godfather Of Soul frå 1993 fungerar som ei grei oppsummering av ei lang karriere for oss som ikkje er blodfans av funk og soul. Eg har i seinare tid også suplert samlinga med konsertplata Live, for å minnast korleis gamlingen høyrdes ut på scenen. Brown døyde i 2006. I 1964 kom trommisen Sterling Campbell til verda i New York City. Campbell har ei fortid i Soul Asylum og kan høyrast på plata Grave Dancers Union frå 1992. Hjå meg kan du også høyre Sterling Campbell sitt trommespel på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992. I 1968 var Jimi Hendrix Experience i New York og spelte inn Voodoo Chile, den einaste singelen deira som enda opp med topplassering på listene. Det hendte i oktober 1970. I 1972 var Johnny Cash heime i Hendersonville og spela inn I Got A Boy And His Name Is John, ein duett han song med kona June Carter Cash. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album. I 1976 gav Aerosmith ut plata Rocks. I 1999 gav Suede ut si fjerde studioplate, Head Music.

Andre mai

Andre mai 1945 er dagen pianisten og keyboardspelaren John Raymond Goadsby kom til verda i Toronto. Under artistnamnet Goldy McJohn gjorde Goadsby suksess med det amerikanske hardrockbandet Steppenwolf. I 1951 kom bassisten John Glascock til verda. Glascock spelte bass i Jethro Tull frå 1975 til han døyde i 1979 og kan hjå meg høyrast på platene Too Old To Rock & Roll: Too Old To Die frå 1976 og Heavy Horses frå 1978. I 1968 slepte Aretha Franklin singelen Think, som gjekk til topps på R&B-listene i USA. I 1983 var Iron Maiden i hamnebyen Hull der dei innleia World Piece Tour. Eitt hundre og førti konsertar venta dei framadstormande rockarane. I 1989 platedebuterte Neneh Cherry med Raw Like Sushi. I 1992 var Jethro Tull på scenen i London, Living In The Past frå denne konserten kan høyrast på liveplata A Little Light Music som kom ut i september same året. I 1988 spelte Toy Dolls fjerde konserten på rad på Projeto SP i Sao Paolo. I 1995 gav Bob Dylan ut konsertplata MTV Unplugged, som var spelt inn over to kveldar i november året før. I 1997 kunne singelen Hollywood kjøpast. Artist var The Cranberries. I 2006 opna Neil Young for nedlasting av det kritikarroste albumet Living With War der han gav den rådande Bush-administrasjonen og deira krig i oljestaten Irak det glatte laget. Sjølve plata vart ikkje tilgjengeleg i butikkar før ei veke seinare.

01.05.2011

Fyrste mai

Fyrste mai 1968 kom D’arcy Elizabeth Wretzky til verda i amerikanske South Haven. D’arcy Wrerzky si musikalske karriere omfattar basspel på The Smashing Pumpkins sine fem fyrste studioplater og i mi platehylle kan ho høyrast på Siamese Dream (1993), Melon Collie And The Infinite Sadness (1995) og Machina/The Machines Of God (2000). I 1979 gjekk gutane i Ramones i gang med innspelinga av den fyrste plata dei gjorde i samarbeid med den legendariske produsenten Phil Spector. Seansen gjekk føre seg i Gold Star Studios i East Hollywood i den amerikanske solskinsstaten og tok heile tre veker, svært lang tid for ei plateinnspeling i Ramones sitt univers. Innspelingane enda til slutt opp som plata End Of The Century seinare same året. I 1982 vert dagen hugsa for at Toy Dolls kom til England sin nest største by, Birmingham, for å spele i Digbeth Civic Hall. I 1987 gav det skotske bandet Deacon Blue ut debutplata si, Raintown, der dei, forutan tittelsporet, song om han som ser ut som Spencer Tracy. I 1988 heldt Toy Dolls sin tredje konsert av fire på rad i Projeto SP i Sao Paolo. I 2010 spelte Manic Street Preachers i Grieghallen i Bergen, men eg fekk diverre ikkje høve til å vere tilstades denne gongen.

Trettiande april

Trettiande april 1933 kom countryartisten Willie Nelson til verda med fullt namn Willie Hugh Nelson. Etter som eg ikkje er verdas største countryfan, har Nelson fram til no berre vore representert med ei samling av det beste han gjorde med kvartetten Highwayman, der han song i lag med stjernelaget Johnny Cash, Kris Kristoferson og Waylon Jennings, men no er plata Stardust frå 1977 kjøpt inn. Stardust vart spela inn med Booker T. Jones, mest kjend frå eit av verdas beste backingband, Booker T. & The MGs, bak spakane, og med mellom anna verdas beste kordame Emmylou Harris med i studio. I 1948 fekk verda gitaristen Wayne Kramer. Kramer, som har vore innom Rolling Stone Magazine si topp hundre liste over verdas best gitaristar, kan i mi platesamling høyrast medan han bråkar i det amerikanske bandet MC5. I 1957 var dette dagen verda fekk endeleg fekk stifte kjennskap til Elvis Presley sin legendariske versjon av Jailhouse Rock frå filmen med same namn. Musikken var sjølvsagt ved husbandet The Jordanairs. Sundag trettiande april 1978 spela Cheap Trick andre og siste konsert av det som skulle ende opp som den trippel platina seljande konsertplata Cheap Trick At Budokan. På andre sida av jorda kunne AC/DC opplevast i levande live på The Apollo i det som er fødebyen for dei to gitarspelande brørne Young, Glasgow. Klassikarane Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog og Let There Be Rock kan både høyrast og sjåast på dobbel DVD’en Plug Me In, som over to plater oppsummerar to vokalistar sitt arbeid for bandet. Riff Raff og Fling Thing/Rocker frå same kvelden må nytast på DVD-plata Family Jewels der ein også finn Rock’n Roll Damnation. I 1988 fekk dei frammøtte i Projeto SP i Sao Paolo sjå Toy Dolls sin andre konsert av fire på like mange dagar i same lokalet.

Tjueniande april

Tjueniande april 1958 spelte Count Basie med storband inn songen Fair And Warmer med solistane Benny Powel, trombone, og Billy Mitchell på tenorsaksofon. I 1988 var Toy Dolls i Sao Paolo for å spele på Projeto SP. Dette var fyrste av fire konsertar på rappen i same lokalet. I 1993 døyde gitaristen Mick Ronson av kreft i levera. Ein av verdas beste rockegitaristar var borte for alltid. Eg var heldig og fekk sjå og høyre Ronson saman med Ian Hunter og band på Maxime i Bergen i 1989. Konserten vart omtala som ein av dei beste i Bergen til då og er framleis ein av dei beste konsertane eg har vore på. Perler frå heile Hunter/Ronson samarbeidet, inkludert Mott The Hoople-æraen, kom som perler på ein snor. Irene Wild, All The Young Dudes og Just Another Night er høgdepunkta eg hugsar best. I 1996 gav irske The Cranberries ut plata To The Faithful Departed. Plata var bandet si tredje og resulterte i fem singelplater. I 1997 slepte Lynyrd Skynyrd plata Twenty, der den tidlegare trommevikaren Rickey Medlock var attende i bandet, som fast medlem og på gitar denne gongen. Tittelen refererar til at det var tjue år sidan flyulukka som tok livet av to av dei originale bandmedlemmene. I 2011 spelte The Stranglers ein uforglemmeleg konsert på Ole Bull Scene som ein del av festivalen Bergenfest i Bergen. Seinare på kvelden var Glen Matlock og bandet The Phillestines og underheldt på Garage, også det i Bergen.

Tjueåttande april

Tjueåttande april 1947 vart jazzgitaristen Steve Kahn fødd i Los Angeles i California. Kahn si merittliste er lang, men hjå meg kan han høyrast på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1952 kom Charles Alfred Leavell til verda i Birmingham, Alabama. Chuck Leavell er ein av verdas fremste pianistar og har spela med både Eric Clapton og Rolling Stones. Hjå meg kan Leavell høyrast medan han trakterar tangentane på plata Hot Number, som The Fabolous Thunderbirds gav ut i 1987. I 1958 var Count Basie med band i studio og spela inn Moten Swing, solistar var Frank Wess på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. I 1960 var Elvis Presley i studio og spelte inn sin versjon av songen Wooden Heart. I 1961 fullførde Johnny Cash innspelinga av My God Is Real, som i tillegg til Hymns From The Heart kan høyrast på plata God frå 2000. I 1978 var Cheap Trick i Tokyo og gjorde den fyrste av to konsertar som vart miksa saman til den legendariske konsertplata Cheap Trick At Budokan. I 1983 nytta Iron Maiden dagen til og sleppe singelen Flight Of Icarus. Songen om mannen med fuglefjør på armane klatra til ellevteplassen på listene.

Tjuesjuande april

Tjuesjuande april 1947 fekk verda trommeslagaren James Lee Keltner. Jim Keltner frå Tulsa i kvegstaten Oklahoma er studiomusikar, han vert rekna som ein av verdas beste i sin bransje og heldt mellom anna takten for Bob Dylan på plata Pat Garrett & Billy The Kid, som var lydsporet frå filmen med same namn, og på platene Shot Of Love frå 1981 og Time Out Of Mind som kom på marknaden i 1997. Rytmesikre Keltner held også takten for Stones-mannen Mick Jagger på plata Wandering Spirit frå 1993, og var eit opplagt val då Rufus Wainwright platedebuterte med ei sjølvtittelert plate i 1998. I 1948 kom Kate Pierson til verda og fekk tildelt fullt namn Cathrine Elisabeth Pierson i New Jersey. Pierson er vokalist og originalmedlem i B52s, ho kan også høyrast som den kvinnelege bakgrunnsvokalen på fleire plater med R.E.M og låta Chop Suey av Ramones. I 1951 kom den originale Kiss-gitaristen Ace Freley til verda som Paul Daniel Freley. Freley spelte gitar i Kiss frå starten av karriera til 1982. Han gjorde i tillegg eit etterlengta come back i 1996 og spelte den gongen med bandet til 2002. I tida utan Kiss har ”Space Man” pleia ei solokarriere med sitt eige band, Freley’s Comet, som enno ikkje har fått plass i mi platehylle. I 1957 vart den engelske musikaren Adrian Utley fødd i Northampton. Utley er best kjend for arbeidet med Portishead og kan hjå meg høyrast på platene Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. I 1961 gjekk Johnny Cash i studio og hadde fyrste innspelingsdag for My God Is Real. Innspelinga vart fullførd dagen etter og enda opp på plata Hymns From The Heart. Produsentar var Don Was og Frank Jones. I 1964 var dette fyrste innspelingsdag, av to, for plata Cresent av John Coltrane Quartet. I 1976 vart Isobel Campbell fødd i den skotske storbyen Glasgow. Campbell er kjend som Belle i bandet Belle & Sebastian, eit band ho forlét i 2002. Ho er i dag ein mykje nytta artist og kan hjå meg høyrast medan ho spelar Cello på B&S-plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1998 gav svenske Dark Funeral ut si andre plate Vobiscum Satanas, som jamnt over fekk gode kritikkar i metallpressa.

Tjuesjette april

Tjuesjette april 1940 spelte ein særs produktiv Woodie Guthrie inn songane Talking Dust Bowl Blues, Blowin’ Down This Road, Do Re Mi, Tom Joad og Dusty Old Dust (So Long It’s Been Good To Know Yuh). Alle songane hadde folklegenda komponert sjølv og dette var dei fyrste innspelingane han gjorde for RCA Reccords. I 1971 bydde kvelden på konsert med The Who på The Young Vic Theatre i London. Seansen vart festa til ljodband og songane Naked Eye og Water kan høyrast på nyugjevne versjonar av plata Who’s Next. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å sleppe singelen The Number Of The Beast, som meir enn tjue år seinare framleis står som sjølvaste signaturlåten for det høgtflygandet hardrockbandet. I 1984 døyde Count Basie. I 1994 gav Johnny Cash ut plata American Recordings, den fyrste plata i ein serie som etter kvart tel seks i talet. Produsent for denne plata med amerikanske var meisterprodusenten Rick Rubin, og dette var plata som revitaliserte den aldrande og fallerte Cash si karriere.