31.07.2018

Tjuande juli

I 1947 kom Carlos Augusto Alves Santana til verda i Atulán de Navarro i Mexico. Supergitaristen Carlos Santana har imponert verda med sin blanding av rock, jazz og salsa sidan slutten av sekstitalet og vert rekna som ein av verdas framste gitaristar, sjølv om kvaliteten på karriera hans har vore særs svingande dei siste åra. Hjå meg kan Santana høyrast på eit konsertopptak med den treffande titelen Live, han er også kreditert for gitarspel på eitt spor på plata Fifa, som Angelique Kidjo slepte i 1996, på eit av spora på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998, samt som ein av John Lee Hooker sine vener på samleplata Best of Friends (1998).

Andre jubilantar
Jay Jay French (1952)
Keith Scott (1954)
Paul Cook (1956)
Mick MacNeil (1958)
Radney Foster (1959)
Chris Cornell (1964-2017)
Stone Gossard (1966)
Courtney Taylor-Taylor (1967)

Nittande juli

I 1947 kom Brian Harold May til verda i London. Gitaristen og astrofysikaren Brian May er kjend for den fantastiske gitarlyden i Queen, og kan i mi platehylle høyrast på konsertplata Rock Montreal (2007). May sitt gitarspel kan også nytast på samleplata Lover Of Life Singer Of Songs – The Very Best Of Freddie Mercury. May er vidare kreditert som korist på Ian Hunter sin song You Nearly Did Me In frå plata All American Alien Boys (1976), og med ein gitarsolo på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose (2006).

Andre jubilantar
Al Haig (1924-1982)
Phil Upchurch (1941)
Al Gorie (1946)
Bernie Leadon (1947)
Allen Collins (1952-1990)
Kevin Haskins (1960)
Silvio Pozzili (1963)
Sverre Indris Joner (1963)
Ged Lynch (1968)

Attande juli

I 1938 kom Ian Andrew Robert Stewart til veda i skotske Fife. Pianisten Ian Stewart er best kjend for å spele for Rolling Stones, eit band han var medlem av fram til 1963, og i mi platehylle kan tangentspelet hans nytast på samleplata Jump Back - The Best Of The Rolling Stones, som oppsummerer det beste han gjorde med bandet som gjorde han kjend, sjølv om han aldri fekk den æra han hadde fortent. Stewart er også kreditert for å traktere tangentane på Rock’n Roll, som er det best kjende sporet på Led Zeppelin IV (1971), samt på Stray Cats si plate Gonna Ball (198)1. Og som om det ikkje var nok kan Stewart sine flittige fingrar høyrast på samleplatene The Baddest Of George Thorogood & The Destroyers (1992), og The Best Of The Stray Cats. Stewart døyde i 1985.

Andre jubilantar
Christer Eklund (1944)
Steve Madaio (1948)
Neil Stubenhaus (1953)
Ricky Skaggs (1954)
Terry Chambers (1955)
Steve Webster (1958)
Alex Désert (1968)
Gruff Rhys (1970)
Daron Malakian (1975)
Tom Rudi Torjusen (1975)

30.07.2018

Syttande juli

I 1921 kom George Barnes til verda i Chicago i Illinois. Jazzmusikaren Barnes vert rekna som den fyrste som gjorde gitaren ”elektrisk”, han har gjeve ut fleire plater under eige namn og han har spelt med mange store artistar. Hjå meg kan Barnes høyrast på plata The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Barnes døyde i 1977.

Andre jubilantar
Little Jimmy Scott (1925-2014)
Stan Bronstein (1938)
Rick Cunha (1944)
Abraham Laboriel (1947)
Mick Tucker (1947-2002)
Wolfgang Flüger (1947)
Ron Asheton (1948-2009)
Geezer Butler (1949)
Nicolette Larson (1952-1997)
Rolf Alex (1954)
Bruce Crump (1957)
Kim Shattuck (1963)
Paul Hinojos (1975)

Sekstande juli

I 1948 kom Rubén Blades Bellido de Luna til verda i Panama City i Panama. Salsasongaren, og tidlegare presidentkandidat i heimlandet, sitt bidrag til mi platehylle finn du som hjelpevokal på Lou Reed si fjortande studioplate Mistral frå 1986, og på Songs From The Capeman, som Paul Simon slepte i 1997.

Andre jubilantar
Ulf Andersson (1940)
Camile Saviola (1950)
Bobby Previte (1951)
Stewart Copeland (1952)
Annie Whitehead (1955)
Rene Elizondo (1962)

29.07.2018

Femtande juli

I 1946 kom den amerikanske countrysongerinna Linda Maria Ronstadt til verda i Tucson i Arizona. Politisk aktive Linda Ronstadt si karriere omfattar fleire soloplater, men hjå meg må ein nøye seg med å høyre røysta hennar som bakgrunnsvokal på platene Pieces Of The Sky, som var Emmylou Harris sitt bidrag til platemarknaden i 1975, Neil Young sine studiopater American Stars’N Bars (1977) og Silver And Gold, og på Paul Simon si sjuande studioplate, Graceland frå 1986.

Andre jubilantar
Philly Joe Jones (1928-1985)
Artimus Pyle (1948)
Owen Hale (1948)
David Pack (1952)
Pål Thowsen (1955)
Ian Curtis (1956-1980)
Joe Satriani (1956)
Marky Ramone (1956)
Philip Fisher (1967)
Buju Banton (1973)

Fjortande juli

I 1912 vart Woodrow Wilson Guthrie fødd i Okemah i Oklahoma. Den amerikanske visesongaren Woodie Guthrie var ei stor inspirasjonskjelde for dei mange visesongarane som prega det amerikanske hippiemiljøet på sekstitalet. Guthrie sitt bidrag til mi platehylle heiter Pastures Of Plenty og er ei samling av opptak han gjorde frå 1940 til 1947. Guthrie vart etter kvart diagnostisert med Huntintons Syndrom og døyde i New York i 1967.

Andre jubilantar
Sabu Martinez (1930-1979)
Jim Gordon (1945)
Andy Newmark (1950)
Chris Cross (1952)
Angélique Kidjo (1960)
Rich McCollum (1965)
Ellen Reid (1966)
Nick McCabe (1971)

Trettande juli

I 1942 kom James Joseph McGuinn III til verda i bluesbyen ved dei store sjøane, Chicago i Illinois. Med førenamnet forkorta til Roger gjorde unge McGuinn suksess som leiar av countryrockgruppa The Byrds på 1960-talet. I mi platesamling har Roger McGuinn tatt plass med platene Fifth Dimension, som var The Byrds si tredje studioplate og vart slept laus på platekjøparane i 1966, og på soloplata Roger McGuinn And Friends frå 1975, i tillegg til at han kan høyrast som gitarist på Bob Dylan si filmmusikkplate Pat Garrett & Billy The Kid frå 1973.

Andre jubilantar
Leroy Vinnegar (1928-1999)
Peter Goalby (1950)
Chris White (1955)
Mark Mendoza (1955)
Rosie Nix (1958-2003)

Tolvte juli

I 1943 kom Christine Anne Perfect til verda nær Ulveston i engelske Lancashire. Christine McVie sine mest vesentlege bidrag til musikksoga kom i tida ho spelte keyboard i bandet Fleetwood Mac, og hjå meg kan ho høyrast på den storselgande studioplata Rumours frå 1977, samt på utvalde spor på samleplata Greatest Hits (1971).

Andre jubilantar
Conte Candoli (1927-2001)
Howie Casey (1937)
Seán Keane (1943)
Eric Carr (1950-1991)
Ruddy Thomas (1951-2006)
Lynn Davis (1958)
Malcolm Jones (1959)
Dan Murphy (1962)
Brett Reed (1972)
Lady Shaw (1972)

Ellevte juli

I 1959 vart Suzanne Nadine Peck fødd i fasjonable Santa Monica i solrike California. Suzanne Vega har gjort stor suksess med songar som Luca og Tom’s Diner og mi platehylle byr på samleplata Tried And True The Best Of … frå 1998.

Andre jubilantar
Henry Lowther (1941)
John Lawton (1946)
Peter Murphy (1957)
Roy Dodds (1958)
Richie Sambora (1959)
David Baerwald (1960)
Rich McMurray (1965)
Frode Sirevåg (1978)

26.07.2018

Tiande juli

I 1942 kom Ronald James Padavona til verda i Portsmouth i New Hampshire. Italienskætta Ronnie James Dio vert rekna som verdas største vetle heavy metall-artist og har ein curriculum vitae som inneheld Elf, Rainbow, Black Sabbath, Heaven & Hell i tillegg til hans eige band Dio. Etter som eg ikkje har heilt kontroll på platesamlinga mi har eg faktisk kjøpt plata Dream Evil frå 1987 to gonger og må med det kunne seie at eg har gjort meir enn det som kan forventast for å halde liv i ein gamal hardrockar. Klassikarar som Holy Diver (1983) og Rainbow-plata Long Live Rock’n Roll frå 1978 står sjølvsagt også på hylla, saman med ei obskur bootleg-plate frå tida med Black Sabbath, Reviviscence!, som kom ut på italienske Robspierre Records i 1992. Plata er visstnok spela inn av ein publikummar under Monsters Of Rock i Reggio Emilia i Italia tolvte september i 1992 og har ein slett lydkvalitet, men er sjølvsagt interessant nok for blodfansen. Dio døyde diverre av kreft i 2010.

