31.01.2013

Trettifyrste januar

Trettifyrste januar 1944 kom bluesartisten Charlie Musselwhite til verda i Kosciusko i elvestaten Mississippi. Musselwhite skal vist nok ha vore inspirasjonen til Dan Akroyd sin film Blues Brothers, sjølv om dette ikkje er stadfesta frå noko hald. I mi platesamling kan Musselwhite høyrast medan han spelar Blues Harp på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1949 kom Frank Ricotti til verda i London. Ricotti kan hjå meg høyrast medan han spelar perkusjon for Van Morrison på plata Enlightenment (1990), og Amy Winehouse på plata Back To Back frå 2006. I 1951 vart Philliph Geoffrey Targett-Adams fødd i London. Gitaristen Phil Manzanera har hatt størst suksess med Roxy Music og hjå meg kan han høyrast på samleplata More Than This frå 1995. I 1956 kom John Joseph Lydon til verda i London. Johnny Rotten tok verda med storm då han var songar og frontfigur for Sex Pistols, seinare starta han Public Image Ltd., som begge er to band eg set stor pris på. Hjå meg høyrer du Lydon på platene Flogging A Dead Horse, ei samleplate som var Sex Pistols sitt bidrag til populærkulturen i 1980, og Metal Box (Second Edition) (1979) og This Is What You Want…This Is What You Get (1984) frå Public Image Ltd. I 1964 vart Jeffrey John Hanneman fødd i Oakland i California. Gitaristen Jeff Hanneman var ein av grunnleggjarane av Slayer og kan i mi platehylle høyrast på konsertplata Decade Of Agression frå 1991. I 1966 vart Alan Jaworski fødd i hamnebyen Plymouth ved den engelske kanalen. Bassisten Alan Doughty sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Jesus Jones si plate Doubt frå 1991. I 1967 vart Jason Toop Cooper fødd i London. Trommeslagaren Jason Copper erstatta Boris Williams i The Cure i 1995 og kan hjå meg høyrast på plata Wild Mood Swings frå 1996. Same dag var Janis Joplin og spelte på The Matrix i San Francisco. Ein medley av Amazing Grace og Hi Heel Sneekers, som skal stamma frå denne seansen, kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. Musikken var ved Big Brother And The Holding Company. I 1979 var Johnny Cash i studio og spela inn The Greatest Cowboy Of Them All, som kom ut på plata A Believer Sings The Truth. Songen kan i mi platesamling høyrast på samleplata God frå 2000. I 1981 vart Justin Randal Timberlake fødd i Memphiss i Tennessee. Fødestaden reflekterar ikkje unge Justin Timberlake sin musikkstil, han har ei fortid i boybandet N’Sync. I dag pleiar han si eiga syngje og danse karriere og hjå meg kan han høyrast på plata Justified (2002). Same kveld var dei svenske pønkarane Ebba Grön, med Joachim Tåström i spissen på Ultrahuset i Handen. Låtane Ung & Kåt og Staten & Kapitalet kan høyrast på plata Ebba Grön Live. I 1994 gav Tori Amos ut den vakre og lågmælte plata Under The Pink. I 2000 kom Primal Scream med plata XTRMNTR. NME rangerte plata som den nest beste plata som kom på marknaden det året og konkurrenten Q-Magazine fann året etter plass til albumet på deira liste over 50 Heaviest Albums Of All Time. I 2009 døyde Dewey Martin. I 2010 fekk den kanadiske superstjerna Neil Young sin aller fyrste Grammy-statuett. Eg trur eg har mange med meg når eg hevdar ei slik utmerking kom minst førti år for seint. I 2011 gav Kaizers Orchestra ut plata Violetta Violetta.

30.01.2013

Trettiande januar

Trettiande januar 1951 kom Philip David Charles Collins til verda i London. Phil Collins si karriere heng for det meste saman med det han har gjor som trommeslagar og vokalist for det britiske progrockbandet Genesis. I mi platehylle står plata We Can’t Dance frå 1991. I 1971 spela Neil Young inn The Needle And The Damage Done i Royce Hall ved UCLA. Har du, som meg, platene Harvest (1972) eller Greatest Hits (2003) har du høve til å høyre denne songen kvar einaste dag. I 1984 døyde Luke Kelly. I 1989 gav Jerry Garcia og dei andre hippieveteranane i Grateful Dead ut konsertplata Dylan & The Dead saman med kompisen Bob Dylan. Innspelinga var gjort under ein felles turné sumaren 1987. I 2002 stod Brian Wilson på scenen i Royal Festival Hall. I 2006 slepte The Infadels plata med den sjølvmotseiande tittelen We Are Not The Infadels.

29.01.2013

Tjueniande januar

Tjueniande januar 1944 vart Steve Reid fødd i bydelen Bronx i New York City. Trommeslagaren Reid har ei fortid som musikar for plateselskapet Motown, men hjå meg kan han høyrast på Miles Davis si plate Tutu frå 1986. Reid døyde i 2010. I 1947 kom David Garrick til verda i Epping i Essex. David Byron hadde ei fortid som songar i gruppa Spice før han slo seg saman med resten av den langhåra gjengen i Uriah Heep i 1969. David Byron rakk å gje ut ti plater med dette bandet før han fekk sparken i 1976. Hjå meg kan Byron høyrast på studioplatene Very ‘Eavy, Very ‘Umble (1970), Salisbury (1971), Look At Yourself (1971), Demons & Wizzards (1972), Wonderworld (1974), Return To Fantasy (1975) og High And Mighty (1976), i tillegg til samleplata Eccoes In The Dark. Byron levde rockemyten til det fulle og døyde ein lite ærefull død av skrumplever i 1985. I 1949 vart Thomas Erderlyi fødd ved Donau sine bredder i den ungarske hovudstaden Budapest. Tommy Ramone er kjent som den originale trommeslagaren i Ramones og er i skrivande stund den einaste gjenlevande originalmedlemmen av dei skinnkledde. Hjå meg kan Ramone høyrast på platene Leave Home (1977), End Of The Century (1980), Pleasant Dreams (1981) og samleplata Ramones Mania (The Best Of 1976-1988) frå 1988. I 1953 kom Louie Pérez til verda i Los Angeles. Pérez er ein av grunnleggjarane av Los Lobos og kan hjå meg høyrast medan han spelar trommer på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I Tulsa i Oklahoma vart Charles Kent Wilson fødd. Charlie Wilson kan i mi platehylle høyrast medan han syng bakgrunnsvokal for Eurytmics på plata We Two Are One frå 1989. I 1954 kom Richard Blum til verda i Bronx i New York City. Handsome Dick Manitoba er The Dictators sitt hemmelege våpen og kan i mi platehylle høyrast på plata Go Girl Crazy frå 1975. I 1956 vart Amy Paulette Stewart fødd i Washington D.C. Amii Stewart leverte fleire discohits på syttitalet, best kjend er nok hennar versjon av Knock On Wood. Hjå meg kan Stewart høyrast på plata Pearls Amii Stewart Sings Ennio Morricone, ei samling der Stewart syng filmmusikk, og som kom på marknaden i 1990. I 1961 vart Eddie Jackson fødd i Robstown i Texas. Bassisten Jackson var ein av grunnleggjarane av Queensrÿche og kan i mi platesamling høyrast på bandet si debutplate The Warning (1984), i tillegg til Hear In The New Frontier frå 1997. I 1966 spela Johnny Cash inn songen Joe Bean, som fekk plass på plata Everybody Loves A Nut og i tillegg kan høyrast på plata Murder frå 2000. Han spela også inn The Sound Of Laughter som ikkje vart ikkje offisielt utgjeven den gongen, men også den kan i dag høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1985 gav Yello ut si fjerde studioplate, Stella, som inneheld singelen Oh, Yeah, kjend frå den amerikanske filmen som fekk norsk tittel Skulk Med Stil og kom på kino i 1986. I 1991 slepte Jesus Jones si andre studioplate, Doubt. I 2002 spelte The Beach Boys-grunnleggjaren Brian Wilson i Royal Festival Hall i London på denne datoen. I 2008 gav supergruppa The Mars Volta ut plata The Bedlam In Goliath, som var bandet si fjerde studioplate.

28.01.2013

Tjueåttande januar

Tjueåttande januar 1945 kom Robert Wyatt-Ellidge til verda i universitetsbyen Bristol. Soft Machine-legenda Robert Wyatt vert rekna som ein av sin generasjon sin mest innflytelsesrike musikarar og har gjeve ut ei rekkje plater. Mi platehylle byr på plata Comicopera, som inneheld ein versjon av Anja Garbarek-songen Stay Tuned og kom på marknaden i 2007. I 1963 vart gitaristen Dan Spitz fødd. Spitz trakterte gitaren i Anthrax i to periodar, frå 1983 til 1995 og frå 2005 til 2007. I mi platehylle kan Spitz sitt gitarspel høyrast på Anthrax sine plater State Of Euphoria (1988) og Persistence Of Time frå 1990. I 1972 kom Nils Petter Time til verda. Gitaristen Time var ein av grunnleggjane av Postgirobygget og kan i mi platehylle høyrast på plata Melis frå 1996. I 1974 var Johnny Cash i studio i Hendersonville og spela inn Ragged Old Flag til bruk på plata med same namn. I 1977 viste den tyske fjernsynskanalen ARD eit opptak av AC/DC gjort i Circus Krone i München september året før. DVD-en Plug Me In byr på eit opptak frå denne kvelden. I 1982 kom Toy Dolls til Smuglers Arm i Stanley. I 2002 spelte Brian Wilson i Royal Festival Hall i London. I 2003 oppsummerte Faith No More karrieren sin med samleplata This Is It: The Best Of Faith No More. I 2004 døyde Mel Pritchard. I 2009 døyde Billy Powell.

