31.10.2015

Trettifyrste oktober

Trettifyrste oktober 1929, det var ein torsdag, hadde Blind Willie McTell teke gitaren med seg i studio i Atlanta i Georgia og spela inn songane Kind Mama, Low Rider’s Blues, Georgia Rag og Low Down Blues. Alle songane finn du på samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1933, på ein laurdag, var Blind Willie McTell og Curley Weaver i studio i Atlanta i Georgia og spela inn Low Rider’s Blues og Low Down Blues. McTell fekk også tid til å spele inn Georgia Rag. Alle songane finn du på samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1939 kom John Payne Guerin til verda på stillehavsparadiset Hawaii. Trommeslagaren John Guerin sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975, på Joni Mitchell si plate Hejiro frå 1976, og på plata I’m Breathless, som Madonna slepte i 1990. Guerin døyde i 2004. I 1949 vart Robert Layne Siebenberg fødd i Glendale i California. Trommeslagar Bob Siebenberg (også Bob C. Benberg) var lenge det einaste amerikanske innslaget i britiske Supertramp og kan i mi platehylle høyrast på plata Crisis? What Crisis? frå 1975. Sienberg er også ein av fleire trommeslagarar som held takten for Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1952 kom Bernard Edwards til verda i Greenville i North Carolina. Bassisten Edwards er best kjend for å spele i Chic og samarbeidde tett med makkeren Nile Rogers gjennom heile karrieren. Hjå meg kan Edwards høyrast på Rod Stewart si studioplate Vagabond Heart (1991), og samleplata Sister Sledge, som same Sister Sledge slepte i 1996. Rogers døyde av blodkreft under ein turné i Japan i 1996. I 1956 var Chet Baker i studio og spela inn C.T.A., To Mickey’s Memory og Jumpin’ Off A Clef. Alle tre kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1961 kom Lawrence Joseph Mullen Jr. til verda i irske Dublin. Trommisen Larry Mullen Jr. spelar til dagleg i U2 og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate, War, frå 1983. I 1963 var dette dagen svensk-grekaren Mickale Delaouglou kom til verda i Göteborg. Folk flest kjenner mannen som Mickey Dee, han er kan hende verdas beste nolevande trommis og, etter ei fortid i meritterte hardrockband som King Diamond og Dokken, spelar han for tida trommer i det som utan tvil er verdas beste hardrockband, Motörhead. I mi platesamling kan Dee sitt trommespel høyrast på platene Kiss Of Death (2006), Motorizer (2008) og The Wörld Is Yours (2010). Same dag vart John Martin Maher fødd i engelske Manchester. Gitaristen Johnny Marr spelte saman med Morrisey i eksentriske The Smiths og mi platehylle byr på gitarspelet hans på studioplatene Meat Is Murder (1985), Strangeways og Here We Come (1987), og samleplata Louder Than Bombs (1987). Også i Alexandria i Virginia vart det fødd eit bidrag til mi platesamling. Skodespelaren Dermot Mulroney er kreditert for cellospel på songen Place Your Hand frå Melissa Etheride si plate Never Enough frå 1992. I 1964 kom Colm Ó Ciosóig til verda i den irske hovudstaden Dublin. Trommisen Ó Ciosóig var ein av grunnleggjarane av My Bloody Valentine, og hjå meg kan du høyre arbeidet hans på plata …Isn’t Anything frå 1988. I 1966 vart Adam Keefe Horovitz fødd i New Jersey. Ad-Rock er ein av grunnleggjarane av rap-trioen Beastie Boys. I 1977 var det klart for fyrste innspelingsdag for Keith Jarrett si plate My Song, som kom på marknaden året etter. I 1982 opna Witton Club i Durham dørene for eit jubilerande Toy Dolls, dette var bandet sin hundre-og-femtiande konsert. I 1985 var Toy Dolls komen til Bochum for å spele på Zeche for andre gong dette året. I 1987 var Toy Dolls i Wien for å spele på Fritz. I 1989 var Top Act i Zapfendorf åstad for ein konsert der Toy Dolls framførde musikken sin og Billy Joel nytta dagen til å gje ut si ellevte studioplate, Stormfront. I 2000 slepte Cradle Of Filth si fjerde studioplate, Midian.

30.10.2015

Trettiande oktober

Den trettiande oktober 1929, det var ein onsdag, var Blind Willie McTell i studio i Atlanta i Georgia og spela inn Atlanta Strut, Travelin’ Blues og Come On Around My House Mama. Alle songane finn du på samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1939 vart Grace Barnett Wing fødd i Evanston i Illinois. Grace Slick er best kjend som den kvinnelege vokalen i Jefferson Airplane og kan hjå meg høyrast på den uautoriserte konsertplata Somebody To Love-Live. Grace Slick er også kreditert for vokalbidrag på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1946 kom Christopher Rees til verda i Pontypridd i det kongelause monarkiet Wales. Trommisen Cris Slade var ein av grunnleggjarane av Manfred Mann’s Earth Band og han har ei fortid i rytmeseksjonen hos Bad Company-sjefen Paul Rogers og Uriah Heep. Hjå meg kan Slade høyrast medan han held takten på samleplatat The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered, som Manfred Mann’s Earth Band slepte i 1999, og for AC/DC på plata The Razors Edge frå 1990. Denne plata er ei av fleire som er så grom at ho står trygt plassert mine platehyller, både som LP og CD. I 1947 vart Timothy Bruce Smith fødd i Oakland i California. Timothy (Bobby) Bruce er best kjend som bassist i Eagles, men hjå meg er det med vokalhjelp på plata Stranger In Town, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1980, han kan høyrast. I 1952 kom Arlen Roth til verda i New York City. Gitarlæraren Roth har slept fleire plater på eiga hand, hatt fast spalte i Guitar Player, og spelt med alt frå Bob Dylan til Albert Lee. Hjå meg kan Roth høyrast på Paul Simon si konseptplate Songs From The Capeman frå 1997. I 1960 kom Jerry De Borg til verda i London. Gitaristen De Borg spelar til dagleg i Jesus Jones og hjå meg kan han høyrast på plata Doubt frå 1991. Elvis Presley var i studio og spela inn Surrender saman med bandet The Jordanaires. Dette var også dagen den same Elvis Aron Presley spela inn Crying In The Chappel, sjølv om det i dette tilfellet gjekk fleire år før songen vart tilgjengeleg for platekjøparane. I 1967 slepte Buffalo Springfield si andre studioplate, Buffalo Springfield Again. I 1977 var dette dagen då Ramones spela det som vart den siste konserten deira på den legendariske punk- og rockeklubben CBGB (eigentleg Country, Bluegras, Blues) i New York. I 1983 var turen komen for Toy Dolls å spele på Jilly’s i engelske Manchester. Same dag kunne texanarar, og andre tilreisande, oppleve AC/DC i Houston. Eit opptak av songen Shoot To Thrill kan nytast på DVD-samlinga Plug Me In. I 1986 kunne ein få høyre Toy Dolls spele i levande live, om ein var tilstades på Razzia i bankbyen Zurich. I 1989 spela Toy Dolls på Live Station i Dortmund, same dag som supergitaristen Joe Satriani slepte plata Flying In A Blue Dream. I 1995 fekk nostalgikarane høve til å kjøpe Bryan Ferry og Roxy Music si samleplate More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, medan dei med ein meir moderne musikksmak kunne gå til innkjøp av Pulp si plate Different Class, ei plate som kunne by på kjempehiten Common People. I 2006 døyde Ian Rilen. I 2013 døyde Frank Wess.

29.10.2015

Tjueniande oktober

Tjueniande oktober 1945 kom Michael William Gallagher til verda i engelske Newcastle upon Tyne. Mick Gallagher har ei fortid i The Animals og har spela med The Clash, men hjå meg finn du tangentspelet hans på plata Do It Yourself som Ian Dury & The Blockheads slepte i 1979, og som hjelpevokalist på Nick Cave & The Bad Seeds si plate Nocturama frå 2003. I 1946 vart Peter Allen Greenbaum fødd i London. Gitaristen Peter Green sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Fleetwood Mac si samleplate Greatest Hits frå 1971. I Potsdam kom Jörg Knoch til verda. Oliver Bendt skal ha fått idéen til Gombay Dance Band under ei feriereise til St. Lucia på slutten av syttitalet, ei reise der han også trefte kona si. Hjå meg kan Bendt høyrast på Gombay Dance Band si samleplate Carribean Beach Party frå 1995, og den har eg ikkje kjøpt sjølv. I 1949 vart David Paton fødd i den vakre skotske hovudstaden Edinburgh. Paton er kreditert for å ha spela bass for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I 1955 kom Roger O’Donnel til verda i London. Tangentmannen O’Donnel er best kjend for arbeidet han gjorde med The Cure, eit band han slo seg saman med i 1987. Hjå meg kan O’Donnel høyrast på plata Wild Mood Swings i 1987. I 1961 vart Stephen Randall Jackson fødd i Gary i Indiana. Randy Jackson er yngre bror av meir kjende Michael Jackson og hjå meg kan han høyrast medan han spelar perkusjon for storebror på plata Off The Wall frå 1979. I 1962 kom Einar Örn Benediktsson fødd i Reykjavik. Politikaren Einar Örn har ei fortid i Sugarcubes og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Life’s Too Good (1988) og Stick Around For Joy (1992). I 1970 kom Toby Grafftey-Smith til verda i London. Tangentmannen Toby Smith har ei fortid i Jamiroquai og hjå meg høyrer du han på bandet si debutplate Emergency On Planet Earth frå 1993. I 1976 spela Elvis Presley inn Way Down heime på Graceland. J.D. Sumner og The Stamps stod for bakgrunnsvokalen. I 1977 fekk dei som hadde klikka seg inn på BBC2 sjå AC/DC opptre på fjernsynsprogrammet Sight & Sound In Concert. Showet var eit opptak frå to dagar tidlegare og kan i dag opplevast på DVD-plata Plug Me In. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Batschkoff i den europeiske finanshovudstaden Frankfurt. I 1986 var Toy Dolls underhaldninga på Totentanz i Basel. I 1987 spelte Toy Dolls på Opal i Bregenz. I 1989 var Toy Dolls på scenen i Schlacthof i Bremen. I 1996 slepte Iggy Pop samleplata Nude & Rude: The Best Of Iggy Pop. I 2007 slepte Queen den doble konsertplata Rock Montreal. Materialet for plata vart spela inn så tidleg som i 1981.

28.10.2015

Tjueåttande oktober

Tjueåttande oktober 1934 vart Johnny Western fødd i Two Harbour i Minnesota. Gitaristen Western sitt kan i mi platesamling høyrast på Johnny Cash-platene Ride This Train og Now There Was A Song, begge frå 1960. I 1936 kom Charles Edward Daniels til verda i Leland i North Carolina. Gitaristen Charlie Daniels, som også trakterar bass og banjo i godt lag, har spelt for både Elvis Presley og Leonard Cohen, i tillegg til tre av Bob Dylan sine studioplater. I mi platehylle kan Daniels sitt arbeid høyrast Nashville Skyline, som Bob Dylan slepte i 1967, i tillegg til utvalde spor på samleplata The Bootleg Series, som same Bob Dylan slepte i 1991. I 1949 kom Kenny Passarelli til verda i Denver i Colorado. Bassisten Passarelli sitt strålande spel kan hjå meg høyrast på Alice Cooper si plate From The Inside frå 1978. I 1953 vart John Charles Barret fødd i Gainesville i pensjoniststaten Florida. Komponisten Desmond Child sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1957 kom Stephen Paul David Morris til verda i engelske Macclesfield. Trommeslagaren Stephen Morris har ei fortid i New Order og Joy Division og kan hjå meg høyrast på dei to solide samleplatene Substance 1987 (New Order) og Substance 1988 (Joy Division). I 1958 vart William Reid fødd i skotske storbyen Glasgow. Reid er den eldste av Reid-brørne, som styrar The Jesus And Mary Chain, og er representert med så mykje som tre titlar i mi samling, Psychocandy (1985), Darklands (1987) og Sound Of Speed (1993). I 1966 kom Jacob Binzer til verda på Fredriksberg ikkje langt frå den danske hovudstaden. Gitaristen Binzer spelar til dagleg i D-A-D og kan hjå meg høyrast på plata Soft Dogs frå 2002. I 1969 vart Benjamin Chase Harper fødd i Pomona i California. Gitaristen Ben Harper sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på John Lee Hooker si samarbeidsplate Best Of Friends frå 1998. I 1978 var AC/DC på University Of Essex i Colchester. Delar av konserten vart vist på programmet Rock Goes To College på BBC One i november same året. I 1985 spela Toy Dolls sin konsert nummer tre hundre. Det jubileet vart markert på Maxim i Stuttgart. I 1987 var Toy Dolls i Genève for å spele på Salle de Faurbourg. I 1989 spela Toy Dolls i Markthalle i Hamburg. I 1991 gav Mano Negra ut samleplata America Perdida, og Genesis gav ut si fjortande studioplate, We Can’t Dance, som var bandet si siste plate med trommeslagar/vokalist Phil Collins. I 1999 slepte rockebestemora Tina Turner si tiande studioplate, Twenty Four Seven. I 2002 slepte Tori Amos si sjuande studioplate, Scarlet’s Walk. I 2003 fekk verda høve til å kjøpe The Strokes si plate Room On Fire.

