31.01.2012

Trettifyrste januar

Trettifyrste januar 1944 kom bluesartisten Charlie Musselwhite til verda i Kosciusko i elvestaten Mississippi. Musselwhite skal vist nok ha vore inspirasjonen til Dan Akroyd sin film Blues Brothers, sjølv om dette ikkje er stadfesta frå noko hald. I mi platesamling kan Musselwhite høyrast medan han spelar Blues Harp på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1949 kom Frank Ricotti til verda i London. Ricotti kan hjå meg høyrast medan han spelar perkusjon for Amy Winehouse på plata Back To Back frå 2006. I 1967 var Janis Joplin og spelte på The Matrix i San Francisco. Ein medley av Amazing Grace og Hi Heel Sneekers, som skal stamma frå denne seansen, kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. Musikken var ved Big Brother And The Holding Company. I 1979 var Johnny Cash i studio og spela inn The Greatest Cowboy Of Them All som kom ut på plata A Believer Sings The Truth. Songen kan i mi platesamling høyrast på samleplata God frå 2000. I 1981 vart Justin Randal Timberlake fødd i Memphiss i Tennessee. Fødestaden reflekterar ikkje unge Timberlake sin musikkstil, han har ei fortid i boybandet N’Sync. I dag pleiar han si eiga syngje og danse karriere. Same kveld var dei svenske pønkarane Ebba Grön, med Joachim Tåström i spissen på Ultrahuset i Handen. Låtane Ung & Kåt og Staten & Kapitalet kan høyrast på plata Ebba Grön Live. I 1994 gav Tori Amos ut den vakre og lågmælte plata Under The Pink. I 2000 kom Primal Scream med plata XTRMNTR. NME rangerte plata som den nest beste plata som kom på marknaden det året og konkurrenten Q-Magazine fann året etter plass til albumet på deira liste over 50 Heaviest Albums Of All Time. I 2009 døyde Dewey Martin. I 2010 fekk den kanadiske superstjerna Neil Young sin aller fyrste Grammy-statuett. Eg trur eg har mange med meg når eg hevdar ei slik utmerking kom minst førti år for seint. I 2011 gav Kaizers Orchestra ut plata Violetta Violetta.

30.01.2012

Trettiande januar

Trettiande januar 1951 kom Philip David Charles Collins til verda i London. Phil Collins si karriere heng for det meste saman med det han har gjor som trommeslagar og vokalist for det britiske progrockbandet Genesis. I mi platehylle står plata We Can’t Dance frå 1991. I 1971 spela Neil Young inn The Needle And The Damage Done i Royce Hall ved UCLA. Har du, som meg, platene Harvest eller Greatest Hits har du høve til å høyre denne songen kvar einaste dag. I 1984 døyde Luke Kelly. I 1989 gav Jerry Garcia og dei andre hippieveteranane i Grateful Dead ut liveplata Dylan & The Dead saman med kompisen Bob Dylan. Innspelinga var gjort under ein felles turné sumaren 1987. I 2002 stod Brian Wilson på scenen i Royal Festival Hall.

29.01.2012

Tjueniande januar

Tjueniande januar 1947 kom David Byron til verda i Epping i Essex, han nytta då etternamnet Garrick. Byron hadde ei fortid som songar i gruppa Spice før han slo seg saman med resten av den langhåra gjengen i Uriah Heep i 1969. David Byron rakk å gje ut ti plater med dette bandet før han fekk sparken i 1976. Byron levde rockemyte til det fulle og døyde ein lite ærefull død av skrumplever i 1985. I 1949 vart Tommy Ramone fødd som Thomas Erderlyi ved Donau sine bredder i den ungarske hovudstaden Budapest. Tommy Ramone er kjent som den originale trommeslagaren i Ramones og er i skrivande stund den einaste gjenlevande originalmedlemmen av dei skinnkledde. I 1954 kom Richard Blum til verda i Bronx i New York City. Handsome Dick Manitoba er The Dictators sitt hemmelege våpen og kan høyrast på plata Go Girl Crazy frå 1975. I 1966 spela Johnny Cash inn songen Joe Bean, som fekk plass på plata Everybody Loves A Nut og i tillegg kan høyrast på plata Murder frå 2000. Han spela også inn The Sound Of Laughter som ikkje vart ikkje offisielt utgjeven den gongen, men også den kan i dag høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1985 gav Yello ut si fjerde studioplate, Stella, som inneheld singelen Oh, Yeah, kjend frå den amerikanske filmen som fekk norsk tittel Skulk Med Stil og kom på kino i 1986. I 1991 slepte Jesus Jones si andre studioplate, Doubt. I 2002 spelte Beach Boys-grunnleggjaren Brian Wilson i Royal Festival Hall i London på denne datoen. I 2008 gav supergruppa The Mars Volta ut plata The Bedlam In Goliath, som var bandet si fjerde studioplate.

28.01.2012

Tjueåttande januar

Tjueåttande januar 1945 kom Soft Machine-legenda Robert Wyatt-Ellidge til verda i universitetsbyen Bristol. Robert Wyatt vert rekna som ein av sin generasjon sin mest innflytelsesrike musikarar og har gjeve ut ei rekkje plater. Mi platehylle byr på plata Comicopera, som inneheld ein versjon av Anja Garbarek-songen Stay Tuned og kom på marknaden i 2007. I 1963 vart gitaristen Dan Spitz fødd. Spitz trakterte gitaren i Anthrax i to periodar, frå 1983 til 1995 og frå 2005 til 2007. I mi platehylle kan Spitz sitt gitarspel høyrast på Anthrax-platene State Of Euphoria (1988) og Persistence Of Time frå 1990. I 1974 var Johnny Cash i studio i Hendersonville og spela inn Ragged Old Flag til bruk på plata med same namn. I 1977 viste den tyske fjernsynskanalen ARD eit opptak av AC/DC gjort i Circus Krone i München september året før. DVD-en Plug Me In byr på eit opptak frå denne kvelden. I 1982 kom Toy Dolls til Smuglers Arm i Stanley. I 2002 spelte Brian Wilson i Royal Festival Hall i London. I 2003 oppsummerte Faith No More karrieren sin med samleplata This Is It: The Best Of Faith No More. I 2004 døyde Mel Pritchard.

27.01.2012

Tjuesjuande januar

Tjuesjuande januar 1957 vart Elvis Presley sin fyrste RCA-singel utgjeven. Heartbreak Hotel nådde fyrsteplass på dei amerikanske listene, men nådde aldri høgare enn #2 i England. På denne dagen vart også gitaristen Janick Robert Gers fødd. Janick Gers har spela i fleire band gjennom karrieren sin, men det er nok flest som har høyrd han som gitarist i Iron Maiden, eit band han slo seg saman med i 1990. I 1961 vart Margo Timmins fødd i Montreal. Saman med brørne Michael og Peter starta Margo bandet Cowboy Junkies i 1985. I 1968 kom Michael Allen Patton til verda i den jordskjelvutsette byen Eureka i California. Allsidige Mike Patton var vokalist i Faith No More, som er representert med tre titlar hjå meg. I 1983 stod Toy Dolls på scenen på Le Metro i Sunderland. I 1985 var Toy Dolls i Den Haag og spela på Paarduntrouse. I 1997 slepte Reef plata Glow. I 2002 spelte den myteomspunne ”strandguten” Brian Wilson den fyrste av fire konsertar i Royal Festival Hall i London der heile Beach Boys si mykje omtala Pet Sounds plate frå 1966 vert framførd. Konsertane vart foreviga på band og resultatet kan høyrast på plata Pet Sounds Live. I 2004 døyde Mel Pritchard, same dag som elecktronicabandet Air slepte si fjerde studioplate, Talkie Walkie.