Andre jubilantar
Marcel Azola (1927)
Arnie Lawrence (1938-2005)
Dave Kirby (1938-2004)
Fritz Richmond (1939-2005)
Claudio Pacoli (1947)
Neil Tannant (1954)
Martyn P. Casey (1960)
Grant Kirkhope (1963)
Imelda May (1974)

Niande juli

I 1946 vart Ronald Belford Scott i Kirremuir i Skottland. AC/DC vokalisten Bon Scott hadde allereie ei etablert karriere som songar i ulike australske band då ha slo seg saman med dei mykje yngre Young-brørne på tampen av 1973, men det kunne ikkje måle seg med den suksessen han opplevde saman med gutane i AC/DC. I mi platehylle står platene High Voltage (1976) og Dirty Deeds Done Dity Cheap (1976), EP’en ’74 Jailbreak (1984), i tillegg til samlinga Bonfire som er resten av bandet si hylling av vokalistlegenda og kom på marknaden i 1997. Scott døyde med spya i halsen i London ein sein februarkveld i 1980.

Andre jubilantar
Gwen Guthrie (1950-1999)
Carlos Peron (1952)
Debbie Sledge (1954)
Herodes Falsk (1954)
Jan Kåre Hystad (1955)
Marc Almond (1957)
Courtney Love (1964)
Frank Bello (1965)
Tom Hingley (1965)
Simon Tong (1972)

25.07.2018

Åttande juli

I 1961 kom Andrew John Leonard Fletcher til verda i den tradisjonsrike fotballbyen Nottingham. Andy Fletcher har ei fortid som bassist, men er best kjend for å traktere synth i Depeche Mode. Hjå meg kan Fletcher høyrast på platene A Broken Frame (1982), Music For The Masses (1987) og Playing The Angel (2005).

Andre jubilantar
Jaimoe (1944)
Pentti Glan (1946-2017)
Collin Walker (1949)
Jim Kerr (1957)
Beck (1970)
Tavis Werts (1977)

Sjuande juli

I 1940 vart Richard Starkey fødd i engelske Liverpool. Starkey er best kjend under kunstnernamnet Ringo Starr og har tent mesteparten av pengane sine som trommeslagar i den etter kvart vidgjetne Liverpool-kvartetten The Beatles. I mi platehylle finn du Beatles-samleplata Anthology 1 (1995), i tillegg kan evigunge Ringo Starr kan høyrast frå den gongen han har steppa inn som trommeslagar på eit par songar for Bob Dylan på hans tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981, og på plata Flaming Pie, som tidlegare Beatles-kollega Paul McCartney gav ut i 1997.

Andre jubilantar
Hank Mobley (1913-1986)
Pinetop Perkins (1913-2011)
Joe Zawinul (1932-2007)
Rob Townsend (1947)
Sue Evans (1951)

Sjette juli

I 1952 vart Graham Oliver fødd i engelske Mexborough. Oliver tente til salt i grauten som gitarist i Saxon i perioden 1977 til 1994 og mi platehylle byr på strengeleiken hans på plata Wheel Of Steel frå 1980.

Andre jubilantar
Shelly Lee Alley (1894-1964)
Louie Bellson (1924-2009)
Byron Berline (1944)
Michael Schrieve (1949)
John Jorgenson (1956)
Robert Heaton (1961-2004)
50 Cent (1975)
Tamara Mowry (1978)
Tia Mowry (1978)

24.07.2018

Femte juli

I 1943 kom Jaime Robert Klegerman til verda i den kanadiske storbyen Toronto. Gitaristen Robbie Robertson var den udiskutable sjefen over alle sjefar i den amerikansk-kanadiske supergruppa The Band på 1960- og -70-talet. Mi platehylle byr på Robertson sin vokal og gitar på The Band-plata Islands frå 1977, og hans eigen soloplate, Storyville, frå 1991. Robertson er omtala ved døypenamn og ikkje artistnamn når han er kreditert for å ha ytt bidrag på Bob Dylan si plate Blonde On Blonde frå 1966, eit samarbeid som skal være resultat av sterk gjensidig respekt mellom Dylan og gutane i The Band, så sterk respekt at Robertson også fekk oppgåva med å traktere gitaren på Dylan si plate Self Portrait. Også Carly Simon har nytt godt av Robertson sine tenester, og han er kreditert for gitarspel på utvalde spor på samleplata The Best Of Carly Simon frå 1975.

