30.06.2017

Trettiande juni

Trettiande juni 1949 vart Andrew David Scott fødd i Wrexham i Wales. Gitaristen Andy Scott var gitarist i Sweet og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Sweet, som kom på marknaden i 1997. I 1951 kom Steven Charles Waller til verda i London. Gitaristen Steve Waller spelte i Manfred Mann’s Earth Band frå 1979 til 1983 og hjå meg høyrer du han på utvalde spor på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered, som kom på marknaden i 1999. I 1957 vart Trond Berg fødd. Gitaristen Berg gjorde teneste i C C Cowboys frå 1989 til 1996 og spelte på bandet sine fem fyrste plater. Hjå meg kan Berg høyrast på samleplata Ekko CC Cowboys Beste frå 1998. I 1962 kom Lars Lillos Stenberg til verda i Oslo. Mannen har, i tillegg til å skrive tekst og melodi til dei fleste songane, også lånt namnet sitt til eit av dei mest markante banda i Noreg dei siste tretti åra, de Lillos. Mi platehylle inneheld følgjande sju meisterverk frå de Lillos: Suser Avgårde (1986), Før Var Det Morsomt Med Sne (1987), Hjernen Er Alene (1989), Svett Smil (1990), Varme Mennesker (1991), Neste Sommer (1993) og Kast Alle Papirene (1999). I 1964 vart Roger Miret fødd i Havanna på Cuba. Agnostic Front-frontmannen Miret høyrer du hjå meg som hjelpevokalist på Rancid si plate Life Won’t Wait som kom på marknaden på Miret sin trettifireårsdag i 1998. I 1967 gav The Who ut sin versjon av Rolling Stones-låta Under My Thumb. Innspelinga var meint som støtte for dei to låtskrivarane Jagger og Richards som var fengsla for bruk av ulovlege narkotiske substansar. I 1975 slepte Uriah Heep si åttande studioplate, Return To Fantasy. I 1977 gav Kiss ut plata Love Gun og fekk, som fyrste gruppe nokon sinne, fire plater inne på Record World si topp 100 liste. Utgjevinga samanfall også med at teikneseriegiganten Marvel gav ut den fyrste Kiss-teikneserieboka, som selde i meir enn åtte hundre tusen eksemplar. I 1986 kom Madonna si tredje studioplate, True Blue. Plata skal ha toppa platelistene i så mykje som tjueåtte land over heile verda, noko som må seiast å vere ein grei prestasjon. I 1997 gav Prodigy ut plata The Fat Of The Land, som inneheldt superhitten Smack My Bitch Up. I 1998 slepte Lucinda Williams plata Car Wheels On A Gravel Road. Plata der countrydronninga Emmylou Harris hjelpte til på vokalen vart Williams si gjennombrottsplate og sikra ho ein stor plass i countrymiljøet. Same dag kom Rancid si plate Life Won’t Wait på marknaden. Plata var bandet si fjerde studioplate, og den siste dei gav ut på Epitaph Records.