26.01.2012

Tjuesjette januar

Tjuesjette januar 1953 kom Lucinda Williams til verda i Lake Charles i Louisianna. Williams platedebuterte i 1978, utan at det vart mykje mediemerksemd av det. Media si interesse vart derimot vekt etter at Williams vart tildelt Grammy i 1994, og då plata Car Wheels On A Gravel Road kom i 1998 våkna platekjøparane også. I 1966 var Johnny Cash i studio og foreviga Austin Prison som enda opp på plata Everybody Loves A Nut. Songen kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1979 spela Johnny Cash inn When He Comes som vart gjeven ut på plata A Believer Sings The Truth. Songen kan i mi platesamling høyrast på samleplata God frå 2000. I 1983 held Toy Dolls konsert på Fandangos i Hexham. I 1985 var det Simplon i Groningen som kunne skryte av at dei arrangerte konsert med Toy Dolls. Same dag døyde Kenny Clarke. I 1986 hadde The Ritz i New York vitjing av Toy Dolls. I 2009 gav dei skotske indierockarane i Franz Ferdinand ut den tredje studioplata si, ho heit Tonight: Franz Ferdinand.

Tjuefemte januar

Tjuefemte januar 1955 var dagen Terry Chimes kom til verda i London. Chimes er mest kjent for jobben han gjorde med å halde styr trommer og takt i den engelske punkgruppa The Clash. I 1956 vart Andrew Cox fødd i Birmingham. Gitaristen Andy Cox er ein av grunnleggjarane av kultbandet Fine Young Cannibals. I 1966 var The Byrds i studio for å spela inn hippiesongen framføre nokon annan, Eight Miles High, ein song som kan nytast på plata Fifth Dimension. I 1979 var det Oh Come, Angel Band som fekk evig liv i Johnny Cash sin versjon. Songen kan høyrast på både A Believer Sings The Truth og samleplata God frå 2000. I 1981 var Ebba Grön på EFMD i Västa Haninge. Låtane Alla Visa Män, Hat & Blod og Slicka Uppåt, Sparka Heråt kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Totenhosen i Saarbrücken. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til California, nærare bestemt Los Angeles, for å spele på Fenders. I 2011 gav Motörhead ut plata The Wörld Is Yours. Her kan det vere greitt å merkje seg at sjølv om dette er informasjon som er henta frå bandet si eiga nettside, så har det seg slik at plata fekk plass i mi platehylle ein månad tidlegare, noko som visar at det som burde vere truverdig informasjon frå dei ulike banda sine offisielle nettstader ikkje alltid er heilt til å stole på.

Tjuefjerde januar

Tjuefjerde januar 1947 kom Warren William Zevon til verda i Chicago. Warren Zevon flytta til California som trettenåring, men etter foreldra si skilsmisse flytta han til New York for å verte visesongar. Frå 1965 leverte han ei rekkje kritikarroste plater og deltok på ei rekkje andre artistar sine produksjonar. Zevon vert rekna som ein musikarfavoritt og var høgt respektert i det amerikanske musikkmiljøet. Zevon døyde av lungekreft i 2003. I 1948 vart den engelske skodespelaren og musikaren Michael Phillip Des Barres fødd. Des Barres har gjort seg best kjend gjennom arbeidet sitt som skodespelar, med mellom anna ei rolle i den amerikanske serien McGyver, men hjå meg er det som musikar han utmerkar seg. Des Barres har ei fortid som vokalist i det engelske glamrockebandet Silverhead og kan høyrast på platene Silverhead’s First (1972) og 16 And Savaged (1973). I 1949 kom John Adam Belushi til verda i Wheaton i Illinois. John Belushi herja med ei rekkje hysteriske sketsjar på den amerikanske komedieinstitusjonen Saturday Night Live på syttitalet, men har fått plass i denne bloggen på grunn av arbeidet han gjordet med kultbandet The Blues Brothers. Hjå meg kan “Joliet” Jake Blues høyrast på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978. Belushi døyde i 1982. I 1953 kom bassisten James Hutchinson til verda i Cambridge Massachusetts. Hutch Hutchinson sitt bidrag til mi platehylle finn du på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1965 spela The Byrds inn Why (Single Version), som er eit av seks bonusspor som har fått plass på Cd-versjonen av plata. I 1976 var Gasolin i aksjon i Holstebro. Nanna, med supergitaristen Franz Beckerlee på mundharpe, Smukke Linda, 1975 og På Banen (Derudaf) kan høyrast på samleplata Derudaf -Forever. I 1985 var Toy Dolls å finne i Kempton Youth Club. I 1989 gjekk Melissa Etheridge i studio for å starte innspelinga av den vanskelege andreplata, som i hennar tilfelle fekk tittelen Brave And Crazy. I 2005 gav The Chemical Brothers ut si femte studioplate, Push The Button, som selde til gull og vart nominert til Grammy. I 2006 slepte P.O.D. si sjette studioplate, Testify. I 2009 døyde Leonard Gaskin.

Tjuetredje januar

Tjuetredje januar 1926 vart bassisten Curtis Counce fødd i Los Angeles. Counce sitt kjenslege basspel kan hjå meg høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. Counce døyde i 1963. I 1953 var dette dagen Cheap Trick-vokalisten Robin Zander kom til verda i Beloit. Zander si gjennomtrengande røyst har hypnotisert jenter i alle aldrar sidan bandet starta og er perfekt til å framføre gitarist Rick Nielsen sine surrealistiske songar. I 1956 vart Ralph Carney fødd i Akron i Ohio. Carney lev av å traktere ei rekkje blåseinstrument og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar både trompet og saksofon på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1959 fekk Johnny Cash hjelp av produsent Don Law til å spele inn ti songar i Nashville, alle kan høyrast på plata Hymns og vert her ramsa opp i tilfeldig rekkefølgje: I Saw A Man; Are All The Children In; Lead Me Gently Home; Snow In His Hair; I Call Him; These Things Shall Pass; He’ll Be A Friend; God Will; The Old Account; Swing Low, Sweet Chariot. Dei to siste kan også høyrast på samleplata God frå 2000. I 1985 er Toy Dolls igjen over grensa til Sveits for å spele på Rote Fabrik i bankbyen Zürich. I 1986 spelte Toy Dolls på gata i Sacramento.