27.10.2015

Tjuesjuande oktober

Tjuesjuande oktober 1933 vart den amerikanske pianisten Floyd Cramer fødd i Shreveport i Louisiana. Cramer sin CV inneheld pianospel for storleikar som Elvis Presley, Patsy Cline og Chet Atkins, men i mi platesamling er det på Johnny Cash sine plater Ride This Train og Now There Was A Song, begge frå 1960, tangentleiken hans kan høyrast. Cramer døyde i 1997. I 1948 kom Sherman Robertson til verda i Breaux Bridge i Louisiana. Gitaristen Robertson kan hjå meg høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1958 vart Simon John Charles Le Bon fødd i engelske Herfordshire. Simon Le Bon er best kjend for jobben som vokalist i Duran Duran, men hjå meg høyrer du han på The Dandy Warhols si plate Welcome To The Monkey House frå 2003. I franske Saint-Maur-des-Fossés kom Manu Katché til verda. Soulsangaren Katché kan i mi platehylle høyrast på plata Sacred Love, som Sting slepte i 2003. I 1967 vart Scott Richard Kline fødd i San Jose i California. Songaren Scott Weiland er best kjend for å synge i Stone Temple Pilots, hjå meg kan han høyrast som frontfigur for supergruppa Velvet Revolver på deira debutplate Contraband frå 2004. I 1970 kom Adrian Erlandsson til verda i Malmö. Erlandsson sitt trommespel kan hjå meg høyrast på Cradle Of Filth si fjerde studioplate Median frå 2000. I 1977 fullførde The Who innspelinga av ein ny song, tittelen var New Song. I Golder’s Green Hippodrome i London var AC/DC på scenen. Dei frammøtte fekk, mellom anna, høyre Hell Ain’t A Bad Place To Be og Rocker, som begge også kan sjåast på DVD’en Plug Me In. I 1978 vart Vanessa-Mae Vanakorn fødd i Singapore. Fiolinisten Vanessa-Mae er i mi platehylle kreditert for å spele på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997. I 1979 var dette dagen Motörhead si plate, Bomber, kom på marknaden. Eg har også ei kjelde, CD-boksen Protect The Innocent, som hevdar dette også var dagen dei same karane slepte den etter kvart legendariske konsertplata No Sleep ’Till Hammersmith laus på folk. Diskografien på Motörhead sin eigen nettstad påstår at plata ikkje kom før tjuesjuande juni 1981. I 1979 var også Toy Dolls på scenen i Ryhope Popular Club i Sunderland. I 1986 var Toy Dolls attende og spelte for dei frammøtte i Alabamhalle i München. I 1989 var Toy Dolls innom Kiel og spelte på Max Music Hall. I 1992 slepte George Jones plata Walls Can Fall. I 1998 slepte R.E.M. plata Up. I 2008 slepte Klaus Sonstad plata Indianer Cowboy.

26.10.2015

Tjuesjette oktober

Tjuesjette oktober 1936 vart gitaristen Alvin W. Casey fødd i Long Beach i California. Al Casey gjorde frå ung alder karriere som studiomusikar og opp gjennom åra spelte han for, mellom anna, Beach Boys, Elvis Presley og Nancy Sinatra. I mi platesamling kan Casey høyrast medan han trakterar gitaren på Johnny Cash sine plater The Fabolous Johnny Cash frå 1958, Songs Of Our Soil og Hymns By Johnny Cash frå 1959, Ride This Train frå 1960 og Ragged Old Flag frå 1974. Casey døyde i 2006. I 1946 kom Keith Hopwood til verda i nærleiken av engelske Manchester. Hopwood gjorde seg merkt som gitarist i Herman’s Hermits på sekstitalet, men har sidan hatt ei meir tilbaketrekt rolle i musikkindustrien. Hjå meg kan Hopwood høyrast på ei samleplate med same tittel som bandet sin største slagar, No Milk Today. I 1953 kom Julian Keith Strickland til verda i universitetsbyen Athens i Georgia. Keith Strickland var ein av originalmedlemmene av The B52s, der han spelte trommer. Etter at ein annan originalmedlem, Ricky Wilson døyde i 1985, gjekk Strickland over til å spele gitar. Hjå meg kan Strikland høyrast både med perkusjon og gitarspel på platene Wild Planet (1980), Cosmic Thing (1989) og Good Stuff (1992), i tillegg til samleplata Dance This Mess Around. I 1956 spela Chet Baker inn Darn That Dream. Bandet som støtta trompetisten i dette tilfellet var Conte Candoli og Norman Faye på trompet, Frank Rosolino på trombone og saksofonistane Art Pepper, Bud Shank, Phil Urso og Bill Perkins. I tillegg kunne ein høyre Bobby Timmons på piano, bassisten Jimmy Bond og Lawrence Marable på trommer. Samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 er ein fin stad å leite om ein vil høyre denne jazzperla. I 1963 kom Natalie Anne Merchant til verda i Jamestown i staten New York. Natalie Merchant bidrog med diverse vokalbruk i 10 000 Maniacs frå 1981 til 1993, men har i dag forlete bandet til fordel for eiga karriere. Hjå meg kan Merchant høyrast på studioplatene The Wishing Chair (1985) og Blind Man’s Zoo (1989), i tillegg til konsertplata MTV Unplugged frå 1993. I 1968 var det fyrste gong dei unge herrene Page, Plant, Jones og Bonham spelte saman under namnet Led Zeppelin. Det hendte i Boxing Club i universitetsbyen Bristol. I 1972 vart Willie Mack Wheaton Jr fødd i Laurel i Mississippi. Songaren Will Wheaton sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som bakgrunnsvokal på to spor på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1980 var Toy Dolls attende i Shildon, og Old Club var vertskap. I 1981 la Iron Maiden ut på fem dagar turné i Italia for å få den nye vokalisten, Bruce Dickinson, varm i trøya. I 1982 hadde Toy Dolls tatt turen sør til London og spela på Rock Garden. I 1983 kom Mötley Crue si vanskelege andreplate, Shout At The Devil, som tok dei frå å vere eit undergrunnsband til å vere verdsstjerner. I 1985 fekk alpelandet Sveits høve til å høyre Toy Dolls, det kunne dei gjere i Dolce Vita i Lausanne. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Szenvien i Vien. I 1989 var Toy Dolls komen seg til Braunschweig, der dei stod på scenen i Burgerpark, og Hooters slepte si fjerde studioplate, den fekk namnet Zig Zag og hadde med sekstitalstrioen Peter Paul And Mary som gjestevokalistar på den storselgjande singelen 500 Miles. I 1993 gav canadiske Crash Test Dummies ut plata God Shuffled His Feet, som var bandet si andre plate. 10 000 Maniacs nytta degen til å sleppe si konsertplate MTV Unplugged. I 1998 slepte Robbie Williams si andre soloplate, I’ve Been Expecting You. I 2010 døyde John King.

25.10.2015

Tjuefemte oktober

Tjuefemte oktober 1924 vart Earl Cyril Palmer fødd i byen ved Mississippi-elva sin munning, New Orleans i Louisiana. Trommisen Earl Palmer er kreditert for å halde takten på ei rekkje innspelingar av både Little Richard og Tom Waits, hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Neil Young på hans sjølvtitulerte debutplate frå 1968. Palmer døyde i 2008. I 1936 kom Alf Cranner til verda i den norske hovudstaden. Trubaduren Cranner er mannen som har fått æra for å ha starta den norske visebølgja og står bak den ganske så geniale slagaren Den Som Var En Løvetann. Cranner sitt bidrag til mi platehylle er eit konsertsamarbeid med kompisen Odd Børretzen frå Sandvika Kino ein desemberkveld i 1974. I 1941 vart Helen Reddy fødd i den australske olympiabyen Melbourne. Feministen Reddy, ofte kjend som Queen Of 70s Pop, song bakgrunnsvokal for Gene Simmons på eitt spor (True Confessions) på hans soloplate frå 1978, og så langt er det hennar einaste oppføring i mi platehylle. I 1944 vart John Roy Anderson fødd i engelske Accrington. Jon Anderson var den småvokste vokalisten i det engelske progbandet Yes, som herja både lister og konsertsalar på syttitalet. Anderson sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Yes si plate Going For The One som kom på marknaden i 1977. I svenske Arvika kom Björn J:son Lindh til verda. Fløytisten J:son Lindh har skrive musikk til fleire svenske filmar, hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på samleplatene Guldkorn Från Master Cees Memoarer (1996), og Guldkorn (Samhällskritikern) (2001), begge kreditert Cornelis Vreeswijk. J:son Lindh døyde i 2013. I 1947 kom Glenn Raymond Tipton til verda i Blackheat i Midt-England. Judas Priest-gitaristen Glenn Tipton treng eigentleg ikkje nærare presentasjon, han er ganske enkelt ein av verdas framste hardrockgitaristar og mannen bak fleire av dei beste Priest-låtane og dei feitaste riffa. Eg har vore så utruleg privilegert at eg har fått sjå Hjå meg kan Tipton høyrast på studioplatene British Steel og Stained Class, konsertplatene Unlashed In The East og Concert Classics, i tillegg til samleplatene Simply The Best, Metal Works ’73-’93 og The Essential Judas Priest. I Liverpool vart Frank Collins fødd på denne dagen. Collins er kreditert for å synge hjelpevokal for Marianne Faithfull på plata Broken English frå 1979. I 1951 fekk Judas Priest-gitarist Tipton selskap av gitarkamerat Kenneth ”K.K” Downing Jr. K.K. Downing vart fødd i engelske West Bromwich og har utfordra Tipton til utallege gitarduellar og er med det ein minst like viktig del av det mektige lydbiletet til metallegendene i Judas Priest. Downing hoppa diverre av Priest-skuta før turnéen dei hadde døypt Farewel Tour og kunne ikkje høyrast eller sjåast på den siste konserten dei spela i Bergen. Hjå meg kan Downing sitt gitarspel nytast på studioplatene Stained Class (1978) og British Steel (1980), konsertplatene Unleashed In The East (1979) og Concert Classics (2007), i tillegg til samleplatene Metal Works ’73-’93, Simply The Best (1999), og The Essential Judas Priest (2006). I 1954 kom skodespelar og trommeslagar Victor DeLorenzo til verda i Racine i Wisconsin. DeLorenzo kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for det legendariske traktorpunkbandet Violent Femmes og er representert på studioplatene 3 (1989), New Times (1994) og Freak Magnet (2000), i tillegg til samleplata Add It Up frå 1993. I 1955 vart Matthias Jabs fødd i tyske Hannover. Gitaristen Jabs slo seg saman med soft rock-legendene Scorpions i 1979, og hjå meg kan han høyrast på bandet si ellevte studioplate, Crazy World, frå 1990. I 1957 kom Robbie McIntosh til verda i engelske Sutton. Gitaristen McIntosh har ei fortid i The Pretenders, hjå meg kan arbeidet hans høyrast medan han spelar dobro på Tori Amos si plate Scarlet’s Walk frå 2002. I 1960 kom Steinar Krogstad til verda i husklyngens ved Nidelevens bredd, Trondheim. Trommisen Krogstad er best kjend for å halde takten for Åge Aleksandersen, men er i dag stødig leiar av Voksne Herrers Orkester, som hospiterar fast på Losjen i Bergen. Krogstad kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på Stage Dolls si debutplate Commandos (1986), i tillegg til at han opererar som studiomusikar på Tre Små Kinesere si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996, og på plata Melis (1996), som var utskjelde Postgirobygget si debutplate. I 1961 vart verda velsigna med nok ein trommeslagar, for då vart Chadwick Smith fødd i tvillingbyen St. Paul i Minnesota. Chad Smith kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Red Hot Chili Peppers på platene Mother’s Milk (1989), Blood Sugar Sex Magic (1991), One Hot Minute (1995), Californication (1999) og By The Way frå 2001, i tillegg er han inne og gjør ein stødig jobb på Johnny Cash si plate Unearthed frå 2003. I 1963 vart John Gunnar Levén fødd i Stockholm. Bassisten John Levén er, saman med vokalist Joey Tempest, dei einaste som har spelt på alle Europe sine studioplater. Hjå meg kan Levén høyrast på The Final Countdown, bandet si tredje og best kjende studioplate, frå 1986. I 1968 kom Todd Thomas til verda i motorsykkelbyen Millvaukee i Wisconsin. Rapparen Speech kan hjå meg høyrast som ein del av hip hop bandet Arrested Development på plata Zingalamaduni. Same dag var det plateslepp for Jethro Tull. Plata This Was var i fyrste omgang berre tilgjengeleg på den engelske marknaden, men kom seinare sterkt over det meste av verda. I 1969 vart Nika Futterman fødd i New York City. Hjå meg kan Nika Frost høyrast som den kvinnelege røysta som seier Give It To Me, Baby på songen Pretty Fly (For A White Guy) på studioplata Americana som The Offspring gav ut i 1998. I 1970 kom Lloyd Edward Elwyn Robertson til verda i Scarborough i kanadiske Ontario. Ed Robertson er frontmann i, og ein av grunnleggjarane av Barenaked Ladies, og kan i mi platehylle høyrast medan bandet hjelp Tom Jones på studioplata Reload frå 1999. I 1975 vart Erik Glambek Bøe fødd. Bøe er kjend som den eine halvleiken av duoen Kings Of Convenience og kan hjå meg høyrast på bandet si debutplate Quiet Is The New Loud frå 2001. I 1980 var Ebba Grön og spelte i Bellevueparken i Karlshamn. Opptak av We’re Only In It og Schweden, Schweden kan høyrast på konsertplata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 spelte Toy Dolls for dei frammøtte på La Salle De Faubourg i finansbyen Genève. Og The Cars slepte si fyrste samleplate. Plata fekk det naturlege namnet Greatest Hits og konsentrerte seg om bandet si karriere frå 1977 og fram til 1985, og selde til seks gongar platina i heimlandet USA. Dette var også dagen Gary Holton døyde. I 1986 var Toy Dolls på plass for å spele på Posthof i Linz. I 1987 kunne ein oppleve Toy Dolls frå scenen på Dolce Vita i Lausanne og Melissa Etheridge avslutta innspelinga av den sjølvtitulerte debutplata si, som kom på marknaden og inn i platehylla mi året etter. I 1989 stod Loft i Berlin på Toy Dolls sitt verdsturnéprogram.

Tjuefjerde oktober

Tjuefjerde oktober 1946 kom Gerald McCrohan til verda som i Oshawa i Canada. Trommeslagaren Jerry Edmonton heldt takten for det som mange reknar som verdas fyrste hardrockband, Steppenwolf, fram til 1976 og er med det mannen som held takten på Born To Be Wild. Hjå meg kan Edmonton høyrast på bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 1968. Edmonton døyde i ei bilulukke i California i 1993. I 1948 vart Terrence Dale Griffin fødd i engelske Herefordshire. Trommeslagaren Dale Griffin var ein av grunnleggjarane av Mott The Hoople og spelte på alle platene glamlegendene slepte i si karriere. Hjå meg kan Griffin høyrast på platene Wildlife (1971), All The Young Dudes (1972), Mott (1973) og The Hoople (1974), i tilleg til samleplatene Greatest Hits (1976) og Walking With A Mountain (1990), i tillegg til samleplata Original Album Classics, som inneheldt stdioplatene All The Young Dudes, Mott, The Hoople, Drive On og Shouting And Pointing og kom på marknaden i 2009. Griffin er diverre diagnostisert med sjukdomen Alzheimer og har lagt trommestikkene på hylla for godt. I 1959 vart Rowland Stuart Howard fødd i den australske olympiabyen Melbourne. Gitaristen Rowland S. Howard er best kjend for å spele med det australske bandet The Birthday Party og hjå meg kan han høyrast på plata Junkyard frå 1982. Howard døyde av kreft i levera i 2009. I 1961 vart Rick Margitza fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Margitza er ein djevel på saksofonen og kan hjå meg høyrast når han spelar saman med jazzlegenda Miles Davis på plata Amandla frå 1989. I 1962 kom Deborah Ann Googe til verda i engelske Yeovil. Bassisten Debbie Googe spelar i både My Bloody Valentine og Primal Scream. Hjå meg kan Googe sitt basspel høyrast på My Bloody Valentine si plate …Isn’t Anything frå 1988. I 1970 kom Alonza George Bevan til verda i engelske Hounslow. Bassiten Alonza Bevan spelar til dageleg i Kula Shaker og hjå meg kan han høyrast på plata Peasants, Pigs & Astronauts frå 1999. I 1976 gav den irske gitarguden Rory Gallagher ut studioplata Calling Card. På denne plata var det Rod de’Ath som hadde teke plass bak trommesettet og heldt takten. I 1977 var The Who i Ramport Studios i Battersea for å spele inn New Song. Innspelinga vart fullførd eit par dagar seinare. I 1980 kunne dei frammøtte på W.M.C i Easington oppleve Toy Dolls frå scenen. Samstundes spelte Joachim Tåström og resten av Ebba Grön i Folkets Park i Huskvarna. Songane Pervers Politiker, Totalvägra, Det Måsta Vara Radion, Vad Skal Du Bli?, Tyst För Faen og Rock And Roll Music frå denne konserten kan alle høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 var det Rotefabrik i Zurich som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1986 slepte dei kristne glamrockarane i Stryper plata To Hell With The Devil, og dei frammøtte på Hofstegrasse i Lustenac fekk høve til å nyte Toy Dolls sine glade tonar. I 1987 var Toy Dolls i Stuttgart for å spele på Rohde. I 1988 platedebuterte det franske alternativbandet Mano Negra med Patchanka. I 1995 gav The Smashing Pumpkins ut si tredje studioplate, Mellon Collie And The Infinite Sadness, som var ein dobbel CD. Ein ganske så kraftig dose Billy Corgan, med andre ord. Same dag slepte Ozzy Osbourne plata Ozzmosis og Pretenders ytte sitt bidrag til platemarknaden med konsertplata The Isle Of View. I 1996 slepte The Temptations samleplata The Best Of The Temptations. I 2000 slepte Moby samleplata Play: The B Sides.

Tjuetredje oktober

Tjuetredje oktober 1931, det var ein fredag, tok Blind Willie McTell med seg gitaren og gjekk i studio i Atlanta i Georgia. Der spela han inn Southern Can Is Mine, Broke Down Engine Blues, Stomp Down Rider og Scarey Day Blues. Med seg i studio hadde Ruth Mary Willis, saman spela dei inn Rough Alley Blues og Experience Blues, med Willis på vocal og McTell på gitar. I 1940 vart Eleanor Louise Greenwich fødd i New York-bydelen Brooklyn. Plateprodusenten Ellie Greenwich var ein del av teama som skreiv Da Doo Ron Ron og Leader Of The Pack, hjå meg kan Greenwich høyrast medan ho syng bakgrunnsvokal på Aretha Franklin si samleplate The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1, som kom på marknaden i 1994. I 1943 kom William Hammond Talbot til verda i New York City. Bassisten Billy Talbot har livnært seg ved å spele i bandet Crazy Horse, som heile tida har hatt eit nært samarbeid med Neil Young. I mi platehylle kan Talbot høyrast på Neil Young sine studioplater Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Comes A Time (1978), Re-Ac-Tor (1981) og Sleeps With Angels frå 1994. I 1945 vart Kim Melius Flyholm Larsen fødd i København. Kim Larsen er kjend som låskrivar og vokalist i den danske gruppa Gasolin som prydar mi platehylle med sine fire fyrste studioplater Gasolin’ (1971), Gasolin’ 2 (1972), Gasolin 3 (1973) og Stakkels Jim (1974), fordelt på to CD-plater, studioplatene Efter Ennu En Dag (1976) og Gør Det Noget (1977), konsertplata Live Sådan (1976), og samleplatene Rabalderstædet Forever (1990) og Live Derudaf Forever (1993). I Norfolk i Virginia kom Ernest James Watts til verda. Saksofonisten Ernie Watts er best kjend for å spele med Charlie Hayden, men er så rocka at han også har vore innom Rolling Stones sitt backing band. I mi platehylle er Watts kreditert for å lage god lyd på utvalde spor på Becker & Fagen si samleplate Masters. I 1949 kom Michael Burston til verda i engelske Cheltenham. Burston fekk tilnamnet Würzel då han tenestegjorde for den engelske hæren i Tyskland. Seinare var han innom band som Bastards og Warefare før han ordna seg eit namn blant dei store då han spelte gitar på fem Motörhead-plater i perioden frå 1984 og fram til han fekk sparken i 1995. Hjå meg kan Würzel sitt gitarspel nytast på Orgasmaton frå 1986, i tillegg til ei rekkje samleplater. Würzel døyde i 2011. I 1952 vart Pierre Moerlen fødd i Colmar i franske Haut-Rhin. Trommeslagaren Moerlen er best kjend for arbeidet han gjorde for kultbandet Gong. Hjå meg kan Moerlen høyrast på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. Moerlen døyde i 2005. I 1956 vart Dwight David Yoakam fødd i Pikeville i Kentucky. Dwight Yoakam er mannen som var for country for Nashville, og har jobba ut frå den utradisjonelle countrybyen Los Angeles meir eller mindre heile karriera si, utan at det har lagt dempar på suksessen. Hjå meg finn du samleplata In Other’s Words frå 2003, der Yoakam presenterar sine eigne versjonar av andre artistar sine låtar. I heimlege Årdal kom Svein Dag Hauge til verda. Gitaristen Hauge er best kjend som sjefen over alle sjefar i Lava, som markerte seg som backing band for Randy Crawford i hine hårde dagar. I mi platehylle utmerkar Hauge seg på samleplatene 21 Beste (Olav Stedje), Absolute Prima Vera (Prima Vera), og Trond-Viggos Beste (Trond-Viggo Torgersen). I 1960 kom Mirwais Ahmadzaï til verda i sveitsiske Lausanne. Hjå meg kan Ahmadzaï høyrast med tangent- og gitarspel på Madonna si plate Music frå 2000. I 1964 heldt Grateful Dead hus på Fillmore West Palladium i San Francisco i California. Konserten er utgjeve på plate og dei som vil kan høyre udødelege låtar som Uncle Joe’s Band, Early Morning Dew og Kris Kristofersen sin bestseljar Me & Bobby McGee. I 1966 var datoen via Jimi Hendrix si innspeling av Hey Joe. Seansen gjekk føre seg i Kingsway Studios som ligg i London. I 1967 vart Dale Crover fødd i Aberdeen i Washington. Trommisten Crover er ein av grunnleggjarane av The Melvins, og han har spelt i Men Of Porn. I mi platehylle kan Crover høyrast med trommespel på fleire spor på Nirvana si plate Bleach frå 1989. I 1969 vart det høve til å kjøpe Aretha Franklin sin versjon av Beatles-songen Eleanor Rigby. I 1987 var Toy Dolls på Hardrock Club i Mannheim. I 1989 kunne Toy Dolls opplevast på scena i Longhorn i Stuttgart. I 2000 slepte PJ Harvey si femte studioplate med den spanandes tittelen Stories From The City, Stories From The Sea. I 2007 slepte Ryan Adams & The Cardinals plata Follow The Lights, som mellom anna inneheld ein versjon av Alice In Chains sin låt Down In A Hole.

Tjueandre oktober

Tjueandre oktober 1945 vart Leslie Weinstein fødd i New York City. Gitaristen Leslie West er best kjend for å spele i Mountain, hjå meg kan han høyrast medan han spelar for The Who på studioplata Who’s Next frå 1971 og samleplata Odds And Sods frå 1974. I 1952 kom Gregory A. Hawkes til verda i Fulton i Maryland. Tangentmannen Greg Hawkes har tent til livets opphald i new wave-bandet The Cars, som leverte raffinerte hitlåtar som perler på ei snor på overgangen mellom sytti- og åttitalet. I mi platehylle kan du høyre arbeidet hans på studioplatene The Cars (1978) og Door To Door (1987), i tillegg til samleplata Greates Hits (1985). I 1957 var Count Basie og band i studio og spela inn The Late, Late Show. Sjefen sjølv var solist på piano, Eddie ”Lockjaw” Davis tok rolla som saksofonsolist, og resultatet kan høyrast på samleplata Atomic Swing. I 1959 vart Marc Shaiman fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Komponisten Shaiman kan i mi platehylle høyrast medan han spelar piano for Bette Midler på plata Some People’s Lives frå 1990. I 1960 kom Christopher Kirkwood til verda. Bassisten Cris Kirkwood er ein av grunnleggjarane av Meat Puppets, han er eksnarkoman og har sona i fengsel for å overfall med dødleg våpen. Hjå meg høyrer du Kirkwood sitt basspel på tre av spora på Nirvana si kvasikonsertplate MTV Unplugged In New York frå 1995. I 1969 gav Led Zeppelin ut plata Led Zeppelin II. Som tittelen indikerer, var dette rockedinosaurane si andre studioplate. I 1976 slepte Bob Seger And The Silver Bullet Band plata Night Moves. I 1978 var The Cow Palace i San Francisco åstad for foreviginga av Neil Young sin Hey, Hey, My, My (Into The Black). I tillegg til samleplata Greatest Hits kan ein høyre denne perla på plata Rust Never Sleeps frå 1979. I 1983 var Toy Dolls heime i Nordaust-England og kunne opplevast på Newcastle Polytechnic. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Rohre i Stuttgart. I 1987 kunne ein atter ein gong oppleve Toy Dolls på Zeche i tyske Bochum. I 1988 slepte Ozzy Osbourne plata No Rest For The Wicked. I 1989 var Toy Dolls sin verdsturne nådd fram til Heidenheim Konserthaus. I 1990 kom Jimi Hendrix sitt dødsbu med nok ei samleplate. Cornerstones var namnet på denne gåvepakka og produktet tok for seg innspelingar gjort i den mest kreative perioden gitargeniet opplevde 1967-1970. I 1991 var det tid for plateslepp frå eit av verdas tøffaste band, Slayer, deira produkt hadde tittelen Decade Of Aggression og var ei konsertplate spela inn i solrike Florida, og London.

Tjuefyrste oktober

Tjuefyrste oktober 1931, det var ein onsdag, var Blind Willie McTell og Ruth Mary Willis i studio i Atlanta i Georgia og spela inn Painful Blues, som du finn du på samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1940 kom Manfred Sepse Lubowitz til verda i storbyen Johannesburg i Sør-Afrika. Manfred Mann er best kjend som grunnleggjaren av Manfred Mann’s Earth Band og kan hjå meg høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band frå 1999. Manfred Mann kan også høyrast medan han spelar keyboard på utvalde spor på Uriah Heep si plate Look At Yourself frå 1971. I 1941 vart verda løna med eit gitargeni, for då vart Steven Lee Cropper fødd i Dora i Missouri. Steve Cropper er i mi platesamling representert som både ein Blues Brother og som mannen som står for den heilt fantastiske gitarkoselyden i supergruppa Booker T And The MGs. I 1946 kom Erick Lee Lamphear-Purkhiser til verda i Akron i Ohio. Under artistnamnet Lux Interior gjorde han seg merkt i rockabilly-punkbandet The Cramps, der han hadde hand om vokalistrolla frå starten i 1976 og fram til han døyde. Samleplata Off The Bone, i tillegg til konsertplata The Smell Of Female, begge frå 1983, er på plass i hylla. Lux Interior døyde så altfor tidleg i 2009. I 1952 vart Brent Mydland fødd i den bayerske hovudstaden, ølbyen München. Mydland markerte seg i musikkverda som den fjerde keyboardspelaren i hippiekultbandet Grateful Dead og heldt ut saman med resten av bandet i elleve år til han døyde i 1990. Mydland sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. I 1953 kom gitaristen Eric Faulkner til verda. Faulkner spelte i det skotske tyggegummibandet Bay City Rollers og kan i mi platesamling høyrast på samleplata The Magic Collection. I 1957 var Count Basie med storband i studio og spela inn Teddy The Toad og Li’l Darlin’, solist for sistnemnde var Wendell Culley på trompet. Same dag vart Steven Lee Lukather fødd i San Fernando Valley i California. Gitaristen Steve Lukather er best kjend for å spele i Toto, men kan hjå meg høyrer du gitarspelet hans på Alice Cooper si studioplate From The Inside frå 1978, Aretha Franklin si plate Aretha frå 1980, The Magazine, som Rickie Lee Jones slepte i 1984, Bob Seger si plate The Fire Inside (1991), Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, Roger Waters Amused To Death (1992), og på Boz Scaggs si plate Dig frå 2001. I 1958 vart Elvis Presley-singelen One Night tilgjengeleg i platehyllene. I USA stogga listeklatringa på ein heiderleg fjerdeplass, medan engelskmennene rydda plass på fyrsteplassen. I 1966 kom Lars Gunnar Lien til verda. Hjå meg kan Lars Lien høyrast medan han spelar syntheziser på plata Tro, Håp & Kjærlighet, som Tre Små Kinesere slepte i 1996. I 1969 var Grand Funk Railroad i Cleavland Recording Company Studios og festa Please Don’t Worry, Winter And My Soul, Paranoid og Inside Looking Out til platerillene. Alle songane kan ein høyre på plata Grand Funk, som kom på markanden seinare på året. I 1971 kom Nick Steven Oliveri til verda i Los Angeles i California. Bassisten Nick Oliveri sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Queens Of The Stone Age si plate Songs For The Deaf frå 2002. I 1977 slepte Meat Loaf megasuksessen Bat Of Hell, som har seld i meir enn førti millionar eksemplar. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Subway i Osnabrück. I 1989 var det Waldhorn i Mengen som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1990 la Iron Maiden ut på turnéen No Prayer On The Road. Turnéstart denne gongen var lagt til den katalanske hovudstaden Barcelona. I 1995 døyde Shannon Hoon. I 2003 slepte The Shins plata Chutes Too Narrow.

Tjuande oktober

Tjuande oktober 1927 vart Ronald Patrick Ross MacManus fødd i engelske Birkenhead. Trompetisten Ross MacManus var aktiv som musikar frå midten av femtitalet og hjå meg kan han høyrast på sonen Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. MacManus døyde i 2011. I 1945 kom Richard Martin Lee til verda i engelske Mansfield. Trommisen Ric Lee er best kjend for å spele i Ten Years After og kan i mi platesamling høyrast på bandet si sjette studioplate Watt frå 1970. I 1950 kom den amerikanske artisten Tom Petty til verda i Gainsville i pensjoniststaten Florida. Petty herja listene på åttitalet saman med bandet The Heartbreakers, men i mi platesamling er det saman med Johnny Cash han kan høyrast, nærare bestemt på platene Unchained frå 1996 og American III: Solitary Man frå 2000. I 1955 vart Mark Feltham fødd i England sitt folkerike London-område. Munnspelspelande Feltham er, i tillegg til si eiga karriere, ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1965 kom Norman Blake til verda i skotske Glasgow. Blake er frontmann i Teenage Fanclub og kan i mi platehylle høyrast på plata Songs From Northern Britain frå 1997. I 1969 var Grand Funk Railroad i studio i Cleveland i Ohio for å spelte inn Got This Thing On The Move, High Falootin’ Woman, In Need og ein demoversjon av Nothing Is The Same. Alle songane finn ein på plata Grand Funk som kom på marknaden i romjula 1969. I 1971 kom Calvin Cordozar Broadus d.y. til verda i Long Beach i California. Snoop Dogg er ein av verdas mest suksessfulle raparar og har samarbeida med dei fleste store namna i bransjen. Hjå meg kan han høyrast på plata Paid Tha Cost To Be Da Boss frå 2002, og med vokalhjelp på Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. Duane Allman nytta dagen til å krasje motorsykkelen sin med ei slik kraft at det var det siste han gjorde. I 1973 vart Gianpiero Piras fødd i London. Gian Pyres har ei fortid som gitarist i bandet Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på plata Median frå 2000. I 1977 styrta flyet som skulle frakte sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd frå Greenville i North Carolina til Baton Rough i Louisiana i Gillsburg i Mississippi. Ronnie Van Zant, Steve Gains og Cassie Ganis omkom. I 1979 spelte eit ungt Toy Dolls, beståande av Olga, Flip, Mr. Scott og Pete Zulu, sin fyrste konsert i Millview Social Club i Sunderland og ei lang teneste i punken si teneste var byrja. I 1980 kom Even Eriksen Ytre-Arne til verda i Bergen. Plateprodusenten Even «Leven» Eriksen Ytre – Arne, men ei fortid i bandet Freakshow, er ei mi platehylle kreditert for DJ-arbeid og produksjon på Spetakkel si debutplate Spetakkel frå 2003. I 1985 var Toy Dolls komen til Graz for å spele i Club Ska. Året etter, i 1986, kunne Toy Dolls opplevast på Music Hall i Detmold. I 1987 var Toy Dolls i Paris for å spele på Elyesse Motmare. I 1989 var det publikum i ISC i Bern som kunne høyre og sjå Toy Dolls frå scenen. I 2002 dukka Madrugada si tredje studioplate, Grit, opp i platehyllene. I 2006 vart Meat Loaf si stduioplate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose tilgjengeleg for irske platekjøparar. Platekjøparar i resten av verda måtte vente eit par dagar før meisterverket var tilgjengeleg i platehyllene. I 2008 gav Imelda May ut si andre studioplate, Love Tattoo. Dagen bydde også på plateslepp for veteranane i AC/DC, deira produkt fekk tittelen Black Ice, og for ein gong skuld var eg tidleg ute og kjøpte ei plate, det har eg ikkje angra på.

Nittande oktober

Nittande oktober 1944 kom Winston Hubert McIntosh til verda i dagslys i Westmoreland i den karibiske øystaten Jamaica. Reggaeartisten Peter Tosh starta karriera si saman med Bob Marley og Bunny Wailer og bandet The Wailers, men etablerte etter kvart ei stor og spanande platekarriere på eiga hand. Tosh vart kjend utanfor reggaemiljøet då han hadde ein stor hit med duetten Don’t Look Back saman med Rolling Stones-vokalisten Mick Jagger. Hjå meg kan Tosh høyrast på studioplata Wanted Dread Or Alive, samt samleplatene The Toughest og The Best Of Peter Tosh, frå 1999. Tosh vart skoten i sin eigen heim i 1987. I 1945 vart Gloria Richetta Jones fødd i Cincinatti i Ohio. Gloria Jones er best kjend som dama til avdøyde Marc Bolan og for å ha originalversjonen av Tainted Love, som Soft Cell hadde ein dugeleg hit med noko seinare. Hjå meg kan Jones høyrast med hjelpevokal på Ry Cooder si sjølvtitulerte debutplate frå 1970. I 1960 kom Daniel Mark Woodgate til verda i London. Trommeslagaren Daniel Woodgate spelar til dagleg i Madness, hjå meg høyrere du han på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1972 vart Prakazrel Samuel Michel fødd i Brooklyn. Rapparen Praz Michel har røter på Haiti og er best kjend for arbeidet han har gjort med bandet The Fugees og kan i mi platehylle høyrast på The Score som kom på marknaden i 1996. I 1980 var Cornforth Club i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1985 var det Seine Wien i Wien som stod som vertskap for gutane i Toy Dolls. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Grosse Freiheit i Hamburg. I 1987 var Toy Dolls underhaldninga på De La Cite i Rennes og Melissa Etheridge gjekk i gang med innspelinga av si sjølvtitulerte debutplata. I 1989 døyde Eric Dixon same dag som Toy Dolls stod på scenen på Albani i sveitsiske Winterthur. I 1997 døyde Glen Buxton. I 1998 kom samleplata Best Of Bachman-Turner Overdrive, og det er vel berre å slå fast at You Ain’t Seen Nothing Yet.

Trettifyrste oktober

Trettifyrste oktober 1929, det var ein torsdag, hadde Blind Willie McTell teke gitaren med seg i studio i Atlanta i Georgia og spela inn songane Kind Mama, Low Rider’s Blues, Georgia Rag og Low Down Blues. Alle songane finn du på samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1933, på ein laurdag, var Blind Willie McTell og Curley Weaver i studio i Atlanta i Georgia og spela inn Low Rider’s Blues og Low Down Blues. McTell fekk også tid til å spele inn Georgia Rag. Alle songane finn du på samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1939 kom John Payne Guerin til verda på stillehavsparadiset Hawaii. Trommeslagaren John Guerin sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975, på Joni Mitchell si plate Hejiro frå 1976, og på plata I’m Breathless, som Madonna slepte i 1990. Guerin døyde i 2004. I 1949 vart Robert Layne Siebenberg fødd i Glendale i California. Trommeslagar Bob Siebenberg (også Bob C. Benberg) var lenge det einaste amerikanske innslaget i britiske Supertramp og kan i mi platehylle høyrast på plata Crisis? What Crisis? frå 1975. Sienberg er også ein av fleire trommeslagarar som held takten for Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1952 kom Bernard Edwards til verda i Greenville i North Carolina. Bassisten Edwards er best kjend for å spele i Chic og samarbeidde tett med makkeren Nile Rogers gjennom heile karrieren. Hjå meg kan Edwards høyrast på Rod Stewart si studioplate Vagabond Heart (1991), og samleplata Sister Sledge, som same Sister Sledge slepte i 1996. Rogers døyde av blodkreft under ein turné i Japan i 1996. I 1956 var Chet Baker i studio og spela inn C.T.A., To Mickey’s Memory og Jumpin’ Off A Clef. Alle tre kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1961 kom Lawrence Joseph Mullen Jr. til verda i irske Dublin. Trommisen Larry Mullen Jr. spelar til dagleg i U2 og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate, War, frå 1983. I 1963 var dette dagen svensk-grekaren Mickale Delaouglou kom til verda i Göteborg. Folk flest kjenner mannen som Mickey Dee, han er kan hende verdas beste nolevande trommis og, etter ei fortid i meritterte hardrockband som King Diamond og Dokken, spelar han for tida trommer i det som utan tvil er verdas beste hardrockband, Motörhead. I mi platesamling kan Dee sitt trommespel høyrast på platene Kiss Of Death (2006), Motorizer (2008) og The Wörld Is Yours (2010). Same dag vart John Martin Maher fødd i engelske Manchester. Gitaristen Johnny Marr spelte saman med Morrisey i eksentriske The Smiths og mi platehylle byr på gitarspelet hans på studioplatene Meat Is Murder (1985), Strangeways og Here We Come (1987), og samleplata Louder Than Bombs (1987). Også i Alexandria i Virginia vart det fødd eit bidrag til mi platesamling. Skodespelaren Dermot Mulroney er kreditert for cellospel på songen Place Your Hand frå Melissa Etheride si plate Never Enough frå 1992. I 1964 kom Colm Ó Ciosóig til verda i den irske hovudstaden Dublin. Trommisen Ó Ciosóig var ein av grunnleggjarane av My Bloody Valentine, og hjå meg kan du høyre arbeidet hans på plata …Isn’t Anything frå 1988. I 1966 vart Adam Keefe Horovitz fødd i New Jersey. Ad-Rock er ein av grunnleggjarane av rap-trioen Beastie Boys. I 1977 var det klart for fyrste innspelingsdag for Keith Jarrett si plate My Song, som kom på marknaden året etter. I 1982 opna Witton Club i Durham dørene for eit jubilerande Toy Dolls, dette var bandet sin hundre-og-femtiande konsert. I 1985 var Toy Dolls komen til Bochum for å spele på Zeche for andre gong dette året. I 1987 var Toy Dolls i Wien for å spele på Fritz. I 1989 var Top Act i Zapfendorf åstad for ein konsert der Toy Dolls framførde musikken sin og Billy Joel nytta dagen til å gje ut si ellevte studioplate, Stormfront. I 2000 slepte Cradle Of Filth si fjerde studioplate, Midian.

18.10.2015

Attande oktober

Attende oktober 1926 såg Charles Edward Anderson Berry dagen lys i St. Louis i Missouri. Chuck Berry har inspirert musikarar og luftgitaristar i fleire generasjonar, men vert like gjerne sett i samband med ein ganske anti-erotisk gitardans kalla duck-walk som med dei drivande gitarriffa som kjenneteiknar musikken hans. Plata Roll Over Beethoven står i mi platehylle og oppsummerar karriera hans kort og greitt, sjølv om kvaliteten på dei utvalde spora er ujamn. Det er berre å innsjå at i mi platehylle er det andre artistar sine versjonar av Berry sine songar som briljerer. I 1967 kom Beth Hirch til verda i Tampa i pensjoniststaten Florida. Songerinna Hirch er best kjend for samarbeidet ho har gjort med franske Air og røysta hennar kan i mi platehylle nytast på plata Moon Safari frå 1998. I 1972 vart bassisten Lasse Wedeen fødd. Wedeen trakterar bassen på BigBang si plate Too Much Yang frå 2007. I 1974 kom Anders Peter Svensson til verda i svenske Jömköping. Gitaristen Peter Svensson spelar til dagleg i The Cardigans og kan i mi platehylle høyrast på megahiten Burning Down The House frå Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1977 var The Who i Ramport Studios og spelte inn Love Is Coming Down, som enda opp på plata Who Are You året etter. I 1978 kom Brynjulf Guddal til verda. Trommisen Guddal har mange jern i elden, hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Evil Tordivel på plata A Fine Young Man frå 2004. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast i Aligauhalle i Kempten. I 1987 spelte Toy Dolls på Blackfood Club i Morbihau. I 1989 var det Palladium i Genève som fekk vitjing av gladpunkarane i Toy Dolls. I 1993 slepte Crowded House plata Together Alone, dette var bandet si fjerde studioplate. I 1994 døyde Lee Allen.

