31.05.2012

Trettifyrste mai

Trettifyrste mai 1940 vart August Meyers fødd i San Antonio i Texas. Augie Meyers spelte keyboard i Sir Douglas Quintet og vart med vidare då Doug Sahm gjekk saman med Freddy Fender og Flaco Jimenez for å starte den texanske supergruppa Texas Tornados. I tillegg til Texas Tornardos platene Hangin’ By A Thread frå 1992, og samleplata Best Of frå 1994, kan Meyers hjå meg høyrast medan han spelar på Bob Dylan-platene Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997, og på Love And Theft frå 2001. I 1948 var denne dagen ein særs god dag for rytmeseksjonen, for kom den brasilianske perkusjonisten Paulo Roberto da Costa til verda i den solfylte sambabyen Rio de Janeiro. Paulinho Da Costa skal ha spelt med fleire hundre artistar frå heile verda og kan hjå meg høyast medan han spelar for Tracy Chapman på hennar debutplate frå 1988, for Miles Davis på platene Tutu, som kunne kjøpast frå 1986, og Amandla frå 1989, og for Tori Amos på plata Under The Pink frå 1994. Same dag vart verdas, til no, mest hardtslåande trommeslagar, John Henry Bonham, fødd i engelske Redditch. John Bonham var den viktigaste delen av rytmeseksjonen i rockedinosaurane Led Zeppelin, kjent for å ha ei særs fin kjensle i spelet sitt. Bonham døyde etter ei fyllekule i 1980. Dette var også dagen Mike Edwards vart fødd i Ealing i London. Cellisten Edwards er best kjend for arbeidet han gjorde med Electric Light Orchestra og han kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. Edwards døyde etter ein kollisjon med ein høyballe på motorvegen A381 i 2010. I 1958 vart den norske bassisten Håkon Torgersen fødd. Torgersen spelte bass med Jokke & Valentinerne i perioden 1984 til 1990 og kan hjå meg høyrast på plata III frå 1990. I 1969 slepte The Who plata Tommy i USA. Rockeoperaen nådde fjerdeplassen på dei amerikanske platelistene. I 1980 døyde Sonny Burke. Same dag var det Westholme Farm Club i Wallsend som var vertskap for eit ungt Toy Dolls. I 1983 kunne dei same Toy Dolls høyrast frå scenen på 100 Club i London. I 1988 oppsummerte Ramones dei ti fyrste åra som plateartistar med samleplata Ramones Mania.

30.05.2012

Trettiande mai

Trettiande mai 1923 vart Harold Winston Beckett til verda på Barbados. Harry Beckett var trompetist og kan mellom anna høyrast på songen Had Me A Good Time frå Faces-plata Long Player frå 1971. Beckett døyde i 2010. I 1955 kom Nicholas Bowen Headon til verda i Bromley. Topper Headon si karriere er merkt av han er den best kjende trommeslagaren i det legendariske punkbandet The Clash. I mi platehylle kan Topper høyrast på The Clash-platene Combat Rock frå 1982, og samlinga The Singles, som kom på markanden i 2007. I 1958 vart Roxette-vokalisten Marie Fredrikson fødd i Össjö. Fredrikson kan hjå meg høyrast på plata Joyride frå 1991. I 1965 kom Briana Corrigan til verda i Belfast. Sjølv om ho er lista som tilleggsperson vert Corrigan rekna som den kvinnelege songerinna i The Beautiful South og var med på dei tre fyrste studioplatene. Hjå meg kan Corrigan høyrast på debutplata Welcome To The Beautiful South frå 1989. I 1967 kom Sven Pipien til verda i Hannover. Pipien er bassist i Black Crows etter å ha erstatta originalbassisten Johnny Colt frå plata By Your Side frå 1999. I 1980 kunne heldige frammøtte i Civic Hall i Shildon sjå Toy Dolls spele i levande live. I 1986 døyde Hank Mobley. I 1988 bydde dagen på konsert med Toy Dolls i Madrid, der dei var reist for å spele på Rock Club. I 1997 døyde West Arkeen.

Tjueniande mai

Tjueniande mai 1949 var det jubel i familien Rossi, for då kom vetle Francis Dominic Nicholas Michael kom til verda. I nesten seksti år har Francis Rossi pleia musikarkarriere si som ein del av det engelske booggierockbandet Status Quo, og saman med makker Rick Parfitt har han fått den engelske utmerkinga OBE for innsatsen sin. I 1960 vart Mel George Gaynor fødd i London. Mel Gaynor slo seg saman med Simple Minds i 1982 og har, med untak av eit par korte avbrekk, vore med dei sidan. I 1961 kom Melissa Lou Etheridge til verda. Melissa Etheridge har vore offentleg lesbisk i ei årrekkje og har fleire barn saman med den kvinnelege partnaren sin. Rykta har strøyma om kven som kan vere faren, og ein av dei som er nemnd i den samanhengen er ein annan musikar, nemleg David Crosby frå den legendariske kvartetten Crosby, Stills, Nash & Young. Eg har, uavhengig av legning, vore fan av denne dama så lenge eg kan hugse og har gjennom åra investert tungt i dei fleste platene ho har sendt ut på marknaden, og har planar om å halde fram med det til krampa tar meg. I 1963 vart Bayley Alexander Cooke fødd i Birmingham. Under namnet Blaze Bayley har han gjort seg merkt som vokalist i både eit sjølvtittelert band og i Wolfsbane, men i mi platehylle er det som vokalist i Iron Maiden han kan høyrast. Denne dagen i 1967 gav oss Oasis-gitaristen Noel Gallagher. Gallagher er den som har vore musikalsk ansvarlig for det meste av det beste av det grinegutane frå Manchester har gjort og kan hjå meg høyrast på platene What’s The Story (Morning Glory), Unplugged, Familliar To Millions og Be Here Now. Sistnemde vert rekna som ein flopp og kan hende er eg litt unik som har investert i det makkverket. I 1979 kunne delar av AC/DC sin konsert i Glasgow året før sjåast på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One. I 1980 var Toy Dolls attende i Round Robin Pub i Sunderland for å spele for andre gong på ei veke. I 1988 kunne dei same Toy Dolls opplevast på Txibisto i Bergara. I 1997 døyde Tim Buckley. I 2010 døyde Dennis Hopper. I 2012 spelte Ozzy Osbourne og kompisane hans, Geezer Butler, Zakk Wylde og Slash ein glitrande konsert på Koengen i Bergen, og underteikna var sjølvsagt til stades.

28.05.2012

Tjueåttande mai

Tjueåttande mai 1926 kom jazzpianisten Russel Donald Freeman til verda i Illinois. Russ Freeman vart på førti- og femtitalet kjend for samarbeid med Art Pepper og Shorty Rogers, men er i dag best kjend for å ha spela med den norskætta jazztrompetisten Chet Baker. Freeman kan høyrast samleplata Best Of Chet Baker Plays. Russ Freeman døyde i 2002. I 1944 vart Gladys Maria Knight fødd i olympiabyen Atlanta i Georgia. Gladys Knight kom inn under den kjende Motown-etiketten i 1966. Ho vert omtala som Keisarinna av Soul, har hausta Grammy-prisar og har hatt fleire store hits saman med bandet The Pips. I 1945 vart John Cameron Fogerty fødd i universitetsbyen Berkeley. John Fogerty var frontfiguren og den kreative krafta i bandet Creedence Clerarwater Revival, som leverte fleire udøydelege slagarar på overgangen frå seksti- til syttitalet. I 1947 kom Leyland Bruce Sklar til verda i motorsykkelbyen Milwaukee. Leyland Sklar er ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast på From The Inside, som Alice Cooper slepte i 1978, i tillegg til Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987 og Era si sjølvtittelerte debutplate frå 1996. I 1956 vart Gerald Calvin Douglas fødd i Warren, Ohio. I mi platesamling kan ein høyre mannen som er kreditert som Jerry Douglas spele dobro på songen Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Same dag kom den danske visesongaren Poul Krebs til verda i Jylland sin største by, Århus. Krebs slo gjennom med plata Små Sensationer i 1995. Plata var hans tiande, har vokalbidrag frå den norske krimkongen Jo Nesbø, og står i mi platehylle. I 1961 vart Roland Lee Gift fødd i den ein gong så stolte industribyen Birmingham. Roland Gift var den karrismatiske songaren i Fine Young Cannibals, som smykkar mi platehylle med den sjølvtittelerte debutplata si frå 1985. I 1970 kom den engelske trommeslagaren Mark Richardon til verda. Richardson kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Skunk Anansie på plata Stoosh frå 1996. I 1982 hadde Smuglers Arms i Stanley æra av Toy Dolls sitt besøk. I 1983 slepte Iron Maiden plata Piece Of Mind som nådde til tredjeplass på listene. I 1988 hadde Toy Dolls teke turen til Burgos for å spele på Ramas. I 2002 slepte Eminem si tredje studioplate The Eminem Show.

