28.02.2015

Tjueåttande februar

Tjueåttande februar 1927 kom Donald Hugh Helms til verda i New Brockton i Alabama. Steelgitaristen Don Helms spelte frå starten av karrieren i 1942 med store namn som Hank Williams, men i mi platesamling er det på Johnny Cash sine plater The Fabolous Johnny Cash (1958), Hymns By Johnny Cash frå 1959, og Now There Was A Song frå 1960. Helms døyde i 2008. I 1940 vart Joseph Alfred Souther fødd i Atlanta i Georgia. Gitaristen Joe South er kanskje best kjend for å plage radiolyttarar med songar som Games People Play, og som komponisten av countrysviska Rose Garden, men i mi platesamling kan han nytast som ein av Bob Dylan sine musikarar på Blonde On Blonde frå 1966, samt på utvalde spor på på samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1., som Aretha Franklin slepte i 1994. South døyde i 2012. I 1945 kom Wilfred Gibson til verda i den engelske småbyen Dilston. Fiolinisten Gibson spelte ein kort periode frå 1972 til 1973 i Electric Light Orchestra og i mi platehylle kan ein høyre arbeidet hans på samleplata Greatest Hits frå 1979, samt på eitt av spora på Tom Jones si samarbeidsplate Reload frå 1999. I 1948 vart Geoff Nichols fødd i engelske Birmingham. Tangentmannen Nichols har hatt eit langt og fruktbart samarbeid med Black Sabbath og kan hjå meg høyrast på plata The Eternal Idol frå 1987, på utvalde spor på samleplata Between Heaven And Hell (1995), i tillegg til fleire spor på diverse andere samleplater. I 1952 kom Ed Manion til verda. Eddie «Kingfish» Manion har spela saksofon for store namn som Bruce Springsteen og Diana Ross, og hjå meg kan han høyrast på Bon Jovi si plate These Days frå 1995. I 1957 kom Cynthia Leigh Wilson i universitetsbyen Athens i Georgia. Cindy Wilson er vokalist og originalmedlem i New Wave-bandet B52s, som oppstod i det kreative miljøet rundt universitetet i heimbyen. Wilson er også syster til eit anna originalmedlem, Richy Wilson. Hjå meg kan Cindy Wilson høyrat på studioplatene Wild Planet (1980) og Cosmic Thing (1989), i tillegg til samleplata Dance This Mess Around-The Best Of The B52s (1990). I engelske High Wycombe vart Ian Christopher Stanley fødd. Tangentmannen Ian Stanley var tidlegare medlemm av Tears For Fears og kan i mi platehylle høyrast på den storselgjande studioplata Songs From The Big Chair frå 1985. I 1966 kom Edward Shearmur til verda i London. Klassisk skolerte Ed Shearmur komponerar til dagleg filmmusikk for Hollywood-produksjonar, men trakterat gjerne keyboards i festleg lag. Resultata frå eit slikt festleg lag kan i mi platehylle høyrast på Bryan Adams si soloplate Waking Up The Neighbours frå 1991. I 1982 var Toy Dolls klar for å erobre London. Staden heit Skunk. I 1983 kom plata Subterranean Jungle frå Ramones. Plata vart produsert av Ritchie Cordell og Glenn Kolatin og innspelinga gjekk føre seg i studioet Kingdom Sound på Long Island i staten New York. Songane Psycho Therapy og Outsider kan også høyrast på samleplata Ramones Mania. Dagen bydde også på plateslepp på den andre sida av Atlanteren, U2 nytta høve til å sleppe si tredje studioplate, War, laus på den platekjøpande delen av folkesetnaden. I 1985 var Rotters i Doncaster vertskap for Toy Dolls. Same dag døyde David Byron. I 1986 fekk våre gamle unionskameratar i Sverige vitjing av Toy Dolls, det hendte på Ying Och Yang i Gävle. Same dagen fullførde AC/DC innspelinga av ein promovideo for Who Made Who. Regissør var David Mallet. I 2010 døyde Tom «T-Bone» Wolk.

27.02.2015

Tjuesjuande februar

Tjuesjuande februar 1920 kom Abraham Most til verda i New York City. Klarinettisten Abe Most sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på tittelsporet på Toni Mitchell si kritikarroste studioplate Hejira frå 1976, og på Madonna si soundtrack-plate I’m Breathless frå 1990, der han trakterar både klarinett og saksofon. Most døyde i 2002. I 1945 vart Carl Anderson fødd i Lynchburg i Virginia. Songaren Anderson vert helst hugsa for rolla som Judas i Broadway-oppsetjinga av Jesus Christ Superstar. I mi platehylle kan Anderson høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på eitt spor på Weather Report si samleplate Collections frå 2008. Andeson døyde i 2004. I San Juan, den største og viktigaste byen på Puerto Rico, kom Danny Rivera til verda. Songaren Rivera er kjend over heile den spansktalande delen av verda, hjå meg kan du høyre røysta hans på plata Songs From The Capeman, som Paul Simon slepte i 1997. I 1951 kom Stephen Malcolm Ronald Nice til verda i London. Steve Harley har, saman med Cockney Rebel, produsert ei rekkje store hits opp gjennom tida, og er best kjend for Make Me Smile (Come Up And See Me), Sebastian og ein rimeleg bra versjon av George Harrison sin Here Comes The Sun. I mi platehylle er det meste av det best frå Steve Harley & Cockney Rebel samla på samleplata The Very Best Of. I 1954 vart Neal George Joseph Schon fødd på ein av det amerikanske flyvåpenet sine basar i preriestaten Oklahoma. Gitaristen Neal Schon er den einaste som har spela på alle Journey sine studioplater, og hjå meg kan du høyre gitarspelet hans på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1957 kom Adrian Fredrick Smith til verda i ein av London sine austlege bydelar. Adrian Smith har traktert gitaren i Iron Maiden sidan 1980 og debuterte på plata Killers. Smith tok ein pause frå Iron Maiden frå 1990 til 1999, men er i dag attende i gjengen som underheldt bergenserar og tilreisande på Koengen i august 2010 og juni 2014. Hjå meg høyrer du Smith sitt gitarspel på studioplatene Killers (1981), The Number Of The Beast (1982), Piece Of Mind (1983), Powerslave (1984), Somewhere In Time (1986), Seventh Son Of A Seventh Son (1988), Brave New World (2000), Dance Of Death (2003), A Matter Of Life And Death (2006) og The Final Frontiere (2010), i tillegg til konsertplata En Vivo frå 2012. I 1960 vart John Roy Van Zant fødd i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Songaren Johnny Van Zant er yngre bror av Lynyrd Skynyrd-grunnleggjaren Ronnie Van Zant, og då denne omkom i eit flykrasj i 1977, overtok han like gjerne broren si rolle som frontfigur for sørstatsrockarane då desse tok opp att turnelivet i 1987. Hjå meg kan Johnny Van Zant høyrast på studioplatene Lynyrd Skynyrd 1991 og Twenty (1997). I 1962 var dette datoen Elvis Presley slepte singelen Good Luck Charm laus på den platekjøpande delen av folket. Plata nådde fyrsteplassen i både USA og England, høvesvis i to og fem veker. I 1964 vart Ewen Vernal fødd i skotske Glasgow. Bassisten Vernal er best kjend for å vere ein del av rytmeseksjonen i det skotske bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på platene Raintown (1987) og Fellow Hoodlum (1991). I 1981 vart Noam Pikelny fødd i Chicago i Illinois. Banjoguruen Pikelny kan hjå meg høyrast på k.d. Lang si plate Watershed frå 2008. Same dag gav The Who ut singelen You Better You Bet, som klatra så høgt som til niandeplass på dei engelske listene. I 1983 vart datoen prega av at ein kunne høyre Toy Dolls på Gallery i Manchester. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Circus i Oslo for å underhalde dei frammøtte. Same dag gjekk AC/DC i gang med innspelinga av ein promovideo til Who Made Who. Resultatet kan ein mellom anna sjå på DVD’en Family Jewels. I 1995 var det klart for plateslepp for PJ Harvey si tredje studioplate To Bring You My Love. Plata vart ung Polly Jean si gjennombrottsplate. I 1996 gav The Pogues ut plata Pogue Mahone, ein platetittel som er så direkte tale som ”kyss meg i ræva”, utan at nokon treng kjenne det som eit personleg kall. I meir heimlege trakter nytta Bel Canto dagen til å sleppe plata Magic Box.

26.02.2015

Tjuesjette februar

Tjuesjette februar 1928 kom Antoine Dominique Domino Jr. til verda i New Orleans i Louisiana. Fats Domino var ein av pionerane innen rock n’roll og har spelt seg inn i alles hjarter med songar som Blueberry Hill og Ain’t That A Shame. Domino fekk heimen rasert av orkanen Katrina og slit i dag med skral helse, men opptrer likevel med ujamne mellomrom. Hjå meg finn du Domino sitt pianospel på samleplata De Beste Sangene. I 1932 vart John R. Cash fødd i Kingsland i Arkansas. Johnny Cash er kjent som The Man In Black og skal ha spela inn og gjeve ut meir enn fem tusen innspelingar på eit utal plater i så ulike sjangrar som rock, country og gospel. Cash sitt andre ekteskap var med songarinna June Carter, noko som var medverkande til at han heldt seg høveleg nykter i siste del av livet. Siste del av karrieren hans er prega av det suksessfulle samarbeidet med superprodusenten Rick Rubin, som gav The Man In Black ein solid renesanse. Heime hjå meg står meir enn tretti originaltitlar på rekke og rad og prydar platehylla, og fleire vert det nok, for Johnny Cash er ein artist eg aldri vert lei av. Cash døyde i 2003. I 1950 kom Jonathan Leonard Friga til verda i Chicago i Illinois. Jonathan Cain er kjend for å ha traktert gitar, med meir, i Journey og hjå meg kan han høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1962 kom Gota Yashiki til verda i den japanske miljøbyen Kyoto. Gota spelar trommer i Simply Red og kan hjå meg høyrast på bandet si fjerde studioplate Stars frå 1991. Yashiki er også kreditert for loops på Melissa Etheridge si plate Skin frå 2001, og han fekk også vere med då Simply Red hjelpte Tom Jones med eit spor på hans studioplate Reload frå 1999. I 1971 kom Erica Abi Wright til verda i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Erykah Badu vert referert til som Queen Of Neo-Soul og platedebuterte i 1997 med plata Baduizm, seinare kom konsertplata Baduizm-Live (1997), som begge står som solide bidrag til mi platehylle. I 1980 kunne Toy Dolls nytast i Alexandra Ballroom i Sunderland. I 1983 var turen komen for ein konert med Toy Dolls i Traders Hall i Consett, og The Cramps gjorde andre konsertkvelden på rad på The Peppermint Lounge. Det beste frå denne konserten kan høyrast på konsertplata The Smell Of Female, som kom på marknaden seinare same året. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på King Georges Hall i Blackburn.

