31.07.2011

Trettifyrste juli

Trettifyrste juli 1947 vart Karl Anthony Green fødd i nærleiken av Manchester. Karl Green var bassist i Herman’s Hermits på sekstitalet. I 1957 kom Daniel Gaston Ash til verda i Northampton. Daniel Ash spelte gitar og saksofon i Bauhaus og kan høyrast på plata In The Flat Fields frå 1980. I 1963 kom Quentin Leo Cook til verda i eksotiske Reigate i Surrey i England. Som medlem av The Housemartins og Freak Power og under pseudonym som Fatboy Slim og Norman Cook har han produsert ei rekkje hits, underheldt med mange videoar og fylt utallige dansegolv verda over. I mi platehylle finn ein Cook på Freak Power si plate Drive Thru Booty-In Dub-Fried Fink Food, og under aliaset Pizzaman med plata Pizzamania frå 1995. I 1963 døyde Curtis Counce. I 1981 kom Toy Dolls til Highfell Club i Gateshead for å spele. I 1982 såg publikum på Westlea i Sunderland Toy Dolls i levande live. I 1992 spelte Iron Maiden for meir enn hundre tusen ellevile sambavante publikumarar på Maracanzinho Stadion i Rio de Janeiro.

30.07.2011

Trettiande juli

Trettiande juli 1945 vart David Sanborn fødd i Tampa. Sandborn har gjeve ut fleire soloplater og har spelt med fleire store namn som James Brown og Eric Clapton. I mi platesamling kan Sanborn høyrast på plata All American Alien Boy med Ian Hunter. I 1946 kom Jeffrey Hammond til verda i badebyen Blackpool. Hammond laga god basslyd i Jethro Tull i åra frå 1971 til 1975 og kan hjå meg høyrast på platene Aqualung og Thick As A Brick. I 1955 var Johnny Cash i legendariske Sun Studios, der Sam Philips regjerte, og spelte inn Folsom Prison Blues. Songen vart gjeven ut som Sun Reccords sin single nummer 232 og er i tillegg tilgjengeleg på ei rekkje samleplater, mellom anna plata Murder frå 2000. I 1958 vart Catherine Bush fødd i Kent i England. Kate Bush er vedunderbarnet som fekk platekontrakt som sekstenåring og som har gjeve oss kvalitetspop med jamne mellomrom sidan. Mi platehylle inneheld plata Lionheart frå 1978. I 1968 kom Sean Moore til verda i Pontypool i Wales. Moore er trommeslagar i bandet Manic Street Preachers og kan hjå meg høyrast medan han held takten på platene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993), The Holy Bible (1994) og This Is My Truth Tell Me Yours (1998). I 1969 gav Miles Davis ut plata In A Silent Way. I 1983 fekk Motörhead singelen Shine/Hooche Coochie Man (Live) ut på marknaden. I 2001 gjekk Brazz Brothers i Rommarö Studios for å gå i gang med innspelinga av plata Aquarius, medan The Strokes passa på å nytte dagen til å sleppe plata Is This It, bandet sin debut. I 2003 spelte AC/DC på Toronto Rocks Festival på Downsview Park. Trufaste fans fekk høyre dei godt vaksne rockarane framføre If You Want Blood (You’ve Got It), The Jack og You Shook Me All Night Long, som alle kan opplevast på DVD-samlinga Plug Me In.

Tjueniande juli

28.07.2011

Tjueåttande juli

Tjueåttande juli 1943 vart gitaristen Michael Bernard Bloomfield fødd i Chicago. Mike Blomfield landa på ein tjueandreplass på Rolling Stone Magazine si liste over verdas hundre beste gitaristar frå 2003 og kan i mi platesamling høyrast medan han leikar med strengane på Bob Dylan si plate Highway 61 Revisited frå 1965. I 1949 kom Simon Frederic St Georg Kirke til verda i London. Simon Kirke har hausta heider som ein av verdas framste trommisar, kjend mellom anna for tida i Free. Hjå meg kan Kirke høyrast medan han trommar for supergruppa Bad Company på plata Straight Shooter frå 1975. I 1950 kom gitaristen Roy Rogers til verda i Redding i California. Roy Rogers har operert som hjelpegitarist for John Lee Hooker, Sammy Haggar, Linda Ronstadt og fleire. I tillegg til å gje ut plater under eige namn, er Rogers også frontmann i trioen The Delta Rhythm Kings. Chops Not Chaps frå 1986 er Rogers sitt bidrag til mi platehylle. I 1969 slepte Grand Funk Railroad singelen Time Machine/ High On A Horse, for å promotere plata On Time. Singelen klatra til ein beskjeden førtiåttandeplass på listene. I 1979 vart Kjetil-Vidar Haraldstad fødd. Frost har tromma for fleire norske metallband, som Gorgoroth og Keep Of Kalessin, og spelar i dag i Satyricon og 1349. Det er på plata III frå sistnemnde band Frost kan høyrast hjå meg. I 1983 spela Men at Work i Merriweather Post Pavillion i Columbia, Marryland og hendinga vart spela inn av ABC Rock Radio Network. Songen I like to (live) kan høyrast på B-sida av singelen Dr. Heckyll & Mr. Jive og samleplata Contraband: The Best Of. I 1986 gav Neil Young ut plata Landing On Water på plateselskapet til David Geffen.

Tjuesjuande juli

Tjuesjuande juli 1960 vart den australske pianisten Conway Savage fødd. Savage har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men er best kjend for å spele saman med The Bad Seeds og kan i mi platesamling høyrast på plate The Boatman’s Call frå 1997. I 1964 gjekk Johnny Cash i gang med innspelinga av ein tidleg versjon av Bob Dylan sin alltid like vakre Mama You’ve Been On My Mind. Denne versjonen vart utgjeven same året i Tyskland, men amerikanarane fekk ikkje nyta han før han dukka opp på ei samleplate så seint som i 2002. I 1982 var Ebba Grön på Rockslagfestivalen i Karlshamn, dei frammøtte fekk høyra Die Mauer, Flyktsoda, Malmö City og Born To Be Wild, som alle kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1984 gav Metallica ut den andre plata si, Ride The Lightning. I 1993 slepte The Smashing Pumpkins plata Siamese Dream, som var bandet si andre studioplate.

26.07.2011

Tjuesjette juli

Tjuesjette juli 1943 kom det ein kar med namnet Michael Phillip Jagger til verda. Mick Jagger er best kjend som songar i Rolling Stones gjennom snart femti år og for det fruktbare låtskrivarsamarbeidet med Keith Richard, og ikkje minst for forhold til fleire profilerte fotomodellar. I mi platehylle står ei av gamle Mick sine soloalbum, Wandering Spirit frå 1993. I 1949 vart Roger Meddows Taylor fødd i Dersingham. Taylor er kjend for å halde takten i Queen, men i mi platehylle er det som korist på You Nearly Did Me In frå plata All American Alien Boys han kan høyrast. Plata var Ian Hunter sitt bidrag til musikkhistoria i 1976. I 1956 var Chet Baker i studio og spela inn Sweet Lorraine og Minor Yours. Bandet bestod av Pete Jolly på piano, bassisten Leroy Vinnegar og Stan Levey på trommer. På Minor Yours spelte også saksofonistane Art Pepper og Richie Kamuca. Begge songane kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. I 1965 var denne dagen fødselsdagen til James William Lindeberg. Lindeberg er best kjend som vokalist i bandet Pennywise, men i mi platehylle må ein nøye seg med og høyre han synge gjestevokal på songen Marked frå Bad Religion si plate Stranger Than Fiction (1994). I 1968 slepte Aretha Franklin singelen The House That Jack Built. B-sida var ein versjon av Burt Bacharach sin I Say A Little Prayer. I 1980 stod Toy Dolls på scenen i Labour Club i Hordon. I 1990 døyde Brent Mydland. I 2010 døyde Ben Keith.

Tjuefemte juli

Tjuefemte juli 1950 kom Mark Clarke til verda i Liverpool. Clarke kan hjå meg høyrast medan han spelar bass på Uriah Heep-songen The Wizzard som han var med å komponere. Songen kan høyrast på plata Demons And Wizzards frå 1972. I 1955 kom Jeremy Finer til verda i pottemakarbyen Stoke-on-Trent. Jem Finer var ein av grunnleggarane av folkpunk gruppa The Pogues der han gir sitt bidrag til lydbiletet ved å spele banjo og ein del andre strengeinstrument. Han kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1958 vart Thurston Joseph Moore fødd i Florida. Thurston More er ein av grunnleggjarane av Sonic Youth og vert rekna som ein habil gitarist. I 1970 vart Brian Blade fødd i Shereveport i Louisiana. Blade sitt stødige trommespel kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997. I 1980 gav AC/DC ut plata Back In Black. Plata er det mest selde hardrockalbumet nokon sinne og eg eig vedunderet både på langspelplate og kompaktdisk. I 1982 kunne Toy Dolls høyrast på Shineyrow Club i Sunderland. I 1989 gav Beastie Boys ut plata Paul’s Boutique, som var den fyrste plata eg kjøpte frå den amerikanske trioen og som gjorde eit usletteleg inntrykk etter at det fyrste sjokket over at det ikkje var ei punkrapplate eg hadde kjøpt hadde lagt seg.

Tjuefjerde juli

Tjuefjerde juli 1958 var Johnny Cash i Nashville og spela inn It Was Jesus. I tillegg til det faste bandet med Luther Perkins på gitar og Marshall Grant på bass var Murray M. ”Buddy” Harman med på trommer, Marvin Hughes sat bak pianoet og Don Helms spela steel guitar. Songen vart gjeve ut i både stereo og mono og kan høyrast på plata Hymns som vart produsert av Don Law. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1969 var Johnny Cash i studio i Nashville og spela inn songen Come Along And Ride This Train. Produsent var Bob Johnston og det ferdige produktet vart ikkje tilgjengeleg for platekjøparane før samleplata Johnny Cash’s America kom på marknaden i 2008. Same dato i 1973 vart songen Tiger Whitehead foreviga. Artist var Johnny Cash og denne songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album. I 1987 døyde Dick Wellstood.

Tjuetredje juli

Tjuetredje juli 1928 kom bassisten William James Edwards Lee III til verda i Snow Hill i Alabama. Bill Lee sitt basspel kan høyrast hjå artistar som Harry Bellafonte og Aretha Franklin, men i mi platesamling er det på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965 ein kan høyre han. I 1930 vart saksofonisten Richie Kamuca fødd i Philadelphia. Kamuca var ein del av West Coast jazz-scena og kan hjå meg høyrast på plata Best Of Chet Baker Plays. Kamuca døyde i 1977. I 1961 kom Martin Lee Gore til verda i motorbyen Dagenham. Martin Gore har skrive mesteparten av låtane som Depeche Mode har spelt inn og er bandet si eigentlege stjerne. I 1968 vart trommeslagaren Nick Menza fødd i München. Menza er best kjend for å ha tromma takten for Megadeth frå 1988 til 1998 og kan i mi platesamling høyrast på plata Rust In Peace frå 1990. I 1970 var Jimi Hendrix i studio med Band Of Gypsies og spelte inn Angel, som seinare vart ein hit for den skotske fotballentusiasten Rod Stewart. I 1982 var det høve for publikum på Honeysuckle i Gateshead å høyre Toy Dolls. I 1984 hadde Toy Dolls teke turen til Hollywood for å spele på Logics. I 2011 døyde Amy Winehouse.

22.07.2011

Tjueandre juli

Tjueandre juli 1924 kom saksofonisten Bill Perkins til verda i solrike San Francisco. Bill Perkins sitt saksofonspel kan nytast på plata Best Of Chet Baker Plays. Perkins døyde i 2003. I 1941 vart George Clinton fødd i Kennapolis i North Carolina. Clinton er i tillegg til eiga solokarriere, kjend frå band som Funkadellics og han vert rekna som kongen av funk. Hjå meg kan Clinton høyrast på plata Greatest Hits som oppsummerar noko av det beste han gjorde før me gjekk inn i det nye milleniet. Clinton har også produsert plater for andre artistar og er i mi platehylle mannen bak lyden på Red Hot Chili Peppers-plata Freakey Style frå 1985. I 1970 nytta gitarhelten Jimi Hendrix datoen til å fullføre innspelinga av In From The Storm i Electric Ladyland Studios. I 1973 fekk Loudon Wainwright III ein son som skulle få namnet Rufus McGarrigle Wainwright. Rufus Wainwright er ein suksessfull musikar og har gjeve ut fleire kritikarroste album. Mi platehylle byr enn så lenge på debutplata Rufus Wainwrith frå 1998. I 1977 gav Yes ut sitt åttande studioalbum, Going For The One, same dag som Richie Kamuca døyde av strupekreft. I 1984 stod Music Machine i Santa Monica som vertskap for Toy Dolls. I 2010 døyde Harry Beckett.

Tjuefyrste juli

Tjuefyrste juli 1953 vart multiinstrumentalisten Eric Bazilian fødd. Bazilian er beste kjend som medlem av The Hooters og har to bidrag i mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1955 kom Howard Norman Epstein til verda i ølbyen Milwaukee. Howie Epstein er best kjend for lang og tru teneste for Tom Petty sitt band The Heartbreakers, men hjå meg er det på Johnny Cash i plate Unchained frå 1996 gitarspelet hans kan høyrast. Epstein døyde i 2003. I 1970 bydde datoen på fyrste innspelingsdag på In From The Storm for gitargeniet Jimi Hendrix. I 1972 var dette dagen Johnny Cash festa Little Magic Glasses og (The) Timber Man til lydband heime i Hendersonville. Begge songane kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album som kom på marknaden i 1975. I 1984 var Toy Dolls attende og spela på Perkins Palace i Pasadena. I 1987 gav bandet Dio ut sitt fjerde studioalbum, Dream Evil, der den tidlegare Rough Cut-medlemmen Claude Schnell var med på keyboard. Same dag kom Guns ’n Roses med plata Appetite For Destruction som bydde på singlar som Welcome To The Jungle, It’s So Easy og Paradise City. I 1991 kunne Violent Femmes høyrast på The Boathouse i Norfolk. Songen Add It Up frå denne hendinga kan høyrast på ei samleplate med same namn. I 1998 slepte Eagle-Eye Cherry debutplata Desireless på den amerikanske marknaden. I 2000 spelte Oasis på Wembley Stadium i London. Konserten vart foreviga på band og seinare utgjeven som konsertplata Familiar To Millions, som kom på marknaden seinare same året. I 2002 kom Sonic Youth si sjuande studioplate, Dirty. I 2008 kom Primal Scream si niande studioplate, den fekk namnet Beautiful Future og har mellom anna Josh Homme frå Queens Of The Stone Age med som gjestegitarist.

Tjuande juli

Tjuande juli 1947 kom Carlos Augusto Alves Santana til verda i Mexico. Carlos Santana har imponert verda med sin blanding av rock, jazz og salsa sidan slutten av sekstitalet og vert rekna som ein av verdas framste gitaristar, sjølv om kvaliteten på karriera hans har vore særs svingande dei siste åra. I 1952 vart John French Segall fødd i New York City. Jay Jay French er rytmegitarist i glamrockbandet Twisted Sister. I 1959 kom den amerikanske countryartisten Radney Foster til verda i Del Rio i Texas. Foster si karriere er merkt av arbeidet han gjorde i duoen Foster & Lloyd, men hjå meg høyrer du røysta hans som bakgrunnsvokal på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1975 spelte Motörhead sin fyrste konsert. Det hendte på Roundhouse i London og i Mojo 212 erindrar Lemmy at We Weren’t Very Good-Bloody Awful, In Fact. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Castleside Club i Consett. I 1981 var dette datoen for utgjevnad av Pleasant Dreams frå Ramones. Media Sound i New York var åstad for innspelinga i mars og april same år og produsent var Graham Gouldman. We Want The Airwawes og The KKK Took My Baby Away kan høyrast på plata Ramones Mania. I 1984 var Toy Dolls sin Calilfornia-turné komen til Youth Hall i San Diego. I 1998 slepte Trang Fødsel si tredje studioplate, og den fekk namnet Feber

21.07.2011

Nittande juli

Nittande juli 1924 vart pianisten Alan Warren Haig fødd. Al Haig sitt pianospel kan høyrast på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957. Haig døyde i 1982. I 1947 kom gitaristen og astrofysikaren Brian Harold May til verda i London. Brian May er kjend for den fantastiske gitarlyden i Queen, men hjå meg er det som korist på Ian Hunter sin song You Nearly Did Me In frå plata All American Alien Boys han kan høyrast. I 1976 var Tom Waits med venner attende i Wally Heider Studios for andre innspelingsdag til plata Small Change. I 1980 gjekk det truleg varmt føre seg då Toy Dolls stod på scenen i W.M.C i Newbottle. I 1981 spela dei same Toy Dolls i Birds Nest i Hartlepool. I 1984 kunne rosin- og kvegbøndene i Fresno, California oppleve Toy Dolls på Warners.