27.01.2013

Tjuesjuande januar

Tjuesjuande januar 1937 vart Buddie Gene Emmons fødd i Mishawaka i Indiana. Steel-Gitaristen Buddy Emmons kan hjå meg høyrast medan han spelar for George Jones på plata Walls Can Fall frå 1992. I 1944 kom Nicholas Berkeley Mason til verda i engelske Birmingham. Trommeslagaren Nick Mason er den einaste av medlemmene i Pink Floyd som har vore med sidan starten og hjå meg kan han han høyrast medan han held takten på Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973. I 1951 kom Seth Justman til verda i Washington D.C. Tangentmannen Justman var sentral i J. Geils Band, men hjå meg er han kreditert for å spele på Debbie Harry si plate Rockbird frå 1986. I Dublin vart Brian Michael Downey fødd. Trommeslagaren Brian Downey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på sporet Ode To Liberty på Phil Lynott si soloplate The Philip Lynott Album frå 1982. I 1957 vart Elvis Presley sin fyrste RCA-singel utgjeven. Heartbreak Hotel nådde fyrsteplass på dei amerikanske listene, men nådde aldri høgare enn nummer 2 i England. I Hartlepool vart Janick Robert Gers fødd. Gitaristen Janick Gers har spela i fleire band gjennom karrieren sin, men det er nok flest som har høyrd han som gitarist i Iron Maiden, eit band han slo seg saman med i 1990. Hjå meg kan Gers høyrast på platene No Prayer For The Dying (1990), Fear Of The Dark (1992), The X Factor (1995), Brave New World (2000), Dance Of Death (2003), A Mather Of Life And Death (2006) og The Final Frontier (2010), i tillegg til konsertplata En Vivo, som kom på marknaden i 2012. I 1961 vart Margo Timmins fødd i Montreal. Saman med brørne Michael og Peter starta Margo bandet Cowboy Junkies i 1985. Bandet er til no representert med tre plater i mi platehylle, The Trinity Session (1988), The Caution Horses (1990), og Black Eyed Man (1992), alle med Margo si røyst langt framme i lydbiletet. I Manchester kom Gillian Lesley Gilbert til verda. Gitaristen og tangentdama Gillian Gilbert er gift med trommisen i Joy Division, Stephen Morris, noko som sørgja for at ho rykka langt fram i køen då dei tre attlevande medlemmane i Joy Division skulle starte eit nytt band, New Order, etter frontmann Ian Curtis sitt sjølvmord. Hjå meg kan Gilbert høyrast på New Order si samleplate Substance 1987, som kom på marknaden i 1987. I 1968 kom Michael Allen Patton til verda i den jordskjelvutsette byen Eureka i California. Allsidige Mike Patton var vokalist i Faith No More, som er representert med tre titlar hjå meg. I 1983 stod Toy Dolls på scenen på Le Metro i Sunderland. I 1985 var Toy Dolls i Den Haag og spela på Paarduntrouse. I 1997 slepte Reef plata Glow. I 2002 spelte den myteomspunne ”strandguten” Brian Wilson den fyrste av fire konsertar i Royal Festival Hall i London der heile The Beach Boys si mykje omtala Pet Sounds plate frå 1966 vert framførd. Konsertane vart foreviga på band og resultatet kan høyrast på plata Pet Sounds Live. I 2004 slepte elecktronicabandet Air si fjerde studioplate, Talkie Walkie.

26.01.2013

Tjuesjette januar

Tjuesjette januar 1953 kom Lucinda Williams til verda i Lake Charles i Louisiana. Williams platedebuterte i 1978, utan at det vart mykje mediemerksemd av det. Media si interesse vart derimot vekt etter at Williams vart tildelt Grammy i 1994, og då plata Car Wheels On A Gravel Road kom i 1998 våkna platekjøparane også. I 1964 vart Susannah Melvoin fødd i Los Angeles i California. Songerinna Melvoin er best kjend for arbeidet ho gjorde med Prince & The Revolution, hjå meg høyrer du ho med hjelpevokal på plata Riding With The King, som var eit samarbeid mellom B.B. King og Eric Clapton, og kom på marknaden i 2000, og med gitarspel på eit spor på Gwen Stefani si plate Love. Angel. Music. Baby. frå 2004. Også Susannah si tvillingsyster Wendy vart fødd denne dagen, og også ho har spela med Prince & The Revolution, og som om ikkje det var nok, har også ho songe på dei to herrane King og Clapton si plate Riding With The King. I 1966 var Johnny Cash i studio og foreviga Austin Prison som enda opp på plata Everybody Loves A Nut. Songen kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1968 kom Timothy Robert Commerford til verda i Irvine i California. Bassisten Tim Commerford spelar til dagleg i Rage Against The Machine, og då bandet hadde ein pause i åra 2000 til 2007 var han ein sentral figur i Audioslave. Hjå meg kan Commerford høyrast på Rage Against The Machine sine studioplater Rage Against The Machine (1992), The Battle Of Los Angeles (1999) og Renegades (2003), i tillegg til konsertplata Live At The Grand Olympic Auditorium (2003), og på Audioslave sine studioplater Out Of Exile (2005) og Revelations (2006). I 1979 spela Johnny Cash inn When He Comes som vart gjeven ut på plata A Believer Sings The Truth. Songen kan i mi platesamling høyrast på samleplata God frå 2000. I 1983 held Toy Dolls konsert på Fandangos i Hexham. I 1985 var det Simplon i Groningen som kunne skryte av at dei arrangerte konsert med Toy Dolls. Same dag døyde Kenny Clarke. I 1986 hadde The Ritz i New York vitjing av Toy Dolls. I 2009 gav dei skotske indierockarane i Franz Ferdinand ut den tredje studioplata si, ho heit Tonight: Franz Ferdinand.

25.01.2013

Tjuefemte januar

Tjuefemte januar 1955 var dagen Terry Chimes kom til verda i London. Chimes er mest kjent for jobben han gjorde med å halde styr trommer og takt i den engelske punkgruppa The Clash. Hjå meg kan Chimes høyrast på studioplata Combat Rock (1982), og samleplata The Singles (2007). I 1956 vart Andrew Cox fødd i Birmingham. Gitaristen Andy Cox er ein av grunnleggjarane av kultbandet Fine Young Cannibals og kan hjå meg høyrast på bandet si sjølvtittelerte debutplate frå 1985. I 1958 kom Gary Brian Tibbs til verda i engelske Northwood. Bassisten Gary Tibbs har vore innom Adam & The Ants, men hjå meg er det på Roxy Music si samleplate More Than This frå 1995 han kan høyrast. I 1966 var The Byrds i studio for å spela inn hippiesongen framføre nokon annan, Eight Miles High, ein song som kan nytast på plata Fifth Dimension. I 1979 var det Oh Come, Angel Band som fekk evig liv i Johnny Cash sin versjon. Songen kan høyrast på både A Believer Sings The Truth og samleplata God frå 2000. I 1981 var Ebba Grön på EFMD i Västa Haninge. Låtane Alla Visa Män, Hat & Blod og Slicka Uppåt, Sparka Heråt kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Totenhosen i Saarbrücken. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til California, nærare bestemt Los Angeles, for å spele på Fenders. I 2011 gav Motörhead ut plata The Wörld Is Yours. Her kan det vere greitt å merkje seg at sjølv om dette er informasjon som er henta frå bandet si eiga nettside, så har det seg slik at plata fekk plass i mi platehylle ein månad tidlegare, noko som visar at det som burde vere truverdig informasjon frå dei ulike banda sine offisielle nettstader ikkje alltid er heilt til å stole på.

24.01.2013

Tjuefjerde januar

Tjuefjerde januar 1941 vart Aaron Neville fødd i New Orleans i Louisiana. Neville danna, saman med brørne sine, bandet The Neville Brothers og er far til mulitiinstrumentalisten Ivan Neville. Hjå meg kan Neville høyrast med bakgrunnsvokal på Robbie Roberson si plate Storyville frå 1991. I 1947 kom Warren William Zevon til verda i Chicago. Warren Zevon flytta til California som trettenåring, men etter foreldra si skilsmisse flytta han til New York for å verte visesongar. Frå 1965 leverte Zevon ei rekkje kritikarroste plater og deltok på ei rekkje andre artistar sine produksjonar. Zevon vert rekna inn i den ekslusive klubben av musikarfavorittar og var høgt respektert i det amerikanske musikkmiljøet. Hjå meg finn du plata Sentimental Hygiene frå 1987. Zevon døyde av lungekreft i 2003. I 1948 vart den engelske skodespelaren og musikaren Michael Phillip Des Barres fødd. Des Barres har gjort seg best kjend gjennom arbeidet sitt som skodespelar, med mellom anna ei rolle i den amerikanske serien McGyver, men hjå meg er det som musikar han utmerkar seg. Des Barres har ei fortid som vokalist i det engelske glamrockebandet Silverhead og kan høyrast på platene Silverhead’s First (1972) og 16 And Savaged (1973). Des Barres er også kreditert for hjelpevokal på Kiss-bassist Gene Simmons si soloplate frå 1978. I 1949 kom John Adam Belushi til verda i Wheaton i Illinois. John Belushi herja med ei rekkje hysteriske sketsjar på den amerikanske komedieinstitusjonen Saturday Night Live på syttitalet, men har fått plass i denne bloggen på grunn av arbeidet han gjordet med kultbandet The Blues Brothers. Hjå meg kan “Joliet” Jake Blues høyrast på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og på samleplata The Best Of The Blues Brothers frå 1981. Belushi døyde i 1982. I 1953 kom bassisten James Hutchinson til verda i Cambridge Massachusetts. Hutch Hutchinson sitt bidrag til mi platehylle finn du på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1965 spela The Byrds inn Why (Single Version), som er eit av seks bonusspor som har fått plass på Cd-versjonen av plata. I 1976 var Gasolin i aksjon i Holstebro. Nanna, med supergitaristen Franz Beckerlee på mundharpe, Smukke Linda, 1975 og På Banen (Derudaf) kan høyrast på samleplata Derudaf -Forever. I 1985 var Toy Dolls å finne i Kempton Youth Club. I 1989 gjekk Melissa Etheridge i studio for å starte innspelinga av den vanskelege andreplata, som i hennar tilfelle fekk tittelen Brave And Crazy. I 1991 døyde Harold B. Jackson. I 2005 gav The Chemical Brothers ut si femte studioplate, Push The Button, som selde til gull og vart nominert til Grammy. I 2006 slepte P.O.D. si sjette studioplate, Testify. I 2009 døyde Leonard Gaskin.