27.05.2012

Tjuesjuande mai

Tjuesjuande mai 1926 kom Clifford Everett Shank til verda i Dayton i Ohio. Bud Shank har spela med Ravi Shankar og The Mamas & The Papas, Harry Nilson og Gene Clark, i tillegg til Chet Baker, der han kan høyrast på plata Best Of Chet Baker Plays. Shank døyde i 2009. I 1957 var dagen fødselsdag for Eddie Harsch. Harsch trakterar tangentane på alle mine Black Crows plater, men har sidan fôrlete bandet for å halde fram med karriera andre stader. I London kom Susan Janet Ballion til verda. Siouxsie Sioux har saman med bandet The Banshees gjeve ut elleve studioplater og vert rekna som ei av pønkverdas mest suksessrike artistar. Hjå meg finn du plata Tinderbox, som kom på markanden i 1986. I 1958 vart Neil Mullane Finn fødd i Te Awamutu på New Zeland. Neil Finn er vokalist i Crowded House, som prydar mi platehylle med plata Together Alone frå 1993. I 1963 gav ein ung Bob Dylan ut si andre plate, The Freewheelin’ Bob Dylan. Med seg på plata hadde han mellom anna gitaristane Bruce Langhorn og Howard Collins. I 1966 fekk verda nok ein trommeslagar i Sean Howard Kinney. Sean Kinney har tent til livets opphald bak trommesettet i Alice In Chains og hans taktfaste bidrag til mi platehylle kan høyrast på studioplatene Facelift og Dirt. I 1982 nytta Toy Dolls dagen til å spele i 101 Club i Ferryhill og året etter, i 1983 gav Motörhead ut singelen I Got Mine/Turn You Round Again. Same dag var Toy Dolls attende og spela i Feltham Football Club i London, medan dei i 1988 hadde teke turen til Lacunza for å spele på Ilargi. I 2003 platedebuterte irske The Thrills med So Much For The City.

26.05.2012

Tjuesjette mai

Tjuesjette mai 1926 vart jazztrompetisten Miles Dewey Davis III fødd i den amerikanske delstaten Illinois. Miles Davis var både bandleiar og komponist, spelte med dei fleste av verdas største jazzartister og rakk å bli ein av verdas mest innflytingsrike jazzartistar før han døyde etter ei tids sjukeleie i 1991. Miles Davis gav ut meir enn hundre studio-, konsert- og samleplater, men mi platehylle byr så langt berre på åtte av desse. I 1940 kom Mark Lavon Helm til verda i byen Elaine i Arkansas. Levon Helm gjorde seg merkt på seksti- og syttitalet som trommeslagar og vokalist i det legendariske folkrockbandet The Band. I mi platehylle kan du høyre Helm sitt trommespel på plata Islands frå 1977, og som takthaldar for Neil Young på plata Hawks & Doves (1980). Helm døyde i 2012. I 1944 vart Terrence Allen fødd i idylliske Wales. Mannen som er kjent som Verden Allen er ein av grunnleggjarane av Mott The Hoople, der han spelte keyboard. I 1946 kom Mick Ronson til verda i hamnebyen Kingston-upon-Hull. Ronson er best kjend for samarbeidet med David Bowie tidleg på 1970-talet, men hadde også ei solokarriere før også han slo seg saman med undergrunnsheltane i Mott The Hoople. Ronson samarbeida etter Mott The Hoople-tida med Ian Hunter til han diverre døyde av leverkreft i 1993. Mykje av det beste Ronson spelte inn og gav ut er samla på plata Heaven & Hull som vart gjeven ut etter at meisteren gjekk bort, men i mi platehylle er det på Ian Hunter si sjølvtittelerte debutplate og liveplata Welcome To The Club gitarspelet hans kan høyrast. I 1948 kom Stephanie Lynn Nicks til verda i Phoenix i Arizona. Stevie Nicks var vokalist i Fleetwood Mac og kan høyrast på plata Rumours frå 1977. I 1963 var Elvis Presley i studio og spela inn (You’re The) Devil In Disguise. I 1964 kom Leonard Albert Kraviz til verda. Lenny Kraviz har ei solid solokarriere, plata Circus frå 1995 er på plass i hylla, i tillegg kan han høyrast som hjelpevokalist på Mick Jagger si plate Wandering Spirit frå 1993. I 1975 vart Lauryn Noelle Hill fødd i East Orange i New Jersey. Lauryn Hill vart superstjerne saman med bandet Fugees og har sidan etablert seg som ein solid soloartist, plateprodusent og skodespelar som skyr rampelyset. I 1987 kom Europe si tredje studioplate, gjennombrottet The Final Countdown, som selde i meir enn tre millionar eksemplar berre i USA. I 1988 var Toy Dolls i Valladolid for å spele på Hippo. I 1989 avslutta Melissa Etheridge studioarbeidet på det som vart gjeve ut som plata Brave And Crazy.

25.05.2012

Tjuefemte mai

Tjuefemte mai 1948 vart Klaus Meine fødd i Hannover. Meine er den nasale songaren i tyske Scorpions, eit band han slo seg saman med i 1970, og han syng på alle platene bandet har slept. I 1956 kom den amerikanske gitaristen og dobroartisten Cindy Cashdollar til verda. Cashdollar, som til vanleg spelar i Asleep At The Wheel, kan hjå meg høyrast medan ho trakterar flaskehalsen på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997. I 1958 fekk verda John William Weller. Mannen som kallar seg Paul Weller til vanleg, og som gjerne vert referert til som The Modfather, har gjort seg merkt som leiar av det legendariske Mod-bandet The Jam, som i mi platesamling er representert med samleplata Beat Surrender. Denne plata her ein heilt utruleg driv frå fyrste takt og kan tilrådast til alle som er glad i god Mod-musikk, men ikkje er komen i gang med å kjøpe enkeltproduksjonar. Weller sitt arbeid etter tida med The Jam er dokumenter på plata Studio 150, som kom på marknaden i 2004, og på ei Gratest Hits samling. Weller kan også høyrast med gitarspel på Robet Wyatt si plate Comicopera frå 2007. I 1961 var John Coltrane med venner i A&M Studios i New York og spelte inn materialet til det som skulle ende opp som plata Olé Coltrane. I 1966 var The Byrds i studio og spela inn 5D (Fifth Dimension), Wild Mountain og John Riley. Songane vart brukt på plata Fifth Dimension. I 1978 spelte eit anna Mod-band, The Who, ein improvisert konsert i Shepperton Studios som ein del av innspelinga av filmen The Kids Are Alright. I 1982 var det ska-kveld då Madness fekk notert topplassering på listene med House Of Fun. I 1983 gav bandet Dio ut debutplata si, Holy Diver, som selte til både gull og platina i USA. I 1987 slepte The Cure si sjuande studioplate, Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me, som var bandet si fyrste til å klatre inn på Top 40 på den amerikanske Bilboard-lista.