25.02.2015

Tjuefemte februar

Tjuefemte februar 1919 vart Fred Katz fødd i New York City. Jazzmusikaren Katz har ei mangslungen karriere med cello og piano mellom hendene, og underviste i etnisk musikk ved California State University i Fullerton i meir enn tretti år. I mi platesamling kan Katz høyrast medan han spelar cello på Bob Dylan si smått fantastiske, og akk så undervurderte plate med filmmusikken til filmen Pat Garrett & Billy The Kid frå 1973. I 1937 kom Don Schwartz til verda i New York City. Tangentmannen Don Randi er i mi platehylle kreditert for å traktere både piano og hapsikord på Buffalo Sprinfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1943 kom George Harrison til verda i hamnebyen Liverpool. Harrison var gitarist i The Beatles og har i ettertid gjeve ut plater på eiga hand. Hjå meg kan Harrison høyrast som medlem av modergruppa The Beatles på samleplata Anthology 1, som kom på marknaden i 1995, på utvalde spor på Bob Dylan si triple samleplate The Bootleg Series Vol 1-3 frå 1991, og med både song og gitarspel på Jeff Healey si plate Hell To Pay frå 1990. Harrison var også initiativtakaren til supergruppa The Travelling Wilburys som hadde stor suksess for ei tid tilbak. Harrison døyde av lungekreft i 2001. I 1947 vart Douglas Alan Yule fødd på Long Island i New York City. Doug Yule spelte i Velvet Underground frå 1968 til 1973 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed frå 1989. I 1949 vart Frank ”Poncho” Sampedro fødd i West Virginia. Poncho Sampedro er gitarist i Crazy Horse og i mi platehylle kan han høyrast medan han hjelp kompisen Neil Young med gromlyd frå både orgel og gitar på platene Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Re-Ac-Tor (1981), This Note’s For You (1988) og Sleeps With Angels frå 1994, samt utvalde spor på samleplata Greatest Hits, som kom på marknaden i 2004. I 1957 kom Stuart John Wood til verda i skotske Edinburgh. Woody har gjort teneste som både gitarist og bassist i tyggisbandet Bay City Rollers. Hjå meg kan Woody høyrast på samleplata The Magic Collection, som ikkje er spesielt magisk. I 1962 vart Brian Baker fødd i Washington D.C. Gitaristen Baker er kjend frå Minor Threat og Bad Religion og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar gitar og korar på sistnemnde si plate No Substance frå 1998. I 1972 slepte Nick Drake si tredje, og siste, studioplate, Pink Moon. I 1973 vart Jon Rasmus Sjøen fødd i Haugesund. Jon Sjøen var bassist i Kaizers Orchestra frå starten og fram til 2003 og hjå meg finn du hans bidrag til populærkulturen på platene Ompa Til Du Dør (2001) og Evig Pint (2003). I 1973 gav Alice Cooper ut plata Billion Dollar Babies, produsent var Bob Ezrin, og plata gjekk til topps på listene både i England og USA. I 1977 vart Sarah Jane Ferridge fødd i London. Sarah Jezebel Deva er best kjend som den kvinnelege songaren i Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på plata Median frå 2000. I 1980 vart Heaton Buffs Club invadert av ivrige Toy Dolls-fans. Klubben låg trygt plassert i den største byen i Nordaust-England, Newcastle upon Tyne. Same dag gav Bob Seger ut plata Against The Wind saman med resten av The Silver Bullet Band. I 1982 vert dagen hugsa for at Iron Maiden starta oppvarminga til den komande Beast On The Road turneen med tjue konsertar i heimlandet. I 1983 bydde datoen på konsert med Toy Dolls på Porterhouse i Retford, og The Cramps stod på scenen i The Peppermint Lounge i New York City. Denne konserten var den fyrste av to som er utgangspunktet for konsertplata The Smell Of Female, som kom seinare same året. I 1984 kom Luisa Hanae Matsushita til verda i brasilianske Campinas. Lovefoxx si vakre røyst kan i mi platehylle høyrast på Primals Scream si plate Beautiful Future frå 2008. I 1985 slepte Tears For Fears si andre studioplate, Songs From The Big Chair. I 1990 gav dei australske miljøaktivistane i Midnight Oil ut plata Blue Sky Mining. I 2002 slepte Alanis Morissette si femte studioplate, Under Rug Swept. I 2006 døyde Thomas Koppel. I 2008 slepte Sony Music Weather Report si samleplate Collections, ei plate som inneheld høgdepunkta av det bandet gjorde musikalsk i perioden 1971 til 1983.

24.02.2015

Tjuefjerde februar

Tjuefjerde februar 1902 vart Donald Firth Law fødd i London. Produsenten Don Law produserte ei rekkje av Johnny Cash sine tidlege plater, mellom anna Ride This Train frå 1960. Law døyde i 1982. I 1933 kom David Newman jr. til verda i Corsicana i skytegale Texas. Saksofonisten David «Fathead» Newman er i mi platehylle kreditert for å spele på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980. Newman døyde i 2009. I 1942 kom Paul Pond til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Paul Jones var med å starte The Blues Band i 1979, han hadde tidlegare gjort seg merkt som vokalist i, mellom anna, meir kjende Mannfred Mann. Hjå meg kan Jones høyrast på The Blues Band sine plater Official Blues Band Bootleg Album (1980), Ready (1980), Itchy Feet (1981) og Brand Loyality (1982). I 1944 vart Nicholas Christian Hopkins fødd i Perivale nord i London. Tangentmannen Nicky Hopkins starta karrieren på sekstitalet og er kjend for mellom anna å ha spela med Rolling Stones. Hjå meg kan Hopkins sitt arbeid høyrast på studioplata Who’s Next, som The Who slepte i 1971, og på samleplatene The Best Of Carly Simon frå 1975, og Jump Back – The Best Of The Rolling Stones, som Rolling Stones slepte i 1993. Hopkins døyde i 1994. I 1947 kom Bob Magnusson til verda i den amerikanske delstaten New York. Bassisten Magusson skal ha delteke på meir enn 1500 musikkinspelingar, dei fleste innom jazzsjangeren. Hjå meg kan Magnusson sitt basspel høyrast på plata I’m Breatless, som Madonna slepte i 1993. I 1950 vart gitaristen George Thorogood fødd i Wilmington. Delaware-stasjonerte Thorogood har sidan 1974 hamra feite riff og dårlege vitsar laus på uskuldige tilhøyrarar og er best kjend for slageren Bad To The Bone, som har vore nytta som filmmusikk i fleire filmar enn eg kan telje på begge hender. Hjå meg er Thorogood representert med to gode samlingar, The Baddest Of George Thorogood And The Delaware Destroyers (1992) og The George Thorogood Collection, som dekkar det meste og det beste, eller det verste, som mannen sjølv ville sagt, av det han har gjort saman med The Delaware Destroyers. I 1951 vart bassisten Steve Dawson fødd i den engelske stålbyen Sheffield. Dawson er ein av grunnleggjarane av det engelske hardrockbandet Saxon, og i mi platesamling kan han høyrast på plata Wheels Of Steel frå 1980. I 1962 kom Michelle Karen Johnston til verda i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Alternativdronninga Michelle Shocked er hjå meg representert med studioplata Captain Swing frå 1989, og Arkansas Traveller, som kom på marknaden i 1992, i tillegg kan ho høyrast med hjelpevokal på Billy Bragg si plate Workers Playtime frå 1988. I 1969 hadde Johnny Cash teke turen San Quentin State Prison i California for å spele for dei mange innsette. Ein konsert som seinare vart tilgjengeleg for platekjøparane og vert rekna som ein av dei beste fengselskonsertane nokon sinne. I 1972 vart Noah Charles Bernardo Jr. fødd. Multuinstrumentalisten Wuv Bernardo er ein av grunnleggjarane av det kristne Nu-Metal-bandet P.O.D. (Payable On Death) og kan i mi platehylle høyrast på plata Testify frå 2006. I 1973 kom Robin Douglas Jones til verda i Skotland. Robin Jones var trommis for The Beta Band og hjå meg kan han høyrast på samlinga The Three E.P.’s, som inneheld dei tre fyrste E.P.ane bandet slepte og kom på marknaden i 1998. I 1976 vart Simen Iversen Vangen fødd på Sortland i Vesterålen. Trommisen Simen Vangen slo seg saman med Madrugada i 2002 og heldt ut med bandet til 2004. Hjå meg kan Vangen høyrast på plata Grit frå 2002. I 1983 hadde karane i Toy Dolls teke turen til sitt næraste utland, Skottland, nærare bestemt til Glasgow, der dei spelte på Roxy. I 1985 var turen komen for ein konsert med Toy Dolls på Queens Hotel i Westcliffe. I 1994 gav det engelske metallbandet Cradle Of Filth ut debutplata si, The Principle Of Evil Made Flesh.

23.02.2015

Tjuetredje februar

Tjuetredje februar 1944 vart prestesonen frå skytegale Texas, John Dawson Winter III, fødd i Beaumont. Gitaristen Johnny Winter er kjend som verdas kvitaste bluesartist, og det vert hevda at dei flotte tatoveringane hans er dei einaste pigmenta han har i huda. At Johnny også er ein av verdas beste bluesgitaristar, ranka som nummer syttifire av Rolling Stone Magazine i 2003, kjem ofte litt i bakgrunnen. Eg har ei fin samling av Johnny Winter sine plater, studioplatene Nothin’ But The Blues (1971), Guitar Slinger (1984) og Let Me In (1991), samt den doble samleplata A Rock ‘n Roll Collection, men er mest nøgd med dei tre konsertplatene And Live (1971), Captured Live (1976) og Live In NYC ’97 (1998). Eg angrar enno bittert på at eg ikkje reiste for å sjå og høyre legenda då han vitja bluesbygda Skånevik i Sunnhordland for ei tid sidan. Rykta fortel at den reisa ikkje ville vore like skuffande som konserten Johnny heldt i Oseana på tampen av juni 2013. Winter døyde i 2014. I 1945 kom John Halsey til verda i engelske Highgate. Trommisen Halsey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Lou Reed si plate Transformer frå 1972. I 1948 kom Stephen Norman Priest til verda i engelske Hayes. Steve Priest var bassist i Sweet og turnerar framleis med sin eigen versjon av bandet. Hjå meg kan Priest sitt arbeid høyrast på samleplata The Best Of Sweet frå 1992. I 1952 vart Bradford Ernest Whitford fødd i Winchester i Massachutsets. Aerosmith-gitaristen Brad Whitford har ledsaga sjefsgitarist Joe Perry sine grumsete riff sidan 1971. I mi platehylle kan Whitford høyrast på studioplatene Draw The Line (1976) og Rocks (1977). I 1957 vart studio fylt av lyden av ein ung Elvis Presley som song One Night for innspeling på plate. I 1962 kom Michael Wilton til verda i Oakland i California. Gitaristen Wilton er ein av grunnleggjarane av Queensrÿche og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate The Warning (1987), på Empire frå 1990, og Hear In The New Frontier, som kom på marknaden i 1997. I 1964 vart John Terry Norum fødd i den forblåste festningsbyen Vardø. Gitaristen John Norum var ein av grunnleggjarane av dei svenske puddelrockarane Europe og hjå meg høyrer du gitarspelet hans på den storselgjande gjennombrottsplata The Final Countdown frå 1986. I 1967 kom Chris A. Vrenna til verda i Erie i Pennsylvania. Musikaren Chris Vrenna har jobba med Marilyn Manson, Nine Inch Nails og The Smashing Pumpkins, og er i mi platehylle kreditert for programmering på Meat Loaf si storslagne studioplate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1973 kom Lars-Olof Johansson til verda i grasklipparbyen Husquarna. Tangentmannen Lasse Johansson spelar til dagleg i The Cardigans og kan i mi platehylle høyrast tangentspel og gitar på kjempehiten Burning Down The House på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1976 slepte sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd singelen Double Trouble ut på marknaden. Same dag filma AC/DC eit promoklipp for It’s A Long Way To The Top (If You Wanna Rock’n Roll). Sekkepipebandet Rats Of Tobruk Pipe Band med mellom anna Allan Butterworth, L. Kenfield og Kevin Conlon er med som statistar. I 1979 slepte The Clash singelen English Civil War, som nådde tjuefemteplass på dei britiske singellistene. I 1980 kom Iron Maiden sin debutsingel på EMI, Running Free, som klatra til trettifjerdeplass på dei engelske singellistene. Bandet nytta også denne datoen til å spele live på det legendariske musikkprogrammet Top Of The Pops som det fyrste bandet sidan The Who gjorde det same i 1972. I 1985 bydde denne datoen på ein Toy Dolls konsert på Grannies i hamnebyen Portsmouth. I 1987 slepte The Smiths samleplata The World Won’t Listen, som klatra så høgt som til ein andreplass på dei engelske albumlistene. I 1993 gav Grant Lee Buffalo ut plata Fuzzy, som var dei tidlegare Shiva Burlesque-medlemmene si debutplate under nytt namn. I 1997 døyde Tony Williams. I 1999 slepte Eminem si andre studioplate, The Slim Shady LP, og Blondie sitt bidrag til platehyllene heit No Exit og var bandet si sjuande studioplate, den fyrste sidan 1982. I 2003 døyde Howie Epstein. I 2004 døyde Carl Anderson. I 2010 var det klart for plateslepp frå Johnny Cash sitt dødsbu. American VI: Ain’t No Grave var klar for platehyllene.

22.02.2015

Tjueandre februar

Tjueandre februar 1944 vart Michael Robert Green fødd i Matlock i engelske Derbyshire. Gitaristen Mick Green, kjend for å spele i Johnny Kidd & The Pirates, kan i mi platehylle høyrast på plata Back On Top, som Van Morrison slepte i 1999. Green døyde i 2010. I 1952 kom trønderen Stein Groven til verda i bartebyen Trondheim. Groven har sidan syttitalet operert under artistnamnet Casino Steel og kan i mi platesamling høyrast som medlem av rigg rock-duoen Holton & Steel. To av platene frå samarbeidet med engelskmannen Gary Holton har fått plass i mi samling, debutplata, som bar dei to herrane sitt namn og kom på marknaden i 1981, og den vanskelege andreplata med den oppfinnsame tittelen Part II, som vart tilgjengeleg for platekjøparane i 1982. I 1958 vart Dave Spitz fødd i New York City. Bassisten Spitz spelte bass i Black Sabbath ein periode og er kreditert for basspel på plata The Eternal Idol frå 1987, sjølv om han vistnok ikkje skal ha spelt ein note på albumet. I 1965 vart Ray Mayhew fødd i hamnebyen Southampton. Mayhew var trommis i det ikkje altfor suksessrike bandet Sigue Sigue Sputnik og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Flaunt It frå 1986. I 1971 gav David Crosby ut si eigenproduserte debutsoloplate If I Could Only Remember My Name. I 1973 kom Thomas Scott Phillips til verda i Valdosta i den amerikanske delstaten Georgia. Trommeslagaren Scott Phillips spelar til dagleg i Creed og kan hjå meg høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 1985 var London University vertskap for ein konsert med Toy Dolls. I 1993 platedebuterte Radiohead med plata Pablo Honey. I 1998 slepte Bel Canto plata Rush. I 2000 gav traktorpønkarane i Violent Femmes ut den ikkje så altfor vellukka plata Freak Magnet, som i skrivande stund er gruppa si siste studioplate. I 2007 døyde Ian Wallace.