23.01.2013

Tjuetredje januar

Tjuetredje januar 1888 vart Huddie William Ledbetter fødd i Mooringsport i Louisiana. Visesongaren Leadbelly introduserte verda for ei rekkje kraftfulle låtar som i dag er standarar i visesjangeren. Hjå meg kan Leadbelly høyrast på samleplata Leadbelly Sings Folk Songs frå 1989. Leadbelly døyde i 1949. I 1925 kom Martin Louis Paich til verda i Oakland i California. Pianisten Marty Paich sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984. Paich døyde i 1995. I 1926 vart bassisten Curtis Counce fødd i Los Angeles. Counce sitt kjenslege basspel kan hjå meg høyrast på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Counce døyde i 1963. I 1953 var dette dagen Robin Wayne Zander kom til verda i Beloit i Wisconsin. Cheap Trick-vokalisten Robin Zander si gjennomtrengande røyst har hypnotisert jenter i alle aldrar sidan bandet starta og er perfekt til å framføre gitarist Rick Nielsen sine surrealistiske songar. I 1956 vart Ralph Carney fødd i Akron i Ohio. Carney lev av å traktere ei rekkje blåseinstrument og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar både trompet og saksofon på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1959 fekk Johnny Cash hjelp av produsent Don Law til å spele inn ti songar i Nashville, alle kan høyrast på plata Hymns og vert her ramsa opp i tilfeldig rekkefølgje: I Saw A Man; Are All The Children In; Lead Me Gently Home; Snow In His Hair; I Call Him; These Things Shall Pass; He’ll Be A Friend; God Will; The Old Account; Swing Low, Sweet Chariot. Dei to siste kan også høyrast på samleplata God frå 2000. I 1985 var Toy Dolls igjen over grensa til Sveits for å spele på Rote Fabrik i bankbyen Zürich. I 1986 spelte Toy Dolls på gata i Sacramento.

22.01.2013

Tjueandre januar

Tjueandre januar 1924 vart James Louis Johnson fødd i Indianapolis i Indiana. Trombonisten J. J. Johnson sin CV inneheld spel med orkestarleiarar som Count Bassie og Charlie Parker. I mi platesamling kan J.J. Johnson høyrast medan han spelar trombone for Miles Davis på plata Birth Of The Cool som kom på marknaden i 1957. Johnson døyde i 2001. I 1940 kom Eberhart Weber til verda i Stuttgart. Bassisten Weber sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Jan Garbarek si plate Legend Of The Seven Dreams frå 1988. I 1943 kom Michal Urbaniak til verda i Warzawa. Jazzmusikaren Urbaniak har fått mykje av æra for utviklinga av det som vert kalla Fuzion Jazz og kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Tutu frå 1986. I 1949 vart Stephen Ray Perry fødd i Hanford i California. Steve Perry var vokalist i Journey i dei to mest suksessrike periodane deira, og hjå meg kan du høyre røysta hans på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1951 vart muskaren Ben Mink fødd i kanandiske Toronto. Mink kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar for k.d. Lang på platene All You Can Eat, som kom på marknaden i 1995, og Watershed frå 2008. I 1960 kom Lars Fredrik Beckstrøm til verda. Lars Beckstrøm er best kjend for å spele bass i de Lillos, men har også ei eiga karriere under eige namn og i Lars Beckstrøm Kvartett. I mi platehylle finn du, i tillegg til dei obligatoriske de Lillos-platene, Lykkens Kalosjer, eit soloprosjekt som Beckstrøm gav ut under eige namn i 1997. I Sydney kom Michael Kelland John Hutchence til verda. Michael Hutchence var vokalist i det australske bandet INXS i ein tjueårsperiode fram til han døyde for eiga hand i 1997. Hjå meg kan Hutchence høyrast på platene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are frå 1992. I 1965 vart Michael Coletti fødd i Cleaveland i Ohio. Trommeslagaren Steven Adler fekk sparken i Guns ‘N Roses på grunn av heroinavhengigheita si, men i mi platehylle kan han likevel høyrast på bandet sine to fyrste plater, Appetite For Destruction (1987) og Lies frå 1988. Adler er også kreditert for tromming på eit av spora, Civil War, på Use Your Illution II frå 1991. I 1968 kom Aretha Franklin si plate Aretha: Lady Soul. I 1969 vart Elvis Presley sin versjon av Suspicious Minds spela inn. I 1976 vart Sivert Høyem fødd på Sortland. Songaren Høyem slo gjennom med bandet Madrugada i 1999 og fem av bandet sine plater er med å høyne kvaliteten på mi platesamling. I 1980 la Madness seg fint til å tredjeplass på singellista med My Girl. I 1985 var turen endeleg komen for å kunne oppleve Toy Dolls i ølbyen München, det hendte på Alabamahalle. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Wilson Theatre i rosinbyen Fresno. I 1993 døyde Helno Rota. I 1997 kom singelen When You’re Gone frå The Cranberries.

21.01.2013

Tjuefyrste januar

Tjuefyrste januar 1924 kom Alfred Hawtorn Hill til verda i hamnebyen Southampton. Komikaren Benny Hill er kjend for sitt eige fjernsynsshow over ein periode på over førti år. Showet hadde mykje bra bakgrunnsmusikk og det beste er samla på plata Benny Hill Sings. Benny Hill døyde i 1992. I 1949 var trompetlegenda Miles Davis i New York og spelte inn songane Move, Jeru, Budo og Godchild. Med seg på denne legendariske sesjonen hadde Davis eit stjernelag beståande av Kai Winding på trombone, Junior Collins på fransk horn, John Barber, som spelte tuba, Lee Konitz brilleerte på altsaksofon, Gerry Mulligan var mannen på barytonsaksofon, Al Haig trakterte tangentane, Joe Shulman spelte bass og Max Roach heldt takten. Desse innspelingane kan nytast på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. I 1956 kom Steve Riley til verda i Revere i konservative Massachusetts. Trommeslagaren Riley spelte i W.A.S.P frå 1984 til 1987, lenge nok til å vere kredittert for to studioplater og ei konsertplate. Hjå meg kan Riley høyrast på samleplata First Blod. Last Cuts frå 1994. I 1970 slepte Aretha Franklin singelen Call Me, komponist og tekstforfattar var souldronninga i eigen person. I 1972 vart Charlene Keys fødd i Rochester i New York. Songarinna Tweet sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Missy Elliott sine plater Miss E…So Addictive frå 2001 og Under Construction frå 2002. I 1975 var dette fyrste dag i studio for Joan Baez med band. Resultatet enda opp som plata Diamonds And Rust, som kom seinare same år og vert rekna som ei av Baez sine betre plater. I 1983 var Legions Club i Amble vertskap for Toy Dolls. I 1984 vart den japanske popartisten Zoey fødd. Zoey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Gwen Stefani si plate Love. Angel. Music. Baby. frå 2004. Toy Dolls var attende i heimlandet etter eit utanlandsopphald og spelte på Carlisle City Hall.

20.01.2013

Tjuande januar

Tjuande januar 1929 kom Jimmy Wilbur Cobb til verda i Washington D.C. Trommeslagaren Jimmy Cobb kan hjå meg høyrast medan han held takten for Miles Davis på platene Kind Of Blue frå 1959 og Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1944 vart Charles Louis Domanico fødd i Chicago i Illinois. Bassisten Chuck Domanico kan hjå meg høyrast på plata Hejira, som Joni Mitchell slepte i 1976. Domanico døyde i 2002. I 1945 fekk verda musikaren og plateprodusenten Eric Michael Stewart. Eric Stewart tenestegjorde i 10cc frå 1972 til 1995. Hjå meg kan Stewart høyrast på konsertsamleplata Live In Concert. Volume One. I 1948 vart Melvyn Paul Pritchard fødd i engelske Oldham. Trommeslagaren Mel Pritchard heldt takten for Barclay James Harvest, og hjå meg kan han høyrast på konsertplata Berlin frå 1982. Pritchard døyde i 2004. I 1951 kom Ian Frank Hill til verda i West Bromwich. Bassisten Ian Hill har tent sitt daglege brød som ein del av rytmeseksjonen i Judas Priest, som underteikna har sett to gonger i levande live, begge i Bergen. Hjå meg kan Hill høyrast på studioplatene Stained Class (1978) og British Steel (1980), og konsertplatene Unlashed In The East (1979) og Concert Classics, i tillegg til samleplatene Metal Works ’73-’93 (1993), Simply The Best og The Essential Judas Priest (2006). I 1952 kom Stanley Harvey Eisen til verda på Manhattan i New York City. Gitarist og vokalist i Kiss, Paul Stanley, er for tida posørrockar nummer ein. Unge Stanley sitt bidrag til rocken har kan hende ikkje alltid hausta like stor åtgaum, men han er, om ein skal tru pressa, musikalsk ansvarlig i Kiss og det seier sitt. Hjå meg kan Stanley høyrast på studioplatene Love Gun (1977), Dynasty (1979), Music From The Elder (1981) og Crazy Nights frå 1987, i tillegg til samleplata Double Platinum (1978) og konsertplata Alive III frå 1993. I 1959 vart Rusty Anderson fødd i La Habra i Callifornia. Gitaristen Anderson er best kjend for å spele med Paul McCartney, men hjå meg kan han høyrast på platene Love. Angel. Music. Baby. som var Gwen Stefani sitt bidrag til populærkulturen i 2004, og Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1961 var Elvis Presley i studio og spela inn In The Ghetto. I 1965 kom Gregory David Kriesel til verda i Glendale i California. Bassisten Greg K. spelar til dagleg i The Offspring og hjå meg høyrer du han på platene Ignition (1992), Smash (1994), Americana (1998), Conspiracy Of One (2000) og Splinter (2003). I 1968 fekk Bob Dylan sin song All Along The Watchtower evig liv i Jimi Hendrix Experience sin versjon. Singelen nådde sjetteplass i England, medan USA løna prestasjonen med ein tjuandeplass. I 1969 kom Nicholas Allen Jones til verda i walisiske Blackwood. Under artistnamnet Nicky Wire har Jones gjort suksess som bassist i det walisiske rockebandet Manic Street Preachers og hjå meg kan han høyrast på studioplatene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993), The Holy Bible (1994) og This Is My Truth Tell Me Yours (1998), i tillegg til samleplata Lipstick Traces (A Secret History Of The Manic Street Preachers) frå 2003. I 1973 vart Markus Mustonen fødd i Eskilstuna. Trommisen Mustonen held takten for Kent og kan hjå meg høyrast på platene Kent (1995), Hagnestad Hill (1999) og Du & Jag Döden frå 2005. Fredag tjuande januar 1985 var Brøndby-hallen i København åstad for ein konsert med metallikona i Judas Priest. Dei som ikkje nådde fram til kongens by, men som tilfeldigvis oppheldt seg i Stuttgart kunne i staden oppleve Toy Dolls på Krockodil. I 1986 fekk Palo Alto vitjing av Toy Dolls, dei kunne høyrast på The Stone. I 1996 døyde jazzmusikaren Gerry Mulligan. I 2012 døyde Larry Butler.