24.05.2012

Tjuefjerde mai

Tjuefjerde mai 1928 kom bassisten Max Bennett til verda. Bennet sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast medan han spelar bass for Ry Cooder på den sjølvtittelerte debutplata hans frå 1970, og på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975. I 1941 vart hippielegenda Bob Dylan fødd som Robert Allen Zimmerman. Det skal ha skjedd i byen Duluth i det som vert rekna som den norskaste av dei amerikanske delstatane, Minnesota. Dylan har gjeve ut ei rekkje plater og inspirert musikkarar i årevis, og sjølv skal han ha vore inspirert av det amerikanske visesongarikonet Woodie Guthrie. Underteikna har fylt opp med Dylanplater i platehylla og har, så langt, vore heldig og opplevd ikonet to gonger, fyrst i Nygårdsparken i Bergen ei solrik kveldsstund i 2001, og sidan på Koengen i 2011. Begge konsertane bydde på ein Dylan i storform, han smilte litt og vinka til publikum innimellom, og han spela det meste av det beste frå ei lang karriere. Bob Dylan er også kreditert for å ha spela munnspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1945 vart Ludlow Massacre, ein song om den avskyelege massakren som fann stad i gruvebyen Ludlow i Colorado tjuande april 1914, der gruvearbeidarar som ville fagorganisere seg vart meidd ned saman med kvinner og barn, og 1913 Massacre, også det ei song om vanskelegstilte gruvearbeidarar, spelt inn i New York City. Mannen med gitaren var Woodie Guthrie og begge songane kan høyrast på samleplata Pastures Of Plenty. I 1947 kom Robert Wachtel til verda i New York. Waddy Wachtel spelar ei rekkje instrument og kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar på plata The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982, og Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. Han er også kredittert for gitarspel på Melissa Etheridge-platene Melissa Etheridge (1988), Brave And Crazy (1989) og Yes, I Am (1993). Same dag vart Albert Bouchard fødd i Watertown i New York. Trommisten Bouchard var ein av grunnleggjarane av Blue Öyster Cult og kan hjå meg høyrast på plata Spectres frå 1977. I 1975 var Led Zeppelin på scenen i Earls Court i London. I 1980 var Toy Dolls på plass i Craghead og spela i Victory Club. Og når ein spolar fram til 1987 spelte R.E.M live i McCabes Guitar Shop. The One I Love (live) enda opp som B-side på ein singel med same namn og Disturbance At The Heron House (live) endar opp som B-side på ein UK singel av The One I Love. Begge desse songane er å finne på plata Document. I 1991 døyde Gene Clark. I 1994 gav Biohazard ut plata State Of The World Adressed, som var bandet si tredje studioplate og inneheldt Lack There Of som var eit bidrag til filmen Resorvori Dogs. I 2009 døyde Jay Bennett.

23.05.2012

Tjuetredje mai

Tjuetredje mai 1925 kom den amerikanske bluegrassartisten Malcolm B. Wiseman til verda i Crimora i Virginia. Wiseman har i si tid vore innom legendariske Bill Monroe’s Bluegras Boys, men kan i mi platesamling høyrast på Johnny Cash-plata American V: A Hundred Highways frå 2006. I 1969 gav The Who ut rockeoperaen Tommy, som i filmversjonen hadde Tina Turner i hovudrolla. Plata klatra til nummer to på dei engelske listene. I 1973 vart Magnus Broberg fødd i svenske Ludvika. Den sjølverklerte satanisten Emperor Magus Caligula er vokalist i bandet Dark Funeral og hjå meg kan han høyrast på bandet si andre studioplate, Vobiscum Satanas frå 1998. I 1976 gav Kiss ut plata Dynasty, som var produsert av Vini Poncia og inneheldt superhitten I Was Made For Lovin’ You, som framleis er ein ”floor filler” på dansestader i ikkje alt for urbane strok. I 1981 spelte Toy Dolls i Great Lumley Commercial Centre i Durham. I 1992 var Jethro Tull og underheldt i Caesarea og slagarparaden Rocks On The Road, Look Into The Sun, A Christmas Song og This Is Not Love kan høyrast på liveplata A Little Light Music frå 1992. I 1994 fekk verda høve til å kjøpe plata Ill Communication og dei kreative, unge mennene bak meisterverket var dei rappkjefta karane i Beastie Boys. Dette var raptrioen si fjerde studioplate. I 2000 slepte Eminem si tredje soloplate, The Marshall Matters LP, som er notert i Guiness Book Of Reccords som den hurtigast selgjande plata nokon sinne med nesten 1,8 millionar selde eksemplar den fyrste veka berre i USA. Same dag fekk eit anna platekjøpande publikum høve til å kjøpe ei Johnny Cash-samling som fekk namnet Love, God, Murder. Samlinga inneheld tre CD-plater og fororda til dei ulike platene er skrive av så pass ulike rockepersonlegdomar som Bono, Nick Cave og Cash sin ektefelle June Carter Cash. I 2005 slepte supergruppa Audioslave si andre studioplate, Out Of Exile.

22.05.2012

Tjueandre mai

Tjueandre mai 1959 kom ein av den moderne populærmusikken sine vanskelegaste og mest eksentriske karrakterar til verda. Veganaren og dyrevernaren Steven Patric Morrisey er kan hende like kjend for kontroversielle utsegn som for musikken han laga saman med The Smiths. Mi platehylle byr på platene Meat Is Murder frå 1985, Strangeways, Here We Come, som vart slept i 1987, og på samleplata Louder Than Bombs, også den frå 1987. I 1967 vart Dan Roberts fødd i canadiske Winnipeg. Bassisten Roberts spelar til vanleg i Crash Test Dummies og kan hjå meg høyrast på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnet og spelte inn Join Together. Songen vart gjeve ut som singel i juni same år. I 1980 var gutane i Toy Dolls på puben, nærare bestemt Round Robin Pub i Sunderland. I 1990 slepte Madonna plata I’m Breathless. I 2001 bydde dagen på plateslepp for The Dickies, produktet hadde namnet All This And Puppet Stew og var bandet si sjette studioplate.

Tjuefyrste mai

Tjuefyrste mai 1920 kom jazzmusikaren John William Barber til verda. Barber vart kjend som den fyrste til å spele moderne tubaspel i jazzmusikken og kan i mi platesamling høyrast på Miles Davis si Birth Of The Cool, som også er nemnt mellom 1001 plater du må høyre før du døyr i boka med same namn. Barber døyde i 2007. I 1929 vart Larance Marable fødd i Los Angeles. Trommeslagaren Lawrence Marable held takten for Chet Baker på enkelte spor på samleplata Best Of Chet Baker Plays. I 1954 vart gitaristen Marc Ribot fødd i Newark i New Jersey. Ribot har spelt med ei rekkje store amerikanske artistar og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og for Tom Waits på plata Mule Variations frå 1999. I 1955 kom Stanley Lynch til verda i Cincinatti. Stan Lynch kan hjå meg høyrast med hjelpevokal på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1963 fekk verda ein trommeslagar i Pete Sandoval. Sandoval frå El Salvador held til dagleg takten for death metall-bandet Morbid Angel frå Florida. I 1965 gav The Who ut singelen Anyway, Anyhow, Anywhere som nådde ein tiandeplass på singellistene og som seinare vart nytta som kjenningsmelodi på fjernsynsprogrammet Ready, Steady, Go. Songen var spelt inn i IBC Studios i London i april same år og produsent var, som vanleg tidleg i The Who si karriere, Shel Talmy. I 1970 var superkvartetten Crosby, Stills, Nash & Young på plass i Record Plant Studio 3 for å spele inn songen Ohio, som protest mot politibrutalitet mot ein politisk studentmarsj, songen vart slept som singel, og kan også høyrast på samleplata Neil Young Greatest Hits. I 1981 spelte Iron Maiden opningskonserten på den fyrste turnéen sin i Japan. Same dag var det minnekonsert i Kingston på Jamaica til ære for avdøde reggealegenda Bob Marley. Konserten vart arrangert av det jamaikanske folket og både statsminister og opposisjonsleiaren var til stades samstundes, noko som vist nok ikkje er heilt vanleg på dei kantar. I 1987 enda Iron Maiden sin Somewhere On Tour i Osaka etter totalt eitt hundre og førtiåtte konsertar. I 1992 spelte Jethro Tull i Jerusalem, dei frammøtte fekk høyre Locomotive Breath, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992.

20.05.2012

Tjuande mai

Tjuande mai 1944 kom Sheffield sin store son, John Robert Cocker til verda. Joe Cocker vart kjend etter ein legendarisk opptreden med Beatles-låten With A Little Help From My Friends på den minst like vidgjetne Woodstock-festivalen i august 1969. Seinare har gamlingen frå stålbyen arbeidd jamnt og trutt og levert slagarar som You Can Leave Your Hat On frå filmen 9 ½ Weeks, og Love Lift Us Up Where We Belong. Hjå meg finn du konsertplata med den informative titelen Joe Cocker-Live (1990) og studioplata Across From Midnight frå 1997. I 1955 vart Steve George fødd i Phoenix i Arizona. Tangentmannen George var ein av mennene bak Mr. Mister, hjå meg kan høyrast på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. I 1972 kom Trevor Tahiem Smith Jr. til verda i Brooklyn i New York City. Rapartisten Busta Rhymes sitt bidrag til mi platehylle han høyrast på Missy Elliott si plate Miss E…So Addictiv frå 2001. I 1996 slepte Skunk Anansie plata Stoosh. Dette var bandet si andre studioplate og produsent var Garth Richardson. I 1997 var det klart for Foo Fighters si andre studioplate, The Colour And The Shape, som vart nominert til Grammy for beste plate året etter.