17.10.2015

Syttande oktober

Syttande oktober 1923 kom Barney Kessel til verda i Muskogee i Oklahoma. Jazzgitaristen Kessel var ein viktig del av gruppa av studiomusikarar som vart omtala som The Wrecking Crew. I mi platehylle kan Kessel sitt gitarspel høyrast på utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som dødsbuet etter rockekongen Elvis Presley slepte i 2002. Kessel døyde i 2004. I 1934 vart Emmanuel Rodriguez fødd i Havanna på Cuba. Trombonisten Rico Rodriguez lærte å traktere instrumentet sitt i rastafarimiljøet i Kingston på Jamaica, før han kom til Storbritannia i 1961 for å spele i ulike reggae-band. Rodriguez gav ut plater under eige namn, var ein høgt skatta gjestemusikar, og spelte i fleire år fast i Jools Holland sitt band. Hjå meg finn du Rodriguez sitt trombonespel på The Specials si sjølvtittulerte debutplate frå 1979. Rodriguez døyde i 2015. I 1957 vart italienskætta Pino Palladino fødd i den waliske hovudstaden Cardiff. Palladino har spela med artistar som Jools Holland og Paul Simon, og han erstatta John Entwistle i The Who. Hjå meg høyrer du bassisten Palladino sitt arbeid på plata Word Of Mouth, som Mike + The Mechanics slepte i 1991, Melissa Etheridge si plate Yes, I Am frå 1993, Tina Turner si plate Twenty Four Seven, og på gitarlegenda Jeff Beck si plate Who Else!, begge dei to siste frå 1999. I 1967 kom Roberto Salvatore Cani til verda i den italienske motemetropolen Milano. Den prisløna fiolinisten Roberto Cani kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Meat Loaf på studioplata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1968 fekk reggae-artisten Bob Marley ein son som han gav namnet David Nesta Marley. Marley junior tok etter kvart namnet Ziggy Marley og slo seg saman med bandet The Melody Makers, som han har turnert og gjeve ut plater saman med. I dag er dette samarbeidet avslutta, men i mi platehylle står ein lemning frå 1989, plata One Bright Day. I 1969 vart rapparen og produsenten Wyclef Jeanelle Jean fødd på Haiti. Wyclef Jean hadde fleire store hist med bandet The Fugees og kan i mi platehylle høyrast på plata The Score frå 1996. I 1971 kom Blues Saraceno til verda i Hartford i Connecticut. Den tidlegare Poison-gitaristen Saraceno kan i mi platehylle høyrast på Melissa Etheridge si plate Lucky frå 2004. I 1972 kom Marshall Bruce Matters III til verda i Saint Joseph i Missouri. Eminem har, som soloartist og saman med rap-kollektivet D12, selt millionar av plater. Hjå meg kan Eminem nytast på soloplatene The Slim Shady LP (1999), The Marshall Matters LP frå 2000, og The Eminem Show, som kom på marknaden i 2002, i tillegg til D12 si debutplate Devil’s Night frå 2001. I 1975 vart Adrián Terrazas-Gonzáles til verda i meksikanske Chihuahua. Adrián Terrazas-Gonzáles trakterar ei rekkje blåseinstrument og hjå meg kan han høyrast frå tida han spelte i The Mars Voltas på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1977 gav sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd ut plata Street Survivors, med mellom anna låtar som That Smell, I Know A Little og You Got That Right. I 1985 kom Toy Dolls til Schwindkircmen i Dorfen. I 1986 var dei same Toy Dolls på plass i den norske hovudstaden og spelte på Sardines. Og i 1987 kunne Toy Dolls opplevast i N.J.C i Listeux. I 1988 slepte Steve Earle plata Copperhead Road. I 1994 slepte Black Sabbath ei samling av dei beste innspelingane frå tida Ozzy Osbourne var vokalist i bandet. Samlinga fekk det treffande namnet The Ozzy Osbourne Years og var fordelt på tre CD-plater. Og Yello slepte si åttande studioplate, Zebra. I 2000 døyde Joachim Nielsen, same dag som Johnny Cash gav ut plata American III: Solitary Man. Som tittelen indikerer var dette den tredje plata i serien American Recordings. I 2002 døyde Chuck Domanico. I 2003 døyde Robbie King, ein kanadisk multiinstrumentalist som i mi platehylle kan høyrast på studioplatene From The Inside, som Alice Cooper slepte i 1978, og Waking Up The Neighbours, som var Bryan Adams sitt bidrag til populærkulturen i 1991. I 2005 slepte Depeche Mode sitt ellevte studioalbum, Playing The Angel, laus på uskuldege platekjøparar. I 2007 slepte Kent si sjuande studioplate Tillbaka Till Samtiden. I 2010 døyde Dennis Taylor.

16.10.2015

Sekstande oktober

Sekstande oktober 1938 kom Christa Päffgen til verda i tyske Köln. Christa er best kjend som fotomodellen Nico, som også song saman med kunstrockarane i The Velvet Underground. Hjå meg kan Nico høyrast på tre spor på samleplata The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed frå 1989. Nico døyde i 1988. I 1943 vart Charles Frederick Turner fødd i kanadiske Winnipeg. Fred Turner er bassist i bandet Bachman-Turner Overdrive og er representert med ei Best Of-plate i mi hylle. I 1944 kom Paul Durcan til verda i irske Dublin. Poeten Durcan er i mi platehylle kreditert for å snakke på eitt av spora på Van Morrison si plate Enlightenment frå 1990. I 1945 kom Roger G. Hawkins til verda i Mishawaka i Indiana. Trommeslagaren Roger Hawkins er den som held takten på Wilson Pickett sin originalversjon av Mustang Sally, og kan hjå meg høyrast medan han held takten for Bob Seger på studioplatene Beautiful Loser (1975), Night Moves (1976), Stranger In Town (1978) og The Distance (1982). I 1960 kom Robert Arthur Mould til verda i byen Malone i New York State. Bob Mould var gitarist, songar og låtskrivar i det amerikanske undergrundsbandet Hüsker Dü som herja alternativlistene i åra 1979-1988. Hjå meg kan Mould høyrast på studioplata Candy Apple Grey. I 1961 vart Bo Sigvard Sundström fødd i Piteå langt nord i vårt naboland Sverige. Bo Kasper er komponist og musikar, og er drivkrafta i det svenske bandet Bo Kaspers Orkester som i mi platehylle er representert med studioplatene Söndag I Sängen, «Amerika», På Hotell, I Centrum og Kaos. I 1962 kom Michael Peter Balzary til verda i den australske olympiabyen Melbourne. Som femåring emigrerte Balzary, saman med resten av familien, til USA. Under artistnamnet Flea har Balzary hamra basstakten i Red Hot Chili Peppers frå byrjinga av bandet si karriere i 1984 og om du føler for å høyre platene Red Hot Chili Peppers, Freaky Style, The Uplift Mofo Party Plane, Mothers Milk, Blood Sugar Sex Magic, One Hot Minute, Californication og By The Way, kan du gjøre det hjå meg. Flea er også involvert i bandet The Mars Voltas, som hjå meg er representert med plata The Bedlam In Goliath frå 2007. I mi platehylle byr følgjande plater på Flea sitt basspel: Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, på fleire spor på Mick Jagger si soloplate Wandering Spirit frå 1993, på sporet You Ougtha Know på Alanis Moristette sine plater Jagged Little Pill frå 1995, i tillegg til plata Under Rug Swept frå 2002, og på Johnny Cash si plate Unchained frå 1996. Som om ikkje det var nok kan Flea høyrast medan han spelar saksofon på Jane’s Addiction si plate Nothing’s Shoking frå 1988. I svenske Lidingö vart Stefan Axelsen fødd. Bassisten Axelsen spelte tidlegare i Weeping Willows og kan i mi platehylle høyrast på deira studioplate Into The Light frå 2002. I 1974 vart Björn Daniel Arne Yttling fødd i den svenske universitetsbyen Umeå. Bassisten Björn Yttling spelar til dagleg i trioen Peter Björn And John, i mi platehylle er han kreditert for å spele på Primal Scream si studioplate Beautiful Future frå 2008. I 1985 var Toy Dolls og underheldt i Zentralsaal i Hamburg. I 1986 var det Trondheim sin tur til å få vitjing av Toy Dolls. Den utvalde arrangørstaden heit Ritz. I 1987 var Toy Dolls i Reimes for å spele på Theatre De La Maison. I 1989 spela Toy Dolls på Spielboden i Dornbirn i Austerriket. I 1992 slepte Offspring si andre studioplate, Ignition. I 2000 platedebuterte Håkan Hellström med Känn Ingen Sorg För Mig Göteborg.

15.10.2015

Femtande oktober

Femtande oktober 1943 vart Ralph Gallant fødd i Norfolk i Virginia. Trommeslagaren Larrie Londin var ein av fleire slagarar som var hyra inn for å halde takten på Neil Young si plate Comes A Time frå 1978, Londin er også kreditert for å tromme på utvalde spor på samleplata Greatest Hits, som Dolly Parton slepte i 1982, og på ei samleplate med same tittlel, som Journey slepte i 1988. Londin døyde i 1992. I 1946 vart Palle Danielsson fødd i Stockholm. Bassisten Danielsson kan hjå meg høyrast som ein del av Keith Jarret sin European Quartet på plata My Song frå 1978. I 1947 kom Robert Hall Weir til verda i San Francisco i California. Gitaristen Bob Weir er best kjend for å ha vore med å grunnleggje hippiebandet Grateful Dead. I mi platesamling kan Weir høyrast på den langt frå kritikarroste samarbeidsplata Dylan & The Dead, som Grateful Dead gav ut saman med Bob Dylan i 1989. I 1953 kom Toriano Adaryll Jackson til verda i Gary i Indiana. Tito Jackson er ein av fleire storebrør til meir kjende Michael Jackson og kan hjå meg høyrast på samleplata The Ultimate Collection, som Jackson 5 slepte i 1995. I 1961 var Elvis Presley og The Jordanaires i studio og spelte inn Good Luck Charm. I 1962 vart Morten Abel Knutsen fødd i Bodø. Morten Abel har ei fortid i Stavanger-band som Mods og The September When, før han etter kvart starta solokarriere i eige namn. Både ein dobbel samle-CD frå tida i Mods, kalla Originalar (1992), og soloplata Here We Go Then You And I frå 1999 står trygt plassert i mi platehylle. I 1964 kom Øyvind Østerbø til verda i nærleiken av Salhus. Gitaristen Østerbø slo seg saman med Vinskvetten i 1985 og kan i mi platehylle høyrast på den smått morosame studioplata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. I 1966 var dagen god for framtidige rytmeseksjonar, då fekk platesamlinga mi ikkje mindre enn to dugande trommeslagarar. Fyrst ute var Douglas ”Dougie” Vipond, som kom til verda i skotske Elderslie. Vipond har gjort det meste av den musikalske karriera si i Deacon Blue og kan høyrast på platene Raintown og Fellow Hoodlums. Same dag vart David Stead fødd i engelske Huddersfield. Dave ”Steady” Stead heldt takten for The Beautiful South og hjå meg er det på debeutplata Welcome To The Beautiful South (1989), og Painting It Red frå 2000 han kan høyrast. I 1969 gav MC5 ut singelen Looking At You på plateselskapet Atlantic. I 1970 kom Elgin Baylor Lumpkin til verda i Washington D.C. Rapartisten Ginuwine sitt bidrag til mi platehylle finn du på Missy Elliott si plate Miss E…So Addictive frå 2001, og på Paid Tha Cost To Be Da Boss, som var Snoop Dogg sitt bidrag til populærkulturen i 2002. I 1975 vart Chris Geddes fødd i Stroud i England. Tangentmannen Geddes var ein av grunnleggjarane av det skotske indiebandet Belle & Sebastian og kan hjå meg høyrast på plata med den småerotiske tittelen The Boy With The Arab Strap. Han var også nomminert på PETA si liste over verdas sexyaste vegetarianarar i 2008. I 1984 gav AC/DC ut EP-en ’74 Jailbreak, som inneheld fem tidlegare uutgjevne spor og var ei hylling av den avdøyde vokalisten Bon Scott, og Talking Heads slepte konsertplata Stop Making Sense, som er lydsporet til ein konsertfilm med same tittel. I 1985 vitja Toy Dolls Metropol i Berlin. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Des Fetes i Strasbourg. I 1988 lanserte Motörhead konsertplata Nö Sleep At All som er spela inn under ein konsert i nabolandet vårt, Finland, og eit år seinare, i 1989, vitja Toy Dolls Nonthal Arce i Mozart-byen Salzburg i Austerriket. I 1996 slepte Lemonheads plata Car Button Cloth. Same dag gav Jon Spencer Blues Explosion ut plata Now I Got Worry. Dette var mitt fyrste møte med dette eksplosive bandet og ein kan trygt seie at det endra mitt syn på korleis ekte rock’n roll skal spelast, det er berre å stappe plata i spelaren og nyte.

14.10.2015

Fjortande oktober

Fjortande oktober 1939 kom Chrisostomos Karanikis til verda i den australske olympiabyen Melbourne. Perkusjonisten Chris Karan vart ein særs ettertrakta studiomusikar då han flytta til London tidleg på sekstitalet, og fekk i tillegg fast plass på trommestolen i Dudley Moore Trio. Hjå meg kan Karan sitt taktfaste arbeid høyrast på utvalde spor på to av samleplatene Bob Marley sitt dødsbu har slepte for å melke arven etter reggealegenda, His 24 Greatest Hits (1998) og Legend (1984). I 1940 vart Harry Rodger Webb fødd i Lucknow i India. Smørsongaren Cliff Richard er i mi platehylle kreditert for å syngje på eitt spor på Van «The Man» Morrison si plate Avalon Sunset frå 1989. I 1959 vart Anthony Jude Pero fødd på Staten Island i New York. A. J. Pero var mannen som stod for det stødige trommespelet for dei gamle glamrockarane i Twisted Sister. Hjå meg kan Pero sitt trommespel nytast på samleplata Big Hit And Nasty Cuts frå 1992. Pero døyde av hjarteinfarkt i 2015. I 1967 slepte The Who singelen I Can See For Miles, som var henta frå plata Who’s Sell Out. I 1985 fekk frammøtte på PC69 i Bielefeldt både høyre og sjå Toy Dolls i aksjon på scenen, og dei australske yndlingane INXS slepte si femte studioplate, Listen Like Thieves, som sikra dei deira fyrste topp fem singel på verdas største platemarknad, USA. I 1987 var Toy Dolls i Besançon for å spele på Mont Joye. I 1989 stod Toy Dolls på scenen på Fritz i den austerrikske hovudstaden Vien. I 1990 stod Slayer på scenen på Wembly Arena i London, opptak frå konserten kan høyrast på den doble konsertplata Decade Of Aggression, som kom på marknaden i 1991. I 1997 slepte dei alltid like hardtarbeidande punkarane i Green Day plata Nimrod. I 2006 døyde Freddy Fender.

13.10.2015

Trettande oktober

Trettande oktober 1921 kom Yves Montand til verda i italienske Monsummano Terme. Skodespelaren og songaren Montand voks opp i den franske hamnebyen Marseille og vart under andre verdskrigen oppdaga av sjølvaste spurven Edith Piaf. Hjå meg kan du høyre Montand på ei samleplate som har fått same namn som artisten. Montand døyde i 1991. I 1926 vart Raymond Matthews Brown fødd i stålbyen Pittsburg i Pennsylvania. Bassisten Ray Brown kan hjå meg høyrast på samarbeidsplata Ella & Louis Again, som dei to parhestane Ella Fitzgerald og Louis Armstrong gav ut i 1957. Brown døyde i 2002. I 1927 kom jazzlegenda Lee Konitz til verda i bluesbyen Chicago i Illinos. Konitz sine musikalske ferdigheter kan hjå meg nytast medan han spelar altsaksofon på samleplata Birth Of The Cool, som jazzlegenda Miles Davis gav ut i 1957. I 1941 vart den mest kreative halvdelen av Simon & Garfunkel, Paul Simon, fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Paul Simon har etter at duoen skilde lag hatt ei solid solokarriere og hjå meg finn du studioplatene Graceland (1986) og Songs From The Capeman (1997). I 1943 kom Graham Simpson til verda i engelske Manchester. Bassisten Simpson var ein av grunnleggjarane av Roxy Music og kan hjå meg høyrast på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. Simpson døyde i 2012. I 1946 kom Keith Peter Christmas til verda i Essex. Gitaristen Keith Christmas spelte akustisk gitar på David Bowie si plata Space Oddity, som vart tilgjengeleg fyrste gong i 1969. I 1949 vart Richard Vito fødd i Darby i Pennsylvania. Gitaristen Rich Vito erstatta i si tid Lindsay Buckingham i Fleetwood Mac, men hjå meg høyrer du han på platene Lawyers In Love som var Jackson Browne sitt bidrag til underhaldningsindustrien i 1983, og The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1991. I 1954 kom Jahloul Bouchikhi til verda i franske Arles. Gitaristen Chico Bouchikhi er gifta inn i Reyes-familien, som står som ansvarlege for Gipsy Kings, og hjå meg høyrer du gitarspelet hans på plata Mosaique frå 1989. I 1960 kom Joseph Bellardini til verda i Oswego i den amerikanske delstaten New York. Joey Belladonna har ei fortid som songar i det amerikanske hardrockbandet Anthrax. Etter at han avslutta samarbeidet med Anthrax, han fekk sparken på grunn av sitt lausslepte forhold til diverse lovlege og ulovlege rusmiddel, heldt han fram den musikalske karriera utan nemneverdig suksess med bandnamnet Belladonna. I mi platesamling kan Belladonna høyrast på Anthrax-platene State Of Euphoria frå 1988 og Persistence Of Time (1990), i tillegg til samleplata Return Of The Killer A’s- The Best Of Anthrax. I London vart Orphy Robinson fødd. Hjå meg høyrer du multiinstrumentalisten Robinson på Robert Wyatt si ellevte soloplate Comicopera frå 2004. I 1965 var The Who i Pye Studios i London for å spele inn My Generation. Produsent var Shel Talmy. I 1977 kom Inger-Lise Størksen til verda. Størksen er låtskrivar og gitarist i den bergenske jentetrioen Ephemera og kan hjå meg høyrast på platene Glue (1996) og Air (2003). I 1980 var Toy Dolls attende i Old Twenty Nine i Sunderland. I 1985 kunne Toy Dolls høyrast i Markethalle i Hamburg. I 1989 fekk betalande gjestar i Haus de Jugend i austerrikske Graz sjå Toy Dolls på scenen. I 1997 gav Hellbillies ut si fyrste konsertplate, Live Laga, som var spelt inn under konsertar bandet heldt på Down On The Farm-festivalen i Halden i 1995, i fjellbygda Lom og på Landbrukshøyskolen på Ås. I 2010 kunne Blackie Lawless og resten av W.A.S.P opplevast på Kvarteret i Bergen, ein konsert som absolutt innfridde forventningane ein middelaldrande hardrockar hadde til ein ondagskveld på byen.

12.10.2015

Tolvte oktober

Tolvte oktober 1948 kom Rickard John Parfit til verda i eksotiske Woking. Som ein del av det engelske boogierockbandet Status Quo har Rick Parfit gjort usletteleg inntrykk på meg gjennom heile oppveksta. På plass i platehylla finn ein samleplatene 12 Gold Bars (1980) og 12 Gold Bars vol II (1984), studioplata Rock ’Til You Drop (1991) og konsertplata Live Alive Quo (1992), og med det er det meste av det beste frå rockens mest hardtarbeidande menn på plass. I 1962 vart den bergenske supergitaristen Mads Eriksen fødd. Eriksen har gjeve ut nesten eit dusin studioplater på eiga hand, og hjå meg finn du Journey (1990), Storyteller (1991) og Intermesso Troldhaugen (1993), som alle er instrumentalplater. I Portland i Oregon kom Christopher Stephen Botti til verda. Trompetisten Chris Botti kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I 1966 kom Brian Edward Patric Kennedy til verda i Belfast i Nord-Irland. Songaren Brian Kennedy er bror av Energy Orchard-sjefen Bab Kennedy, og hjå meg høyrer du han medan han syng hjelpevokal for Van Morrison på plata Back On Top frå 1999. I 1974 kom The Who si samleplate Odds & Sods ut i USA. Amerikanarane gjekk ut og kjøpte nok plater til at det vart ein femtandeplass på listene. I 1982 herja det Toy Dolls feber på Tiffany’s i Newcastle. I 1985 stod Toy Dolls på scenen i Bremen, skiltet på utsida annonserte at staden heit Slatchuf. Same dag døyde Ricky Wilson av eit ublidt møte med eit HIV-virus ei tid tidlegare. I 1986 kunne ein oppleve Toy Dolls i Gøteborg, på Errols. I 1987 var Toy Dolls på Coo Club i den franske mathovudstaden Lyon. I 1992 slepte Talking Heads samleplata Once In A Lifetime-The Best Of Talking Heads. I 1993 gav Alice Cooper ut samleplata The Beast Of Alice Cooper. Denne plata gjev deg det meste av det beste frå dei tidene då horrorrockens far enno var ein kreativ musikar som kunne sakene sine. Salt’n Pepa slepte si fjerde studioplate Very Necessary, som var deira beste plate.

11.10.2015

Ellevte oktober

Ellevte oktober 1929 kom Curtis Amy til verda i oljebyen Houston i skytegale Texas. Saxofonspelande Amy gjorde det sterkt på den amerikanske jazzmarknaden, hjå meg kan han høyrast medan han speler på songen Touch Me på The Doors si samleplate Greatest Hits frå 1980. Amy døyde i 2002. I 1946 vart Gary Mallaber fødd i Buffalo i delstaten New York. Trommisen Mallaber kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Van Morrison på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1950 kom Andrew Woolfolk til verda i den skyteglade delstaten Texas. Saksofonisten og percusjonisten Woolfolk er ein av grunnleggjarane av Eart, Wind & Fire og i mi platehylle kan arbeidet hans nytast på studioplata Touch The World frå 1987. I 1963 døyde Spurven, den franske songerinna Edith Piaf. I 1971 kom fiolinisten Petra Haden til verda i New York City. Haden er dotter av meir kjende jazzmusikar Charlie Haden, og ho har gjeve ut plater på eiga hand, i tillegg til at ho har spelt med kjente namn som Weezer og Beck. I mi platesamling finn du dei musikalske innslaga hennar på Green Day si plate Nimrod frå 1997, i tillegg til at ho er kreditert for å syngje la-la-vocals på Beck si remix-plate Guerelito frå 2005. I 1986 var dette datoen då Iron Maiden slepte plata Somewhere In Time, som debuterte med ein tredjeplass på platelistene. Same dag var Toy Dolls i Sverige og vitja Odden i Karlskrona. I 1987 stod Toy Dolls på scenen i Heartbreak Club i Sete. I 1988 kom Pet Shop Boys med plata Introspective, som var duoen si fjerde studioplate. I 1989 hadde Toy Dolls teke turen til Bayern, nærare bestemt München der dei stod på scenen i Theaterfabrik. I 1999 slepte evigunge Morten Abel plata Here We Go Then, You And I.

10.10.2015

Tiande oktober

Tiande oktober 1948 vart Cyril Neville fødd i New Orleans i Louisiana. Perkusjonisten Neville har vore innom storebror sine band The Meters og Neville Brothers, men hjå meg er det på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991 han kan høyrast. I 1953 kom James Ure til verda i skotske Cambuslang. Midge Ure er best kjend som frontmann i Ultravox og er den mindre profilerte halvleiken av Live Aid-konseptet. Hjå meg kan Ure høyrast samleplata Dancing With Tears In My Eyes frå 1997, til tillegg til med gitar- og tangentspel på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1959 vart Kirsty Anna MacColl fødd i Croydon på Themsen si sørside. Songerinna Kirsty MacColl hadde fleire hit på eiga hand frå fyrste halvleik av 1980-talet, men best kjend er ho som den kvinnelege røysta i The Pouges sin julesong Fairytale Of New York. Hjå meg kan MacColl høyrast på nettopp The Fairytale Of New York frå The Pogues si samleplate The Best Of The Pogues, og på Ask og Golden Lights frå The Smiths si samleplate Louder Than Bombs frå 1987. MacColl døyde i ei drukningsulukke i 2000. I 1960 vart Simon Townshend fødd i London og storebror Pete var truleg fornøgd med å få ein medmusikant i familien. I mi platehylle er Townshend kreditert for hjelpevokal på The Who si fjerde studioplate Tommy frå 1969. I 1963 vart Marco Prince fødd i Paris. Trombonisten og vokalisten Prince, med røter i Benin, var ein av drivkreftene i det franske funkrockbandet Fedèration Francaise de Funk (FFF), som var aktive mellom 1987 og 2000. Bandet sine tre fyrste plater, Blast Culture, Free For Fever og FFF, står som tre spanande fargeklattar i mi platehylle. I 1969 spelte Johnny Cash inn songen 'Cause I Love You for bruk i filmen I Walk The Line med tilhøyrande soundtrack. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. Same dag var hardarbeidande Grand Funk Railroad i studio i Cleavland og spelte inn Mr. Limousine Driver til bruk på plata Grand Funk seinare same år. Songen vart gjeven ut på singel i november og klatra til nittisjuandeplass på listene. I 1975 slepte Deep Purple si tiande studioplate. Jubileumsplata fekk tittelen Come Taste The Band. I 1980 stod universitet i stålbyen Sheffield som vertskap for kveldens Toy Dolls konsert. I 1982 var det Comrades Club i Blackhill som vart invadert av Toy Dolls fans. I 1986 hadde Toy Dolls for andre gong teke turen til Sverige for å spele og kunne opplevast på Arris i Lindköping. I 1987 var Toy Dolls og spela i Bikini Club i Toulouse, same dag vart glamrockarane frå New York, Twisted Sister, oppløyst etter ein konsert i norskamerikanarane sin hovudstad, Minneapolis. Heldigvis var ikkje denne avgjerda endeleg og etter ein pause er det gledeleg å registera at bandet spelar framleis. I 1989 fekk Batschkapp i Frankfurt i Tyskland vitjing av Toy Dolls. I 1992 gav Willy DeVille ut plata Backstreets Of Desire, som inneheld ein særs alternativ og flott versjon av Jimi Hendrix sin krigskritiske slagar Hey Joe. I 1994 slepte Suede si andre studioplate, Dog Man Star, produsent var Ed Buller. I 1995 gav No Doubt ut plata Tragic Kingdom. Dette var bandet si tredje plate og singelen Don’t Speak gjorde bandet til allemannseige. Også kanadiske k.d. Lang slepte si tredje plate denne dagen, produktet fekk namnet All You Can Eat, så då er det berre å hugge innpå. Same dag platedebuterte engelske Black Grape med It’s Great When You’re Straight Yeah. I 2002 døyde Abe Most.

09.10.2015

Niande oktober

Niande oktober 1940 vart John Winston Lennon fødd i hamnebyen Liverpool. Lennon var gitarist og vokalist i det myteomspunne poporkesteret The Beatles og ein vesentleg del av låtskrivarsamarbeidet Lennon/McCartney. Lennon var også ein dugande låtskrivar på eiga hand. Hjå meg kan Lennon sin musikk nytast på The Beatles si samleplate Anthology 1, som omfattar den tidlegaste perioden av Fab Four si karriere. Lennon vart skoten av Mark Chapman i 1980. I 1943 vart organisten Ronald Raymond Barrosse fødd i elvebyen New Orleans i Louisiana. Med artistnamnet Ronnie Barron har han gjort seg merkt i fleire band og kan hjå meg høyrast på Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983. Barrosse døyde i 1997. I 1944 vart John Alec Entwistle fødd i London. John Entwistle spelte bass i den engelske supergruppa The Who og kan i mellom finnast som låtskrivar for songar som er spanande og litt annleis enn resten av The Who programmet, som Boris The Spider og My Wife. Entwistle døyde brått i 2002. I 1948 kom Clyde Jackson Browne til verda i tyske Heidelberg. Den norskætta miljøforkjemparen Jackson Browne er kritikarrost amerikansk gitarist og komponist med eigen plass i Rock’n Roll Hall Of Fame i Ohio. I 1954 kom James Fearnley til verda i engelske Worsley. Fearnley spelar til vanleg accordion i folk-punk-bandet The Pogues. Hjå meg høyrer du Fearnley på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). I mi platesamling kan Fearnley også høyrast saman med resten av The Pogues når dei spelar på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road, som kom på marknaden i 1988. Fearnley har også ytt sitt bidrag for andre artistar, mellom anna på plata Yes I Am frå 1993 for ei av mine musikalske heltinner, Melissa Etheridge. I 1955 vart Shona Laing fødd på New Zealand. Gitaristen Laing har solokarriere med ein beskjede, men trufast tilhengjarskare i heimlandet, hjå meg kan ho høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band, som Manfred Mann’s Earth Band slepte i 1999. I 1956 kom Geir Langslet til verda i marinebyen Horten. Kapellmester og pianist Langslet kan skilte med meir enn tjue års fartstid i Lava, hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på tre ulike samleplater. Absolute Prima Vera (1994), 21 Beste (Olav Stedje) (1998), og Trond-Viggos Best, som var Trond-Viggo Torgersen sitt bidrag til populærkulturen i 1998. I 1958 vart Alain David Jourgensen fødd i Havanna på den karibiske perla Cuba. Al Jourgensen er grunnleggjar av, og vokalist i, industrimetallbandet Ministry. Hjå meg kan du høyre Jourgensen på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1959 vart Thomas Wydler fødd i den sveitsiske finansbyen Zürich. Trommeslagaren Wydler vert rekna som ein av kjernemedlemmene i Nick Cave sitt backingband The Bad Seeds og kan hjå meg høyrast medan han held takten på plata The Boatman’s Call frå 1997, og Nocturama frå 2003. I 1960 vart rock’n rollbyen Detroit i Michigan velsigna med ein jazzmusikar. Kenny Garret kan i mi platesamling høyrast medan han spelar altsaksofon på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1969 kom Yoevil sitt sterkaste musikalske bidrag, Polly Jean Harvey til verda i engelske Bridport. Hjå meg kan Polly Jean høyrast på studioplatene Rid Of Me (1993), To Bring You My Love (1995, Is This Desire (1998), Stories From The City. Stories From The Sea (2000) og White Chalk (2007), og fleire vert det nok i framtida, for dama produserer musikk som gjer meg skjelven i knea. I 1967 vart Mathew David Osman fødd i den engelske hagebyen Welwyn Garden City. Bassisten Mat Osman spelar i Suede og kan hjå meg høyrast på studioplatene Dog Man Star (1994), Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til samleplata Sci-Fi Lullabies (1997), som inneheld B-sidene av bandet sine singlar frå dei tre fyrste studioplatene. I 1970 vart Atle Byström fødd. Al DeLoner var gitarist og pianist i Midnight Choir og hjå meg kan han høyrast på platene Midnight Choir (1994) og Unsung Heroin (2000). I 1978 døyde Jacques Brel. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast i Pallais De Justice i Patway. I 1989 var det Labyrinth i Wurzburg i Tyskland som fekk vitjing av Toy Dolls. I 2000 slepte britiske The Beautiful South plata Painting It Red. I 2001 var det klart for plateslepp frå Leonard Cohen, produktet fekk namnet Ten New Songs og hadde, ganske riktig, ti nye songar. I 2012 slepte Kiss si tjuande studioplate, Monster.

08.10.2015

Åttande oktober

Åttande oktober 1932 kom Roddis Franklin Drake til verda i sørstatsbyen Augusta i Georgia. Pete Drake tente til livets opphald som plateprodusent, i tillegg til å spele det kuriøse instrumentet steel-guitar. Hjå meg Drake høyrast med stålgitaren sin på Bob Dylan sine studioplater John Wesley Harding og Nashville Skyline, begge frå 1967. Drake døyde i 1988. I 1941 vart David Arbus fødd i engelske Leicester. Dave Arbus er best kjend for å spele i bandet East Of Eden, hjå meg kan han høyrast med violinspel på Baba O’Riley frå The Who si plate Who’s Next frå 1971. I 1948 vart Johnny Ramone fødd som John William Cummings på Long Island i New York. Johnny Ramone var gitarist i det legendariske punkbandet Ramones, som inspirerte ein heil generasjon av unge punkarar verda over til å kle seg i svarte skinnjakkar. Johnny Ramone fekk plass på Time Magazine si liste over verdas ti beste el-gitaristar før han døyde i 2004. Hjå meg kan Ramone høyrast på platene Leave Home, End Of The Century, Pleasant Drams, Mania og Brain Drain. I 1949 vart Hamish Stewart fødd i skotske Glasgow. Stewart spelte gitar og bass i Average White Band fram til 1982 og kan hjå meg høyarst på samleplata The Best Of Average White Band, i tillegg er han kreditert for bakgrunnsvokal på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980. I 1950 kom Robert Earl Bell til verda i Youngstown i Ohio. Kool har, saman med resten av The Gang, levert dansbare hits sidan platedebuten i 1969. Hjå meg Kool høyrast på samleplata Anthology 20 Greatest Tracks. Kool er også, under eige døypenanm, kreditert for basspel og trommeprogrammering på Robbie Robertson si plate Storyville frå 1991. I 1952 kom Clifford Adams til verda i Trenton i New Jersey. Trombonisten Adams kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på Kool & The Gang si samleplate Anthology – 20 Great Tracks, som kom på marknaden i 1991. I 1958 kom Casey Royer til verda. Royer var med å starte det amerikanske punkbandet D.I. i 1981 og skal i dag vere einaste originalmedlemen att i bandet. Royer kan i mi platesamling høyrast på D.I. si femte plate, State Of Shock frå 1994. I 1963 slepte John Coltrane konsertplata Live At Birdland 1962. I 1970 spelte Johnny Cash inn Flesh & Blood som skulle vere musikk til filmen I Walk The Line. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1978 nytta Neil Young dagen til å gje ut albumet Comes A Time på plateselskapet Reprise. Plata nådde sjuandeplass på Billboard 100 som beste plassering. I 1983 gjekk Iron Maiden på scenen og spelte for eit utseld Madison Square Garden i New York. I 1984 var Iron Maiden på plass i London i eit utseld Hammersmith. I 1987 spele Toy Dolls i Salle De Al Foe i Tours. I 1989 fekk Willem II i nederlandske Den Bosch besøk av Toy Dolls. I 2002 gav Soft Cell ut plata Cruelty Whithout Beauty. I 2007 gav Robert Wyatt ut si ellevte soloplate, Comicopera, der “The Modfather” Paul Weller var ein av fleire gjestemusikarar. I 2011 døyde Mickey Welsh.

07.10.2015

Sjuande oktober

Sjuande oktober 1931 kom Gordon N. Terry til verda i Decatur i Alabama. Felespelaren Terry kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Johnny Cash på studioplatene Ride This Train og Now, There Was A Song, begge frå 1960. Terry døyde i 2006. I 1945 vart musikaren og produsenten Kevin Michael Godley fødd i engelske Prestwich. I mi platehylle kan Kevin Godley høyrast medan han trommar for den engelske gruppa 10cc på samleplata Live In Concert Volume 1. I 1953 kom Hector Samuel Juan Torres til verda i den amerikanske delstaten New York. Kubanskætta Tico Torres er kjend som trommis for Bon Jovi og kan hjå meg høyrast på studioplata These Days frå 1995. I 1956 vart Arnould Massart fødd i EU-hovudstaden Brussel. Autodidakten Massart er ein merittert jazzpianiste i heimlandet og i mi platehylle kan arbeidet hans høyrast på Vaya Con Dios si studioplate Time Flies frå 1992. I 1964 vart den engelske songarinna Samanta Brown fødd i Stratford. Mi platehylle byr på Sam Brown si plate Stop! frå 1988, der kan ein få høyre slagaren med same namn som plaga delar av den vestlege verda på slutten av 1980-åra. I 1968 kom Thomas Edward Yorke til verda i engelske Northamptonshire. Thom Yorke er frontmann i Radiohead og kan hjå meg høyrast på debutplata Pablo Honey (1993), og på OK Computer frå 1997. I 1980 inntok Madness tredjeplassen på lista med ein song der minna frå ei trøblete skuletid tydleg velta på, Baggy Trousers. Same kveld var Bob Seger & The Silver Bullet Band på scenen i Boston Gardens i Boston. You’ll Accomp’ny Me, Mainstreet, Rock And Roll Never Forgets og Let It Rock kan høyrast på konsertplata Nine Tonight. I 1987 var Toy Dolls utanlands og spelar på Cerdan i den franske hamnebyen Brest. I 1989 nytta Toy Dolls datoen til å vere i aksjon på De Koog i Noordesharwoude i Nederland. I 1997 slepte Steve Earle plata El Corazón og Janet Jackson slepte si sjette studioplate The Velvet Rope.

06.10.2015

Sjette oktober

Sjette oktober 1954 vart David Hidalgo fødd i storbyen Los Angeles i California. Multiinstrumentalisten Hidalgo er best kjend for arbeidet han har gjort i Los Lobos, men hjå meg kan han høyrast med både gitar- og akordionspel på Paul Simon si plate Graceland frå 1986, på plata Backstreets Of Desire, som Willy DeVille slepte i 1992, og med bass og gitarspel på utvalde spor på samelplata Tried And True – The Best Of Suzanne Vega frå 1998. I 1966 danna gitarhelten Jimi Hendrix bandet Jimi Hendrix Experience. Det legendariske bandet, som dei fleste har høyrd om, men som få fekk høve til å sjå live, bestod, i tillegg til Hendrix sjølv, av trommeslagaren Mitch Mitchell og Noel Redding på bass. I tillegg til musikken vekte bandet merksemd med plateomslaga sine som ofte viste meir bar kvinnehud enn det mange fann tilrådeleg, til dømes vart omslaget til Electric Ladyland frå 1968 forboden i USA. Det kunne berre gå oppover. I 1980 heldt Bob Seger & The Silver Bullet Band konsert i Boston Gardens i Boston. Songen Nine Tonight kan høyrast på konsertplata med same namn saman med Tryin’ To Live My Life Without You. I 1981 song Madness Shut Up og det plasserte dei fint på ein sjuandeplass på singellistene. I 1983 var Dubliners å høyre i levande live på radioprogrammet Folk Live frå Carré Theatre i den nederlandske kanalbyen Amsterdam. I 1989 spelte Toy Dolls på Bolwerk i Sneek ein annan stad i Nederland. I 1992 nytta Soul Asylum dagen til ål gje ut albumet Grave Dancers Union, ei plate som selde til tre gongar platina. Same dag vart det høve til å kjøpe Stevie Ray Vaughan And Double Trouble si konsertplate In The Beginning. Plata vart spela inn i Austin, hovudstad i skytegale Texas fyrste april 1980 og då det ferdige produktet endeleg kom på marknaden, hadde hovudpersonen vore daud i to år. I 1997 nytta Suede dagen til å sleppe si fyrste samleplate, Sci-Fi Lullabies, som inneheldt B-sider frå bandet sine singelplater frå dei tre fyrste studioplatene. I 1998 slepte den baskiske alternativartisten Manu Chao plata Clandestino.

05.10.2015

Femte oktober

Femte oktober 1943 vart Steven H. Miller fødd i motorsykkelbyen Milwaukee i Wisconsin. Steve Miller er leiar for sitt eige Steve Miller Band, som i mange år spelte fast for Chuck Berry, og er for dei fleste best kjend for låta The Joker, som plaga oss i ein reklame for eit amerikansk buksemerke for ein del år tilbake. Ei plate med same namn som hit-singelen kom ut i 1973 og innehar verdsrekord for lengs tmellomrom i tid mellom dei to gongene den har toppa listene. Plata står trygt plassert i platehylla mi og den kjem fram når syttitalsnostalgien skal pleiast. Miller kan også høyrast medan han syng duett med sjølvaste Sir Paul på plata Flaming Pie, som McCartney slepte på marknaden i 1997. I 1945 kom Brain Francis Connolly til verda i nærleiken av skotske Glasgow. Brian Connolly var vokalist i den legendariske versjonen av det britiske glamrockbandet Sweet, som har sett spor etter seg med fleire hardtrockande slagarar. Hjå meg kan Connolly høyrast på samleplata The Best Of Sweet frå 1992. Connolly døyde i 1997. I 1947 kom Brian Johnson til verda i Gateshead. Etter å ha starte karriera si i dei lokale heltane Geordie, erstatta Johnson avdøyde Bon Scott som vokalist i AC/DC i 1980. Johnson sine fyrste vokalbidrag til AC/DC var å høyre på legendariske Back In Black, ein jobb han gjorde så bra at han framleis får lov til å syngje til Young-brørne sitt gitarspel. I mi platehylle kan Johnson høyrast på platene Back In Black (1980), The Razors Edge (1990) og Black Ice (2008). I 1950 vart Edward Clarke fødd i London. Clarke hadde ei fortid i Thin Lizzy før han fekk jobben med å spele gitar på dei platene som gjorde Motörhead legendariske. I mi platehylle kan Fast Eddie Clarke høyrast på platene Bomber og Ace Of Spades, i tillegg til ei rekkje samleplater. I 1957 kom Lee Jay Thompson til verda i London. Saksofonspelande Lee Thompson er ein av grunnleggjarane av Madness og hjå meg kan du høyra alle hans lokkoande tonar på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1963 vart Rolf Ågrim Tekrø fødd i Oslo. Totningen Ronni Le Tekrø har gjort utenkjelege gitartriks til ein leveveg i TNT og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjuande studioplate, Transistor, frå 1999. I 1970 gav Led Zeppelin ut si tredje studioplate. Produktet fekk det fantasifulle namnet Led Zeppelin III. I 1978 vart Patrick George Walden fødd. Patrick Walden var gitarist på Babyshambles sitt debutalbum Down In Albion frå 2005. I 1980 var det Castleside Club i Consett som var staden å vere for dei som ville sjå Toy Dolls spele. Same kveld kunne ein både sjå og høyre Bob Seger & The Silver Bullet Band spele Old Time Rock And Roll og Her Strut i Boston Gardens i Boston. Me som ikkje hadde høve til å vere tilstades må nøye oss med konsertplata Nine Tonight. I 1989 spelte Toy Dolls på Atack i Enschede i Nederland, og Joe Cocker spelte i Memorial Auditorium i Lowell i Massachusettes, ein konsert som kan høyrast på plata Joe Cocker-Live som kom i platehyllene i mai året etter. I 1991 kom Heart si andre livekonsertplate, Rock The House! Live på marknaden.

