30.04.2016

Trettiande april

Trettiande april 1933 kom Willie Hugh Nelson til verda i Abbot i skytegale Texas. Etter som eg ikkje er verdas største countryfan, var Willie Nelson lenge berre representert med ei samling av det beste han gjorde saman med kvartetten Highwayman, der han song i lag med stjernelaget Johnny Cash, Kris Kristoferson og Waylon Jennings. Men no er samlinga utvida, og studioplatene Stardust, frå 1977, og Across The Borderline, er kjøpt inn. Stardust vart spela inn med Booker T. Jones, mest kjend frå eit av verdas beste backingband, Booker T. & The MGs, bak spakane, og med mellom anna verdas beste kordame Emmylou Harris med i studio. I 1948 kom Wayne Kramer til verda i Detroit i Michigan. Kramer, som har vore innom Rolling Stone Magazine si topp hundre liste over verdas best gitaristar, kan i mi platesamling høyrast medan han bråkar i det amerikanske bandet MC5 på plata Back In The USA frå 1970. I 1957 var dette dagen verda fekk endeleg fekk stifte kjennskap til Elvis Presley sin legendariske versjon av Jailhouse Rock frå filmen med same namn. Musikken var sjølvsagt ved husbandet The Jordanairs. I 1968 kom Paolo Xisto Pinto Jr. til verda i solrike Belo Horizonte i Brazil. Paolo Jr. er bassist i Sepultura og er i dag einaste originalmedlem som er att i bandet. Hjå meg kan Pinto høyrast på plata Arise. Sundag trettiande april 1978 vart Brett Detar fødd i Greensburg i Pennsylvania. Detar har ei fortid som gitarist i Zao og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate Where Blood And Fire Bring Rest frå 1998. Same dag spela Cheap Trick andre og siste konsert av det som skulle ende opp som den trippel platina seljande konsertplata Cheap Trick At Budokan. Og på andre sida av jorda kunne AC/DC opplevast i levande live på The Apollo, i det som er fødebyen for dei to gitarspelande brørne Young, Glasgow i Skotland. Utdrag av denne konserten vart til konsertplata If You Want Blood, You’ve Got It, som kom på marknaden i oktober same året. I tillegg kan klassikarane Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog og Let There Be Rock både høyrast og sjåast på den dobbel DVD’en Plug Me In, som over to plater oppsummerar to vokalistar sitt arbeid for bandet. Riff Raff og Fling Thing/Rocker frå same kvelden må nytast på DVD-plata Family Jewels der ein også finn Rock’n Roll Damnation. I 1983 døyde Muddy Waters. I 1988 fekk dei frammøtte i Projeto SP i Sao Paolo sjå Toy Dolls sin andre konsert av fire på like mange dagar i same lokalet.

29.04.2016

Tjueniande april

Tjueniande april 1938 vart Klaus Voormann fødd i Berlin. Bassisten Voormann er best kjend for å designe omslag for andre artistar sine plater, men i mi platehylle kan du høyre han spele bass for Lou Reed på plata Transformer frå 1972, og på utvalde spor på samleplata The Best Of Carly Simon, som Carly Simon slepte i 1975. I 1958 spelte Count Basie med storband inn songen Fair And Warmer med solistane Benny Powel, trombone, og Billy Mitchell på tenorsaksofon. Resultatet kan nytast på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1962 kom Sveinung Lillebjerka til verda. Fiolinisten Lillebjerka kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Tre Små Kinesere si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1966 var The Byrds i studio og spela inn Mr. Spaceman og What’s Happening?!?!, for bruk på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimensjon, som kom på marknaden seinare same året. I 1970 vart Jari Kainulainen fødd i finske Helsinki. Bassisten Kainulainen spelar til dagleg i Stratovarius og kan hjå meg høyrast på bandet si tredje studioplate Dreamspace frå 1994. I 1973 kom Mike Hogan til verda i irske Limerick. Bassisten Hogan er ein kjent restaurantør i heimbyen, men hjå meg er det på dei to The Cranberries-platene Everybody Else Is Doing It So Why Can’t We (1993), og To The Faitful Departed (1996) ein finn merittane hans. I 1988 var Toy Dolls i Sao Paolo for å spele på Projeto SP. Dette var fyrste av fire konsertar på rappen i same lokalet. I 1993 døyde ein av mine store heltar, gitaristen Mick Ronson av kreft i levera. Ein av verdas beste rockegitaristar var borte for alltid. Eg var heldig og fekk sjå og høyre Ronson saman med Ian Hunter og band på Maxime i Bergen i 1989. Konserten vart omtala som ein av dei beste i Bergen til då og er framleis ein av dei beste konsertane eg har vore på. Perler frå heile Hunter/Ronson samarbeidet, inkludert Mott The Hoople-æraen, kom som perler på ein snor. Irene Wild, All The Young Dudes og Just Another Night er høgdepunkta eg hugsar best. I 1996 gav irske The Cranberries ut plata To The Faithful Departed. Plata var bandet si tredje og resulterte i fem singelplater. I 1997 slepte sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd plata Twenty, der den tidlegare trommevikaren Rickey Medlock var attende i bandet, som fast medlem og på gitar denne gongen. Tittelen refererar til at det var tjue år sidan flyulukka som tok livet av to av dei originale bandmedlemmene. I 2003 platedebuterte Yeah Yeah Yeahs med Fever To Tell, som sikra dei ein Grammy-nominasjon i klassen for beste alternativalbum, og som har selt i meir enn ein million eksemplar. I 2011 spelte The Stranglers ein uforglemmeleg konsert på Ole Bull Scene som ein del av festivalen Bergenfest i Bergen. Seinare på kvelden var Glen Matlock og bandet The Phillestines og underheldt på Garage, også det i Bergen.

28.04.2016

Tjueåttande april

Tjueåttande april 1947 vart Steve Kahn fødd i Los Angeles i California. Jazzgitaristen Kahn si merittliste er milelang, og hjå meg kan han høyrast på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1952 kom Charles Alfred Leavell til verda i Birmingham i Alabama. Pianisten Chuck Leavell vert av mange rekna som ein av dei framste i verda innom sitt felt og har spela med både The Allman Brothers Band og Rolling Stones. Hjå meg kan Leavell høyrast medan han trakterar tangentane på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980, plata Hot Number, som The Fabolous Thunderbirds gav ut i 1987, og på Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992, samt på utvalde spor på samleplata Jump Back – The Best Of Rolling Stones, som Rolling Stones slepte i 1993. I 1953 vart Kim Althea Gordon fødd i Rochester i delstaten New York. Kim Gordon er best kjend som bassist og vokalist i det amerikanske alternativbandet Sonic Youth, som ho var med å grunnleggje saman med eksmannen Thurston Moore i 1981, og som prydar platehylla mi med studioplatene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street frå 2002. I 1954 kom Frank Jakobsen til verda. Trommisen Jakobsen har ein omfattande CV som omfattar spel med dei beste i det bergenske jazzmiljøet. Hjå meg kan Jakobsen sitt arbeid nytast på Trang Fødsel si plate Hybel frå 1997. I 1955 kom Edwin Jobson til verda i engelske Billingham. Tangentmannen Eddie Billingham sitt arbeid kan hjå meg høyrast på Roxy Music si samleplate More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. I 1958 nytta bandleiaren Count Basie dagen til å ta med seg bandet i studio og spela inn Moten Swing, solistar var Frank Wess på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. Resultatet kan høyrast på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1960 kom Rolf Graf til verda i Oslo. Bassisten Graf gjorde seg best merkt med bandet Lava, men spelte også med Randy Crawford og fleire andre, både nasjonalt og internasjonalt. Hjå meg kan Graf sitt basspel høyrast på studioplata Absolutt Bare Egil Band, som var Bare Egil Band si debutplate i 1996, og samleplatene 21 Beste (Olav Stedje), Absolutt Prima Vera (Prima Vera) og Trond-Viggos Beste (Trond-Viggo Torgersen). Graf Døyde i 2013. Elvis Presley var i studio og spelte inn sin versjon av songen Wooden Heart. I 1961 fullførde Johnny Cash innspelinga av My God Is Real, som i tillegg til Hymns From The Heart kan høyrast på plata God frå 2000. I 1962 vart Arild Totland fødd i nærleiken av Salhus. Trommisen Totland slo seg saman med Vinskvetten i 1985 og kan i mi platehylle høyrast på plata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. I 1978 var Cheap Trick i Tokyo og gjorde den fyrste av to konsertar som vart miksa saman til den legendariske konsertplata Cheap Trick At Budokan. I 1983 nytta Iron Maiden dagen til og sleppe singelen Flight Of Icarus. Songen om mannen med fuglefjør på armane klatra til ellevteplassen på listene.

27.04.2016

Tjuesjuande april

Tjuesjuande april 1927 vart Conrad Henry Kirnon fødd i Tuckahoe i New York. Trommisen Connie Kay spelte i Modern Jazz Quartet i nesten førti år frå 1955 og frametter, hjå meg kan Kay høyrast på studioplata The Offbeat Of Avenues, som The Manhattan Transfer sleptei 1991, samt på utvalde spor på Van Morrison si doble samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. Connie Kay døyde i 1994. I 1942 kom James Lee Keltner til verda i Tulsa i kvegstaten Oklahoma. Trommeslagaren Jim Keltner livnærer studiomusikar, og han vert rekna som ein av verdas beste i sin bransje. Hjå meg kan Keltner høyrast medan han heldt takten for Bob Dylan på plata Pat Garrett & Billy The Kid, som var lydsporet frå filmen med same namn som herja kinolerreta i 1973. Keltner han også høyrast på Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981, og på Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997 og var Dylan si trettiande utgjeving. Han er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol. 1-3, som kom på markanden i 1991. Rytmesikre Keltner held også takten for Alice Cooper på studioplata From The Inside frå 1978, for Ramones på End Of The Century (1980), på Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, Vagabond Heart, som var Rod Stewart sitt bidrag til platemarknaden i 1991, Across The Borderline, som Willie Nelson slepte i 1993, og for Stones-mannen Mick Jagger på soloplata Wandering Spirit frå 1993 og synes som eit opplagt val då Rufus Wainwright platedebuterte med ei sjølvtituelert plate i 1998, og som om dette ikkje skulle vere nok kan Keltner også høyrast på i god takt på Neil Young si tjefemte studioplate Silver And Gold frå 2000. Keltner er også kreditert for trommespel på utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975, Greatest Hits, som Dolly Parton slepte i 1982, på John Lee Hooker si plate Best Of Friends, som kom på marknaden i 1998, samt på Classics, som oppsummerte J,J, Cale si karriere frå til 1999I 1944 kom Thomas Koppel til verda i ein svensk leir for danske krigsflyktningar. Seinare var Koppel med å starte det danske bandet Savage Rose. Saman med bandet sin vokalist, Anisette, ofra Koppel seg for fredsarbeid. Hjå meg høyrer du Koppel på to plater frå Savage Rose, Black Angel (1995) og Tameless frå 1998. Koppel døyde under ei feriereise til Puerto Rico i 2006. I universitetsbyen Berkley i California vart Herb Pedersen fødd. Hjå meg kan gitaristen Pedersen høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975, og på The Manhattan Transfer si plate The Offbeat Of Avenues frå 1991. I 1948 kom Cathrine Elisabeth Pierson i Weehawken i New Jersey. Songerinna Kate Pierson er vokalist og originalmedlem i B52s, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Wild Planet (1980), Cosmic Thing (1989) og Good Stuff (1992), i tillegg til samleplata Dance This Mess Around. The Best Of The B52’s (1986). Pierson kan også høyrast som den kvinnelege bakgrunnsvokalen på R.E.M si plate Out Of Time frå 1991, og på låta Chop Suey, som hjå meg kan høyrast på Ramones si sjette studioplate Pleasant Dreams frå 1981. I 1951 kom Paul Daniel Freley til verda i The Bronx i New York City. Gitaristen Ace Freley spelte i Kiss frå starten av karrieren til 1982. Han gjorde i tillegg eit etterlengta come back i 1996 og heldt den gongen ut med bandet til 2002. I tida utan Kiss har ”Space Man” pleia ei solokarriere med sitt eige band, Freley’s Comet, som enno ikkje har fått plass i mi platehylle. Hjå meg kan Freley høyrast på Love Gun (1977), Dynasty (1979), Music From The Elder (1981), i tillegg til samleplata Double Platinum frå 1978. I 1957 vart Adrian Utley fødd i engelske Northampton. Utley er best kjend for arbeidet han har gjort i Portishead og i mi platehylle kan han høyrast på studioplatene Dummy (1994) og Portishead (1997), samt at han er kreditert for å hjelpe Tom Jones på samarbeidsplata Reload frå 1999. I 1959 kom Marco Francesco Andrea Pirroni til verda i engelske Camden Town. Marco Pirroni spelte gitar i den andre utgåva av Adam & The Ants og kan hjå meg høyras på samleplata Dandy Highwaymen frå 2007. Han er også kreditert for gitarspel på Sinéad O’Connor si plate I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990. I 1961 gjekk Johnny Cash i studio og hadde fyrste innspelingsdag for My God Is Real. Innspelinga vart fullførd dagen etter og enda opp på plata Hymns From The Heart. Produsentar var Don Was og Frank Jones. I 1964 var dette fyrste innspelingsdag, av to, for plata Cresent av John Coltrane Quartet. I 1976 vart Isobel Campbell fødd i den skotske storbyen Glasgow. Campbell er kjend som Belle i bandet Belle & Sebastian, eit band ho forlét i 2002. Ho er i dag ein mykje nytta artist og kan hjå meg høyrast medan ho spelar Cello på B&S-plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1987 slepte rockekamelonen David Bowie si syttande studioplate Never Let Me Down. I 1998 gav svenske Dark Funeral ut si andre plate Vobiscum Satanas, som jamnt over fekk gode kritikkar i den internsjonale metallpressa. I 2010 døyde Morris Perth same dag som 1349 gav ut plata Demonoir på selskapet Prosthetic Records og Gogol Bordello gav ut Trans Continental Hustle. I 2011 døyde Dag Stokke.

26.04.2016

Tjuesjette april

Tjuesjette april 1940 spelte ein særs produktiv Woodie Guthrie inn songane Talking Dust Bowl Blues, Blowin’ Down This Road, Do Re Mi, Tom Joad og Dusty Old Dust (So Long It’s Been Good To Know Yuh). Alle songane hadde folklegenda komponert sjølv og dette var dei fyrste innspelingane han gjorde for RCA Reccords. I 1961 kom journalisten, fotballspelaren og MFK-supporteren Knut Nesbø til verda. NRK-journalisten og fotballeksperten Nesbø er vetlebror av meir kjende forfattar Jo, og er gitarist i bandet Di Derre, som i mi platehylle er representert med platene Den Derre Med Di Derre (1993), Jenter & Sånn (1994) og Gym (1996). Nesbø døyde i 2013. I 1964 vart Tom Roger Aadland fødd i den filminterreserte sildabyen Haugesund. Musikaren Aadland er best kjend for plata Blod På Spora (2009), der han har omsett Bob Dylan-låtar frå plata Blood On The Tracks til norsk. Hjå meg finn du i tillegg debutplata Obviusly Embraced (2007) og Det Du Aldri Sa (2011), alle signerte av artisten personleg. I 1967 kom Darin Mooney til verda i England. Trommisen Mooney har slått takten for den avdøyde supergitaristen Gary Moore, men er best kjend for å tromme for Prima Scream. Hjå meg kan Mooney sitt arbeid høyrast på Primal Scream sine studioplater Xtrmntr (2000) og Beautiful Future (2008). I 1971 bydde kvelden på konsert med The Who på The Young Vic Theatre i London. Seansen vart festa til ljodband og songane Naked Eye og Water kan høyrast på nyugjevne versjonar av plata Who’s Next. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å sleppe singelen The Number Of The Beast, som meir enn tjue år seinare framleis står som sjølvaste signaturlåten for det høgtflygandet hardrockbandet. I 1984 døyde Count Basie. I 1994 gav Johnny Cash ut plata American Recordings, den fyrste plata i ein serie som etter kvart tel seks i talet. Produsent for denne plata med amerikanske var meisterprodusenten Rick Rubin, og dette var plata som revitaliserte den aldrande og fallerte Cash si karriere. I 2007 slepte Tori Amos plata American Doll Posse, dette var hennar niande studioplate og den siste på eit stort plateselskap. I 2012 døyde Jimmy Bond. I 2013 døyde George Jones.

25.04.2016

Tjuefemte april

Tjuefemte april 1917 vart den amerikanske jazzsongarinna Ella Jane Fitzgerald fødd i marinebyen Newport News i Virginia. Ella Fitzgerald var ein høgt skatta jazzartist som kunne la røysta klatre over tre oktavar, og som hausta ei rekkje Grammy-statuettar. I mi platehylle finn du ei av platene Fitzgerald gjorde i samarbeid med den like vidgjetne jazztrompetisten Louis Armstrong, Ella & Louis Again, som kom på marknaden fyrste gongen i 1957. Fitzgerald døyde i 1996. I 1945 vart Björn Kristian Ulvaeus fødd i svenske Göteborg. Björn Ulvaeus er meste kjend for å vere ein av grunnleggarane av ABBA og for samarbeidet sitt med Benny Andersson som i tillegg til millionsegjande pophits har resultert i musikalar som mellom anna Chess. I mi platehylle finn du Ulveus sitt arbeid på samleplatene The Hits (1990) og Abba Gold (19921). Mindre kjend er det at Stuart Alden Cook kom til verda. Dette skal ha skjedd i El Cerrito i California. Stu Cook sitt musikalske bidrag til denne verda er helst knytt til den perioden han var bassist i Creedence Clearwater Revival, og hjå meg kan han høyres på samleplata The Complete Hit-Album Vol.1. I 1950 kom trommeslagar Stephen Ferrone til verda i den engelske badebyen Brighton. Driftige Steve Ferrone var trommis for Average White Band frå 1974 til 1982, han har i tillegg spelt med store artistar som Tom Petty, Slash, Duran Duran og Chaka Kahn. I mi platehylle kan Ferrone sitt taktfaste arbeid høyrast på samleplata The Best Of Average White Band, i tillegg til The B52’s si studioplate Cosmic Thing (1989), City Streets, som var Carole King sitt bidrag til platehyllene det året, Eric Clapton si konsertplate Unplugged (1992), og Unchained, som Johnny Cash gav ut i 1996. Ferrone er også kreditert for å halde takten på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music (1995), og Unearthed, som Johnny Cash sitt dødsbu slepte i 2003. I 1958 vart Derek William Dick fødd i skotske Edinburgh. Fish var i mange år vokalist og frontmann i Marillion og kan hjå meg høyrast på debutplata Script For A Jester’s Tear frå 1983. I 1962 vart Lars Georg Christian Falk fødd i Stockholm. Musikaren og plateprodusenten Christian Falk var bassist i Imperiet og hjå meg kan han høyrast på studioplata Synd frå 1986, i tillegg til samleplata Imperiet Kickar – Singlar 1981-1987 frå 1990. Falk døyde i 2014. I 1965 kom Eric Adam Avery til verda i Los Angeles i California. Eric Avery var bassist i Jane’s Addiction, der han hjå meg kan høyrast på debutplata Nothing’s Shocking frå 1998. Avery har også lånt ut tenestene sine til Alanis Morissette og kan høyrast på platene Under Rug Swept (2002), og So-Called Caos frå 2004. I 1973 vart Nicholas Howard Barker fødd i engelske Chesterfield. Trommeslagaren Nicholas Barker var ein av grunnleggjarane av Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på debutplata Principle Of Evil Made Flesh frå 1994. Barker har også vore ein periode innom norske Dimmu Borgir. I 1988 døyde Carolyn Franklin. I 1994 gav Blur ut si tredje studioplate, Parklife. I 1995 platedebuterte Diana King med Tougher Than Love. I 2000 kom Barry White med samleplata The Ultimate Collection, og Neil Young slepte si tjuefemte studioplate Silver And Gold.

24.04.2016

Tjuefjerde april

Tjuefjerde april 1916 kom Estel Eldon Shamblin til verda i Clinton i Oklahoma. Gitaristen Eldon Shamblin har spelt med dei fleste som spelar Western-swing og i mi platehylle kan han høyrast på utvalde spor på samleplata Route 66, som Asleep At The Wheel slepte i 1992. Shamblin døyde i 1998. I 1944 vart Anthony Edward Visconti fødd i Brooklyn i New York City. Plateprodusenten Tony Visconti har produsert fleire av David Bowie sine plater og på fleire av dei har han også spela med. Hjå meg kan Visconti høyrast på plata Space Oddity frå 1969, i tillegg til The Dandy Warhols si plate Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1945 kom Douglas Clifford til verda i Palo Alto i California. Doug Clifford spelte trommer i hippielegendene Creedence Clearwater Revival som hjå meg kan nytast på ei uoffisiell samleplate med tittelen The Complete Hit-Album Vol 1. Same dag vart Doug Riley fødd i den kanadiske storbyen Toronto. Tangentmannen med kallenamnet Dr. Music er i mi platehylle kreditert for å spele på Bob Seger And The Silver Bullet Band sine studioplater Night Moves (1976), Stranger In Town (1978) og Against The Wind (1980). Riley kan også høyrast medan han trakterar tangentar på Alannah Myles si plate Arrival frå 1998. I 1947 kom bassisten Glenn Cornick til verda i engelske Barrow-In-Furness. Cornick livnærte seg som bassist i Jethro Tull frå starten i 1967 og fram til 1970. Hjå meg kan Cornick høyrast på studioplatene This Was (1968) og Aqualung (1971), i tillegg til utvalde spor på samleplata M.U. The Best Of Jethro Tull, som kom på marknaden i 1976. I 1950 vart Robert Andrew Hyman til verda i Meriden i Connecticut. Rob Hyman var ein av grunnleggarane av det amerikanske bandet The Hooters og har to bidrag i mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1951 vart Nigel Harrison fødd i engelske Stockport. Bassisten Harrison spelte med Blondie frå 1977 til 1982, og kan i mi platehylle høyrast på plata Parallel Lines frå 1978. Harrison var også tiltenkt rolla som bassist i eit attforeina Blondie, men vart utelaten i siste liten. Før dei gylne Blondie-åra spelte Harrison mellom anna med det engelske glamrockbandet Silverhead og mi samling byr på godbitane Silverhead’s First frå 1972 og 16 And Savaged frå 1973. I 1957 kom David John Haskins til verda i engelske Northampton. David J. spelar bass i Bauhaus og i mi platehylle kan han høyrast på plata In The Flat Fields frå 1980. Same dag vart Boris Peter Bransby-Williams fødd i franske Versailles. Boris Williams slo seg saman med The Cure i 1984, eit samarbeid som vara til 1993, og mi platehylle byr på studioplatene Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me (1987) og Disintegration (1989). I 1963 kom William David Gould til verda i Los Angeles i California. Billy Gould er best kjend som bassist i San Francisco-bandet Faith No More, som herja listene for ei tid tilbake, og kan hjå meg høyrast på studioplatene Angel Dust (1992), King For A Day, Fool For A Lifetime (1995) og Album Of The Year, som kom på marknaden i 1997. I 1967 vart Magnus Grønneberg fødd i plankebyen Fredrikstad. Grønneberg har herja dei norske platelistene med bandet CC Cowboys i ei årrekkje og kan i mi platehylle nytast på samleplata Ecco – CC Cowboys best. I Marysville i Washington kom Patricia Theresa Schemel til verda. Trommeslagaren Patty Schemel var lenge Kurt Kobain sin favoritt til plassen på trommestolen i Nirvana, etter at Chad Canning sa takk for seg. I staden fekk Schemel, etter varme tilrådingar frå Kobain, tilbod om jobben som takthaldar for Hole, og det er på deira studioplate Celebrity Skin frå 1998 arbeidet hennar kan høyrast i mi platehylle. I 1997 slepte Lisa Stansfield si fjerde studioplate, ei plate som bar hennar namn.

23.04.2016

Tjuetredje april

Tjuetredje april 1936 kom den amerikanske artisten Roy Kelton Orbison til verda i småbyen Vernon nord i skytegale Texas. Mystiske Roy Orbison var ein av pionerane i rock’n roll, men tok seg seinare ein lang tur ut av det energikrevjande rampelyset. Falsettsyngjande Orbison dukka etter kvart opp som ein av medlemmene av supergruppa The Travelling Wilburys og fekk med det ein viss renesanse på tampen av karrieren. Orbison døyde av eit hjerteinnfarkt i 1988. I 1960 vart James Robert Talbot fødd i London. Saksofonisten Jamie Talbot kan hjå meg høyrast i godt driv på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997, og på Amy Winehouse si plate Back To Back frå 2006. Talbot er også kreditert for glitrande saksofonspel på Teenage Fanclub si studioplate Songs From Northern Britain frå 1997, og på to spor på Tom Jones si samarbeidsplate Reload frå 1999. I 1965 vart John Paul McBain fødd i New Jersey. Gitaristen John McBain sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Hater si sjølvtitulerte debutplate frå 1993. I 1971 kom Viggo Krüger til verda. Gitaristen Krüger er medlem av bandet Pogo Pops og hjå meg høyrer du gitarspelet hans på bandet sine to fyrste soloplater Pop Trip (1992) og Crash (1993). I 1976 slepte Jethro Tull plata med den sjølvreflekterande tittelen Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Die. I 1988 var dette dagen Iron Maiden-fansen endeleg kunne kjøpa plata Seventh Son Of A Seventh Son. Og det gjorde dei, plata debuterte med fyrsteplass på dei engelske platelistene. I 1982 slepte The Clash singelen Know Your Rights, som klatra til ein førtitredjeplass på dei engelske singellistene. I 1990 platedebuterte Inspiral Carpets med Life. I 1991 vart datoen prega av at den tidlegare New York Dolls-gitaristen Johnny Thunders vart funnen daud, In Cold Blod, på eit hotellrom i New Orleans i Louisana. Rykta og spekulasjonane om at gode gamle Johnny vart teken av dage for at nokon skulle kunne stikke av med alt dopen hans har heldt seg i livet fram til i dag, sjølv om det, som vanleg i slike saker, offisielt ikkje finst prov for at noko kriminelt har hendt den slitne rockaren. I 1993 spelte Dream Theater på legendariske Marquee Club i London. For oss som ikkje hadde høve til å vere tilstades på konserten, vart det gjort opptak som kan høyrast på konsertplata Live At The Marquee, som kom på marknaden seinare same året. I 2002 slepte Wilco si fjerde studioplate Yankee Hotel Foxtrot. I 2012 døyde Tommy Marth og Chris Ethridge.