29.06.2017

Tjueniande juni

Tjueniande juni 1948 kom Ian Anderson Paice til verda i skogvaktarheimbyen Nottingham. Trommeslagaren Ian Paice er kjend for stødig takt for tungrockarane Deep Purple og er den einaste av medlemmene som kan høyrast på alle bandet sine plater. I mi platesamling kan Paice høyrast på studioplatene Machine Head frå 1972, Burn (1974), og Come Taste The Band (1975), i tillegg til konsertplata Nobodys Perfect frå 1988, og samleplata Power House frå 1977. I 1951 vart William Hinsche fødd i Manila på Fillipinene. Billy Hinsche har jobba tett med The Beach Boys sidan slutten av sekstitalet og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. I 1953 vart Mitchell Froom fødd i California. Froom har ei omfattande merittliste som plateprodusent, men kom opphavleg inn i musikkbransjen som keyboardspelar og var i perioden 1995 til 1998 gift med Susanne Vega. Hjå meg kan Froom sitt tangentspel høyrast på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991, i tillegg til utvalde spor på eksen si samleplate Tried And True – The Best Of Suzanne Vega frå 1998. I skotske Kilwinning kom Collin James Hay til verda. Colin Hay var ein av grunnleggjarane av Men At Work og er i dag einaste gjenværande medlem. Hjå meg kan Hay høyrast på samleplata Contraband: The Best Of Men At Work frå 1996. I 1961 kom gitaristen Greg Hetson til verda i Brookly i New York City. Hetson har laga gitarbråk i diverse punkband sidan han starta si aktive karriere i 1979, og kan i mi platesamling høyrast på veteranane Bad Religion sine studioplater Stranger Than Fiction (1994) og No Substance (1998). I 1964 vart Paolo Costa fødd i motesentrumet Milano. Bassisten Costa sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1988. Elles døydde Eric Dolphy, og Johnny Cash nytta dagen til å fullføre innspelinga av My Old Faded Rose. I 1975 døydde Tim Buckley. I 1992 gav Iron Maiden ut singelen From Here To Eternity. Songen klatra til tjuefyrsteplass på listene. I 2011 spelte ein sytti år gamal Bob Dylan i storform på Koengen i Bergen. Superstjerna si entré på Koengen fekk eit bastant skydekke til å sprekkje opp, og sjølv og røysta var rusten, trilla klassikarane ut som perler på ei snor. I 2013 spelte Johnny Winter med band i Oseana på Os, som ein del av Osøren blues og jazzfestival. Bandet gamle Johnny Guitar hadde med seg spelte tett og godt, men eg er langt frå fornøgd med det gamlingen sjølv leverte. Eg er faktisk litt i tvil om Herr Winter i det heile fekk med seg kor tamme greier det var han leverte. Skuffande.

28.06.2017

Tjueåttande juni

Tjueåttande juni 1960 vart Howard Kusten fødd i New York City. Bassisten Howie Pyro var med å grunnleggje både The Blesssed og D Generation og kan i mi platesamling høyrast med hjelpevokal på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I London kom Claudia Fontaine til verda. Claudia Fountaine er ein høgt skatta hjelpevokalist med mange store plateinnspelingar på merittlista. Hjå meg kan Fontaine høyrast på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997, i tillegg til Robbie Williams si storselgjande studioplate I’ve Been Expecting You (1998), eit spor på Tom Jones si plate Reload (1999), og på Studio 150, som Paul Weller slepte i 2004. I 1964 gjekk Johnny Cash i studio og byrja innspelinga av My Old Faded Rose. Innspelinga vart fullførd dagen etter, men hamna i arkiva fram til samleplata Love vart gjeven ut i 2000. I 1967 var The Who i CBS Studios i London og spelte inn ein versjon av rebellen Eddie Cochran sin legendariske sumarhit, Summertime Blues. Samstundes sat managerlegenda Kit Lambert i De Lane Lea Studios ein annan stad i storbyen og la siste hand på verket i produksjonen av The Who sin versjon av Stones-låta Under My Thumb. I 1970 spelte Janis Joplin og Full Tilt Boogie Band på The Canadian Festival Express. Full Tilt Boogie Band var set saman av John Till på gitar, Richard Bell som spelte piano, Ken Pearson på orgel, Brad Campbell på bass og trommeslagaren Clark Pierson. Frå denne konserten kan songen Tell Mama høyrast på plata Farewell Song frå 1982 og Try er i mi platesamling å finna på samleplata Janis. I 1977 kom Mark August Stoermer til verda i den amerikanske oljehovudstaden Houston i skytegale Texas. Mark Stoermer er bassist i det Las Vegas-baserte bandet The Killers, og hjå meg kan han høyrast på Hot Fuss (2004) og Sam’s Town (2006), bandet sine to fyrste studioplater. I 1980 var Toy Dolls på farten i Hundingdon Club i Stanley. I 1981 vart George McCurdy fødd i Olney i Pennsylvania. Trommisen Spankey kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Justin Timberlake på hans debutplate Justified frå 2002. I 1993 kom den doble konsertplata Live & Loud frå den evigunge skrekkrockaren Ozzy Osbourne. I 2014 spelte Iron Maiden konsert på Koengen i Bergen og feststemte metallfans fekk ein real festaften. I 2016 døydde Scotty More.

Tjuesjuande juni

Tjuesjuande juni 1942 kom Benjamin Baldwin til verda i Peoria i Illinois. Bruce Johston slo seg saman med The Beach Boys i 1965, men hadde pause frå bandet i perioden 1972 til 1978, noko som gjer at han ikkje er kreditert som fullverdig medlem, men som innleigd musikar på plata 15 Big Ones frå 1976, som er Johnston sitt einaste bidrag til mi platehylle, så langt. I 1958 vart Lisa Ruth Germano fødd i Mishawaka i Indiana. Multiinstrumentalisten Lisa Germano kan hjå meg høyrast medan ho spelar fiolin på John Mellencamp si plate Big Daddy frå 1989, i tillegg til platene The Fire Inside frå Bob Seger And The Silver Bullet Band, og Real Life frå Simple Minds, begge slepte i 1991. I 1973 spelte The Who inn 5.15 i Thesally Road i Battersea. 5.15 vart utgjeven som singel i september same året og nådde tjuandeplass på listene. Songen kan elles finnast på plata Quadrophenia, samt ei rekkje samleplater. I 1981 gav Motörhead ut konsertplata No Sleep ’Til Hammersmith. I 1989 kom The B-52’s si femte studioplate, Cosmic Thing, på marknaden. I 1993 stod The Smashing Pumpkins si andre studioplate, Siamese Dreams, i platehyllene. I 1995 slepte Bon Jovi sitt sjette studioalbum, These Days, som produserte ei rekkje singelhits, og 10cc slepte konsertsamleplata Live In Concert-Volume 1. I 2002 døydde The Who-bassisten John Entwistle på eit hotellrom i Las Vegas. Dødsårsaka var hjartestans. Same dag døydde Russ Freeman, også han i Las Vegas, truleg utan at det var nokon samanheng mellom dei to tragiske hendingane. I 2015 døydde Chris Squire.

Tjuesjette juni

Tjuesjette juni 1937 kom Reginald Workman til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Reggie Workman sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på John Coltrane si niande studioplate Olé Coltrane frå 1962, som er ei av tre plater Workman gjorde med Coltrane, og på Wayne Shorter si femte studioplate Juju frå 1964, og på same artist si tiande studioplate, Adams Apple frå 1966. I 1942 vart Samuel Taylor fødd i verdsmetropolen New York City. Bassisten Larry Taylor har spelt med store namn som Jerry Lee Lewis og Canned Heat, men i mi platehylle er det som ein del av Tom Waits sitt band han kan høyrast. Taylor sitt basspel kan høyrast på Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variations (1999). I 1943 kom Clive Powel til verda i engelske Leigh. Tangentmannen Georgie Fame spelar i mi platehylle på Van Morrison si plate Enlightenment frå 1990. I 1955 kom Michael Lewis Jones til verda i London. Mick Jones voks etter kvart opp til å bli gitarist i The Clash, eit karriereval som har gjeve han legendestatus over store delar av den vestlege verda. Jones sitt bidrag til platehylla mi kan høyraste på platene Combat Rock frå 1982, og samleplata The Singles, som vart slept i 2007. Jones samarbeidar også med tidlegare Clash-kollega Paul Simonon på Gorillaz-plata Plastic Beach frå 2010. I 1956 kom Christopher Joseph Isaak til verda i Stockton i California. Chris Isaak er artist og, innimellom skodespelar, og er representert med to titlar hjå meg, Wicked Game (1991) og San Francisco Days (1993), så langt, det kjem meir. I 1957 vart Patty Smyth fødd i New York City. Smyth har hatt suksess både som bandmedlem og soloartist, men er for tida best kjend for å vere gift med det tidlegare tennisesset John McEnroe. Hjå meg kan Smyth høyrast som hjelpevokalist på Bob Seger And The Silver Bullet Band si studioplate The Fire Inside frå 1991. I 1960 kom Richard Cottle fødd i walisiske Swansea. Multiinstrumentalisten Cottle livnærar seg som studiomusikar og kan i mi platesamling høyrast på Rod Stewart si studioplate Vagabond Heart (1991), og på eitt spor på landsmennene Manic Street Preachers si plate Generation Terrorists frå 1992. I 1969 kom Colin Charles Greenwood til verda i den engelske universitetsbyen Oxford. Bassisten Collin Greenwood spelar til dagleg i Radiohead og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Pablo Honey (1993) og OK Computer frå 1997. I 1979 kom Ivan Nathan Followill til verda i Oklahoma. Nathan Followill er trommeslagar i bandet Kings Of Leon, der han spelar samen med to av brørne sine. Hjå meg høyrer du brørne Followhill på plata Aha Shake Heartbreak frå 2004. I 1987 var Toy Dolls i Hendersons Hall i Newcastle. I 1990 slepte Sonic Youth si sjette studioplate, Goo. Dette var den fyrste bandet slepte på eit av dei store plateselskapa, Geffen, utan at det gjorde dei til kommersielle verdsstjerner. I 2007 slepte Ryan Adams si niande studioplate, Easy Tiger. I 2010 døydde Benny Powell. I 2013 døydde Anders Burman.