19.01.2013

Nittande januar

Nittande januar 1917 vart John Richard Ewing fødd i Topeka i Kansas. Trombonisten Streamline Ewing sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. Ewing døyde i 2002. I 1936 kom Willie Smith til verda i Helena i Arkansas. Big Eyes tromma med mange av dei største bluesartistane og kan hjå meg høyrast på Johnny Winter si plate Nothin’ But The Blues frå 1977. Willie “Big Eyes” Smith døyde i 2011. I 1939 vart Philiph Everly fødd i Chicago i Illinois. Phil Everly var den eine halvleiken av duoen The Everly Brothers, som herja platelistene på sekstitalet. Hjå meg kan Phil Everly høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1943 vart verdas fyrste, og, kan hende, framleis største kvinnelege rockestjerne, Janis Lyn Joplin fødd i Port Arthur i Texas. I det myteomspunne hippiemiljøet i San Francisco etablerte Janis Joplin seg med hard bluesrock i grupper som Big Brother And The Holding Company og Full Tilt Boogie Band, som ho gjorde fleire plateinnspelingar med. Big Brother And The Holding Company si sjølvtittelerte debutplate, i tillegg til Farewell Song og den doble samleplata Janis er på plass i hylla. Joplin levde fort og hardt og døyde i 1970. I 1946 vart Dolly Rebecca Parton fødd i Smoky Mountains i Tennessee. Brystfagre Dolly Parton har plaga oss med plater i fleire tiår, mindre kjend er det at dama har tent seg steinrik på å skrive songar som andre gjer suksess med. Ei samleplate, som Greatest Hits, er greit for ein artist av Dolly sitt kaliber. I 1949 kom Robert Allen Palmer til verda i Batley i engelske West Yorkshire. Gentlemansrockaren Robert Palmer har hatt suksess som soloartist og med band som The Mandrakes og Power Station. Mi platehylle byr på plata Rhythm & Blues frå 1999. Palmer døyde av eit hjarteattak i 2003. I 1953 vart Michael J. Boddiker fødd i Cedar Rapids i Iowa. Synthesizerfenomenet Michael Boddiker kan hjå meg høyrast på plata The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982, og på Bette Midler si plate Some People’s Lives frå 1990. I 1970 var dette dagen The Who var i IBC Studios i London og spelte inn The Seeker. I 1985 var Toy Dolls i Freiburg og spelte på AZ. I 1986 var Toy Dolls i Maboham Gardens i San Francisco. I 1994 slepte The Afghan Whigs EP-plata What Jail Is Like. I 1998 døyde Carl Perkins. I 1999 gav Dave Matthews og Tim Reynolds ut den doble konsertplata Live At Luther College. I 2007 døyde Denny Doherty.

18.01.2013

Attande januar

Attande januar 1938 kom Hargus Melvin Robbins til verda i Spring City i Tennessee. Den blinde pianisten Hargus «Pig» Robbins hadde ein hit med Save It i 1959 og denne vart seinare spela inn av kultpunkarane i The Cramps og gjeve ut på plata Off The Bone. Robbins har seinare arbeida med store countrynamn som Merle Haggard og Alan Jackson, men hjå meg er det ved tangentane på Bob Dylan si plate Blonde On Blonde frå 1966, og på George Jones si plate Walls Can Fall (1992), du finn han. I 1944 vart Al Foster fødd i Richmond, Virginia. Trommeslagaren Foster var ein viktig del av Miles Davis sitt band frå fyrste halvdel av syttitalet til 1985. Hjå meg kan Foster høyrast på Miles Davis sine plater Decoy frå 1984 og Amandla frå 1989. I 1969 vart Jim O’Rourke fødd i Chicago. Gitaristen og tangentmannen O’Rourke herja Chicago sin alternativscene i mange år før han flytta til New York i 2000 og slo seg saman med støyguruane i Sonic Youth, der han hjå meg kan høyrast på plata Murray Street. O’Rourke rakk også å produsere Wilco si plate A Ghost Is Borne frå 2004, der han også er kreditert for å spele fleire instrument, før han flytta til soloppgongen sitt land, Japan. På den amerikanske vestkysten nytta Neil Young dagen til å spele inn Cowgirl In The Sand saman med husrockarane i Crazy Horse. Den seansen skal ha gått føre seg i Wally Heider Recording Studio. Spesielt interesserte kan høyre verket på mellom anna Everybody Know This Is Nowhere og Greatest Hits. I 1971 kom Jonathan Houseman Davis til verda i countryhovudstaden Bakersfield i California. Jonathan Davis har vore frontmann i Korn sidan starten og hjå meg kan han høyrast på samleplata Proud frå 2000. I 1973 vart Chrispian John David Boulting fødd i Hammersmith i London. Songar og gitarist Chrispian Mills er frontmann i Kula Shaker og hjå meg kan du høyre han på plata Peasants, Pigs & Astronauts frå 1999. I 1984 kunne Toy Dolls høyrast på Spirit i San Diego. I 1985 fekk Sveits høve til å ta eit avbrekk i gjøkurproduksjon og Tobleronestøyping då Toy Dolls kom innom og spelte på Gaskessel i Biel. I 1986 var Toy Dolls i Sacramento der dei spelte på Roseville.

17.01.2013

Syttande januar

Syttande januar 1954 kom Cheryl Bentyne til verda i Mount Vernon i delstaten Washington. Bentyne slo seg saman med vokalgruppa The Manhattan Transfer i 1978, og hjå meg høyrer du arbeidet hennar på plata The Offbeat Of Avenues frå 1991. I 1955 vart Stephen Fain Earle fødd i Fort Monroe i Hampton i Virginia. Countryartisten Steve Earle er ein av så altfor få samfunnsengasjerte artistar og han er ein av dei som ope kritiserar dei amerikanske styresmanktene sin bruk av dødsstraff. To av Earle sine studioplater er på plass i hylla, Copperhead Road (1988) og El Corazón (1997), i tillegg til samleplata The Collection frå 2002. Earle kan også høyrast medan han syng saman med ein annan samfunnsengasjert artist, Jason Ringenberg, på songen Bible And A Gun frå sistnemnde si samleplate Best Tracks & Side Tracks 1979-2007. Earle er ein av få artistar eg har teke meg bryet med å sjå fleire gonger. To konsertar har eg fått med meg, begge i Bergen, og eg vonar han tek turen innom att snart. Vonleg er Earle sitt bidrag til mi platesamling kraftig utvida til då. I 1959 kom Susanna Lee Hoffs til verda i Los Angeles. Susanna Hoffs var songar og gitarist i jentebandet The Bangles, som har fått på plass ei Greatest Hits-plate i mi hylle. I 1964 kom Andrew Michael Rourke til verda i Manchester. Bassisten Andy Rourke har ei fortid i The Smiths og hjå meg kan basspelet hans høyrast på studioplatene Meat Is Murder (1985) og Strangeways, Here We Come frå 1987. Rourke er også kreditert for basspel på Sinead O’Connor si plate I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990. I 1969 spelte Neil Young inn Down by the river saman med Crazy Horse i Wally Heider Recording Studio. Resultatet kan mellom anna høyrast på platene Everybody Know This Is Nowhere og Greatest Hits. I 1975 gav Bob Dylan ut plata Blood On The Tracks. I 1981 kunne ein høyre lyden av Toy Dolls i Old Miners Hall i Stanley. I 1984 var det Open Air i Hollywood, California som fekk punkrockarane i Toy Dolls innom. I 1985 spelte Iron Maiden det fyrste av fem utselde konsertar i Radio City i New York, medan Toy Dolls måtte nøye seg med å underhalde dei frammøtte på Zickzack i Wiesbaden då dei spela deira to hundre og femtiande konsert. I 1986 hadde Toy Dolls flydd over Stillehavet og spelte på Palladium i Hollywood.

16.01.2013

Sekstande januar.

Sekstande januar 1969 vart Stevie Jackson fødd i skotske Glasgow. Gitaristen Jackson er best kjend for å spele i Belle & Sebastian og kan hjå meg høyrast på plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1981 kom Nicholas Valensi til verda i New York City. Nick Valensi er gitarist i The Strokes, og hjå meg kan han høyrast på platene Is This It (2001) og Room On Fire (2003). Same dag slepte The Clash singlen Hitsville UK, som nøygde seg med ein heller beskjeden femtisjetteplass på dei engelske singellistene. I 1983 bydde Toy Dolls opp til dans i Working Mens Club i Hetton. I 1985 bydde på Toy Dolls konsert i Bochum, Zeche var staden dei frammøtte fekk oppleve Olga og Co. I 1986 spelte Toy Dolls på Tsubaki House i Tokyo for andre kveld på rad. I 1998 gav Air ut plata Moon Safari i heimlandet Frankrike, resten av verda måtte venta eit par dagar, men heldigvis ikkje mange.

15.01.2013

Femtande januar

Femtande januar 1941 kom Don Glen Vliet til verda i Glendale i California. Captain Beefheart blanda jazz, blues og psykedelia på sitt særeigne avant-garde vis. Captain Beefheart samarbeida til tider med ein annan eksperimentell musikar, nemleg Frank Zappa, noko som ikkje gjekk stillferdig for seg. Captain Beefheart døyde i 2010. I 1948 vart Ronald Wayne Van Zant fødd i Jacksonville i Florida. Songaren Ronnie Van Zant var ein av grunnleggjarane av Lynyrd Skynyrd og kan hjå meg høyrast på den doble samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd frå 1998, han er også kreditert for vokalbidrag på songen Travelin’ Man på plata Twenty frå 1997. Van Zant døyde i eit flykrasj i Gilesbourg i Mississippi i 1977. I 1951 vart Peter Rodney Byford fødd i Honley i West Yorkshire. Helsefanatikaren Biff Byford var med å starte bandet Son Of A Bitch midt på 1970-talet. Bandet skifta seinare namn til Saxon og leverte ei rekkje album som plasserte seg høgt på platelistene utover åttitalet. Hjå meg finn du klassikaren Wings Of Steel frå 1980. I Lyons i Nebraska kom Douglas Elwin Erikson til verda. Duke Erikson er ein av grunnleggjarane av Garbage og har lurt to plater, Garbage (1995) og Version 2.0 (1998), inn i mi platehylle. I 1952 kom den sveitsiske musikaren Boris Blank til verda i den sveitsiske hovudstaden Bern. Blank er mannen som skapar den særeigne ljoden i den sveitsiske duoen Yello, som herja lister og dansegolv på åttitalet. Seks titlar frå sveitsarane er på plass i hylla, til no. Same dag vart Melvyn Gale fødd i London. Cellisten Gale spelte i Electric Light Orchestra frå 1975 til 1979 og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1957 byrja Elvis Presley innspelinga av (Let Me Be Your) Teddy Bear, og året etter, 1958, spela same Elvis Presley og The Jordanaires inn Hard Headed Woman for filmen King Creole. I 1959 vart Peter Trewavas fødd i Middlesbrough. Bassisten Pete Trewavas spelar til dagleg i Marillion, og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Script For A Jesters Tear frå 1983. I 1965 kom den fyrste singelen Pete Townshend, Roger Daltrey, John Entwistle og Keith Moon gav ut under namnet The Who. I Can’t Explain vart produsert av Shel Talmy og var ein fast del av liveprogrammet til bandet heile karrieren, ofte som konsertopnar. I 1970 gav souldronninga Aretha Franklin ut plata This Girl’s In Love With You. Same dag gav MC5 ut plata Back In The USA på plateselskapet Atlantic. Plata, som var spela inn i GM Studios i East Detroit, med produsent John Landau bak spakane, vert rekna som den viktigaste av dei tre langspelplatene bandet gav ut i den korte og hektiske karrieren sin. I 1984 var Toy Dolls på plass i Concept Factory i Seal Beach. I 1985 var Forum i Enger vertskap for ein Toy Dolls-konsert. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Tsubaki House i Tokyo. I 1992 døyde Dee Murray.

Fjortande januar

Fjortande januar 1932 kom Grady Tate til verda i Durham i North Carolina. Trommeslagaren Tate, med ei fortid i legenda Quincy Jones sitt band, kan i mi platehylle høyrast på Bette Midler si plate Some People’s Lives frå 1990. I 1957 vart Steve Jordan fødd i New York City. Jordan er den type musikar som handterar fleire instrument og kan hjå meg høyrast medan han trommar for The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og medan han spelar både trommer og keyboard for Neil Young på plata Landing On Water frå 1986. Jordan kan også høyrast på Boz Scags si plate Dig frå 2001. I 1959 kom Cathal Joseph Patric Smyth til verda i London. Chas Smash har i to periodar vore dansar og bakgrunnsvokalist i Madness, hjå meg kan han høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I Düsseldorf i Vest-Tyskland vart Jeffery Wayne Tate fødd. Songaren Geoff Tate voks opp i Tacoma i delstaten Washington, der han var med å grunnleggje Queensrÿche. Hjå meg høyrer du Tate på debutplata The Warning (1984), i tillegg til Hear In The New Frontier frå 1997. I 1962 kom Patricia Morrison til verda i Los Angeles. Bassisten Morrison spelte i Sisters Of Mercy frå 1987 og kan hjå meg høyrast på plata Floodland frå 1987. I 1967 var det ein stor dag for gitarrocken, for då vart supergitaristen Zakk Wylde fødd i Bayonne i New Jersey på den amerikanske austkysten. Ei rekkje sideprosjekt til tross, Wylde, som har døypenamnet Jeffery Phillip Wielandt, er best kjend for å vere tidlegare gitarist for The Prince Of Darknes, Ozzy Osbourne. Og Wylde sitt gitarspel kan sjølvsagt nytast på fleire av mine Ozzy-plater, No Rest For The Wicked (1988), No More Tears (1991) og Ozzmosis (1995), men han kan i mi platehylle også høyrast på debutsoloplata, Book Of Shadows frå 1996. Det skadar ikkje å nemne at denne aldri vart den heilt store kommersielle suksessen. I 1969 kom David Eric Grohl til verda i Warren i Ohio. Trommis og gitarist Dave Grohl kan i mi platesamling høyrast på så mange som fem plater med grungebandet Nirvana, studioplatene Bleach (1989), Nevermind (1992) og In Utero (1993), og konsertplatene MTV Unplugged In New York (1994) og From The Muddy Banks Of Wishkah (1996), der han fekk æra av å spele på trommer, og som gitarist og vokalist på Foo Fighters si plate The Colour And The Shape frå 1997. I tillegg kan Grohl høyast medan han spelar trommer på platene Songs For The Deaf (2002) og Lullabies To Paralyze (2005) med sideprosjektet Queens Of The Stoneage. I 1982 vart Anthony Caleb Followill fødd i Tennessee. Caleb Followill er frontmann i det amerikanske alternativbandet Kings Of Leon. Hjå meg kan Followill høyrast på studioplata Aka Shake Heartbreak frå 2004. I 1984 spelte Toy Dolls på Perkins Palace i Pasadena, California. I 1985 var Toy Dolls attende på Loft i Berlin. I 1992 slepte Lou Reed plata Magic And Loss, som var den sekstande studioplata frå den gamle helten frå Velvet Underground.

13.01.2013

Trettande januar

Trettande januar 1947 vart John Joseph Lees fødd i Oldham i Nord-England. Gitaristen John Lees har gjort karriere som gitarist i bandet Barclay James Harvest. I mi platehylle kan Lees høyrast på konsertplata Berlin frå 1982. I 1954 kom Trevor Charles Rabin til verda i Johannesburg. Trevor Rabin er best kjend for tida i Yes, men har også vore innom Manfred Mann’s Earth Band. Hjå meg kan Rabin høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered, som Manfred Mann’s Earth Band slepte i 1999. I 1961 kom Wayne Michael Coyne til verda i stålbyen Pittsburgh i Pennsylvania. Wayne Coyne er songar og gitarist i bandet The Flaming Lips, som hjå meg er representert med plata At War With The Mystics frå 2006. I engelske Hastings vart Graham McPherson fødd. Songaren kjend som Suggs har markert seg som frontmann for Madness, og hjå meg kan han høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1964 gav ein ung Bob Dylan ut plata The Times They Are Changin’. For dei som ein gong sona under kummerlege forhold vert trettande januar 1968 hugsa som dagen då Johnny R. Cash spela inn den legendariske fengselskonserten sin i Folsom Prison. Dei innsette fekk høyre at Johnny Cash, akkompagnert av Marshall Grant på bass, W. S. Holland på trommer og Luther Perkins på gitar, spela klassikarar som Folsom Prison Blues, Orange Blossom Special, Give My Love To Rose og I Still Miss Someone. Cash si komande kone, June Carter, stod i spissen for The Carter Family og The Statler Brothers som gjorde bakgrunnskoringa. Konserten er i ettertid påstått å vere ein av dei beste konsertane du er glad du ikkje var tilstades på. I 1971 nytta The Who datoen til å halde pressekonferanse på The Young Vic Theatre i London. Der annonserte bandet at dei ville spele inn ein oppfølgjar til rockeoperaen Tommy. Lifehouse, som dette prosjektet skulle heite, vart aldri realisert, men det meste av materialet kan høyrast på plata Who’s Next. I 1972 kunne det høyrast eit rop frå villmarka i Nashville då Johnny Cash spela inn ein song med namnet Call Of The Wild. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album. I 1973 kom Cato Thomassen til verda. Cato Salsa var med å starte bandet Cato Salsa Experience i 1998, han har også spelt med Sivert Høyem og Madrugada. Hjå meg kan Cato høyrast på Cato Salsa Experience si plate No.3 frå 2005. I 1979 døyde Donny Hathaway. I 1980 stod alltid like energiske Toy Dolls for underhaldninga på Comrades Club i Silksworth. I 1984 spela Toy Dolls ”on Broadway” i hippiehovudstaden San Francisco i California. I 1985 kunne frammøtte i Hamburg oppleve Toy Dolls i Markethalle. I 1986 var Toy Dolls attende i Japan, denne gongen for å spele i Vibra Hall i Kyoto. I 1991 innleia Iron Maiden Nord-Amerika-delen av No Prayer On The Road turneen i Halifax, Canada. Dette var fyrste av førtifem konsertar på feil side av Atlanteren. I 1992 platedebuterte Tori Amos med kritikarroste Little Earthquakes. I 2007 døyde Michael Brecker.