22.04.2016

Tjueandre april

Tjueandre april 1935 kom Paul Laurence Dunbar Chambers Jr. til verda i Pittsburgh i Pennyslvania. Bassisten Paul Chambers, som voks opp i den ein gong så stolte bilbyen Detroit, kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på platene Kind Of Blue frå 1959, og Someday My Prince Will Come, som kom på marknaden i 1961. Chambers døyde i 1969. I Saltillo i Tennessee vart W.S. Holland fødd. Trommisen W.S. Holland spelte fast for Johnny Cash i meir enn førti år og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Orange Blossom Special (1965), America: A 200-Year Salute In Story And Song (1972), Ragged Old Flag (1974) og Johnny Cash Children’s Album (1975), konsertplatene At Folsom Prison (1968) og At San Quentin (1969), i tillegg til songen Girl From North County som var ein duett Johnny Cash song med Bob Dylan og som kom med på sistnemnde si plate Nashville Skyline frå 1967. I 1936 vart Glen Travis Campbell fødd i Delight i Arkansas. Glen Campbell har livnært seg som skodespelar og programleiar på fjernsyn, men er best kjend som countrypopmusikar med slagarar som Rhinestone Cowboy. Hjå meg finn du Campbell sitt arbeid på ei samleplate som har teke namnet etter den best kjende songen hans, Rhinestone Cowboy, i tillegg til at han er kreditert for å yte vokalhjelp for Johnny Cash på utvalde spor på samleplata Unearthed frå 2003. I 1937 vart Bernard Alfred Nitzsche fødd i Chicago i Illinois. Jack Nitzsche er best kjend som komponist og produsent, men hjå meg kan pianospelet hans høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, og på Buffalo Springfield-veteranen Neil Young sine soloplater Neil Young (1968) og Tonight’s The Night (1975), i tillegg til utvalde spor på samleplata Greatest Hits frå 2004. Nitzsche døyde i 2000. I 1944 kom Howard Pyle Wyeth til verda i Jersey City i New Jersey. Trommisen Howie Wyeth vart fødd inn i ein etablert kunstnarfamilie og fekk æra av å spela med gitarguruen Link Wray før han fekk fast plass på trommestolen i Bob Dylan sin Rolling Thunder Revue. I mi platehylle kan Wyeth sitt stødige trommespel høyrast på Bob Dylan sine plater Desire og Hard Rain, begge frå 1976, samt på utvalde spor på den triple samleplata The Bootleg Series Vol. 1-3 (1991). Wyeth døyde av hjarteinfarkt i 1996. I 1949 hadde Miles Davis med seg eit stjernelag av musikarar beståande av J.J. Johnson på trombone, Sandy Siegelstein på fransk horn, John Barber på tuba, Lee Konitz på altsaksofon, Gerry Mulligan på barytonsaksofon, John Lewis på piano, Nelson Boyd på bass og Kenny Clarke på trommer. Dei spelte inn Venus De Milo, Boplicity, Israel og Rouge som alle kan høyrast på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. I 1950 vart Jesse Willard Carr fødd i motorsporthovudstaden Daytona Beach i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Pete Carr har vore tett knytt til Muscle Shoals Rhythm Section og har spelt med eit utal av store namn innom musikkindustrien. Hjå meg kan Carr sitt arbeid høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band sine studioplater Beautiful Looser (1975), Night Moves (1976), Stranger In Town (1978), Against The Wind (1980) og The Distance (1991). I 1951 kom Paul Melvyn Carrack til verda i den engelske stålbyen Sheffield. Multiinstrumentalisten Paul Carrack har vore innom fleire storselgjande britiske band og i mi platehylle finn du arbeidet hans på plata Word Of Mouth, som Mike + The Mechanics slepte i 1991, i tillegg til utvalde spor på Roxy Music si samleplate More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. I 1964 kom David Alexander Vincent til verda i ”Home Of The Hornetts”, Charlotte i North Carolina. Vincent nyttar mellom anna aliaset Evil D når han utførar gjerninga si som vokalist og bassist i Morbid Angel. Hjå meg høyrer du Evil D på plata Domination frå 1995. I 1967 gav The Who ut singelen Pictures Of Lily. Songen, som visstnok handlar om nakenbilete av Lily og tilhøyrande masturbasjon, nådde fjerdeplass på hitlistene. I 1973 vart Brian Aubrey Marshall fødd i Fort Walton Beach i pensjoniststaten Florida. Bassisten Brian Marshall spelar til dagleg i Creed og kan hjå meg høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 2005 døyde Arnie Lawrence.

21.04.2016

Tjuefyrste april

Tjuefyrste april 1941 vart Alfred Ellis fødd i Bradenton i pensjoniststaten Florida. Saksofonisten Pee Wee Ellis var eit viktig medlem av James Brown sitt band på sekstitalet og kan hjå meg høyrast på utvalde spor på samleplata Godfather Of Soul frå 1998. Hjå meg er Ellis også kreditert for å blåse i saksofonen på Van Morrison sine studioplater Into The Music (1979) og Back On Top (1999), og på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone (1998). Ellis spelar også på Chris Isaak si Wicked Games frå 1991, og er i tillegg kreditert for å spele horn på eit spor på Tom Jones si samarbeidsplate Reload frå 1999. I 1943 kom Dennis Eugene McCrohan til verda i Oshawa i Canada. Kjent under artistnamna Denis Edmonton og Mars Bonfire er McCrohan best kjend for å ha skrive det som vert rekna som den fyrste ekte hardrocklåten, Born To Be Wild, som vart ein kjempehit for gruppa Steppenwolf etter at han vart nytta som filmmusikk i kultfilmen Easy Rider. I 1947 kom James Newell Ostenberg til verda i Muskegon, ein småby i Michigan. Under artistnamnet Iggy Pop har Ostenberg markert seg, fyrst som medlem av The Stooges, sidan med ei omfattande solokarriere. Eg eig plata Soldier frå 1980, ikkje Iggy Pop sitt sterkaste augneblink, men bra nok til at det fristar å utvide samlinga. I 1955 vart David Van Thieghem fødd i Washington D.C., eit av dei områda i verda med mest makt per kvadratkilometer. Musikaren, komponisten og produsenten Van Thieghem er hjå meg kreditert for å spele perkusjon på utvalde spor på Talking Heads si samleplate Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads frå 1982. I 1958 vart Michael Barson fødd i den skotske hovudstaden Edinbourgh. Tangentmannen Mike Barson var ein av grunnleggjarane av Madness og hjå meg kan han høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits, som kom på marknaden i 1998. I 1959 vart Robert James Smith fødd i den engelske tivolibyen Blackpool. Robert Smith er, sidan byrjinga i 1976, den einaste permanente medlemmen i bandet The Cure, der han, i tillegg til vokaljobben, har tent som låtskrivar, gitarist, bassist og tangentmann. The Cure- samlinga mi inneheld, så langt, studioplatene Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me (1987), Disintegration (1989) og Wild Mood Swings (1996), i tillegg til samleplata Greatest Hits. Smith har også vore innom ein annan kjenning frå mi platesamling, Siouxsie & The Banshees, men er ikkje med på plata Tinderbox, som bandet slepte på denne dagen i 1986. I 1960 kom John Maher til verda i den engelske industribyen Manchester. Trommisen Maher sitt takfaste bidrag til mi platesamling finn du på Buzzcocks si samleplate Singles Going Steady frå 1979. I 1961 vart Øystein Hegge fødd i Trondheim. Hegge slo gjennom i bandet Tre Små Kinesere og kan i mi platehylle høyrast på plata Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1986 slepte Siouxsie & The Banshees si sjuande studioplate, Tinderbox, ei plate som vart spela inn i den delte byen Berlin. I 1992 gav Beastie Boys ut plata Chech Your Head. I 1998 slepte Alannah Myles plata Arrival. I 2001 kom Stereophonics si tredje studioplate, Just Enough Education To Perform, på marknaden. I 2003 døyde Nina Simone. I 2008 gav The Batallion ut det som var deira fyrste full lengde studioplate, Stronghold Of Men. I 2010 døyde trubaduren og forfattaren Gustav Lorentzen av hjartestans under eit orienteringsløp. Lorentzen gav sidan 1970 ut elleve plater med duoen Knudtsen og Ludvigsen i samarbeid med Øystein Dolmen. Han har også skrive ei rekkje bøker, både for barn og vaksne. I mi platehylle står enno berre plata Juba Juba, fleire er på blokka. I 2016 døyde Prince.

20.04.2016

Tjuande april

Tjuande april 1941 vart Timothy Lee Drummond fødd i Bloomington i Illinois. Bassisten Tim Drummond har traktert bassen for fleire store artistar og hjå meg kan han høyrast på denne rekkja av Neil Young sine plater: Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Comes A Time (1978) og Hawks & Doves (The Old Homestead) frå 1980, samt samleplata Greatest Hits frå 2004. I tillegg kan Drummond sitt basspel høyrast på 15 Big Ones, som var Beach Boys sitt bidrag til populærkulturen i 1976, og på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981. Drummond er også kreditert for å spele bass på utvalde spor på samleplatene The Bootleg Series Vol. 1-3 (Bob Dylan, 1991) og Classics (J.J. Cale, 1999). I 1948 kom Craig Frost til verda i den ein gong så staselege industribyen Flint i Michigan. Mange knyt tangentmannen Frost til Grand Funk Railroad, men hjå meg kan han høyrast som ein del av Bob Seger sitt Silver Bullet Band på studioplatene The Distance (1982) og The Fire Inside (1991), i tillegg til konsertplata Nine Tonight frå 1981. På Manhattan i New York City vart Robert David Rothstein fødd. Multiinstrumentalisten Rob Stoner sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som basspel på Don McLean si plate American Pie frå 1971. Stoner er også kreditert for å spele bass og syngje på Bob Dylan sine plater Desire og Hard Rain, begge frå 1976, samt på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol. 1-3. frå 1991. I 1950 kom Walter Carl Becker til verda i Queens i New York City. Gitaristen Walter Becker var ein av grunnleggjarane av Steely Dan. Hjå meg kan Becker høyrast i fint samspel med kompisen Donald Fagen på ei uautorisert samleplate kalla The Masters. I 1955 vart Karl Walter Ahlerich Buskohl fødd i tyske Ihrhove. Gitaristen Carl Carlton er best kjend for samarbeidet med Robert Palmer, eit samarbeid som sikra dei ein ettertrakta Grammy-pris i 2003, og kan i mi platehylle høyrast på plata Rhythm & Blues, som kom på marknaden i 1999. I 1970 kunne The Wonder Of You kjøpast som singel. Artisten var Elvis Presley og songen fekk seks veker på fyrsteplassen på dei engelske listene. I USA vart niandeplassen høgaste plassering for underet. I 1971 vart Michael Edward Welsh fødd i Syracuse i New York. Mickey Welsh overtok etter Matt Sharp som bassist i Weezer i 1998, men slutta etter eit sørgjeleg mentalt samanbrott i 2001. Dei neste ti åra ofra Welsh seg for biletkunsten. Hjå meg kan Welsh høyrast på plata Weezer (The Green Album) frå 2001, samt på Juliana Hetfield si plate Bed frå 1998. Welsh døyde i 2011. I 1972 kom Stephen Robert Nesta Marley til verda i Wilmington i Delaware. Stephen Marley er son av reggealegenda Bob Marley og kona Rita. Med tilnamnet Raggamuffin har unge Marley gjort karriere på eiga hand og som ein del av broren Ziggy sitt band The Melody Makers. Hjå meg kan Stephen Marley høyrast på plata One Brigth Day frå 1989. I 1975 vart Martin Lesley Crandall fødd i Alburquerque i New Mexico. Tangentmannen Martin Crandall spelte tidlegare i The Shins og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate Chutes Too Narrow frå 2003. I 1992 døyde Benny Hill. I 1993 gav Primus ut plata Porc Soda, som var bandet si tredje plate og inneheld den utstyrteleg morosame songen My Name Is Mud. I 2004 slepte Prince si trettiande studioplate, Musicology. Ei plate som sikra den vetle lilla artisten frå Minneapolis to Grammy-statuettar.

19.04.2016

Nittande april

Nittande april 1942 kom Edwin H. Kramer til verda i den strategisk plasserte sørafrikanske hamnebyen Cape Town. Musikkprodusenten Eddie Kramer har samarbeidd med praktisk talt alle dei store innom den rocka delen av populærmusikken og er i tillegg ein fotograf av verdsformat. I mi platehylle er Kramer kreditert for pianospel på eitt spor på Kiss si studioplate Love Gun frå 1977, ei plate Kramer sjølvsagt også produserte, i tillegg til at han spelte perkusjon på Mott The Hoople si studioplate Shouting And Pointing, som kom på marknaden i 1976. I 1944 var ordvulkanen Woodie Guthrie i studio i New York og spelte inn Talking Sailor, Grand Coulee Dam, New York Town, Who’s Gonna Shoe Your Pretty Little Feet, Mulle Skinner Blues og Biggest Thing Man Has Ever Done. Alle desse songane kan høyrast på samleplata Pictures Of Plenty. Original Recordings 1940-1947 som er Guthrie sitt einaste bidrag til mi platesamling så langt. Guthrie sjølv spelte gitar og song på desse innspelingane, men for spesielt interesserte kan det opplysast at han vart assistert av Cisco Houston på både song og gitar på New York Town. I Long Branch i New Jersey vart George Bernard Worrell Jr fødd. Bernie Worrell er best kjend for å spele i Funcadelic, hjå meg kan han høyrast medan han yt hjelp med tangentspel på Talking Heads si konsertplate Stop Making Sense frå 1984, og han er i tillegg kreditert som gjest på Jon Spencer Blues Explotion si plate Plastic Fang frå 2002. Worrell sitt tangentspel kan også høyrast på utvalde spor på samleplatene Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads (1982) og Greatest Hits (George Clinton, 2000). I 1950 kom Earl Wesley Gardner Jr. til verda i New York City. Trompetisten Earl Gardner har spela fast i orkesteret i komishowet Saturday Night Live sidan 1985, i mi platehylle er han kreditert for å spele på Paul Simon si studioplate Graceland (1986), og for David Bowie på plata Never Let Med Down frå 1987, i tillegg til utvalde spor på samleplata Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads, som Talking Heads slepte laus på platekjøparane fyrste gong i 1982. I 1954 kom Robert Jens Rock til verda i kanadiske Winnipeg. Produsenten Bob Rock har ei merittliste så lang som eit vondt år, men er best kjend for arbeidet han gjorde med Metallica frå 1990 til 2006. Hjå meg kan Rock høyrast medan han spelar bass på Metallica si plate St. Anger frå 2003. I 1955 vart Andy Shernoff fødd i Queens i New York City. Shernoff var bassist i bandet The Dictators og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på bandet si debutplate Go Girl Crazy frå 1975. I 1957 kom Anthony Martin Harford til verda i Birmingham. Songaren Tony Martin gjorde fleire innspelingar saman med Tony Iommi i det som var restane av Black Sabbath og kan hjå meg høyrast på plata Iternal Idol frå 1987. I 1974 vart Chris Stills fødd i Boulder i fjellstaten Colorado. Gitaristen Stills er son av meir meritterte Stephen, som i hine hårde dagar herja i Crosby, Stills, Nash & Young. Legg ein til at mora til unge Stills er den franske visesongerinna Véronique Sanson skjøner ein at genene er gode for gitarspel, og at det er mykje å leve opp til. Hjå meg kan Stills sitt gitarspel høyrast på studioplata Gold, som Ryan Adams slepte i 2001. I 1979 var Ramones i studio og spelte inn demoversjonar av Danny Says, I’m Affected, Please Don’t Leave, All The Way, Do You Remember Rock’n Roll Radio?. Produsent i Sire Studio i New York var Ed Stasium og dei tidlegare uutgjevne innspelingane kan høyrast som tilleggsmateriale på plata End Of The Century. I 1983 slepte Yello si andre studioplate, You Gotta Say Yes To Another Excess, som var den siste plata med bidrag frå Carlos Peron. I 1993 døyde Steve Douglas. I 2002 vart Layne Stanley funnen daud i eigen heim. I 2005 døyde Stan Levey. I 2012 døyde Levon Helm og Greg Ham.

18.04.2016

Attande april

Attande april 1924 kom Clarence Brown til verda i Vinton i Louisiana. Gitaristen Gatemouth Brown hadde ei karriere som varte frå 1947 og fram til han døyde i 2005, og han spelte fleire sjangrar og var med i ulike fjernsynsshow. I mi platehylle finn du Gatemouth sitt gitarspel på plata Arkansas Traveller, som Michelle Shockede slepte i 1992. I 1939 vart Glen D. Hardin fødd i Wellington i skytegale Texas. Pianisten Glen Hardin kan i mi platehylle høyrast med elegante triller på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975, samt på utvalde spor på samleplata Classics, som er kreditert JJ Cale og kom på marknaden i 1999. I 1946 kom bassisten Tommy Shannon til verda i Tucson i ørkenstaten Arizona. Shannon har ei fortid i blueslegenda Johnny Winter sitt band, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar i Stevie Ray Vaughan sitt band, Double Trouble, på studioplatene Texas Flood (1983) og In The Beginning (1992), i tillegg til samleplata The Best Of Stevie Ray Vaughan frå 2007. Shannon er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata A Rock ‘N Roll Collection, som Johnny Winter slepte i 1994. I 1949 vart Andrew Powell fødd i London. Powell spelar keyboard for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I 1958 vart Leslie Thomas Pattinson fødd i engelske Lancashire. Bassisten Les Pattinson sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast når han opptrer som medlem av Echo And The Bunnymen på samleplata Ballyho The Best Of Echo And The Bunnymen. I 1964 kom Carl Øyvind Apeland til verda. Bassisten Calle Apeland har ei fortid i Vestlandsfanden, men har spelt i Vamp sidan 1991. I mi platehylle kan arbeidet hans høyrast på studioplatene God Morgen, Søster (1993) og Flua På Veggen frå 1998. I 1974 kom Mark Thomas Tremonti til verda i bilbyen Detriot i Michigan. Gitaristen Mark Tremonti spelar i Creed og har vore kåra til årets gitarist av magasinet Guitar World tre år på rad. Hjå meg kan Tremonti høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 1975 slepte ZZ Top plata Fandango. Plata, som var bandet si fjerde, er ei blanding av konsertopptak frå ulike konsertar og studioinnspelingar, fordelt på dei to sidene på det som originalt var ei langspelplate. I 1976 vart Ted Sablay fødd i Fond Du Lac i Wisconsin. Tangentmannen Sablay er tett knytt til, men ikkje fullverdig medlem av The Killers og hjå meg kan du høyre han spele piano på bandet si andre studioplate, Sam’s Town frå 2006. I 1989 kom Pixies si andre studioplate, den fekk namnet Doolittle og selde nok til at bandet kunne innkassere gullplate for produktet i 1995. I 1990 var det på tide å oppsummere The Bangles si karriere med ei Greatest Hits-plate. I 1991 døyde Barry Rogers. I 1996 døyde Bernard Edwards. I 2001 døyde Billy Mitchell. I 2005 døyde Andrew Steele.

17.04.2016

Syttande april

Syttande april 1901 kom Clifford Gibson til verda i Louisville i Kentucky. Gitaristen Gibson er i mi platehylle kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata Americas Blue Yodeler 1930-1931, som dødsbuet etter Jimmy Rodgers slepte i 1991. Gibson døyde i 1963. I 1927 vart Addison Collins Jr. fødd i Pine Bluff i Arkansas. Junior Collins, som har spelt med Glenn Miller og Charlie Parker, kan hjå meg høyrast medan han spelar fransk horn på samleplata Birth Of The Cool, som Miles Davis slepte i 1957. Collins døyde i 2010. I 1929 kom Hans Last til verda i tyske Bremen. Orkestarleiar James Last har hatt jazzmusikk som leveveg sidan 1946 og har leia sitt eige orkester sidan 1948. Mykje av musikken hans er udødeleg og det hender ein kan spørja seg om mannen er det også. Hjå meg kan du høyre plata Last All Night Long. I 1930, det var ein torsdag, hadde Blind Willie McTell teke gitaren med seg i studio i Atlanta i Georgia og spela inn songane Talking To Myself og Razor Ball. Begge songane finn du på samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1943 vart Roy Estrada fødd i Santa Ana i California. Bassisten Estrada er ein av grunnleggjarane av Little Feat, har lang fartstid i det legendariske supportbandet til Frank Zappa, Mothers Of Invention, og hjå meg høyrer du basspelet hans på Ry Cooder si sjølvtitulerte debutplate frå 1970. Estrada sonar for tida ein lang pedofilidom og har ikkje von om løyslating med det fyrste. I 1954 vart DeWayne McKnight fødd i Los Angeles i California. Gitaristen med kallenamnet Blackbyrd kan hjå meg høyrast på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, samt med både gitarspel og perkusjon på utvalde spor på George Clinton si samleplate Greatest Hits frå 2000. I 1955 kom Andy Prieboy til verda i solrike Los Angeles i California. Prieboy fekk den lite takksame jobben med å erstatte Stan Ridgeway som songar i Wall Of Voodoo, ei oppgåva han takla med stor suksess. Hjå meg kan Prieboy høyrast på plata Happy Planet frå 1987. I Leigh i Lancashire kom Peter Campbell McNeish til verda. Pete Shelly var sjølvaste sjefen over alle sjefar i Buzzcocks, og både song og spelte gitar, i tillegg til å vere bandet sin hovudlåtskrivar. Hjå meg kan Shelley høyrast på samleplata Singles Going Steady frå 1979. I 1962 vart Gina Nichole Haire fødd i Benton Harbor i Michigan. Allsidige Niki Haris var fast hjelpevokalist for Madonna i åra 1987- 2001. Hjå meg kan Haris høyrast på plata I’m Breathless, som Madonna slepte i 1990 og var eit soundtrack til kinofilmen Dick Tracy med Warren Beaty i hovudrolla. I 1964 kom Jon Terje Rovedal til verda i grensebyen Halden. Rovedal er i mi platehylle kreditert for å traktere både trekkspel og orgel på plata Varme Mennesker, som de Lillos slepte i 1991, og for å spele Hammondorgel på Madrugada si debutplate Industrial Silence frå 1999. Rovedal kan også høyrast medan han trakterar trekkspel på samleplata Ekko – CC Cowboys Beste frå 1998. I Akron i Ohio vart James Herbert Keenan satt til verda. Økovinbonden Maynard James Keenan er i mi platehylle kreditert med hjelpevokal på eitt spor på Rage Against The Machine si debutplate Rage Against The Machine frå 1992. I 1967 vart Matthew Chamberlain fødd i Palo Alto i California. Matt Chamberlain er trommeslagar og har spelt mykje for Tori Amos. Amos-platene From The Choirgirl Hotel (1998), To Venus And Back (1999), Scarlet’s Walk (2002) og American Doll Posse frå 2007 byr på Chamberlain sitt trommespel i mi platehylle. I 1970 kom Reginald Noble til verda i flyplassbyen Newark i New Jersey. Rapparen Redman sine bidrag til mi platehylle kan høyrast på songen Original Prankster frå plata Conspiracy Of One, som The Offspring slepte i 2000, og på Missy Elliott si plate Miss E…So Addictive frå 2001, i tillegg til Snoop Dog si studioplate Paid Tha Cost To Be Da Boss frå 2002. I 1976 vart Kjetil Steensnæs fødd i sildebyen Haugesund. Musikaren Steensnæs kan i mi platehylle høyrast med diverse strengeinstrument på Tom Roger Ådland si tredje studioplate Det Du Aldri sa frå 2011. I 1982 er dette datoen Iron Fist kom på marknaden. Alltid like hardtrockande Motörhead var eksekutør for dette meisterverket. I 1987 døyde Carlton Barrett. I 1998 døyde Linda McCartney.

16.04.2016

Sekstande april

Sekstande april 1946 vart den indianske musikaren Raymon Carlos Nakai fødd i universitetsbyen Flagstaff i fjella i Arizona. Fløytespelande R. Carlos Nakai sitt bidrag til mi platehylle heiter Canyon Triology og kom på marknaden i 1989. Plata byr på tradisjonell indiansk musikk frå Grand Canyon-området og var den fyrste i sin sjanger som selde til gull i USA. I 1947 kom Lee Kerslake til verda i badebyen Bournemouth på den engelske sørkysten. Trommeslagaren Kerslake har lang fartstid i urrockarane Uriah Heep, som eg var så heldig at eg fekk sjå i levande live på Maxime i Bergen vinteren 1989, og som sjølvsagt er rikeleg representert i mi platesamling. Kerslake kan høyrast på Uriah Heep sine studioplater Demons And Wizards (1972), Wonderworld (1974), Return To Fantasy (1975), High And Mighty (1976), Falen Angel (1978), Abiminog (1982) og Raging Silence (1989), samt samleplata Echoes In The Dark frå 1991. Kerslake kan i mi platesamling også finnast bak trommesettet på to av spora på konsertplata Tribute, som ein annan av mine store heltar, Ozzy Osbourne, slepte i 1987. Same dag vart Gerald Rafferty fødd i Paisley i Skotland. Songaren Gerry Rafferty produserte ei rekkje hits gjennom åra, både som soloartist og med bandet Stealers Wheel. Hjå meg kan Rafferty høyrast på samleplata Early Collection frå 1988. Rafferty døyde etter lang tids kamp mot alkoholen i 2011. I 1948 kom Robert Bruce Kirby til verda i engelske Bishop’s Stortford. Strengearrangøren Robert Kirby sitt arbeid kan i mi platehylle nytast på Nick Drake si debutplate Five Leaves Left frå 1969. Kirby døyde i 2009. I 1949 vart Alva Lewis fødd i Manchester på Jamaica. Gitaristen Lewis er best kjend for å spele med Bob Marley og kan im mi platehylle høyrast på samleplata His 24 Greatest Hits frå 1998. Lewis døyde i 2013. I 1952 vart Charles Jeremy Jankel fødd i engelske Stanmore i Greater London. Chaz Jankel er ein musikar som trakterte både gitar og keyboards for Ian Dury sitt backingband The Blockheads. I mi platehylle kan Jankel høyrast på studioplata Do It Yourself frå 1979, i tillegg til at han kan høyrast som hjelpevokalist på Nick Cave & The Bad Seeds si plate Nocturama frå 2003. I 1953 kom Peter Robert Garrett til verda i den australske storbyen Sydney. Miljøaktivisten Peter Garrett var vokalist i Midnight Oil i bandet si mest aktive og kreative periode, men gjør seg i dag merkt som politikar og miljøvernar. Hjå meg kan Garrett høyrast på studioplatene Diesel And Dust (1987) og Blue Sky Mining (1990), i tillegg til konsertplata Scream In Blue-Live frå 1992. I 1955 vart Eric Drew Feldman fødd i Los Angeles i California. Feldman trakterar både bass og keyboard og kan hjå meg høyrast på PJ Harvey sine plater Is This Desire (1998) og White Chalk frå 2007. I 1964 kom David Anthony Pirner til verda i fotballbyen Green Bay i Wisconsin. Dave Pirner er frontmann for Soul Asylum og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene While You Were Out (1986), Grave Dancers Union (1992) og Candy From A Stranger (1998), i tillegg til Ep’ne Clam Dip And Other Delights frå 1989. I 1967 slepte Aretha Franklin singelen Respect, som toppa både pop- og R&B-listene. I 1969 spelte Grand Funk Railroad inn songane High On A Horse og Heartbreaker for bruk på plata On Time, som vart tilgjengeleg seinare same året. I 1991 slepte Tempel Of The Dog si einaste studioplate, og den hadde same tittel som bandet. I 1999 gav Tom Waits ut si tolvte studioplate, Mule Variations, som er eit fantastisk album, trygt inne på Rolling Stone Magazine si 2003 liste over tidenes fem hundre beste album. Jazzgitaristen Gregory ”Smokey” Hormel er ein av artistane, som gjennom sitt strengespel, gjer denne plata til ei oppleving. Hormel kan også høyrast som ein del av Beck sitt band. I 2012 døyde Graham Simpson.