Tjueandre januar

Tjueandre januar 1924 vart jazzmusikaren James Louis Johnson fødd i Indianapolis. Johnson sin CV inneheld spel med orkestarleiarar som Count Bassie og Charlie Parker. I mi platesamling kan J.J. Johnson høyrast medan han spelar trombone for Miles Davis på plata Birth Of The Cool som kom på marknaden i 1957. Johnson døyde i 2001. I 1960 kom Lars Fredrik Beckstrøm til verda. Beckstrøm er best kjend for å spele bass i de Lillos, men har også ei eiga karriere under eige namn og i Lars Beckstrøm Kvartett. I mi platehylle finn du, i tillegg til dei obligatoriske de Lillos-platene, Lykkens Kalosjer, eit soloprosjekt som Beckstrøm gav ut under eige namn i 1997. Michael Kelland John Hutchence deler fødselsdag med Beckstrøm. Michael Hutchence var vokalist i det australske bandet INXS i ein tjueårsperiode fram til han døyde i 1997. I 1968 kom Aretha Franklin si plate Aretha: Lady Soul. I 1969 vart Elvis Presley sin versjon av Suspicious Minds spela inn. I 1980 la Madness seg fint til å tredjeplass på singellista med My Girl, medan i 1985 var turen endeleg komen for München å oppleve Toy Dolls, det hendte på Alabamahalle. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Wilson Theatre i rosinbyen Fresno. I 1993 døyde Helno Rota. I 1997 kom singelen When You’re Gone frå The Cranberries.

Tjuefyrste januar

Tjuefyrste januar 1949 var trompetlegenda Miles Davis i New York og spelte inn songane Move, Jeru, Budo og Godchild. Med seg på denne legendariske sesjonen hadde Davis eit stjernelag beståande av Kai Winding på trombone, Junior Collins på fransk horn, John Barber, som spelte tuba, Lee Konitz brilleerte på altsaksofon, Gerry Mulligan var mannen på barytonsaksofon, Al Haig trakterte tangentane, Joe Shulman spelte bass og Max Roach heldt takten. Desse innspelingane kan nytast på plata Birth Of The Cool. I 1951 vart muskaren Ben Mink fødd i Toronto. Mink kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar for k.d. Lang på plata Watershed frå 2008. I 1956 kom tidlegare W.A.S.P.-trommeslagar Steve Riley til verda. Han spelte i bandet frå 1984 til 1987 og hjå meg kan han høyrast på samleplata First Blod. Last Cuts. I 1970 slepte Aretha Franklin singelen Call Me, komponist og tekstforfattar var souldronninga i eigen person. I 1975 var dette fyrste dag i studio for Joan Baez med band. Resultatet enda opp som plata Diamonds And Rust, som kom seinare same år og vert rekna som ei av Baez sine betre plater. I 1983 var Legions Club i Amble vertskap for Toy Dolls. I 1984 var Toy Dolls attende i heimlandet etter eit utanlandsopphald og spelte på Carlisle City Hall.

Tjuande januar

Tjuande januar 1929 kom trommeslagaren Jimmy Wilbur Cobb til verda i Washington D.C. Cobb kan hjå meg høyrast medan han held takten for Miles Davis på platen Kind Of Blue frå 1959 og Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1945 fekk verda musikaren Eric Michael Stewart. Eric Stewart tenestegjorde i 10cc frå 1972 til 1995. I 1948 vart trommeslagaren Melvyn Paul Pritchard fødd i Oldham. Mel Pritchard heldt, fram til han døyde av eit hjarteinfarkt i 2004, takten for Barclay James Harvest. I 1951 kom bassisten Ian Frank Hill til verda i West Bromwich. Hill har tent sitt daglege brød som ein del av rytmeseksjonen i Judas Priest. I 1952 kom Kiss-gitarist og vokalist og posørrockar nummer ein Paul Stanley til verda i New York med det karismatiske namnet Stanley Harvey Eisen. Unge Stanley sitt bidrag til rocken har kan hende ikkje alltid hausta like stor åtgaum, men han er, om ein skal tru pressa, musikalsk ansvarlig i Kiss og det seier sitt. I 1961 var Elvis Presley i studio og spela inn In The Ghetto. I 1968 fekk Dylan-låten All Along The Watchtower evig liv i Jimi Hendrix Experience sin versjon. Singelen nådde sjetteplass i England, medan USA løna prestasjonen med ein tjuandeplass. I 1969 kom Nicholas Allen Jones til verda i walisiske Blackwood. Under artistnamnet Nicky Wire har Jones gjort suksess som bassist i det walisiske rockebandet Manic Street Preachers. Fredag tjuande januar 1985 var Brøndby-hallen i København åstad for ein konsert med metallikona i Judas Priest. Dei som ikkje nådde fram til kongens by, men som tilfeldigvis oppheldt seg i Stuttgart kunne i staden oppleve Toy Dolls på Krockodil. I 1986 fekk Palo Alto vitjing av Toy Dolls, dei kunne høyrast på The Stone. I 1996 døyde jazzmusikaren Gerry Mulligan.

Nittande januar

Nittande januar 1936 kom Willie Smith til verda i Helena i Arkansas. Big Eyes tromma med mange av dei største bluesartistane og kan hjå meg høyrast på Johnny Winter si plate Nothin’ But The Blues frå 1977. Willie “Big Eyes” Smith døyde i 2011. I 1943 vart verdas fyrste, og, kan hende, framleis største kvinnelege rockestjerne, Janis Lynn Joplin fødd i Port Arthur i Texas. I det myteomspunne hippiemiljøet i San Francisco etablerte Janis seg med hard bluesrock i grupper som Big Brother And The Holding Company og Full Tilt Boogie Band, som ho gjorde fleire plateinnspelingar med. Farewell Song og den doble samleplata Janis er på plass i hylla. Joplin levde fort og hardt og døyde i 1970. I 1946 vart Dolly Rebecca Parton fødd i Smoky Mountains i Tennessee. Dolly Parton har plaga oss med plater i fleire tiår, mindre kjend er det at dama har tent seg steinrik på å skrive songar som andre gjer suksess med. Ei samleplate er greit for ein artis av Dolly sitt kaliber. I 1949 kom gentlemansrockaren Robert Palmer til verda i Yorkshire. Palmer har hatt suksess som soloartist og med band som The Mandrakes og Power Station. Mi platehylle byr på plata Rhythm & Blues frå 1999. Palmer døyde i 2003. I 1970 var dette dagen The Who var i IBC Studios i London og spelte inn The Seeker. I 1985 var Toy Dolls i Freiburg og spelte på AZ. I 1986 var Toy Dolls i Maboham Gardens i San Francisco. I 1994 slepte The Afghan Whigs EP-plata What Jail Is Like. I 1998 døyde Carl Perkins. I 1999 gav Dave Matthews og Tim Reynolds ut den doble konsertplata Live At Luther College.

Attande januar

Attande januar 1938 kom Hargus Melvin Robbins til verda. Den blinde pianisten Robbins hadde ein hit med Save It i 1959 og denne vart seinare spela inn av kultpunkarane i The Cramps. Robbins har seinare arbeida med store countrynamn som George Jones og Merle Haggard, men hjå meg er det bak tangentane på Bob Dylan si plate Blonde On Blonde frå 1966 du finn han. I 1944 vart Al Foster fødd i Richmond, Virginia. Trommeslagaren Foster var ein viktig del av Miles Davis sitt band frå fyrste halvdel av syttitalet til 1985. Hjå meg kan Foster høyrast på Miles Davis sine plater Decoy frå 1984 og Amandla frå 1989. I 1969 vart Jim O’Rourke fødd i Chicago. O’Rourke herja Chicago sin alternativscene i mange år før han flytta til New York og slo seg saman med Sonic Youth. På den amerikanske vestkysten nytta Neil Young dagen til å spele inn Cowgirl In The Sand saman med husrockarane i Crazy Horse. Den seansen skal ha gått føre seg i Wally Heider Recording Studio. Spesielt interesserte kan høyre verket på mellom anna Everybody Know This Is Nowhere og Greatest Hits. I 1984 kunne Toy Dolls høyrast på Spirit i San Diego. I 1985 fekk Sveits høve til å ta eit avbrekk i gjøkurproduksjon og Tobleronestøyping då Toy Dolls kom innom og spelte på Gaskessel i Biel. I 1986 var Toy Dolls i Sacramento der dei spelte på Roseville.

Syttande januar

Syttande januar 1951 kom Susanna Lee Hoffs til verda i Los Angeles. Susanna Hoffs var songar og gitarist i jentebandet The Bangles, som har fått på plass ei Greatest Hits-plate i mi hylle. I 1955 vart countryartisten Steve Earle fødd som Stephen Fain Earle i Fort Monroe i Hampton, Virginia. Tre av Earle sine plateutgjevingar er på plass i hylla, og Earle kan også høyrast medan han syng saman med Jason Ringenberg på songen Bible And A Gun frå sistnemnde si samleplate. Earle er ein av få artistar eg har teke meg bryet med å sjå fleire gonger. To konsertar har eg fått med meg, begge i Bergen, og eg vonar han tek turen innom att snart. Vonleg er Earle sitt bidrag til mi platesamling kraftig utvida til då. I 1959 kom Susanna Lee Hoffs til verda i Los Angeles. Susanna Hoffs var gitaristen i jentebandet The Bangles. I 1964 kom The Smiths-bassisten Andrew Michael Rourke til verda i Manchester. Andy Rourke sitt basspel kan hjå meg høyrast på plata Strangeways, Here We Come frå 1987. I 1969 spelte Neil Young inn Down by the river saman med Crazy Horse i Wally Heider Recording Studio. Resultatet kan mellom anna høyrast på platene Everybody Know This Is Nowhere og Greatest Hits. I 1975 gav Bob Dylan ut plata Blood On The Tracks. I 1981 kunne ein høyre lyden av Toy Dolls i Old Miners Hall i Stanley. I 1984 var det Open Air i Hollywood, California som fekk punkrockarane i Toy Dolls innom. I 1985 spelte Iron Maiden det fyrste av fem utselde konsertar i Radio City i New York, medan Toy Dolls måtte nøye seg med å underhalde dei frammøtte på Zickzack i Wiesbaden då dei spela deira to hundre og femtiande konsert. I 1986 hadde Toy Dolls flydd over Stillehavet og spelte på Palladium i Hollywood.

Sekstande januar

Sekstande januar 1981 kom Nicholas Valensi til verda i New York City. Nick Valensi er gitarist i The Strokes. Same dag slepte The Clash singlen Hitsville UK, som nøygde seg med ein heller beskjeden femtisjetteplass på dei engelske singellistene. I 1983 bydde Toy Dolls opp til dans i Working Mens Club i Hetton. I 1985 bydde på Toy Dolls konsert i Bochum, Zeche var staden dei frammøtte fekk oppleve Olga og Co. I 1986 spelte Toy Dolls på Tsubaki House i Tokyo for andre kveld på rad. I 1998 gav Air ut plata Moon Safari i heimlandet Frankrike, resten av verda måtte venta eit par dagar, men heldigvis ikkje mange.

Femtande januar

Femtande januar 1951 vart Peter Rodney Byford fødd i Honley i West Yorkshire. Helsefanatikaren Biff Byford var med å starte bandet Son Of A Bitch midt på 1970-talet. Bandet skifta seinare namn til Saxon og leverte ei rekkje album som plasserte seg høgt på platelistene utover åttitalet. Hjå meg finn du klassikaren Wings Of Steel frå 1980. Same dagen kom Douglas Elwin Erikson til verda i Nebraska. Duke Erikson er ein av grunnleggjarane av bandet Garbage. I 1952 kom den sveitsiske musikaren Boris Blank til verda i den sveitsiske hovudstaden Bern. Blank er mannen som skapar den særeigne ljoden i den sveitsiske duoen Yello, som herja lister og dansegolv på åttitalet. Fire titlar frå sveitsarane er på plass i hylla. I 1957 byrja Elvis Presley innspelinga av (Let Me Be Your) Teddy Bear, og året etter, 1958, spela same Elvis Presley og The Jordanaires inn Hard Headed Woman for filmen King Creole. I 1959 vart Peter Trewavas fødd i Middlesbrough. Pete Trewavas spelar bass i Marillion. I 1965 kom den fyrste singelen Pete Townshend, Roger Daltrey, John Entwistle og Keith Moon gav ut under namnet The Who. I Can’t Explain vart produsert av Shel Talmy og var ein fast del av liveprogrammet til bandet heile karrieren, ofte som konsertopnar. I 1970 gav souldronninga Aretha Franklin ut plata This Girl’s In Love With You. Same dag gav MC5 ut plata Back In The USA på plateselskapet Atlantic. Plata, som var spela inn i GM Studios i East Detroit, med produsent John Landau bak spakane, vert rekna som den viktigaste av dei tre langspelplatene bandet gav ut i den korte og hektiske karrieren sin. I 1984 var Toy Dolls på plass i Concept Factory i Seal Beach. I 1985 var Forum i Enger vertskap for ein Toy Dolls-konsert. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Tsubaki House i Tokyo.

Fjortande januar

Fjortande januar 1957 vart Steve Jordan fødd. Jordan er den type musikar som handterar fleire instrument og kan hjå meg høyrast medan han trommar for The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og medan han spelar både trommer og keyboard for Neil Young på plata Landing On Water frå 1986. I 1967 var det ein stor dag for gitarrocken, for då vart supergitaristen Zakk Wylde fødd i Bayonne i New Jersey på den amerikanske austkysten. Ei rekkje sideprosjekt til tross, Wylde, som har døypenamnet Jeffery Phillip Wielandt, er best kjend for å vere tidlegare gitarist for The Prince Of Darknes, Ozzy Osbourne. Og Wylde sitt gitarspel kan sjølvsagt nytast på fleire av mine Ozzy-plater, men han kan i mi platehylle også høyrast på debutsoloplata, Book Of Shadows frå 1996. Det skadar ikkje å nemne at denne aldri vart den heilt store kommersielle suksessen. I 1969 kom Foo Fighters-sjefen Dave Grohl til verda. Grohl kan i mi platesamling også høyrast på fleire plater med grungebandet Nirvana, der han fekk æra av å spele på trommer. I tillegg kan Grohl høyast medan han spelar trommer på platene Songs For The Deaf og Lullabies To Paralyze med sideprosjektet Queens Of The Stoneage. I 1982 vart Anthony Caleb Followill fødd i Tennessee. Caleb Followill er frontmann i det amerikanske alternativbandet Kings Of Leon. I 1984 spelte Toy Dolls på Perkins Palace i Pasadena, California. I 1985 var Toy Dolls attende på Loft i Berlin. I 1992 slepte Lou Reed plata Magic And Loss, som var den sekstande studioplata frå den gamle Velvet Underground-helten.

Trettande januar

Trettande januar 1947 vart John Lees fødd i Oldham i Nord-England. Lees har gjort karriere som gitarist i bandet Barclay James Harvest. I 1961 kom Wayne Michael Coyne til verda i Pittsburgh. Wayne Coyne er songar og gitarist i bandet The Flaming Lips. I 1964 gav ein ung Bob Dylan ut plata The Times They Are Changin’. For dei som ein gong sona under kummerlege forhold vert trettande januar 1968 hugsa som dagen då Johnny R. Cash spela inn den legendariske fengselskonserten sin i Folsom Prison. Dei innsette fekk høyre at Cash, akkompagnert av Marshall Grant på bass, W. S. Holland på trommer og Luther Perkins på gitar, spela klassikarar som Folsom Prison Blues, Orange Blossom Special, Give My Love To Rose og I Still Miss Someone. Cash si komande kone, June Carter, stod i spissen for The Carter Family og The Statler Brothers som gjorde bakgrunnskoringa. Konserten er i ettertid påstått å vere ein av dei beste konsertane du er glad du ikkje var tilstades på. I 1971 nytta The Who datoen til å halde pressekonferanse på The Young Vic Theatre i London. Der annonserte bandet at dei ville spele inn ein oppfølgjar til rockeoperaen Tommy. Lifehouse, som dette prosjektet skulle heite, vart aldri realisert, men det meste av materialet kan høyrast på plata Who’s Next. Same dato i 1972 kunne det høyrast eit rop frå villmarka i Nashville då same Johnny Cash spela inn ein song med namnet Call Of The Wild. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album. I 1980 stod alltid like energiske Toy Dolls for underhaldninga på Comrades Club i Silksworth. I 1984 spela Toy Dolls ”on Broadway” i hippiehovudstaden San Francisco i California. I 1985 kunne frammøtte i Hamburg oppleve Toy Dolls i Markethalle. I 1986 var Toy Dolls attende i Japan, denne gongen for å spele i Vibra Hall i Kyoto. I 1991 innleia Iron Maiden Nord-Amerika-delen av No Prayer On The Road turneen i Halifax, Canada. Dette var fyrste av førtifem konsertar på feil side av Atlanteren. I 1992 platedebuterte Tori Amos med kritikarroste Little Earthquakes.

Tolvte januar

Tolvte januar 1946 kom George Duke til verda i San Rafael i California. Duke har skaffa seg sjølv eit namn som keyboardspelar i bandet til Frank Zappa, men i mi samling høyrer du han på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1957 var Elvis Presley i studio for å spele inn All Shook Up. Musikken var ved The Jordanaires. I 1959 vart den tyske artisten, musikaren og komponisten Hans Kristian Emmerich fødd i den vestlege delen av Berlin. Emmerich er best kjend under aliaset Blixa Bargeld og er i mi platesamling representert som gitarist i The Bad Seeds som står for musikken når Nick Cave syng på platene From Here To Eternity frå 1984 og The Boatman’s Call frå 1997. Same dag kom Halmstad sin store son, Per Gessle til verda. Gessle har herja platelistene med både Gyllene Tider og Roxette og hjå meg kan han høyrast på plata Joyride frå 1991. I 1980 var det Labour Club i Hordon som fekk vitjing av gutane i Toy Dolls. I 1984 var Toy Dolls på plass i den californiske hovudstaden, Sacramento og spelte på Minimal. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Oden i Münster. I 1993 slepte Dennis Leary plata No Cure For Cancer. I 1999 bydde dagen på plateslepp frå The Black Crows og dagens gåve til folket hadde namnet By Your Side og var bandet si femte studioplate.

12.01.2012

Ellevte januar

Ellevte januar 1958 vart Victoria Anna Theresa Peterson fødd i Los Angeles. Vicki Peterson er gitarist i jentebandet The Bangles. I 1968 fekk verda No Doubt-gitarist Tom Dumont. Dumont spelar også keyboard i bandet når det røyner på. I 1971 kom Thomas Owen Mostyn Rowlands til verda i London. Tom Rowlands er den eine halvleiken av electronica-duoen The Chemical Broters og er i mi platesamling representert med den kritikarroste plata Drop The Bomb frå 2005. I 1975 vart den svenske rap-artisten Jason Diakité, kjend som Timbuktu, fødd i Malmö. Timbuktu har gjeve ut fleire plater og mi platehylle byr på Oberoandeframkallande frå 2007. I 1981 var Toy Dolls å oppleve i levande live i West Cornfort i Durham. I 1985 er Iron Maiden på si fyrste vitjing til Sør-Amerika der dei spelar for nærare 200 000 på gigantiske Marracana stadion under Rock in Rio. Same kveld var det Korn i Hannover som fekk vitjing av Toy Dolls, dette var Pete Zulu sin fyrste konsert i den andre perioden han var med bandet.

Tiande januar

Tiande januar 1924 er dagen trommeslagaren Max Roach kom til verda. Roach sitt eminente trommespel kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Birth Of The Cool. Roach døyde i 2007. I 1945 kom Roderick David Stewart til verda i London. Mannen med anar frå The Lowlands var innom det skotske juniorlandslaget i fotball før han satsa hundre prosent på musikken. Nyare plater, som The Great American Song Book, er med å gjeve den ein gong så glitrande artisten Rod Stewart eit dårleg rykte, men samleplata The Mercury Years er faktisk ei samling rhythm’n blues perler som trygt kan tilrådast enno. Går ein enno lengre attende i tid ser ein at gamle Roderick var vokalist i den engelske supergruppa Faces og han kan høyrast på plata Long Player frå 1971. I 1946 kom Aynsley Thomas Dunbar til verda i Liverpool. Dunbar held takten for Ian Hunter på plata All American Alien Boy frå 1976. I 1948 vart Donald Jay Fagen fødd i New Jersey. Donald Fagen er ein av grunnleggjarane av bandet Steely Dan og kan hjå meg høyrast i elegant samspel med kompisen Walter Brecker. I 1956 var Elvis Presley i studio og spela inn det som er ein av hans signaturlåtar, Heartbreak Hotel. I 1955 vart den tyske gitaristen Michael Schenker fødd i Sarstedt. Schenker er kjend som ein av verdas mest humørsjuke gitaristar og elles for å ha spelt saman med band som Scorpions, Ratt, MSG og UFO. Det er nettopp sistnemnde som er grunnen til at Michael har fått plass i denne bloggen, bidraget heiter Obesssion og vart tilgjengeleg for platekjøparane i juni 1978. I 1977 gav Ramones ut plata Leave Home. I 2001 døyde Bryan Gregory.

Niande januar

Niande januar 1914 kom trommeslagaren Kenneth Speareman Clarke til verda i Pittsburgh. Kenny Clarke, som har spela med store namn, som mellom anna Charlie Parker og Dizzie Gillespie, og kan hjå meg høyrast medan han trommar for trompetisten Miles Davis på plata Birth Of The Cool frå 1957. Clarke døyde i 1985. I 1931 vart bassisten Carson Raymond Smith fødd i San Francisco. Carson Smith har spelt med artistar som Gerry Mulligan og Billie Holiday, men hjå meg er det på plata Best Of Chet Baker Plays at han kan høyrast. Carson Smith døyde i 1997. I 1941 kom Joan Chandos Baez til verda på Staten Island i New York. Joan Baez har vore ein sentral del av den amerikanske folk-rock-rørsla sidan byrjinga og turnerar framleis. I tillegg til musikken har Baez vore sentral i kampen for menneskerettar og homofile sine rettar. Baez var ei tid gift med Bob Dylan. Mi platehylle byr på plata Diamonds And Rust frå 1975. I 1944 vart James Patrick Page fødd i Heston. Jimmy Page var allereie ein etablert studiomusikar då han erstatta Eric Clapton i Yardbirds i 1964. Nokre år seinare etablerte Page Led Zeppelin og verda vart aldri den same. I 1963 vart Eric Erlandson fødd i Los Angeles. Erlandson har tent til livets opphald som gitarist i bandet Hole og kan høyrast på plata Celebrity Skin frå 1998. I 1967 vart den amerikanske artisten og skodespelaren Dave Matthews fødd i Johannesburg i Sør-Afrika. Matthews er sjefen i Dave Matthews Band, han er aktiv engasjert i å samle inn pengar til miljøvern og etterlatne etter naturkatastrofar. Matthews har også spela konsertar og gjeve ut plater saman med gitaristen i Dave Matthews Band, Tim Reynolds. I mi platehylle står konsertopptaket Live At Luther College frå 1999, som er eit samarbeidsprosjekt med nettopp Tim Reynolds. I 1970 spelte Led Zeppelin i Royal Albert Hall i London. Eit opptak av I Can’t Quit You Baby frå lydprøva kan høyrast på samleplata Coda frå 1982.

Åttande januar

Åttande januar 1906 kom trompetisten Wendell Phillips Culley til verda i Worchester i Massachusetts. Wendell Culley spelte med Count Basie på femtitalet og kan høyrast på samleplata Atomic Swing. Wendell Culley døyde i 1983. I 1929 vart gitaristen Luther Perkins fødd. Luther Perkins var storebror til meir kjende Carl (han med dei blå semskaskoa) og er best kjend for samarbeidet med Johnny Cash der han trakterte ein Fender Esquire i backingbandet The Tennessee Three. Det er diverre ikkje plass til å liste opp alle platene Perkins sitt gitarspel kan høyrast på. Perkins døyde altfor tidleg i 1968. I 1935 kom rockelegenda Elvis Aron Presley til verda i den fattigslege småbyen Tupelo i den amerikanske delstaten Mississippi. Den godaste Elvis fekk tusenvis av jenter til å dåne berre ved å vrikke varsamt på hoftene på femti- og sekstitalet. Han spelte inn ei rekkje storseljande plater og eit utal av elendige, men populære filmar gjennom ei hektisk karriere. Presley døyde i 1977 og har selt langt fleire plater etter at han gjekk bort enn han gjorde medan han var i livet. I 1947 kom David Robert Jones til verda i metropolen London. Rockekameleonen David Bowie treng, etter å ha prega populærmusikken i fleire tiår, ikkje nærare presentasjon. I mi platehylle finn ein, enn så lenge, plata Space Oddity frå 1969. I 2001 gav dei trønderske gamalpønkarane i DumDumBoys ut samleplata Schlägers.

07.01.2012

Sjuande januar

Sjuande januar 1958 fekk ein for fyrste gong høyre Elvis Presley seie Don’t og amerikanarane kjøpte bodskapen nok til at det vart fem veker på fyrsteplass på listene. Reserverte engelskmenn meinte at ein tredjeplass fekk halde. I 1984 var dette datoen då Toy Dolls spela den fyrste utanlandskonserten sin, det hendte på Lingerie Club i blaserte Hollywood, California. I 1987 avslutta Iron Maiden juleferien og innleia Nord-amerikadelen av Somewhere On Tour. Syttitre konsertar over det nordamerikanske kontinentet venta dei hardtarbeidande britane og det er all grunn til å tru at publikum var fornøgde.

06.01.2012

Sjette januar

Sjette januar 1924 vart det amerikanske banjogeniet Earl Eugene Scruggs fødd i Flint Hill i North Carolina. Earl Scruggs har ei fortid i Bill Monroe’s Blue Grass Boys og vert rekna som opphavsmannen for banjoteknikken som vert kalla 3-finger-style. Scruggs har si eiga stjerne på Hollywood Walk Of Fame og kan skilte med fleire Grammyprisar på hylla, han fekk mellom anna Life Time Acivement Award i 2008. Hjå meg kan Scruggs si klimpring høyrast på Johnny Cash-plata Ragged Old Flag frå 1974. I 1951 kom den amerikanske bluesartisten Kim Wilson til verda i Detroit. Wilson flytta frå Detroit, via California, til Austin i 1974, og der slo han seg saman med supergitaristen Jimmy Vaughan. Saman starta dei to det fantastiske bluesbandet The Fabulous Thunderbirds som har vore Grammynominert fleire gonger.

Femte januar

Femte januar 1934 vart Rufus Thibodeaux fødd. I mi platesamling spelar den allsidige Rufus fele på platene Comes A Time (1978) og Hawks & Doves (1980) med Neil Young. Thibodeaux døyde i 2005. I 1946 fekk verda visesongaren Halvdan Sivertsen. Eg har ein sambuar som har plassert plata Kjærlighetslandet frå 1994 i platehylla mi, og det vert nok det einaste bidraget frå denne artisten. I 1950 kom Chris Stein til verda. Stein er gitarist og låtskrivar i den amerikanske gruppa Blondie og kjem du innom kan du få høyre gitarspelet hans på plata Parallel Lines frå 1978. I 1969 kom Brian Hugh Warner til verda i Canton i Ohio. Marilyn Manson freista å ta skrekkrocken til nye høgder, om han lukkast er det delte meiningar om, men det er ikkje tvil om at det er god driv i musikken hans. Mi platehylle byr på platene Mechanical Animals og The Last Tour On Earth. I 1980 nytta Toy Dolls denne dagen til å spele for dei innsette i fengselet Aklington, men det er uvisst om det gjorde det betre eller verre å vere låst inne. I 1982 nytta Madness denne januardagen til å smyga seg inn på fjerdeplass på listene med singelen It Must Be Love. Denne datoen i 1991 fekk verda høve til å handle Motörhead-singelen The One To Sing The Blues/Dead Mans Hand. I 2004 døyde John Guerin.