Andre jubilantar
Tommy Eyre (1949-2001)
Huey Lewis (1950)
Michael Monarch (1950)
Einar Thorbjørnsen (1965)
Bengt Lagerberg (1973)
Bizarre (1975)
Royce da 5'9'' (1977)

Fjerde juli

I 1944 kom Harvey Goldstein til verda på Manhattan i New York City. Bassisten Harvey Brooks si merittliste tel store namn som The Electric Flag og Eric Anderson, men i mi platesamling kan basspelet hans høyrast på Miles Davis si studioplate Bitches Brew, samt Bob Dylan si plate Highway 61 Revisited (1965), og utvalde spor på same mann si samleplate The Bootleg Series Vol 1-3 (1991).

Andre jubilantar
Richard Hyde (1936)
Mike Mainieri (1938)
Fred Wesley (1943)
Jeremy Spencer (1948)
Luis Jardim (1950)
Jörg Fischer (1957)
Kirk Pengilly (1958)
Anton Sanko (1960)
Michael Sweet (1963)
Ute Lemper (1963)
William Goldsmith (1972)

Tredje juli

I 1975 kom Javier Andrés Weyler til verda i Buenos Aires i Argentina. Trommisen Javier Weyler overtok trommestolen i Stereophonics etter Stuart Cable og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Language. Sex. Drugs. Other? frå 2005. Weyler gav frå seg trommestolen i bandet i 2012 og gjev i dag ut plater under aliaset Captain Melao.

Andre jubilantar
Tomme Tedesco (1930-1997)
Rene Toledo (1957)
Alain Whyte (1967)
Kevin Hearn (1969)

22.07.2018

Andre juli

I 1949 vart Roy J. Bittan fødd i Rockaway Beach i Queens i New York City. Roy «The Professor» Bittan er merittert tangentmann i Bruce Springsteen sitt E Street Band, i tillegg til høgt skatta studiomusikar for ei rekkje store artistar. Hjå meg kan Bittan høyrast på platene Bat Out Of Hell, som var Meat Loaf sitt bidrag til platehyllene i 1977, og The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982. Bittan er også kreditert for å spele ulike tangentinstrument på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road frå 1998.

Andre jubilantar
Lee Allen (1927-1994)
Bobby Ellis (1932-2016)
David Palmer (1937)
William Guest (1941-2015)
Duncan Mackay (1950)
Mark Hart (1953)
Andy Marvel (1958)
David R. Ferguson (1962)
Ulf Ivarsson (1965)

Fyrste juli

I 1945 kom Deborah Ann Harry til verda i den solrike pensjonistbyen Miami i pensjoniststaten Florida. Songarinna og superblondina Debbie Harry er best kjend som vokalist i det amerikanske New Wave/Punk-bandet Blondie, men etter som eg er ein gut med røter på landsbygda, er eg naiv nok til at eg har svidd mine pengar på soloplata Rockbird frå 1986. Denne plata står nok som ein parentes i karrieren hennar, og i platehylla mi, diverre. Men etter at eg høglydt har lova å kjøpe Blondie-plater ei stund er det med glede eg no kan melde at Parallel Lines (1978) med klassikarar som Picture This og Heart Of Glas endeleg er på plass i hylla, i tillegg til den etterlengta attforeiningsplata No Exit frå 1999. Harry er også kreditert for å synge bakgrunnsvokal på Ramones si studioplate Pleasant Dreams (1981).

Andre jubilantar
Alvino Rey (1908-2004)
James Cotton (1935-2016)
Sandra Crouch (1942)
Fred Schneider (1951)
Dan Akroyd (1952)
Leon Chancler (1952)
Randall Hall (1954)
Roddy Bottum (1963)
Franny Griffiths (1970)
Missy Elliot (1971)

21.07.2018

Trettiande juni

I 1949 vart Andrew David Scott fødd i Wrexham i Wales. Gitaristen Andy Scott var gitarist i Sweet og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Sweet, som kom på marknaden i 1997.

Andre jubilantar
Jason Miles (1951)
Steve Waller (1951)
Trond Berg (1957)
Lars Lillo-Stenberg (1962)
Roger Miret (1964)

Tjueniande juni

I 1948 kom Ian Anderson Paice til verda i skogvaktarheimbyen Nottingham. Trommeslagaren Ian Paice er kjend for stødig takt for tungrockarane Deep Purple og er den einaste av medlemmene som kan høyrast på alle bandet sine plater. I mi platesamling kan Paice høyrast på studioplatene Machine Head frå 1972, Burn (1974), og Come Taste The Band (1975), i tillegg til konsertplata Nobodys Perfect frå 1988, og samleplata Power House frå 1977.

Andre jubilantar
Ralph Burns (1922-2001)
Richard James Burgess (1949)
Billy Hinche (1951)
Mitchell Froom (1953)
Collin Hay (1957)
Greg Hetson (1961)
Paolo Costa (1964)

Tjueåtande juni

I 1960 vart Howard Kusten fødd i New York City. Bassisten Howie Pyro var med å grunnleggje både The Blesssed og D Generation og kan i mi platesamling høyrast med hjelpevokal på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998.

Andre jubilantar
Russ Freeman (1928-2002)
Terry Stannard (1949)
Claudia Fontaine (1960)
Mark Stoermer (1977)
George McCurdy (1981)

20.07.2018

Tjuesjuande juni

I 1958 vart Lisa Ruth Germano fødd i Mishawaka i Indiana. Multiinstrumentalisten Lisa Germano kan hjå meg høyrast medan ho spelar fiolin på John Mellencamp si plate Big Daddy frå 1989, i tillegg til platene The Fire Inside frå Bob Seger And The Silver Bullet Band, og Real Life frå Simple Minds, begge slepte i 1991.

Andre jubilantar
Bruce Johnston (1942)
Glenn Ferris (1950)
Serge Perathoner (1953)

Tjuesjette juni

I 1942 vart Samuel Taylor fødd i verdsmetropolen New York City. Bassisten Larry Taylor har spelt med store namn som Jerry Lee Lewis og Canned Heat, men i mi platehylle er det som ein del av Tom Waits sitt band han kan høyrast. Taylor sitt basspel kan høyrast på Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variations (1999).

Andre jubilantar
Reggie Workman (1937)
Georgie Fame (1943)
Richard McCracken (1948)
Teddy Currenti (1951)
Mick Jones (1955)
Chris Isaak (1956)
Patty Smyth (1957)
Rune Annaniassen (1959-1996)
Richard Cottle (1960)
Rosie Gaines (1960)
Trey Azagthoth (1965)
Collin Greenwood (1969)
Nathan Followill (1979)
Ryan Tedder (1979)

19.07.2018

Tjuefemte juni

I 1946 kom Allen Glover Lanier til verda på Long Island i New York. Allen Lanier var ein av grunnleggjarane av Blue Öyster Cult, der han spelte både keyboard og gitar. Lanier hadde eit opphald frå bandet frå 1985 til 1987 og slutta for godt i 2006. Hjå meg kan Lanier høyrast på studioplata Spectres frå 1977. Lanier er også kreditert for å spele keyboard på eitt spor på Patti Smith si studioplate Easter frå 1978. Lanier døyde i 2013.

Andre jubilantar
David T. Walker (1941)
Joe Chambers (1942)
Carly Simon (1945)
Radka Tonef (1952-1982)
Tim Finn (1952)
David Paich (1954)
Porky (1962)
George Michael (1963-2016)
Zim Zum (1969)
Øyvind Brække (1969)

Tjuefjerde juni

I 1944 kom Geoffrey Arnold Beck til verda i Wallington ved London. Gitaristen Jeff Beck si karriere let seg vanskeleg oppsumere på liten plass, men tida med Yardbirds, Jeff Beck Group og ei rekkje andre samarbeidsprosjekt har resultert i uendeleg mykje bra musikk. I mi samling finn ein soloplata Who Else frå 1999. I tillegg kan Beck sitt briljante gitarspel nytast på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992.

Andre jubilantar
Gene Mumford (1925-1977)
Mick de Alburquerque (1944)
Mick Fleetwood (1947)
Steuart Smith (1952)
Terrence Wilson (1957)
Siedah Garrett (1960)
Curt Smith (1961)
Smitty Smith (1961)
Niklas Helberg (1964)
Richard Z. Kruspe (1967)
Nikolai Eilertsen (1978)

18.07.2018

Tjuetredje juni

I 1929 kom Valerie June Carter til verda i Hiltons i Virginia. Komponisten og songarinna June Carter hadde ei etablert karriere saman med fleire slektningar i songgruppa The Carter Family frå siste halvleik av førtitalet, og var etablert som stor stjerne «over there», før ho involverte seg i det som, etter omvegar, vart eit langt og givande ekteskap med countrystjerna Johnny Cash. Før ekteskapet med Johnny var June gift med komponisten Carl Smith, eit ekteskap som resulterte i dottera Carlene Carter. Det vert hevda at June gav opp si eiga karriere for å stå bak ektemannen, men ho har heile vegen pleia si eige karriere både som låtskrivar og artist og ho har mellom anna skrive teksten til songane Ring Of Fire, som heldigvis ikkje dukka opp i reklame for hemoroidekrem, slik nokre driftige reklamemenn ville, og Jackson, som ho har framført i duett saman med ektemannen i fleire versjonar. Hjå meg kan June Carter høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på ektemannens sine studioplater Orange Blossom Special (1965), The Johnny Cash Children’s Album (1974) og American III: Solitary Man (2004), konstertplatene At Folsom Prison (1968) og At San Quentin (1969), og den uautoriserte samleplata 54 Great Performances (2004). I tillegg kan June Carter høyrast med samlinga Collections der det er plukka ut utvalde duettar der ekteparet syng saman. Carter døyde i 2003.

Andre jubilantar
Nick DeCaro (1938)
Stu Sutcliff (1940-1962)
Svein Greni (1953)
Randy Jackson (1956)
Chris Holmes (1958)
Brendan O'Brian (1960)
Steve Shelley (1962)
Paul Arthurs (1965)
Richard Norris (1965)
KT Tunstall (1975)

Tjueandre juni

I 1936 kom Kristoffer Kristian Kristofferson til verda i Brownsville i skytegale Texas. Artisten, skodespelaren og tekstforfattaren Kris Kristofferson er best kjend for å ha skrive songar som Me And Bobby McGee, udødleggjort av Janis Joplin, og songen som skildrar fyllesjuke og einsemd betre enn nokon annan, Sunday Morning Coming Down. Dei som vitjar meg for å høyre Kristofferson sjølv synge, må nøye seg med å høyre det han gjorde saman med tre andre outlaws, Johnny Cash, Willie Nelson og Waylon Jennings, i gruppa Highwayman, eller å høyre han syngje bakgrunnsvokal på country-kompisen Willie Nelson si studioplate Accros The Borderline frå 1993.

Andre jubilantar
Ralph Molina (1943)
Todd Rundgren (1948)
Cyndi Lauper (1953)
Bobby Valentino (1954)
Derek Forbes (1956)
Garry Gary Bears (1957)
Lance Ellington (1957)
Ruby Turner (1958)
Alan Anton (1959)
Jimmy Sommerville (1961)
Andreas Frege (1962)
Bobby Gillespie (1962)
Steve Vaughan (1962)
Dicky Barrett (1964)
Mike Edwards (1964)
Steven Page (1970)

17.07.2018

Tjuefyrste juni

I 1944 kom Raymond Douglas Davies til verda i London. Songaren Ray Davies var den kreative krafta i The Kinks, som han starta saman med broren Dave. I dag er Davies kjend som ein gamal grinebitter som berre kritiserar andre musikarar for at dei ikkje veit noko om korleis god musikk skal lagast, noko han sjølv ikkje har gjort på ganske mange år. Hjå meg kan Davies høyrast på The Kinks-samleplata Greatest Hits frå 1996.

Andre jubilantar
Eumir Deodato (1943)
Brenda Holloway (1946)
Doug Hastings (1946)
Don Airey (1948)
Joey Kramer (1950)
Trygve Thue (1950)
Nils Lofgren (1951)
Marcy Levy (1952)
Henry Priestman (1955)
Mark Brzezicki (1957)
Manu Chao (1961)
Tim Simenon (1967)
Håkon Gebhardt (1969)
Pat Sansone (1969)
Jarle Bernhoft (1976)

Tjuande juni

I 1924 vart Chester Burton Atkins fødd i Luttrell i Tennessee. Gitaristen Chet Atkins gjorde seg merkt for den spesielle spelestilen sin og gjorde ei rekkje instrumentalhits på seksti- og syttitalet. Hjå meg kan Atkins sitt glitrande gitarspel høyrast på utvalde spor på Elvis Presley si samleplate 30 #1 Hits, som kom på marknaden i 2002. Atkins døyde i 2001.