12.01.2013

Tolvte januar

Tolvte januar 1944 vart John Henry Schroer fødd. Som medlem av The Caledonia Soul Orchestra spelte saksofonisten Jack Schroer på er rekkje av Van Morrison sine plater. Hjå meg kan Jack Schroer sitt saksofonspel høyrast på samleplata The Philosopher’s Stone, som Van Morrison slepte i 1998. Schroer døyde i 1995. I 1946 kom George Duke til verda i San Rafael i California. Duke har skaffa seg sjølv eit namn som keyboardspelar i bandet til Frank Zappa, men i mi samling høyrer du han medan han spelar på Michael Jackson si plate Off The Wall, som kom på marknaden i 1979, og på Miles Davis sine plater Tutu (1986), og Amandla frå 1989. I 1948 vart Chris Michie fødd. Gitaristen Michie er best kjed for arbeidet han har gjort med Van Morrison. Hjå meg kan Michie høyrast på Van Morrison si plate No Guru, No Method, No Teacher frå 1986. Michie døyde i 2003. I 1957 var Elvis Presley i studio for å spele inn All Shook Up. Musikken var ved The Jordanaires. I 1959 vart Hans Kristian Emmerich fødd i den vestlege delen av Berlin. Gitaristen og komponisten Blixa Bargeld er i mi platesamling representert som gitarist i The Bad Seeds, bandet som står for musikken når Nick Cave syng på platene From Here To Eternity frå 1984 og The Boatman’s Call frå 1997. I Halmstad kom Per Håkan Gessle til verda. Per Gessle har herja platelistene med både Gyllene Tider og Roxette og hjå meg kan han høyrast på sistnemde si plate Joyride frå 1991. I 1970 kom Zacarias Manuel de la Rocha til verda i Long Beach i California. Zack de la Rocha var fram til 2000 songar i no oppløyste Rage Against The Machine, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Rage Agains The Machine (1992), The Battle Of Los Angeles (1999) og Renegades (2000), i tillegg til konsertplata Live At The Grand Olympic Auditorium (2003). I 1973 vart Matthew Wong fødd i Hilo på Hawaii. Bassisten Matt Wong var ein av grunnleggjarane av Reel Big Fish, men sa takk for seg i 2007. Hjå meg kan Wong sine musikalske bravadar høyrast på bandet si fjerde studioplate Cheer Up! frå 2002. I 1980 var det Labour Club i Hordon som fekk vitjing av gutane i Toy Dolls. I 1984 var Toy Dolls på plass i den californiske hovudstaden, Sacramento og spelte på Minimal. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Oden i Münster. I 1993 slepte Dennis Leary plata No Cure For Cancer. I 1999 bydde dagen på plateslepp frå The Black Crows og dagens gåve til folket hadde namnet By Your Side og var bandet si femte studioplate. I 2003 døyde Maurice Gibb.

11.01.2013

Ellevte januar

Ellevte januar 1934 kom Egil Johansen til verda i Oslo. Trommisten med tilnamnet Bop var ein prisløna percusjonist og kan hjå meg høyrast på The Brazz Brothers si fantastiske konsertplate AfroBrazz frå 1993. Johansen døyde i 1998. I 1958 vart Victoria Anna Theresa Peterson fødd i Los Angeles. Vicki Peterson er gitarist i jentebandet The Bangles og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits. I 1968 fekk verda No Doubt-gitarist Tom Dumont. Dumont spelar også keyboard i bandet når det røyner på. I 1971 kom Thomas Owen Mostyn Rowlands til verda i London. Tom Rowlands er den eine halvleiken av electronica-duoen The Chemical Broters og er i mi platesamling representert med den kritikarroste plata Drop The Bomb frå 2005. I Bronx vart Mary Jane Blige fødd. Rapartisten Mary J. Blige sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på eit spor på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998, og på plata Sacred Love, som Sting slepte i 2003. I 1975 vart Jason Diakité fødd i Malmö. Den svenske rap-artisten Timbuktu har gjeve ut fleire plater og mi platehylle byr på Oberoandeframkallande frå 2007. I 1981 var Toy Dolls å oppleve i levande live i West Cornfort i Durham. I 1985 var Iron Maiden på si fyrste vitjing til Sør-Amerika der dei spelte for nærare 200 000 på gigantiske Marracana stadion under Rock in Rio. Same kveld var det Korn i Hannover som fekk vitjing av Toy Dolls, dette var Pete Zulu sin fyrste konsert i den andre perioden han var med bandet. I 2010 døyde Mick Green.

Tiande januar

Tiande januar 1924 er dagen trommeslagaren Maxwell Lemuel Roach kom til verda. Max Roach sitt eminente trommespel kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957. Roach døyde i 2007. I 1945 kom Roderick David Stewart til verda i London. Mannen med anar frå The Lowlands var innom det skotske juniorlandslaget i fotball før han satsa hundre prosent på musikken. Nyare plater, som The Great American Song Book, er, etter ein uheldig operasjon på stemmebanda, med å gjeve den ein gong så glitrande artisten Rod Stewart eit dårleg rykte, men samleplata The Mercury Years er faktisk ei samling rhythm’n blues perler som trygt kan tilrådast for alle som elskar den musikken som gjorde fyrste halvleik av syttitalet verda å leve. Går ein enno lengre attende i tid ser ein at gamle Roderick var vokalist i den engelske supergruppa Faces og hjå meg han kan høyrast på plata Long Player frå 1971. I 1946 kom Aynsley Thomas Dunbar til verda i Liverpool. Trommeslagaren Aynsley Dunbar vert rekna som ein av tidenes beste rocketrommisar. Hjå meg kan Dunbar høyrast medan han held takten for Ian Hunter på plata All American Alien Boy frå 1976, og på Journey si samleplate Greatest Hits frå 1988. I 1948 vart Donald Jay Fagen fødd i Passiac i New Jersey. Donald Fagen er ein av grunnleggjarane av bandet Steely Dan og kan hjå meg høyrast i elegant samspel med kompisen Walter Brecker på ei samleplate kalla The Masters. I 1952 kom Scott Troy Thurston til verda i konservative Oregon. Multiinstrumentalisten Scott Thurston sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som tangentspel på Melissa Etheridge sine plater Melissa Etheridge (1988), Brave And Crazy (1989), Never Enough (1992) og Yes, I Am (1993). I 1956 var Elvis Presley i studio og spela inn det som er ein av hans signaturlåtar, Heartbreak Hotel. I 1955 vart den tyske gitaristen Michael Schenker fødd i Sarstedt. Schenker er kjend som ein av verdas mest humørsjuke gitaristar og elles for å ha spelt saman med band som Scorpions, Ratt, MSG og UFO. Det er nettopp sistnemnde som er grunnen til at Michael har fått plass i denne bloggen, bidraget heiter Obesssion og vart tilgjengeleg for platekjøparane i juni 1978. I 1964 kom Bradley Kenneth Roberts til verda i canadiske Winnipeg. Brad Roberts spelar til vanleg i Crash Test Dummies og kan hjå meg høyrast på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1977 gav Ramones ut plata Leave Home. I 2001 døyde Bryan Gregory.

09.01.2013

Niande januar

Niande januar 1914 kom trommeslagaren Kenneth Speareman Clarke til verda i Pittsburgh i Pennsylvania. Kenny Clarke, som har spela med store namn, som mellom anna Charlie Parker og Dizzie Gillespie, og kan hjå meg høyrast medan han trommar for trompetisten Miles Davis på plata Birth Of The Cool frå 1957. Clarke døyde i 1985. I 1931 vart Carson Raymond Smith fødd i San Francisco. Bassisten Carson Smith har spelt med artistar som Gerry Mulligan og Billie Holiday, men hjå meg er det på samleplata Best Of Chet Baker Plays, som Chet Baker slepte i 1992 at han kan høyrast. Carson Smith døyde i 1997. I 1941 kom Joan Chandos Baez til verda på Staten Island i New York. Songerinna Joan Baez har vore ein sentral del av den amerikanske folk-rock-rørsla sidan byrjinga og turnerar framleis. I tillegg til musikken har Baez vore sentral i kampen for menneskerettar og homofile sine rettar. Baez var ei tid gift med Bob Dylan. Mi platehylle byr på plata Diamonds And Rust frå 1975. I 1944 vart James Patrick Page fødd i Heston. Jimmy Page var allereie ein etablert studiomusikar då han erstatta Eric Clapton i Yardbirds i 1964. Nokre år seinare etablerte Page det fantastiske bandet Led Zeppelin og verda vart aldri den same. Hjå meg kan Page nytast på fleire av Led Zeppelin sine plater. I 1963 vart Eric Erlandson fødd i Los Angeles. Erlandson har tent til livets opphald som gitarist i bandet Hole og kan høyrast på plata Celebrity Skin frå 1998. I 1967 vart den amerikanske artisten og skodespelaren David John Matthews fødd i Johannesburg i Sør-Afrika. Dave Matthews er sjefen i Dave Matthews Band, han er aktiv engasjert i å samle inn pengar til miljøvern og etterlatne etter naturkatastrofar. Matthews har også spela konsertar og gjeve ut plater saman med gitaristen i Dave Matthews Band, Tim Reynolds. I mi platehylle står, i tillegg til Dave Matthews Band si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994, konsertopptaket Live At Luther College frå 1999, som er eit samarbeidsprosjekt med nettopp Tim Reynolds. I 1970 spelte Led Zeppelin i Royal Albert Hall i London. Eit opptak av I Can’t Quit You Baby frå lydprøva kan høyrast på samleplata Coda frå 1982. I 1971 kom Daniel Dumile til verda i London. Hip Hop-artisten MF Doom sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Gorillaz si plate Demon Days frå 2005.

