25.03.2012

Tjuefemte mars

Tjuefemte mars 1942 vart soullegenda Aretha Louise Franklin fødd i countrybyen Memphis. Aretha Franklin sin opptreden, med låten Think, i den udødelege filmen The Blues Brothers er i høgste grad med å heve standarden på filmen. Dama hadde, då filmen vart spela inn, allereie markert seg med ei rekkje legendariske hits som har sikra ho legendestatus i musikkmiljøet. Hjå meg finn du samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1. frå 1994. I 1946 kom The Funky Doctor, Stephen Kupka, til verda i universitetsbyen Berkeley på den amerikanske vestkysten. Kupka er ein av grunnleggarane av bandet Tower Of Power, men hjå meg er det på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992, saksofonspelet hans kan høyrast. I 1963 spelte Johnny Cash inn den framleis mykje radiospelte songen Ring Of Fire som fekk plass på plata med same namn. Songen vart ein stor hit og kan også høyrast på dei fleste samleplater med Johnny Cash, mellom anna Love frå 2000. Den elles så griske familien, som styrer dødsbuet etter The Man In Black, har heldigvis nekta å la denne låta reklamere for hemorroidekrem. I 1966 vart den kanadiske gitaristen Norman Jeffery Healey fødd i Toronto. Jeff Healey mista synet etter at han fekk kreft som eittåring, men det hindra han ikkje i å utvikle glitrande teknikk på bluesgitaren. Healey var aktiv artist frå han var sytten til han døyde av kreft i 2008. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Darlington Arts Centre. I 1987 spelte Toy Dolls i Salle Monisoye i Besançon. I 1988 kunne Toy Dolls høyrast på Angered i Göteborg. I 1991 slepte Rod Stewart plata Vagabond Heart. I 1997 gav Queensryche ut plata Hear In The Now Frontier, ei plate som på grunn av flørtinga med den nye og utskjelte musikkstilen Grunge vart forbigått i tagnad av dei fleste av den mest trufaste fansenbasen, som bandet hadde brukt lang tid på å bygge opp. I 2003 slepte Linkin Park si andre studioplate, Meteora, som har seld i meir enn ti millionar eksemplar verda over. I 2006 døyde countryartisten Buck Owens.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar