29.04.2018

Tjuesjette april

I 1961 kom journalisten, fotballspelaren og MFK-supporteren Knut Nesbø til verda. NRK-journalisten og fotballeksperten Nesbø er vetlebror av meir kjende forfattar Jo, og er gitarist i bandet Di Derre, som i mi platehylle er representert med platene Den Derre Med Di Derre (1993), Jenter & Sånn (1994) og Gym (1996). Nesbø døyde i 2013.

Andre jubilantar
Tom Roger Ådland (1964)
Darrin Mooney (1967)

Tjuefemte april

I 1917 vart den amerikanske jazzsongarinna Ella Jane Fitzgerald fødd i marinebyen Newport News i Virginia. Ella Fitzgerald var ein høgt skatta jazzartist som kunne la røysta klatre over tre oktavar, og som hausta ei rekkje Grammy-statuettar. I mi platehylle finn du ei av platene Fitzgerald gjorde i samarbeid med den like vidgjetne jazztrompetisten Louis Armstrong, Ella & Louis Again, som kom på marknaden fyrste gongen i 1957, samt den truleg høgst uoffisielle samleplata How High The Noon, som er oppkalla etter ein av dei mest kjende songane hennar. Fitzgerald døyde i 1996.

Andre jubilantar
Vassar Clements (1928-2005)
Björn Ulvaeus (1945)
Stu Cook (1945)
Fish (1958)
Christian Falk (1962-2014)
Eric Avery (1965)
Richard Dodd (1965)
Nicholas Barker (1973)

24.04.2018

Tjuefjerde april

I 1957 vart Boris Peter Bransby-Williams fødd i franske Versailles. Boris Williams slo seg saman med The Cure i 1984, eit samarbeid som vara til 1993, og mi platehylle byr på studioplatene Staring At The Sea (1986), Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me (1987) og Disintegration (1989), samt utvalde spor på den remixa samleplata Mixed Up.

Andre jubilantar
Eldon Shamblin (1916-1998)
Tony Visconti (1944)
Dough Riley (1945)
Glenn Cornick (1947)
Steve York (1948)
Rob Hyman (1950)
Nigel Harrison (1951)
David J (1957)
Billy Gould (1964)
Magnus Grønneberg (1967)
Patty Schemel (1967)

23.04.2018

Tjuetredje april

I 1936 kom den amerikanske artisten Roy Kelton Orbison til verda i småbyen Vernon nord i skytegale Texas. Mystiske Roy Orbison var ein av pionerane i rock’n roll, men tok seg seinare ein lang tur ut av det energikrevjande rampelyset. Falsettsyngjande Orbison dukka etter kvart opp som ein av medlemmene av supergruppa The Travelling Wilburys og fekk med det ein viss renesanse på tampen av karrieren. Orbison døyde av eit hjerteinnfarkt i 1988.

Andre jubilantar
Jamie Talbot (1960)
John McBain (1965)
Viggo Krüger (1971)
Rolf Erik Nystrøm (1975)
Bjørn Tore Kronen Taranger (1979)

Tjueandre april

I 1935 vart W.S. Holland fødd i Saltillo i Tennessee. Trommisen W.S. Holland spelte fast for Johnny Cash i meir enn førti år og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Orange Blossom Special (1965), America: A 200-Year Salute In Story And Song (1972), Ragged Old Flag (1974) og Johnny Cash Children’s Album (1975), konsertplatene At Folsom Prison (1968) og At San Quentin (1969), i tillegg til songen Girl From North County som var ein duett Johnny Cash song med Bob Dylan og som kom med på sistnemnde si plate Nashville Skyline frå 1967.

Andre jubilantar
Paul Chambers (1935-1969)
Glen Campbell (1936-2017)
Howie Wyeth (1944-1996)
Martin Quinttenton (1945-2015)
Pete Carr (1950)
Peter Frampton (1950
Paul Carrack (1951)
Brian Marshall (1973)
Shavo Odadjian (1978)

Tjuefyrste april

I 1947 kom James Newell Ostenberg til verda i Muskegon, ein småby i Michigan. Under artistnamnet Iggy Pop har Ostenberg markert seg, fyrst som medlem av The Stooges, sidan med ei omfattande solokarriere. Eg eig plata Soldier frå 1980, ikkje Iggy Pop sitt sterkaste augneblink, men bra nok til at det fristar å utvide samlinga.

Andre jubilantar
Pat Rebillot (1935)
Pee Wee Ellis (1941)
Sam Mitchell (1950-2006)
David van Tieghem (1955)
Mike Barson (1958)
Michael Timmins (1959)
Robert Smith (1959)
John Maher (1960)
Øystein Hegge (1961)

Tjuande april

I 1941 vart Timothy Lee Drummond fødd i Bloomington i Illinois. Bassisten Tim Drummond har traktert bassen for fleire store artistar og hjå meg kan han høyrast på denne rekkja av Neil Young sine plater: Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Comes A Time (1978) og Hawks & Doves (The Old Homestead) frå 1980, samt samleplata Greatest Hits frå 2004. I tillegg kan Drummond sitt basspel høyrast på 15 Big Ones, som var Beach Boys sitt bidrag til populærkulturen i 1976, og på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981. Drummond er også kreditert for å spele bass på utvalde spor på samleplatene The Bootleg Series Vol. 1-3 (Bob Dylan, 1991) og Classics (J.J. Cale, 1999). Drummond døyde i 2015.

Andre jubilantar
Sture Rogne (1947)
Craig Frost (1948)
Rob Stoner (1948)
Walter Becker (1950-2017)
Steve Nathan (1951)
Carl Carlton (1955)
Ashley Slater (1961)
Mikey Welsh (1971-2011)
Stephen Marley (1972)
Marty Crandall (1975)

22.04.2018

Nittande april

I 1942 kom Edwin H. Kramer til verda i den strategisk plasserte sørafrikanske hamnebyen Cape Town. Musikkprodusenten Eddie Kramer har samarbeidd med praktisk talt alle dei store innom den rocka delen av populærmusikken og er i tillegg ein fotograf av verdsformat. I mi platehylle er Kramer kreditert for pianospel på eitt spor på Kiss si studioplate Love Gun frå 1977, ei plate Kramer sjølvsagt også produserte, i tillegg til at han spelte perkusjon på Mott The Hoople si studioplate Shouting And Pointing, som kom på marknaden i 1976.

Andre jubilantar
Bernie Worell (1944-2016)
Tony Iomi (1948)
Earl Gardner (1950)
Bob Rock (1954)
Andy Shernoff (1955)
Chris Stills (1974)

21.04.2018

Attande april

I 1946 kom Tommy Shannon til verda i Tucson i ørkenstaten Arizona. Bassisten Shannon har ei fortid i blueslegenda Johnny Winter sitt band, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar i Stevie Ray Vaughan sitt band, Double Trouble, på studioplatene Texas Flood (1983) og In The Beginning (1992), i tillegg til samleplata The Best Of Stevie Ray Vaughan frå 2007. Shannon er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata A Rock ‘N Roll Collection, som Johnny Winter slepte i 1994.

Andre jubilantar
Clarence Brown (1924-2005)
Glen D. Hardin (1939)
Walter Richmond (1947)
Andrew Powell (1949)
Lee Pattinson (1958)
Calle Apeland (1964)
Mark Tremonti (1974)
Ted Sablay (1976)

Syttande april

I 1929 kom Hans Last til verda i tyske Bremen. Orkestarleiar James Last hadde jazzmusikk som leveveg sidan 1946 og sitt eige orkester sidan 1948. Hjå meg kan du høyre studioplata Last The Whole Night Long (1979). Mykje av Last sin musikk er udødeleg, og det har hendt at eg har spurd meg om mannen er det også, men den gong ei, Last døyde i 2015.

Andre jubilantar
Clifford Gibson (1897-1963)
Junior Collins (1927-2010)
Roy Estrada (1944)
DeWayne McKnight (1954)
Andy Prieboy (1955)
Pete Shelley (1955)
Niki Haris (1962)
Jon Terje Rovedal (1964)
Maynard James Keenan (1964)
Matt Chamberlain (1967)
Redman (1970)
Kjetil Steensnæs (1976)

Sekstande april

I 1947 kom Lee Kerslake til verda i badebyen Bournemouth på den engelske sørkysten. Trommeslagaren Kerslake har lang fartstid i urrockarane Uriah Heep, som eg var så heldig at eg fekk sjå i levande live på Maxime i Bergen vinteren 1989, og som sjølvsagt er rikeleg representert i mi platesamling. Kerslake kan høyrast på Uriah Heep sine studioplater Demons And Wizards (1972), Wonderworld (1974), Return To Fantasy (1975), High And Mighty (1976), Falen Angel (1978), Abiminog (1982) og Raging Silence (1989), samt samleplata Echoes In The Dark frå 1991. Kerslake kan i mi platesamling også finnast bak trommesettet på to av spora på konsertplata Tribute, som ein annan av mine store heltar, Ozzy Osbourne, slepte i 1987.