04.10.2015

Fjerde oktober

Fjerde oktober 1947 kom Jim Fielder til verda i Denton i skytegale Texas. Bassisten Fielder er best kjend som ein av originalmedlemmane av Blood Sweat & Tears. Hjå meg kan Fielder høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1948 vart Michael John Robilard fødd i Woonsocket på Rhode Island. Duke Robilard sin CV omfattar mellom anna Fabolous Thunderbirds, men hjå meg er det som gitarist på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997 talentet hans kan nytast. I 1956 fekk Langevåg på Sunnmøre to eminente jazzmusikarar, då tvillingane Helge Olav og Jarle Førde vart fødd. Saman med broren Jan Magne er dei drivkrafta i den norske jazzgruppa The Brazz Brothers, som til no har to bidrag, Afrobrazz (1993) og Aquarium (2001), i mi platesamling. I 1958 kom den amerikanske gitaristen og vokalisten Barbara Kooyman til verda i Wausau i Wisconsin. Kooyman signerte med namnet Barbara K. MacDonald då ho spelte og song i den alternative Wisconsin-duoen Timbuk 3 saman med ektemannen Pat. Saman fekk dei ein kjempehit med låta The World’s So Bright I Gotta Wear Shades. Den er å finne på debutplata Greetings From Timbuk 3 frå 1986 og kan leitast opp i mi platehylle. Etter at duoen slutta å spele saman har Barbara heldt fram med eiga solokarriere og som produsent, men ho nyttar i dag namnet Barbara K. McKenna. I 1959 vart Christopher Sean Lowe fødd i badebyen Blackpool. Chris Lowe er tangentmannen i electronicaduoen Pet Shop Boys og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate Introspective frå 1988. I 1970 døyde Janis Joplin. I 1972 kom Daniel Bejar til verda i olympiabyen Vancouver i British Columbia. Songaren Dan Bejar er oppførd som hemmeleg medlem i The New Pornographers på plata Electric Version frå 2003. I 1974 slepte Rod Stewart soloplata Smiler, den siste plata han slepte på Mercury Records. I 1977 var The Who i Ramport Studios i London og Goring Studios i Berkshire og spelte inn songen Who Are You. Dette var den siste innspelinga bandet gjorde med Keith Moon bak trommene, han døyde året etter. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Whitehouse Club i Washington. I 1986 nytta Toy Dolls dagen til å spele på Universitetet i engelske Manchester. I 1991 slepte Mano Negra samleplata Amerika Perdida. I 2004 slepte Super Furry Animals samleplata Songbook: The Singles, Vol 1, same dag som Danny Gatton tok sitt eige liv. I 1999 slepte Manfred Mann’s Earth Band samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered. I 2006 slepte Amy Winehouse si andre studioplate Back To Black. I 2010 var det klart for internasjonalt plateslepp for Imelda May si plate Mayhem, etter at produktet hadde vore tilgjengeleg på den irske heimemarknaden i ein måned. I 2012 døyde Farrel Morris.

03.10.2015

Tredje oktober

Tredje oktober 1946 kom Patricia Ann Cole til verda i storbyen Los Angeles i California. Songerinna P.P Arnold slo gjennom med eit par kraftfulle soulhit på slutten av sekstitalet, heime hjå meg kan ho høyrast med vokalhjelp på Pink Floyd-grunnleggjaren Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1947 vart Lindsey Adams Buckingham fødd i Palo Alto i solrike California. Gitaristen Lindsey Buckingham er best kjend for tida han spelte i Fleetwood Mac og i mi platehylle kan han høyrast medan han herjar på den storselgjande plata Rumours frå 1977. I tillegg kan Buckingham sitt glitrande gitarspel høyrast på songen Sea Of Heart Break frå plata Unchained som Johnny Cash slepte i 1996. I 1948 kom Artis The Spoonman til verda i Kodiak i Alaska. Gateartisten Artis The Spoonman held til i det hippe strøket Pike Place Market i Seattle i Washington og gutane i bandet Soundgarden fann det bryet verdt å heidre mannen med songen Spoonman på plata Superunknown (1994) og mannen sjølv kan høyrast medan han spelar på skeier på songen Spoonman. I 1951 kom Nick Glennie-Smith til verda i London. I mi platehylle er komponisten Glennie-Smith kreditert for å spele både strengeinstrument og tangentar på evigunge Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989. I Great Lakes i Illinois vart William Earl Branch fødd. Munnspelvirtousen Billy Branch sine bidrag til mi platehylle finn du på gitarlegenda Johnny Winter sine studioplate Guitar Slinger (1984) og Let Me In (1991). I 1953 var Chet Baker i studio og spelte inn All The Things You Are, Happy Little Sunbeam og Bea’s Flat. Med seg i studio hadde han Russ Freeman på piano, bassisten Carson Smith og Larry Bunker på trommer. Alle tre songane kan høyrast på plata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1954 kom Stephen Ray Vaughan til verda i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Supergitaristen Stevie Ray Vaughan gav ut totalt atten plater på eiga hand og saman med bandet Double Trouble før han omkom i ei helikopterulukke i 1990. I tillegg til studioplata Texas Flood (1983) og konsertplata In The Beginning (1992), som han gav ut saman med Double Trouble, har eg det beste av Stevie Ray sitt arbeid samla på ei samling med det treffande namnet Best Of…. I 1955 vart Douglas Allen Woody fødd i Nashville i Tennessee. BassistenAllen Woody, som har fått ein eigen bass-serie oppkalla etter seg hjå produsenten Epithome (Allen Woody Rumblecat), slo seg saman med The Allman Brothers Band i 1989, eit band han spelte med parallet med sidebandet Gov’t Mule fram til han døyde brått i 2000. I mi platehylle høyrer du Woddy sitt arbeid på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band – First Set frå 1992. I 1962 kom greskamerikanaren Thommas Lee Bass til verda i den greske hovudstaden Athen. Trommeslagaren Tommy Lee er kan hende betre kjend for alle skandalane frå ekteskapet med den kanadiske fotomodellen Pamela Anderson enn for arbeidet med Mötley Crüe, men det er bak trommesettet han fungerer best. Det viste han mellom anna under ein konsert med høg mimrefaktor i Bergenshallen i juni 2009. Hjå meg kan Tommy Lee sitt taktfaste arbeid nytast på Mötley Crüe sine tre fyrste studioplater Too Fast For Love (1981), Shout At The Devil (1983) og Theatre Of Pain (1985). I 1967 døyde visesongaren Woodie Guthrie, og Johnny Cash var i studio og spelte inn songen I Tremble For You, som etter lang tid i arkivet fekk plass på samleplata Love frå 2000. Denne dagen i 1969 er fødselsdagen til Gwen Renée Stefani. Gwen Stefani vart fødd i Fullerton i California og er til dagleg vokalist i No Doubt. Stefani har også prøvd seg som motedesignar, og ho har også gjeve ut fleire soloplater, som mellom anna Love. Angel. Music. Baby frå 2004, som er på plass i mi hylle. I 1972 gjorde Johnny Cash den fyrste fengselskonserten utanfor USA då han spelte for dei innsette på Österakeranstalten utanfor Stockholm. Enno ein konsert dei fleste, innerst inne, er glad dei ikkje måtte vere tilstades på og som kan høyrast på plata Live At Österaker. Musikarane som assisterte The Man In Black på denne konserten var, forutan den faste gjengen med Marshall Grant, W.S. Holland og Carl Perkins, Bob Wooton på gitar og Larry Butler på piano. Songane Oreleans Parish Prison og Jacob Green kan også høyrast på samleplata Murder. Konsertplata kom på markanden i 1973. I 1982 rocka Toy Dolls Bedlington Club i Bedlington. I 1986 var Toy Dolls underhaldninga på Stafford Polytechnic. I 1995 spelte R.E.M. i Fleet Center i Boston. Sonen Undertow kan høyrast på plata New Adventures In Hi-Fi, som kom på marknaden året etter. I 2003 døyde Benjamin Orr. I 2005 gav Franz Ferdinand ut plata You Could Have It So Much Better. Plata var den andre frå dei skotske indierockarane. I 2006 døyde Patrice Holloway. I 2009 døyde Robert Kirby.

02.10.2015

Andre oktober

Andre oktober 1925 vart saksofonisten Phil Urso fødd i Jersey City i New Jersey. Samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 er så langt den einast plata eg eig som byr på Urso sine trillande saksofontonar. Urso døyde i 2008. I 1933 vart Albert Ronald Ross fødd i den indiske storbyen Calcutta. Saksofongeniet Ronnie Ross spelte for Matt Bianco, og kan i mi platesamling høyrast på studioplata Whose Side Are You On frå 1984. Ross er også kreditert for saksofonhjelp på Lou Reed si plate Transformer frå 1972. Ross døyde i 1991. I 1945 vart Donald McLean Jr. fødd i New Rochelle i delstaten New York. Den amerikanske songaren og komponisten Don McLean er best kjend for songen American Pie som kom på marknaden i oktober 1971 og kan nok trygt plasserast i kategorien One-Hit-Wonder. Mi platehylle byr på nettopp plata American Pie, og samling vert neppe utvida. I 1950 kom Michael John Cleote Crawford Rutherford til verda i Guildford i engelske Surrey. Gitaristen Mike Rutherford er ein av grunnleggjarane av Genesis og har elles gjort seg merk med bandet Mike + The Mechanics. Hjå meg kan Rutherford høyrast på platene We Can’t Dance, som Genesis slepte i 1991, og Mike + The Mechanics si plate Word Of Mouth, også den frå 1991. I 1951 kom Gordon Mathew Thomas Sumner til verda i Wallsend i England. Sting slo gjennom med bandet The Police på slutten av syttitalet, han har også hatt ei karriere som skodesplar. Mi platehylle byr på både The Police si samleplate Greates Hits og soloplata Sacred Love frå 2003. I 1957 vart Katharine Elinor Margaret St John fødd i London. Oboisten Kate St John kan i mi platesamling høyrast på Van Morrison si plate No Guru No Method No Teacher frå 1986, og på plata Modern Life Is Rubbish, som Blur slepte i 1993. I 1962 henta Elvis Presley Return To Sender får filmen Girls! Girls! Girls og gav han ut som singel. Plata fekk plass på toppen av dei engelske listene i tre veker, men stogga på andreplassen i heimemarknaden. I Noreg kom Sigtryggur Baldursson til verda. Trommisen Baldursson flytta snart heim til Island der han var med å grunnleggje Sugarcubes. Hjå meg kan Baldursson sitt arbeid høyrast på studioplatene Life’s Too Good (1988) og Stick Around For Joy (1992). I 1965 vart Mauri Juhani Sumén fødd i finske Lappeenranta. Mauri Sumén sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på trekkspel og tangentar på Leningrad Cowboys sine studioplater We Cum From Brooklyn (1992), Happy Together (1994) og Go Space (1996), i tillegg til filmmusikken til filmen Leningrad Cowboys Go America frå 1989 og konsertplata Live In Provinzz, som kom på marknaden i 1993. Sumén sa takk for seg i Leningrad Cowboys i 2006. I 1966 kom Mustafa Gündoğdu til verda i Hagen i tyske North Rheine-Westfalen. Den tyrkisketta DJ’en Mousse T. er best kjend for kjempehiten Sex Bomb som han gjorde saman med Tom Jones på plata Reload frå 1999. I Los Angeles i California vart Daniel Shulman fødd. Bassisten Shulman er ein ettertrakta studiomusikar, men er best kjend for å spele med bandet Garbage. Hjå meg kan Shulman sitt arbeid høyrast på studioplata Version 2.0, som vart slept laus på Garbage-fansen i 1998. I 1969 kom Damond Gogh til verda i engelske Bolton. Gogh opptrer med kunstnarnamnet Badly Drawn Boy og leverar med jamne mellomrom solide bidrag til musikksoga. Hjå meg finn du, enn så lenge, plata Have You Feed The Fish frå 2002. I 1970 vart Martin Sköld fødd i Eskilstuna. Bassisten Sköld er ein av grunnleggjarane av Kent og hjå meg kan han høyrast på platene Kent (1995), Hagnestad Hill (1999) og Du & Jag Döden frå 2005. I 1973 vart DeShaun Dupree Holton fødd i bilbyen Detriot i Michigan. Rapparen Proof var ein del av rapkollektivet D12 (Dirty Dozen), og hjå meg høyrer du han på debutplata Devil’s Night frå 2001. Proof kan også høyrast på kompisen Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. Proof vart skoten daud på ein nattklubb i Detroit i 2006. I 1977 kom David Wallumrød til verda i byen som er best kjend for ein knekk, Kongsberg. Pianisten Wallumrød har spelt med fleire store namn i norsk musikkliv, hjå meg kan pianotrillene hans høyrast på sporet I Don’t Wanna på Bigbang si plate Too Much Yang frå 2007. I 1978 gav Neil Young ut plata Comes A Time, der tittelsporet står fram som eit av dei mest markante frå denne plata. I 1979 la Madness seg på ein sekstandeplass på listene med The Prince som i mi platehylle kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1987 var Toy Dolls å finne på Technical College i Glasgow. I 1989 platedebuterte bandet The Beautiful South med plata Welcome To The Beautiful South. I 1995 gav Iron Maiden ut si fyrste plateinnspeling der Blaze Bayley var ansvarlig for vokalen. The X-Factor var namnet på den babyen, som kom seint, men veldig bra inn i mi platehylle. Same dag slepte Manchester sine største furtetryner, Gallagher-brørne og resten av Oasis, si andre studioplate, (What’s The Story) Morning Glory. I 2000 platedebuterte Tom McRae med ei plate med den fantasifulle tittelen Tom McRae, og Radiohead slepte si fjerde studioplate Kid A. I 2006 kom The Killers si andre studioplate på marknaden, ho hadde tittelen Sam’s Town.