Attande juli

Attande juli 1938 kom Ian Andrew Robert Stewart til veda i Fife i Skotland. Ian Stewart er best kjend for å spele piano for Rolling Stones, eit band han var medlem av fram til 1963, men i mi platehylle kan tangentspelet hans nytast på Stray Cats si plate Gonna Ball frå 1981. Stewart døyde i 1985. I 1955 vart Terry Chambers fødd i Swindon. Trommeslagaren Chambers var ein av grunnleggjarane av det britiske New Wave-bandet XTC og mi platehylle byr på plata Black Sea frå 1980. Chambers og bandet skilde lag i 1983. I 1970 kom Gruffyd Maredudd Bowen Rhys til verda i Haverfordwest. Gruff Rhys er gitarist og vokalist i det walisiske bandet Super Furry Animals, som har levert fleire sterke plater sidan starten i 1993. I 1981 reiste Toy Dolls til Middlesbrough for å spele på Plus One. I 1988 døyde Nico.

Syttande juli

Syttande juli 1921 kom jazzmusikaren George Barnes til verda i Chicago. Barnes vert rekna som den fyrste som gjorde gitaren ”elektrisk”, han har gjeve ut fleire plater under eige namn og han har spelt med mange store artistar. Hjå meg kan Barnes høyrast på plata The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Barnes døyde i 1977. I 1938 vart Sam Bronstein fødd i Brooklyn. Bronstein spelar til vanleg saksofon i bandet Elephant’s Memory, men hjå meg er det på Aerosmith si plate Draw The Line frå 1977 han kan høyrast. I 1947 kom Michael Thommas Tucker til verda i London. Mick Tucker var trommeslagar i det britiske glamrockbandet Sweet. Mick Tucker døyde i 2002. I 1949 vart Black Sabbath-bassisten Terrence Michael Joseph ”Gezer” Butler fødd i Birmingham. Butler treng eigentleg ikkje nærare presentasjon, men eg nyttar likevel høve til å presisere at eg er ekstremt fornøgd med at eg fekk høve til å sjå basslegenda saman med resten av Black Sabbath på Koengen i Bergen. I 1952 kom Nicolette Larson til verda i fjellstaten Montana sin hovudstad Helena. Larson plasserte seg på dei amerikanske countrylistene og hadde ein hit med Neil Young sin song Lotta Love i 1978. Hjå meg kan Larson høyrast på plata American Stars’N Bars som Neil Young gav ut i 1977 og Comes A Time, som same Young slepte året etter. Larson døyde i 1997. I 1959 døyde Billie Holiday. I 1962 stod She’s Not You i platehyllene. Artist var Elvis Presley og dei tre neste vekene hadde han fyrsteplassen i England. I USA fekk han sterk konkurranse og nådde berre til ein femteplass. I 1963 kom Kimberly D Shattuck til verda. Kim Shattuck er gitarist og vokalist i The Muffs. I 1967 døyde John Coltrane. I 1981 var Brewers Arms i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1983 var det Working Mans Club i Hetton som fekk vitjing av dei hårfagre pønkarane i Toy Dolls

Sekstande juli

Sekstande juli 1973 gav Bob Dylan ut soundtracket til filmen Pat Garrett & Billy The Kid. Dylan sjølv hadde ei statistrolle i filmen med same namn. Mellom dei medverkande musikarane på plata finn ein den kvinnelege gitaristen Caroll Hunter som vert rekna som den fyrste kvinnelege rockegitaristen, og Bruce Langhorne på akustisk gitar. I 1976 var AC/DC i Wimbledon Theatre i London og spela inn opptak til bruk i programmet Super Pop. DVD-samlinga Plug Me In byr på songane Live Wire og Can I Sit Next To You Girl frå programmet som vart sendt i august 1976. I 1981 spela Toy Dolls på Norsmann i Peterlee. I 1982 er Toy Dolls på plass i Old English Pub i Darlington.

Femtande juli

Femtande juli 1923 vart trommeslagaren Joseph Rudolph Jones fødd i Philadelphia. Philly Joe Jones kan i mi platesamling høyrast medan han spelar på songen Blues No 2 frå Miles Davis-plata Someday My Prince Will Come frå 1961. Jones døyde i 1985. I 1946 kom den amerikanske countrysongerinna Linda Maria Ronstadt til verda i Tucson, Arizona. Politisk aktive Linda Ronstadt si karriere omfattar fleire soloplater, men hjå meg må ein nøye seg med å høyre røysta hennar på plata American Stars’N Bars som Neil Young gav ut i 1977. I 1956 kom gitargeniet Joe Satriani til verda i Westbury i staten New York. Instrumentalisten Satriani er i mi platesamling representert med platene Not Of This Earth (1986) og Flying In A Blue Dream frå 1989, og på den siste plata gjer mannen med gitaren noko så uortodoks som å synge sjølv. Same dag vart Ian Kevin Curtis fødd i Stretford i England. Ian Curtis var vokalist i Joy Division og har fått plass i mi platehylle med den posthume singelsamlinga Substance frå 1988. Curtis døyde for eiga hand i 1980. I 1976 var fyrste innspelingsdag for Tom Waits si plate Small Change, som kom på marknaden seinare same året. Shelly Manne heldt takten, Jim Hughart trakterte bassen og Lew Tabackin assisterte mannen med grumserøysta på tenorsaksofon. Spor for ettertida er Tom Traubert’s Blues. I 1984 fekk dei frammøtte i Entertainment Factory i hovudstaden i solskinsstaten California, Sacramento, stifte kjennskap med Toy Dolls. I 1996 slepte The Vandals si femte studioplate, The Quickening.

Fjortande juli

Fjortande juli 1912 vart den amerikanske visesongaren Woodie Guthrie fødd med det politisk korrekte namnet Woodrow Wilson Guthrie i Okemah i Oklahoma. Guthrie var ei stor inspirasjonskjelde for dei mange visesongarane som prega det amerikanske hippiemiljøet på sekstitalet. Guthrie døyde i New York i 1967. I 1960 vart songarinna Angelique Kpasseloko Hinto Hounsinou Kandjo Manta Zogbin Kidjo fødd i Ouidah i Benin. Den fleirfaldig Grammy-nominerte songarinna, som til vanleg kortar namnet sitt ned til meir lettfattelege Angelique Kidjo er sterkt representert i mi platesamling, og det er ikkje utan grunn. I 1971 vart Nicholas Jonathon McCabe fødd i St. Helens. Nick McCabe var gitarist i The Verve og mi samling byr på gitarspelet hans på plata Urban Hymns frå 1997. I 1975 spelte The Who inn Squeeze Box på Sheperton Sound Stage. Innspelinga vart gjort ved hjelp av Faces-sjefen Ronnie Lane sitt Mobile Studio og produsent var Glyn Johnes. I 1978 fekk platekjøparane høve til å investere i The Who sin singel Who Are You, som klatra til attandeplass på listene. I 1984 var Toy Dolls å sjå på scenen i Mabuhay Gardens i San Francisco, California. I 1992 gav slidegitaristen Roy Rogers ut si fyrste soloplate, Chops Not Chaps. I 1998 gav Beastie Boys ut plata Hello Nasty. I 2003 slepte dei walisiske marxistane i Manic Street Preachers samleplata Lipstick Traces.

Trettande juli

Trettande juli 1928 vart Leroy Vinnnegar fødd i Indianapolis. Bassisten Vinnegar sitt stødige spel kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. Vinnegar døyde i 1999. I 1942 kom James Joseph McGuinn III til verda i bluesbyen ved dei store sjøane, Chicago. Med førenamnet forkorta til Roger gjorde unge McGuinn suksess som leiar av countryrockgruppa The Byrds på 1960-talet. I mi platesamling kan han høyrast som gitarist på Bob Dylan-plata Pat Garrett & Billy The Kid frå 1973. I 1955 fekk verda bassisten Mark Glickman. Mark ”The Annimal” Mendoza har vore innom både The Dictators og Blackfoot, men er best kjend som ein sentral del av rytmeseksjonen i det amerikanske glamrockbandet Twisted Sister, som herja listene på åttitalet. I 1957 slepte Elvis Presley ei singelplate med Don’t be Cruel og Hound Dog. Singelen låg på fyrsteplass i elleve veker i USA, i England nådde han andreplass. I 1970 kom The Who-singelen The Seeker ut og plasserte seg etter kvart på ein nittandeplass på listene. I 1973 slepte Bob Dylan plata Pat Garret & Billy The Kid som også var soundtrack for filmen med same namn. I 1979 var AC/DC på scenen i Riinhallen i Arnhem. Eit tjuefem minuttar langt opptak frå nederlandsk fjernsyn kan sjåast på DVD-plata Let There Be Rock og bandet spelte Higway To Hell, Bad Boy Boogie, The Jack, (I’m A) Rocker og den fantastiske songen om den tasmanske kjempedama, Whole Lotta Rosie. På DVD-samlinga Plug Me In er Rocker utelatt, men denne byr på så mykje anna gromme greier at den absolutt burde stå på pensumlista. I 1981 spelte Toy Dolls i Legions Club i South Shields. I 1982 viste BBC One delar av AC/DC sin opptredene i Largo/Landover året før. Dette var fjernsynssjåarane sitt første høve til å stifte kjennskap med opptaket av Back In Black og T.N.T., som ein i dag kan nyte på DVD’en Plug Me In. I 1984 var Toy Dolls i Los Angeles og spelte på Olympic Auditorium. I 1999 slepte Protein plata Songs About Cowgirls.

Tolvte juli

Tolvte juli 1927 vart Secondo Candoli fødd i Indiana. Trompetisten Conte Candoli har spela med storbandleiarar som Benny Goodman og Dizzie Gilespie, men hjå meg er det saman med Chet Baker han kan høyrast. Plata heiter Best Of Chet Baker Plays. Candoli døyde i 2001. I 1950 kom Paul Charles Caravallo til verda i New York. Carvallo er best kjend for å, under namnet Eric Carr, avløyse Peter Criss på trommestolen i Kiss. Hjå meg kan Carr høyrast på platene Music From The Elder og Crazy Nights. Carr døyde i 1991. I 1960 var Count Basie i studio og spelte inn Rock-A-Bye Basie, Frank Wess og Frank Foster var solistar på høvesvis alt- og tenorsaksofon, medan Thad Jones tok rolla som trompetsolist. Resultatet kan høyrast på plata Atomic Swing.