19.05.2012

Nittande mai

Nittande mai 1938 vart Brian Keith Flowers fødd i Isleworth. Hjå meg kan allsidige Herbie Flowers høyrast medan han spelar bass for David Bowie på plata Space Oddity frå 1969. I 1945 kom The Who-gitaristen og låtskrivaren Pete Townshend til verda i eit utbomba etterkrigs-London. Nokre år seinare var Townshend mannen som fekk alle unge wanna be rockarar til å forstå at gitarknusing er nesten like tøft og viktig som sjølve gitarspelinga. Saman med dei andre i The Who fekk Townshend satt ord på ungdommeleg frustrasjon gjennom siste halvdel av sekstitalet og heile syttitalet. I dag har nok frustrasjonen lagt seg hjå den eminente gitaristen, men songane kling like bra. Eg høyrer gjerne på Tommy og Who’s Next om eg vil høyre Townshend sitt arbeid, men andre eldre plater, som A Quick One, med meir, fungerer greitt om det er behov for å få opp stemninga i huset på ein regnvåt kveld. I 1948 vart Grace Mendoza fødd på den karibiske øyperla Jamaica. Grace Jones er fotomodellen og skodespelaren som gjennom miljøet rundt kunstnaren Andy Warhol skapa seg ein musikkarriere. Dagen er også fødselsdag for saksofonisten Tom Scott. Los Angeles-fødde Scott kan hjå meg høyrast på The Blues Brothers si konsertplate Briefcase Full Of Blues frå 1978. I 1949 vart Dusty Hill fødd som Joseph Michael Hill. Texanaren Dusty Hill er bassist i skjeggrockbandet ZZ Top og har fryda oss med tung bluesrock i meir enn førti år. Eg er stolt innehavar av platene Fandango, Tres Hombres og Recycler. I tillegg kan eg by på ei litt suspekt samling kalla Viva Las Vegas. I 1950 kom Stephen A. Love til verda i Indiana. Love spelte bass på Roger McGuinn si tredje soloplate, Roger McGuinn & Band, frå 1975. I 1951 vart Joey Ramone fødd som Jeffry Ross Hyman. Joey Ramone er kjend som den karismatiske vokalisten i punkgruppa Ramones, men gjekk diverre bort i 2001. I 1954 vart AC/DC-trommeslagaren Phil Rudd fødd som Phillip Hugh Norman Witshke Rudzevecuis og alle som til vanleg slit med rettskriving forstår kvifor han har valt å forenkle namnet sitt. Phil Rudd slo i fyrste omgang trommer for kengururockarane frå 1975 til 1983, då han hoppa av midt i innspelinga av Flick Of The Switch. Etter ein lang pause, der han overlet trommestolen til Bill Wright, og seinare Cris Slade, slo han seg saman med bandet igjen i 1994 og er framleis taktfast medlem i bandet. I 1966 var The Byrds i studio og festa I See You til lydband, produktet kan høyrast på plata Fifth Dimension. I 1975 slepte Lynyrd Skynyrd singelen Saturday Night Special. Same dag vart Geir Zahl fødd. Zahl var, saman med Janove Ottesen, med å starte Kaizers Orchestra i 2000, og ein kan trygt hevda at dette var med å endre norsk rock for all framtid. I 1980 opptrådde Ramones på fjernsynsshowet SHA NA NA i Los Angeles, California. I 1984 kom Toy Dolls og underheldt ungdomen i Youth Hall i Leiden. I 1986 gav Ramones ut plata Animal Boy. Plata vart produsert av Jean Beauvoir og spelt inn i Intergalactic Studios og Media Sound i 1985. I 1998 gav metallcorebandet Zao ut plata Where Blood And Fire Bring Rest. Dette var bandet si tredje studioplate og den fyrste med vokalisten Dan Wayandt. Dagen bydde også på ein platedebut, den var det Rufus Wainwrigth som stod for, og produktet hadde same namn som opphavsmannen.

18.05.2012

Attande mai

Attande mai 1922 kom den dansk-amerikanske trombonespelaren Kai Chresten Winding til verda i den jyllandske hovudstaden Århus. Kai Winding var i si tid innom orkesterleiaren Benny Goodman sitt band, men vert ofte hugsa for eit livslangt samarbeid med trombonisten J.J. Johnson, ein mann han spelte saman med på Miles Davis-plata Birth Of The Cool frå 1957. Winding døyde i 1983. I 1930 kom trombonisten Mike Zwerin til verda. Zwering var ein del av Miles Davis sitt band fram til innspelinga av Birth Of The Cool og kan høyrast på plata med same namn. Zwerin døyde i 2010. I 1949 vart Richard Christopher Wakeman fødd i London. Rick Wakeman er klassisk skolert pianist og er ein av dei mest markante musikarane som har vore innom det engelske progbandet Yes, der han gjerne spelte keyboard. Allsidige Wakeman kan høyrast på David Bowie si andre studioplate, Space Oddity frå 1969, han har også vore innom Ozzy Osbourne sitt band, der mi platesamling byr på Wakeman sitt arbeid på plata Ozzmosis frå 1996. Wakeman sine bravadar med Yes kan hjå meg høyrast på plata Going For The One frå 1977. I 1954 kom plateprodusenten Reinhold Heil til verda. Heil sitt bidrag til mi platehylle kan ein høyre om ein lyttar etter lyden av keyboard på plata Unbehagen, som Nina Hagen Band slepte laus på platekjøparane i 1979. I 1956 vart James Moginie fødd i Sydney. Gitaristen Jim Moginie var ein av grunnleggjarane av Midnight Oil og var også ein av bandet sine viktigaste låtskrivarar. I 1965 kom Stig Pedersen til verda i København. Bassisten Pedersen spelar til dagleg i D-A-D og hjå meg høyrer du han på plata Soft Dogs frå 2002. I 1966 fekk songen Captain Soul evig liv i The Byrds sitt format. Resultatet kan høyrast på plata Fifth Dimension. I 1971 var Cornelis Vreeswijk i Stockholm og spelte inn En Fattig Trubadur. Songen, som sikkert har sjølvbiografiske trekk, kan mellom anna høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer frå 1996. I 1973 spelte Johnny Cash inn songane Nasty Dan og One And One Makes Two i heimbyen Hendersonville. Begge songane kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album som kom ut same året. I 1979 platedebuterte Ian Dury & The Blockheads med plata Do It Yourself. Dury var sjølvsagt ein røynd plateartist, men dette var den fyrste plata Dury gav ut der han krediterte resten av bandet og plata produserte hittsinglen Hit Me With Your Rhythm Stick. I 1980 døyde Ian Curtis, og seinare på kvelden sa Shildon Old Club i Durham Oi!Oi! då Toy Dolls gjekk på scenen. I 1984 var Amsterdam Youth Centre vertar for Toy Dolls. I 1989 gav Miles Davis ut plata Amandla. Amandla betyr makt på dei to sørafrikanske språka Xhosa og Zulu. I 1992 slepte Kim Wilde plata Love Is. I 1993 gav Kiss ut si tredje liveplate, og den fekk det treffande namnet Alive III. Dagen bydde også på eit høgdepunkt frå Judas Priest-leiren, dei gav ut samleplata Metal Works ’73-’93 som gjev platekjøparane det beste frå dei tjue fyrste åra med bandet. I 2004 døyde Elvin Jones, same dag som Alanis Morissette slepte plata So-Called Chaos, hennar sjette studioplate.

17.05.2012

Syttande mai

Syttande mai 1955 vart gitaristen Pat Irwin fødd. Pat Irwin har gjeve sitt bidrag til fleire band på New York sin pønkscene i overgangen mellom sytti- og åttitalet, men hjå meg finn du gitarspelet hans på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992. I 1957 kom Paul Andrews til verda i den engelske hovudstaden. Paul di Anno var Iron Maiden sin fyrste vokalist og røysta hans kan høyrast på dei to fyrste studioplatene bandet gav ut, Iron Maiden og Killers. I 1965 såg Michael Trent Reznor dagens ljos i Mercer i Pennsylvania. Reznor er best kjend som mannen bak industrimetallprosjektet Nine Inch Nails, ei gruppe som prydar platehylla mi med plata Things Falling Apart frå 2000. Reznor kan også høyrast som gjestevokalist på songen Past The Mission frå Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1966 spelte The Byrds inn Hey Joe (Where You Gonna Go), som i dag kan høyrast på plata Fifth Dimension. I 1973 kom Joshua Michael Homme til verda i Joshua Tree i California. Josh Homme er best kjend som den kreative krafta i gruppa Queens Of The Stone Age, som er noko av det grommaste rocken har å by på for tida. Queens Of The Stone Age-platene Songs For The Deaf frå 2002 og Lullabies To Paralyze er på plass i platehylla mi, og fleire står på ynskjelista. I 1982 gjekk U2 i studio for å byrje innspelinga av plata War. I 1992 gav Melissa Etheridge ut plata Never Enough, som var hennar tredje studioplate og sikra ho ein Grammy for beste kvinnelege vokalprestasjon med låten Ain’t It Heavy. I 1994 kom Violent Femmes si plate New Times. I 1996 døyde Kevin Gilbert. I 1999 gav Moby ut plata Play.

