29.03.2012

Tjueniande mars

Tjueniande mars 1943 kom komikaren Eric Idle til verda i engelske South Shields. Idle gjorde seg kjend som ein av skodespelarane i den elleville truppen Monty Python, som herja fjernsynsskjermane frå slutten av sekstitalet og utover. Idle er mannen bak dei fleste av komikargjengen sine songar og hjå meg kan han høyrast saman med resten av gjengen på usansynlig morosame samleplata Monty Python Sings frå 1998. I 1959 vart Perry Farrell fødd og tildelt døypenamnet Peretz Bernstein. Farrell var vokalist og leiar for det amerikanske alternativbandet Jane’s Addicition og mi platesamling byr på debutplata Nothing’s Shocking frå 1988. Farrell har også vore med i band som Porno For Pyros og Lollapaloza. I 1960 vart forfattaren Jo Nesbø fødd i Oslo. Jo Nesbø var den kreative krafta i Di Derre og har såleis ei meir framtredande rolle i platehylla enn i bokhylla mi. I 1973 gjekk Gasolin i Rosenbergstudioet i København og spelte inn songen Som Et Streif Af En Dråbe. Produsent var Freddy Hanson. I 1980 slepte Billy Joel plata Glass Houses, ei av dei betre produkta frå hans side. Dagen i 1982 var ein merkedag for alle tilhengjarar av grom hardrock, då vart forrykande The Number Of The Beast slept laus på uskuldige platekjøparar, og dei langhåra mennene som spelar og syng er sjølvsagt bandet som framleis kallar seg for Iron Maiden. I 1985 spelte Violent Femmes på The Oriental Theater i Milwaukee. Ein radioreklame for showet kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. På same dato i 2002 var den moderne hippien Manu Chao på scenen i den meksikanske hovudstaden Mexico by. Det må vere lov å tru at dette var eit forrykande show i den gamle aztekarbyen. I 2001 døyde John Lewis. I 2006 gjekk jazzmusikaren Don Alias bort.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar