06.03.2012

Sjette mars

Sjette mars 1937 kom den vetle Kansas-byen Forth Riley sin største son, Benneth Keith Schaufele, til verda. Ben Keith tente til levebrødet sitt ved å spele steel-guitar og dobro, og han var med setje preg på den amerikanske Country & Western-scena på femti- og sekstitalet. Keith gav ut to soloplater og spelte med artistar som mellom anna The Band, David Crosby, Warren Zevon og Todd Rundgren. Best kjend er Keith likevel for å vere ein del av Neil Young sitt faste husband, og han har spelt på meir enn eit dusin av Young sine soloplater. Keith kan i mi platesamling høyrast på Neil Young-platene Tonight’s The Night (1975), American Stars’n Bars (1977), Comes A Time (1978), Hawks & Doves (1980) og This Note’s For You, frå 1988. Om denne handfullen frå Neil Young ikkje skulle vere nok, kan Keith også høyrast medan han spelar på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975. Keith døyde i 2010. I 1951 vart trommeslagaren Brian Gibbons fødd i Nordsjø-hamna Newcastle-upon-Tyne. Gibbons kan hjå meg høyrast medan han held takten for gamlebandet til AC/DC-vokalist Brian Johnson, Geordie, på samleplata Can You Do It frå 1997. I 1980 var det (She Goes La La La To) Finos i Sunderland som fekk si andre vitjing av Toy Dolls. I 1983 spela Toy Dolls i Bowes Lyon House i Stevenage. I 1986 fekk folk i Borås høve til å nyte Toy Dolls, det var mogleg på Rockborgen. I 1990 gav Bel Canto ut andreplata si, Birds Of Passage, på den amerikanske marknaden, då hadde, heldigvis, plata allereie vore tilgjengeleg for oss europearar ei stund. I 2001 nytta den bergenske duoen Kings Of Convenience dagen til å få platedebuten Quiet Is The New Loud ut i butikkhyllene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar