26.02.2010

Tjuesjette februar

Tjuesjette februar 1932 vart Johnny Cash fødd som John R. Cash i Kingsland, Arkansas. Johnny Cash er kjent som The Man In Black og skal ha spela inn og gjeve ut meir enn fem tusen innspelingar på eit utal plater i så ulike sjangrar som rock, country og gospel. Heime hjå meg står meir enn tretti originaltitlar og prydar platehylla og fleire vert det nok for Johnny Cash vert eg aldri lei. Dette er også datoen der, i 1980, Toy Dolls kunne nytast i Alexandra Ballroom i Sunderland. I 1983 var turen komen for Toy Dolls konsert i Traders Hall i Consett og i 1985 kunne Toy Dolls opplevast på King Georges Hall i Blackburn.

23.02.2010

Tjuetredje februar

Tjuetredje februar 1957 vart studio fylt av lyden av ein ung Elvis Presley som sang One Night for innspeling på plate. I 1976 var det dei bergensaktuelle sørstatsrockarane i Lynyrd Skynyrd som stod for underhaldninga denne datoen då dei slepte singelen Double Trouble ut på marknaden. I 1980 kom Iron Maiden sin debutsingel på EMI, Running Free, som klatra til trettifjerdeplass på dei engelske singellistene. Bandet nytta også denne datoen til å spele live på det legendariske musikkprogrammet Top of the Pops som det fyrste bandet sidan The Who gjorde det same i 1972. I 1985 bydde denne datoen på ein Toy Dolls konsert på Grannies i hamnebyen Portsmouth.

17.02.2010

Syttande februar

Syttande februar 1980 var Toy Dolls attende i Old Club i Shildon og spelte for fansen. Året etter, i 1981, nytta Iron Maiden denne datoen til å legge ut på ein omfattande verdsturne. Fyrste konserten var i Ipswich, den fyrste av i alt tjuefire i England, før resten av den vide verda stod for tur, eitt hundre og tretten konsertar alt i alt. Mindre oppstuss, men like sveitt stemning var det truleg då trufaste Toy Dolls nytta denne kvelden til å spele på Wine Loft i Sunderland litt lengre nord på den engelske austkysten. Dette hendte same dag som Los Palmas 7 var nummer sju på dei engelske singellistene, same plassering som songen har fått på Madness si samleplate The Heavy Heavy Hits.

15.02.2010

Femtande februar

Femtande februar 1960 var ein ung og effektiv Johnny Cash i studio saman med dei faste musikarane sine, gitaristen Luther Perkins, bassisten Marshall Grant. I tillegg hadde han med seg Johnny Western på gitar, Harold B. Jackson på dobro og steelguitar, Gordon N. Terry på fele og trommeslagaren Murray M. Herman. Saman rakk dei å spele inn heile fem songar denne vinterdagen, lista tel Loading Coal, Slow Rider, Lumberjack, Dorraine of Ponchartrain og When Papa Played The Dobro. Alle songane kan høyrast på plata Ride This Train som vart produsert av Don Law. Dei som i 1980 nytta denne datoen til å kose seg på Castle Inn i Durham hugsar truleg at det var Toy Dolls som underheldt frå scenen. I 1985 nytta Toy Dolls denne datoen til å reise heilt til Englands nest største by, Birmingham, for å spele konsert på universitetet.

07.02.2010

Sjuande februar

Sjuande februar 1961 gav Elvis Presley ut singelen Surrender som låg to veker på listetoppen i USA, fire i England. Songen er ei omsetjing av den napolitanske balladen Torna a Sorriento, men ”kongen” sin versjon er nok den som er best kjend for dei fleste. På denne datoen i 1980 kunne ein la seg underhalde av Toy Dolls der dei stod på scenen på Finos i Sunderland, men kva som kom fyrst, klubben Finos eller songen der dei hevdar at She goes to Finos, veit eg faktisk ikkje.

06.02.2010

Sjette februar

Sjette februar 1971 foreviga Neil Young det som er songen om mannen han kjøpte den flotte ranchen han eig i California frå, Old Man, i Quadrofonic Studios i countryhovudstaden Nashville. Songen om den gamle mannen kan høyrast på plata Harvest, i tillegg til Greatest Hits og ei mengd samleplater. Den versjonen han spelar på DVD-plata Heart of Gold frå Rhyman Auditorium i Nashville er ikkje å forakte for dei som likar å sjå gamle Neil spele live.

02.02.2010

Andre februar

Ein gong i tida hadde eg ein hund som var fødd andre februar, og, bortskjemd som han var, fekk han blautkake servert på eige fat kvar gong han hadde bursdag. For dei som ikkje har eit forhold til hundar med krembart vert denne datoen hugsa for at Toy Dolls heldt konsert i Comerads Club i Blackmill, det var i 1980. I 1982 nytta dei engelske hardrokkarane i Iron Maiden dagen til å sleppe den legendariske singelen Run To The Hills. Singelen der dei oppmodar om fjelltur klatra i dei påfølgande vekene lett og elegant til sjuandeplassen på dei engelske singellistene. I 1991 fekk verda servert plata 1916 frå våre venner i Motörhead. Plata inneheld ei hylling av dei amerikanske kultpunkarane i Ramones og på tittelsporet, som avsluttar plata, har den aldrande speedfreaken Lemmy bytta ut bass med cello. Det sitste får ikkje gamlingen til å høyrast ut som ein ekte Motörheadbanger, men det er ikkje tvil om at dette duger.