31.12.2018

Ellevte desember

I 1938 kom Alfred McCoy Tyner til verda i Philadelphia i Pennsylvania. McCoy Tyner er ein jazzpianist som er best kjend for arbeidet han har gjort saman med John Coltrane, og hjå meg er det på Coltrane sine plater Olé Coltrane frå 1962 og Cresent frå 1964, det elegante pianospelet hans kan høyrast. McCoy Tyner sitt pianospel kan også høyrast på Wayne Shorter si femte studioplate Juju frå 1964.

Andre jubilantar
Curtis "Fitz" Williams (1934)
André Brasseur (1939)
Stevie Young (1956)
Nikki Sixx (1958)
Darryl "The Munch" Jones (1961)
Jon Brion (1963)
Anouk (1970)

Tiande desember

I 1948 kom Jessica Marguerite Cleaves til verda i Los Angeles i California. Songerinna Jessica Cleaves var ei tid fast innventar i Earth, Wind & Fire, før ho slo seg saman med funklegenda George Clinton. Hjå meg kan Cleaves si røyst høyrast på samleplatene Greatest Hits, som George Clinton slepte i 2000, og You Got The Funk, We Got The Funk, som Funcadelics, også det eit George Clinton-prosjekt, slepte laus på uskuldige platekjøparar i 2011. Cleaves døyde av komplikasjonar i samband med eit hjerneslag i 2014.

Andre jubilantar
Jessica Cleaves (1948)
Wolf Hoffmann (1959)
Ole Amund Gjersvik (1963)
Colm O'Maonlai (1966)
Thomas Tofthagen (1973)
Meg White (1974)

Niande desember

I 1946 vart William Church fødd i Faribury i Nebraska. Bassisten Bill Church sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på to spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998.

Andre jubilantar
Dennis Dunaway (1946)
Joan Armatrading (1950)
Einar «Wallen» Mjaaland (1950)
Nick Seymour (1950)
Paul Landers (1964)
Brian Bell (1969)
Geoff Barrow (1971)
Tré Cool (1972)

Åttande desember

I 1938 kom Bernhard L. Krause til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Bernie Krause er den eine halvleiken av duoen Beaver & Krause, og i mi platehylle kan han høyrast medan han trakterar Moog Syntheziser på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998.

Andre Jubilantar
Bobby Elliott (1941)
Toots Hibbert (1942)
Jim Morrison (1943-1971)
Gregg Allman (1947)
Dan Hartman (1950)
Jan Eggum (1951)
Kim Basinger (1953)
Stan Harrison (1953)
Nathan East (1955)
Kasim Sulton (1957)
Sylvia Mason-James (1958)
Marty Friedman (1962)
Sinead O'Connor (1966)
Soopafly (1972)
Nick Zinner (1974)

Sjuande desember

Sjuande desember 1943 kom David Madden til verda i Kingston på Jamaica. Trompetisten Madden har spelt med dei fleste store reggeastjernene og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Bob Marley på utvalte spor på samleplata Legend frå 1984, og for Peter Tosh på samlplata The Toughest frå 1998.

Andre jubilantar
Tom Waits (1949)
Carlos Vega (1956)
Robby Ameen (1960)
Thomas Strønen (1972)
Nicole Appleton (1974)
Dominic Howard (1977)

Sjette desember

I 1925 Bob Cooper til verda i Pittsburgh i Pennylvania. Saksofonspelande Cooper har delteke på ei rekkje store innspelingar i jazzsgmentet, i mi platehylle kan han høyrast på Madonna si plate I’m Breathless frå 1990. Cooper døyde i 1993.

Andre jubilantar
Jay Leonhart (1940)
Edward Tudor-Pole (1955)
Rick Buckler (1955)
Tish Hinojosa (1955)
Peter Buck (1956)
Randy Rhoads (1956-1982)
Craig Goldy (1961)
Ricky Wilde (1961)
David Lovering (1961)
Anne Marie Almedal (1971)
Jørund Fluge Samuelsen (1972)

Femte desember

I 1934 kom Art Davis til verda i den historiske byen Harrisburg i Pennsylvania. Bassisten og psykologen Davis kan hjå meg høyrast medan han spelar for John Coltrane på plata Olé Coltrane frå 1962. Davis døyde i 2007.

Andre jubilantar
J.J. Cale (1938-2013)
Sveinung Hovensjø (1950)
Steve Poncar (1955)
Neil Codling (1973)

Fjerde desember

I 1944 vart Dennis Carl Wilson fødd i Marina Del Rey i solrike California. Dennis Wilson spelte trommer i The Beach Boys, eit band han var med å starte saman med brørne sine Carl og Brian, han var også husvert for The Manson Family i tida før drapet på Sharon Tate. Hjå meg kan Wilson sitt trommespel høyrast på studioplata 15 Big Ones (1976), og samleplatene Summer Dreams (1993) og Super Hits. Wilson er også kreditert for trommespel på utvalde spor på samleplata Rhinestone Cowboy – De beste 1967-1990, som Glenn Campbell sitt norske plateselskap gav ut i 2002. Dennis Wilson døyde i 1983.

Andre jubilantar
Tommy Morgan (1932)
Rune Carlsson (1940-2013)
Chris Hillman (1944)
Terry Woods (1947)
Gary Rossington (1951)
Jay-Z (1969)

Tredje desember

I 1946 vart Albert Victor Malcolm fødd i engelske Newcastle Upon Tyne. Gitaristen Vic Malcolm spelte i Geordie, og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren på samleplata Can You Do It, som kom på marknaden i 1997.

Andre jubilantar
Ozzy Osbourne (1948)
Duane Roland (1953-2016)
Kim Basinger (1953)
Rob Waring (1956)

Andre desember

I 1931 vart Wynton Kelly fødd i Brooklyn i New York City. I mi platehylle kan pianomannen Kelly høyrast medan han trakterar tangentane for trompetlegenda Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961, og på songen Freddie Freeloader på plata Kind Of Blue, som same Davis slepte i 1959. Kelly døyde i 1971.

Andre jubilantar
Tom McGuinness (1941)
Rob Mounsey (1952)
Ulf Risnes (1960)
Nate Mendel (1968)
Brian Chase (1978)
Christopher Wolstenholme (1978)

Fyrste desember

I 1944 vart John Paul Densmore født i Los Angeles i California. Trommisen John Densmore var ein av grunnleggjarane av The Doors, men har seinare vendt den store, stygge musikkbransjen ryggen. Hjå meg kan Densmore sitt taktfaste trommespel høyrast på samleplata Greatest Hits (1980).

Andre jubilantar
Bette Midler (1945)
Jaco Pastorius (1951-1987)
Alberto Tafuri (1963)
Simon Ratcliffe (1969)
Stephen Gibb (1973)

Trettiande november

I 1932 kom Bob Loyce Moore til verda i countryhovudstaden Nashville i Tennessee. Bassisten Bob Moore er ei legende i miljøet rundt Grand Ole Opry og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som dødsbuet etter Elvis Presley slepte i 2002.

Andre jubilantar
Leo Lyons (1943)
Roger Glover (1945)
Stan Sulzmann (1948)
David Sancious (1953)
Randy Gane (1959)

Tjueniande november

I 1940 vart Seán Cannon fødd i irske Galway. Cannon har sidan 1982 vore vokalist i The Dubliners. Hjå meg kan Cannon si sprukne røyst nytast på konsertplata Live In Carré frå 1985.

Andre jubilantar
Jabali Billy Hart (1940)
Clare Torry (1947)
Ronnie Montrose (1947-2012)
Roger Troutman (1951-1999)
Heitor T P (1959)
Wallis Buchanan (1965)
Lars Håvard Haugen (1969)

Tjueåttande november

I 1949 vart musikaren og skodespelaren Paul Allen Wood Shaffer fødd i den kanadiske skimetropolen Thunder Bay. Mannen bak It’s Raining Men og musikken i Dave Letterman sitt bidrag til fjernsynsunderhaldninga kan hjå meg høyrast som ein del av kultbandet The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og på den blinde landsmannen Jeff Healey si plate Hell To Pay frå 1990.

Andre jubilantar
Aslag Haugen (1960)
Matt Cameron (1962)

30.12.2018

Tjuesjande november

I 1942 vart Johnny Allen Hendrix fødd i Seattle i delstaten Washington på den amerikanske vestkysten. Johnny Allen tok seinare namnet James Marshall Hendrix, men er i ettertid best kjend som gitarguruen Jimi Hendrix. Jimi Hendrix revolusjonerte gitaren si tyding i moderne rock og har inspirert eit utal unge gitarheltar over heile verda. Hendrix døyde i 1970. Hjå meg kan gitarguruen høyrast på samleplatene Whipper, The Magic Collection og Cornerstones (1990).

Andre jubilantar
Randy Brecker (1945)
DJ Red Alert (1956)
Bertram Engel (1957)
Charlie Burchill (1959)
Lorraine "Mrs. Loud" Crosby (1960)
Charlie Benante (1962)
Mike Bordin (1962)
Mike Bub (1962)
Steve Grove (1962)
Fiachna O'Braondin (1965)
Cass Browne (1971)
Tom Cato Visnes (1974)

28.12.2018

Tjuesjette november

I 1937 kom Robert Kreinar til verda i Pittsburg i Pennsylvania. Bassisten Bob Babbitt spelte i hine hårde dagar fast for plateselskapet Motown, hjå meg kan han høyrast medan han spelar på utvalde spor på Carlene Carter si dobbeltplate Two Sides To Every Woman/Musical Shapes. Babbitt døyde i 2012.

Andre jubilantar
Tina Turner (1939)
John McVie (1945)
John Stirratt (1967)

Tjuefemte november

I 1927 kom Richard MacQueen Wellstood til verda i Greenwich i Connecticutt. Dick Wellstood sitt pianospel kan i mi platesamling høyrast på plata The Freewhellin’ Bob Dylan frå 1963. Wellstood døyde i 1987.

Andre jubilantar
Percy Sledge (1941-2015)
Tommy Borgudd (1946)
Jocelyn Brown (1950)
Steve Rothery (1959)
Mark Lanegan (1965)
Tim Armstrong (1965)

Tjuefjerde november

I 1941 vart Wayne Jackson fødd i Memphis i Tennessee. Trompetisten Jackson har blese i hornet i The Mar-Keys, husbandet til legendariske Stax Records, og meir kjende The Memphis Horns. Mi platehylle byr på Jackson sitt trompetspel på studioplatene Hot Number, som var The Fabolous Thunderbirds sitt bidrag til underhaldningsindustrien i 1987, Stormfront, som Billy Joel slepte i 1989, After Hours, som Gary Moore slepte i 1992, og Out Of Body (The Hooters, 1993), konsertplata Joe Cocker – Live (1990), samt utvalde spor på samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1., som kom på marknaden i 1994.

Andre jubilantar
Tommy Allsup (1931-2017)
Donald "Duck" Dunn (1941-2012)
Billy Connoly (1942)
Richard Tee (1943-1993)
Bev Bevan (1945)
Tony Clarkin (1946)
Dave Sinclair (1947)
Bob Burns (1950-2015)
Clem Burke (1954)
Terry Lewis (1956)
Randi Hansen (1958)
Edgar Meyer (1960)
John Squire (1962)
Adam Steffey (1965)
Eir Inderhaug (1971)
Vidar Johnsen (1972)

Tjuetredje november

I 1949 kom Alan Paul til verda i flyplassbyen Newark i New Jersey. Songaren Paul slo seg saman med vokalgruppa The Manhattan Transfer i 1973, og hjå meg kan han høyrast på studioplata The Offbeat Of Avenues frå 1991.

Andre jubilantar
Marcia Griffiths (1949)
Sharon O'Neill (1952)
Bruce Hornsby (1954)
Jean-Paul Bourelly (1960)
Tommy Marth (1978)
Thomas Pridgen (1983)

27.12.2018

Tjueandre november

I 1925 kom jazzmusikaren Gunther Schuller til verda i New York City. Schuller er i mi platesamling representert medan han spelar franskhorn på Miles Davis si samleplate Birth Of The Cool frå 1957. Schuller døyde i 2014.

Andre jubilantar
Steve Wahrer (1941-1989)
Aston "Family Man" Barrett (1946)
Little Steven (1950)
Tina Weymouth (1950)
Kari Gjærum (1952)
Clarence Öfwerman (1957)
Jason Ringenberg (1958)
Nicolas Reyes (1958)
Sen Dog (1965)
Rasa Don (1968)
Robert Östlund (1973)
Sharin Foo (1973)
Karen O (1978)

Tjuefyrste november

I 1926 kom Odd Lunde Børretzen til verda på Hjelmeland i Rogaland. Heilt sidan sekstitalet har prestesonen, forfattaren og songaren m.m. Odd Børretzen kombinert lyrikk og musikk med ei svært ironisk tilnærming og med suverent resultat. Børretzen har samarbeida med fleire store norske artistar som visesongaren Alf Cranner og gitaristen Lars Myhre. Mi platehylle byr på Børretzen si sjølvtitulerte debutplata frå 1974, konsertplata Odd Børretzen og Alf Cranner I Levende Live På Sandvika Kino En Kald Desemberdag I 1973 (1974), og Noen Ganger Er Det Al Right (1995). Børretzen døyde i 2012.

Andre jubilantar
Dr. John (1940)
Andrew Love (1941-2012)
Rainer Brüninghaus (1946)
Alphonse Mouzon (1948)
John "Rabbit" Bundrick (1948)
Randy Z (1949)
David Williams (1950-2009)
Carlton "Santa" Davis (1953)
Brian Ritchie (1960)
Björk Guðmundsdóttir (1965)
Alex James (1968)
Rain Phoenix (1972)
Erlend Øye (1975)
Petter Folkedal (1975)

26.12.2018

Tjuande november

I 1940 kom James Ronald Horn til verda i Los Angeles i California. Saksofonisten Jim Horn debuterte i musikkbransjen i 1959 og var på sytti- og åttitalet ein av verdas mest ettertrakta studiomusikarar. Hjå meg kan Horn sitt arbeid nytast på Buffalo Springfield si andre studioplate, Buffalo Springfield Again frå 1967, Joan Baez si plate Diamonds & Rust (1975), Hot Number, som var The Fabolous Thunderbirds sitt bidrag til populærlulturen i 1987, og på Texas Tornados’ Hanging’ On By A Tread (1992), i tillegg til utvalde spor på Dolly Parton si samleplate Greatest Hits, som kom på marknaden i 1982.