21.02.2015

Tjuefyrste februar

Tjuefyrste februar 1933 vart Eunice Kathleen Waymond fødd i Tryon i North Carolina. Nina Simone vert hugsa både som fantastisk jazzartist og som menneskerettsaktivist. Mi platehylle husar ei Greatest Hits-plate med denne fantastiske artisten. Simone døyde i 2003. I 1945 kom Paul Newton til verda i engelske Andover. Som Uriah Heep sin originalbassist spelte Newton på dei tre fyrste Uriah Heep-platene, Very ’Heavy, Very ’Umble (1970), Salisbury (1971) og Look At Yourself (1971), som alle som er interessert kan få høyre om dei kjem innom og leitar i hyllene mine. Er du spesielt interessert kan du også høyre Newton sitt basspel på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som same Uriah Heep slepte i 1991. I 1949 vart Jeremiah Griffin Harrison fødd i Milwaukie i Wisconsin. Tangentmannen Jerry Harrison spelte på debutplata til The Modern Lovers, men er best kjend for å spele i Talking Heads. Hjå meg kan Harrison høyrast på konsertplata Stop Making Sense (1984) og samleplata Once In A Lifetime-The Best Of Talking Heads (1992), samt som innleigd musikar på tangentar og mandolin på Violent Femmes si plate The Blind Leading The Naked frå 1986. I 1952 vart Jean-Jacques Burnel fødd av franske foreldre i London. Burnel er mannen bak den gromme basslyden i The Stranglers og kan hjå meg høyrast på plata The Gospel According To Themeninblack frå 1981. I 1955 såg multiinstrumentalisten Larry Campbell dagens lys i metropolen New York City. Campbell, som trakterar så og seie alle strengeinstrument verda har å by på, fekk gleda av å bidra til mi platesamling gjennom å spele på Bob Dylan si plate Love And Theft frå 2001. I finske Loimaa kom Markku Juhani Valtonen til verda. Mato Valtonen var med i Leningrad Cowboys sidan starten i 1986 og hjå meg kan han høyrast medan han syng på studioplatene We Cum From Brooklyn (1992), Happy Together (1994) og Go Space frå 1996, i tillegg til filmmusikken til den legendariske roadmovieen Leningrad Cowboys Go America (1989) og konsertplata Live In Provinzz frå 1993. Valtonen slutta i bandet i 1997. I 1962 vart Mark Arm fødd i regnfulle Seattle i delstaten Washington, og fekk fullt namn Mark McLaughlin. Mark Arm er best kjend for å ha tent til livets opphald som vokalist og gitarist i grungebandet Mudhoney, og han har i seinare tid turnert som gjestevokalist for eit attforeina MC5, men hjå meg må ein ty til plata Clean As A Broke-Dick Dog (1992) med supergruppa The Monkeywrench for å høyre han spele. I 1967 kom James Dean Bradfield til verda i walisiske Pontypool. Gitarisen Bradfield spelar og syng til vanleg i det walisiske marxistiske bandet Manic Street Preachers. I mi platehylle kan Bradfield høyrast på studioplatene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993), The Holy Bible (1994) og This Is My Thruth Tell Me Yours (1998), i tillegg til samleplata Lipstick Traces (A Secret History Of Manic Street Preachers) frå 2003. Bradfield kan også høyrast i samarbeid med Tom Jones på songen I’m Left, You’re Right, She’s Gone frå sistnemnde si plate Reload frå 1999. I 1972 gav Led Zeppelin ut singelen Rock And Roll frå plata Led Zeppelin IV, på B-sida var Four Sticks, og plata klatra berre til ein beskjeden førtiandre plass på listene, utan at det burde skremme nokon frå å høyre på produktet. I 1976 fekk sjåarane til det australske Nine Network stifte kjennskap med AC/DC. Det hendte på programmet Bandstand og sjåarane fekk både sjå og høyre at It’s A Long Way To The Top (If You Wanna Rock’n Roll). Resten av verda finn dette opptaket på DVD’en Plug Me In. I 1980 sa West Cornfort Club i gruvebyen Durham velkomen til Toy Dolls. I 1981 var dette dagen Motörhead slepte The St. Valentines Day Massacre Ep laus på fansen. I 1985 kunne ein oppleve Toy Dolls på Electric Ballroom i London.

20.02.2015

Tjuande februar

Tjuande februar 1944 kom Lew Soloff til verda i New York City. Trompetisten Soloff er i mi platehylle kreditert for å spele på Ian Hunter si andre soloplate All American Alien Boys (1976), Aretha Frankling si plate Aretha frå 1980, på eit spor på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread Or Alive, som kom på marknaden i 1981, i tillegg til at han spelar på Paul Simon si studioplate Graceland frå 1986, og The Offbeat Of Avenues, som The Manhatten Transfer slepte i 1991. I 1951 kom Gregory Beckerleg til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Bryan Gregory var med då ekteparet Lux Interior og Poison Ivy starta bandet The Cramps i 1976. Mi platesamling byr på Bryan Gregory sitt gitarspel på samleplata … Off The Bone frå 1983. Bryan Gregory døyde like i nærleiken av Disneyland i Anaheim sør for storbyen Los Angeles i 2001. I 1953 vart Kristy Marlana Wallace fødd i San Bernardino i solrike California. Poison Ivy er truleg verdas sexyaste kvinnelege rockegitarist gjennom tidene og var med å starte garagepunkbandet The Cramps i 1976. Saman med ektemannen Lux Interior var ho den einaste faste medlemmen i bandet fram til Interior døyde i 2009 og bandet vart oppløyst. Statusen for Poison Ivy sitt gitarspel i mi platehylle omfattar, enn så lenge, den same samleplata som ovanfornemnde bandkollegaen Bryan Gregory, i tillegg til konsertplata The Smell Of Female, som vart spela inn over to dagar i februar 1983. I kanadiske Vancouver kom David Georg Talor til verda. Bassisten Dave Taylor spelte fast for Bryan Adams i tida 1982 til 1998 og i mi platehylle kan han høyrast på plata Waking Up The Neighbours frå 1991. I 1959 kom Sebastian Steinberg til verda. Bassisten Steinberg kan i mi platehylle høyrast på eitt spor på Suzanne Vega si samleplate Tried And True – The Best Of Susanne Vega frå 1998. I 1963 kom Ian George Brown til verda i engelske Warrington. Ian Brown var vokalist i bandet The Stone Roses og sjølv om Brown har hatt ei suksessfull karriere etter at bandet la opp etter at dei gav ut den andre studioplata, The Second Coming i 1994 er det nettopp denne plata som er Brown sitt bidrag til mi platehylle. I 1967 vart Kurt Donald Cobain fødd i Aberdeen i delstaten Washington. Kurt Cobain var sjefen i Nirvana fram til han døyde i 1994. Eg var i heimbyen hans, Aberdeen, på den amerikanske vestkysten i 1995 og har ikkje noko problem med å forstå at ungdom frå ein så nitrist stad tek livet av seg. Hjå meg kan Cobain høyrast på studioplatene Bleach (1989), Nevermind (1991) og In Utero (1993), i tillegg til konsertplatene MTV Unplgged In New York (1994) og From The Muddy Banks Of Wishkah (1996). I 1972 kom Neil Primrose til verda i skotske Cumbernauld. Trommsien Primrose sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Travis si tredje studioplate The Invisible Band, som kom på marknaden i 2001. I 1977 vart Edwin James Graham fødd i Great Yarmouth. Ed Graham var trommeslagar i bandet The Darkness og kan i mi platehylle høyrast på plata Permission To Land frå 2003. Graham slutta i bandet i 2008 på grunn av sviktande helse. I 1985 heldt Toy Dolls konsert på i Umist i Manchester. I 2002 gav danske D-A-D (Disneyland After Dark) ut plata Soft Dogs, produsent var Nick Foss. I 2006 kom det bergenske trashmetallbandet Manngard si debutplate, Circling Buzzards.

19.02.2015

Nittande februar

Nittande februar 1943 vart Bobby Gene Emmons fødd i Corinth i Mississippi. Bobby Emmons er i mi platehylle kreditert for å spele diverse tangentinstrument på J. J. Cale si samleplate Classics frå 1999, samt orgel på utvalde spor på Olav Stedje si samleplate 21 Beste frå 1998. I 1947 kom Øystein Dolmen til verda i trønderhovudstaden Trondheim. Dolmen er kjent for nordmenn flest som den eine halvleiken av duoen Knudtsen & Ludvigsen og har underheldt fleire generasjonar vaksne og barn, samstundes, med ablegøyane sine. Høyr gjerne innom for å prøvelytte spellemannsprisløna Juba Juba frå 1983. I 1948 vart Frank Anthony Iommi fødd i Aston i Birmingham. Gitaristen Tony Iommi var ein snartur innom det alltid like hårfine bandet Jethro Tull før han rota seg i hop med Ozzy, Bill Ward og Geezer Butler for å starte det som seinare skulle bli tungrockbandet Black Sabbath. Dei siste åra har Iommi turnert under namnet Heaven & Hell, saman med den avdøyde metallgnomen Ronnie James Dio. Grunna sjukdom, fyrst Dio, og sidan Iommi sjølv, gjekk han glipp av to turar til Bergen, men eg var heldig og fekk sjå Iommi forige gong han vitja byen, saman med resten av Black Sabbath i 2005. Rekkja som er med å dokumentere dei viktigaste musikalske høgdepunkta frå Iommi si karriere i mi platehylle inneheld debutplata Black Sabbath (1970), samleplata Between Heaven & Hell (1995), samt deltaking på eit spor på Ozzy Osbourne si konsertplate Live & Loud frå 1993. I Philladelphia kom Mark Andes til verda. Bassisten Andes kan hjå meg høyrast medan han spelar for Heart på konsertplata Rock The House-Live frå 1991. I 1954 kom Francis Buchholz til verda i tyske Hannover. Bassisten Buchholz er best kjend for å spele saman med Scorpions og kan hjå meg høyrast på plata Crazy World frå 1990, som var den siste av bandet sine plater han deltok på. I 1956 vart Peter Holsapple fødd i Greenwich i Connecticut. Gitaristen Holsapple var frontfigur i bandet The db’s, som, saman med mellom anna R.E.M., herja universitetsmiljøa i søraustre delar av USA på åttitalet. Hjå meg høyrer du Holsapple spele gitar på eit spor på plata Green, som R.E.M slepte i 1988, samt bass på dei same R.E.M. si studioplate Out Of Time frå 1991. I 1958, like etter midnatt, gjekk Billie Holiday og Ray Ellis Orchestra i studio og starta innspelinga av plata Lady In Satin, som kom på marknaden i juni same år. Plata var tilgjengeleg i to format, mono og stereo og skal vist nok vere songarinna sitt favorittalbum. I London kom Steve Nason til verda. Tangentmannen Steve Nieve var sentral i bandet The Attractions, som er kjend for eit årelangt samarbeid med Elvis Costello. Nieve har også vore innom Madness, og kan hjå meg høyrast på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og samleplata The Heavy Heavy Hits, som var Madness sitt bidrag til platehyllene i 1998. I 1960 kom Steve Poltz til verda i Halifax i Nova Scotia. Gitaristen Poltz er best kjend for å spele og komponere for Jewel, men var i si tid sjefen i The Rugburns og kan i mi platehylle høyrast på Ep’en Mommy, I’m Sorry frå 1995. I 1964 kom Pierre Lamy til verda. Under artistnamnet Polo har Lamy gjort seg merkt som vokalist i det franske alternativbandet Les Satellites som var aktive i åra frå 1985 til 1994. Hjå meg kan Polo høyrast på plata Riches & Célèbres frå 1989. I 1974 spela Johnny Cash inn What On Earth Will You Do (For Heavens Sake). Songen, som var produsert av dei to Jack'ane Clement og Routh, kunne høyrast på plata Ragged Old Flag, som kom ut same år, og er elles å finne på samleplata God som kom ut i 2000. I 1976 vart Teddy Thompson fødd i London. Gitaristen Thompson er son av det tidlegare musikarekteparet Richard og Linda Thompson og må kunne kallast arveleg belasta. Hjå meg kan Thompson høyrast med bakgrunnsvokal på Rufus Wainwright si tredje studioplate, Want One frå 2003. I 1978 kunne ein høyre Gasolin spele live i Tivoli. Songane Kina Rock, December I New York, Fi-Fi Dong, Girl You Got Me Lonely, Refrainet Er Fritt og Som Et Streif Af En Dråbe kan høyrast på samleplata Derudaf - Forever. I 1980 nytta AC/DC- vokalisten Bon Scott dagen til å døy i London etter den siste av hans mange fyllekuler. I 1983 heldt Toy Dolls konsert i Working Mens Club i Newbottle, ein konsert som vart den siste der originalmedlemmen Flip spelte bass. Dette hendte samstundes med at Madness låg trygt på åttandeplassen på listene med singelen Tomorrows Just Another Day, ein song du i mi platehylle finn på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1999. I 2009 døyde Kelly Groucutt.

18.02.2015

Attande februar

Attande februar 1935 vart Ciarán Bourke fødd i den irske hovudstaden Dublin. Bourke var ein av grunnleggjarane av The Dubliners, men vart råka av sjukdom i 1974 og kunne ikkje halde fram med å spele med bandet. Hjå meg finn du Bourke sine musikalske bidrag på utvalde spor på samleplata At Their Best frå 1998. Bourke vart rekna som fullverdig medlem av The Dubliners heilt frå sjukdomen råka og fram til han døyde i 1988. I 1946 kom Buddy Cage til verda i kanadiske Toronto. Steel-gitaristen Cage sitt musikalske bidrag til mi platesamling finn ein på plata Blood On The Tracks, som Bob Dylan gav ut i 1975, og på utvalde spor på samleplatene The Bootleg Series Vol. 1, som same Dylan slepte i 1991. I 1952 vart Veronica Crawford fødd i Macon i den amerikanske delstaten Georgia. Songerinna Randy Crawford har hatt større suksess i Europa enn i heimlandet og er godt kjend for eit samarbeid med norske Lava. Crawford sitt bidrag til mi platesamling heiter Secret Combination og kom på marknaden i 1981. I 1953 kom Fausto Mesolella til verda. Gitaristen Mesolella sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998. I kanadiske Winnipeg vart Robin Bachman fødd. Robbie Bachman, den yngste av Bachman-brørne, har hatt trommene som yrkesveg og har hatt bandet Bachmnan-Turner Overdrive som arbeidsgjevar. Hjå meg kan Bachman høyrast medn han held takten på samleplata The Very Best Of Bachman-Turner Overdrive, som kom på marknaden i 2001. I 1965 vart Andre Romelle Young fødd i Compton i California. Rapartisten Dr. Dre er ein av verdas mest kjende raparar og kan hjå meg høyrast på tre ulike titlar frå kompisen Eminem, The Slim Shady LP (1999), The Marshall Matters LP (2000) og The Eminem Show (2002). I 1969 var Miles Davis i Columbia Studio B i New York og spelte inn det som skulle ende opp som plata In A Silent Way, som kom ut i juli same året. Med seg i studio denne dagen hadde Davis Wayne Shorter på saksofon, Chick Corea og Herbie Hancook på el. Piano, Joe Azwinul på orgel, John McLaughlin på gitar, Dave Holland på bass og Tony Williams på trommer. I 1970 stod Elvis Presley i studio og spela inn The Wonder In You. I 1974 var Johnny Cash i studio og spelte inn While I Got You On My Mind. Songen fekk plass på plata Ragged Old Flag og kan i tillegg høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1985 kunne det opplevast ein konsert med Toy Dolls på Winter Gardens i Cleethorpes. Og i 1986 var dette dagen då Madness sin singel Sweetest Girl stogga på trettifemte plass, ein song du i mi platehylle finn på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1999. I 1992 gav det islandske bandet Sugarcubes ut si tredje og siste studioplate, Stick Around For Joy. I 2003 slepte Calexico plata Feast Of Wire, dette var bandet si fjerde studioplate.

17.02.2015

Syttande februar

Syttande februar 1933 kom Spike Heatley til verda i London. Bassisten Heatley sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Rod Stewart si plate Smiler frå 1974 og på utvalde spor på same Stewart si doble samleplate The Mercury Anthology frå 1992. I 1938 vart Charles Wilburn Trent fødd i Spartanburg i South Carolina. Banjospelande Buck Trent har vore profesjonell musikar sidan han var ti år gamal og er ein anerkjent country-musikar som i mi platehylle kan høyrast på utvalde spor på samleplata Greatest Hits, som Dolly Parton slepte laus på uskuldege platekjøparar i 1982. I 1950 vart multiinstrumentalisten Rickey Medlocke fødd i Jacksonville, nord i pensjoniststaten Florida. Medlocke, som er barnebarn av bluesartisten Shorty Medlocke, er best kjend for at han gjennom åra har vore gitarist og vokalist i Blackfoot, og at han har vore innom sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd i to periodar, der han har traktert både trommer og gitar. I mi platesamling er Medlocke representert med gitarspel og vokal på Blackfoot si studioplate Marauder (1981), i tillegg til den fantastiske konsertplata Highway Song, frå englandsturneen i 1982. Medlocke er også kreditert for gitarspel på den niande studiplata frå Lynyrd Skynyrd, Twenty, som kom i platehyllene i 1997. Den tidlegare Blackfoot-sjefen har framleis ei framtredande rolle i sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd, samstundes som han leiger ut bandnamnet Blackfoot under strengt overoppsyn av sjefen sjølv. I 1951 kom John Lingwood til verda i London. Trommeslagaren Lingwood sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered, som Manfred Mann’s Earth Band slepte i 1999. I 1957 vart Jeffrey Foskett fødd i California. Gitaristen Jeff Foskett er best kjend for å spele med The Beach Boys, i mi platehylle kan han høyrast på Brian Wilson sine plater Pet Sounds Live (2002) og Smile frå 2004. I 1960 spelte Johnny Cash inn songane I Feel Better All Over og My Shoes Keep Walking Back To You. Begge songane fekk plass på plata Now, There Was A Song og kan i tillegg høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1972 kom Gunnar Westgaard til verda. Bassisten Westgaard spelte i utskjelde Postgirobygget frå 1995 til 2008 og i mi plathylle kan han høyrast på studioplata Melis frå 1996. I industribyen Oakland i California vart Billie Joe Armstrong fødd. Som vokalist og gitarist er Armstrong frontmannen i Green Day og mi platesamling byr på studioplatene Dookie frå 1994 og Nimrod (1997), i tillegg til konsertplata Bullet In A Bible, som kom på marknaden i 2005. I Fort Worth i skytegale Texas kom Oliver Talylor Hawkins til verda. Trommisen Taylor Hawkins har sidan 1997 eigd trommestolen i Foo Fighters og er i platehylle kreditert for å halde takten på eitt spor på studioplata The Colour And The Shape frå 1997, samt på heile tredjeplata There Is Nothing Left To Lose frå 1999. I 1975 gav våre venner i AC/DC ut debutplata si, High Voltage, på heimemarknaden i Australia. Resten av verda måtte vente til Atlantic Records lanserte ein internasjonal versjon i 1976, men denne hadde ei anna samansetjing av låtutvalet på originalen. I 1976 kom Svein Berge til verda i Tromsø. Berge er den eine halvleiken av elektronikaduoen Röyksopp og kan i mi platehylle høyrast på debutplata Melody A.M. frå 2001. I 1978 slepte The Clash singelen Clash City Rockers, som nådde ein trettifemteplass på dei engelske singellistene. I 1980 nytta Toy Dolls datoen til å dra attende til Old Club i Shildon for å spele for fansen. Året etter, i 1981, nytta Iron Maiden denne datoen til å legge ut på ein omfattande verdsturne. Fyrste konserten var i Ipswich, den fyrste av i alt tjuefire i England, før resten av den vide verda stod for tur, eitt hundre og tretten konsertar alt i alt. Mindre oppstuss, men like sveitt stemning var det truleg då trufaste Toy Dolls nytta denne kvelden til å spele på Wine Loft i Sunderland litt lengre nord på den engelske austkysten. Dette hendte same dag som Los Palmas 7 var nummer sju på dei engelske singellistene, same plassering som songen har fått på Madness si samleplate The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 2005 slepte Total Devastation plata Reclusion.

16.02.2015

Sekstande februar

Sekstande februar 1916 kom Charles Fowlkes til verda i den amerikanske delstaten New York. Saksofonisten Fowlkes slo seg saman med Count Basie i 1953 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Atomic Swing, som kom på marknaden i 1999. Fowlkers døyde i 1980. I 1959 vart Cèilo De Carvalho fødd i Rio de Janeiro. Perkusjonisten Carvalho har base i Oslo og kan i mi platehylle høyrast på den prisløna plata Brazilicum, som Trio De Janeiro slepte i 1993, i tillegg til utvalde spor på Bare Egil Band si sjølvtittulerte debutplate frå 1996. I 1960 var det songane Old Doc Brown, The Fable Of Willie Brown og Smiling Bill McCall som vart festa til rullane av Johnny Cash med band. Plata Ride This Train frå 1960 er rett stad å leite for den som vil høyre desse klassiske Johnny Cash-songane. I 1965 kom David Lombardo til verda i den kubanske hovudstaden Havanna. Trommisen Dave Lombardo var i hine hårde dager med å grunnleggje trash metall-legendene Slayer og kan i mi platehylle høyrast på konsertplata Decade Of Aggresion frå 1991, samt på studioplata Christ Illution frå 2010. I 1967 vart Damon Reece fødd i London. Trommisen Reece har ei fortid i Echo And The Bunnymen, har spelt mykje med Massiv Attac og er gift med Cockteau Twins-vokalisten Elizabeth Fraser. Hjå meg kan Reece sitt trommespel høyrast på Dr. John si studioplate Anuthua Zone, som kom på marknaden i 1998. I 1971 var Johnny Cash i studio i Nashville i Tennessee og spela inn songen Man In Black som vart tittelsporet på ei plate han gav ut seinare same året. Songen kan også høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1978 kom osingen Vidar Bratlund-Mæland til verda. Kunstnaren Bratlund-Mæland er den eine halvleiken av kultdansebandet FrodeVidars frå Os i Hordaland, som herjar og raljerar vilt med dansebandsjangeren. Plata Gromkillar er på plass i hylla. I 1985 var det gladpønk på Merseyside, då kunne Liverpool University by på konsert med Toy Dolls. I 2004 døyde Doris Troy.

15.02.2015

Femtande februar

Femtande februar 1944 kom Michael Charles Avory til verda i engelske Surrey. Mick Avory var den fyrste trommeslagaren i The Kinks og spelte saman med bandet fram til 1984. Mi platehylle byr på Avory sitt stødige trommespel på samleplata Greatest Hits. I 1945 vart John Anthony Helliwell fødd i den eksotiske småbyen Todmorden i Yorkshire i England. John Helliwel har spela ei rekkje instrument for det engelske progrockbandet Supertramp og kan hjå meg høyrast på plata Crisis? What Crisis? Frå 1975. I 1949 kom William Morris Nicholls til verda i Hammersmith i London. Billy Nicholls er kreditert for bakgrunnsvokal på to spor på The Who si studioplate Who Are You frå 1978. I 1951 vart Norman Watt-Roy fødd i den indiske storbyen Bombay. Watt-Roy er best kjend som bassist i Ian Dury & The Blockheads, som prydar mine platehyller med to solide studioplater, New Boot & Panties (1977) og Do It Yourself (1979), og han kan hjå meg i tillegg høyrast som hjelpevokalist på Nick Cave & The Bad Seeds si plate Nocturama frå 2003. I 1954 kom David Ricketts til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Ricketts sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata Storyville, som var Robbie Robertson si andre soloplate og kom på marknaden i 1991, og på eitt av spora på Sheryl Crow si debutplate Thuesday Night Music Club frå 1993. I 1958 vart Adam Holzman fødd i New York City. Tangentmannen Holzman vart hyra inn for å spele for Miles Davis på plata som også er Holzman sitt bidrag til mi platehylle, Tutu frå 1986, og han vart værande i trompetlegenda sitt band dei nest fire åra. I 1959 kom Alistair Ian Campbell til verda i engelske Birmingham. Ali Campbell var ein av grunnleggjarane av UB40, men hoppa av i 2008, og er seinare sett som dommar i fjernsynsprogrammet New Zealand’s got Talent. Hjå meg kan Campbell høyrast på samleplata The Best Of UB40 vol. 1 frå 1987. I 1960 var ein ung og effektiv Johnny Cash i studio saman med dei faste musikarane sine, gitaristen Luther Perkins og bassisten Marshall Grant. I tillegg hadde han med seg Johnny Western på gitar, Harold B. Jackson på dobro og steelguitar, Gordon N. Terry på fele, pianisten Floyd Cramer og trommeslagaren Murray M. Harman. Saman rakk denne oktetten å spele inn heile seks songar denne vinterdagen. Lista tel Loading Coal, Slow Rider, Lumberjack, Dorraine Of Ponchartrain, When Papa Played The Dobro og Boss Jack. Alle songane kan høyrast på plata Ride This Train, som vart produsert av Don Law og kom i platehyllene seinare same året. I 1965 døyde Nat King Cole. I 1974 slepte Deep Purple plata Burn. I 1975 kom Rush si andre studioplate Fly By Night. I 1976 vart Ronald Dante Vannucci Jr. fødd i spillebyen Las Vegas midt ute i Nevada-ørkenen. Trommisen Ronnie Vannucci Jr. held til dagleg takten for bandet The Killers, og hjå meg kan han høyrast på platene Hot Fuss (2004) og Sam’s Town (2006), bandet sine to fyrste studioplater. I 1979 stod Judas Priest på scena i den japanske hovudstaden Tokyo. Dette var den andre av dei konsertdatoane som er lista opp på det som enda opp som konsertplata Unleashed In The East, som kom ut i oktober same år. Dei som i 1980 nytta denne datoen til å kose seg med den lokale underhaldninga på Castle Inn i Durham hugsar truleg at det var Toy Dolls som underheldt frå scenen. I 1981 døyde Mike Bloomfield. I 1985 nytta Toy Dolls denne datoen til å reise heilt til Englands nest største by, Birmingham, for å spele konsert på det lokale universitetet.