Fjerde januar

Fjerde januar 1922 kom saksofonisten Frank Wess til verda i Kansas City. Frank Wess kan hjå meg høyrast som ein del av orkesterleiaren Count Basie sitt band på samleplata Atomic Swing. I 1942 vart John McLaughlin fødd i Doncaster i Nord England. Gitaristen McLaughlin er av meir kjende gitarkollega Jeff Beck utropt til å vere verdas beste gitarist, noko mange gitarnerdar er sams med han i. Hjå meg kan McLaughlin høyrast medan han spelar på ei av Miles Davis sine legendariske fusionjazzplater, In A Silent Way frå 1969. I 1956 kom gitaristen Bernard Sumner til verda. Sumner var ein av grunnleggjarane av dei engelske banda Joy Division og New Order. Sumner kan hjå meg høyrast på Joy Division si samleplate Substance frå 1988. I 1957 var dagen ikonet Elvis Presley lanserte singelen Too Much, og det kan sjå ut som at dei amerikanske platekjøparane hadde pengar til overs etter denne jula, for songen vart løna med fyrsteplass på platelistene dei neste tre vekene. På dei engelske listene vart ein litt meir moderat sjetteplassen høgaste plassering. I 1960 vart R.E.M.-vokalisten John Michael Stipe fødd i Georgia. Mannen treng eigentleg ikkje vidare presentasjon, merittane talar for seg sjølv og mi platehylle har etter kvart fått eit bra utval R.E.M-plater. Eg var også så heldig at eg fekk sjå Stipe og resten av R.E.M. på Koengen i Bergen i 2009, absolutt eit høgdepunkt som var verdt å ta med seg sjølv om både ljoden og publikum kunne vore betre. Stipe er også kredittert for vokalbidrag på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1963 kom Till Lindemann til verda i Leipzig i det tidlegare Aust-Tyskland. Den tidlegare juniorsvømmaren av høgt kaliber er i dag frontmann for det tyske industimetallbandet Rammstein. I 1965 vart Cait O’Riordan fødd i oljelandet Nigeria. Caitlin kom seinare, i perioden 1983-1986, til å spele bass i det engelskirske folkpunkbandet The Pogues. Ho deltok på dei to fyrste platene bandet gav ut, Red Roses For Me (1984) og Rum, Sodomy & The Lash frå 1985. O’Riordan har også hatt gleda av å vere gift med ein Elvis. For dei som undrar kan det opplysast at han heiter Costello til etternamn og har, i tillegg til å ha ei eiga karriere som musikar, produsert den siste Pogues-plata O’Riordan spelte med på. Same dag fekk folk i Exeter endeleg noko å juble for (fotballaget er heilt ræva), då Beth Gibbons vart fødd. Gibbons er vokalist i Portishead og kan hjå meg høyrast på platene Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. I 1968 var The Who under leiing av produsent Kit Lambert å finne i CBS Studios i London, på programmet denne dagen stod innspelinga av Fait In Something Bigger. Songen fekk ikkje plass på noko plate på det tidspunktet, men enda opp på samleplata Odd & Sods frå 1974. I 1969 døyde Paul Chambers. I 1977 kom Timmothy James Arthur Wheeler til verda i Downpatrick i Nord-Irland. Tim Wheeler er gitarist og ein av grunnleggjarane av bandet Ash. I 1986 døyde Thin Lizzy-legenda Phil Lynnot. I 2011 døyde Gerry Rafferty.

03.01.2012

Tredje januar

Tredje januar 1945 vart Stephen Arthur Stills fødd i Dallas i kvegstaten Texas. Stephen Stills, som av mange vert rekna som ein av verdas beste gitaristar, var ein essensiell del av banda Buffalo Springfield og Crosby, Stills, Nash & Young. Hjå meg kan Stills høyrast på Buffalo Springfield-plata Buffalo Springfield Again frå 1967, i tillegg til songane Helpless og Ohio, som begge er kreditert Crosby, Stills, Nash & Young, men har fått plass på Neil Young si Greatest Hits-plate, og på songen Through My Sails frå Neil Young si plate Zuma, som kom på marknaden i 1975. I 1946 kom John Baldwin til verda i Kent. John Paul Jones er best kjend for å ha traktert bass og ei rekkje andre instrument for rockedinosaurane Led Zeppelin. Jones har i tillegg livnært seg som komponist og arrangør og er sist sett som medlem av supergruppa Them Crocked Vultures saman med Josh Homme og Dave Grohl. I 1954 vart Ross Friedman fødd i Bronx i New York City. Ross “The Boss” Funicello var ein av grunnleggjarane av bandet The Dicktators og kan høyrast på bandet si debutplate Go Girl Crazy frå 1975. I 1962 kom den engelske bassisten Guy Pratt til verda i London. Pratt var ein viktig del av rytmeseksjonen på den tidlegare The Band-leiaren Robbie Robertson si soloplate Storywille frå 1991. I 1970 vart verda velsigna med pønkgitaristen og nettverksbyggjaren Kjell Engevik Moberg. Moberg frå Os, ein kort køyretur sør for Bergen, har gjort seg merkt over store delar av verda med undergrunnsband som Punishment Park og K-Jell, som begge sjølvsagt er sterkt representert i mi platehylle. I 1979 kom Surferosasongar og -frontfigur Mariann Thomassen til verda i sunmørshovudstaden Ålesund.

01.01.2012

Fyrste januar

Det er klart for enno eit nytt år, me stormar etter kvart inn i 2012, vonleg med mange finurlege overraskingar i vente for alle oss som er meir enn gjennomsnittleg glad i god musikk. Fyrste januar er for mange musikkelskarar fyrst og fremst vigd til den tradisjonelle nyttårskonserten der eit drivande godt filharmonisk orkester frå Wien, leia av ein kjendisdirigent, underheld celebre tilskodarar og millionar av fjernsynstilskodarar, med diverse svisker frå familien Strauss sitt omfattande valsearkiv, men heldigvis byr denne dagen på andre hendingar frå musikken si verd også. I etterkrigsåret 1919 vart musikkåret innleia med at jazzmusikaren Al McKibbon kom til verda. McKibbon heldt liv i seg som bassist, og hjå meg kan han høyrast medan han leikar med dei tjukke strengane på Miles Davis-plata Birth Of The Cool frå 1957. I 1950 kom Paul Steven Ripley til verda i Boise i forblåste Idaho. Steve Ripley er i dag sjefen i bandet The Tractors, men hjå meg er det som gitarist for Bob Dylan på plata Shot Of Love frå 1981 gitarspelet hans kan nytast.