08.01.2013

Åttande januar

Åttande januar 1906 kom trompetisten Wendell Phillips Culley til verda i Worchester i Massachusetts. Wendell Culley spelte med Count Basie på femtitalet og kan høyrast på samleplata Atomic Swing. Wendell Culley døyde i 1983. I 1929 vart gitaristen Luther Perkins fødd. Luther Perkins var storebror til meir kjende Carl (han med dei blå semskaskoa) og er best kjend for samarbeidet med Johnny Cash, der han trakterte ein Fender Esquire i backingbandet The Tennessee Three. Det er diverre ikkje plass til å liste opp alle platene Perkins sitt gitarspel kan høyrast på. Perkins døyde altfor ung i 1968. I 1935 kom rockelegenda Elvis Aron Presley til verda i den fattigslege småbyen Tupelo i den amerikanske delstaten Mississippi. Den godaste Elvis Presley fekk tusenvis av jenter til å dåne berre ved å vrikke varsamt på hoftene på femti- og sekstitalet. Han spelte inn ei rekkje storseljande plater og eit utal av elendige, men populære filmar gjennom ei hektisk karriere. Presley døyde i 1977 og har selt langt fleire plater etter at han gjekk bort enn han gjorde medan han var i livet. I 1947 kom David Robert Jones til verda i metropolen London. Rockekameleonen David Bowie treng, etter å ha prega populærmusikken i fleire tiår, ikkje nærare presentasjon. I mi platehylle finn ein, enn så lenge, plata Space Oddity frå 1969. Bowie er også kreditert for å spele saksofon og synge hjelpevokal på tittelsporet på Mott The Hoople si plate All The Young Dudes frå 1972, ein song han også har komponert, og for bakgrunnsvokal på Iggy Pop si plate Soldier frå 1980. I 1954 vart Jerry Vivino fødd i Paterson i New Jersey. Vivino sitt saksofonspel kan i mi platesamling nytast på Bon Jovi si plate These Days frå 1995. I 1958 vart gitaristen Mark Moreland fødd i California. Moreland er best kjend for arbeidet han gjorde med bandert Wall Of Voodoo, og hjå meg kan han høyrast på plata Happy Planet frå 1987. Moreland døyde av leversvikt etter massivt alkoholforbruk i 2002. Same dag kom Stephen Garvey til verda i Manchester. Bassisten Steve Garvey er kjend for å ha spela med Buzzcocks i to periodar og kan hjå meg høyrast på samleplata Singles Going Steady frå 1979. I 1959 vart Paul Newell Hester fødd i den tidlegare olympiabyen Melbourne. Trommeslagaren Paul Hester er best kjend for arbeidet han gjorde med Crowded House og hjå meg kan du høyre arbeidet hans på plata Together Alone frå 1993. Hester tok sitt eige liv i 2005. I 2001 gav dei trønderske gamalpønkarane i DumDumBoys ut samleplata Schlägers.

07.01.2013

Sjuande januar

Sjuande januar 1953 vart Earl Lindo fødd i Kingston på reggeaøya Jamaica. Tangentmannen Lindo slo seg saman med Bob Marley & The Wailers i 1972 og hjå meg kan han høyrast på den storsellgjande plata Legend, som kom på marknaden i 1984, i tillegg til eit par samleplater av varierande kvalitet. I 1958 fekk ein for fyrste gong høyre Elvis Presley seie Don’t og amerikanarane kjøpte bodskapen nok til at det vart fem veker på fyrsteplass på listene. Reserverte engelskmenn meinte at ein tredjeplass fekk halde. I 1984 var dette datoen då Toy Dolls spelte den fyrste utanlandskonserten sin, det hendte på Lingerie Club i blaserte Hollywood, California. I 1987 avslutta Iron Maiden juleferien og innleia Nord-amerikadelen av Somewhere On Tour. Syttitre konsertar over det nordamerikanske kontinentet venta dei hardtarbeidande britane og det er all grunn til å tru at publikum var fornøgde.

06.01.2013

Sjette januar

Sjette januar 1924 vart Earl Eugene Scruggs fødd i Flint Hill i North Carolina. Banjogeniet Earl Scruggs har ei fortid i Bill Monroe’s Blue Grass Boys og vert rekna som opphavsmannen for banjoteknikken som vert kalla 3-finger-style. Scruggs har si eiga stjerne på Hollywood Walk Of Fame og kan skilte med fleire Grammyprisar på hylla, han fekk mellom anna Life Time Acivement Award i 2008. Earl Scruggs er far til musikaren Randy Scruggs. Hjå meg kan Scruggs si klimpring høyrast på Johnny Cash si plate Ragged Old Flag frå 1974. Scruggs døyde i 2012. I 1937 kom Dorris Elaine Higginsen til verda i The Bronx i New York City. Songerinna Dorris Troy vert av fansen gjerne referert til som Mama Soul, hjå meg kan Troy høyrast Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973, og på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. Troy døyde i 2004. I 1951 kom Kim Wilson til verda i Detroit i Michigan. Bluesartisten Wilson flytta frå Detroit, via California, til Austin i 1974, og der slo han seg saman med supergitaristen Jimmy Vaughan. Saman starta dei to det fantastiske bluesbandet The Fabulous Thunderbirds, som har vore nominert til Grammyprisen fleire gonger. Hjå meg kan du høyre Wilson si røyst på studioplata Hot Number frå 1987. I 1959 kom Kathy Sledge til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Saman med systrene Kim, Debbie og Joni, starta Sledge jentekvartetten Sister Sledge i 1971. Hjå meg finn du Sledge sitt arbeid på ei uautorisert plate med same tittel som bandet. I 1963 vart Tina Landon fødd i Los Angeles i California. Koreografen Landon er kreditert for å syngje på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997. I 2007 døyde Sneaky Pete Kleinow.

05.01.2013

Femte januar

Femte januar 1930 kom Lionel Augustus Martin til verda i Croft’s Hill på reggeaøya Jamaica. Saksofonisten Saxa sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Fine Young Cannibals si sjølvtittelerte debutplate frå 1985. I 1934 vart felespelaren og gitaristen Rufus Thibodeaux fødd i Ridge i Louisiana. I mi platesamling spelar den allsidige Rufus fele på platene Comes A Time (1978) og Hawks & Doves (1980) med Neil Young. Thibodeaux døyde i 2005. I 1946 fekk verda visesongaren Halvdan Sivertsen. Eg har ein sambuar som har plassert plata Kjærlighetslandet frå 1994 i platehylla mi, og det vert nok det einaste bidraget frå denne artisten. I 1950 kom Christopher Stein til verda i Brooklyn i New York City. Chris Stein er gitarist og låtskrivar i den amerikanske gruppa Blondie og kjem du innom kan du få høyre gitarspelet hans på platene Parallel Lines frå 1978, og No Exit, som eit attforeina band slepte i 1999. Stein spelar også gitar på kona Debbie Harry si soloplate Rockbird frå 1986. I 1963 vart Grant Young fødd i Iowa City i Iowa. Trommisen Young var andremann ut på trommekrakken i Soul Asylum og kan i mi platehylle høyrast på dei to studioplatene While You Were Out (1986) og Grave Dancers Union (1992). I 1969 kom Brian Hugh Warner til verda i Canton i Ohio. Marilyn Manson freista å ta skrekkrocken til nye høgder, om han lukkast er det delte meiningar om, men det er ikkje tvil om at det er god driv i musikken hans. Mi platehylle byr på platene Mechanical Animals (1998) og konsertplata The Last Tour On Earth frå 1999. I 1970 vart Darrel Higham fødd i engelske Bedford. Gitaristen Higham spelar til dagleg for Imelda May, ein artist han også er gift med, og hjå meg kan han høyrast på platene Love Tattoo (2008) og Mayhem (2010). I Los Angeles kom Troy Dean Van Leeuwen til verda. Multiinstrumentalisten Troy Van Leeuwen sine bidrag til mi platehylle kan høyrast på studioplta Lullabies To Paralyze, som Queens Of The Stone Age slepte i 2005. I 1980 nytta Toy Dolls denne dagen til å spele for dei innsette i fengselet Aklington, men det er uvisst om det gjorde tilværet betre eller verre for dei innelåste. I 1982 nytta Madness denne januardagen til å smyga seg inn på fjerdeplass på listene med singelen It Must Be Love. Denne datoen i 1991 fekk verda høve til å handle Motörhead-singelen The One To Sing The Blues/Dead Mans Hand. I 2004 døyde John Guerin.