14.02.2015

Fjortande februar

Fjortande februar 1939 vart Norman Christopher Pyne fødd i engelske Bridlington. Trombonisten Chris Pyne spelte fast i Frank Sinatra sitt band i mange år, hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry & Roxy Music frå 1995. I 1947 kom Arne Henry Sandum til verda. Bassisten Sandum spelar til dagleg i Hellbillies og i mi platehylle kan han høyrast på tre av bandet sine tidlegaste studioplater, Sylvspente Boots (1992), Lakafant (1995) og Drag (1996), i tillegg til konsertplata Live Laga frå 1997. I Washington D.C. vart Timothy Charles Buckley III fødd. Tim Buckley levde fort, kort og hektisk i det krevjande rampelyset, men rakk å spele inn ni studioplater før han sa takk for seg. Buckley etterlot seg sonen Jeff Buckley til å føre den musikalske arven vidare. Mi platehylle byr på Buckley senior sitt arbeid på studioplata Greetings From L.A. frå 1972. Buckley døyde i 1975. I 1950 kom Roger Fisher til verda i Seattle i Washington. Gitaristen Fisher er best kjend for å spele saman med Wilson-systrene i Heart og kan hjå meg høyrast på studioplata Little Queen frå 1977. Fisher skilde lag med Heart i 1980. I 1953 vart Carmine Rojas fødd i New York City i New York. Bassisten Rojas kan i mi platehylle høyrast på plata Never Let Me Down, som var David Bowie sitt bidrag til platehyllene i 1987, Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989, og på Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991. I 1960 kom Jocelyn Pook til verda i engelske Birmingham. Pook sitt fiolinspel kan i mi platehylle høyrast på To Bring You My Love, som var PJ Harvey sitt bidrag til populærkulturen i 1995, Pogues si studioplate Pogue Mahone (1996), og plata Songs From Northern Britain, som Teenage Fanclub slepte i 1997. I 1973 kom Tore Bratseth til verda. Vokalisten Stud Bronson er verdas mest ihuga fan av Twisted Sister og har base i Lysefjorden i Os Kommune sør for Bergen. Bronson kan treffast på butikken på Buena når han ikkje er ute og turnerar med The Batallion, eller stalkar idola sine. I mi platehylle står to av The Batallion sine studioplater, Stronghold Of Men (2008) og Head Up High (2010). I 1981 hadde Toy Dolls teke inn på hotell, og det var Norseman Hotel i Peterlee som fekk vitjing og det skulle ikkje vere naudsynt å påpeike at dei sjølve stod for underhaldninga. I 1985 var Toy Dolls attende i gamlelandet etter ein utanlandstur og drog for å spele på Guildhall i Cambridge. I 2002 døyde Mick Tucker av blodkreft. I 2009 døyde Louie Bellson. I 2010 døyde vokalist Doug Figer frå The Knack. The Knack er mest kjend for hiten My Sharona frå debutplata Get The Knack frå 1979.

13.02.2015

Trettande februar

Trettande februar 1950 vart Robert John Daisley fødd i den australske storbyen Sydney. Bassisten Bob Daisley har spela bass for store namn som Ozzy Osbourne og Mungo Jerry. Hjå meg kan Daisley høyrast på Rainbow si plate Long Live Rock’n Roll frå 1978, Uriah Heep si fjortande studioplate, Abiminog, frå 1982, Black Sabbath si plate Eternal Idol frå 1987, utvalde spor på Ozzy Osbourne si konsertplate Tribute (1987), i tillegg til studioplatene No Rest For The Wicked (1988) og No More Tears (1991), og på Gary Moore si plate After Hours frå 1992, samt utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som Uriah Heep slepte i 1991. I 1956 kom Peter Hook til verda i engelske Salford. Bassisten Hook var ein av grunnleggjarane av Joy Division og New Order og kan hjå meg høyrast på dei to ulike samleplatene Substance 1987 (New Order) og Substance 1988 (Joy Division), i tillegg til eit spor på Gwen Stefani si studioplate Love Angel Music Baby frå 2004. I 1957 vart Anthony Earle Peter Butler fødd i London. Bassisten Tony Butler er best kjend for arbeidet han har gjort med Big Country og kan hjå meg høyrast på plata The Seer frå 1986. I 1962 kom Robert Damien Ellis til verda i engelske Bristol. Plateprodusenten Rob Ellis kan hjå meg høyrast medan han speler trommer og syng bakgrunnsvokal på studioplatene Rid Of Me (1993), Is This Desire (1998) og Stories From The City, Storeis From The Sea, alle med PJ Harvey i hovudrolla, og på madan han held takten på plata Grit, som Madrugada slepte i 2002. I 1964 vart Sergio Conforti fødd i den italienske motemetropolen Milano. Tangentmannen Rocco Tanica sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998. I 1970 gav Black Sabbath ut den sjølvtitulerte debutplata si og ei lang teneste i dei tunge riffa si teneste starta for dei unge rockarane frå Midt-England. I 1974 vart den engelske artisten Robert Peter Williams fødd i Stoke-on-Trent. Robbie Williams starta karrieren som ungjenteidol i dansebandet Take That, men har seinare etablert seg som soloartist og mi platehylle er berika med studioplata I’ve Been Expecting You frå 1998. Williams kan i mi platehylle høyrast når han stiller opp og samarbeidar på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1978 kunne lukkelege tilhøyrarar høyre Gasolin i Greve. Der framførde dei mellom anna Get On The Train og Jumbo Nummer Nul. Måndag trettande februar 1984 gjekk Judas Priest på scenen i Stadhalle i Offenbach. Oppvarmar var Ted ”Cat Scratch Fever” Nugent. I 1989 sa Uriah Heep seg fornøgd og avslutta innspelinga av albumet Raging Silence, ei plate som kom på marknaden på plateselskapet Lynx Records seinare same år. I 1996 kom The Fugees si andre og, enn så lenge, siste studioplate, The Score. I 2001 gav John Fruiscante ut plata To Record Only Water For Ten Days. I 2002 døyde countrystjerna Waylon Jennings av komplikasjonar i samband med diabetes.

12.02.2015

Tolvte februar

Tolvte februar 1929 vart Ernie Hayes fødd i den amerikanske delstaten New York. Pianisten Hayes sette sitt preg på den amerikanske populærmusikken i meir enn fire tiår frå tidleg 1940tal og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på utvalde spor for Nina Simone på samleplata The Greatest Hits frå 2003, og på utvalde spor på samleplata Godfather Of Soul, som dødsbuet etter James Brown slepte i 1998. I 1939 kom Raymond Daniel Manzarek jr. til verda i Chicago i Illinois. Tangentmannen Ray Manzarek er best kjend for arbeidet han gjorde med The Doors. I mi platehylle kan Manzarek sine psykedeliske orgellyd høyrast på The Doors si samleplate Greatest Hits frå 1980, i tillegg til Ballyhoo – The Best Of Echo & The Bunnymen, ei samleplate Echo & The Bunnymen slepte i 1997. Manzarek døyde i 2013. I 1952 vart Stephen Hodges fødd. Perkusjonisten Hodges er best kjend for å ha samarbeida med Tom Waits på ei rekkje innspelingar og kan i mi platesamling høyrast på plater som Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variations (1999). I 1956 kom Brian David Robertson til verda i engelske Clarkston. Gitaristen Brian «Robbo» Robertson har traktert gitaren i Thin Lizzy og Motörhead og kan høyrast på samleplatene From The Valults (Motörhead, 1990) og Dedication (Thin Lizzy, 1991), samt den i høgste grad uoffisielle konsertplata Ace Of Spades, som vart lurt inn på marknaden i Motörhead sitt namn i 1992. Robertson sitt gitarspel kan også høyrast medan han assisterar Shane MacGowan & The Popes på plata The Snake frå 1995. I 1959 kom trommeslagaren Omar Hakim til verda i New York City. Hakim har spelt med fleire rock, pop og jazzstjerner og kan i mi platesamling høyrast på Miles Davis sine plater Tutu, som kunne kjøpast frå 1986, og Amandala, som kom på marknaden i 1989, på plata City Streets, som Carole King slepte i 1989, samt på utvalde spor på samleplatene More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music (Bryan Ferry And Roxy Music, 1995), og Collection (Weather Report, 2008). I 1966 kom Paul Matthew Crook til verda i Plainfield i New Jersey. Gitaristen Paul Crook sitt bidrag til mi platehylle finn du på plata Return Of The Killer A’s, som Anthrax slepte i 1999, samt på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som kom på marknaden i 2006. I 1967 vart Jon Thorne fødd i Bishop’s Stortford i engelske Hertfordshire. Bassisten Thorne sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Amy Winehouse si plate Back To Back frå 2006. I 1969 kom Anneli Marian Drecker til verda i Tromsø. Tyskætta Anneli Drecker var den kvinnelege røysta i den Tromsø-baserte elektronicaduoen Bel Canto. Hjå meg høyrer du Drecker på platene Birds Of Passage (1989), Shimmering Warm & Bright (1992), Magic Box (1996), Rush (1998) og Dorothy’s Victory (2002). Drecker er også kreditert for vokalhjelp på Röyksopp si debutplate Melody A.M. frå 2001. I 1970 vart James Raymond Creeggan fødd i Scarborough i kanadiske Ontario. Bassisten Jim Creeggan spelar til dagleg i Barenaked Ladies og kan i mi platehylle høyrast medan bandet hjelp Tom Jones med eit spor på hans studioplate Reload frå 1999. I 1974 kom Sarah Martin til verda i engelske Blackburn. Fiolinisten Martin er fast medlem av Belle & Sebastian og kan hjå meg høyrast på plata The Boy With The Arab Strap frå 1998.