15.04.2016

Femtande april

Femtande april 1944 vart David Edmunds fødd i hovudstaden i det kongelause monarkiet Wales, Cardiff. Den walisiske rockaren Dave Edmunds har hatt fleire hits sidan slutten av 1960-talet, men er meir kjend som produsent enn som musikar. Han er mellom anna grunnleggaren av Rockfield Studios som han har plassert langt ute på den walisiske landsbygda. Der har mellom anna Motörhead gjort vellukka innspelingar. I mi platehylle finn ein plata Rockin’, ei samleplate frå 1997. Edmunds kan også høyrast med vokalhjelp og gitarspel på songen Cry Baby på Stray Cats si plate Choo Choo Hot Fish frå 1992, ei plate Edmunds også produserte, og på Carlene Carter si plate Musical Shapes frå 1980. Edmunds er også kreditert for gitarspel og bakgrunnsvokal på Angel With A Lariat, som k.d. Lang & The Recliners slepte i 1987, og på The Fabolous Thunderbirds si plate Hot Number, også den frå 1987. I 1948 kom Phillip John Mogg til verda i engelske Wood Green. Songaren Phil Mogg var ein av grunnleggjarane av UFO og er einaste musikar som er med på alle platene dette neglisjerte bandet har slept. Hjå meg kan Mogg høyrast på studioplata Obsession frå 1978. I 1955 vart Jeff Golub fødd i Akron i Ohio. Gitaristen Golub er ein merittert jazzgitarist, men hjå meg kan han høyrast på Rod Stewart sit plate Vagabond Heart frå 1991. I 1960 kom Mark Luckhurst til verda i England. Bassisten Luckhurst, med tilnamnet Snake, spelte i Thunder og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate, Laughing On Judgement Day, frå 1992. I 1965 vart Linda Perry fødd i Springfield i Massachutsetts. Perry var frontfigur i 4 Non Blondes og har seinare ofra seg for rolla som produsent og mentor for andre artistar. Hjå meg kan Perry sitt arbeid høyrast som gitarspel og tangentleik på Gwen Stefani si plate Love Angel Music Baby frå 2004. I 1967 vart Francis Gilles Poullain-Patterson fødd i den skotske hovudstaden Edinburgh. Bassisten Frankie Poullain spelte i det britiske bandet The Darkness fram til 2005 og hjå meg kan han høyrast på debutplata Permission To Land frå 2003. I 1968 kom Edward John O’Brien til verda i engelske Oxford. Gitaristen Ed O’Brien har sitt daglege virke i Radiohead og kan i mi platesamling nytast på studioplatene Pablo Honey (1993), OK Computer (1997), Kid A (2000) og Hail To Thief frå 2003. I 1974 vart sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd si plate Second Helping tilgjengeleg for platekjøparane på denne dagen. I 1983 kom Andrea-Latrelle Simmons til verda i flyplassbyen Newark i New Jersey. Songaren MzMunchie er kreditert for bakgrunnsvokal på to av spora på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1989 slepte W.A.S.P. plata The Headless Children. Frankie Banali har erstatta Steve Riley på trommene og Uriah Heep-legenda Ken Hensley er på plass bak keyboardet. Ein W.A.S.P.-versjon av The Who-låta The Real Me, tittelkuttet, Mean Man og Forever Free kan også høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1994. I 2001 nytta Joey Ramone denne dagen til å trekkje det siste andedraget sitt. Gjennom å vere vokalist og ein av grunnleggarane av Ramones er hans bidrag til all slags god musikk uvurderlig og det er ikkje tvil om at han vert sakna av alle som likar ekte rock’n roll.

14.04.2016

Fjortande april

Fjortande april 1932 vart Loretta Webb fødd i Butcher Hollow i gruvestaten Kentucky. Songarinna og filantropen Loretta Lynn gifta seg som trettanåring og vart mor året etter, ein hektisk start på livet med andre ord. Som vaksen lærte Lynn seg å spele gitar og har levert fleire nummer ein hits, inkludert signaturlåta The Coal Miners Daughter. Hjå meg kan du høyre Lynn på studioplata Making Love From Memory frå 1982. I 1945 kom Richard Hugh Blackmore til verda i engelske Weston-super-mare. Den lunefulle gitaristen Richie Blackmore var ein av originalmedlemmane i den engelske tungrockgruppa Deep Purple, men forlét seinare gruppa for å starte sitt eige prosjekt, Richie Blackmore’s Rainbow, der han samarbeidde med den amerikanske songaren Ronnie James Dio. I mi platehylle finn du Blackmore sitt gitarspel på Deep Purple-platene Machine Head frå 1972, Burn (1974) og Power House frå 1977, i tillegg til Rainbow-plata Long Live Rock’n Roll frå 1978. I 1948 vart Keith Baker fødd i engelske Birmingham. Trommisen Baker kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Uriah Heep på songen Bird Of Pray på bandet si debutplate Very ’eavy…Very ’umble frå 1970. Baker erstatta Nigel Olsson permanent på plata Salisbury som kom ut året etter, og kan sjølvsagt også høyrast på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark frå 1991. I 1960 kom Danny Bowes til verda i London. Bowes var vokalist i Thunder og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate, Laughing On Judgement Day, frå 1992. I 1951 kom Alf Magne Grinde til verda i Norge. Trommisen Cliffie Grinde heldt i gamle dagar takten for Vamp og kan i mi platehylle høyrast på plata Flua På Veggen frå 1998. I 1962 vart Marc Quiñones fødd i Bronx i New York City. Quiñones er perkusjonist og har mellom anna ei fortid i det islandske jazzbandet Spyro Gyra, og spelte med The Allman Brothers Band i tida frå 1991 til 2014. Hjå meg kan Quiñones høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band frå 1992, samt musikalplata Song From The Capeman, som Paul Simon slepte i 1997. I 1963 kom Gregory Page til verda i London. Hjå meg høyrer du Page sitt arbeid på The Rugburn si plate Mommy I’m Sorry frå 1995. I 1967 kom Barrett Martin til verda i Seattle i Washington. Perkusjonisten Martin er best kjend som ein av grunnleggjarane av Screaming Threes, hjå meg kan Martin sitt bidrag høyrast på R.E.M. si plate Up frå 1998, og på Tuatara si andre studioplate Trading With The Enemy, også den frå 1998. I 1968 vart Allan Carl Newman fødd i den kanadiske olympiabyen Vancouver. Carl Newman er ein av grunnleggarane av den kanadiske gruppa The New Pornographers og kan i mi platesamling nytast på studioplata Elctric Version frå 2003. I 1969 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Elvis Presley sin mest sosialt engasjerte song nokon sinne. Songen om guten frå Chicagoslummen, In The Ghetto, fekk ei veke på fyrsteplassen i England, men måtte nøye seg med tredjeplass i heimlandet. I 1974 kom Shawntae Harris til verda i Chicago i Illinois. Rapartisten Da Brat sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Missy Elliott si plate Miss E…So Addictive frå 2001. I 1980 bydde denne dagen på sleppdato for Iron Maiden si sjølvtitulerte debutplate. Plata vart spela inn i Kingsway Studios i London i desember året før og produsent for verket var Will Malone. Dette vart nok overskygga av at dei britiske metallkollegaene i Judas Priest gav ut det legendariske metallalbumet British Steel, som var med å definere metallmusikk dei neste tretti åra. I 1988 gav Soul Asylum ut EP-en Clam Dip & Other Delights som på fleire måtar parodierte den gamle orkesterleiaren Herb Alpert, mannen bak Tijuana Brazz. I 1993 vart Graham David Phillips fødd i Laguna Beach i California. Skodespelaren Graham Phillips er mannen bak gutesopranorøysta på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 2009 slepte den alternative mann-og-kone-duoen The Handsome Family si åttande plate. Innspelinga av Honney Moon markerar tjue års ekteskap og er spela inn i heimestudioet i garasjen i Alberquerque i New Mexico. I 2015 døyde Percy Sledge.

13.04.2016

Trettande april

Trettande april 1944 vart John William Casady fødd i det som gjerne vert sett på som verdas mektigaste by, Washington D.C. Bassisten Jack Casady var ein sentral del av lydbiletet i Jefferson Airplane og han yt sitt bidrag til mi platehylle på ei uautorisert konsertplate med tittelen Sombody To Love-Live. Casady spelar også på David Crosby si debutsoloplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1951 kom Robert Peapo Bryson til verda i Greenville i South Carolina. Songaren Peapo Bryson sitt bidrag til mi platehylle er ein duett med Roberta Flack, More Than Everything, som er å finna på sistnemde si samleplate Softly With These Songs frå 1993. I flyplassbyen Newark i New Jersey vart Max Weinberg fødd. Trommisen Weinberg spelar til dagleg i Bruce Springsteen sitt E Street Band, i tillegg til at han i mange år leia bandet som laga god stemning i studio når komikaren Conan O’Brian presenterte vitsar i The Tonight Show With Conan O’Brian. Hjå meg kan Weinberg sitt stødige trommespel høyrast på Meat Loaf si studioplate Bat Out Of Hell (1977), og Carole King si studioplate City Streets frå 1989. Weinberg er også kreditert for å tromme på utvalde spor på Meat Loaf si samleplate Hits Out Of Hell frå 1984I 1952 kom Sam Bush til verda i Bowling Green i Kentucky. Bluegrassartisten Bush vert rekna som grunnleggaren av musikkstilen Newgrass og han spelar mandolin i fleire band i tillegg til sitt eige Sam Bush Band. Saman med supergruppa Telluride kan Bush hjå meg høyrast på songen Nothing But A Child på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1954 var dette dagen James Destri kom til verda i New York. Destri nyttar til vanleg førenamnet Jimmy og spelar keyboard i Blondie, og hjå meg høyrer du tangentspelet hans på plata Parallel Lines, som var bandet si tredje studioplate og kom på marknaden i 1978, og på plata No Exit (1999). I 1955 vart Louis Johnson fødd i Los Angeles i California. Bassisten Johnson spelar til vanleg med store namn innan funk, soul og jazz. Hjå meg høyrer du ein ung Johnson sitt basspel på Michael Jackson si plate Off The Wall frå 1979, og på Aretha Franklin si studioplate Aretha, som kom på marknaden i 1980. I 1962 kom Hillel Slovak til verda i Haifa i Israel. Gitaristen Slovak var ein del av originalbesetninga av Red Hot Chili Peppers og er i mi platesamling kreditert for å spele på studioplatene Freaky Style (1985) og The Uplift Mofo Party Plan (1987), i tillegg til eitt spor på Mothers Milk (1988). Hillel døyde av ein overdose heroin i 1988. I 1966 kom gitaristen Marc Ford til verda i Los Angeles i California. Ford var kjend for å leike med strengane i The Black Crows, men har no fôrlete sørstatsrockarane for godt i von om å halde seg edru og for å pleie solokarrieren si. Hjå meg kan Ford høyrast på studioplatene Amorica (1994). I 1968 vart John D. Hudson fødd. Gitaristen Hudson spelte på Faith No More si sjette og så langt siste studioplate Album Of The Year frå 1997. Same dag spelte Janis Joplin og Big Brother And The Holding Company i Winterland i San Francisco. Songen Farewell Song kan høyrast på ei samleplate med same namn (1982) og produsent var John Simon. I 1971 var Johnny Cash i Nasville og spela inn Singing In Vietnam Talkin’ Blues som vart gjeven ut på plata Man In Black i 1971 og også kan finnast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1992 gjorde Iron Maiden singelen Be Quick Or Be Dead frå plata Fear Of The Dark tilgjengeleg, og platekjøparane sin respons løna dei med ein solid tredjeplass på listene. I 1993 slepte Chris Isaak plata San Francisco Days. I 2010 døyde Steve Reid.

12.04.2016

Tolvte april

Tolvte april 1940 kom Herbert Jeffrey Hancock til verda i bluesbyen Chicago i Illinois. Jazzpianisten Herbie Hancock var ein del av Miles Davis sin andre kvartett og kan i mi platesamling høyrast på fusionplata In A Silent Way frå 1969, samt samleplata Water Babies frå 1976. Hancock er også kreditert for å spele på Wayne Shorter si plate Adams Apple frå 1966. I 1944 vart Joachim Fritz Krauledat fødd i Tilsit i det som den gongen var Tyskland og som i dag er ein del av Russland. Krauledat var utvilsamt Born To Be Wild, noko som gjer at gjorde unge Krauledat seinare gjorde seg kjend under namnet John Kay og tente til livets opphald som songar i sekstitalsikonbandet Steppenwolf. Hjå meg kan John Kay si røyst høyrast på steppeulvane si debutplate Steppenwolf frå 1968. I 1951 kom Jackson Spires til verda i Raleigh i North Carolina. I mi platehylle er trommisen Thunderfoot Spires å høyre på Blackfoot-platene Marauder (1981) og Highwaysong, sistnemnde er ei konsertplate som fangar stemninga frå bandet sin Englandsturné i 1982. Spires døyde i 2005. I 1952 vart John Sinclair fødd i London. Tangentmannen Sinclair sitt bidrag til mi platehylle finn du på Uriah Heep si plate Abiminog (1982), i tillegg til to av Ozzy Osbourne sine studioplater, No Rest For The Wicked (1988) og No More Tears (1991), i tillegg til Ep’en Just Say Ozzy frå 1990. Sinclair er også kreditert for tangentspel på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som Uriah Heep slepte i 1991. I 1953 kom Tony James til verda i London. James sitt bidrag til mi platehylle finn du på Sigue Sigue Sputnik si debutplate Flaunt It frå 1986. I 1956 vart Arild Stav fødd. Saksofonisten Stav livnærar seg som studiomusikar og har meir enn tre hundre studioinnspelingar på samvitet. Hjå meg kan Stav høyrast på utvalde spor på samleplatene Absolute Prima Vera, som kom på marknaden i 1994, og på Trond-Viggos Beste, som var Trond-Viggo Torgersen sitt bidrag til populærlkulturen i 1998. I 1957 vart Vincent Grant Gill fødd i Norman i kvegstaten Oklahoma. Grammy-grossisten og multiinstrumentalisten Vince Gill sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokal på George Jones si plate Walls Can Fall frå 1992. I 1958 vart Will Sergeant fødd i nærleiken av den engelske hamnebyen Liverpool. Gitaristen Sergeant er den einaste av Ecco And The Bunnymen sine grunnleggjarar som har vore med gjennom heile bandet si karriere. Hjå meg kan han høyrast på samleplata Ballyhoo: The Best Of Ecco And The Bunnymen frå 1997. I 1965 vart Sean Welch fødd i engelske Enfield. Bassisten Welch spelte tidlegare i bandet The Beautiful South og kan hjå meg høyrast på studioplatene Welcome To The Beautiful South (1989), og Painting It Red frå 2000. I 1966 kom Douglas Grean til verda i Portchester i New York. Plateprodusenten Grean har skrudd lyd for Sheryl Crow og Stone Temple Pilots, i mi platehylle er han kreditert for å traktere trangentar på utvalde spor på Velvet Revolver si debutplate Contraband frå 2004. I 1969 var Janis Joplin i Frankfurt i Tyskland for å spele inn Raise Your Hands. Musikken var ved Kozmic Blues Band. I 1971 døyde Wynton Kelly. Samstundes fullførde The Who innspelinga av Too Much Of Anything i Olympic Studios. Songen vart likevel ikkje tilgjengeleg før plata Odds & Sods i 1974. Dei driftige karane gjekk også i gang med innspelinga av låten Bargain som vart fullførd med tre studiodagar i juni (5., 18. - 19.) same året. I 1975 slepte Bob Seger plata Beautiful Loser. I 1976 slepte Bob Seger And The Silver Bullet Band konsertplata Live Bullet. I 1978 vart Guy Rupert Berryman fødd i skotske Kirkcaldy. Guy Berryman er bassist i Coldplay og hjå meg høyrer du han på plata X&Y frå 2005. I 1984 slepte Rush plata Grace Under Pressure. Dette var bandet si tiande studioplate. I 1995 døyde Chris Pyne. I 2012 døyde Andrew Love.

11.04.2016

Ellevte april

Ellevte april 1950 kom Thomas Hill til verda i den engelske hamnebyen Newcastle upon Tyne. Bassisten Tom Hill, som også har dubba stemma for den engelske versjonen av frukostblandinga Frosties, kan i mi platesamling høyrast på Geordie si samleplate Can You Do It frå 1999. I 1955 vart Neville Eugenton Staple fødd i Manchester på den karibiske reggeaøya Jamaica. Songaren Neville Staple er best kjend for å synge i The Specials og kan i mi platehylle høyrast på debutplata The Specials frå 1979. Staple er også kreditert for hjelpevokal på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I Ponce på den karibiske øya Puerto Rico kom Ednita Nazario til verda. Barnestjerna Nazario har slept meir enn tjue plater i eige namn og er stor stjerne i heimtraktene. Hjå meg kan Nazario si røyst høyrast på Paul Simon si musikarplate Songs From The Capeman frå 1997. I 1957 kom Jim Lauderdale til verda i Troutman i North Carolina. Gitaristen Lauderdale sitt bidrag til mi platehylle kan du høyre på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road frå 1998. I 1958 vart William Stuart Adamson fødd i engelske Manchester. Stuart Adamson var vokalist i Big Country og kan hjå meg høyrast på plata The Seer frå 1986. Adamson tok livet av seg i 2001. I 1959 kom John Parish til verda i engelske Yeovil. Sjølv om multiinstrumentalisten Parish har spela med ei rekkje musikarar er karriera hans nesten uløyseleg knytt til PJ Harvey og hjå meg kan han høyrast på studioplatene To Bring You My Love (1995), Is This Desire frå 1998, og White Chalk, som kom på marknaden i 2007. I 1962 kom skodespelaren Vincent Gallo til verda i den tidlegare så stolte industribyen Buffalo i New York. Gallo har innimellom filminnspelingane teke seg tid til å spele inn litt musikk. Plata When frå 2001, den han spelar alle instrumenta sjølv, er på plass i platehylla utan at resultatet er så mykje å skryta av. I 1966 kom den tidlegare CC Cowboys-bassisten Håvard Eidsaunet til verda. Eidsaunet sitt bidrag til mi platehylle heiter Ecco CC Cowboys Beste, som er ei samleplate. Same dag vart Lisa Jane Stansfield fødd i engelske Rockdale. Lisa Stansfield si sjølvtitulerte fjerdeplate frå 1997 er på plass i hylla. I 1969 kom Cerys Elisabeth Matthews til verda i den walisiske hovudstaden Cardiff. Songerinna Cerys Matthews kan i mi platehylle høyrast på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1971 kom Oliver Riedel til verda i Schwerin i Aust-Tyskland. Riedel spelar bass Rammstein og kan i mi platehylle høyrast på plata Sensucht (1997). I 1972 vart Klas Frans Åhlund fødd i Stockholm. Gitaristen Klas Åhlund sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Eagle-Eye Cherry si debutplate Desireless frå 1998. I 1977 kom Heidi Marie Vestrheim til verda. Musikaren, låtskrivaren og programleiaren Vestreim platedebuterte i 2000 saman med bandet Atakamara, hjå meg kan ho høyrast på soloplata Signs And Fiction frå 2004. I 1980 spelte Toy Dolls i Boilermakers Club i Sunderland, dette vart siste konsert for originaltrommis Mr. Scott etter at kjærasten hans kravde at han måtte få betalt minimum ein tiar (ti pund) for kvar konsert han spelte. Slike skyhøge krav kunne gitarist og bandleiar Olga (Michael Algar) sjølvsagt ikkje innfri og han måtte ut på jakt etter ein rimelegare trommis. Tidsskilnaden gjer at det truleg var gått nokre timar då Ramones nytta denne dagen til å gå på scenen. Kjeldene mine hevdar at dei spelte både i Hollywood Palladium og Civic Auditorium i Santa Cruz i California denne fredagen. Kan hende spelte dei unge og energiske pønkarane begge stader eller kan hende er det nokon som rotar med datoane i materialet sitt. I 1988 gav Neil Young ut plata This Note’s For You på sitt faste plateselskap, Reprise Records. Produsent var Young sjølv, saman med Niko Bolas. I 1995 slepte The Muffs si andre studioplate, Blonder And Blonder. I 2000 slepte No Doubt si fjerde studioplate, Return Of Saturn. I 2005 kom Madrugada si fjerde studioplate, The Deep End. I 2006 døyde rapparen Proof, same deg som Judas Priest slepte samlinga The Essential Judas Priest, ein dobbel CD med trettifire av dei grommaste låtane bandet har spela inn.

10.04.2016

Tiande april

Tiande april 1947 vart Neville O’Riley Livingston fødd i Kingston, hovudstaden på reggeaøya Jamaica. Bunny Wailer var, saman med Bob Marley og Peter Tosh, ein av grunnleggjarane av The Wailers og har sidan oppnådd legendestatus i reggea- og rastafarimiljøet. Hjå meg kan Wailer høyrast med perkusjon og bakgrunnsvokal på samleplatene Legend (1984), Collection Gold (1991) og His 24 Greatest Hits (1998), som er slepte i kompisen Bob Marley sitt namn, og på ein anna kompis frå The Wailerstida, Peter Tosh sine samleplater The Toughest (1998) og The Best Of Peter Tosh frå 1999. I 1949 kom Eric Lee Troyer til verda i Elkhart i Indianna. Tangentmannen Eric Troyer, som var ein sentral medlemm av den andre utgåva av ELO, kan i mi platehylle høyrast på Gene Simmons si soloplate frå 1978, og på Meat Loaf sine plater Bat Out Of Hell II: Back Into Hell frå 1993, Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som kom på marknaden i 2006, og på utvalde spor på samleplata Hits Out Of Hell, som kom på marknaden i 1984. I 1954 vart Lenny Picket fødd i Las Cruces i New Mexico. Saksofonisten Picket kan i mi platehylle høyrast på Paul Simon si sjuande soloplate Graceland frå 1986, på Never Let Me Down, som David Bowie slepte i 1987, og på Bat Out Of Hell II: Back Into Hell, som Meat Loaf slepte i 1993. Picket er også kreditert for å traktere saksofonen på utvalde spor på samleplata Once In A Lifetime, som var ei Best Of-plate som Talking Heads slepte på marknaden i 1982 og på den høgst uoffisielle samleplata Sister Sledge (1996), som er kreditert søskengruppa med same namn og skal ha blitt dumpa på marknaden under ei rekkje namn i gjennom mange år. I 1957 kom Steve Gustafson til verda i den idylliske spanske hamnebyen Sevilla. Gustafson er bassist og ein av originalmedlemmene i 10 000 Maniacs og i mi platehylle kan han høyrast på studioplatene The Wishing Chair (1985) og Blind Man’s Zoo (1989), i tillegg til konsertplata MTV Unplugged frå 1993. I 1959 kom Brian Robert Setzer til verda i Massapequa i New York. Den alltid like hårfine gitaristen Brian Setzer er mest kjend som låtskrivar, vokalist og supergitarist i rockabillybandet Stray Cats, men har i tillegg hatt ei omfattande solokarriere utanom. Rockabillyikonet har etter Stray Cats-tida fått gravert ei rekkje tatoveringar i huda og er ein flott representant for sjangeren. Hjå meg kan Setzer høyrast på studioplatene Gonna Ball (1981) og Choo Choo Hot Fish (1992), samt samleplata The Best Of The Stray Cats (1996), som dekker det mest essensielle frå dette epokegjørande bandet. I tillegg er Setzer kreditert for gitarspel på eitt spor på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1964 kom Alan John Wren til verda i Manchester. Reni var trommeslagar for The Stone Roses og kan hjå meg høyrast på bandet si andre, og så langt, siste, studioplate, The Second Coming. I 1965 vart Tim Alexander fødd i Cherry Point i North Carolina. Trommisen Herb Alexander spelte tidlegare i Primus og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Porc Soda frå 1993. I 1970 kom Jonathan Davis til verda i New York City. Raparen Kamaal Ibn John Fareed, som har konvertert til Islam, nytta scenenamnet Q-Tip då han hjalp Beastie Boys med synginga på plata Ill Communication frå 1994, og kunstnarnamnet hang framleis ved han då han gjorde vokalhjelp på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997 og på Push The Button, som var The Chemical Brothers sitt bidrag til plateindustrien i 2005. I 1971 vart jazzpianisten Joey DeFrancesco fødd i industribyen Philadelphia i Pennsylvania. DeFrancesco er kåra til verdas beste jazzpianist i ei årrekkje og har spelt med ei rekkje store artistar. Som syttenåring fekk han høve til å turnere med trompetlegenda Miles Davis og i mi platehylle kan han høyrast på nettopp Davis si plate Amandla frå 1989. I 1978 slepte Jethro Tull plata Heavy Horses. I 1979 vart Sophie Michelle Ellis-Bextor fødd. Sophie Ellis-Bextor starta karrieren sin i bandet Theaudience og har seinare gjeve ut plater på eiga hand. Hjå meg finn ein den fyrste soloplata, Read My Lips frå 2001. I 1980 nytta dei skinnkledde karane i Ramones dagen til å signere plater på Music Plus i Hollywood, California, USA. Bandet var annonsert til å dukke opp klokka halv fem om ettermiddagen. I 1981 slepte The Clash singelen The Magnificent Seven, som nådde trettifjerdeplass som høgaste plassering på dei britiske singellistene. I 1990 slepte Public Enemy si tredje studioplate, Fear Of A Black Planet, ei plate som selde over 1,3 millionar eksemplar berre på den amerikanske heimemarknaden.

09.04.2016

Niande april

Niande april 1932 kom Carl Lee Perkins til verda i Tiptonville i Tennesssee. Gitaristen og komponisten Carl Perkins er kan hende best kjend for å ha skrive slagaren Blue Suede Shoes, som mellom anna Elvis Presley hadde ein kjempehit med, og som Toy Dolls har ein glitrande og temposterk versjon av, men i mi platehylle har Perkins overteke broren Luther sin jobb som gitarist i Johnny Cash sitt band og, deltek på fleire av hans innspelingar. Perkins er i mi platehylle kreditert for å spele på studioplatene America: A 200-Year Salute In Story And Song (1972), Ragged Old Flag (1974) og The Johnny Cash Children’s Album (1975), dei to legendariske konsertplatene At Folsom Prison (1968) og At San Quentin (1969), samt utvalde spor på samleplata Unearthed frå 2003. Perkins døyde i 1998. I 1945 vart Stephen Kendall Gadd fødd i Irondequoit i New York. Trommeslagaren Steve Gadd kan hjå meg høyrast på plata The Magazine, som Rickie Lee Jones slepte i 1984, og Paul Simon si sjuande studioplate Graceland frå 1986, i tillegg til plata Riding With The King, som var eit samarbeid mellom B.B King og Eric Clapton, og kom på marknaden i 2000. I 1950 vart pianisten Peter John Wood fødd i Middelsex i England. Peter Wood sitt pianospel kan i mi platehylle høyrast på Joan Armatrading si sjølvtitulerte studioplate frå 1976 samt på utvalde spor på Bob Dylan si samleplate The Bootleg Series Vol 1-3 frå 1991. Wood døyde i 1993. I 1961 kom Mark Colbert Kelly til verda i Dublin. Mark Kelly har spela keyboard på alle plateutgjevingar frå Marillion, og hjå meg kan han høyrast på debutplata Script For A Jesters Tear frå 1983. I 1969 slepte Bob Dylan plata Nashville Skyline, dette var den niande studioplata hans og låtmateriale er inspirert av byen plata har teke namnet sitt frå. I 1975 vart Gisle Martens Meyer fødd. Meyer er mannen bak elektronikaprosjektet Ugress og prydar mi platehylle med den sterke plata Resound frå 2002. I 1978 gav Rainbow ut plata Long Live Rock’n Roll, der kanadiaren David Stone (Michael David Stoyanoff) spelar keyboard. I 1980 vart Albert Louis Hammond Jr fødd i Los Angeles i California. Gitaristen Albert Hammond Jr spelar til dagleg i The Strokes, og kan i mi platheylle høyrast på debutplata Is This It frå 2001, og Room On Fire, som kom på marknaden i 2003. For dei elleville skagutane i Madness bydde dagen på ein fin sjetteplass på hitlistene med lystige Night Boat To Cairo, som hjå meg kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 2002 gav Jon Spencer Blues Explosion ut plata Plastic Fang. Dette var det hardtrockande alternativbandet si sjuande studioplate, produsent var Steve Jordan. Frå 2006 vert dagen hugsa for at bluegrassfelespelaren Gordon N. Terry døyde, etter eit langt sykeleie, syttifire år gamal. Terry har spela med mange av dei store country- og bluegrasstjernene og er i mi platesamling å finne på fleire plater signert legenda Johnny Cash.