Andre jubilantar
R. Carlos Nakai (1946)
Gerry Rafferty (1947-2011)
Robert Kirby (1948-2009)
Alva Lewis (1949-2013)
Chaz Jankel (1952)
Peter Garrett (1953)
Eric Drew Feldman (1955)
Paul Buchanan (1956)
Dave Pirner (1964)
Jarle Vespestad (1966)

15.04.2018

Femtande april

I 1944 vart David Edmunds fødd i hovudstaden i det kongelause monarkiet Wales, Cardiff. Den walisiske rockaren Dave Edmunds har hatt fleire hits sidan slutten av 1960-talet, men er meir kjend som produsent enn som musikar. Han er mellom anna grunnleggaren av Rockfield Studios som han har plassert langt ute på den walisiske landsbygda. Der har mellom anna Motörhead gjort vellukka innspelingar. I mi platehylle finn ein plata Rockin’, ei samleplate frå 1997. Edmunds kan også høyrast med vokalhjelp og gitarspel på songen Cry Baby på Stray Cats si plate Choo Choo Hot Fish frå 1992, ei plate Edmunds også produserte, og på Carlene Carter si plate Musical Shapes frå 1980. Edmunds er også kreditert for gitarspel og bakgrunnsvokal på Angel With A Lariat, som k.d. Lang & The Recliners slepte i 1987, og på The Fabolous Thunderbirds si plate Hot Number, også den frå 1987.

Andre jubilantar
Michael Kamen (1948-2003)
Phil Mogg (1948)
Jeff Golub (1955) Mark Luchurst (1960)
Miriam Stockley (1962)
Linda Perry (1964)
Kati Raitinen (1969)
Ed O'Brien (1969)
MzMunchie (1970)
Jørgen Træen (1973)
Tarjei Grimsby (1974)

14.04.2018

Fjortande april

I 1945 kom Richard Hugh Blackmore til verda i engelske Weston-super-mare. Den lunefulle gitaristen Richie Blackmore var ein av originalmedlemmane i den engelske tungrockgruppa Deep Purple, men forlét seinare gruppa for å starte sitt eige prosjekt, Richie Blackmore’s Rainbow, der han samarbeidde med den amerikanske songaren Ronnie James Dio. I mi platehylle finn du Blackmore sitt gitarspel på Deep Purple-platene Machine Head frå 1972, Burn (1974) og Power House frå 1977, i tillegg til Rainbow-plata Long Live Rock’n Roll frå 1978.

Andre jubilantar
Arlene Martell (1936-2014)
Keith Baker (1948)
Cliffie Grine (1951)
Danny Bowes (1960)
Marc Quinones (1962)
Gregory Page (1963)
Stuart Duncan (1964)
Barrett Martin (1967)
Carl Newman (1968)
Da Brat (1974)

Trettande april

I 1962 kom Hillel Slovak til verda i Haifa i Israel. Gitaristen Slovak var ein del av originalbesetninga av Red Hot Chili Peppers og er i mi platesamling kreditert for å spele på studioplatene Freaky Style (1985) og The Uplift Mofo Party Plan (1987), i tillegg til eitt spor på Mothers Milk (1988). Hillel døyde av ein overdose heroin i 1988.

Andre jubilantar
Guy Stevens (1943-1981)
Riff West (1950-2014)
Max Weinberg (1951)
Sam Bush (1952)
Randy Piper (1953)
James Destri (1954)
Louis Johnson (1955-2015)
Lorraine McIntosh (1964)
Mark Ford (1966)
Jon Hudson (1968)
Lester Chambers (1970)

Tolvte april

I 1945 vart Douglas Brian Riley fødd i den kanadiske storbyen Toronto. Tangentmannen Doug Riley, som lydde kallenamnet Dr. Music er i mi platehylle kreditert for å spele på Bob Seger And The Silver Bullet Band sine studioplater Night Moves (1976), Stranger In Town (1978) og Against The Wind (1980). Riley kan også høyrast medan han trakterar tangentar på Alannah Myles si plate Arrival frå 1998. Riley døyde i 2007.

Andre jubilantar
Herbie Hancock (1940)
Jackson Spires (1951-2005)
Tony James (1953)
John Kay (1944)
John Sinclair (1952)
Arild Stav (1956)
Vince Gill (1957)
Will Seargant (1958)
Geoff Dougmore (1960)
Sean Welch (1965)
Douglas Grean (1966)
Guy Berryman (1978)
Pete Doherty (1979)

Ellevte april

I 1959 kom John Parish til verda i engelske Yeovil. Sjølv om multiinstrumentalisten Parish har spela med ei rekkje musikarar er karriera hans nesten uløyseleg knytt til PJ Harvey og hjå meg kan han høyrast på studioplatene To Bring You My Love (1995), Is This Desire frå 1998, og White Chalk, som kom på marknaden i 2007.

Andre jubilantar
Tom Hill (1950)
Ednita Nazario (1955)
Neville Staple (1955)
Ricky Wellman (1956-2013)
Jim Lauderdale (1957)
Stuart Adamson (1958-2001)
Eric Schermerhorn (1961)
Vincent Gallo (1962)
Håvard Eidsaune (1966)
Lisa Stansfield (1966)
Cerys Matthews (1969)
Oliver Riedel (1971)
Klas Åhlund (1972)
Heidi Marie Vestrheim (1977)

Tiande april

I 1947 vart Neville O’Riley Livingston fødd i Kingston, hovudstaden på reggeaøya Jamaica. Bunny Wailer var, saman med Bob Marley og Peter Tosh, ein av grunnleggjarane av The Wailers og har sidan oppnådd legendestatus i reggea- og rastafarimiljøet. Hjå meg kan Wailer høyrast med perkusjon og bakgrunnsvokal på samleplatene Legend (1984), Collection Gold (1991) og His 24 Greatest Hits (1998), som er slepte i kompisen Bob Marley sitt namn, og på ein anna kompis frå The Wailers-tida, Peter Tosh, sine samleplater The Toughest (1998) og The Best Of Peter Tosh frå 1999.

Andre jubilantar
Sandy Siegelstein (1919-2013)
Weldon Myrick (1938-2014)
Eric Troyer (1949)
Eddie Hazel (1950-1992)
Lenny Picket (1957)
Steve Gustafson (1957)
Brian Setzer (1959)
Reni (1964)
Rune Arnesen (1965)
Tim Alexander (1965)
Frank Hammersland (1969)
Q-Tio (1970)
Joey DeFranco (1971)
Sophie Ellis-Bextor (1979)

Niande april

I 1932 kom Carl Lee Perkins til verda i Tiptonville i Tennesssee. Gitaristen og komponisten Carl Perkins er kan hende best kjend for å ha skrive slagaren Blue Suede Shoes, som mellom anna Elvis Presley hadde ein kjempehit med, og som Toy Dolls har ein glitrande og temposterk versjon av, men i mi platehylle har Perkins overteke broren Luther sin jobb som gitarist i Johnny Cash sitt band og, deltek på fleire av hans innspelingar. Perkins er i mi platehylle kreditert for å spele på studioplatene America: A 200-Year Salute In Story And Song (1972), Ragged Old Flag (1974) og The Johnny Cash Children’s Album (1975), dei to legendariske konsertplatene At Folsom Prison (1968) og At San Quentin (1969), samt utvalde spor på samleplata Unearthed frå 2003. Perkins døyde i 1998.

Andre jubilantar
Steve Gadd (1945)
Peter Wood (1950-1993)
T.T. Oksala (1958-2010)
Mark Kelley (1961)
Joey Peters (1965)
Yo Akim (1966)
Ras Baraka (1970)
Albert Hammond jr. (1980)

Åttande april

I 1962 vart Jeffrey Dean Isbel fødd i Lafayette i Indiana. Izzy Stradlin er best kjend for arbeidet han gjorde som gitarist og komponist i bandet Guns N’Roses, eit band han sa takk for seg i i 1991, etter den doble Use Your Illusion-missæren. Hjå meg kan Stradlin høyrast på bandet sine fire fyrste plater, Appetite For Destruction (1987), Lies (1988) og Use Your Illution I og II (1991).

Andre jubilantar
Herb Lovelle (1924-2001)
Ollie Michell (1927-2013)
Jacques Brel (1929-1978)
Tommy Cogbill (1932-1982)
Steve Howe (1947)
Phil Aaberg (1949)
Mel Sacher (1951)
Biz Markie (1965)
Pål Flaata (1968)
Gisle Martens Meyer (1975)

Sjuande april

I 1920 kom Robindro Shaunkor Chowdhury til verda i indiske Varanasi. Sitarfantomet Ravi Shankar var ei etablert superstjerne allereie då han vekte The Beatles-gitaristen George Harrison si interesse på sekstitalet og brått vart kjend i den vestlege verda. Mi platehylle husar konsertplata The Ravi Shankar Collection In Concert frå 2005. Shankar døyde i 2012.

Andre jubilantar
Billy Holliday (1915-1959)
Victor Feldman (1934-1987)
Freddie Hubbard (1938-2008)
Mick Abrahams (1943)
Florian Schneider (1947)
Wells Kelly (1949-1984)
Janis Ian (1951)
Egil Eldøen (1959)
Denis Barthe (1963)
Dave Palmer (1965)

Sjette april

I 1946 vart Danny Kortchmar fødd i New York City. I mi platesamling har gitaristen Kortchmar ytt sitt bidrag med glitrande seksstrengslyd på fleire spor både på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate Shot Of Love frå 1981, The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982, Jackson Browne si Lawyers In Love frå 1983, på Neil Young si plate Landing On Water frå 1986, og på Boz Scaggs’ Dig frå 2001. Kortchmar er også kreditert for gitarspel på utvalde spor på Bob Dylan si samleplate The Bootleg Series Vol 1-3 frå 1991.

Andre jubilantar
Garry Mulligan (1927-1996)
Reimers Ekberg (1936)
Merle Haggard (1937-2016)
Peter van Hooke (1950)
Udo Dirkschneider (1952)
Warren Haynes (1962)
Gry Jannicke Jarlum (1962)
Robby Turner (1962)
Black Francis (1965)

Femte april

I 1948 kom David Holland til verda i engelske Wolverhampton. Biseksuelle Dave Holland vart i 2004 dømd for valdtekt av ein syttenårig trommeelev, men hevda seg utskuldig dømt lenge etter at han var slept fri i 2012. Holland er for dei fleste kjend for å halde takten på den legendariske Judas Priest-plata British Steel frå 1980. I mi platehylle kan Holland sitt arbeid også høyrast på samleplatene Metal Works’73-’93 (1993), Simply The Best (1999) og The Essential Judas Priest (2006), i tillegg til den obskure konsertplata Concert Classics, som kom på marknaden i 2007. Holland døyde i 2018.

Andre jubilantar
Stan Levey (1926-2005)
Tony Williams (1928-1992)
Allan Clarke (1942)
Les Binks (1948)
Agneta Fältskog (1950)
Peter Gifford (1955)
Dave Early (1957-1996)
Mike McCready (1966)
Pharell Williams (1973)

08.04.2018

Fjerde april

I 1913 vart McKinley Morganfield fødd i Issaquena i Mississippi. Muddy Waters vert rekna som sjølvaste Gudfaren i det som har fått tilnamnet Chicagoblues. Hjå med kan Muddy Waters høyrast med både gitarspel og vokal på Johnny Winter si plate Nothin’ But The Blues frå 1977. Muddy Waters døyde i 1983.

Andre jubilantar
Danny Thompson (1939)
Ann-Louise Hanson (1944)
Dave Hill (1946)
Arne Moslåtten (1948)
Gary Moore (1952-2011)
Graeme Kelling (1957-2004)
Fiorella Manoia (1958)
Mike Starr (1966-2011)
Mix Master Mike (1970)
Miho Hatori (1971)
Magnus Svenningsson (1972)

Tredje april

I 1949 kom songaren og gitaristen Richard John Thompson til verda i Nothing Hill Gate i London. Richard Thompson er best kjend for tida med folkrockbandet Fariport Convention og har i ettertid turnert verda over i ulike band og konstellasjonar, mellom anna med den bergenske gitaristen Mads Eriksen. I mi platehylle kan Thompson høyrast på landsmannen Nick Drake si plate Five Leaves Left frå 1969.

Andre jubilantar
Phillipe Wynne (1941-1984)
Richard Manuel (1943-1986)
Dee Murray (1946-1992
Leroy Wallace (1950)
David Ragsdale (1958)
Andreas Carlsson (1973)

02.04.2018

Andre april

I 1928 kom Lucien Ginsburg til verda i Paris. Songaren Serge Gainsbourg vert rekna som ein av verdas mest innflytingsrike popmusikarar og hadde ei rekkje store hits verda over, i tillegg er han kjend for å ha eit forhold til den britiske skodespelerinna Jane Birkin, som han fekk dottera Charlotte Gainsbourg saman med i 1971. Hjå meg finn du studioplata Historie De Melody Nelson frå 1971. Gainsbourg døyde av hjertestans i 1991.

Andre jubilantar
Kenny Hagood (1926-1989)
Marvin Gaye (1939-1984)
Leon Russel (1942-2016)
Emmylou Harris (1947)
David Robinson (1949)
Dave Bronze (1952)
Leon Wilkeson (1952-2001)
Patricia Darcy-Jones (1953-2007)
Frode Lamøy (1972)
Håkan Hellström (1974)

01.04.2018

Fyrste april

I 1945 fekk Aaron Kenneth Buttrey livet i countryhovudstaden Nashville i Tennessee. Trommeslagaren Kenneth Buttrey var ein høgt skatta studiomusikar som har spela med fleire av dei største stjernene som vitja heimbyen hans. I mi platesamling er Buttrey kreditert for stødig trommespel på Bob Dylan sine studioplater Blonde On Blonde (1966), John Wesley Harding (1967), Nashville Skyline (1967) og Self Portrait (1970, i tillegg til utvalde spor på samleplata The Bootleg Series, 1-3 som kom på marknaden i 1991. Buttrey sitt trommespel kan også høyrast på studioplata Attempted Mustache, som var Loudon Wainwright III sitt bidrag til underhaldningsindustrien i 1973, og på Neil Young si plate Tonight’s The Night frå 1975, på utvalde spor på samleplata Greatest Hits (2004), samt på utvalde spor på J.J. Cale si samleplate Classics frå 1999. Buttrey døyde i 2004.

Andre jubilantar
John Barbata (1945)
Ronnie Lane (1946-1997)
Jimmy Cliff (1948)
Billy Currie (1950)
Rob Wasserman (1952)
Jeff Porcaro (1954-1992)
Sebatian Öberg (1955)
Dag Stokke (1967-2011)
Kyrre Fritzner (1968)
Tone Lise Moberg (1970)
Method Man (1971)
Ewan Pearson (1972)

Trettifyrste mars

I 1944 kom Michael Geoffrey Ralphs til verda i engelske Stoke Lacy. Gitaristen Mick Ralphs er ein av grunnleggarane av dei to syttitalslegendene Mott The Hoople og Bad Company. Sjølv er eg livslang fan av Mott The Hoople og Ralphs sitt elegante gitarspel er sjølvsagt grundig dokumentert i mi platehylle, med platene Wildlife (1971), All The Young Dudes (1972), Mott (1973) og The Hoople, samleplatene Walking With A Mountain (1990) og Greatest Hits (1975),i tillegg til Bad Company si plate Straight Shooter frå 1975. Ralphs er også kreditert for å spele gitar og syngje bakgrunnsvokal på utvalde spor frå Mott The Hoople-tida på Ian Hunter si samleplate The Very Best Of (1990).

Andre jubilantar
Weine Reinliden (1934Herb Albert (1935)
Hugh McCracken (1942-2013)
Henry Spinetti (1951)
Sean Hopper (1953)
Tony Brock (1954)
Angus Young (1955)
Jeff Young (1963)
Magnus Larsen jr. (1963)
Tony Yayo (1978)

Trettiande mars

I 1945 vart Eric Patrick Clapton fødd i Ripley i det engelske fylket Surrey. Eric Clapton vert av fleire omtala som sjølvaste gitarguden og har sidan tida i Yarbirds og Cream vore opphav til fleire tusen timar med intest luftgitarspel frå tilhengjarar over heile verda. I mi platehylle finn du tøysekonsertplata Unplugged (1992) frå fjernsynskanalen MTV sin akustiske serie, i tillegg til plata Riding With The King, som var eit samarbeid med bluesgitaristen B.B King og kom på marknaden i 2000. Clapton sitt gitarspel kan også høyrast på plata City Streets, som Carole King slepte i 1989, og på John Lee Hooker si samleplate The Best O f Friends (1998).

Andre jubilantar
Karl Berger (1935)
Warren Beaty (1937)
Ray Lema (1946)
Terje Venaas (1947)
Tracy Chapman (1964)
Joey Castillo (1966)
Ace (1967)

Tjueniande mars

I 1949 vart Michael Leonard Brecker fødd i Cheltenham i Pennsylvania. Saksofonisten Michael Brecker vert rekna som ein av dei mest markante saksofonistane på jazzscena sidan legenda John Coltrane. Hjå meg kan Brecker høyrast på studioplata City Streets, som Carole King slepte i 1989, og på Willie Nelson si studioplate Across The Borderline (1993), samt på samleplatene Carly Simon - The Best Of Carly Simon (1975), The Very Best of Lou Reed (2000) og NY City Man – Greatest Hits (Lou Reed 2004), The Definitive Rock Collection (Todd Rundgren, 2006), You Got The Funk We Got The Funk (Funkadelic, 2011) og The Very Best of Average White Band. Brecker døyde i 2007.

Andre jubilantar
Astrud Gilberto (1940)
Ray "Stingray" Davis (1940-2005)
Dave Greenfield (1949)
Rick Chertoff (1950)
Jo Nesbø (1960)
Stephen Street (1960)
Jenni Muldaur (1965)
John Popper (1967)
Jason Rebello (1969)

Tjueåttande mars

I 1941 vart Charlie Ray McCoy fødd i Oak Hill i West Virginia. Charles McCoy har gjeve ut halvanna dusin soloplater og er ein høgt skatta studiomusikar, best kjend for å spele munnspel. Han har sidan tidleg på 1960-talet spelt med mange kjende artistar, som mellom anna Roy Orbison og Elvis Presley. I mi platesamling kan Charlie høyrast på Johnny Cash sine studioplater Orange Blossom Special (1965) og America: A 200 Year Salute In Story And Song frå 1972. McCoy er også kreditert for å traktere bass, gitar eller munnspill for Bob Dylan på studioplatene Highway 61 Revisited (1965), Blonde On Blonde (1966), og Nashville Skyline og John Wesley Harding, begge frå 1967, samt Self Portrait (1970). McCoy kan også høyrast medan han bles liv i munnspelet på utvalde spor på J.J. Cale si samleplate Classics frå 1999.

Andre jubilantar
Thad Jones (1923-1986)
John Evan (1948)
Steve Turner (1965)
Cheryl James (1966)
David Keuning (1976)

Tjuesjuande mars

I 1942 kom Wili Jönsson til verda på Amager i København. Bassisten Jönsson er best kjend for tida han spelte i Gasolin’, og eg tykker dette er ein passande stad å nemne at eg har dei fleste Gasolin-platene og trivst utruleg godt med det. Eg trur This Is My Life var den fyrste Gasolin-songen eg høyrde ein gong på syttitalet, i dag er det nok andre songar eg set minst like stor pris på, men det er likevel inga tvil, det er mitt liv. Hjå meg kan Jönsson sitt glitrande basspel høyrast på studioplatene Gasolin’ (1971), Gasolin’ 2 (1972), som er samla på ei plate, Gasolin’ 3 (1973), Gasolin’ 4 (1974), som også er samla på ei plate, Efter Endnu En Dag (1976) og Gör Det Noget (1977), i tillegg til konsertplata Live Sådan (1976) og samleplatene Rabalderstrædet Forever (1991) og Live Derudaf Forever (1993).

Andre jubilantar
Andy Bown (1946)
Bud Beadle (1947)
Tony Banks (1950)
Bjørn Jensen (1952)
Wix (1956)
Bill MacKensie (1957-1997)
Paolo Vinaccia (1957)
Andrew Farriss (1959)
Kid Kongo Powers (1959
Victor Bailey (1960-2016)
Erling Sande (1964)
Mathew Pegg (1971)

Tjuesjette mars

I 1948 vart Stephen Victor Tallarico fødd i Yonkers i New York. Steven Taylor har hatt sitt levebrød som vokalist i Aerosmith. Taylor er for mange betre kjend for å ha større lepper enn Mick Jagger og for å ha ei dotter som er finare enn Mick Jagger si, enn for sjølve synginga si, som til tider kan vere ganske anstrengande. Dette er likevel mannen bak hits som Walk This Way og Sweet Emotions og han skal heidrast for det. I mi platehylle høyrest Tyler medan han vræler på studioplatene Rocks (1976) og Draw The Line 1977).

Andre jubilantar
Rufus Thomas (1917-2001)
Larry Butler (1942-2012)
Richard Tandy (1948)
Steven Taylor (1948)
James Iha (1968)
Justin Meldal-Johnsen (1970)