Andre jubilantar
Duane Allman (1946-1971)
Joe Walsh (1947)
Bill Reichenbach Jr. (1949)
Fio Zanotti (1949)
Ulf Lundell (1949)
Anders Glenmark (1953)
Jimmy Brown (1957)
Steve Alexander (1962)
Mike D (1965)
Kevin Gilbert (1966-1996)
Eli Kristin Hagen (1973)
Davey Havok (1975)
Jared Followill (1986)

Nittande november

I 1932 kom Henry Macleod Robinson fødd i skotske Elgin. Bandleiaren Harry Robinson skreiv og arrangerte for det meste musikk for film- og fjernsynsbranjen, i mi platehylle er han kreditert for strengearrangement på Nick Drake si debutplate Five Leaves Left frå 1969. Robinson døyde i 1996.

Andre jubilantar
Eddie Rayner (1952)
Jellybean Johnson (1956)
Philip Spalding (1957)
Matt Sorum (1960)
Robert Young (1964-2014)
Erik Hjärpe (1972)
Lil' Mo (1975)
Monte Pittman (1975)

Attande november

I 1949 kom Herman Erbel til verda i tyske Schmelz. Herman «Ze German» Rarebell spelte trommer på åtte Scorpions-plater frå 1977 til 1995 og kan hjå meg høyrast på plata Crazy World frå 1990.

Andre jubilantar
Rudy Sarzo (1950)
Lasse Hafreager (1953)
Kim Wilde (1960)
Pelle Ossler (1962)
Kirk Hammett (1963)
Thomas Darnal (1963)
Tommy Igoe (1964)

Syttande november

I 1940 kom Luke Kelly til verda i irske Dublin. Kelly var ein av grunnleggjarane av det irske folkrockbandet The Dubliners og kan hjå meg høyrast på konsertplata Live In Carré (1985), i tillegg til samleplatene Greatest Hits (1990) og At Their Best (1998). Kelly døyde i 1984.

Andre jubilantar
Gene Clark (1944-1991)
Martin Barre (1946)
Phillip Kraus (1950)
Jeff Buckley (1966-1997)
Paul Allender (1970)

Sekstande november

I 1942 vart Geir Børresen fødd i Oslo. Skodespelaren Børresen opplevde gigantisk suksess då han song den norske vokalen på dei utruleg kitche smurfeplatene som herja den vestlege verda frå slutten av syttitalet. Hjå meg finn du samleplata Smurfenes Beste, som samlar det meste av det verste frå dei små blå sine glansdagar her til lands.

Andre jubilantar
Paul Raymond (1945)
Sammy Figueroa (1948)
Wally Lowe (1951)
Luis Conte (1954)
Chris Layton (1955)
Gary 'Mani' Mounfield (1962)
Dave Kushner (1965)
Christian "Flake" Lorenz (1966)

Femtande november

I 1932 vart Petula Sally Olwen Clark fødd i engelske Surrey. Songerinna Petula Clark byrja karrieren sin allereie under andre verdskrigen og skal ha selt nærare sytti millionar plater gjennom åra. Hjå meg finn du samleplata Downtown, som er oppkalla etter den største slagaren hennar, og som ikkje står i oversikta over offisielle studio- eller samleplater.

Andre jubilantar
Jim Dickinson (1941-2009)
Anni-Frid Lyngstad (1945)
Steve Fossen (1949)
Beverly D'Angelo (1951)
Tony Thompson (1954-2001)
Michael "Kid Funkadelic" Hampton (1956)
Dann Huff (1960)
Jay Bennett (1963-2009)

Fjortande november

I 1930 kom Jay Migliori til verda i Erie i Pennsylvania. Saksofonisten Migliori var ein av grunnleggjarane av Supersax, i mi platehylle finn du bidraget hans på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones (1976), samt på utvalde spor på den høgst uoffisielle samleplata Summer Dreams (1993). Migliori døyde i 2001.

Andre jubilantar
Frankie Banali (1951)
Brice Wassy (1958)
Dougie Payne (1972)
Obie Trice (1977)

Trettande november

I 1928 vart Hampton Barnett Hawes Jr. fødd i Los Angeles i California. Pianisten Hampton Hawes hadde storheitstida si på femtitalet, men sleit ille mykje med tungt heroinmissbruk, som drog med seg eit påfølgjande fengselsopphald. Hjå meg kan Hawes sitt pianospel høyrast på eit spor på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975. Hawes døyde i 1977.

Andre jubilantar
John P. Hammond (1942)
Terry Reid (1949)
Andrew Ranken (1953)
Dennis Taylor (1953)
Aldo Nova (1956)
Anita Skorgan (1958)
Bootie Brown (1969)
Rodrigo D'Erasmo (1976)
Nikolai Fraiture (1978)

Tolvte november

I 1944 kom Booker T. Jones til verda i musikkhovudstaden Memphis i Tennessee. Jones, som kurriøst nok ikkje har noko mellomnamn, berre ein T. midt i namnet, er kjent som både musikar og produsent og har arbeidd med alle dei store namna i bransjen. Hjå meg kan Booker T. høyrast både som sjef for eige band, det legendariske instrumentalbandet Booker T & The MG’s på samleplata The Best Of Booker T. & The MG’s, og som musikar for stjerner som Willie Nelson på plata Stardust frå 1978, og som bassist på Bob Dylan si plate Pat Garret & Billy The Kid frå 1973. Jones er også kreditert for tangentspel på Soul Asylum si plate Grave Dancers Union frå 1992.

Andre jubilantar
Neil Young (1946)
Donald "Buck Dharma" Roeser (1947)
Calum Macdonald (1953)
Lester Butler (1959-1998)
David Ellefson (1964)
Sharon Shannon (1968)
Tevin Campbell (1976)

Ellevte november

I 1930 kom Walter Louis Garland til verda i Cowpens i South Carolina. Gitaristen Hank Garland spelte gjennom ein hektisk femtenårsperiode med store amerikanske country-artistar som Patsy Cline og Roy Orbison. I mi platehylle er det hjå sjølvaste kongen, Elvis Presley, på samleplata 30 #1 Hits gitarspelet hans kan nytast. Garland døyde i 2004.

Andre jubilantar
Mose Allison (1927-2016)
Sture Nordin (1933-2000)
Dennis Coffey (1940)
Andy Partridge (1953)
Jevetta Steele (1963)
Steve Salas (1964)

03.12.2018

Tiande november

I 1947 kom Glen Edward Buxton til verda i Akron i Ohio. Glen Buxton var i hine hårde dagar medskyldig i å starte Alice Cooper Band og er kreditert som komponist på fleire av dei store slagarane bandet hadde på byrjinga av syttitalet. Hjå meg kan Buxton høyrast på studioplatene Schools Out (1972), og Billion Dollar Babies, som kom på marknaden i 1973, samt samleplata The Beast Of Alive Cooper (1989) og den høgst uoffisielle konsertplata Nobody Likes Me. Buxton døyde i 1997.

Andre jubilantar
Roy Thomas Baker (1946)
Philippe Saisse (1962)
Zoltán Téglás (1969)
Eric Sardinas (1970)
Jacqui Abbott (1973)
Drew McConnell (1978)
Eve (1978)

Niande november

I kom 1936 vart Mary Allin Travers fødd i Louisville i Kentucky. Songerinna Mary Travers vart verdskjend som ein del av folktrioen Peter, Paul & Mary på sekstitalet, hjå meg kan ho høyrast med bakgrunnsvokal på The Hooters si plate Zig Zag frå 1989. Travers døyde i 2009.

Andre jubilantar
Tom Fogerty (1941-1990)
Richard Greene (1942)
Frode Rønli (1951)
Rhetta Hughes (1953)
Dennis Stratton (1954)
Willy Marhaug (1973)

02.12.2018

Åttande november

I 1954 vart den amerikanske artisten Rickie Lee Jones fødd i Chicago i Illinois. Den allsidige songarinna var i mange år betre kjend for å vere dama til Tom Waits enn for eigne prestasjonar, men det er ikkje tvil om at ho står seg godt på eiga hand. Jones er i mi platehylle representert med plata The Magazine frå 1984.

Andre jubilantar
Bonnie Sheridan (1944)
Robert Nix (1944-2012)
Jim Gilstrap (1946)
Roy Wood (1948)
Bonnie Raitt (1949)
Jeanette McGruder (1954)
Rickie Lee Jones (1954)
Ricky Lawson (1954-2013)
Porl Thompson (1957)
Don Byron (1958)
Terry Lee Miall (1958)
Michael Visceglia (1964)
Parker Posey (1968)
Diana King (1970)

Sjuande november

I 1943 vart Roberta Joan Andreson fødd i Fort McLeod i canadiske Alberta. Joni Mitchell var med å setje sitt preg på den nordamerikanske folkrock-scena på sekstitalet og har samarbeida med dei fleste av dei store artistane frå den tida. I mi platehylle finn du Mitchell sine bidrag til musikkhistoria på hennar åttande studioplate Hejira frå november 1976, og som vokalimprovisasjon på eitt spor på Joan Baez si studioplate Diamonds & Rust (1975). Mitchell syng også på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971, og er også kreditert for vokalhjelp på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997.

Andre jubilantar
Mickey Raphael (1951)
Tommy Thayer (1960)
Liam Ó Maonlaí (1964)
Sandy «Pepa» Denton (1964)
Sharleen Spiteri (1967)
Neil Hannon (1970)
Chris Summers (1974)

01.12.2018

Sjette november

I 1941 kom Douglas Wayne Sahm verda i myteomspunne San Antonio i skytegale Texas. Dough Sahm var ein av Tex-Mex musikken sine mest markante skapningar og debuterte som musikar i ein alder av fem år, han spelte i ulike band fram til han starta Sir Douglas Quintett i 1965. SDQ hadde ei rekkje hits og gjorde stor suksess i Skandinavia. Saman med kompisen Freddy Fender og Augie Myers og Flaco Jimenez starta Sahm Texas Tornados i 1990. Bandet gav ut fire plater og fekk med seg ein Grammy. Hjå meg kan Sahm høyrast saman med Sir Douglas Quintet på samleplata Scandinavian Years (2008), og saman med Texas Tornados på studioplata Hangin’ On By A Thread (1992), og på samleplata Best Of The Texas Tornados (1994). Sahm døyde i 1999.

Andre jubilantar
George Young (1948-2017)
Glenn Frey (1948-2016)
Rushton Moreve (1948-1981)
Tore Johansson (1959)
Craig Goldy (1961)
Ricky Wilde (1961)
David Lovering (1961)
Corey Glover (1964)
Greg Graffin (1964)
Eric Singleton (1968)
Matt Johnson (1970)

Femte november

I 1931 kom Ike Wister Turner til verda i Clarksdale i Mississippi. Gitaristen Ike Turner stod for den drivande gode gitarlyden i duoen Ike & Tina Turner på slutten av sekstitalet, men vert gjerne hugsa for å ha brukt nevane til anna enn gitarspel. Turner skal ha banka kona Tina Turner ut av ektesenga og ned i rennesteinen, noko som har gjeve ein glitrande musikar eit heller slett ettermæle. Hjå meg kan Turner høyrast på samleplata 18 Classic Tracks, kreditert Ike & Tina Turner, og med pianospel på Gorillas si plate Demon Days frå 2005. Ike Turner døyde i 2007.

Andre jubilantar
Peter Noone (1947)
Bryan Adams (1959)
Ken Coomer (1960)
Angelo Moore (1965)
Jonny Greenwood (1971)
Ryan Adams (1972)

Fjerde november

I 1955 vart Stefan Glaumann født ein stad i Sverige. Musikkprodusenten Glaumann har produsert alle platene Imperiet gav ut og hjå meg er han også kreditert for å spele virveltromme på Imperiet si plate Synd frå 1986.

Andre jubilantar
Larry Bunker (1928-2005)
David Garibaldi (1946)
Buzzy Feiten (1948)
Chris Difford (1954)
Noel McCalla (1956)
Tom "Pig Champion" Roberts (1958-2006)
Cedric Bixler-Zavala (1974)
Freddy Cricien (1976)

Tredje november

I 1954 vart Melissa Hasin fødd i Newport Beach i California. Cellisten Missy Hasin har ei imponerande merittliste som tel både Barbara Streisand, Page & Plant og Nathalie Cole, men i mi platesamling er det på platene Under The Pink, som Tori Amos slepte i 1994, og Tragic Kingdom, som No Doubt gav ut i 1995, arbeidet hennar kan høyrast.

Andre jubilantar
Billy Mitchell (1926-2001)
Ray Edenton (1926)
Del Palmer (1952)
James Prime (1960)
Jan Toft (1961)
May-Irene Aasen (1963)
Roar Ruus Finsås (1964)
Steven Wilson (1967)
Sticky Fingaz (1973)

Andre november

I 1938 kom den norske kunstnaren Oddvar Torsheim til verda på Herland i Askvoll kommune. Torsheim er betre kjend som målar enn som plateartist, men han har gjeve ut fleire soloplater og har delteke i talentkonkurransar på fjernsyn. Mi platehylle byr på studioplata Tur-Retur Blues, som kom ut på plateselskapet Tylden i 2000.

Andre jubilantar
Herb Geller (1928-2013)
Frank Marocco (1931-2012)
J. D. Souther (1945)
Dave Pegg (1947)
Rowland Salley (1949)
Stein Erik Tafjord (1953)
Carter Beauford (1957)
Per Lindvall (1959)
k.d. lang (1961)
Åse Karin Hjelen (1965)
Reginald "Fieldy" Arvizu (1969)

Fyrste november

I 1946 vart Richard Roman Grechko fødd i den franske vinbyen Bordeaux. Musikaren Rick Grech har ei fortid i Blind Faith og Family, hjå meg kan han høyrast medan han trakterar fiolin på Rod Stewart si plate Smiler frå 1974, samt samleplata The Mercury Anthology frå 1992. Grech døyde i 1990.

Andre jubilantar
Mike Burnley (1938-2014)
Jim Steinman (1947)
David Foster (1949)
Ronald Bell (Khalis Bayyan) (1951)
Paul Robertson (1952)
Anthony Kiedis (1962)

25.11.2018

Trettifyrste oktober

I 1939 kom John Payne Guerin til verda på stillehavsparadiset Hawaii. Trommeslagaren John Guerin sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975, på Joni Mitchell si plate Hejiro frå 1976, og på plata I’m Breathless, som Madonna slepte i 1990. Guerin døyde i 2004.

Andre jubilantar
Bob C. Benberg (1949)
Bernard Edwards (1952-1996)
Larry Mullen Jr. (1961)
Johnny Marr (1963)
Mikkey Dee (1963)
Colm Ó Cíosóig (1964)
Adam "Ad-Rock" Horovitz (1966)

Trettiande oktober

I 1939 vart Grace Barnett Wing fødd i Evanston i Illinois. Grace Slick er best kjend som den kvinnelege vokalen i Jefferson Airplane og kan hjå meg høyrast på den uautoriserte konsertplata Somebody To Love-Live. Grace Slick er også kreditert for vokalbidrag på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971.

Andre jubilantar
Chris Slade (1946)
Bobby Bruce (1947)
Timothy B. Schmit (1947)
Arlen Roth (1952)
Jerry De Borg (1960)

Tjueniande oktober

I 1945 kom Michael William Gallagher til verda i engelske Newcastle upon Tyne. Mick Gallagher har ei fortid i The Animals og har spela med The Clash, men hjå meg finn du tangentspelet hans på plata Do It Yourself som Ian Dury & The Blockheads slepte i 1979, og på utvalde spor på The Clash si samleplate The Singles (2007). Gallagher bidreg også som hjelpevokalist på Nick Cave & The Bad Seeds si plate Nocturama frå 2003.

Andre jubilantar
Sonny Osborne (1937)
Peter Green (1946)
David Paton (1949)
Roger O'Donnell (1955)
Randy Jackson (1961)
Einar Örn Benediktsson (1962)
Peter Timmins (1965)
Toby Smith (1970)
Rob Aston (1978)

24.11.2018

Tjueåttande oktober

I 1936 kom Charles Edward Daniels til verda i Wilmington i North Carolina. Gitaristen Charlie Daniels, som også trakterar bass og banjo i godt lag, har spelt for både Elvis Presley og Leonard Cohen, i tillegg til tre av Bob Dylan sine studioplater. I mi platehylle kan Daniels sitt arbeid høyrast Nashville Skyline, som Bob Dylan slepte i 1967, Self Portrait, som same Dylan slepte laus på platekjøparane i 1970, i tillegg til utvalde spor på samleplata The Bootleg Series 1-3 (1991), også eit Bob Dylan-produkt.

Andre jubilantar
Johnny Western (1934)
Kenny Passarelli (1949)
Desmond Child (1953)
Stephen Morris (1957)
William Reid (1958)
Shawn Smith (1965)
Ben Harper (1969)

22.11.2018

Tjuesjuande oktober

I 1967 vart Scott Richard Kline fødd i San Jose i California. Songaren Scott Weiland er best kjend for å synge i Stone Temple Pilots, hjå meg kan han høyrast på gruppa si studioplate Core (1992), samt som frontfigur for supergruppa Velvet Revolver på deira debutplate Contraband frå 2004. Weiland døyde av ein overdose i 2015.

Andre jubilantar
Floyd Cramer (1933-1997)
Weldon J. Irvine (1943-2007)
Sherman Robertson (1948)
Manu Katché (1958)
Simon Le Bon (1958)
Adrian Erlandsson (1970)
Vanessa-Mae (1978)

21.11.2018

Tjuesjette oktober

I 1953 kom Julian Keith Strickland til verda i universitetsbyen Athens i Georgia. Keith Strickland var ein av originalmedlemmene av The B52s, der han spelte trommer. Etter at ein annan originalmedlem, Ricky Wilson døyde i 1985, gjekk Strickland over til å spele gitar. Hjå meg kan Strikland høyrast både med perkusjon og gitarspel på platene Wild Planet (1980), Cosmic Thing (1989) og Good Stuff (1992), i tillegg til samleplata Dance This Mess Around (1986).

Andre jubilantar
Al Casey (1936-2006)
Tristan Fry (1941)
Jim McCann (1944-2015)
Bootsy Collins (1951)
Natalie Merchant (1963)
Tarjei Strøm (1978)
Sigurd Haakaas (1984)

20.11.2018

Tjuefemte oktober

I 1924 vart Earl Cyril Palmer fødd i byen ved Mississippi-elva sin munning, New Orleans i Louisiana. Trommisen Earl Palmer er kreditert for å halde takten på ei rekkje innspelingar av både Little Richard og Tom Waits, hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Neil Young på hans sjølvtitulerte debutplate frå 1968, samt på utvalde spor på samleplatene Rhinestone Cowboy – De Beste 1967-1990 (Glenn Campbell, 2002) og Summer Dreams (Beach Boys, 1993). Palmer døyde i 2008.

Andre jubilantar
Alf Cranner (1936)
Helen Reddy (1941)
Björn J:son Lindh (1944-2013)
Jon Anderson (1944)
Glenn Tipton (1947)
K. K. Downing (1951)
Victor DeLorenzo (1954)
Matthias Jabs (1955)
Robyn Eubanks (1955)
Robbie McIntosh (1957)
Phil Daniels (1958)
Steinar Krokstad (1960)
Chad Smith (1961)
Speech (1968)
Nika Frost (1969)
Ed Robertson (1970)
Eirik Glambek Bøe (1975)

19.11.2018

Tjuefjerde oktober

I 1948 vart Terrence Dale Griffin fødd i Ross-On-Wye i engelske Herefordshire. Trommeslagaren Dale Griffin var ein av grunnleggjarane av Mott The Hoople og spelte på alle platene glamlegendene slepte i si karriere. Hjå meg kan Griffin høyrast på platene Wildlife (1971), All The Young Dudes (1972), Mott (1973) og The Hoople (1974), i tilleg til samleplatene Greatest Hits (1976) og Walking With A Mountain (1990), i tillegg til samleplata Original Album Classics, som inneheldt stdioplatene All The Young Dudes, Mott, The Hoople, Drive On og Shouting And Pointing og kom på marknaden i 2009. Griffin vart diverre diagnostisert med sjukdomen Alzheimer og måtte leggje trommestikkene på hylla for godt ei god stund før han døyde i 2016.

Andre jubilantar
Tony Carr (1930)
Bill Wyman (1936)
Jerry Edmonton (1946-1993)
Rowland S. Howard (1959-2009)
Rick Margitza (1961)
Debbie Googe (1962)
Alonza Bevan (1970)

Tjuetredje oktober

I 1945 vart Kim Melius Flyholm Larsen fødd i København. Kim Larsen er kjend som låskrivar og vokalist i den danske gruppa Gasolin som prydar mi platehylle med sine fire fyrste studioplater Gasolin’ (1971), Gasolin’ 2 (1972), Gasolin 3 (1973) og Stakkels Jim (1974), fordelt på to CD-plater, studioplatene Efter Ennu En Dag (1976) og Gør Det Noget (1977), konsertplata Live Sådan (1976), og samleplatene Rabalderstædet Forever (1990) og Live Derudaf Forever (1993). Kim Larsen døyde i 2018.

Andre jubilantar
Ellie Greenwich (1940-2009)
Billy Talbot (1943)
Pat Lewis (1947)
Michael "Würzel" Burston (1949-2011)
Rolf Skogstrand (1950)
Pierre Moerlen (1952-2005)
Dwight Yoakam (1956)
Svein Dag Hauge (1956)
Anders Grønneberg (1960)
Ivar Eidem (1963)
Dale Crover (1967)

13.11.2018

Tjueandre oktober

I 1952 kom Gregory A. Hawkes til verda i Fulton i Maryland. Tangentmannen Greg Hawkes har tent til livets opphald i new wave-bandet The Cars, som leverte raffinerte hitlåtar som perler på ei snor på overgangen mellom sytti- og åttitalet. I mi platehylle kan du høyre arbeidet hans på studioplatene The Cars (1978) og Door To Door (1987), i tillegg til samleplata Greatest Hits (1985).

Andre jubilantar
Leslie West (1945)
Marc Shaiman (1952)
Cris Kirkwood (1960)

Tjuefyrste oktober

I 1946 kom Erick Lee Lamphear-Purkhiser til verda i Akron i Ohio. Under artistnamnet Lux Interior gjorde han seg merkt i rockabilly-punkbandet The Cramps, der han hadde hand om vokalistrolla frå starten i 1976 og fram til han døyde. Samleplata Off The Bone, i tillegg til konsertplata The Smell Of Female, begge frå 1983, er på plass i hylla. Lux Interior døyde så altfor tidleg i 2009.

Andre jubilantar
Roy Nichols (1932-2001)
Manfred Mann (1940)
Steve Cropper (1941)
Brent Mydland (1952)
Eric Faulkner (1953)
Steve Lukather (1957)
Michael “Olga” Algar (1962)
Lars Lien (1966)
Tyler Stewart (1967)
Nick Oliveri (1971)

12.11.2018

Tjuande oktober

I 1950 kom Tom Petty til verda i Gainsville i pensjoniststaten Florida. Den amerikanske artisten Petty har etter kvart oppnådd legendestatus, og herja, saman med bandet The Heartbreakers, listene verda over på åttitalet. Ingen Petty plater i hylla enno, i mi platesamling er det saman med eit anna amerikansk ikon, Johnny Cash, han kan høyrast, nærare bestemt på platene Unchained frå 1996, American III: Solitary Man (2000) og Unearted (2003). Petty døyde av ein overdose reseptbelagte opiat i 2017.

Andre jubilantar
Ross MacManus (1927-2011)
Ric Lee (1945)
Mark Feltham (1955)
Tommy Sulen (1959)
Norman Blake (1965)
Snoop Dogg (1971)
Gian Pyres (1973)
Even Eriksen Ytre-Arne (1983)

10.11.2018

Nittande oktober

I 1944 kom Winston Hubert McIntosh til verda i dagslys i Westmoreland i den karibiske øystaten Jamaica. Reggaeartisten Peter Tosh starta karriera si saman med Bob Marley og Bunny Wailer og bandet The Wailers, men etablerte etter kvart ei stor og spanande platekarriere på eiga hand. Tosh vart kjend utanfor reggaemiljøet då han hadde ein stor hit med duetten Don’t Look Back saman med Rolling Stones-vokalisten Mick Jagger. Hjå meg kan Tosh høyrast på studioplata Wanted Dread Or Alive, samt samleplatene The Toughest og The Best Of Peter Tosh, frå 1999. Tosh er også kreditert for vokalbidrag på tidlegare Wailers-kollega Bob Marley sine samleplater Legend (1984), Collection Gold (1991), His Greatest Hits (1998) og This Is Bob Marley & The Wailers (2001). Tosh vart skoten i sin eigen heim i 1987.

Andre jubilantar
Vic Jordan (1938-2016)
Gloria Jones (1945)
Peter Solley (1948)
Daniel Woodgate (1960)
Meg Ryan (1961)
Pras Michel (1972)

08.11.2018

Attande oktober

I 1926 såg Charles Edward Anderson Berry dagen lys i St. Louis i Missouri. Chuck Berry har inspirert musikarar og luftgitaristar i fleire generasjonar, men vert like gjerne sett i samband med ein ganske anti-erotisk gitardans kalla duck-walk som med dei drivande gitarriffa som kjenneteiknar musikken hans. Plata Roll Over Beethoven står i mi platehylle og oppsummerar karriera hans kort og greitt, sjølv om kvaliteten på dei utvalde spora er ujamn. Det er berre å innsjå at i mi platehylle er det andre artistar sine versjonar av Berry sine songar som briljerer. Berry døyde i 2017.

Andre jubilantar
Billy Cox (1941)
Denise Dufort (1958)
Beth Hirsch (1967)
Lasse Weeden (1972)
Peter Svensson (1974)
Simon Rix (1977)
Brynjulf Guddal (1978)

Syttande oktober

I 1923 kom Barney Kessel til verda i Muskogee i Oklahoma. Jazzgitaristen Kessel var ein viktig del av gruppa av studiomusikarar som vart omtala som The Wrecking Crew. I mi platehylle kan Kessel sitt gitarspel høyrast på utvalde spor på samleplatene Summer Dreams (Beach Boys, 1993) og 30 #1 Hits, som dødsbuet etter rockekongen Elvis Presley slepte i 2002. Kessel døyde i 2004.

Andre jubilantar
Rico Rodriguez (1934-2015)
Phelps "Catfish" Collins (1943-2010)
Pino Palladino (1957)
Roberto Cani (1967)
Ziggy Marley (1968)
Wyclef Jean (1969)
Blues Saraceno (1971)
Eminem (1972)
Adrián Terrazas-González (1975)

06.11.2018

Sekstande oktober

I 1938 kom Christa Päffgen til verda i tyske Köln. Christa er best kjend som fotomodellen Nico, som også song saman med kunstrockarane i The Velvet Underground. Hjå meg kan Nico høyrast på tre spor på samleplata The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed frå 1989. Nico døyde i 1988.

Andre jubilantar
C.F. "Fred" Turner (1943)
Paul Durcan (1944)
Roger Hawkins (1945)
Robert "Peanut" Johnson (1947-2017)
Cordell "Boogie" Mosson (1952-2013)
Bob Mould (1960)
Bo Kasper Sundström (1961)
Flea (1962)
Stefan Axelsen (1962)
Roy Hargrove, Jr. (1969)
Bjorn Yttling (1974)

05.11.2018

Femtande oktober

I 1943 vart Ralph Gallant fødd i Norfolk i Virginia. Trommeslagaren Larrie Londin var ein av fleire slagarar som var hyra inn for å halde takten på Neil Young si plate Comes A Time frå 1978, Londin er også kreditert for å tromme på utvalde spor på samleplata Greatest Hits, som Dolly Parton slepte i 1982, og på ei samleplate med same tittel, som Journey slepte i 1988. Londin døyde i 1992.

Andre jubilantar
Paul Tanner (1917-2013)
Palle Danielsson (1946)
Morten Abel (1962)
Øyvind Østerbø (1964)
Dave Stead (1966)
Dougie Vipond (1966)
Ginuwine (1970)
Chris Geddes (1975)

Fjortande oktober

I 1939 kom Chrisostomos Karanikis til verda i den australske olympiabyen Melbourne. Perkusjonisten Chris Karan vart ein særs ettertrakta studiomusikar då han flytta til London tidleg på sekstitalet, og fekk tidleg fast plass på trommestolen i Dudley Moore Trio, forutan ei lang fartstid i bakgrunnen for Bee Gees. Hjå meg kan Karan sitt taktfaste arbeid høyrast på utvalde spor på tre av dei mange samleplatene Bob Marley sitt dødsbu har slepte for å melke arven etter reggealegenda, Legend (1984), His 24 Greatest Hits (1998) og This Is Bob Marley – The Very Best of (2001).

Andre jubilantar
Cliff Richard (1940)
Rob Paparozzi (1952)
A. J. Pero (1959-2015)

04.11.2018

Trettande oktober

I 1921 kom Yves Montand til verda i italienske Monsummano Terme. Skodespelaren og songaren Montand voks opp i den franske hamnebyen Marseille og vart under andre verdskrigen oppdaga av sjølvaste «spurven», Edith Piaf. Hjå meg kan du høyre Montand si alltid like elegante røyst på ei, truleg ganske så uoffisiell, samleplate som har fått same namn som artisten. Montand døyde i 1991.

Andre jubilantar
Ray Brown (1926-2002)
Lee Konitz (1927)
Zygmunt Sprus (1934-1998)
Paul Simon (1941)
Graham Simpson (1943-2012)
Keith Christmas (1946)
Rick Vito (1949)
Chico Bouchikhi (1954)
Joey Belladonna (1962)
Orphy Robinson (1960)
Inger-Lise Størksen (1977)

Tolvte oktober

I 1948 kom Rickard John Parfit til verda i eksotiske Woking. Som ein del av det engelske boogierockbandet Status Quo har Rick Parfit gjort usletteleg inntrykk på meg gjennom heile oppveksta. På plass i platehylla finn ein samleplatene 12 Gold Bars (1980) og 12 Gold Bars vol II (1984), studioplata Rock ’Til You Drop (1991) og konsertplata Live Alive Quo (1992), og med det er det meste av det beste frå rockens mest hardtarbeidande menn på plass. Parfit døyde i 2016.

Andre jubilantar
Bob Weir (1947)
Terry McMillan (1953)
Chris Botti (1962)
Mads Eriksen (1962)
Brian Kennedy (1966)

03.11.2018

Ellevte oktober

I 1950 vart Albert Anderson fødd i New York City. Gitaristen Al Anderson har spelt saman med mellom anna reggealegendene Bob Marley og Peter Tosh. Hjå meg kan Anderson sitt gitarspel høyrast på samleplatene Legend (1984) og His 24 Greatest Hits (1994)(Bob Marley), og The Toughest (1998) og The Best Of Peter Tosh (1999), samt Lauryn Hill si studioplate The Miseducation Of Lauryn Hill (1998).

Andre jubilantar
Curtis Amy (1929-2002)
Al Gorgoni (1939)
Gary Mallaber (1946)
Andrew Woolfolk (1950)
Todd Snider (1966)
Petra Haden (1971)

Tiande oktober

I 1953 kom James Ure til verda i skotske Cambuslang. Midge Ure er best kjend som frontmann i Ultravox og er den mindre profilerte halvleiken av Live Aid-konseptet. Hjå meg kan Ure høyrast Ultravox si samleplate Dancing With Tears In My Eyes frå 1997, til tillegg til at han er kreditert for å bidra med gitar- og tangentspel på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982.

Andre jubilantar
Cyril Neville (1952)
Simon Townshend (1960)
Kari Iveland (1962)
Marco Prince (1963)
DJ Scribble (1968)

02.11.2018

Niande oktober

I 1948 kom Clyde Jackson Browne til verda i tyske Heidelberg. Den norskætta miljøforkjemparen Jackson Browne er kritikarrost amerikansk gitarist og komponist med eigen plass i Rock’n Roll Hall Of Fame i Ohio. I mi platehylle kan musikken hans nytast på studioplatene Late For The Sky (1974), og Lawyers In Love (1983).

Andre jubilantar
John Lennon (1940-1980)
Ronnie Barron (1943-1997)
John Entwistle (1944-2002)
James Fearnley (1954)
Shona Laing (1955)
Geir Langslet Eriksen (1956)
Al Jourgensen (1958)
Thomas Wydler (1959)
Kenny Garrett (1960)
Mat Osman (1967)
PJ Harvey (1969)
Atle Bystrøm 'Olsen' (1970)

Åttande oktober

I 1932 kom Roddis Franklin Drake til verda i sørstatsbyen Augusta i Georgia. Pete Drake tente til livets opphald som plateprodusent, i tillegg til å spele det kuriøse instrumentet steel-guitar. Hjå meg Drake høyrast med stålgitaren sin på Bob Dylan sine studioplater John Wesley Harding og Nashville Skyline, begge frå 1967, samt Self Portrait (1970), og samleplatene Greatest Hits (Dolly Parton, 1982), og 30 #1 Hits, som dødsbuet etter Elvis Presley gav ut i 2002. Drake døyde i 1988.

Andre jubilantar
Dave Arbus (1941)
Johnny Ramone (1948-2004)
Hamish Stuart (1949)
Jay Graydon (1949)
Robert "Kool" Bell (1950)
Clifford Adams (1952)
Steven Bernstein (1961)

01.11.2018

Sjuande oktober

I 1931 kom Gordon N. Terry til verda i Decatur i Alabama. Felespelaren Terry kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Johnny Cash på studioplatene Ride This Train og Now, There Was A Song, begge frå 1960. Terry er i tillegg for å stryke fela på utvalde spor på The Man in Black si samleplate The Man in Black – The Very Best of (2002). Terry døyde i 2006.

Andre jubilantar
Tico Torres (1953)
Arnould Massart (1956)
Sam Brown (1964)
Thom Yorke (1968)

Sjette oktober

I 1954 vart David Hidalgo fødd i storbyen Los Angeles i California. Multiinstrumentalisten Hidalgo er best kjend for arbeidet han har gjort i Los Lobos, men hjå meg kan han høyrast med både gitar- og akordionspel på Paul Simon si plate Graceland frå 1986, på studioplata Backstreets Of Desire, som Willy DeVille slepte i 1992, samt med gitar, accordeon og felespel på Tempest, som var Bob Dylan sitt bidrag til populærkulturen i 2012. Hidalgo er også kreditert for bass og gitarspel på utvalde spor på samelplata Tried And True – The Best Of Suzanne Vega frå 1998, og gitarspel på John Lee Hooker si venskapsplate The Best of Friends, også den frå 1998.

Andre jubilantar
Sid McGinnis (1949)
Hijaz Mustapha (Ben Mandelson) (1953)

30.10.2018

Femte oktober

I 1943 vart Steven H. Miller fødd i motorsykkelbyen Milwaukee i Wisconsin. Steve Miller er leiar for sitt eige Steve Miller Band, som i mange år spelte fast for Chuck Berry, og er for dei fleste best kjend for låta The Joker, som plaga oss i ein reklame for eit amerikansk buksemerke for ein del år tilbake. Ei plate med same namn som hit-singelen kom ut i 1973 og innehar verdsrekord for lengst mellomrom i tid mellom dei to gongene den har toppa listene. Plata står trygt plassert i platehylla mi og den kjem fram når syttitalsnostalgien skal pleiast. Miller kan også høyrast medan han syng duett med sjølvaste Sir Paul på plata Flaming Pie, som McCartney slepte på marknaden i 1997.

Andre jubilantar
Brian Connolly (1945-1997)
Richard Kermode (1946-1996)
Brian Johnson (1947)
Russell Mael (1984)
"Fast" Eddie Clarke (1950-2018)
Lee Thompson (1957)
Ronni Le Tekrø (1963)
Al DeLoner (Atle Bystrøm 'Olsen') (1970)
Patrick Walden (1978)

Fjerde oktober

I 1947 kom Jim Fielder til verda i Denton i skytegale Texas. Bassisten Fielder er best kjend som ein av originalmedlemmane av Blood Sweat & Tears. Hjå meg kan Fielder høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967.

Andre jubilantar
Duke Robillard (1948)
Steinar Ofsdal (1948)
Helge Førde (1956)
Jarle Førde (1956)
Yngve Moe (1957-2013)
Barbara K. MacDonald (1958)
Chris Lowe (1959)
Tim Palmer (1962)
Willy Porter (1964)
Fidel Nadal (1965)
Dan Bejar (1972)

29.10.2018

Tredje oktober

I 1946 kom Patricia Ann Cole til verda i storbyen Los Angeles i California. Songerinna P.P Arnold slo gjennom med eit par kraftfulle soulhit på slutten av sekstitalet, heime hjå meg kan ho høyrast med vokalhjelp på Pink Floyd-grunnleggjaren Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992.

Andre jubilantar
Gene Estes (1931-1996)
Gerry Hogan (1945)
Richard Kermode (1946-1996)
Lindsey Buckingham (1947)
Artis the Spoonman (1948)
Billy Branch (1951)
Nick Glennie-Smith (1951)
Stevie Ray Vaughan (1954)
Allen Woody (1955-2000)
Tommy Lee (1962)
Steve Balbi (1964)
Gwen Stefani (1969)

Andre oktober

I 1933 vart Albert Ronald Ross fødd i den indiske storbyen Calcutta. Saksofongeniet Ronnie Ross spelte for Matt Bianco, og kan i mi platesamling høyrast på studioplata Whose Side Are You On frå 1984. Ross er også kreditert for saksofonhjelp på Lou Reed si plate Transformer frå 1972, samt utvalde spor på samleplatene The Very Best of Lou Reed (2000) og NYC Man – Greatest Hits (2004). Ross døyde i 1991.

Andre jubilantar
Clydie King (1943)
Don McLean (1945)
Mike Rutherford (1950)
Sting (1951)
Kate St. John (1957)
Sigtryggur Baldursson (1962)
Mauri Sumén (1965)
Daniel Shulman (1966)
Damon Gogh (1969)
Geir Sundstøl (1969)
Martin Sköld (1970)
Kåre Opheim (1975)
David Wallumrød (1977)

28.10.2018

Fyrste oktober

I 1945 vart Donny Edward Hathaway fødd i Chicago i Illinois. Songaren Donny Hathaway sitt bidrag til mi platehylle er ein duett med Roberta Flack, Where Is The Love, som sikra dei ein Grammy-statuett i 1973, og kan høyrast på samleplata Softly With These Songs frå 1993. Hathaway tok sjølvmord i 1979.

Andre jubilantar
Albert Collins (1932-1993)
Brynjar Hoff (1940)
Dave Holland (1946)
Yogi Horton (1953)
Youssou N'Dour (1959)
Dimitri from Paris (1963)
Richard Oakes (1976)

Trettiande september

I 1940 vart Walter Milton Dwayne Midkiff fødd i Chesterville i Ontario. Den kanadiske trommeslagaren Dewey Martin er best kjend for å ha tromma for supergruppa Buffalo Springfield og kan i mi platehylle taktfast høyrast på bandet si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. Dewey Martin døyde i 2009.

Andre jubilantar
Harry Bluestone (1907-1992)
Richard Bowden (1945)
Marc Bolan (1947-1977)
John Lombardo (1952)
Basia Trzetrzelewska (1954)
Marty Stuart (1958)
Bill Rieflin (1960)

27.10.2018

Tjueniande september

I 1935 vart den grensesprengande rockepianisten Jerry Lee Lewis fødd i Ferryday i Louisiana. Hardtlevande og -slåande Lewis er fetter av den berykta svovelpredikanten Jimmy Swaggart og starta karriera si i grenselandet mellom gospel og country. Fleire ekteskap med uheldig utgang har gjeve Lee Lewis tilnamnet The Killer og han er for mange meir kjend for å ha gifta seg med den tretten år gamle kusina si enn han er for dei stundom eksellente musikalske bidraga sine. Lewis leverer ikkje sitt beste på plata Great Balls Of Fire frå 1989, og diverre er det den einaste av platene hans eg har brukt pengane mine på.

Andre jubilantar
Ian Wallace (1946-2007)
Mark Farner (1948)
Les Claypool (1963)
Iain Baker (1965)
Brett Anderson (1967)
Marcel Rodriguez-Lopez (1983)

24.10.2018

Tjueåttande september

I 1966 kom Kenneth Robert Wilson til verda i Framingham i Massachusetts. Trommisen Ginger Fish spelte for skrekkrockaren Marilyn Manson frå 1995 til 2011 og i mi platehylle finn du arbeidet hans på studioplata Mechanical Animals (1998), og konsertplata The Last Tour On Earth, som kom på marknaden i 1999.

Andre jubilantar
Ray Warleigh (1938-2015)
Gustav Lorentzen (1947-2010)

Tjuesjuande september

I 1947 vart Marvin Lee Aday fødd i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Meat Loaf er fyrst og fremst kjend for kjempesuksessen med plata Bat Out Of Hell frå 1977. Plata, som var produsert av Todd Rundgren, var i all hovudsak eit samarbeid med komponisten Jim Steinman, som elles har hatt suksess i samarbeid med walisiske Bonnie Tyler. Sjølv om ”kjøttpuddingen” har sine gode dagar, har eg aldri tatt heil av på den pompøse musikken hans noko som gjer at det berre står fire titlar, studioplatene Bat Out Of Hell (1977), Bat Out Of Hell II: Back Into Hell (1993), Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose (2006), samt samleplata Hits Out Of Hell, i hylla.

Andre jubilantar
Randy Bachman (1943)
Jahn Teigen (1947)
Greg Ham (1953)
Robbie Shakespeare (1953)

23.10.2018

Tjuesjette september

I 1945 vart Bryan Ferry fødd i Washington ved Sunderland i England. Ferry var songar i Roxy Music på syttitalet og gjorde såpass stor suksess med det at han framleis fyller konsertsalar verda over, sjølv om tida etter Roxy har bydd på få høgdepunkt. Hjå meg kan Ferry si røyst høyrast på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry & Roxy Music frå 1995.

Andre jubilantar
Stuart Tosh (1948)
Toby Myers (1949)
Cesar Rosas (1954)
John Tempesta (1964)
Shannon Hoon (1967)
Peter Asplund (1969)
Erik Gavriluk (1970)
Dean Butterworth (1976)

Tjuefemte september

I 1957 kom Donald Gene Fleming til verda i Valdosta i Georgia. Don Fleming si karriere starta i ulike alternativband tidleg på åttitalet, han har mellom anna spelt med Afghan Wigs-sjefen Greg Dulli, men han er nok like kjend for arbeidet han har gjort som produsent. Hjå meg kan Fleming høyrast medan han syng bakgrunnvokal nokre av spora på Sonic Youth si plate Goo frå 1990.

Andre jubilantar
Adrew Walter (1914-1978)
Steve Mackay (1949-2015)
Manfred Praeker (1951-2012)
Richard Harvey (1953)
Lalla Francia (1954)
Steven Severin (1955)
Zucchero (1955)
Ash Sood (1967)
Will Smith (1968)
Dean Ween (1970)

22.10.2018

Tjuefjerde september

I 1938 kom Steven Douglas Kreismann til verda i Hollywood i California. Saksofonisten Steve Douglas har ei omfattande karriere som også inkluderar produksjon av andre artistar sine album, noko som har sikra at han er trygt plassert i Rock’n Roll Hall Of Fame, rett nok posthumt. Hjå meg kan Steve Douglas høyrast med lekre saksofontrillar på The Beach Boys si tjuande studioplate, 15 Big Ones (1976), End Of The Century, som Ramones slepte i 1980, og på Bob Dylan si tjuefyste studioplate, Shot Of Love frå 1981. I tillegg kan Douglas høyrast på samleplatene Summer Dreams (Beach Boys, 1993) og River Rescue – The Best of Ry Cooder (1994). Steve Douglas døyde i 1993.

Andre jubilantar
Anders Burman (1928-2013)
Sonny Turner (1939)
Linda McCartney (1941-1998)
Gerry Marsden (1942)
Janne Schaffer (1945)
Jerry Donahue (1946)
Lele Melotti (1954)
Stan Lee (1956)
Peter Salisbury (1971)
Jesse Hughes (1972)
Tom Kirk (1977)

Tjuetredje september

I 1947 vart Neal Smith fødd i Akron i Ohio. Smith var i gamle dager trommeslagar i Alice Cooper Group og hjå meg høyrer du han i taktfast driv på platene School’s Out, som kom på marknaden i 1972, og på Billon Dollar Babies frå 1973, samt på den obskure og høgst uoffisielle konsertplata Nobody Likes Me, som skal vere frå ein konsert Alice Cooper Group heldt i Toronto i 1969, og sjølvsagt samleplata The Beast Of Alice Cooper (1989). Smith er i tillegg kreditert som takthaldar på eitt spor på Motörhead si samleplate From The Vaults (1990).

Andre jubilantar
John Coltrane (1926-1967)
Frank Foster (1928-2011)
Ray Charles (1930-2004)
Jerry Cole (1939-2008)
Tony Hymas (1943)
Rhonda Coullet (1945)
Neal Sugarman (1947)
Martin Page (1949)
Victor Indrizzo (1967)
Cato Bekkevold (1969)
Chris "X-13" Higgins (1972)

21.10.2018

Tjueandre september

I 1952 kom Gary Frederic Holton til verda i London. Songaren Gary Holton slo gjennom med Heavy Metal Kids tidleg på syttitalet, men her heime er han best kjend for samarbeidet med Casino Steel, som resulterte i omgrepet Riggrock, etter ei saftig skrøne om at dei to rockarane skal ha møttes om bord på ein oljerigg i Nordsjøen. Hjå meg kan du høyre Holton på dei to fyrste platene frå samarbeidet med Steel, Gary Holton & Casino Steel (1981) og Part II. Holton døyde av ein overdose av alt som er meir enn godt i 1985.c
Andre jubilantar
David Coverdale (1951)
Doug Wimbish (1956)
Nick Cave (1957)
Matt Sharp (1969)
Dave Hernandez (1970)

Tjuefyrste september

I 1947 vart Donald William Felder fødd i Gainsville i pensjoniststaten Florida. Don Felder er best kjend for glitrande sologitarspel i Eagles i to periodar, men hjå meg er det på utvalde spor på Bob Seger And The Silver Bullet Band sine studioplater Stranger In Town (1978) og The Distance (1982) gitarspelet hans kan høyrast.

Andre jubilantar
Leonard Cohen (1934-2016)
David Hood (1943)
Phil "Philthy Animal" Taylor (1954-2015)
Dave Gregory (1956)
Tyler Stewart (1967)
David Silveria (1972)
Liam Gallagher (1972)
Jonas Bjerre (1976)

Tjuande september

I 1954 vart Antti Juhani Seppälä fødd i finske Lavia. Bassisten Seppälä spelte i Leningrad Cowboys frå 1989 til 2000 og hjå meg kan han høyrast på studioplatene We Cum From Brooklyn (1992), Happy Together (1994) og Go Space frå 1996, i tillegg til filmmusikken til Leningrad Cowboys Go America frå 1989 og konsertplata Live In Provinzz, som kom på marknaden i 1993.

Andre jubilantar
Eric Gale (1938-1994)
Ted Neeley (1943)
Mick Rogers (1946)
Dave Hemingway (1960)
Kjetil Melkersen (1966)
Gunnar Nelson (1967)
Matthew Nelson (1967)
Ben Shepherd (1968)

Nittande september

I 1941 kom Ellen Naomi Cohen til verda i Baltimore i Maryland. Songerinna Cass Elliot, også kjend som Mama Cass, var ein av grunnleggjarane av The Mamas & The Papas. Hjå meg kan Mama Cass høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. Elliot døyde i 1974.

Andre jubilantar
Ray Cooper (1942)
John Coghlan (1946)
Nile Rodgers (1952)
Rosario Jermano (1954)
Rusty Egan (1957)
Lita Ford (1958)
Jarvis Cocker (1963)
Paul Winterhart (1971)
Jannicke Larsen (1976)

Attande september

I 1951 vart Douglas Glenn Colvin fødd i Fort Lee i Virginia. Bassisten Dee Dee Ramone var ein uvurderlig del av punkbandet Ramones, både som bandet sin primære låtskrivar, og som songar, i tillegg til hovudoppgåva som bassist. Hjå meg kan Dee Dee Ramone sitt basspel høyrast på studioplatene Leave Home (1977), End Of The Century (1980) og Pleasant Dreams (1981), og samleplata Ramones Mania (1988). Dee Dee Ramone døyde av ein overdose heroin i 2002.

Andre jubilantar
Greg Leisz (1949)
Nile Rodgers (1952)
Carl Jackson (1953)
Nils Petter Molvær (1960)
Mark Olson (1961)
Tony Harnell (1962)
Xzibit (1974)

Syttande september

I 1926 kom William Patton Black jr til verda i Memphis i Tennessee. Gitaristen Bill Black vert rekna som ein av pionerane innom rockabilly og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som dødsbuet etter Elvis Presley slepte i 2002. Black døyde i 1965.

Andre jubilantar
Will Gregory (1951)
Reggie McBride (1954)
Anders Herrlin (1961)

Sekstande september

I 1946 vart Kenneth Thomas Jones fødd i Stepney i London. Trommeslagaren Kenney Jones si karriere omfattar band som Small Faces, Faces og The Who. Hjå meg kan Jones høyrast på Faces si plate Long Player (1971), Smiler, som Rod Stewart slepte i 1974, på Joan Armatrading si sjølvtitulerte studioplate frå 1976, samt Workers Playtime (Billy Brag 1988). I tillegg kan Jones sitt stødige trommespel nytast på utvalde spor på samleplatene The Mercury Antology (Rod Stewart, 1992), Jump Back – The Best of The Rolling Stones (1993) og My Generation – The Very Best of The Who (1996).

Andre jubilantar
B.B. King (1925-2015)
Ralph Mooney (1928-2011)
Ronnie Drew (1934-2008)
Ray Cooper (1942)
Winston Grennan (1944-2000)
Mickey Rourke (1952)
Anca Parchel (1957-2008)
Øystein Jevanord (1959)
Bilinda Butcher (1961)
Richard Marx (1963)
Ronnie King (1963)
Roy Paci (1969)

Femtande september

I 1967 kom Huw Cennydd Bunford til verda i Cardiff. Huw Bunford er gitarist i det walisiske bandet Super Furry Animals og kan i mi platehylle høyrast på platene Love Kraft (2005) og Songbook vol 1 (2004).

Andre jubilantar
Roy Acuff (1903-19929
Julian "Cannonball" Adderley (1928-1975)
Michel Dorge (1960)
Karl Koch (1969)
Paul Thomson (1976)

Fjortande september

I 1949 vart Edward C. King fødd i Glendale i California. Gitaristen Ed King var med i det attforeina Lynyrd Skynyrd i 1987, men forlét bandet grunna hjarteproblem i 1996. Hjå meg kan King sitt gitarspel høyrast på studioplata Lynyrd Skynyrd 1991, samt på utvalde spor på den doble samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd (1998). King døyde i 2018.

Andre jubilantar
Fred "Sonic" Smith (1949-1994)
Diva Gray (1952)
Steve Berlin (1956)
Tim Stafford (1960)
Mark Webber (1970)
Amy Winehouse (1983-2011)

Trettande september

I 1932 kom Eddie Brown til verda i Muhammed Ali sin heimby, Clarksdale i Mississippi. Perkusjonisten Eddie «Bongo» Brown sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Marvin Gaye si plate I Want You frå 1976, samt på utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon, frå 1975. Brown døyde i 1984.

Andre jubilantar
Charles Brown (1922-1999)
Don Was (1952)
Joni Sledge (1955)
David Mansfield (1956)
Vinny Appice (1957)
Sheldon Reynolds (1959)
Dave Mustaine (1961)
Gia Ciambotti (1962)
Zak Starkey (1965)
Stephen Perkins (1967)
Fiona Apple (1977)

Tolvte september

I 1931 vart George Glenn Jones fødd i Saratoga i skytegale Texas. George Jones er ein respektert countryartist med mange storselgjande plater på merittlista, men for mange er han like, om ikkje betre, kjend for å ha vore gift med den kvinnelege countrysongerinna Tammy Wynette, og for å ha levd eit hardt liv med mykje fyll og spetakkel, der alle dei avlyste konsertane ga han tilnamnet «No show Jones». Hjå meg kan Jones høyrast på studioplata Walls Can Fall frå 1992. Jones døyde i 2013.

Andre jubilantar
Judy Clay (1938-2001)
Barry White (1944-2003)
Anders Bru (1949)
Neil Peart (1952)
Nigel Benjamin (1954)
Barry Andrews (1956)
Larry LaLonde 1968)
Warren Fitzgerald (1968)
James McCartney (1977)
Jennifer Hudson (1981)

Ellevte september

I 1943 kom Michael Steven Hartman til verda i metropolen New York City. Trommeslagaren Hartman nyttar til dagleg aliaset Mickey Hart og er best kjend for å ha helde takten for hippielegendene i Grateful Dead. Hart, som i dag turnerar med sitt eige Mickey Hart Band, spelte med The Dead i to periodar, fyrst frå september 1967 til februar 1971 og sidan frå 1974 til 1995. Hart sitt trommespel kan i mi platesamling høyrast på plata Dylan & The Dead, ei konsertplate frå 1989 der den trufaste fanskaren, The Deadheads, fekk høve til å følgje heltane medan dei turnerte saman med Bob Dylan. Mickey Hart er også kreditert for å holde takten for David Crosby på hans debutsoloplate If I Could Only Remeber My Name frå 1971, også her spelar Hart saman med Rhythm Devil-kollega Bill Kreutzmann frå Grateful Dead.

Andre jubilantar
Leo Kottke (1945)
Bob Catley (1947)
John Porter (1947)
Mick Talbot (1958)
Sergey Ryabtsev (1958)
Neal X (1960)
Moby (1965)
Richard Ashcroft (1971)
Jonny Buckland (1977)
Ludacris (1977)

20.10.2018

Tiande september

I 1946 vart Donald Georg Powell fødd i engelske Bilston. Trommeslagaren Don Powell lev i dag eit stille og roleg eksil i vårt kjære granneland Danmark, men har i hine hårde dagar gjort seg merkt som takthaldar i Slade og kan mi platehylle høyrast medan han gjer jobben sin på studioplatene Play It Loud (1970) og Slayed (1972), konsertplatene Slade Alive (1972) og Slade On Stage (1982), samt samleplata The Slade Collection ’81-87.

Andre jubilantar
Chris Reutinger (1946)
Barriemore Barlow (1949)
Rick Rosas (1949-2014)
Joe Perry (1950)
Daniel Lanois (1951)
Donna DeLory (1964)
Rob Mathes (1970)
Matthew Followill (1985)

Niande september

I 1943 kom Bruce Palmer til verda i Belleville i den kanadiske delstaten Ontario. Bassisten Bruce Palmer er best kjend for å spele saman med Neil Young i hippiebandet Buffalo Springfield, og kan hjå meg høyrast på bandet si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. Palmer døyde i 2004.

Andre jubilantar
Elvin Jones (1927-2004)
Dave A. Stewart (1952)
Phil Palmer (1952)
Adrian Lee (1957)
Sekou Bunch (1960)
Krichou Montieux (1964)
Øyvind Gimse (1968)
Sascha Paeth (1970)
Roots Manuva (1972)
Stuart Price (1977)

18.10.2018

Åttande september

I 1897 kom James Charles Rodgers til verda, truleg i Meridian i Mississippi. The Singing Brakeman Jimmy Rodgers var kjend for å jodle på den amerikanske måten, som er minst like enerverande som den austerriske. Mi platehylle byr på Rodgers sin stemmeprakt på samleplata Americas Blue Yodeler 1930-1931. Rodgers døyde av tuberkulose i 1933.

Andre jubilantar
Kelly Groucutt (1945-2009)
Benjamin Orr (1947-2000)
Morris Pert (1947-2010)
Zachary Richard (1950)
Will Lee (1952)
Aimee Mann (1960)
David Steele (1960)
Steve Waterman (1960)
Joachim Nielsen: (1964-2000)
Neko Case (1970)
Lance Bangs (1972)
Gabrial McNair (1973)

17.10.2018

Sjuande september

I 1946 kom Alfa Anderson til verda i New York City. Songerinna Anderson er best kjend for å syngje i Chic, hjå meg kan ho høyrast med bakgrunnsvokal på samleplatene More Than This – The Best Of Bryan Ferry & Roxy Music (1995) og Sister Sledge (1996).

Andre jubilantar
Joe Newman (1922-1992)
Sonny Rollins (1930)
Dennis Thompson (1948)
Chrissie Hynde (1951)
Mark Isham (1951)
Benmont Tench (1953)
LeRoi Moore (1961-2008)
Eric Remschneider (1967)
Jean-Benoît Dunckel (1969)
Harper Simon (1972)

16.10.2018

Sjette september

I 1941 vart Michael Waller fødd i London-bydelen Hammersmith. Trommeslagaren Micky Waller byrja å herje på dei britiske platelistene tidleg på sekstitalet med The Steampacket og The Jeff Beck Group. Hjå meg høyrest Waller på stuidoplata Smiler, som Rod Stewart slepte i 1974, samt utvalde spor på same oppdragsgjvevar si samleplate The Mercury Antology (1992), og på Billy Bragg si eminente plate Workers Playtime frå 1988. Waller døyde i 2008.

Andre jubilantar
Dave Bargeron (1942)
Roger Waters (1943)
Claydes Smith (1948-2006)
Tony Sales (1951)
Buddy Miller (1952)
Herwig Mitteregger (1953)
Saku Kuosmanen (1956)
Sigurd Køhn (1959-2004)
Scott Travis (1961)
Dolores O'Riordan Burton (1971-2018)
Eugene Hütz (1972)
Nina Persson (1974)

15.10.2018

Femte september

I 1946 kom Farrokh Bulsara til verda på eksotiske Zanzibar i India-havet. Songaren Freddie Mercury gjorde stor suksess som vokalist i supergruppa Queen. I mi platesamling kan Mercury si karrakteristiske røyst høyrast på konsertplata Rock Montreal (Queen, 2007), samleplata Lover Of Life Singer Of Songs - The Very Best Of Freddie Mercury (2005), samt som korist på songen You Nearly Did Me In, som Ian Hunter gav ut på plata All American Alien Boy i 1976. Freddie Mercury døyde i 1991.

Andre jubilantar
Loudon Wainwright III (1946)
Buddy Miles (1947)
Gary King (1947)
Mel Collins (1947)
Ricky Fataar (1952)
Juan Alderete (1963)
Brad Wilk (1968)
Rose McGowan (1973)
Sondre Lerche (1982)

Fjerde september

I 1920 kom Harold Bradley Jackson til verda i Wilmington i North Carolina. Harold «Shot» Jackson har livnært seg ved å spele eksotiske instrument som dobro og steel guitar og kan i mi platehylle høyrast på Johnny Cash si konseptplate Ride This Train (1960), samt utvalde spor på samleplata The Man In Black – The Very Best Of (2002). Jackson døyde i 1991.

Andre jubilantar
Martin Chambers (1951)
Blackie Lawless (1956)
Kim Thayil (1960)
Igor Cavalera (1970)
Guto Pryce (1972)
Mark Ronson (1975)
Beyoncé Knowles (1981)

13.10.2018

Tredje september

I 1942 kom Alan Charles Jardine til verda i Lima i Ohio. Al Jardine vart, etter at familien flytta til Hawthorne i California, kompis med Wilson-brørne i The Beach Boys, og etter det var kursen som gitarstjerne staka ut. Hjå meg kan Jardine sine gitartriller høyrast på studioplata 15 Big Ones (1976), i tillegg til samleplatene Summer Dreams (1993) og Super Hits.

Andre jubilantar
Tompall Glaser (1933-2013)
Eric Bell (1947)
Don Brewer (1948)
Robert Hirst (1955)
Steve Jones (1955)
Perry Bamonte (1960)
Scott Hackwith (1968)
David Chelsom Vogt (1979)
Jørgen Munkeby (1980)

Andre september

I 1946 vart William Everett Preston fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Tangentmannen Billy Preston har arbeida med så og seie alle dei store rockeartistane, som The Beatles, Bob Dylan, Little Richard, Eirc Burdon og Ray Charles. Hjå meg kan Preston høyrast medan han trakterer tangentar for Mick Jagger på plata Wandering Spirit (1993), på Johnny Cash si fjerde American Recordings-plate: The Man Comes Around (2002), samt utvalde spor på Rolling Stones si samleplate Jump Back – The Best of (1993). Preston døyde i 2006.

Andre jubilantar
Mik Kaminski (1951)
Fritz McIntyre (1952)
Steve Porcaro (1957)
Jerome Augustyniak (1958)
Sam Rivers (1977)

12.10.2018

Fyrste september

I 1946 vart Barry Allan Crompton Gibb fødd i Douglas, hovudstaden i Isle Of Man, ein liten holme i Irskesjøen. Barry Gibb er kjend for at han, saman med brørne Robin og Maurice, starta pop- og discobandet Bee Gees på siste halvleiken av sekstitalet. Hjå meg kan Gibb si falsettrøyst høyrast på konsertplata One Night Only, spela inn i kasinometropolen Las Vegas i Nevada, og slept laus på platekjøparane i 1998.

Andre jubilantar
Art Pepper (1925-1982)
Russ Kunkel (1948)
Bruce Foxton (1955)
Phil Johnstone (1957)
Cass (1960)
Grant-Lee Phillips (1963)
Omar Rodríguez-López (1975)
Babydaddy (1976)

Trettifyrste august

I 1945 kom George Ivan Morrison til verda i den nordirske hovudstaden Belfast. Den nordirske songaren Van ”The Man” Morrison, er kjend som ein av underhaldningsbransjen sine største grinebitterer, og som ein det er tilnærma umogleg å samarbeide med. Saka vert ikkje noko betre av at han i tillegg er kjend som ei notorisk fyllebøtte. Men at mannen kan synge, er det ikkje nokon grunn til å tvile på. I mi platehylle finn du studioplatene No Guru No Method No Teacher (1986), Enligthenment (1990) og Back On Top (1999). I tillegg er platehylla pryda av samleplatene Bang Masters frå 1991, den byr på det grommaste frå The Belfast Cowboy, inkludert superhiten og kjenningsmelodien Brown Eyed Girl, og The Philosopher’s Stone (1998), som byr på tidlegare uutgjevne spor frå perioden 1969 til 1988. Morrison er også kreditert for å synge med på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999.

Andre jubilantar
Wilton Felder (1940-2015)
Bengt Berger (1942)
Rudolf Schenker (1948)
Anthony Thistlethwaite (1955)
Glenn Tilbrook (1957)
Hanne Boel (1957)
Baard Slagsvold (1963)
Sara Ramirez (1975)
Del Marquis (1977)
Ryland Steen (1980)

11.10.2018

Trettiande august

I 1950 kom Michael Joseph Moody til verda i engelske Middlesbrough. Gitaristen Micky Moody kan i mi platehylle høyrast medan han, saman med Bernie Marsden, spelar ein akustisk blueskonsert i myteomspunne bygda Hell i Trøndelag i 1993.

Andre jubilantar
John Phillips (1935-2001)
William D. Smith (Smitty) (1944-1997)
Fred Tackett (1945)
Sir Horace Gentleman (1953)
Lars Frederiksen (1961)
Persi Iveland (1963)

Tjueniande august

I 1958 kom Michael John Harvey til verda i Rochester i den australske delstaten Victoria. Den australske musikaren Mick Harvey starta karrieren sin i bandet The Birthday Party, som ærar platehylla mi med plata Junkyard frå 1982, men er best kjend for samarbeidet sitt med landsmannen Nick Cave. Hjå meg kan Harvey høyrast som medlem av The Bad Seeds medan han spelar bass og gitar på Cave sine plater From Here To Eternity frå 1984, og The Boatmans’s Call, som kom ut i 1997, i tillegg til Nocturama frå 2003. Harvey er også kreditert for å spele på PJ Harvey sine studioplater To Bring You My Love (1995), Is This Desire (1998) og Stories From The City, Stories From The Sea (2000).

Andre jubilantar
Diana Washington (1924-1963)
Bennie Maupin (1940)
Michel Santangeli (1945-2014)
Geoff Whitehorn (1951)
Michael Jackson (1958-2009)
Iain Baker (1965)
Anton Newcombe (1967)
Meshell Ndegeocello (1968)
Danny Schuler (1969)

10.10.2018

Tjueåttande august

I 1942 vart Holmes Sterling Morrison Jr. fødd i East Medow i New York. Gitaristen Sterling Morrison var ein av grunnleggjarane av The Velvet Underground og kan i mi platehylle høyrast på samleplaten The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed (1989, og NYC Man – Greatest Hits (Lou Reed). Morrison døyde i 1995.

Andre jubilantar
Joe Osborn (1937)
Bob Segarini (1945)
Stefan Brolund (1947)
Dave Hlubek (1951)
Hugh Cornwell (1952)
Clive Culbertson (1954)
Paul Buchiguani (1967)
Arve Isdal (1977)

09.10.2018

Tjuesjuande august

I 1953 vart Alexandar Zivojinovic fødd i Fernie i British Coloumbia. Alex Lifeson er gitarist i det kanadiske bandet Rush, som har platene Fly By Nigh (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987), i mi platehylle.

Andre jubilantar
Daryl Dragon (1942)
John George Turnbull (1950)
Glen Matlock (1956)
Paul Roessler (1958)
Atle Karlsen (1960)
Eric Correa (1968)
Tony Kanal (1970)
Janove Ottesen (1975)

06.10.2018

Tjuesjette august

I 1966 Shirley Ann Manson fødd i Edinburg i Skotland. Shirley Manson syng i bandet Garbage og hjå meg kan ho høyrast på platene Garbage (1995) og Version 2.0 (1998). Manson er også kreditert for hjelpevokal på sporet You Got A Killer Scene There Man på Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze frå 2005.

Andre jubilantar
Jet Black (1938)
Alan Parker (1944)
Maureen Tucker (1944)
Danny White (1959)
Branford Marsalis (1960)
Adrian Young (1969)

05.10.2018

Tjuefemte august

I 1933 vart Wayne Shorter fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Saksofonisten Shorter vert rekna som ein av tidenes framste musikarar og har gjeve ut meir enn tjue plater som bandleiar under eige namn. I mi platesamling kan Shorter høyrast på den femte og tiande soloplata sin, Juju (1964) og Adams Apple frå 1966. Shorter kan også høyrast medan han spelar i bandet Weather Report på samleplata Collection, og for trompetlegenda Miles Davis på platene In A Silent Way (1969) og Water Babies frå 1976.

Andre jubilantar
Leonard Gaskin (1920-2009)
Rune Gustafsson (1933)
Peter Arnesen (1947)
Gene Simmons (1949)
Willy DeVille (1950-2009)
Rob Halford (1951)
Elvis Costello (1954)
John McGeoch (1955)
Terminator X (1962)
Vivian Campbell (1962)
Candida Doyle (1963)
Derek Sherinian (1966)
Jeff Tweedy (1967)
Stuart Murdoch (1968)
Arne Hovda (1972)

04.10.2018

Tjuefjerde august

I 1945 kom Kenneth William David Hensley til verda i nærleiken av storbyen London. Multiinstrumentalisten Ken Hensley er best kjend som keyboardspelar og låtskrivar i det engelske hardrockbandet Uriah Heep som han spelte saman med det hektiske tiåret frå 1970 til 1980. Hjå meg kan Hensley høyrast på platene Very ‘Eavy…Very ‘Umble (1970), Salisbury (1971), Look At Yourself (1972), Demons And Wizards (1972), Wonderworld (1974), Return To Fantasy (1975), High And Mighty (1976) og Fallen Angel (1978), i tillegg til utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark frå 1991.

Andre jubilantar
David Freiberg (1938)
Malcolm Duncan (1945)
Ronee Blakley (1945)
Danny Joe Brown (1951)
Steve Holley (1954)
Mark Bedford (1961)
John Bush (1963)
Andreas Kisser (1968)

03.10.2018

Tjuetredje august

I 1947 var fyrste dag på jorda for Keith John Moon. Keith Moon vart fødd i London og tente sidan til livets opphald som trommeslagar i The Who. Mange hevdar han var ein av dei beste rocketrommisane som har levd nokon sinne. Hjå meg kan Moon høyrast på studioplatene A Quick One (1966), Tommy (1969), Who’s Next (1971) og Who Are You (1978), samleplatene Odds & Sods (1974) og My Generation: The Very Best Of The Who (1996), og lydsporet til filmen The Kids Are Alright (1979). Moon døyde med spya i halsen i sitt eige utdrikkingslag i 1978.

Andre jubilantar
Vicki Brown (1940)
Linda Thompson (1947)
Ove Thue (1951)
Dean DeLeo (1961)
Shaun Ryder (1962)
Barry Bales (1969)
Stephen Bradley (1972)
Eliza Carthy (1975)
Julian Casablancas (1978)

02.10.2018

Tjueandre august

I 1917 vart bluesartisten John Lee Hooker fødd i Coahoma County i Mississippi. Hooker vert rekna som ein av dei fremste representantane for Delta Blues og innsatsen frå debuten i 1948 og framover sikra han ei stjerne på Hollywood Walk Of Fame. Hooker sitt bidrag til mi platehylle heiter Best Of Friends og er ei samleplate som tok for seg diverse samarbeidsprosjekt Hooker gjorde i åra 1986-1998. Hooker døyde i 2001.

Andre jubilantar
Cherry Smith (1943-2008)
Vernon Reid (1958)
Roland Orzabal (1961)
Tori Amos (1963)
Will Calhoun (1964)
Layne Stanley (1967-2002)
Steve Cradock (1969)

Tjuefyrste august

I 1939 kom James Burton til verda i Dubberly i Louisiana. Gitaristen Burton er kjend som Master Of The Telecaster og har vore medlem av Rock’n Roll Hall Of Fame sidan 2001. Burton sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Buffalo Springfield si plate Buffalo Springfield Again frå 1967, på Pieces Of The Sky, som var Emmylou Harris sitt bidrag til platemarknaden i 1975, og på Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991.

Andre jubilantar
Count Basie (1904-1984)
Harold Reid (1939)
Roger Coulam (1940)
Jackie DeShannon (1944)
Glenn Hughes (1952)
Joe Strummer (1952-2002)
Richie Zito (1952)
Steve Smith (1954)
Budgie (1957)
Kim Sledge (1957)
Mark Pender (1957)
Rune Rebellion (1965)
Serj Tankian (1967)
Liam Howlet (1971)
Brandon Flowers (1981)

30.09.2018

Tjuande august

I 1941 kom David Anthony Brock til verda i engelske Isleworth. Hawkwind-sjefen Dave Brock er den einaste av medlemmene av kultlegendene i Hawkwind som har vore med gjennom heile bandet si karriere. Hjå meg kan Brock høyrast på samleplata Sonic Boom Killers frå 1998.

Andre jubilantar
Frank Rosolilno (1926-1978)
Paul Robi (1931-1989)
Pete Kleinow (1934-2007)
John Turner (1944-2007)
Iain Clark (1946)
Ralf Hütter (1946)
David Lasley (1947)
Robert Plant (1948)
Phil Lynnot (1949-1986)
Jerome Brailey (1950)
Marius Müller (1959-1999)

Nittande august

I 1945 kom Ian Gillan til verda i London. Songaren Gillan slo gjennom som vokalist i Deep Purple i overgangen mellom seksti- og syttitalet. I åra etter at bandet vart oppløyst var han innom fleire band, mellom anna sitt eige, Gillan, og Black Sabbath, men han er i dag attende i eit attfôreina Deep Purple. Hjå meg kan Gillan høyrast på Deep Purple sine studioplater Machine Head (1972) og Nobodys Perfect (1988), samleplata Power House (1977), og på utvalde spor på Black Sabbath-samlinga Between Heaven And Hell (1995).

Andre jubilantar
Ginger Baker (1939)
Ivan Neville (1959)
Puka Oinonen (1959)
Tom Ottar Andreassen (1963)
Nate Dogg (1969-2011)

29.09.2018

Attande august

I 1956 vart Tony Garnier fødd i den minst kjende av tvillingbyane i Minnesota, St. Paul. Bassisten Garnier kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Tom Waits si plate Rain Dogs frå 1985. Garnier leverte også tenestene sine til Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1981, og er kreditert for å spele på Paul Simon si studioplate Songs From The Capeman frå 1997.

Andre jubilantar
Edwin Hawkins (1943)
Sarah Dash (1945)
Dennis Elliott (1950)
Denis Leary (1957)
Klaus Sonstad (1969)
Susanne Lundeng (1969)

Syttande august

I 1955 vart Colin Ivor Moulding fødd i engelske Swindon. Bassisten Colin Moulding er ein av grunnleggjarane av det engelske New Wave-bandet XTC og kan hjå meg høyrast på studioplata Black Sea frå 1980.

Andre jubilantar
Ron Strykert (1954)
Chris Goss (1958)
Lisa Coleman (1960)
Gilby Clarke (1962)
Maria McKee (1964)
Deen Castronovo (1965)
Steve Goreman (1965)
Jill Cunniff (1966)

16.08.2018

Sekstande august

I 1939 kom Eric Weissberg til verda i New York City. Banjospelaren Weissberg er mannen bak den glitrande versjonen av Duelling Banjos i filmen Deliverance, han har spelt med ei rekkje musikarar og kan i mi platesamling høyrast medan han trakterar både banjo og gitar på New York-delen av innspelingane til Bob Dylan si plate Blood On The Tracks frå 1975, og på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series 1-3, som kom på marknaden i 1991.

Andre jubilantar
Bill Evans (1929-1980)
Russ Titelman (1944)
Scott Asheton (1949-2014
Tim Farriss (1957)
Madonna (1958)
Flood (1960)
Tore Ylwizaker (1970)
Bob Hardy (1980)

Femtande august

I 1942 vart Franz Beckerle fødd på Amager i København. Gitaristen Beckerle rakk å få årets jazzlegat to gonger på sekstitalet før han slo seg saman med Kim Larsen og danna Gasolin’. Beckerle har i dag lagt gitaren på hylla for godt og er ein anerkjend installasjonskunstnar. Beckerle sitt gitarspel kan i mi platehylle nytast på Gas 1&2, som inneheld dei to fyrste studioplatene Gasolin’ slepte, Gas 3&4, som inneheld dei den tredje og fjerde studioplata, studioplatene Efter Endnu En Dag (1976) og Gör Det Noget (1977), konsertplata Live Sådan (1976), i tillegg til samleplatene Rabalderstrædet Forever (1991) og Live – Derudaf Forever (1993).

Andre jubilantar
Oscar Peterson (1925-2007)
Tommy Aldridge (1950)
Peter-John Vettese (1956)
Atom Willard (1973)

15.08.2018

Fjortande august

I 1941 kom David Van Cortland Crosby til verda i storbyen Los Angeles i solrike California. David Crosby er best kjend for samarbeidsprosjektet Crosby, Stills, Nash & Young, men har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand og i ulike samarbeidskonstellasjonar. Hjå meg finn du Crosby sitt arbeid på The Byrds si tredje studioplate Fifth Dimesion (1966), og soloplata If I Could Only Remember My Name (1971). Crosby kan også høyrast på songen Rock & Roll Woman frå Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again (1967), og Through My Sails frå kompisen Neil Young si plate Zuma frå 1975.

Andre jubilantar
Tom Mathisen (1952)
Lennart Eriksson (1956)
Stet Howland (1960)
Nelson Bragg (1961)
Kjartan Kristiansen (1963)
Trey Spruance (1969)
Ana Matronic (1974)

Trettande august

I 1952 vart Hugh Edward Thomasson Jr fødd i Tampa i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Hughie Thomasson var ein av grunnleggjarane av bandet Outlaws, men då dei la inn årene, slo han seg saman med sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd. Hjå meg kan Thomasson høyrast på Lynyrd Skynyrd si niande studioplate Twenty frå 1997. Thomasson døyde i 2007.

Andre jubilantar
Dan Fogelberg (1951-2007)

14.08.2018

Tolvte august

I 1943 vart Leslie Duncan fødd i engelske Stockton-On-Tees. Songerinna Leslie Duncan nådde aldri den store komersielle suksessen, noko som skal skyldast stor grad av sceneskrekk. Hjå meg kan Duncan høyrast med bakgrunnsvokal på Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973. Duncan døyde i 2010.

Andre jubilantar
Buck Owens (1929-2003)
Ian Rilen (1947)
Lou Martin (1949-2012)
Mark Knofler (1949)
Herman V. Ernest III (1951-2011)
Peter Ostroushko (1953)
Morty Black (1960)
Robert Burås (1975-2007)

11.08.2018

Ellevte august

I 1958 kom John Joseph Wardle til verda i London. Jah Wobble var originalbassisten i Public Image Ltd, og hjå meg kan han høyrast på plata Metal Box (Second Edition) frå 1979. I tillegg kan basspelet hans nytast på Sinead O’Connor si plate I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990. Woble er også kreditert som gjest hos Primal Scream på eitt spor på studioplata Screamadelica frå 1991, og han låner bort tenestene sine på Magic Box, som Bel Canto slepte i 1996.

Andre jubilantar
Roffe Berg (1920-2002)
John Simon (1941)
Davey Payne (1944)
Hans Løkken (1952)
Åke Sundquist (1953)
Richie Ramone (1957)
Bragi Ólafsson (1962)
Charlie Sexton (1968)

Tiande august

I 1947 vart Ian Scott Anderson fødd i Dunfermline i Fife i Skotland. Kommunisten Ian Anderson har vore leiar av Jethro Tull sidan den spede starten på slutten av 1960-talet. Underteikna var så uheldig å sjå Anderson og Jethro Tull i Grieghallen i Bergen i 2009, men røysta til Anderson var så dårleg at det heile var ganske så skuffande. Då er det betre å hygge seg med dei platene som står i hylla heime, studioplatene This Was (1968), Aqualung (1971), Thick As A Brick (1972), Too Old To Rock & Roll; Too Young To Die (1976), Heavy Horses (1978), Catfish Rising (1991) og konsertplata A Little Light Music (1992). I tillegg til samleplatene M.U. The Best Of Jethro Tull (1976), Repeat. The Best Of Jethro Tull Vol II (1977) og Nightcap (1993).

Andre jubilantar
Arnett Cobb (1918-1989)
Jerry Kennedy (1940)
Ronnie Spector (1943)
Patti Austin (1950)
Lars Martin Myhre (1956)
Terje Storli (1960)
Terry Edwards (1960)
John Farriss (1961)
Kåre Kolve (1964)

09.08.2018

Niande august

I 1955 vart John Charles Morgan fødd i London. Trommeslagaren Charlie Morgan gjekk inn i rekkja av profesjonell musikarar allereie som attenåring, og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978, i tillegg til tittelsporet til Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. Morgan har også vore innom Tom Robinson Band og den som høyrer godt etter kan få med seg at han held takten på utvalde spor på samleplata The Best Of Tom Robinson Band.

Andre jubilantar
Pete Thomas (1954)
Paul Quinn (1963)

Åttande august

I 1937 vart Cornelis Vreeswijk fødd i nederlandske Ijmuiden. Gjennom eit hardt liv sette den svensk-hollandske visesongaren Vreeswijk sitt preg på skandinavisk visesong. Han har skrive eit utal viser og gjendikta fleire kjende framandspråklege tekstar, ofte med ein humoristisk og samfunnsrefsande synsvinkel. Hjå meg finn du to samlingar av Vreeswijk sine songar, Guldkorn (Samhällskritikarn) (2001) og Guldkorn Frå Master Cees Memoarer (1996), og eg ser ikkje bort frå at det vert fleire. Vreeswijk døyde i 1987.

Andre jubilantar
Ronnie Biggs (1928-2013)
Urbie Green (1928)
Phil Balsley (1939)
John Gustafson (1942)
Liberty DeVitto (1950)
Per Vestaby (1950)
Anton Fig (1952)
Bianca Thornton (1953)
Chris Foreman (1956)
Dennis Drew (1957)
The Edge (1961)
Brad Pemberton (1969)
Scott Stapp (1973)
Olaf Olsen (1976)
Marsha Ambrosius (1977)

08.08.2018

Sjuande august

I 1958 vart Bruce Dickinson fødd i engelske Worksop. Dickinson er kjend som den høgtflygande vokalisten i tungrocklegendene Iron Maiden. Han har også gjeve ut fleire soloplater og har ei fortid i fleire grupper, mellom anna meritterte Samson. I mi platehylle kan Dickinson si kraftige røyst høyrast på studioplatene The Number Of The Beast (1982), Peace Of Mind (1983), Powerslave (1984), Somewhere In Time (1986), Seventh Son Of A Seventh Son (1988), No Prayer For The Dying (1990), Brave New World (2000), Dance Of Death (2003), A Matter Of Life And Death (2006) og The Final Frontiere (2010), i tillegg til konsertplata En Vivo, som kom på marknaden i 2012.

Andre jubilantar
Tim Renwick (1949)
Alison Brown (1962)
Michal Weikath (1962)
Øyvind Lunde (1962)
Aslak Dørum (1964)

Sjette august

I 1937 kom Paul Griffin til verda i Harlem i New York City. Pianisten Griffin byrja som turnémusikar for King Curtis, og fekk seinare innpass hjå meir kjente artistar som Bob Dylan, Steely Dan og Dione Warwick. Hjå meg kan Griffin sitt pianospel høyrast på Bob Dylan sine studioplater Bring It All Back Home (1963), Subterranean Homesick Blues (1965), Highway 61 Revisited (1965), og Blood On The Tracks (1975), han er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol 1-3 (1991). Griffin er også kreditert for å traktere pianoet på Don McLean si suksessplate med same namn som den udødelege klassikaren American Pie frå 1971, og på Paul Simon sin musikal Songs From The Capeman (1997), og på Angelique Kidjo si studioplate Oremi (1993). Griffin sitt pianospel kan også høyrast på utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon (1975), og Softly With These Songs, som Roberta Flack slepte i 1993. Griffin døyde i 2000.

Andre jubilantar
Svein Christiansen (1941-2015)
Leiv Prestvik (1945)
Pat McDonald (1952)
Vinnie Vincent (1952)
Earl Smith (1955)
Phil Todd (1956)
John Metcalfe (1964)

07.08.2018

Femte august

I 1947 vart Richard Zehringer fødd i Fort Recovery i Ohio. Gitaristen Rick Derringer slo gjennom i gruppa McCoys, som er fint plassert i kategorien ”one-hit-wonders” etter at dei opplevde kjempesuksess med Hang On Sloopy i 1965, men i mi platehylle kan han høyrast medan han gjer han jobben som hjelpegitarist og produsent for Johnny Winter på konsertplata And Live frå 1971, samt på utvalde spor på samleplata A Rock ‘n Roll Collection (1994). Derringer er også kreditert for å spele på Meatloaf si samleplate Hits Out Of Hell (1984), og sporet Under My Wheels på Alice Cooper si samleplate The Beast Of Alice Cooper (1989).