11.02.2015

Ellevte februar

Ellevte februar 1931 kom Lionel Batiste til verda ved munningen av Mississppielva, i New Orleans i Louisiana. Trommeslagaren Batiste kan i mi platehylle høyrast på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991. Batiste døyde i 2012. I 1943 kom Alan Rubin til verda i New York City. Mr. Fabolous var ein meister på fleire blåseinstrument og kan hjå meg høyrast som ein del av The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og på samleplata Best Of The Blues Brothers (1981), på utvalde spor på samleplata Hits Out Of Hell, som Meat Loaf slepte i 1984, på Paul Simon si plate Graceland frå 1986, og på Anutha Zone, som Dr. John slepte i 1998. Alan Rubin døyde i 2011. I 1956 vart David Uosikkinen fødd i Cheltenham i Pensylvania. Trommeslagaren Uosikkenen er ein av originalmedlemmene i det amerikanske bandet The Hooters og held takten på to bidrag til mi platehylle, studioplatene Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1957 kom Øystein Eldøy til verda. Bassisten Eldøy slo seg saman med Stavangerensemblet i 1981 og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Ska Det Ver…Så Ska Det Ver (1981) og Knappar Og Glansbilder (1984). I 1962 kom Sheryl Suzanne Crow til verda i småbyen Kennett i Missouri. Sheryl Crow, som har vore meir i europeisk media på grunn av spekulasjonar rundt ekskjærasten sin påståtte, og godt dokumenterte kombinasjon av sykkelkarriere og dopbruk, har vunne så mykje som ni Grammy-prisar. I tillegg til soloprosjekta sine har ho spela med artistar som Mick Jagger, Eric Clapton og Kid Rock. I mi platehylle kan Crow, i tillegg til debutplata Tuesday Night Music Club frå 1993, høyrast medan ho syng og spelar accordion på Johnny Cash sine plater American III: Solitary Man frå 2000 og Unearthed (2003), og på Ryan Adams si studioplate Easy Tiger frå 2007. I 1968 vart Per Kristian Ottestad fødd. Ottestad sitt bidrag til mi platehylle heiter Turnpike Diaries og vart slept på marknaden av The Getaway People i 2000. I IBC Studios i London produserte Kit Lambert The Who-låta Little Billy. I 1974 kom Michael Eugene Archer til verda i Richmond i Virginia. Multiinstrumentalisten D’Angelo markerar seg like sterkt som plateprodusent som musikar, men er likevel kreditert med vokalhjelp på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1977 vart Michael Kenji Shinoda fødd i Augora Hills i California. Mike Shinoda er frontmann i Linkin Park og kan hjå meg høyrast på studioplata Meteora, og på konsertplata Live In Texas, som begge kom på marknaden i 2003. I 1984 var det songen om den engelske skodespelaren Michael Caine som sikra Madness ellevteplass på hitlistene. I 1985 slepte The Smiths si andre studioplate, Meat Is Murder, som mange hevdar er bandet sitt sterkaste kort. I 1992 kom Cowboy Junkies si fjerde studioplate, Black Eyed Man. I 1997 platedebuterte Erykah Badu med den kanonsterke plata Baduizm.

10.02.2015

Tiande februar

Tiande februar 1932 vart Alton Rubin fødd i Carencro i Louisiana. Trekkspelfantomet Rockin’ Dopsie kan hjå meg høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. Rubin døyde i 1993. I 1937 kom Roberta Flack til verda i Black Mountain i den nordligste av dei to Carolina-delstatane. Songerinna Flack sitt bidrag til mi platehylle heiter Softly With These Songs, som er dama si tredje Best Of-plate og kom på marknaden i 1993. I 1940 kom Kenny Rankin til verda i Los Angeles i California. Gitaristen Rankin kan i mi platesamling høyrast på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965, og på utvalde spor på den triple samleplata The Bootleg Series Vol 1-3, som kom på markanden i 1991. Rankin døyde i 2009. I 1947 vart John Christopher Ethridge fødd i Meridian i Mississippi. Bassisten Chris Ethridge var ein av grunnleggjarane av The Flying Burrito Brothers, hjå meg kan han høyrast på Ry Cooder si debutplate Ry Cooder frå 1970, og på Willie Nelson si storselgjande plate Stardust frå 1978. Ethridge døyde i 2012. I 1949 vart Nigel Olsson fødd i Merseyside. Trommisen Olsson er best kjend for å spele med Elton John, hjå meg høyrer du han medan han spelar trommer på fleire av songane på Uriah Heep si plate Very ’eavy… Very ’Umble frå 1970, samt utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som kom på marknaden i 1991. I 1954 kom Corky James til verda i Washington D.C.. Gitaristen James har spela på ei rekkje hitplater verda over, hjå meg kan han høyrast medan han trakterar gitaren på plata Let Go, som Avril Lavigne slepte i 2002, og på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1962 kom Clifford Lee Burton til verda i Castro Valley i California. Bassisten Cliff Burton spelte på dei tre fyrste studioplatene som Metallica slepte. Hjå meg kan Burton høyrast på studioplatene Kill ‘Em All (1983), Ride The Lightning (1984) og Master Of Puppets (1986), i tillgg til den doble Ep’en Creeping Death/Jump In The Fire (1984). Burton døyde då Metallica sin turnébuss kvelva på motorvegen utanfor Stockholm i 1986. I 1967 vart Laura Elizabeth Dern fødd i Los Angeles i California. Skodespelarinna Laura Dern, best kjend frå David Lynch sin serie Twin Peaks, syng bakgrunnsvokal på songen Heal Me på Melissa Etheridge si plate Skin frå 2001. I Ösmo ved Stockholm vart Peter Lars-Marthon Halapi fødd. Gitaristen Lars Halapi er ein av grunnleggjarane av Bo Kaspers Orkester, men sa takk for seg i bandet i 1996. Hjå meg kan Halapi høyrast på platene Söndag I Sängen (1993), På Hotell (1994) og Amerika frå 1996, i tillegg til Desireless, som Eagle-Eye Cherry slepte i 1997, og Ulf Lundell si plate Männ Utan Kvinnor frå 1997, ei plate Halapi også produserte. Same dag gav Aretha Franklin ut singelen I Never Loved A Man (The Way I Love You), som klatra til topps på R&B-listene. B-sida var Do Right Woman – Do Right Man. I 1970 var dette dagen Mott The Hoople var i Olympic Studios I London og spela inn Wrong Side Of The River. Songen enda opp på bandet si tredje studioplate, Wildlife, som kom ut året etter. I 1978 gav Judas Priest ut den fjerde studioplata si, Stained Class. I 1979 spelte Judas Priest i levande live i Tokyo og delar av konserten kan høyrast på plata Unleashed In The East som kom på marknaden seinare same året. I 1992 platedebuterte dei walisiske marxistane i Manic Steet Preachers med plata Generations Terrorist. I 1997 kom Blur si femte studioplate, som hadde same namn som bandet og var opphavet til den artige Beetlebum. I 2004 gav Melissa Etheridge ut plata Lucky, ei plate som fekk særs lite mediadekning då opphavsdama måtte avlyse all form for pressearbeid til fordel for behandling for brystkreft.

09.02.2015

Niande februar

Niande februar 1942 vart Carole Klein fødd i New York City. Songerinna Carole King hadde stor suksess som låtskrivar, saman med ektemannen George Goffin, på sekstitalet. Også som plateartist har King hatt stor sukses, og hjå meg finn du studioplata City Streets frå 1989. King er også kreditert for hjelpevokal på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. I 1947 kom Joe Ely til verda i Lubbock i skytegale Texas. Ely har eit stort namn innom fleire ulike sjangrar innom folk-rock konseptet, men hjå meg høyrest han best som hjelpevokalist på The Clash si plate Combat Rock frå 1982. I 1951 vart Dennis Thomas fødd i Jersey City i New Jersey. Multiinstrumentalisten D.T. har lang fartstid i Kool And The Gang og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata Anthology – 20 Greatest Tracks frå 1991. I 1958 vart William D. Evans fødd i Clarendon Hills i Illinois. Bill Evans har seinare gjort seg merkt som ein av verdas beste jazzsaksofonistar og fekk høve til å spele saman med trompetlegenda Miles Davis. Hjå meg kan Evans høyrast på Miles Davis si plate Decoy frå 1984. I 1963 kom David Rotheray til verda i den engelske hamnebyen Kingston upon Hull. Kommunistsonen Dave Rotheray var gitarist i bandet The Beautiful South og hjå meg kan han høyrast på platene Welcome To The Beautiful South (1989), og Painting It Red, som kom på marknaden i 2000. I 1968 slepte Aretha Franklin singelen (Sweet Sweet Baby) Since You’ve Been Gone, med B-sida Ain’t No Way. I 1980 vart Gjermund Landrø fødd i Rennebu. Bassisten Landrø spelte tidlegare i Gåte og kan hjå meg høyrast på plata Iselilja frå 2004. I tillegg nytta Charles Fowlkes dagen til å dra sitt siste andedrag. I Madrid var AC/DC på scenen, hendinga vart filma og Girls Got Rhythm og Highway To Hell kan sjåast på DVD’en Family Jewels. I Newcastle fekk North Kenton Club vitjing av Toy Dolls. I 1991 gav Deacon Blue ut studioplate nummer tre, som fekk tittelen Fellow Hoodlums. I 1994 slepte det finske powermetal-bandet Stratovarius studioplata Dreamspace. I 1997 døyde Brian Connoly av komplikasjonar etter langvarig alkoholmissbruk. I 2002 døyde Bill McElhiney. I 2004 platedebuterte skotske Franz Ferdinand med ei plate som fekk same namn som bandet.

08.02.2015

Åttande februar

Åttande februar 1946 vart Adolfo de la Parra fødd i Mexico City. Fito de la Parra har spela trommer for Canned Heat i meir enn førti år og er i dag det næraste ein kjem ein originalmedlem i det tradisjonsrike bandet. Hjå meg kan de la Parra høyrast på plata House Of Blue Light, som neppe var bandet sitt sterkaste kort. I 1958 vart Paul Barker fødd i Palo Alto i California. Bassisten Barker spelte med Ministry i åra frå 1986 til 2004 og hjå meg høyrer du arbeidet hans på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1960 kom Stuart Hamm til verda i New Orleans i Louisiana. Stu Hamm er etter kvart ein merittert studiobassist og hjå meg kan han høyrast på gitargeniet Joe Satriani si plate Flying In A Blue Dream frå 1989. I 1961 vart Vincent Neil Wharton fødd i Hollywood i California. Racingentusiaten Vince Neil er til dagleg vokalist i Mötley Crüe og sjølv om han hadde ein fem år lang racingpause frå 1992 til 1997 var han bandet sin frontfigur fram til dei inngjekk avtale om at ingen av bandmedlemmene skal forsøke å melke bandnamnet lengre. Eg har ein Crüe-konsert under jakken og skulle gjerne stilt opp fleire gonger, men ser at det er like greitt om ein heller kosar seg med gamle minner. Hjå meg kan du høyre Neil på platene Too Fast Fo Love (1981), Shout At The Devil (1983) og Theatre Of Pain (1985), reine slagerparraden, i tillegg til samleplata Classic Mötley Crü. I 1963 vart Torkild Viig fødd i Stavanger. Bassisten Viig sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på samleplata Orignaler, som Mods slepte i 1992 og som inneheld bandet sine to fyrste studioplater Revansj (1981) og Amerika (1982). I 1974 vart Guillaume Emmanuel de Homem-Christo fødd i Paris. Guy-Manuel er den eine halvleiken av den franske elektronicaduoen Daft Punk og kan hjå meg høyrast på plata Human After All frå 2005. I 1978 vart Tor Risdal Stavenes fødd. Seidmann er bassist i bandet 1349 og kan hjå meg høyrast på plata Demonoir frå 2010. I Laguna Hills i California kom Anna-Lynne Williams til verda. Williams, som også nyttar aliaset Lotte Kestner, er til dagleg gitarist og vokalist i bandet Trespassers William, hjå meg kan ho høyrast medan ho yt hjelp til karane i Chemical Brothers på den prisløna plata Push The Button frå 2005. I 1980 slepte Sex Pistols samleplata Flogging A Dead Horse og seinare på kvelden hamra Toy Dolls laus på instrumenta sine i Excelsior Club i Newcastle. I 1993 slepte Mick Jagger si tredje soloplate, Wandering Spirit. I 1994 slepte Texas Tornados samleplata The Best Of Texas Tornados. I 2013 døyde Knut Nesbø.

07.02.2015

Sjuande februar

Sjuande februar 1917 vart Milton Olshansky fødd i Chicago i Illinois. Trommeslagaren Milt Holland var i ei årrekkje ein pioner i bruken av afrikanske og latin-amerikanske rytmar i jazz, pop- og filmmusikk. Hjå meg kan Milton Holland sitt trommespel høyrast på Ry Cooder si sjølvtitulerte debutplate frå 1970. Milton Holland døyde i 2005. I 1948 kom David Richard Campbell til verda i kanadiske Toronto. Komponisten og plateprodusenten David Campbell har produsert plater for kjende artistar som Kiss, Metallica og Linkin Park, med fleire, og i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar fiolin på den langt meir meritterte sonen, Beck, si plate Midnite Vultures frå 1999. Campbell er også kreditert for strengearrangement på Bon Jovi si plate These Days frå 1995, på Black Crows si plate By Your Side (1998), og på I.R.M., som Charlotte Gaisnbourg slepte i 2009, for å spele strengjeinstrument på eitt spor på Hole si plate Celebrity Skin frå 1998, for å traktere både messingblåsarar og strengjeinstrument på plata So Much For The City, som irske The Thrills slepte i 2003, i tillegg til at han fungerte som dirrigent på fleire spor på Meat Loaf si tredje Bat Out Of Hell-plate The Monster Is Loose frå 2006. I 1949 kom Alan Charles Lancaster til verda i London. Alan Lancaster stod i mange år for grom basslyd for verdas beste boogierockband, Status Quo, eit band han var med å starte så tidleg som i 1962. Lancaster gav seg i Status Quo etter Live Aid i 1985, etter musikalske stridigheiter med dei to sjefsboogiegitaristane Parfit og Rossi, og heldt fram med fleire musikalske prosjekt som aldri gav særleg stor avkasting. Lancaster kan i mi platesamling høyrast på samleplatene 12 Gold Bars og 12 Gold Bars II (Status Quo), og når han spelar med bandet The Bombers, som gav ut plata Aim High i 1990. I 1953 vart Bruce Gaitsch fødd i Chicago i Illinois. Gitaristen Gaitsch komponerte landeplaga La Isla Bonita saman med Madonna, noko som gjer at han også er kreditert for gitarsple på plata True Blue frå 1986. Hjå meg kan Gatitsch også høyrast medan han trakterar gitaren på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1954 vart Dieter Günter Bohlen fødd i tyske Berne. Dieter Bohlen var den eine halvleiken av den utskjelde popduoen Modern Talking og hjå meg kan han høyrast på plata Back For Good frå 1998. I 1955 vart James Zavala fødd i Sacramento, hovudstaden i California. Saksofonisten Jimmy Z sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. I 1959 kom Brian Travers til verda i engelske Birmingham. Saksofonisten Travers var ein av grunnleggjarane av UB40 og kjend som ein av dei som kunne spele eit instrument før bandet vart starta. Hjå meg kan Travers høyrast på samleplata The Best Of UB40 frå 1987. I 1961 gav Elvis Presley ut singelen Surrender, som låg to veker på listetoppen i USA, fire i England. Songen er ei omsetjing av den napolitanske balladen Torna A Sorriento, men ”kongen” sin versjon er nok den som er best kjend for dei fleste utanfor Italia. I 1962 vart David Bryan Rashbaum fødd i Perth Amboy i New Jersey. David Bryan er fast tangentmann for Bon Jovi og kan hjå meg høyrast på plata These Days frå 1995, der han i tillegg til tangentspel bidreg med bakgrunnsvokal. I 1969 var The Who i Morgan Studios i London og spela inn Pinball Wizard. Bak spakane sat produsent Kit Lambert. I 1975 kom Wesley Louden Borland til verda i Richmond, Virginia. Gitaristen Wes Borland har vore med og laga rå lyd i bandet Limp Bizkit med ujamne mellomrom sidan 1995 og kan hjå meg høyrast på remixplata New Old Songs frå 2001. På denne datoen i 1980 kunne ein la seg underhalde av Toy Dolls der dei stod på scenen på Finos i Sunderland, men kva som kom fyrst, klubben Finos eller songen der dei hevdar at She Goes To Finos, veit eg faktisk ikkje. I 1981 slepte The Stranglers plata The Gospel According To The Meninblack. I 1990 platedebuterte Primus med studioplata Frizzle Fry. I 2006 døyde Jack Montrose. I 2011 kom den vanskelege andreplata frå John Olav Nilsen & Gjengen. Produktet hadde titelen Det Nærmeste Du Kommer og bør vere eit sjølvsagt val for alle norske platekjøparar.

06.02.2015

Sjette februar

Sjette februar 1926 vart Bernie Glow fødd i New York City. Trompetisten er kjend for å spele med namn som Miles Davis og Frank Sinatra, hjå meg kan arbeidet hans høyrast på utvalde spor på Artha Franklin si samleplate The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1. frå 1994. Glow døyde i mai 1982. I 1928 kom Nelson Boyd til verda i Camden i New Jersey. Bassisten Boyd var i hine hårde dagar innom både Carlie Parker og Dizzie Gillespie sine orkester, men i mi platesamling er det på Miles Davis si samleplate Birth Of The Cool frå 1957 det elegante basspelet hans kan høyrast. Boyd døyde i oktober 1985. I 1931 vart John Pisano fødd på Staten Island i New York. Gjennom eit langt artistliv jazzmusikaren har Pisano samarbeida med mange store artistar og hjå meg kan basspelet hans høyrast på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1945 kom Robert Nesta Marley til verda i Nine Mile i Jamaica. Den jamaikanske reggaeartisten Bob Marley er til dags dato den internasjonalt best kjende reggaeartisten verda har sett og, i tillegg til det faste bandet, The Wailers, spelte han saman med dei to landsmenne Bunny Wailer og Peter Tosh. Hjå meg kan legenda høyrast på samleplata Legend frå 1984, i tillegg til dei uoffisielle samleplatene Collection Gold (1991) og His 24 Greatest Hits frå 1998. Bob Marley døyde i 1981. I 1946 vart Richie Hayward fødd i Clear Lake i Iowa. Trommeslagaren Hayward er best kjend for tida i Little Feat, men har seinare gjort seg merkt som studiomusikar. Hjå meg kan Hayward hørast medan han trommar på Ry Cooder si sjølvtitulerte debutplate frå 1970, og på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. Hayward døyde av leverkreft i 2010. I franskspråklege Montreal i Canada kom Kate McGarrigle til verda. Accordion- og banjospelande McGarrigle nådde aldri same mediemerksemd som eksmannen Loudon Wainwright III og barna Rufus og Martha Wainwright, men slepte elleve studioplater gjennom karriera si. Hjå meg kan McGarrigle høyrast på Loudon Wainwright III si plate Attempted Mustache frå 1973, og på Rufus Wainwright si plate Want One frå 2003. McGarrigle døyde i 2010. I 1949 vart Denis Godburn fødd. Godburn spelte til dagleg fagott i amerikanske symfoniorkester. Hjå meg kan Godburn sitt fagottspel høyrast på 10 000 Maniacs si studioplate Blind Man’s Zoo frå 1989. Godburn døyde i 2011. I 1953 vart Malcolm Mitchell Young fødd i den skotske storbyen Glasgow. Saman med broren Angus har «The Riff Maker» Malcolm Young hatt kontroll med AC/DC sidan den spede debuten i olympiabyen Melbourne i 1973 og saman har dei stått for klassikarar som Highway To Hell (1979) og Back In Black (1980). Mi platehylle byr på Dirty Deeds Done Dirt Cheap (1976), High Voltage (1976), If You Want Blood (1978), Back In Black (1980), For Those About To Rock (1981), ’74 Jailbreak (1984), The Razors Edge (1990), Let There Be Rock – The Movie (1997), Live From Atlantic Studios (1997, Volts (1997), og Black Ice (2010). Malcolm Young pensjonerte seg frå musikkindustrien i 2014 grunna demens, eit stort tap. I 1954 kom Scott Kempner til verda i bydelen Bronx i New York City. Kempner var rytmegitarist i bandet The Dictators og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Go Girl Crazy frå 1975. I 1956 kom Jerome David Marotta til verda i Cleveland i Ohio. Trommisen Jerry Marotta sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han held takten for Tears For Fears på plata Songs From The Big Chair (1985), for Robbie Robertson på hans andre soloplate Storyille frå 1991, på alt-country-stjerna Michelle Shocked si plate Arkansas Traveller (1992), på utvalde spor på Suzanne Vega si samleplate Tried And True – The Best Of Suzanne Vega frå 1998, og medan han hjelp til med litt tromming for 10 000 Maniacs på juksekonsertplata MTV Unplugged frå 1993. I 1957 vart Simon Phillips fødd i London. Trommeslagaren Phillips, med fortid i Toto, kan hjå meg høyrast medan han trommar på utvalde spor på samleplatene Metal Works ’73-’93 (1993) og The Essential Judas Priest (1998), begge kreditert Judas Priest, og på Joe Satriani si studioplate Flying In A Blue Dream frå 1989. I 1964 vart William Bruce Rose fødd i Lafayette i Indiana. W. Axl Rose er kjend som humørsjuk og lunefull vokalist i bandet Guns N’Roses. Hjå meg kan Rose høyrast på bandet sine fem fyrste plater, Appetite For Destruction (1987), G’N R Lies (1988), Use Your Illution I (1991), Use Your Illution II (1991) og The Spaghetti Incident (1993), og det er meir enn nok. I 1971 vart datoen prega av at Neil Young var i Quadrofonic Studios i countryhovudstaden Nashville i Tennesse og foreviga songen om mannen han kjøpte den flotte ranchen han eig i California frå, Old Man. Songen om den gamle mannen kan høyrast på plata Harvest, i tillegg til Greatest Hits og ei mengd samleplater. Den versjonen han spelar på DVD-plata Heart Of Gold frå Rhyman Auditorium i Nashville er ikkje å forakte for dei som likar å sjå gamle Neil spele i levande live. I 1991 slepte The Isley Brothers studioplata Tracks Of Life, som ikkje var eit musikalsk høgdepunkt for brørne. I 1995 slepte Morrisey samleplata The World Of Morrisey. I 1996 spelte Dave Matthews og Tim Reynolds akustisk konsert på Luther College i Decorah i Iowa. Hendinga vart spela inn og gjeven ut som dobbel konsertplate med titelen Live At Luther College i 1999. I 1998 døyde Carl Wilson. I 2011 sovna ein femtiåtte år gamal Gary Moore inn for godt. Dette hendte så altfor tidleg og var ein trist dag for alle som elskar god gitarbasert musikk.

05.02.2015

Femte februar

Femte februar 1929 vart Harold Simon Belsky fødd i Holyoke i Massachusetts. Trommisen Hal Blaine er kjend for å stemple Hal Blaine Strikes Again på alle stader han spelar, og det er ikkje få stadar. Blaine sitt bidrag til mi platehylle kan du høyre på Buffalo Springfield si debutplate Buffalo Springfield (1967), studioplata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968, på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976, i tillegg til utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som Elvis Presley sitt dødsbu slepte i 2002. I 1944 kom Alan Peter Kuperschmidt Kooper til verda i bydelen Brookly i New York City. Musikaren Al Kooper var i si tid med å starte det legendariske bandet Blood Sweat & Tears, men slutta for sikkerhets skyld i bandet i god tid før dei slo gjennom. Kooper sitt orgelspel kan derimot høyrast på Bob Dylan sine plater Highway 61 Revisited, frå 1965, og Blonde On Blonde frå 1966, i tillegg til Who’s Next, som The Who slepte i 1971. Kooper er i tillegg kreditert for spel på utvalde spor på Bob Dylan si samleplate The Bootleg Series Vol 1-3 frå 1991, og på like utvalde spor på The Essential Lynyrd Skynyrd, som Lynyrd Skynyrd slepte i 1998. I 1951 vart Geraint Meurig Vaughan Watkins fødd i Abertridwr i Wales. Tangentmannen Geraint Watkins kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Londonbeat på plata In The Blood (1990), og Van Morrison på studioplata Back On Top frå 1999, i tillegg til eitt av spora på Tom Jones si come back-plate Reload, også den frå 1999. Watkins trakterar også tangentane på utvalde spor på samleplatene Big Guns, som Rory Galagher slepte i 1995, og The Very Best Of Stray Cats (1996). I 1954 kom Cliff Martinez til verda i New York City. Trommisen Martinez har vore innom både The Dickies og Captain Beefheart, før han omsider fekk plass på trommestolen i Red Hot Chili Peppers. Martinez sitt hardslåande arbeid kan i mi platehylle høyrast på debutplata Red Hot Chili Peppers (1984) og oppfølgjarplata Freakey Styley frå 1985. I 1956 kom Vincent Colaiuta til verda i Republic i Pennyslvania. Trommisen Vinnie Colaiuta kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Sting på plata Sacred Love frå 2003, samt på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music (1995). I 1964 vart Michael Andrew McKagan fødd i grungebyen Seattle i Washington. Duff McKagan var lenge gitarist i bandet Guns N’Roses og i mi platesamling kan han høyrast på bandet sine fem studioplater, Appetite For Destruction (1987), Lies (1988), Use Your Illution I & II (1991) og The Spaghetti Incident. I tillegg kan McKagan sitt gitarspel høyrast på Velvet Revolver si debutplate Contraband frå 2004. I 1981 var AC/DC i Nihon Seinenkan i Tokyo. Dei frammøtte fekk, mellom anna, høyre Shot Down In Flames, What Do You Do For Money Honey, You Shook Me All Night Long, T.N.T. og Let There Be Rock. Vi som ikkje hadde høve til å kikke innom denne kvelden må nøye oss med opptaket som TV Tokyo sendte, og det finn ein på DVD’en Plug Me In. I 1982 slepte Uriah Heep si fjortande studioplate, Abiminog. I 2008 slepte canadiske k.d. Lang si femte soloplate, Watershed.