Andre jubilantar
Jimmy Driftwood (2007-1998)
Eric Dolphy (1928-1964)
Bob Neuwirth (1939)
Brian Wilson (1942)
Alan Longmuir (1948)
Bob Andrews (1949)
RBX (1968)
Twiggy Ramirez (1971)
Charlotte Hatherley (1979)

16.07.2018

Nittande juni

I 1948 vart Nicholas Rodney Drake fødd i den eksotiske storbyen Rangoon i det som i dag vert kalla Myanmar. Den engelske artisten Nick Drake rakk berre å gje ut tre plater frå han debuterte i 1969 og nådde aldri store salstal. Likevel vert Drake i dag rekna som ein av dei artistane som har hatt mest påverknad på engelsk popmusikk i dag. Hjå meg finn du debutplata Five Leafs Left (1969), og Pink Moon frå 1972, som var den siste plata han slepte. Drake døyde så altfor ung i 1974.

Andre jubilantar
Ann Wilson (1950)
Thighpaulsandra (1958)
Luke Morley (1960)
Silje Nergaard (1966)
Brian Welch (1970)
Scott Avett (1976)

Attande juni

I 1942 kom James Paul McCartney til verda i den engelske hamnebyen Liverpool. Alle platesamlingar treng bidrag frå Sir Paul si tid i Beatles, og tida som soloartist, og begge delar er sjølvsagt på plass, samleplata Anthology I (1995) og studioplata Flaming Pie (1997). Enno manglar nokre spor frå tida i Wings, men gje tol, det kjem. McCartney er også kreditert for vokalhjelp på utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975.

Andre jubilantar
Gladstone Anderson (1934-2015)
Richard Perry (1942)
Rod de'Ath (1950-2014)
West Arkeen (1960-1997)
Alison Moyet (1961)
Oz Fox (1963)
Dizzy Reed (1963)
Pål Pot Pamparius (1969)

15.07.2018

Syttande juni

I 1953 kom Philip Ryan til verda i den irske hovudstaden Dublin. Ryan var kjend under aliaset Phil Chevron, var ein av grunnleggjarane av The Radiators og vart rekna som ein av dei viktigaste figurane i irsk punk. Ryan slo seg saman med The Pogues tidleg på åttitalet, og kun avbrutt av eit lang avrusingsopphald spela han med bandet fram til han døyde av kreft i 2013. Hjå meg kan Chevron høyrast på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). I mi platesamling kan Chevron også høyrast saman med resten av The Pogues på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road, som kom på marknaden i 1988. Chevron døyde i 2013.

Andre jubilantar
Farrell Morris (1938-2012)
James Gadson (1939)
Chuck Rainey (1940)
Chris Spedding (1944)
B.J. Cole (1946)
Gregg Rolie (1947)
Paul Young (1947-2000)
Bruce Rasmussen (1955)
Jello Biafra (1958)
Bap Kennedy (1962)
Michael Monroe (1962)
Steve Kravac (1964)
Eric Stefani (1967)
Robert Hunecke-Rizzo (1971)
Esben Selvig (1978)

Sekstande juni

I 1947 kom Tom Malone til verda på Hawaii. Tom “Bones” Malone spelar dei fleste blåseinstrument, men er best kjend for å spele trombone. Malone er fast medlem av The Blues Brothers og kan i mi platehylle høyrast på plata Breiefcase Full Of Blues (1978) og samleplata Best Of The Blues Brothers (1981). Malone sitt arbeid kan elles høyrast på The Band si plate Islands frå 1977, samt samleplatene Hits Out Of Hell, som Meat Loaf slepte i 1984, og The Very Best Of Lou Reed (2000).

Andre jubilantar
Robbie Montgomery (1940)
Mick Weaver (1944)
Doane Perry (1954)
Sal Cuevas (1955)
Ben Granfelt (1963)
Heinz Liljedahl (1965)
Torgny Amdam (1974)
Cian Ciaran (1976)

14.07.2018

Femtande juni

I 1937 vart countryartisten Waylon Arnold Jennings fødd i Littlefield i skytegale Texas. Waylon Jennings var kompis med den avdøyde rockelegenda Buddy Holly, og han har meir enn seksti plater på samvitet som soloartist. Jennings var også svirrebror med meir meritterte Johnny Cash då dei levde som country-verdas “Outlaws” på slutten av sekstitalet. Som ein av grunnleggarane av såkalla Outlaw-country var han sjølvskriven medlem då fire stjerner slo seg saman som supergruppa Highwayman, som har lurt samleplata Super Hits inn i mi platehylle, men Jenning er i mi platehylle også representert med soloplata ’Ol Waylon frå 1977. Jennings la opp som artist eit år før han døyde av diabetes i 2002.

Andre jubilantar
Colin Wood (1943)
Eddie Hinton (1944)
Leo Nocentelli (1944)
Noddy Holder (1946)
Brother Larry Eaglin Jackson (1947)
Dennis Dreith (1948)
Geir Solheim (1951-2007)
Sakke Järvenpää (1954)
Bernie Shaw (1956)
Brad Gillis (1957)
Stry Terrarie (1957)
Scott Rockenfield (1963)
Rikki Rachtman (1965)
Hank von Helvete (1972)
Øystein Greni (1974)
Helge Risa (1975)

Fjortande juni

Fjortande juni 1943 vart Dewey Lindon Oldham fødd i Center Star i Alabama. Pianisten Spooner Oldham er godt kjend for samarbeidet med superstjerna Neil Young og kan i mi samling høyrast på studioplatene Comes A Time (1978) og Silver And Gold (2000). Det eminente tangentspelet til Oldham kan også høyrast på Bob Seger si studioplate Beautiful Loser (1975), og på Closer To The Truth, som var Tony Joe White sitt bidrag til platehyllene i 1991. Oldham er også kreditert for å traktere pianoet på utvalde spor på samleplatene The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1. (1994), og Classics (J.J. Cale, 1999).

Andre jubilantar
Rod Argent (1945)
Steve Hunter (1948)
Alan White (1949)
Jim Lea (1949)
Trond-Viggo Torgersen (1952)
Giana Nannin (1954)
Chad Cromwell (1957)
Marcus Miller (1959)
Chris DeGarmo (1963)
Mike Scaccia (1965-2012)
Matt Freeman (1966)
Chris Chaney (1970)
Gay-Yee Westerhoff (1973)

13.07.2018

Trettande juni

I 1970 kom Rivers Cuomo til verda i den sjarmerande storbyen New York City. Cuomo er songar i Weezer og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Weezer (The Blue Album (1994), Pinkerton (1996) og Weezer (The Green Album) frå 2001.

Andre jubilantar
Phil Bodner (1917-2008)
Howard Leese (1951)
Russel Javors (1952)
Greg Cohen (1953)
Anders Norudde (1960)
Stefane Mellino (1960)
Angie Brown (1963)

Tolvte juni

I 1937 kom Lincoln Wayne Moman til verda i La Grange i Georgia. Plateprodusenten Chips Moman har vore i kontrollrommet under innspelingar med Elvis Presley og Bobby Womack, hjå meg kan han høyrast medan han spelar gitar for Aretha Franklin på utvalde spor på samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1 frå 1994, og på samleplata Highwaymen, som supergruppa med same namn slepte i 1999. Moman døyde i 2016.

Andre jubilantar
Chick Corea (1941)
Marv Albert (1941)
Reg Presley (1944-2013)
John Wetton (1949-2017)
Bun E. Carlos (1951)

12.07.2018

Ellevte juni

Ellevte juni 1920 vart Sheldon Manne fødd i New York City. Jazztrommisen Shelly Manne er arveleg disponert for trommespel, både faren og onkelen var profesjonelle trommeslagarar, og hjå meg kan han høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992, og Tom Waits si studioplate Small Change frå 1976. Manne døyde i 1984.

Andre jubilantar
Bob Gordon (1928-1955)
Barry Purdie (1939)
Frank Beard (1949)
Mark Nauseef (1953)
Barry Adamson (1958)
The Head (1959)
Rob Birch (1961)
Joe Holmes (1963)
Sola Jonsen (1963)
Steve Drozd (1969)
Frode Jacobsen (1974)

Tiande juni

I 1910 kom Chester Arthur Burnett til verda i White Station i Mississippi. Howlin’ Wolf slo gjennom som førtieinåring i 1951 og vart gjennom ein kort og hektisk karriere ein av dei mektigaste røystene i rocken si soge. Hjå meg kan Wolf høyrast på samleplata Moanin’ At Midnight – 20 Blues Classics der han ular seg gjennom det meste av det beste han slepte gjennom karriera si. Howlin’ Wolf døyde i 1976.

Andre jubilantar
João Gilberto (1931)
Gene Morford (1939-2005)
Paul Rekow (1954-2015)
Kenney Dale Johnson (1955)
Alfie Silas (1956)
Mickey Curry (1956)
Kim Deal (1961)
Jimmie Chamberlin (1964)
Joey Santiago (1965)
Tommy Coster (1966)
Erik Rutan (1971)