Ellevte juli

Ellevte juli 1946 er fødselsdagen for John Lawton. Lawton erstatta David Byron som vokalist i Uriah Heep frå plata Firefly i 1976. Hjå meg kan Lawton høyrast på plata Fallen Angel frå 1978. I 1959 vart Suzanne Nadine Peck fødd i Santa Monica i California. Suzanne Vega har gjort stor suksess med songar som Luca og Tom’s Diner og mi platehylle byr på samleplata Tried And True The Best Of… frå 1998. I 1973 spela Johnny Cash inn Old Shep i Hendersonville. Denne kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album, som med unntak av innspelingsdagen 21 juli 1972 var produsert av Charlie Bragg og ”The Man In Black”. På denne plata nytta Cash seg av musikarane Ray Edenton, Larry Gatlin, David Jones, Red Lane og Jerry Shook på gitar medan Carl Perkins og Bob Wootton er kreditert for glimrande spel på elektrisk gitar. Larry Butler, Larry McCoy, Bill Pursel, Bill Walker og Jerry Whitehurst har alle gjort ein innsats med pianospel medan bassen vart trektert av Cash sin faste bassist Marshall Grant. Trommene vart styrde av W.S. Holland og Don Favorite medan Fru Cash, June Carter, og Rosey Nix har kora for mennene. I 1978 kom Frode Sirevåg til verda. Denne kurriøse multikunstnaren har tatt steget inn i mi platehylle med kultdansebandet FrodeVidars, der han saman med kompisen Vidar Bratlund-Mæland radbrekker dansebandsjangeren med varierande hell. I 1981 slepte Motörhead livesingelen Motörhead/Over The Top. I 1988 kom Joy Division si singelsamling Substansce.

Tiande juli

Tiande juli 1942 kom verdas største vetle heavy metall-artist, Ronnie James Dio, til verda som Ronald James Padavona. Dio har ein curriculum vitae som inneheld Elf, Rainbow, Black Sabbath, Heaven & Hell i tillegg til hans eige band Dio. Etter som eg ikkje har heilt kontroll på platesamlinga mi har eg faktisk kjøpt plata Dream Evil to gonger og må med det kunne seie at eg har gjort mitt for å halde liv i ein gamal hardrockar. Klassikarar som Holy Diver og Rainbow-plata Long Live Rock’n Roll frå 1978 står sjølvsagt også på hylla saman med ei obskur bootleg-plate frå tida med Black Sabbath, Reviviscence!, som kom ut på italienske Robspierre Records i 1992. Plata er visstnok spela inn av ein publikummar under Monsters Of Rock i Reggio Emilia i Italia tolvte september i 1992 og har ein slett lydkvalitet, men er sjølvsagt interessant nok for blodfansen. Dio døyde diverre av kreft i 2010. I 1960 kom den australske bassisten Martyn Paul Casey til verda. Casey er best kjend for arbeidet sitt i Nick Cave sitt band The Bad Seeds og kan hjå meg høyrast på plata The Boatman’s Call frå 1997. I 1963 vart Andrew Giddings fødd i Kent. Giddings spelte keyboard i Jethro Tull i åra 1991 til 2007 og spelet kan i mi platesamling nytast på plata Catfish Rising frå 1991. I 1969 slepte Aretha Franklin singelen Share Your Love With Me. I 1983 var Toy Dolls i Shineyrow Club i Sunderland. I 1988 kunne Toy Dolls opplevast på festival i franske Lille.

Niande juli

Niande juli 1946 vart AC/DC vokalisten Bon Scott fødd som Ronald Belford Scott i Kirremuir, Skottland. Bon Scott hadde allereie ei etablert karriere som songar i ulike australske band då ha slo seg saman med dei mykje yngre Young-brørne på tampen av 1973, men det kunne ikkje måle seg med den suksessen han opplevde saman med AC/DC. I mi platehylle står samlinga Bonfire som er resten av bandet si hylling av vokalistlegenda. Scott døyde i 1980. I 1952 kom Carlos Perón til verda i Zürich. Perón var ein av grunnleggarane av det sveitsiske elektronicabandet Yello, men slutta i bandet etter dei tre fyrste platene. I mi platehylle finn du Perón på plata You Gotta Say Yes To Another Excess frå 1989. I 1964 vart Courtney Michelle Harrison fødd i hippiebyen San Francisco på den amerikanske vestkysten. Courney Love har ei fortid som barnepike for Joe Strummer sine ungar, men er best kjend for eit stormfylt ekteskap med avdødde Nirvanaleiar Curt Cobain og for å blotte brysta sine i ei rekkje samanhengar der slikt ikkje går upåakta hen. Courney Love har også ei eiga musikarkarriere saman med bandet Hole og i mi platehylle står for tida plata Celebrity Skin frå 1998. I 1965 vart Frank Bello fødd. Bello var bassist i det amerikanske hardrockbandet Anthrax fram til 2004 og kan i mi platesamling høyrast på platene State Of Euphoria frå 1998 og Persistence Of Time (1990). I det siste har Bello stadig oftare spelt saman med gamle kumpanar i Anthrax. I 1972 kom Simon Tong til verda. Tong er gitarist i tillegg til at han spelar keyboard og kan høyrast i både The Verve der han spelte frå 1996 til 1999 og mi samling byr på kritikarroste Urban Hymns frå 1997, og Gorillaz si plate Demon Days. I 1984 slepte Public Image Ltd plata This Is What You Want...This Is What You Get. I 1988 kunne Toy Dolls opplevast på Tolouse Open Air Show. I 2011 døyde Würzel.

Åttande juli

Åttande juli 1944 vart John Johan Johanson fødd i Ocean Springs i Mississippi. Jai Johanny Johansson nyttar også aliaset Jaimoe når han utøver sitt daglege virke som trommeslagar. Jaimoe er best kjend for det arbeidet han har gjort saman med The Allman Brothers Band, som han var med å grunnleggje i 1969. I 1961 kom Andrew John Fletcher til verda i den tradisjonsrike fotballbyen Nottingham. Andy Fletcher har ei fortid som bassist, men er best kjend for å traktere synth i Depeche Mode. I 1970 var dette dagen multiinstrumentalisten og musikkgeniet kjent som Beck (Hansen) kom til verda. Den gongen fekk han namnet Bek David Campell. Beck er eit samplingfantom som i tillegg til ulike instrument, nyttar samplingar frå ei rekkje andre artistar. I boka No Logo av Naomi Klein påstår forfattaren at plateselskapet hans tving andre artistar, som til dømes James Brown, til å låne ut rettane til musikken sine rimeleg for å fronte den vetle mannen sin musikk. Til tross for slike alvorlege skuldingar, i mi hylle finn ein likevel platene Odelay frå 1996, Midnite Vultures frå 1999 og Guerolito frå 2005.

Sjuande juli

Sjuande juli 1930 kom saksofonisten Hank Mobley til verda i Eastman i Georgia. Mobley kan i mi platesamling høyrast medan han spelar for Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. Mobley døyde i 1986. I 1932 vart Josef Erich Zawinul fødd i Austerriket sin flotte hovudstad Wien. Joe Zawinul fekk seinare eit musikkstipend ved eit prestisjeuniversitet på andre side av Atlanterhavet, der han etablerte seg som ein suksessfull jazzmusikar med keyboard som hovudinstrumet. Hjå meg er det på Miles Davis si plate In A Silent Way frå 1969 at Zawinul kan høyrast. Zawinul døyde i 2007. I 1940 vart Richard Starkey fødd. Starkey er best kjend som Ringo Star og har tent mesteparten av pengane sine som trommeslagar i den etter kvart vidgjetne Liverpool-kvartetten The Beatles. I mi platehylle finn du Beatles-samleplata Anthology 1, i tillegg kan Ringo Star kan høyrast når han har steppa inn som trommeslagar på eit par songar for Bob Dylan på plata Shot Of Love frå 1981. I 2003 platedebuterte The Darkness med Permission To Land.

Sjette juli

Sjette juli 1944 fekk Caldwell i Kansas ein felespelar i Byron Berline. Berline sitt felespel kan i mi platehylle høyrast på Bob Dylan si plate Pat Garret & Billy The Kid frå 1973. I 1952 vart Graham Oliver fødd i Mexborough. Oliver tente til salt i grauten som gitarist i Saxon i perioden 1977 til 1994 og mi platehylle byr på strengeleiken hans på plata Wheel Of Steel frå 1980. I 1971 døyde Louis Armstrong. I 1975 kom Curtis James Jackson III til verda i bydelen Queens i New York. Curtis har gjort seg kjend under artistnamnet 50 Cent og kan i mi platesamling høyrast på plata Get Rich Or Die Tryin’ frå 2003. I 1976 var Johnny Cash i studio og spelte inn Ballad Of Barbara som fekk plass på plata Last Gunfighter Ballad. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1977 kunne platebutikkane by på det som vart Elvis Presley sin siste hit medan han framleis var i livet. Way Down låg framleis på listene då ”Kongen” døyde på toalettet på Graceland. I USA var det rett nok aldri betre enn attande plass på listene, men i England låg låten fem veker som nummer ein. Sjette juni 1986 bydde på utandørskonsert med Toy Dolls i austerrikske Bregenz. I 2007 slepte The Smashing Pumpkins si sjuande studioplate, Zeitgeist, denne gongen med trommeslagar Jimmy Chemberlin som Billy Corgan si einaste støtte, etter at bandet eigentleg vart oppløyst i 2000.

Femte juli

Femte juli 1943 kom den kanadiske gitaristen Robbie Robertson til verda i Toronto. Jaime Royal Robertson var den udiskutable sjefen over alle sjefar i den amerikansk-canadiske supergruppa The Band på 1960- og -70-talet. Robertson er omtala ved døypenamn og ikkje kallenamn når han er kreditert for å ha ytt bidrag på Bob Dylan si plate Blonde On Blonde frå 1966, eit samarbeid som var resultat av sterk gjensidig respekt mellom Dylan og The Band. Elles byr mi platehylle på Robertson sin vokal og gitar på The Band-plata Islands frå 1977, og hans eigen soloplate, Storywille, frå 1991. I 1950 vart dagen merkt av at Steppenwolf-gitaristen Michael Monarch vart fødd i Los Angeles. I 1960 var det no eller aldri for Elvis Presley. Now Or Never toppa listene i fem veker i USA, åtte i England. I 1980 var dette datoen Norseman Hotel i Peterlee var vertar for Toy Dolls. I 1985 endar Iron Maiden sin eitt hundre og nitti konsertar lange World Slavery Tour med eit show i Irvine Meadows i California. I 1986 vart det høve for ihuga Motörheadbangers å kjøpe Motörhead sin singel Death Forever/On The Road (Live). I 1993 slepte Björk Gudmundsdottir plata Debut, som langt i frå var hennar platedebut. I 1996 leika AC/DC seg til tonane frå Gone Shotin’, opptaket frå VH1 sitt studio B er aldri sendt, men er likevel tilgjengeleg på DVD-samlinga Plug Me In.