04.01.2013

Fjerde januar

Fjerde januar 1922 kom Frank Wess til verda i Kansas City i Missouri. Saksofonisten Frank Wess kan i mi platehylle høyrast som ein del av Count Basie sitt band på samleplata Atomic Swing. I 1942 vart John McLaughlin fødd i Doncaster i Nord England. McLaughlin er av gitarkollega Jeff Beck utropt til å vere verdas beste gitarist, noko mange er sams med han i. Hjå meg kan McLaughlin høyrast medan han spelar på ei av Miles Davis sine legendariske fusionjazzplater, In A Silent Way frå 1969. I 1947 kom John James King til verda i Kingsport i Tennessee. Trommeslagaren John King spelte for både Elton John og The Beach Boys, men gjorde det viktigaste arbeidet sitt for Steve Miller Band. Hjå meg kan King høyrast på plata The Joker frå 1973. King døyde i 2010. I 1954 kom Michael Thompson til verda. Thompson trakterar til dagleg Fransk Horn og hjå meg høyrere du han på Paul McCartney si plate Flaming Pie frå 1997. I 1955 kom Brian Thomas Ray til verda i California. Gitaristen og bassisten Brian Ray sitt arbeid er hjå meg å høyra på plata Backstreets Of Desire, som Willy DeVille slepte i 1992. I 1956 kom Bernard Edward Sumner til verda i engelske Manchester. Gitaristen Bernard Sumner var ein av grunnleggjarane av dei engelske banda Joy Division og New Order, og kan hjå meg høyrast på dei to ulike samleplatene Substance frå 1987 og 1988, den fyrste med New Order og den siste med Joy Division. Sumner er i tillegg kreditert som gjest på Primal Scream si plate XTRMNTR frå 2000, og for bakgrunnsvokal på Gwen Stefani si plate Love. Angel. Music Baby. frå 2004. I 1957 vart Patricia Lee Ramey fødd i Pikeville i Kentucky. Countrysongerinna Patty Loveless sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på George Jones si plate Walls Can Fall frå 1992. I engelske Cuckfield kom Jay Stapley til verda. Gitaristen Stapley er i mi platehylle kreditert for å spele på Suede si plate Dog Man Star frå 1994. Dette var også dagen ikonet Elvis Presley lanserte singelen Too Much, og det kan sjå ut som at dei amerikanske platekjøparane hadde pengar til overs etter denne jula, for songen vart løna med fyrsteplass på platelistene dei neste tre vekene. På dei engelske listene vart ein litt meir moderat sjetteplassen høgaste plassering. I 1960 vart John Michael Stipe fødd i Decatur i Georgia. Songaren i R.E.M, Michael Stipe, treng eigentleg ikkje vidare presentasjon, merittane talar for seg sjølv og mi platehylle har etter kvart fått ni ulike titlar signert Stipe og Co, studioplatene Fables Of Reconstruction (1985), Document (1987), Green (1988), Out Of Time (1991), Monster (1994), New Adventures In Hi-Fi (1996), Up (1998) og Reveal (2001), i tillegg til samleplata The Best Of R.E.M (1991). Eg var også så heldig at eg fekk sjå Stipe og resten av R.E.M. på Koengen i Bergen i 2009, absolutt eit høgdepunkt som var verdt å ta med seg sjølv om både ljoden og publikum kunne vore betre. Stipe er hjå meg også kredittert for vokalbidrag på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, og med hjelpevokal på Patti Smith si plate Peace & Noice (1997), i tillegg til same jobben på eit spor på Grant Lee Buffalo si plate Jubilee frå 1998. I 1963 kom Till Lindemann til verda i Leipzig i det tidlegare Aust-Tyskland. Den tidlegare juniorsvømmaren av høgt kaliber er i dag frontmann for det tyske industimetallbandet Rammstein, som eg var så heldig å få oppleve på Koengen i Bergen i 2010. I 1965 vart Caitlín O’Riordan fødd i oljelandet Nigeria. Cait O’Riordan kom seinare, i perioden 1983-1986, til å spele bass i det engelskirske folkpunkbandet The Pogues. Ho deltok på dei to fyrste platene bandet gav ut, Red Roses For Me (1984) og Rum, Sodomy & The Lash frå 1985. O’Riordan har også hatt gleda av å vere gift med ein Elvis. For dei som undrar kan det opplysast at han heiter Costello til etternamn og har, i tillegg til å ha ei eiga karriere som musikar, produsert den siste The Pogues-plata O’Riordan spelte med på. Same dag fekk folk i Exeter endeleg noko å juble for (fotballaget er heilt ræva), då Beth Gibbons vart fødd. Gibbons er vokalist i Portishead og kan hjå meg høyrast på platene Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. I 1967 kom Benjamin Darvill til verda i den canadiske byen Winnipeg. Mannen som i dag opptrer under artistnamnet Son Of Dave har ei fortid i Crash Test Dummies og hjå meg finn du mandolinspelet hans på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1968 var The Who under leiing av produsent Kit Lambert å finne i CBS Studios i London, på programmet denne dagen stod innspelinga av Fait In Something Bigger. Songen fekk ikkje plass på noko plate på det tidspunktet, men enda opp på samleplata Odd & Sods frå 1974. I 1969 døyde Paul Chambers. I 1977 kom Timmothy James Arthur Wheeler til verda i Downpatrick i Nord-Irland. Tim Wheeler er gitarist og ein av grunnleggjarane av bandet Ash. I 1986 døyde Thin Lizzy-legenda Phil Lynnot. I 2011 døyde Gerry Rafferty.

03.01.2013

Tredje januar

Tredje januar 1943 kom Van Dyke Parks til verda i Hatiesburg i Mississippi. Parks er best kjend for arbeidet han gjorde med den legendariske Beach Boys si legendariske plat Smile, men hjå meg er det på The Byrds si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966, og på Ry Cooder si tjølvtittelerte debutplate frå 1970 tangentlyden hans kan høyrast. I 1945 vart Stephen Arthur Stills fødd i Dallas i kvegstaten Texas. Stephen Stills, som av mange vert rekna som ein av verdas beste gitaristar, var ein essensiell del av banda Buffalo Springfield og Crosby, Stills, Nash & Young. Hjå meg kan Stills høyrast på Buffalo Springfield si plate Buffalo Springfield Again frå 1967, i tillegg til songane Helpless og Ohio, som begge er kreditert Crosby, Stills, Nash & Young, men har fått plass på Neil Young si Greatest Hits-plate, og på songen Through My Sails frå Neil Young si plate Zuma, som kom på marknaden i 1975. I 1946 kom John Baldwin til verda i Kent. John Paul Jones er best kjend for å ha traktert bass og ei rekkje andre instrument for rockedinosaurane Led Zeppelin, som også er bidraget hans til mi platehylle. Jones har i tillegg livnært seg som komponist og arrangør og er sist sett som medlem av supergruppa Them Crocked Vultures saman med Josh Homme frå Queens Of The Stone Age og sjefen i Foo Figthers Dave Grohl. I 1954 vart Ross Friedman fødd i The Bronx i New York City. Ross “The Boss” Funicello var ein av grunnleggjarane av bandet The Dictators og kan høyrast på bandet si debutplate Go Girl Crazy frå 1975. Funicello har seinare livnært seg i bandet Manowar, som enn så lenge er funnen for lett for mi platehylle. I 1962 kom Guy Pratt til verda i London. Bassisten Pratt si liste over bidrag til mi platehylle startear med Madonna si plate I’m Breathless frå 1990, han var også ein viktig del av rytmeseksjonen på den tidlegare The Band-leiaren Robbie Robertson si soloplate Storywille frå 1991, han gav sitt bidrag til Tears For Fears på plata Elemental frå 1993, og på Tom Jones-plata Reload frå 1999. Og som om det ikkje var nok, kan Pratt sitt basspel også høyrast på Sophie Ellis-Bextor si debutplate Read My Lips frå 2001. I 1970 vart verda velsigna med pønkgitaristen og nettverksbyggjaren Kjell Engevik Moberg. Moberg frå Os, ein kort, men akk så svingete køyretur sør for den vakre vestlandshovudstaden Bergen, har gjort seg merkt over store delar av verda, og i det siste særleg i Kina, med undergrunnsband som Punishment Park og K-Jell, som begge sjølvsagt er sterkt representert i mi platehylle. I 1975 kom Thomas Bangalter til verda i Paris. Bangalter er den eine halvleiken av den franske elektronikaduoen Daft Punk, og hjå meg høyrer du han på plata Human After All frå 2005. I 1979 kom songar og frontfigur i Surferosa, Mariann Thomassen til verda i sunmørshovudstaden Ålesund. Hjå meg kan Thomassen sitt arbeid nytast på platene Shanghai My Heart (2003) og The Beat On The Street (2008).

02.01.2013

Andre januar

Andre januar 1946 vart Michael George Churchill fødd i engelske Ilkeston. Tangentmannen Chick Churchill er best kjend for å spele i Woodstock-legendene Ten Years After og kan i mi platehylle høyrast på legendene si sjette studioplate, Watt, frå 1970.

01.01.2013

Fyrste januar

Det er klart for enno eit nytt år, me stormar etter kvart inn i 2013, vonleg med mange finurlege overraskingar i vente for alle oss som er meir enn gjennomsnittleg glad i god musikk. Fyrste januar er for mange musikkelskarar fyrst og fremst vigd til den tradisjonelle nyttårskonserten der eit drivande godt filharmonisk orkester frå Wien, leia av ein kjendisdirigent, underheld celebre tilskodarar og millionar av fjernsynstilskodarar, med diverse svisker frå familien Strauss sitt omfattande valsearkiv, men heldigvis byr denne dagen på andre hendingar frå musikken si verd også. I etterkrigsåret 1919 vart musikkåret innleia med at Alfred McKibbon kom til verda i Chicago i Illinois. Jazzmusikaren Al McKibbon kom frå ein musikals familie og heldt seg i levet som bassist. Hjå meg kan McKibbonn høyrast medan han leikar med dei tjukke strengane på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957. McKibbon døyde i 2005. I 1950 kom Paul Steven Ripley til verda i Boise i forblåste Idaho. Steve Ripley er i dag sjefen i bandet The Tractors, men hjå meg er det som gitarist for Bob Dylan på plata Shot Of Love frå 1981 gitarspelet hans kan nytast. I London vart Stephen Morgan Fisher fødd. Tangentmanen Morgan Fisher kan i mi platesamling høyrast på Mott The Hoople si plate The Hoople frå 1974. I 1963 vart Bernhard Wright fødd i bydelen Queens i New York City. Tangentmannen Wright kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Tutu frå 1986. I 1979 kom Bree Johanna Alice Robinson til verda i australske Melbourne. Punkartisten Brody Dalle kan i mi platehylle høyrast med hjelpevokal på Queens Of The Stone Age si plate Lullabies To Paralyze frå 2005. I 2009 slepte Walkenhorst & Porter plata No Abandon.