04.02.2015

Fjerde februar

Fjerde februar 1943 kom Barry Edward Beckett til verda i Birmingham i Alabama. Tangentmannen Barry Beckett var ein viktig del av Muscle Shoals Rhythm Section, men kan hjå meg høyrast medan han spelar på Bob Seger sine studioplater Beatuiful Loser (1975), Night Moves (1976), Stranger In Town (1978), The Distance (1982) og The Fire Inside (1991). Beckett er også kreditert for å spele piano på utvalde spor på Aretha Franklin si samleplate The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1., som kom på marknaden i 1994, og samleplata Classics, som J.J. Cale slepte i 1999, og på The Waterboys si studioplate Room To Roam frå 1990. Beckett døyde i 2009. Ein annan sentral medlem av Muscle Shoals Rhythm Section vart også fødd denne dagen, Jimmy Johnson vart fødd i Sheffield i Alabama. Gitaristen Jimmy Johnson kan hjå meg høyrast på platene Beautiful Loser (1975), Night Moves (1976), Stranger In Town (1978) og Against The Wind (1980), som alle vart slepte av Bob Seger And The Silver Bullet Band, i tillegg Rod Stewart si studioplate Vagabond Heart frå 1991, og samleplatene The Best Of Carly Simon (1975), The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1. (1994), og Classics (J.J. Cale, 1999). I 1948 vart predikantsonen Vincent Damon Furnier fødd i Allen Park i Michigan. Alice Cooper tok ikkje artistnamnet sitt etter gruppa han var med å starte i 1966 før i 1972, men i dag er det Furnier som er kjend som Alice Cooper. Både bandet og artisten har hatt fleire storselgjande plater frå starten og utover og hjå meg høyrer du studioplatene Billion Dollar Babies (1973) og From The Inside (1978), i tillegg til samleplata The Beast Of Alice Cooper. I tillegg kan Alice Cooper høyrast på sporet The Garden på Guns ‘N Roses si plate Use Your Illution I frå 1991. I 1963 vart Kevin John Wasserman til verda. Gitaristen Noodles spelar til dagleg i The Offspring og hjå meg kan han høyrast på platene Ignition (1992), Smash (1994), Americana (1998), Conspiracy Of One (2000) og Splinter (2003). I Cupertino i California kom Bryan Mantia til verda. Med kallenamnet Brain er Mantia kjend for å halde takten i Primus, som har fått plata Porc Soda (1993) inn i mi platehylle. Brain kan også høyrast medan han trommar på songen Big In Japan på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1967 nådde singelen Hey Joe frå Jimi Hendrix fjerdeplass på dei engelske platelistene. I 1969 slepte Aretha Franklin ein singel med sin eigen versjon av The Band-klassikaren The Weight. I 1975 vart Natalie Jane Imbruglia fødd i den austalske storbyen Sydney. Songerinna Natalie Imbruglia sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1977 gav Fleetwood Mac ut plata Rumours og med det var dei sikra legendestatus for fleire generasjonar framover. I 1980 var den dagen End Of The Century vart slept laus på folket. Dei skinnjakkekledde karane i Ramones hadde spela inn denne plata i Gold Star Studios i solrike California året før. Do You Remember Rock’n Roll Radio og Cinese Rock kan høyrast på plata Ramones Mania. Produsent var legendariske Phil Spector som er kjent for sin Wall Of Sound og slo gjennom som produsent med Da Doo Ron Ron. I 1991 gav Thin Lizzy ut samleplata Dedication: The Very Best Of Thin Lizzy. I 2001 døyde jazzmusikaren J.J. Johnson. I 2003 gav 50 Cent ut plata Get Rich Or Die Tryin’. I 2009 døyde Lux Interior. I 2013 døyde Reg Presley og Alva Lewis.

03.02.2015

Tredje februar

Tredje februar 1942 vart Eric Haydock fødd i engelske Burnley. Bassisten Haydock var originalbassisten i The Hollies, men fekk sparken så tidleg som i 1966. Hjå meg kan Haydock sitt basspel nytast på utvalde spor på samleplata 20 Great Love Songs. I 1947 kom David Russell Gordon Davies til verda i metropolen London. Gitaristen med det fantasifulle namnet David Davies er yngst i ein syskenflokk på åtte og vetlebror til meir kjende Ray Davies. Saman starta dei to brørne bandet The Kinks og la ut på ei musikalsk reise som for det meste skulle handle om storebror Ray sine til tider geniale idear. I mi platehylle finn du samleplata Greatest Hits. I 1956 vart Lee M. Ranaldo fødd på Long Island i New York. Lee Ranaldo var med å starte Sonic Youth i 1981 og har markert seg såpass at han vert rekna som ein av verdas femti beste gitaristar. Hjå meg kan Ranaldo høyrast på platene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street (2002). I 1959 kom Laurence Andrew Tolhurst til verda i engelske Horley. Trommeslagaren og keyboardmannen Lol Tolhurst var, saman med Robert Smith, ein av grunnleggjarane av The Cure, men sa takk for seg og forlet bandet i 1989. Hjå meg kan sitt arbeid Tolhurst høyrast på studioplatene Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me (1987) og Disintegration (1989). I 1967 vart Børge Petersen-Øverleir fødd på Hemnesberget. Gitaristen Petersten-Øverleir er ein mykje nytta turnégitarist og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren for Halvdan Sivertsen på plata Kjærlighetslandet frå 1994. Same dag spelte Jimi Hendrix Experience in The Wind Cries Mary i Olympic Studios. I 1999 døyde Gwen Guthrie. I 2003 kom den vanskelege andreplata frå Kaizers Orchestra. Tittelen, Evig Pint, tyder på at det var ein tøff innspelingsprosess som låg bak det ferdige produktet. Også Tom McRae slepte andreplata denne dagen, tittelen Just Like Blood tydar på at også dette var resultatet av ein vanskeleg prosess. For Nick Cave og dei aldrande punkarane i The Bad Seeds var det vonleg mindre smerte, men like fullt høg kvalitet då dei slepte si tolvte studioplate, Nocturama. Ein stor platesleppdag.

02.02.2015

Andre februar

Andre februar 1920 kom Joe Mondragon til verda i Antonito i Colorado. Bassisten Mondragon var ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast medan han spelar på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Mondragon døyde i 1987. I 1942 vart Graham William Nash fødd i tivolibyen Blackpool i eit krigsherja England. Graham Nash slo gjennom med eit brak i den engelske gruppa The Hollies, som etter kvart har fått sitt bidrag til mi platesamling med samleplata 20 Great Love Songs. Nash tok etter kvart turen over dammen og starta eit samarbeid med dei to herrene David Crosby og Stephen Stills i meir kjende Crosby, Stills & Nash (& Young) og fleire bidrag frå dette samarbeidet kan høyrast på Neil Young si Greatest Hits-plate frå 2004. Nash er også kreditert for å spele gitar og syngje på kompisen David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971, og han spelar gitar og perkusjon, i tillegg til å yte vokalhjelp på plata Zuma, som Neil Young slepte i 1975. I 1949 kom Ross Lamont Valory til verda i San Francisco i California. Bassisten Ross Valory var i si tid med å grunnleggje Journey, men fann etter kvart ut at det var greitt med ein pause frå bandet, noko som er årskaka til at han ikkje var med å studioplata Raised On Radio, den einaste plata han ikkje deltek på. Hjå meg kan Valory høyrast på dei fleste spora på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1951 vart Alphonso Johnson fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Johnson tok seg av dei mørkaste strengane i Weather Report på midten av syttitalet, før han overlet den oppgåva til supertalentet Jaco Pastorius. Hjå meg kan Jonson høyrast på utvalde spor på Weather Report si samleplate Collection frå 2008, i tillegg til eit spor på plata Graceland, som Paul Simon slepte i 1986. I 1962 kom Jan Magne Førde til verda i Langevåg i Sula Kommune på Sunnmøre. Førde er saman med storebrørne Helge og Jarle, drivkrafta i den norske jazzgruppa The Brazz Brothers, og kan høyrast på to ulike produksjonar i mi platehylle, Afrobrazz (1993) og Aquarium (2001). I 1970 slepte Grand Funk Railroad singelen Heartbreaker som klatra til syttiandreplass på den viktige Billboardlista. I 1976 gav sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd ut singelen Gimme Back My Bullets. I 1980 heldt Toy Dolls konsert i Comerads Club i Blackmill. I 1977 døyde Sid Vicious. I 1981 kom Iron Maiden si andre studioplate, Killers. I 1982 nytta dei engelske hardrockarane i Iron Maiden dagen til å sleppe den legendariske singelen Run To The Hills. Singelen der dei oppmodar om fjelltur klatra i dei påfølgjande vekene lett og elegant til sjuandeplassen på dei engelske singellistene. I 1991 fekk verda servert plata 1916 frå våre venner i Motörhead. Plata inneheld ei hylling av dei amerikanske kultpønkarane i Ramones og på tittelsporet, som avsluttar plata, har den aldrande speedfreaken Lemmy bytta ut bass med cello. Det siste får ikkje akkurat gamlingen til å høyrast ut som ein ekte Motörheadbanger, men det er ikkje tvil om at dette duger. I 2004 slepte Melissa Auf Der Maur sitt soloprosjekt debutplata Auf Der Maur, og Scissor Sisters platedebuterte med ei plate som har fått same namn som bandet. Som om det ikkje var nok, takka ein nesten nittiseks år gamal Alvino Rey for seg på denne dagen.

01.02.2015

Fyrste februar

Fyrste februar 1937 vart Isaac Donald Everly fødd i Muhlenberg County i Kentucky. Saman med broren Phil herja Don Everly platelistene som The Everly Brothers i rocken sin barndom. Hjå meg finn du Don Everly sitt musikalske arbeid som bakgrunnsvokal på Paul Simon si studioplate Graceland frå 1986. I 1939 kom Delano Floyd McCoury til verda i Bakersville i North Carolina. Del McCoury er gitarist i sitt eige bluegrasband, The Del McCoury Band, der også begge sønene hans, Ronnie og Rob, er med på høvesvis banjo og mandolin. The Del McCoury Band er kjend for å ha eit tett samarbeid med ein av mine store heltar, countryartisten Steve Earle, og dei kan mellom anna høyrast på plata El Corazon frå 1997. I oljebyen Houston i skytegale Texas vart Joseph Leslie Sample fødd. Pianisten Joe Sample var ein av grunnleggjarane av Jazz Crusaders, og hans elegante tangentleik kan hjå meg høyrast på studioplata Amandala, som trompetlegenda Miles Davis gav ut i 1989, og på Riding With The King, som var eit samarbeid mellom B.B. King og Eric Clapton og kom på marknaden i 2000, i tillegg til Queen Latifa si plate Travlin’ Light frå 2007. I 1950 kom Michael Wayne Campbell til verda i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Mike Campell er best kjend for arbeidet han har gjort saman med Tom Petty sitt legendariske backingband The Heartberakers, men i platesamling har han tatt på seg andre utfordringar på Warren Zevon si stjernespekka studioplate Sentimental Hygiene frå 1987, The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1991, i tillegg til Johnny Cash sine plater frå American serien Unchained (1996), American III: Solitary Man (2000), American IV: The Man Comes Around (2002), Unearted (2003), American VI: Ain’t No Grave (2010). I 1964 vart Jens Christian Bugge Wesseltoft fødd. Jazzmusikaren Bugge Wesseltoft har håva inn ei rekkje Spelemannsprisar på eiga hand, hjå meg kan han høyrast medan han yt tangenthjelp for Vamp på debutstudioplata God Morgen, Søster frå 1993, og på Flua På Veggen (1998), i tillegg til Di Derre si tredje studioplate Gym, som kom på marknaden i 1996. I 1969 kom Patrick George Wilson til verda i industribyen Buffalo i den amerikanske delstaten New York. Patrick Wilson spelar trommer i Weezer, som i mi platehylle er representert med studioplatene Weezer (The Blue Album) (1994), Pinkerton (1996) og Weezer (The Green Album) (2001). I 1971 vart Ronald Welty fødd i Long Beach i California. Trommisen Ron Welty spelte i The Offspring frå 1987 til 2003, og hjå meg kan han høyrast medan han held takten på platene Ignition (1992), Smash (1994), Americana (1998) og Conspiracy Of One (2000). I 1980 var både Horden Comrades Club og Shoreline Club i South Shields vertskap for gladpønkarane i Toy Dolls, to supre konsertar på ein kveld. I 1992 gav The Monkeywrench ut plata Clean As Broke-Dick Dog på plateselskapet Sup Pop Records, same selskap som gjorde Nirvana til verdsstjerner. I 1994 gav Green Day ut si tredje studioplate, Dookie, som sørgja for at bandet fekk fem hittsinglar og klatra så høgt som til andreplass på den renommerte Billboard-lista i USA. I 1995 forsvann Manic Street Preachers sin gitarist, Richey James Edwards, og i ettertid reknar ein det som truleg at dette også er den dagen han omkom etter ein biltur. I 2002 døyde Streamline Ewing.