16.05.2012

Sekstande mai

Sekstande mai 1953 kom Richard Page til verda i Iowa. Bassisten Page vert hugsa for tida i Mr. Mister, men hjå meg høyrest han på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. I 1965 vert dagen hugsa for fødselen av Krist Anthony Novoselic. Novoselic var bassist i grungebandet Nirvana og vert rekna som limet som heldt bandet saman i dei mest stormfulle periodane før bandet vart oppløyst etter at gitarist og vokalist Kurt Cobain gjekk bort i 1994. I 1966 spelte The Byrds inn songen I Come And Stand At Every Door for bruk på plata Fifth Dimension. Same dag vart Janet Damita Jo Jackson fødd i Gary i Indiana. Vetlesystera til meir merreterte Michael signerte med A&M Records som sekstenåring og har produsert musikk av høg kvalitet jamt og trutt. Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814 har loppa millionar av platekjøparar for pengane deira. På Janet Jackson sin fødselsdag gav Bob Dylan ut plata Blonde On Blonde. Plata var spela inn i tidsrommet oktober 1965 til mars 1966 i CBS Studios i countrybyen Nashville og vert rekna som ei av dei beste han har gjort nokon sinne. Frå 1980 vert dagen hugsa for at Olga og dei andre i Toy Dolls var attende og spelte for trufaste fans i Comrades Club i Hordon. I 1989 kom 10 000 Maniacs si fjerde studioplate Blind Man’s Zoo. I 1992 var Jethro Tull og underheldt i Ankara, dei frammøtte fekk høyre, mellom anna, Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Die, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 2000 slepte The Getaway People plata Turnpike Diaries, og Lou Reed sine fans fekk høve til å høyre det beste av det beste frå den gamle samuraien på ei og same plate. I 2010 måtte Ronnie James Dio gje tapt for kreften og eit langt liv i hardrocken si teneste var over.

15.05.2012

Femtande mai

Femtande mai 1948 kom den engelske bassisten Gary Mervin Thain til verda. Gary Thain kan hjå meg høyrast medan han spelar for Uriah Heep på studioplatene Demons And Wizzards, The Magican’s Birthday og Wonderworld. Han spelte også på Sweet Freedom frå 1973 og konsertplata Uriah Heep Live, men desse glimrar enn så lenge med sitt fråvær i mi platehylle. Thain døyde i 1975. Same dag vart Brian Peter George St. John le Babtiste de la Salle Eno fødd i Suffolk. Brian Eno var ein viktig del av kunstrockbandet Roxy Music og kan hjå meg også høyrast medan han hjelp Robert Wyatt med plata Comicopera. I 1955 vart Kevin John Morris fødd i London. Frå 1983 har Kevin Morris traktert trommene i Dr. Feelgood, og han kan i mi platehylle høyrast på plata Primo frå 1991. I 1959 kom Andrew William Harvey Taylor til verda i Ely. Andrew Eldrich er røysta i Sisters Of Mercy. I 1970 gjorde Jimi Hendrix og Cry Of Love Band fyrste sesjon i innspelinga av songen Freedom. I 1972 var Led Zeppelin i Stargroves saman med Rolling Stones Mobile. Walter’s Walk frå denne seansen kan høyrast på samleplata Coda, som kom ut i 1982. I 1998 kom plata No Substance på marknaden, artistar var californiapønkarane i Bad Religion. I 2001 nytta Missy Elliot dagen til å gje ut plata Missy E…So Addictive. Og Weezer slepte si tredje studioplate, Weezer, gjerne kalla The Green Album, for å skilje produktet frå bandet si debutplate, Weezer, som har fått tilnamnet The Blue Album. Det er sjølvsagt ikkje naudsynt å forklare at dette skuldast fargen på plateomslaget. I 2003 ebba livet ut for countrysongerinna, komponisten og tekstforfattaren June Carter Cash.

14.05.2012

Fjortande mai

Fjortande mai 1943 kom Derek Leckenby til verda i den ein gong så stolte fotballbyen Leeds. Leckenby vert hugsa for glitrande gitarspel i Herman’s Hermits. Leckenby døyde i 1994. I 1971 spelte The Who på Liverpool University. Same dag og same stad vert dei fotografert for omslaget til plata Who’s Next. I 1962 vart Ian Robert Astbury fødd i Merseyside. Ian Astbury er songar i det engelske bandet The Cult, som hjå meg er representert med plata Born Into This frå 2007. I 1969 kom Luis Edgardo Resto til verda i Ann Arbor i Michigan. Luis Resto er kreditert for å spele keyboard på rapkollektivet D12 si debutplate Devil’s Night frå 2001. I 1976 gav AC/DC ut den internasjonale versjonen av albumet High Voltage. Låtutvalet på denne versjonen er satt saman av to songar frå den originale, australske High Voltage-plata og eit utval av songar frå den neste AC/DC-plata på den australske marknaden T.N.T. I 1977 kom Heart si andre studioplate, Little Queen på marknaden. Plata har seld til tre gonger platina i USA og har bandet sitt feitaste opningsriff gjennom tidene med songen Barracuda. I 1982 slepte The Clash si femte studioplate, den fekk tittelen Combat Rock og produserte kjempehitten Should I Stay Or Should I Go?. Plata var den siste der Mick Jones og Topper Heddon deltok. I 1991 vart Elvis Costello si trettande studioplate, Migthy Like A Rose, tilgjengeleg for det platekjøpande publikumet. I 1992 var Jethro Tull og spelte andre kveld på rad i Athen. I 2001 slepte R.E.M. si tolvte studioplate, Reveal.

13.05.2012

Trettande mai

Trettande mai 1945 vart Lou Marini Jr. fødd i Navarre i Ohio. Trompetisen Blue Lou kan hjå meg høyrast some ein del av The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978. I 1947 kom bassisten og produsenten Peter Overend Watts til verda. Overend Watts spelar bass på dei Mott The Hoople platene som er i mi platehylle og det gjer han med både stil og bravur. I 1954 vart den slitne og ikkje så alt for tiltalande industribyen Buffalo velsigna med ein countryartist. Ray Kennedy heiter han og han har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men hjå meg er det som perkusjonist hjå Steve Earle på plata El Corazón frå 1997 ein kan høyre arbeidet hans. I 1962 kom musikkprodusenten Yngve Leidulv Sætre til verda. Sætre kan hjå meg høyrast som vokalist i bandet Barbie Bones som i 1992 fekk spelemannsprisen for plata Death In The Rocking Horse Factory. I 1964 vart Glasgow berika med ein kvinneleg songar. Lorraine McIntosh er best kjend for å synge nydeleg i Deacon Blue. McIntosh er i tillegg gift med bandleiar Ricky Ross. I Brooklyn vart songerska Karen Bernod fødd. Bernod kan hjå meg høyrast på Eryka Badu si konsertplate Live frå 1997. I 1971 var Cornelis Vreeswijk og heldt konsert i Kunstträdgården i Stockholm. Publikum fekk mellom anna høyra Svappavaara-visan som var med på plata Låt Almerna Leva. Produsent var Anders Burman og songen kan også høyrast på samleplata Guldkorn (Samhällskritikern). I 1974 var Johnny Cash i studio i Hendersonville og spela inn songen I Am The Nation, som kan høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1977 slepte The Clash singelen Remote Control. I 1988 starta Iron Maiden sin Seventh Son Of A Seventh Son-turne i Moncton i Canada. Dette var fyrste av femtini konsertar i Nord-Amerika. I 1992 kunne Jethro Tull opplevast i levande live i Athen. Songane Someday The Sun Won’t Shine For You og John Barleycorn kan høyrast på liveplata A Little Light Music frå september 1992. I 1994 slepte Mano Negra studioplata Casa Babylon.

Tolvte mai

Tolvte mai 1912 kom den amerikanske klarinettisten Marshall Royal til verda i Oklahoma. Royal spelte saman med Count Basie i meir enn tjue år og kan høyrast på samleplata Atomic Swing. Royal døyde i 1995. I 1942 vart den engelske bandleiaren Ian Robins Dury fødd i Harrow, ikkje langt frå den pulserande storbyen London. Ian Dury sleit med polio sidan ungdomen, men det hindra han ikkje i å spele inn fleire hitlåtar, som Sex, Drugs & Rock’n Roll og Hit Me With Your Rhythm Stick. Eg er stolt av å endeleg kunne seie at eg eig platene New Boots And Panties og Do It Yourself. Begge er kjøpt på tilbod på Posten for tjuefem kroner stykket. Kupp. Dury gjekk dessverre så altfor tidleg bort i 2000. I 1945 kom Ian Patrick McLagan til verda i Hunslow. Ian McLagan herja hitlistene seint på seksti- og tidleg på syttitalet med Small Faces og Faces og kan hjå meg høyrast på plata Long Player frå 1971. McLagan er også kreditert for spel på diverse tangentar på Melissa Etheridge-platene Never Enough frå 1992, Yes, I Am frå 1993, i tillegg til Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1956 vart Gregory Arthur Phillinganes fødd i Michigan. Greg Phillinganes er ein merritert tangentmann og kan hjå meg høyrast på Boz Scaggs si plate Dig frå 2001. I 1958 kom den amerikanske trommeslagaren Eric Singer til verda i byen som i følgje Ian Hunter rockar, Cleveland. Singer, som har døypenamnet Eric Doyle Mensinger, har tromma for store namn som Black Sabbath og Alice Cooper, før han erstatta Eric Carr som trommis i Kiss og kan hjå meg høyrast på plata Alive III. I 1961 vart William Henry Duffy fødd i Manchester. Billy Duffy er gitarist i det engelske bandet The Cult, og kan hjå meg høyrast på plata Born Into This frå 2007. I 1962 vart Bad Religion-gitaristen Bret Gurewitz fødd i Los Angeles. Gurewitz var med og starta Bad Religion så tidleg som i 1979, men har hoppa av fleire gonger, for så å slå seg saman med gamle punkvenner igjen. Som sjef for Epitaph Records har han også vore med og forme karrieren til Rancid, som er eit anna band som tek opp plass i platehylla mi. I 1981 var singelen Grey Day galningane i Madness sitt bidrag på listene. Platekjøparane svara med å skaffe den alltid like livlige oktetten ein fin fjerdeplass og songen kan, for dei som ikkje hadde høve til å kjøpe originalinnspelinga, høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits. I 1987 døyde Victor Feldman. I 1992 var Jethro Tull i Frankfurt og dei som stappar liveplata A Little Ligth Music i spelaren kan høyre Life Is A Long Song frå denne konserten. Same dag slepte The Black Crows den andre studioplata si, den fekk namnet The Southern Harmony And Musical Companion. I 1998 gav Soul Asylum ut plata Candy From A Stranger.

11.05.2012

Ellevte mai

Ellevte mai 1947 kom Claude Hudson Trucks til verda i Jacksonville i Florida. Butch Trucks er den eine av to trommeslagarar i bandet som er kreditert for å vere opphavet til omgrepet Sørstatsrock, The Allman Brothers Band. I 1965 vart Greg Dulli fødd i Cincinnati, Ohio. Dulli vart fyrst kjend som vokalist i bandet Afghan Wigs, som prydar platehylla mi med platene What Jail Is Like (1994) og Black Love frå 1996. Dulli er i dag leiar av prosjektet The Twilight Singers, som enno ikkje er på plass i mi platehylle, men med tanke på tidlegare merittar har det ein soleklar plass på ynskjelista. I 1966 kom Christoph Schneider til verda i Berlin i Aust-Tyskland. Schneider tenar til dagleg til livets opphald som trommeslagar i Rammstein. Same dag vart Christiane Hebold fødd i tyske Hohenthurm. Bobo er best kjend for sitt eige band, men kan hjå meg høyrast medan ho hjelp Rammstein med bakgrunnsvokal på plata Sehnsucht frå 1997. I 1971 fullførte The Who innspelinga av The Song Is Over i Olympic Studios. I 1979 slepte The Clash singelen I Fought The Law, som klatra til ein tjueandreplass på dei britiske singellistene. I 1981 døyde den jamaikanske reggaeartisten Bob Marley på eit sjukehus i Miami i Florida, etter ei stunds sjukeleie. I 1982 la Iron Maiden ut på den nordamerikanske delen av verdsturneen sin, 104 konsertar som oppvarmar for mellom anna Rainbow og Judas Priest venta dei langhåra engelskmennen. I 1992 slepte Iron Maiden plata Fear Of The Dark som debuterte på fyrsteplass på listene og som sjølvsagt er på plass i mi platehylle. Same dag spelte Jethro Tull i Berlin og foreviga songen Bourée som kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1993 kom The Hooters si femte studioplate, Out Of Body, der produsenten Joe Hardy var med på laget. I 1998 var det endeleg klart for verdlansering av Garbage-plata Version 2.0. I 2005 slepte Gorillaz si andre plate, studioplata Demon Days, ut på marknaden.

10.05.2012

Tiande mai

Tiande mai 1946 vart Graham Gouldman fødd i Broughton. Gouldman song og spelte både gitar og bass i det engelske kunstrockbandet 10CC, som hadde stor suksess på syttitalet og vert rekna som ein av dei britiske øyane sine viktigaste musikkeksportar. Same dag vart Donovan Philips Leitch fødd i den skotske storbyen Glasgow. Donovan har ei omfattande sjølvstendig karriere, men hjå meg er det som hjelpevokalist på Alice Cooper si plate Billion Dollar Babies frå 1973 han kan høyrast. I 1952 kom Lee Collinson til verda i hamnebyen Durban i Sør-Afrika. Lee Brilleaux var med å starte det engelske pubrockbandet Dr. Feelgood i 1971 og var med bandet til han døyde i 1994. Hjå meg er plata Primo frå 1991 einaste bidrag så langt. I 1957 vart John Simon Richie fødd i London. Sid Vicious vart hyra inn som bassist i Sex Pistols etter at dei hadde sparka Glenn Matlock for å like The Beatles. Vicious er betre kjend for sin ikoniske verdi enn for sine musikalske bidrag til musikksoga. Vicious døyde av ein overdose i 1977. I 1960 kom Paul David Hewson til verda i Dublin. Bono er best kjend for arbeidet han har gjort som vokalist i U2 og kan hjå meg høyrast på plata War frå 1983. Bono er også kredittert for å spele munnspel på Melissa Etheridge si plate Brave And Crazy frå 1989. I 1977 var AC/DC å sjå på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One, der dei spelte Problem Child. I dag er dette opptaket tilgjengeleg på DVD’en Plug Me In. I 1982 slepte australske The Birthday Party plata Junkyard, som nådde ein anstendig syttandeplass på dei engelske platelistene, mykje takka den britiske radioverten John Peel. I 1992 slepte Gary Moore plata After Hours. Same kveld var Jethro Tull i Praha og One White Duck vart foreviga og kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1993 gav Blur ut plata Moderne Life Is Rubbish. I 1994 platedebuterte Weezer med ei sjølvtittelert plate som gjerne vert kalla The Blue Album og inneheldt slagaren Buddy Holly. Produsent var den gamle Cars-sjefen Ric Ocasek. I 1999 var det klart for Basement Jaxx si debutplate, Remedy.

09.05.2012

Niande mai

Niande mai 1944 vart Paul Richard Furay fødd i Yellow Springs i Ohio. Richie Furay var ein del av legendariske Buffalo Springfield og kan hjå meg høyrast på plata Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1947 kom Michael Frederick Box til verda i London. Gitaristen Mick Box har vore med i den engelske hardrockgruppa Uriah Heep sidan starten og har såleis opplevd både oppturar og nedturar med bandet som ein gong i tida fylte store konsertsalar over heile verda. Box er ein gudnåda gitarist som briljerte stort under ein konsert på Maxime i Bergen i 1989. i mi platehylle kan Box sitt gitarspel nytast på så mange som elleve ulike titlar. I 1949 vart William Martin Joel fødd i New York av jødiske immigrantforeldre. Billy Joel har etter kvart etablert seg som ein av dei største amerikanske poprock artistane etter at han slo gjennom med songen Piano Man i 1973. I mi platehylle finn ein, i kronologisk rekkefølgje, Glass House (1980), konsertplata Kohuept, som vart spela inn i Moskva i 1987, og studioalbumet Stormfront frå 1989. I 1950 vart Tom Peterson fødd i Rockford i Illinois. Peterson er bassist i Cheap Trick, eit av mine store favorittband frå ungdomstida. I 1951 kom bassisten John Victor Edwards til verda i London. Rhino Edwards er best kjend for å traktere bassen i seinare versjonar av Status Quo, og kan i mi platesamling høyrast på platene Rock ’Til You Drop frå 1991 og konsertplata Live Alive Quo frå 1992. I 1962 vart Paul David Heaton fødd i Bromborough. Paul Heaton har ei fortid som fotballhooligan i ein valdeleg suporterfraksjon som støtta Sheffield United, men er langt betre kjend for tida i bandet The Housemartins. Hjå meg kan Heaton derimot høyrast som vokalist på platene Welcome To The Beautiful South og Painting It Red, som no oppløyste The Beautiful South spelte inn i høvesvis 1989 og 2000. Same dag kom Dave Gahan til verda i Essex. Gahan var med å starte synthpoptrioen Depeche Mode i 1980 og kan hjå meg høyrast på platene A Broken Frame (1982), Music For The Masses (1985) og Playing The Angel, som kom på marknaden i 2005. I 1992 var Jethro Tull i Graz der dei frammøtte, mellom anna, fekk høyre A New Day Yesterday, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1995 gav det amerikanske death metall-bandet Morbid Angel ut plata Domination. I 2000 slepte Calexico plata Hot Rail.

08.05.2012

Åttande mai

Åttande mai 1943 kom gitaristen Danny Ray Whitten til verda i Columbus, Georgia. Whitten starta karriera si saman med Ralph Molina og Billy Talbot, noko som etter kvart vart til bandet Crazy Horse, som er kjend for samarbeidet med Neil Young. Hjå meg kan Whitten sitt gitarspel høyrast nettopp hjå Neil Young, på plata Tonight’s The Night frå 1975. Whitten sleit etter kvart med massive rusproblem, noko som resulterte i at han fekk sparken både frå Crazy Horse og Neil Young sitt band, men først rakk han å inspirere Neil Young til å skrive songen The Nedle And The Damage Done. Whitten døyde av ein overdose i 1972. I 1945 vart pianisten Keith Jarrett fødd i Allentown i Pennsylvania. Jarrett har brilljert i Miles Davis sitt band, men hjå meg kan han høyrast på ei plata under eige namn, My Song frå 1977, der vår eigen Jan Garbarek er ein del av bandet. I 1951 kom Phillip Irwin Bailey til verda i Denver i Colorado. Songaren Phillip Bailey har vore ein viktig del av lydbiletet hjå Earth Wind & Fire sidan han slo seg saman med bandet i 1972. Hjå meg kan Bailey høyrast på plata Touch The World frå 1987. I 1964 kom David Alexander de Home Rowntree til verda i Colchester. Dave Rowntree er trommeslagar for bandet Blur, som ærar platehylla mi med så mykje som seks ulike titlar frå bandet si storhetstid. I 1982 fekk Huddersfield Polytechnic vitjing av Toy Dolls. I 1984 kom ei samleplate frå Bob Marley sitt dødsbu. Den storselgjande plata fekk tittelen Legend, og er kan hende den beste samlinga av reggaemusikk som nokon gong har vore på tilgjengeleg på den opne marknaden. I 2006 vart det mogleg å kjøpe Neil Young si plate Living With War i vanlege platebutikkar, etter at plata hadde vore tilgjengeleg for nedlasting i nesten ei veke.

07.05.2012

Sjuande mai

Sjuande mai 1946 kom andre halvdel av The Rhythm Devils, Grateful Dead-trommeslagar Bill Kreutzmann, til verda i Palo Alto i California. Kreutzmann var enno ikkje ein del av laget då mi einaste Dead-plate vart spela inn, men er i mi platesamling å høyre på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. Kreutzmann kan også høyrast på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1948 vart William Peter Wingfield fødd i Hampshire. Plateprodusenten Peter Wingfield kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard for The Beautiful South på debutplata Welcome To The Beautiful South frå 1989. I 1951 vart Bernhard John Marsden fødd i Buckingham i England. Gitaristen Bernie Marsden har spelt med fleire av dei store britiske stjernene frå sytti- og åttitalet og kan i mi platesamling høyrast medan han er i Trøndelag og herjar på ein bluesfestival i Hell saman med engelske musikarkollega Mick Moody. I 1955 kom Steve Diggle til verda i Manchester. Gitaristen Diggle kan hjå meg høyrast på Buzzcocks samleplata Singles Going Steady. I 1968 kom Eagle-Eye Lanoo Cherry til verda i den svenske hovudstaden, Stockholm. Eagle-Eye er halvbror av Neneh Cherry og har gjort seg merk som både artist og DJ. Hjå meg finn du debutplata Desirelss frå 1997. Same dag vart den danske bassisten Mick Grøndahl fødd. Hjå meg kan Grøndahl høyrast medan han spelar på Jeff Buckley si debutplate Grace frå1994. I 1980 var det i Empire Theatre i Sunderland Toy Dolls fekk høve til å utfolde seg. I 1984 var Motörhead og underheldt i Hammersmith Odeon. ”We murdered the audience that night” erindrar Lemmy i boka White Line Fever. Vonleg var det somme av dei frammøtte som overlevde den minnerike hendinga, som ein konsert med Motörhead alltid er. I 1992 heldt Jethro Tull konsert i München og songen From A Dead Beat To An Old Greaser kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992.

06.05.2012

Sjette mai

Sjette mai 1945 kom Robert Clark Seger til verda i Dearborn i Michigan. Bob Seger har sidan 1970-talet gjeve ut ei rekkje plater saman med The Silver Bullet Band og lista mi tel titlar som Beautiful Looser (1975), Night Moves (1976) og The Distance (1980). I 1950 vart Robbie McIntosh fødd i skotske Dundee. McIntosh var trommeslagar i Average White Band frå starten i 1972 og fram til han døyde i 1974. I 1951 kom gitaristen Davey Johnstone til verda i den skotske hovudstaden Edinburg. Johnstone er best kjend for å spele med Elton John, men hjå meg høyrest han best på platene From The Inside, som var Alice Cooper sitt bidrag til musikksoga i 1978, og The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982. I 1962 vart Juliet Roberts fødd i London. Robers kan i mi platehylle høyrast som hjelpevokalist på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1982 hadde Toy Dolls reist til Bristol for å spele på Newyate Club. I 1983 døyde Kai Winding. I 1992 heldt Jethro Tull fyrste av to konsertar i Zürich og songen Under Wraps er gjort tilgjengeleg for ettertida og kan høyrast på liveplata A Little Light Music frå 1992. I 1994 gav Mano Negra ut plata Casa Babylon, som mellom anna inneheld songen Santa Maradona, ei hylling av den argentinske fotballegenda Maradona. Ei fransk nettside hevdar datoen var trettande mai, noko som resulterer i dobbel oppføring for denne plata, ein god ting kan ikkje nemnast for ofte. I 1996 slepte The Cure si tiande studioplate, Wild Mood Swings. I 2003 slepte canadiske The New Pornographers plata Electric Version, som var bandet si andre plate og fekk strålande kritikkar i dei fleste media. I 2008 døyde Micky Waller.

05.05.2012

Femte mai

Femte mai 1948 kom trommeslagar William Thomas Ward til verda. Bill Ward er mest kjend for å ha heldt takten for Black Sabbath, som sjølvsagt er godt representert i mi platehylle. Ward var stadig eit offer for gitarist Iommi sine practickal jokes, han tende fyr på den stakkars trommisen sitt skjegg. Ward har ukjend side som veganar, men er nok mindre kjend for det, noko som i seg sjølv er godt, for han er nok ein mykje betre trommeslagar. Men ein slik diett opnar likevel for overraskande mange gode måltid. Eg såg Ward og resten av ungdomsheltane i Black Sabbath på Koengen i Bergen for nokre år sidan og har det lagra i minnet mitt som eit av mine beste konsertminne. I 1953 vart Stuart Alexander Elliot fødd i London. Trommeslagaren Stuart Elliot har ein imponerande CV og kan hjå meg høyrast på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978. I 1959 vart Ian Stephen McCulloch fødd i Liverpool. Songaren Ian McCulloch var ein av grunnleggjarane av bandet Ecco And The Bunnymen og kan hjå meg nytast på samleplata Ballyhoo The Best Of. I 1967 kom The Wind Cries Mary på marknaden og skaffa gitarguruen Jimi Hendrix og resten av bandet Experience ein fin sjetteplass på dei engelske listene. I 1978 nytta Bob Seger dagen til å gje ut plata Stranger In Town. I 1980 kom Saxon si andre studioplate Wheels Of Steel, som saman med Back In Black og British Steel vert rekna som den viktigaste hardrockplata det året. I 1982 var Toy Dolls i London for å halde konsert på legendariske Marquee Club. I 1992 kom liveplata Scream In Blue frå dei australske miljøvernarane Midnight Oil. Plata inneheld konsertopptak frå perioden 1982 til 1990. Same dag var Jethro Tull i aksjon på scenen i Mannheim. Songen Nursie frå denne konserten kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1995 døyde Marshall Royal. I 1997 slepte The Beatles-legenda Paul McCartney soloplata Flaming Pie. I 1998 slepte Tori Amos si fjerde studioplate, From The Choirgirl Hotel. I 2003 var det plateslepp frå The Dandy Warhols, produktet fekk namnet Welcome To The Monkey House.

Fjerde mai

Fjerde mai 1937 vart Ron Carter fødd i Ferndale i Michigan. Bassisten Carter skal ha vore med på fleire tusen plateinnspelingar og er ein av verdas mest nytta jazzmusikarar. Carter kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på plata Water Babies, og for Eryka Badu på hennar debutplate Baduizm frå 1997. I 1950 kom bassisten Darryl Hunt til verda. Unge Hunt erstatta Cait O’Riordan på bass i The Pogues i 1986 og gjorde det så bra at han spelar saman med bandet framleis. Hunt kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1966 spela The Byrds inn ein instrumentalversjon av John Riley. Songen er ein av seks instrumentalspor som kan høyrast på plata Fifth Dimension. I 1969 vart den amerikanske musikaren og produsenten Luis Edgardo Resto fødd i universitetsbyen Ann Arbor. Detroit-baserte Luis Resto er best kjend for å samarbeide med Eminem, men mi platesamling byr på keyboardspelet hans på 50 Cent si plate Get Rich Or Die Tryin frå 2003. I 1972 kom Michal Ryan Pritchard til verda i Berkley i California. Bassisten Mike Dirnt er best kjend for sitt daglege virke i Green Day og hjå meg kan han høyrast på både Dookie (1994) og Nimrod (1997). I 1980 kunne dei frammøtte i West Cornforth Working Mens Club i Durham sjå og høyre Toy Dolls spele. Dei fekk sjå trommeslagaren Dean James gjere sin debut for bandet. I 1992 var Jethro Tull i Dortmund og på konsertplata A Little Light Music kan ein høyre songen Pussy Willow frå denne konserten. I 1993 gav PJ Harvey ut den andre plata si, Rid Of Me, som, i 2003, fekk plass på Rolling Stone Magasine si liste over tidenes 500 beste album. I 1998 gav Garbage ut plata Version 2.0 i Japan, resten av verda måtte vente ei veke. I 2004 gav Ryan Adams ut plata Love Is Hell. I 2012 døyde Adam «MCA» Yauch.

03.05.2012

Tredje mai

Tredje mai 1920 vart pianisten John Aaron Lewis fødd i LaGrange. Lewis kan høyrast medan han spelar på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957. Lewis døyde i 2001. I 1933 vart The Godfather Of Soul, James Joseph Brown fødd i South Carolina. James Brown si karriere tel eit utal slagarar, gullplater, ekte og uekte arvingar, og fengselsopphald etter diverse episodar av hustruvald. Brown gjorde seg fortent til tilnamnet The Godfather Of Soul og har gjennom åra hatt ei mengde store hits, som Papa’s Got A Brand New Bag, It’s A Mans World og ikkje minst den udødelege slagaren Sexmachine. Samleplata Godfather Of Soul frå 1993 fungerer som ei grei oppsummering av ei lang karriere for oss som ikkje er blodfans av funk og soul. Eg har i seinare tid også supplert samlinga med konsertplata Live, for å minnast korleis gamlingen høyrdes ut på scenen. Brown døyde i 2006. I 1964 kom trommisen Sterling Campbell til verda i New York City. Campbell har ei fortid i Soul Asylum og kan høyrast på plata Grave Dancers Union frå 1992. Hjå meg kan du også høyre Sterling Campbell sitt trommespel på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992. I 1966 var The Byrds i studio og foreviga flyentusiasten Roger McGuinn sin song 2-4-2 Fox Trot (The Lear Jet Song). Det ferdige resultatet kan høyrast på plata Fifth Dimension. I 1968 var Jimi Hendrix Experience i New York og spelte inn Voodoo Chile, den einaste singelen deira som enda opp med topplassering på listene. Det hendte i oktober 1970. I 1972 var Johnny Cash heime i Hendersonville og spela inn I Got A Boy And His Name Is John, ein duett han song med kona June Carter Cash. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album. I 1976 gav Aerosmith ut plata Rocks, der ein finn klassikarar som Back In The Saddle og Last Child. I 1999 gav Suede ut si fjerde studioplate, Head Music.

Andre mai

Andre mai 1945 er dagen pianisten og keyboardspelaren John Raymond Goadsby kom til verda i Toronto. Under artistnamnet Goldy McJohn gjorde Goadsby suksess med det amerikanske hardrockbandet Steppenwolf. I 1951 kom bassisten John Glascock til verda. Glascock spelte bass i Jethro Tull frå 1975 til han døyde i 1979 og kan hjå meg høyrast på platene Too Old To Rock & Roll: Too Old To Die frå 1976 og Heavy Horses frå 1978. I 1956 vart David Rhodes fødd i London. Rhodes sitt gitarspel kan høyrast på Tori Amos si plate Little Earthquakes frå 1992. I 1968 slepte Aretha Franklin singelen Think, som gjekk til topps på R&B-listene i USA. I 1983 var Iron Maiden i hamnebyen Hull der dei innleia World Piece Tour. Eitt hundre og førti konsertar venta dei framstormande rockarane. I 1989 platedebuterte Neneh Cherry med Raw Like Sushi. I 1992 var Jethro Tull på scenen i London, Living In The Past frå denne konserten kan høyrast på liveplata A Little Light Music som kom ut i september same året. I 1988 spelte Toy Dolls fjerde konserten på rad på Projeto SP i Sao Paolo. I 1995 gav Bob Dylan ut konsertplata MTV Unplugged, som var spelt inn over to kveldar i november året før. I 1997 kunne singelen Hollywood kjøpast. Artist var The Cranberries. I 2006 opna Neil Young for nedlasting av det kritikarroste albumet Living With War der han gav den rådande Bush-administrasjonen og deira krig i oljestaten Irak det glatte laget. Sjølve plata vart ikkje tilgjengeleg i butikkar før ei veke seinare.

01.05.2012

Fyrste mai

Fyrste mai 1954 vart Ray Erskine Parker jr. fødd i Detroit. Gitaristen Ray Parker jr. vert gjerne knytt til Barry White, men kan hjå meg høyrast på Boz Scags si plate Dig frå 2001. I 1968 kom D’arcy Elizabeth Wretzky til verda i amerikanske South Haven. D’arcy Wretzky si musikalske karriere omfattar basspel på The Smashing Pumpkins sine fem fyrste studioplater og i mi platehylle kan ho høyrast på Siamese Dream (1993), Melon Collie And The Infinite Sadness (1995) og Machina/The Machines Of God (2000). I 1979 gjekk gutane i Ramones i gang med innspelinga av den fyrste plata dei gjorde i samarbeid med den legendariske produsenten Phil Spector. Seansen gjekk føre seg i Gold Star Studios i East Hollywood i den amerikanske solskinsstaten og tok heile tre veker, svært lang tid for ei plateinnspeling i Ramones sitt univers. Innspelingane enda til slutt opp som plata End Of The Century seinare same året. I 1982 vert dagen hugsa for at Toy Dolls kom til England sin nest største by, Birmingham, for å spele i Digbeth Civic Hall. I 1987 gav det skotske bandet Deacon Blue ut debutplata si, Raintown, der dei, forutan tittelsporet, song om han som ser ut som Spencer Tracy. I 1988 heldt Toy Dolls sin tredje konsert av fire på rad i Projeto SP i Sao Paolo. I 2010 spelte Manic Street Preachers i Grieghallen i Bergen, men eg fekk diverre ikkje høve til å vere tilstades denne gongen.