Fjerde juli

Fjerde juli 1944 kom bassisten Harvey Brooks til verda som Harvey Goldstein i New York. Brooks si merittliste tel namn som Miles Davis, men i mi platesamling kan basspelet hans høyrast på Bob Dylan si plate Highway 61 Revisited frå 1965. I 1958 vart saksofonspelaren Kirk Pengilly fødd. Pengilly er best kjend for å spele med det australske rockebandet INXS. I 1963 vart den tyske kabaretsongarinna Ute Lemper fødd i Münster. Lemper er verdkjend for sine tolkingar av Kurt Weil sin musikk. I mi platehylle finn du plata Illutions frå 1992. I 1966 slepte Bob Dylan plata Blonde On Blonde. Laurdag fjerde juli 1970 spelte Jimi Hendrix på Atlanta Pop Festival. Stone Free og Fire vart spela inn på åtte spor framfor firehundretusen betalande publikummarar. I 1986 var Toy Dolls i Graz for å spele på Graz Club. I 1994 gav elektronicapønkarane i Prodigy ut plata Music For The Jilted Generation. I 2006 kom den posthume Johnny Cash-plata American V: A Hundred Highways.

Tredje juli

Tredje juli 1962 var Count Basie i studio og festa I Got It Bad (And That Ain’t Good) til platerullane, solist var Eric Dixon på tenorsaksofon. I 1964 gav The High Numbers ut sin fyrste singel I’m The Face. Songen var innspelt i Fontana Studios i London i juni same året. Gruppa vart seinare kjent som mod-ikona The Who og tok singelen med på samleplata Odds & Sods frå 1974. I 1971 vart Jim Morrison funnen daud i eit badekar i Paris. I 2001 slepte duoen The White Stripes plata White Blood Cells, som var deira tredje studioplate og den siste på eit uavhengig plateselskap. Produsent var frontmann Jack White.

Andre juli

Andre juli vart saksofonisten Lee Allen fødd i Kansas. Allen var ein del av den amerikanske jazzscena på femtitalet og har spelt inn plater med Fats Domino og Little Richard, og i mi platehylle kan saksofonspelet hans høyrast på Stray Cats si plate Gonna Ball frå 1981. Allen døyde i 1994. I 1937 kom David Victor Palmer til verda i London. Palmer spelte keyboard i Jethro Tull frå 1976 og kan hjå meg høyrast på platene Heavy Horses frå 1978 og samleplata Nightcap som er spela inn over fleire periodar på 1970-talet, men som ikkje kom på marknaden før i 1993. Palmer er i tillegg kreditert for orkesterarrangementa på ei rekkje Jethro Tull plater frå 1970-talet. Palmer har sidan skifta kjønn og går i dag under namnet Dee Palmer. I 1956 fekk Elvis Presley hjelp av The Jordanaires til å spele inn Don’t Be Cruel og Hound Dog. I 1979 gav Neil Young & Crazy Horse ut plata Rust Never Sleeps. Plata hadde ei akustisk og ei elektrisk side då vinylutgåva kom på marknaden. I dag får ein alt på ei side i digitalt format. I 1982 fekk dei frammøtte sjå at Toy Dolls heldt hus i Civic Hall i Gosforth. I 1983 kom singelen The Trooper frå Iron Maiden på marknaden, meisterverket nådde tolvteplass på listene. Same kveld kunne Toy Dolls høyrast i Working Mans Club i Newbottle.

Fyrste juli

Fyrste juli 1945 kom songarinna og superblondina Deborah Ann Harry til verda. Debbie Harry er best kjend som vokalist i det amerikanske New Wave/Punk-bandet Blondie, men etter som eg er ein gut med røter på landsbygda, er eg naiv nok til at eg har svidd mine pengar på soloplata Rockbird frå 1986. Denne plata står nok som ein parentes i karrieren hennar, og i platehylla mi, diverre. Men etter at eg høglydt har lova å kjøpe Blondie-plater ei stund er det med glede eg no kan melde at Parallele Lines (1978) med klassikarar som Picture This og Heart Of Glas endeleg er på plass i hylla. I 1951 vart ein annan markant skapning i platesamlinga mi, Frederick William Schneider III, fødd. Fred Schneider er ein av frontfigurane i det Athens, Georgia baserte New Wave bandet B52s, som han var med å starte i 1976. Schneider kan høyrast på platene Cosmic Thing frå 1989, Dance This Mess Around (1990) og Good Stuff, som kom på marknaden i 1992. I 1964 var dette andre og siste innspelingsdag av John Coltrane Quartet si plate Cresent. I 1971 kom Melissa Arnette Elliot til verda. Missy ”Misdemeanor” Elliot har markert seg i fleire delar av underhaldningsindustrien og kan i mi platesamling høyrast på plata Miss E...So Addictive frå 2001. Fredag fyrste juli 1977 var Ramones på Kelly’s Pub i St. Paul, Minnesota. Dei som løyste billett til denne hendinga betalte $4 og fekk sjå Berlin & The Suicide Commandos varme opp for dei skinnkledde New York-rockarane. I 1983 spelte Toy Dolls i levande live på Dingwalls i Sheffield.