08.04.2016

Åttande april

Åttande april 1929 vart den Jacques Romain George Brel fødd i belgiske Schaarbeek. Visesongaren Jacques Brel hadde fleire hits i den franskspråklege delen av Europa på femti- og sekstitalet, og tekstane hans er oversett til ei rekkje språk. Best kjend her heime er kan hende canadiske Terry Jacks sin engelskspråklege ¬versjon av Le Moribond, Seasons In The Sun, som plagar radiolyttarar med jamne mellomrom. Hjå meg finn du samleplata Infiniment, som gjev oss nitten spor med det beste Brel spela inn i si levetid. Brel døyde i 1978. I 1932 kom Thomas Clark Cogbill til verda i Johnson Grove i Tennessee. Bassisten Tommy Cogbill markerte seg i miljøet rundt studioet Muscle Shoals i Alabama og står mellom anna for basslinene på Dusty Sprinfield sin kjempehit Son Of A Preacher Man. Cogbill kan i mi platehylle høyrast på plata Attempted Mustache, som var Loudon Wainwright III sitt bidrag til populærkulturen i 1973, samt på utvalde spor på samleplatene The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1.(1994) og Classics (J.J. Cale, 1999). Cogbill døyde i 1982. I 1947 kom Stephen James Howe til verda i engelske Holloway. Steve Howe er best kjend for å traktere gitaren for Yes, men har også vore innom band som Asia. Howe sitt bidrag til mi platehylle er Yes si studioplate Going For The One, som kom på marknaden i 1977. I 1951 kom Mel Scharcher til verda i Flint i Michigan. Bassisten Scharcher si karriere er omfattar spel i Grand Funk Railroad og i mi platesamling kan han høyrast på studioplatene On Time og Grand Funk, begge frå 1969. I 1962 vart Jeffrey Dean Isbel fødd i Lafayette i Indiana. Izzy Stradlin er best kjend for arbeidet han gjorde som gitarist og komponist i bandet Guns N’Roses, eit band han sa takk for seg i i 1991, etter den doble Use Your Illusion-missæren. Hjå meg kan Stradlin høyrast på bandet sine fire fyrste plater, Appetite For Destruction (1987), Lies (1988) og Use Your Illution I og II (1991). I 1965 vart Marcel Theo Hall fødd i Baltimore i Maryland. Biz Markie kan hjå meg høyrast medan han hjelp Beastie Boys med synginga på studioplatene Ill Communication (1994) og Hello Nasty (1998), samt på Will Smith si plate Willenium frå 1999. I 1968 kom Pål Flåta til verda. Paal Flaata var songar i Midnight Choir og hjå meg kan han høyrast på studioplatene Midnight Choir (1994) og Unsung Heroine (2000). I 1994 vart grungeikonet og den mest profilerte medlemmen av grungebandet Nirvana, Kurt Cobain, funnen daud i heimen sin i Seattle i Washington etter eit, truleg sjølvpåførd, skott i hovudet. Heime hjå meg har Nirvana-samlinga vokse i det siste og Kurt kan no høyrast både på den mest kjende plata, Nevermind frå 1991, i tillegg til In Utero, Unplugged In New York og From The Muddy Banks Of The Wishkah. I 1991 slepte Simple Minds si niande studioplata, Real Life, som klatra til andreplass på platelistene på heimemarknaden. I 1994 kom Offspring si tredje studioplate, og den fekk namnet Smash. I 1997 relanserte MU330 plata Chumps On Parade på plateselskapet Asian Man. Plata vart eigentleg utgjeven på Dill Records året før så nokon offisiell sleppdato er dette ikkje, men det er det næraste eg kjem. I 2009 døyde Herbie Lovelle. I 2010 døyde tidlegare Sex Pistols-manager Malcolm McLaren.

07.04.2016

Sjuande april

Sjuande april 1915 vart Eleanora Fagan fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Billie Holiday fekk kjælenamnet Lady Day av jazzkollega Lester Young, og har sidan hatt stor påverknad på kvinneleg vokal i både pop og jazz. Hjå meg finn du plata Lady In Satin frå 1958. Holiday døyde dessverre så tidleg som i 1959. I 1920 kom Robindro Shaunkor Chowdhury til verda i indiske Varanasi. Sitarfantomet Ravi Shankar var ei etablert superstjerne allereie då han vekte The Beatles-gitaristen George Harrison si interesse på sekstitalet og brått vart kjend i den vestlege verda. Mi platehylle husar konsertplata The Ravi Shankar Collection In Concert frå 2005. Shankar døyde i 2012. I 1934 kom den engelske jazzmusikaren Victor Stanley Feldman til verda i Edgware. Tangentmannen Victor Feldman har gjeve ut ei rekkje jazzplater under eige namn, men i mi platehylle er det på plata Hejira, som Joni Mitchell slepte i 1976, Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983, og Waits sin eks-kjæraste Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, dei musikalske ferdighetene hans kan høyrast. Feldman er også kreditert for å halde takten på utvalde spor på samleplata The Masters, som er kreditert dei to tidlegare Steely Dan-legendene Becker & Fagen. Feldman døyde i 1987. I 1938 vart tromptisten Frederick Dewayne Hubbard fødd i motorsportbyen Indianapolis i Indiana. Freddie Hubbard har traktert ulike instrument i blåserekka, spelt inn og gjeve ut fleire plater under eige namn og har i tillegg spelt på så og seie alle viktige jazzinnspelingar med alle viktige jazzartistar på seksti- og syttitalet. I mi platehylle kan Hubbard sitt arbeid høyrast på John Coltrane si plate Olè Coltrane, og på All Fly Home, som Al Jarreau slepte i 1978. Hubbard døyde i 2008. I 1951 kom Janis Eddy Fink til verda i New York City. Janis Ian sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokal på Kiss-bassist Gene Simmons si soloplate frå 1978. I 1959 vart Egil Eldøen fødd i Bergen. Songaren Eldøen er best kjende for samarbeidet med Lava og Randy Crawford, i mi platehylle kan han høyrast med koring og klapping på utvalde spor på Olav Stedje si samleplate 21 Beste frå 1998. I 1963 vart Denis Barthe fødd i franske Talance. Trommisen Barthe spelte fast i Noir Desire frå starten og fram til 2010, og kan i mi platehylle høyrast på bandet si studioplate Tostaky frå 1992. I 1965 vart David Palmer fødd. Yorkie spelte tidlegare i Space og kan i mi platehylle høyrast på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1976 døyde Jimmy Garrison. I 1980 var Heaton Buffs i Newcastle vertskap for Toy Dolls. I 1994 døyde Lee Brilleaux av kreft. I 1998 døyde Carlos Vega for eiga hand. I 2005 slepte Audrey Horne plata No Hay Banda, ei plate dei vart løna med Spelemannspris for. I 2008 døyde Phil Urso, og Surferosa slepte sitt tredje studioalbum The Beat On The Street.

06.04.2016

Sjette april

Sjette april 1927 kom Gerald Joseph Mulligan til verda i Queens i New York City. Jazzmusikaren Gerry Mulligan trakterte til vanleg saksofonen, og han gav sitt musikalske bidrag til mi platehylle på samleplata Birth Of The Cool, som Miles Davis gav ut i 1957. Mulligan døyde i 1996. I 1937 vart Merle Ronald Haggard fødd i Oildale i California. Countrylegenda Merle Haggard har gjeve ut ei rekkje soloplater, og hjå meg kan du høyre han på samleplata Wanted 7. I tillegg yt Haggard hjelp med både gitarspel og bakgrunnsvoka på songen I’m Leaving Now frå Johnny Cash si plate American III: Solitary Man frå 2000. Haggard døyde i 2016. I 1946 vart Danny Kortchmar fødd i New York City. I mi platesamling har gitaristen Kortchmar ytt sitt bidrag med glitrande seksstrengslyd på fleire spor både på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate Shot Of Love frå 1981, The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982, Jackson Browne si Lawyers In Love frå 1983, på Neil Young si plate Landing On Water frå 1986, og på Boz Scaggs’ Dig frå 2001. Kortchmar er også kreditert for gitarspel på utvalde spor på Bob Dylan si samleplate The Bootleg Series Vol 1-3 frå 1991. I 1950 kom Peter Van Hooke til verda i engelske Stanmore. Trommeslagaren Van Hooke spelte i Mike + The Mechanics i to periodar og kan i mi platesamling høyrast på studioplata Word Of Mouth frå 1991. Van Hooke spelar også Van Morrison si studioplate Into The Music (1979), samt på utvalde spor på same Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1952 kom Udo Dirkschneider til verda i den tyske småbyen Wuppertal. Udo har i dag sitt eige band, men gjorde i hine hårde dagar stor suksess som vokalist i det tyske Gay Metall-bandet Accept og han kan i mi platehylle høyrast på bandet si femte studioplate, Balls To The Wall frå 1982. I 1960 vart Warren Haynes fødd i Asheville i North Carolina. Gitaristen Haynes slo seg saman med The Allman Brothers Band i 1989, og han skal etter sigande ha vore med dei sidan. Hjå meg kan du høyre Haynes på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band First Set frå 1992. I 1962 kom Robby Turner til verda. Robby Turner voks opp i ein musikalsk familie, begge foreldra spelte i Hank Williams Sr. sitt band, og slo seg på Steel Guitaren i ung alder. Hjå meg kan «The Man Of Steel» sitt arbeid høyrast på Willie Nelson si studioplate Across The Borderline frå 1993, og på Paul Simon si konseptplate Songs From The Capeman frå 1997. I 1965 kom Charles Michael Kittridge Thompson IV til verda i Boston i Massachutsetts. Black Francis er den kreative krafta i The Pixies og kan hjå meg høyrast på studioplatene Bossanova (1989) og Doolittle (1990). Same dag vart det mogleg å kjøpe Elvis Presley sin singel Crying In The Chappel, som engelskmennene likte godt nok til at det vart to veker på topp av lista. I USA heldt det til ein respektabel sjetteplass for “Kongen”. I 1974 nytta unge rockarar i Black Sabbath dagen til å underhalde på Ontario Speedway i California. Children Of The Grave var ein av songane som stod på programmet og denne klassikaren kan både høyrast og sjåast på ein DVD med tittel Undead And Alive frå Falcon Neue Medien. I 1983 var Johnny Cash i studio og spela inn Bruce Springsteen sin song Highway Patrolman som har vore på ei rekkje samleplater, mellom anna Murder frå 2000. I 1992 spelte Violent Femmes på The Commodore Ballroom i den kanadiske olympiabyen Vancouver, ein song med same namn som vertsbyen kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1996 fekk publikum ein smakebit frå den nært føreståande CD-plata frå The Cranberries med singelen Salvation. I 1998 døyde Wendy O Williams. I 2016 døyde Merle Haggard, på sin eigen syttiniårsdag.

05.04.2016

Femte april

Femte april 1926 vart Stanley Levey fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Stan Levey var ein av dei tidlegaste Bebob-trommeslagarane og ein av få kvite slike. I mi platehylle er det som stødig rytmeseksjon for Chet Baker på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 Levey kan høyrast. Levey døyde i 2005. I 1942 kom Harold Allan Clarke til verda i engelske Salford. Songaren Allan Clarke har ei fortid i The Hollies, saman med barndomskompisen Graham Nash, og kan i mi platehylle høyrast på samleplata 20 Great Love Songs. I 1948 kom James Leslie Binks til verda i nordirske Portadown. Trommeslagaren Les Binks har spela med mange av dei store engelske hardrocknamna og kan i mi platesamling høyrast medan han trommar takten for Judas Priest på studioplata Stained Class, som kom i sal i 1978, samt konsertplata Unlashed In The East, som kom på marknaden året etter, i 1979. Binks sitt trommespel kan også høyrast på utvalde spor på samleplatene Metal Works’73-’93 (1993) og The Essential Judas Priest (2006). I Wolverhampton, vart utruleg nok Binks sin erstattar David Holland fødd. Pederasten Dave Holland er dømd for valdtekt av ein syttenåring, men er for dei fleste kjend for å halde takten på den legendariske Judas Priest-plata British Steel frå 1980. I mi platehylle kan Holland sitt arbeid også høyrast på samleplatene Metal Works’73-’93 (1993), Simply The Best (1999) og The Essential Judas Priest (2006), i tillegg til den obskure konsertplata Concert Classics, som kom på marknaden i 2007. I 1950 vart den svenske songarinna Agneta Feltskog fødd. Frå basen i heimbyen Jönköping etablerte Feltskog ei songkarriere som fekk sitt fyrste store høgdepunkt då ho spela rolla som Maria Magdalena i Jesus Christ Superstar i 1972. Seinare slo Agneta seg saman med dei tre andre som til saman utgjorde ABBA og etter det tok suksessen berre av og det er berre å ta av seg hatten og gratulere med det denne Dancing Queen har oppnådd i musikken si verd. Hjå meg kan Fältskog høyrast på samleplatene Abba Gold (1992) og The Hits (1990). I 1966 kom Michael David McCready til verda i flybasebyen Pensacola i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Mick McCready var ein av grunnleggjarane av Pearl Jam og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Ten frå 1991, i tillegg til studioplata Vitaology frå 1994. McCready er også kreditert for å spele gitar på Temple Of The Dog si einaste studioplate, Temple Of The Dog, frå 1991. I 1967 fekk The Who produsenthjelp av Kit Lambert då dei var i IBC Studios i London for å spele inn Pictures Of Lily. I 1974 gav Johnny Cash ut plata Ragged Old Flag. Musikarane var The Tennessee Three som bestod av Carl Perkins på gitar, Larry McCoy og Ray Edenton. I tillegg steppa The Oak Ridge Boys inn og kora på somme av songane medan Earl Scruggs klimpra på banjo. I 1984 stod Toy Dolls på plakaten på Forum i Enger. I 1988 slepte Tracy Chapman si sjølvtitulerte debutplate. I 1991 avslutta Iron Maiden verdsturneen No Prayer On The Road i NHK Hall i Tokyo. Dette var tredje konsertkvelden på rad i same arena. I 1997 døyde Allen Ginsberg. I 1998 døyde Cozy Powel. I 2002 tok Layne Stanley ein overdose heroin og eit kort og hektisk liv i rocken si teneste var over. Dødsdatoen er omtrentleg og basert på rettsmedisinarane si fagleg kvalifiserte gjetting etter som det gjekk om lag fjorten dagar før Stanley vart funnen. I 2012 døyde Barney McKenna.

04.04.2016

Fjerde april

Fjerde april 1913 vart McKinley Morganfield fødd i Issaquena i Mississippi. Muddy Waters vert rekna som sjølvaste Gudfaren i det som har fått tilnamnet Chicagoblues. Hjå med kan Muddy Waters høyrast med både gitarspel og vokal på Johnny Winter si plate Nothin’ But The Blues frå 1977. Muddy Waters døyde i 1983. I Texas-hovudstaden Austin kom Gene Ramey kom til verda. Bassisten Ramey har vore innom bandet til mellom anna Miles Davis og fleire andre store jazzartistar, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar på Bob Dylan si plate The Freewheelin Bob Dylan frå 1963. Ramey døyde i 1984. I 1939 vart Daniel Henry Edward Thompson fødd i engelske Teignmouth. Bassisten Danny Thompson sitt basspel er godt kjend over heile verda og kan hjå meg høyrast på Nick Drake si plate Five Leaves Left frå 1969, og medan han spelar for Billy Bragg på plata Workers Playtime frå 1988. I 1944 kom Ann-Louis Hanson til verda i skånske Kristianstad. Songerinna Hanson har deltekte i den svenske utgåva av Eurovisjon heile tretten gonger, noko som er svensk rekord. Hjå meg kan Hanson si røyst høyrast på to ulike samleplater, Guldkorn Frå Master Cees Memoarer (1996) og Guldkorn (Samhällskritikern) (2001), begge signert Cornelis Vreeswijk. I 1946 kom David John Hill til verda i Holbeton idylliske Devon. Gitaristen Dave Hill har tent til livets opphald i Slade og kan i mi platehylle høyrast på studioplatenen Play It Loud (1970) og Slayed (1972), i tillegg til konsertplatene Slade Alive (1970) og Slade On Stage (1982), og samleplata The Slade Collection ’81-87. I 1948 kom Arne Moslåtten til verda i Ål i Hallingdal. Musikklæraren Moslåtten har fram til ganske nyleg spelt i Hellbillies, han er tekstforfattar for fleire av bandet sine best kjende låtar, og i mi platehylle kan han høyrast på tre av bandet sine tidlege studioplater, Sylvspente Boots (1992), Lakafant (1995) og Drag (1996), i tillegg til konsertplata Live Laga frå 1997. I 1952 kom Robert William Gary Moore til verda i Belfast i Nord-Irland. Supergitaristen Gary Moore er nok best kjend for si eiga solokarriere, mellom anna med bluessviskeplata Still Got The Blues, men i mi platesamling er han representert med oppfølgjarplata After Hours frå 1992, og på utvaldes spor på samleplata Dedications, som dekkar litt av arbeidet han gjorde som gitarist i det irske hardrockbandet Thin Lizzy, der han, tidlegare i karrieren, samarbeida med Phil Lynnot. More døyde med spya i halsen i 2011. Ei som delar gebursdag med More er den italienske songarinna Fiorella Mannoia, som kom til verda i Roma. Fiorella sitt bidrag til mi platesamling heiter Belle Speranza, var dama si tiande studioplate, og kom på marknaden i 1997. I 1957 vart Graeme Hunter Kelling fødd i skotske Paisley. Gitaristen Graeme Kelling spelte i Deacon Blue fram til 1998, og tapte diverre kampen mot kreften i 2004. Hjå meg kan Kelling høyrast med vakre gitartriller på platene Fellow Hoodlums (1987) og Raintown (1991). Kelling døyde i 2004. I 1958 kom Peter Baltes til verda i tyske Sollingen. Bassisten Baltes har spelt på femten av dei tyske metallheltane Accept sine studioplater og kan hjå meg høyrast på studioplata Balls To The Wall frå 1983, i tillegg til samleplata No Substitutes. I 1966 vart Micaehel Christopher Starr fødd i ukulelemetropolen Honolulu på Hawaii. Bassisten Mike Starr var ein av grunnleggjarane av Alice In Chains og kan hjå meg høyrast på bandet sine to fyrste studioplater, Facelift (1990) og Dirt (1992). Starr fekk sparken under turnéen bandet la ut på for å promotere Dirt. Starr rakk også å utmerkje seg ved å vere med på fjernsynsprogrammet Celebrity Rehab på ein amerikansk musikkanal før han døyde i 2011. I 1972 kom Magnus Johan Svenningsson til verda i Falköping. Bassisten Magnus Svenningsson spelar til dagleg i The Cardigans og kan i mi platehylle høyrast på megahiten Burning Down The House frå Tom Jones si samarbeidsplate Reload frå 1999. I 1980 spelte Toy Dolls på Old Twenty Nine i Sunderland. I 1984 melder Toy Dolls-nyhenda at dei var på plass på The Loft i Berlin. I 1991 spelte Iron Maiden i Tokyo for andre kvelden på rad.

03.04.2016

Tredje april

Tredje april 1943 vart Richard George Manuel fødd i Stratford i kanadiske Ontario. Richard Manuel vert hugsa for arbeidet han gjorde med den kanadiske supergruppa The Band, der han trakterte ei rekkje instrument. Richard Manuel sitt bidrag til mi platehylle finn du på plata Islands frå 1977. Manuel er også kreditert for å spele piano på utvalde spor på Bob Dylan si samleplate The Bootleg Series Vol 1-3, som kom på marknaden i 1991. Manuel døyde i 1986. I 1946 kom David Murray Oates til verda i engelske Gilllingham. Bassisten Dee Murray hadde sine best musikalske år i Elton John sitt band, hjå meg finn du basspelet hans på Alice Cooper si plate From The Inside frå 1978. Murray døyde i 1992. I 1949 kom songaren og gitaristen Richard John Thompson til verda i London. Richard Thompson er best kjend for tida med folkrockbandet Fariport Convention og har i ettertid turnert verda over i ulike band og konstellasjonar, mellom anna med den bergenske gitaristen Mads Eriksen. I mi platehylle Thompson høyrast på Nick Drake si plate Five Leaves Left frå 1969. I 1958 vart David Lasater Ragsdale fødd i den amerikanske delstaten Georgia. Fiolinisten David Ragsdale spelar til dagleg for Kansas, men i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar for The Smashing Pumpkins på to spor på deira plate Siamese Dream frå 1993, og for Queensrÿche på plata Hear In The New Frontier frå 1997. I 1960 vart It’s Now Or Never og Are You Lonesomme Tonight festa til lydband. Songaren bak desse meisterverka heit Elvis Presley og musikarane som hjelpte han med godlyden kalla seg for The Jordanairs. I 1970 vart Kirk Jones fødd i smeltedigelen New York City. Rapartisten Sticky Fingaz kan i mi platehylle høyrast med vokalhjelp på Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. I svenske Danderyd kom Andreas Mikael Carlsson til verda. Musikprodusenten og komponisten Andreas Carlsson er i mi platehylle kreditert for bakgrunnsvokal på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1977 spelte AC/DC inn eit opptak for ABC sitt program Countdown. Videoen Dog Eat Dog er frå denne seansen og kan nytast på DVD’en Family Jewels. I 1980 var det truleg høgtid på Castle Inn i Durham då dei tok i mot Toy Dolls. I 1982 er dette datoen då Motörhead sin singel Iron Fist/Remember Me I’m Gone kom på marknaden. I 1984 fekk A-Z i Freiburg vitjing av Toy Dolls. I 1991 fekk NHK Hall i Tokyo vitjing av Iron Maiden. I 1992 spelte Violent Femmes på Leavey Activities Center i Santa Clara. Caleb Alexander sin kassettinnspeling av Lies kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1995 kom Hellbillies si tredje studioplate, denne gongen på eit stort plateselskap, BMG. Produktet fekk namnet Laka Fant. I 2000 kom Hothouse Flowers si tredje studioplate, Songs From The Rain. I 2006 slepte The Flaming Lips si ellevte studioplate, At War With The Mystics, og rapkollektivet Asian Dub Foundation nytta dagen til å sleppe plata Rafi’s Revenge laus på folket. I 2015 døyde Bob Burns.

02.04.2016

Andre april

Andre april 1926 vart Kenny Hagood fødd i Detroit i Michigan. Pancho Hagood kan hjå meg høyrast som hjelpevokalist for Miles Davis på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. Hagood døyde i 1989. I 1928 kom Lucien Ginsburg til verda i Paris. Songaren Serge Gainsbourg vert rekna som ein av verdas mest innflytingsrike popmusikarar og hadde ei rekkje store hits verda over, i tillegg er han kjend for å ha eit forhold til den britiske skodespelerinna Jane Birkin, som han fekk dottera Charlotte Gainsbourg saman med i 1971. Hjå meg finn du studioplata Historie De Melody Nelson frå 1971. Gainsbourg døyde av hjertestans i 1991. I 1939 vart Marvin Pentz Gay Jr. fødd i det amerikanske maktsentrumet Washington D.C. Plateprodusenten og songaren Marvin Gaye hadde i åra frå 1958 til 1984 ei rekkje hits og vart rekna som The Prince Of Motown. Gaye vart skoten av sin eigen far etter ein durabeleg krangel i 1984. Gaye sitt bidrag til mi platehylle heiter I Want You og kom på marknaden i 1976. I 1947 kom Emmylou Harris til verda i Birmingham i Alabama. Countrysongerinna Harris har gjeve ut fleire soloplater, men det er som anonym kordame for andre artistar dei fleste stiftar kjennskap til ho. Verdas beste kordame kan i mi platesamling høyrast i framgrunnen på si eigen soloplate Pieces Of The Sky, som ho gav ut i 1975. Ho kan også høyrast i bakgrunnen for Willie Nelson på plata Stardust frå 1978, på Steve Earle si sjuande studioplate El Corázon frå 1997, på songen Stars Of Betlehem for Neil Young på plata American Stars’N Bars frå 1977, på Young si tjuefemte studioplate Silver And Gold (2000), og på utvalde spor på samleplata Greatest Hits, i tillegg til på Lucinda Williams si gjennombrotsplate Car Wheels On A Gravel Road frå 1998. Harris er også kreditert for å syngje bak Bob Dylan på plata Desire frå 1976, og på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol 1-3, som kom på marknaden i 1991. I 1949 vart David Robinson fødd i Malden i Massachusetts. Robinson har livnært seg som trommeslagar i The Cars, som har to studioplater, The Cars (1978) og Door To Door (1987), og ei samleplate, Greatest Hits (1985), i mi platehylle. I 1952 vart David Eric Bronze fødd i engelske Essex. Bassisten David Bronze har spelt med både Eric Clapton og Procol Harum, men hjå meg finn ein basspelet hans på Dr. Feelgood si plate Primo frå 1991. I Newport i Rhode Island kom Leon Russel Wilkeson til verda. Bassisten Leon Wilkeson slo seg saman med sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd i 1972 og spelte saman med dei langhåra til han døyde i 2001. Hjå meg kan Wilkeson høyrast på studioplatene Lynyrd Skynyrd 1991 og Twenty (1997), i tillegg til samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd, som kom på marknaden i 1998. I 1956 var Johnny Cash i studio og spelte inn det som av mange vert sett på som sjølvaste signaturlåten hans, I Walk The Line. Innspelinga vart produsert av legenda Sam Phillips og kom ut som Sun Reccords sin singel nummer 241. Denne songen er representert på ei rekkje samleplater i mi platehylle, mellom anna plata Love frå 2000. I 1972 vart Frode Lamøy fødd. Trommisen Lamøy kan i mi platehylle høyrast som innleid musikar på TNT si sjuande studioplate Transistor frå 1999. I 1974 kom Håkan Georg Hellström til verda i Gøteborg. Håkan Hellström sitt bidrag til mi platehylle heiter Känn Ingen Sorg För Mig Göteborg og var hans solodebut frå 2000. I 1975 slepte Bad Company si andre studioplate, Straight Shooter. I 1978 gav Kiss ut samleplata Double Platinum, som summerte opp karrieren til dei maskekledde fram til då. I 1984 nytta gutane i Toy Dolls kvelden til å spele på Korn i Hannover. I 1987 spelte Iron Maiden i den vidgjetne sportsarenaen Madison Square Garden i verdsmetropolen New York. I 1991 slepte Mike + The Mechanics plata Word Of Mouth, som var deira tredje studioplate. I 1996 slepte Beastie Boys den instrumentale samleplata The In Sound From Way Out. I 2009 døyde Bud Shank. I 2010 ebba livet ut for Mike Zwerin.