Trettifyrste desember

Trettifyrste desember 1943 kom Peter Alexander Greenlaw Quaife til verda i idylliske Devon på den engelske sørkysten. Pete Quaife var originalbassisten i The Kinks og spelte med bandet i den mest kreative og hitrike perioden, 1963 til 1969. Quaife døyde i 2010. I 1951 vart Tom Hamilton fødd på årets siste dag. Hamilton har tent godt til livets opphald som bassist i dei amerikanske rockedinosaurane Aerosmith og har sikkert ikkje angra på det karrierevalet. Bandet har tross alt selt fleire millionar plater sidan den spede byrjinga seint på sekstitalet. I mi platehylle kan ein høyre Hamilton sitt basspel på platene Draw The Line og Rocks som kom på marknaden høvesvis i 1976 og 1977. I 1953 kom den belgiske songerinna Danielle Schoovaerts til verda. Dani Klein var med å starte Vaya Con Dios, eit av belgias mest suksessrike band gjennom tidene. I 1963 vart Scott Ian Rosenfeldt fødd i Jamaica, ikkje reggeaøystaten i Karribia, men ein småby i den amerikanske delstaten New York. Scott Ian er gitarist, vokalist og ubestridt leiar av det amerikanske skateboard-hardrockbandet Anthrax og er representert med tre titlar i mi hylle, foreløpig. I 1973 nytta AC/DC årets siste dag til å spele sitt fyrste offisielle show. Det skal ha hendt i ein av verdas mange homsemetropolar, Sydney i Australia, og om dei små gutane med den store lyden levde opp til den partymyten dei har slått om seg med resten av karrieren, var det nok fyrste januar og eit godt stykke ut i 1974 før dei gav seg. I 1979 vart året avslutta med at Toy Dolls var underhaldninga på nyttårsfesten i Harveys Restaurant i Sunderland. I 1991 spelte The Allman Brothers Band i Macon City Auditorium, ein konsert som er inkludert på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set frå 1992. I 1997 ebba året ut saman med pianisten Floyd Cramer. Det var neppe det som var årsak til at det vart sendt opp fyrverkeri den kvelden. I 2001 slepte den Bergens-baserte elektronikaduoen Röyksopp plata Melody A.M, som bydde på sterke spor som Eple og Poor Leno, og som gjekk til topps på hitlister over heile den vestlege verda. Og med det passar det å ynskje dei som har følgd med på det som er skrive i denne bloggen gjennom 2011 eit godt nytt år, eg vonar de kjem til å følgje med på oppdateringane som vonleg kjem flittig også i det nye året.

Trettiande desember

Trettiande desember 1928 vart saksofonisten Jack Montrose fødd i Detroit. Montrose sitt saksofonspel kan hjå meg høyrast på plata Best Of Chet Baker Plays. Montrose døyde i 2006. I 1930 kom Orville J. Rhodes til verda i Illinois. Red Rhodes levde av å spele steel guitar og kan hjå meg høyrast på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975. Red Rhodes døyde i 1995. I 1946 kom Patricia Lee Smith til verda. Folk flest kjenner dama som den amerikanske punkdronninga Patti Smith og dei som ikkje har digga kjempehiten Because The Night burde skamme seg. Platene Easter (1978) og Peace And Noice frå 1997 er så langt på plass i mi hylle, og fleire står sjølvsagt på ynskjelista. Ein annan stad i verda, i London, såg Clive William Bunker dagens ljos. Clive Bunker er trommeslagar av legning og ein av grunnleggjarane av Jethro Tull, der han heldt takten fram til 1971. Bunker kan hjå meg høyrast på platene This Was og Aqualung. Han har seinare gjort trommeteneste i band som Bloodwyn Pig og Manfred Mann. I 1959 vart Tracey Ullman fødd i byen med det sjarmerande namnet Slough. Den britiske skodespelaren og komikaren har ikkje berre plaga folk gjennom fjernsynsruta, ho har også herja platelistene og mi platehylle byr på samleplata The Very Best Of…, som, som tittelen indikerer, gjev oss det beste dama har spela inn gjennom åra. I 1972 spelte Lou Reed saman med bandet The Totts på Main Point i Philadelphia. Dette var fyrste konsert der han presenterte materiale frå den fyrste soloplata si, Transformer, som kom på marknaden tidlegare same månad. I 1979 var det indierock på programmet i Old Club i Shildon, og sjølvsagt var det Toy Dolls som stod for romjulsunderhaldninga. I 2009 døyde Rowland S. Howard.

Tjueniande desember

Tjueniande desember 1929 vart Matt Murphy fødd i Mississippi. Matt “Guitar” Murphy er ein bluesgitarist som ofte vert hugsa for arbeidet han har gjort med bandet The Blues Brothers. I 1943 kom Richard Clare Danko til verda i Ontario. Rick Danko var bassist i The Band og kan høyrast på plata Islands frå 1977. Danko døyde i 1999. I 1946 vart Marian Evelyn Faithfull fødd i London. For mange er Marianne Faithfull best kjend som eks-dama til Mick Jagger, men Faitfull har hatt ei spanande solokarriere, berre avbroten av periodar som uteliggjar og knallhard avrusing. Plata Broken Englis frå 1979 vert rekna som eit av hennar sterkaste kort. I 1947 kom Colin Flooks til verda. Under artistnamnet Cozy Powel gjorde Flooks stor suksess som trommeslagar for ei rekkje tungrockband, som mellom anna Black Sabbath, MSG og Whitesnake. I mi platehylle kan Powel høyrast når han held takten for Richie Blackmore sitt band Rainbow på plata Long Live Rock’n Roll frå 1978. Powel døyde i ei bilulukke i Bristol i 1998. I 1961 vart Jim Reid fødd i Glasgow. Jim Reid har livnært seg som vokalist i det skotske bandet Jesus And The Mary Chain og er representert i mi platehylle med studioplata Darklands frå 1987 og samleplata The Sound Of Speed. I 1967 kom Evan Seinfeld til verda i Brooklyn. Seinfeld har ei fortid i bandet Biohazard og kan hjå meg høyrast på to plater frå det glade og kreative nittitalet. I 1969 gav Grand Funk Railroad ut si andre studioplate, som fekk titelen Grand Funk. I 1979 sa Sunderland velkomen til Toy Dolls. Det hendte i Hepworth & Grandage Club. I 2008 døyde Freddie Hubbard.

Tjueåttande desember

Tjueåttande desember 1946 stod jubelen i taket hjå familien Winter, då vetle John fekk ein vetlebror. Edgar Winter trakterar keyboard og saxofon og har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand. Hjå meg må du enn så lenge nøye deg med å høyre han på ulike klipp kreditert den meir meritterte storebroren sin, Johnny Winter. I 1981 fekk Norseman Hotel i Peterlee atter ein gong dei hardtarbeidande pønkarane i Toy Dolls på vitjing. I 1983 døyde Dennis Wilson. I 1989 spelte Toy Dolls to konsertar i Club Quatro i Tokyo. Fyrste opptreden var klokka seks om ettermiddagen og klokka halv ni var det sanneleg på an igjen. I 1991 gjorde The Allman Brothers Band den fyrste av tre konsertar i Macon City Auditorium i Georgia. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom på marknaden året etter. I 2004 slepte hardtarbeidande Glen Matlock And The Phillestines plata On Something.

Tjuesjuande desember

Tjuesjuande desember 1944 kom den engelske gitaristen Michael Leslie Jones til verda. Mick Jones er best kjend som ein av grunnleggarane av bandet Foreigner, men hjå meg er det som gitarist på Billy Joel si plate Storm Front frå 1989 han kan høyrast. I 1967 gav Bob Dylan ut plata John Wesley Harding. Dette var hans åttande studioplate. I 1980 stod Toy Dolls for romjulsunderhaldning i Steels Club i Sunderland. I 1989 var Toy Dolls på scenen i Club Quatro i Tokyo. Konserten er tilgjengeleg for ettertida på plata Twenty Two Tunes Live From Tokyo. I 2004 døyde Hank Garland.