Andre jubilantar
Airto Moreira (1940)
Angry Anderson (1947)
Willie Weeks (1947)
David Hungate (1948)
Eddie Ojeda (1955)
Pat Smear (1959)
Mark O'Connor (1961)
Adam Yauch (1964-2012)
Terje Winterstø Røthing (1977)

Fjerde august

I 1901 vart jazztrompetisten og songaren Louis Daniel Armstrong fødd i jazzbyen framfor nokon, New Orleans i Louisiana. Frå fattigstroka ved Mississippi-elva sine bredder gjekk turen til storbyane Chicago og New York, og seinare tusenvis av konsertar verda over. Etter kvart voks Armstrong si stjerne seg så stor at han i dag har si eiga stjerne på den berømte Hollywood Walk Of Fame. Hjå meg er Armstrong representert med samleplata Supergold, i tillegg til Ella & Louis Again, som han gav ut saman med Ella Fitzgerald i 1957. Armstrong er også kreditert for trompetspel på utvalde spor på Jimmy Rodgers si samleplate Americas Blue Yodeler 1930-31. Armstrong døyde i 1971.

Andre jubilantar
Herb Ellis (1921-2010)
Larry Knechtel (1940-2009)
Vincent Gordon (1949)
Vini Reilly (1953)
Dean Fraser (1957)
Stefan Kaufmann (1960)
Max Cavalera (1969)

06.08.2018

Tredje august

I 1961 kom Leon Drucker til verda i Massapequa i delstaten New York. Drucker er til vanleg kjend som den hårfine bassisten Lee Rocker i det fantastiske rockabillybandet Stray Cats og kan hjå meg høyrast på studioplatene Gonna Ball frå 1981 og Choo Choo Hot Fish frå 1992, i tillegg til samleplata The Best Of The Stray Cats (1996) som oppsummerar den fyrste, og viktigaste, delen av rockabillylegendene si karriere på strålande vis.

Andre jubilantar
Dom Um Romão (1925-2005)
Charles Veal (1947-2009)
Sean Tyla (1947)
Randy Scruggs (1953)
Ian Bairnson (1958)
Martin Atkins (1959)
James Hetfield (1963)
Amery Smith (1964)
Skin (1967)
De De Roper (1971)
Ms Jade (1979)

Andre august

I 1937 vart Eric Garth Hudson fødd i Windsor i kanadiske Ontario. Multiinstrumentalisten Garth Hudson vert rekna som mannen bak The Band sitt unike lydbilete og hjå meg kan tangentspelet hans høyrast på plata Islands frå 1977, bandet si siste studioplate med originalbestninga. Hudson er også kreditert for tangentspel på tre spor på tidlegare The Band-kollega Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. Han er også kreditert for å spele keyboard på Bob Dylan si studioplate Self Portrait (1970), og orgel på utvalde spor på same mann si triple samleplate The Bootleg Series 1-3 (1991), samt tangentspel på Michelle Shocked si studioplate Arkansas Traveller (1992).

Andre jubilantar
Theodore Israel (1927)
Andrew Steele (1942-2005)
Mark Naftalin (1944)
Naná Vasconcelos (1944)
Andy Fairweather Low (1948)
Andrew Gold (1951-2011)
Donnie Munro (1953)
Butch Vig (1955)
Pete de Freitas (1961-1989)

05.08.2018

Fyrste august

I 1936 kom Uziah Thompson til verda i Mannings Mountain på Jamaica. Trommisen Sticky Thompson kan i mi platehylle høyrast på plata Wanted Dread And Alive, som Peter Tosh slepte i 1981, samt på samleplatene The Thougest (1998), og The Best Of Peter Tosh frå 1999, i tillegg til Grace Jones si samleplate Private Life - The Compass Point Sessions (1998), One Bright Day, som Ziggy Marley & The Melody Makers slepte i 1989, og Light Your Light, som var Toots And The Maytals sitt bidrag til underhaldningsindustrien i 2007. Thompson døyde i 2014.

Andre jubilantar
Jerry Garcia (1942-1995)
Geoff Britton (1943)
Boz Burell (1946-2006)
Prakash John (1947)
Tim Bachman (1951)
Tommy Bolin (1951-1976)
Robert Cray (1953)
Gloria Estefan (1957)
Robert Buck (1958)
Chuck D (1960)
Maria Vidal (1960)
Professor Griff (1960)
Adam Duritz (1964)
Paul Rosenberg (1971)
John Vinge (1973)

Trettifyrste juli

I 1958 vart William Thomas Berry fødd i Bob Dylan si fødeby, Duluth i Minnesota. Trommeslagaren Bill Berry var ein av grunnleggjarane av R.E.M., men hoppa av musikarkarrieren i 1997 for å trekke seg tilbake på den amerikanske landsbygda og drive berekraftig og økologisk landbruk, dristig val. I mi platehylle kan Berry høyrast på så mange som sju av totalt ni titlar med R.E.M., studioplatene Fables Of Reconstruction (1985), Document (1987), Green (1988), Out Of Time (1991), Monster (1994) og New Adventures In Hi-Fi (1996), i tillegg til samleplata The Best Of R.E.M (1991). Berry er også kreditert for å spele for den avdøyde musikarfavoritten Warren Zevon på plata Sentimental Hygiene frå 1987.

Andre jubilantar
Hugh McDonald (1951)
Daniel Ash (1957)
Norman Cock (1963)
Harri Mänty (1971)
John 5 (1971)
Will Champion (1978)
Øyvind Storli Hoel (1984)

04.08.2018

Trettiande juli

I 1958 vart Catherine Bush fødd i Kent i England. Kate Bush er vedunderbarnet som fekk platekontrakt som sekstenåring og som har gjeve oss kvalitetspop med ujamne mellomrom sidan. Mi platehylle inneheld den andre studioplata, Lionheart, frå 1978. I mi platesamling kan Bush også høyrast som hjelpevokalist på Big Country si plate The Seer frå 1986.

Andre jubilantar
David Sanborn (1945)
Jeffrey Hammond (1946)
Craig Gannon (1966)
Sean Moore (1968)
Dave Eringa (1971)
Seth Avett (1980)

Tjueniande juli

I 1953 kom Gary Lee Weinrib til verda i den kanadiske storbyen Toronto. Geddy Lee er bassist, songar og tangentmann i det kanadiske bandet Rush, som sidan tidleg på syttitalet har berika verda med ei rekkje plater av særs høg kvalitet. Hjå med kan Lee høyrast på studioplatene Fly By Night (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987).

Andre jubilantar
Claudio Fabi (1940)
Mike Garson (1945)
Bryn Haworth (1948)
Joel Derouin (1956)
Martin McCarrick (1962)

03.08.2018

Tjueåttande juli

I 1943 vart Michael Bernard Bloomfield fødd i Chicago i Illinois. Gitaristen Mike Blomfield landa på ein respektabel tjueandreplass på renommerte Rolling Stone Magazine si liste over verdas hundre beste gitaristar frå 2003 og kan i mi platesamling høyrast medan han leikar med strengane på Bob Dylan si plate Highway 61 Revisited frå 1965, han er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol. 1-3 frå 1991. Bloomfield døyde i 1981.

Andre jubilantar
Ray Ellis (1923-2008)
Simon Pico Payne (1925-2002)
Buddy Spicher (1938)
Richard Wright (1943-2008)
Bobby King (1948)
Christopher Ward (1949)
Simon Kirke (1949)
Roy Rogers (1950)
T.M. Stevens (1953)
Ray Vega (1961)
Nick Banks (1965)
Pascal Kravetz (1970)
Frost (1979)

Tjuesjuande juli

I 1949 kom Roderick Macdonald til verda i Dornoch i Skotland. Bassisten Rory Macdonald var med å grunnleggje Runrig i 1973 og er ein sentral låtskrivar som hjå meg kan høyrast på studioplatene The Highland Connection (1979), The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime frå 1988.

Andre jubilantar
Andy White (1930-2015)
Tris Imboden (1951)
Probyn Gregory (1957)
Conway Savage (1960)
Karl Mueller (1963)
Juliana Hetfield (1967)
Thomas Seltzer (1969)

Tjuesjette juli

I 1943 kom Michael Phillip Jagger til verda i engelske Dartford. Sir Mick Jagger er best kjend som songar i Rolling Stones gjennom meir enn femti år, og for det fruktbare låtskrivarsamarbeidet med gitarrabulisten Keith Richard. Jagger er også kjend for fleire forhold til profilerte fotomodellar, noko som har vore så fruktbart at han har laga minst ein sjølv. I mi platehylle står, i tillegg til den obligatoriske Stones-plata Jump Back – The Best Of The Rolling Stones (1993), ei av gamle Mick sine soloalbum, Wandering Spirit frå 1993. Jagger er også kreditert for vokalhjelp på Living Colour si studioplate Time’s Up (1990), utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon (1975), og han syng duett med reggealegenda Peter Tosh på songen (You Gotta Walk) Don’t Look Back, som du finn på samleplatene The Thougest (1998) og The Best Of Peter Tosh (1999).

Andre jubilantar
Casey Jones (1939)
Alan Parker (1944)
Maureen Tucker (1944)
Roger Taylor (1949)
Jim Lindberg (1965)

Tjuefemte juli

I 1946 vart Alpharita Constatina Anderson fødd i Sanitago de Cuba på Cuba. Rita Marley voks opp på Jamaica og hadde ei sjølvstendig karriere som songerinne før ho gifta seg med Bob Marley i 1966, seinare ofra ho seg som bakgrunnssongerinne og mor til fire av Bob Marley sine barn. Hjå meg kan Rita Marley høyrast som bakgrunnsvokal på Bob Marley sine samleplater Legend (1984), His 24 Greatest Hits (1998) og This Is Bob Marley & The Wailers (2001). Marley er også kreditert for å synge på sonen Ziggy Marley & The Melody Makers si studioplate One Bright Day (1989), i tillegg til Peter Tosh si samleplate The Best Of Peter Tosh frå 1999.

Andre jubilantar
Mark Clarke (1950)
Svein Olav Blindheim (1954)
Scott Mathews (1955)
Thurston Moore (1958)
Peter Korhornen (1960)
Brian Blade jr. (1970)
Richard Colburn (1970)
Dani Filth (1973)
Timo Räisänen (1973)

02.08.2018

Tjuefjerde juli

I 1951 vart Lynval Golding fødd i Saint Catherine på reggeaøya Jamaica. Gitaristen Golding har ei fortid i The Specials og kan i mi platehylle høyrast på deira debutalbum The Specials frå 1979, i tillegg til ein gjesteopptreden på Rancid si plate Live Won’t Wait frå 1998.

Andre jubilantar
Garry Shider (1953-2010)
Jon Faddis (1953)
Jem Finer (1955)
Jarle Farestveit (1956)
Wattie Buchan (1957)
Mick Karn (1958-2001)
Toshinobu Kubota (1962)

Tjuetredje juli

I 1943 kom Tony Joe White til verda i Oak Grove i Louisiana. Tony Joe White er ein av landevegens cowboyar, som har levert sterke plater jamnt og trutt sidan sekstitalet, og oppnådd fortend status som musikkarfavoritt. Salstala har nok ikkje alltid vore slik White skulle håpe på, men det er grunn til å tru at han var meir enn fornøgd med salstala til Tina Turner, som hadde ein kjempehit med White sin song Steamy Window på plata Foreign Affair frå 1989. I mi platehylle finn du White si soloplate Closer To The Truth, han yt også sitt bidrag til mi platehylle som gitarist på den ovanfornemnde Tina Turner-plata.

Andre jubilantar
Alf Prøysen (1914-1970)
Richie Kamucha (1930-1977)
Andy McKay (1946)
Bland Simpson (1950)
Janis Siegel (1952)
Alan Barnes (1959)
Martin Gore (1961)
Tim Kellett (1964)
Slash (1965)
Titiyo Jah (1967)
Nick Menza (1968-2016)
Alison Krauss (1971)
Fran Healy (1973)

01.08.2018

Tjueandre juli

I 1941 vart George Clinton fødd i Kennapolis i North Carolina. Clinton er i tillegg til eiga solokarriere, kjend frå band som Funkadellics og det er ingen som protesterar om han vert omtala som kongen av funk. Hjå meg kan Clinton høyrast på samleplata Greatest Hits, som oppsummerar noko av det beste han gjorde før me gjekk inn i det nye milleniet, og på Funkadellics samleplata We Got The Funk You Got The Funk. Clinton har også produsert plater for andre artistar og er i mi platehylle mannen bak lyden på Red Hot Chili Peppers-plata Freakey Style frå 1985.

Andre jubilantar
Bill Perkins (1923-2003)
Ray Pohlman (1930-1990)
Tommy Thompson (1937-2003)
Rick Davies (1944)
Don Henley (1947)
Richard Bennett (1951)
Mick Pointer (1956)
Rufus Wainwright (1973)

Tjuefyrste juli

I 1953 vart Eric M. Bazilian fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Multiinstrumentalisten Bazilian er beste kjend som medlem av The Hooters og har to bidrag i mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I tillegg kan Bazilian sitt gitarspel høyrast på Willie Nelson si studioplate Across The Borderline (1993), Alannah Myles si plate Arrival (1998), samt Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006.

Andre jubilantar
Sara Carter (1898-1979)
Plas Johnson (1931)
Gunnar Ljungstedt (1952)
Howie Epstein (1955-2003)
Jim Martin (1961)
Ben Matthews (1963)
Charlotte Gainsbourg (1971)
Sveinung Sundli (1979)

31.07.2018

Tjuande juli

I 1947 kom Carlos Augusto Alves Santana til verda i Atulán de Navarro i Mexico. Supergitaristen Carlos Santana har imponert verda med sin blanding av rock, jazz og salsa sidan slutten av sekstitalet og vert rekna som ein av verdas framste gitaristar, sjølv om kvaliteten på karriera hans har vore særs svingande dei siste åra. Hjå meg kan Santana høyrast på eit konsertopptak med den treffande titelen Live, han er også kreditert for gitarspel på eitt spor på plata Fifa, som Angelique Kidjo slepte i 1996, på eit av spora på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998, samt som ein av John Lee Hooker sine vener på samleplata Best of Friends (1998).

Andre jubilantar
Jay Jay French (1952)
Keith Scott (1954)
Paul Cook (1956)
Mick MacNeil (1958)
Radney Foster (1959)
Chris Cornell (1964-2017)
Stone Gossard (1966)
Courtney Taylor-Taylor (1967)