25.06.2017

Tjuefemte juni

Tjuefemte juni 1941 kom David Tyrone Walker til verda i Tulsa i Oklahoma. Gitaristen David T. Walker er ein høgt skatta studiomusikar som slepp gode soloplater i ledige stunder. I mi platehylle kan Walker sitt gitarspel høyrast på plata I Want You, sam Marvin Gaye slepte i 1976, samt Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980. I 1942 vart Joe Chambers fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Trommisen Chambers sitt bidrag til mi platehylle høyrast medan han held takten for Wayne Shorter på plata Adams Apple frå 1966. I 1945 kom Carly Elisabeth Simon til verda i metropolen New York City. Songerinna og forfattaren Carly Simon leverte fleire storselgjande singlar på syttitalet, med You’re So Vain som den best kjende. Simon sitt bidrag til mi platehylle heiter The Best Of Carly Simon, inneheld det meste av det beste frå Fru Simon, og kom på marknaden i 1975. I 1946 kom Allen Glover Lanier til verda på Long Island i New York. Allen Lanier var ein av grunnleggjarane av Blue Öyster Cult, der han spelte både keyboard og gitar. Lanier hadde eit opphald frå bandet frå 1985 til 1987 og slutta for godt i 2006. Hjå meg kan Lanier høyrast på studioplata Spectres frå 1977. Lanier er også kreditert for å spele keyboard på eitt spor på Patti Smith si studioplate Easter frå 1978. Lanier døyde i 2013. I 1954 vart David Frank Paich fødd i Los Angeles i California. David Paich er best kjend som tangentmann og komponist i Toto, men kan hjå meg høyrast medan han spelar piano på plata Diamonds & Rust, som Joan Baez slepte i 1975, keyboard og andre tangentinstrument på Aretha Franklin si plate Aretha (1980), keyboards på plata Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, og på Boz Scaggs si plate Dig frå 2001. Paich er også kreditert for å traktere tangentar på utvalde spor på samleplatene The Masters (Becker & Fagen) og Classic Mötley Crüe. I 1961 var Elvis Presley i studio og fekk festa (Marie’s The Name) His Lastest Flame til lydband. Musikken var ved The Jordanaires. I 1962 kom Phillip Christopher Jupitus til verda på den legendariske festivaløya Isle Of Wight i den engelske kanalen. Stand-Up komikaren Porky sitt bidrag til mi platehylle kan hjå meg høyrast på plata Workers Playtime, som Billy Bragg slepte i 1988. I 1963 vart Georgios Kyriacos Panayiotou fødd i East Finchley nord i London. Songaren George Michael vart kjend gjennom duoen Wham, men har seinare gjort seg merkt med ei suksessrik solokarriere, suplert med uheldige runkeepisodar på offentlege toalett. Hjå meg finn du Michael si soloplate Listen Without Prejudice Vol. 1 (1990), i tillegg til ein duett med Aretha Franklin på hennar plate Aretha, frå 1986. Michael døyde i 2016. I 1969 kom Timothy Michael Linton til verda i Chicago i Illinois. Gitaristen Zim Zum slo seg saman med Marilyn Manson i 1996 og heldt ut med skrekkrockaren i to år, hjå meg kan han høyrast på studioplata Mechanical Animals frå 1998. I Morgan Studios i London gjekk Led Zeppelin i gang med innspelinga av We’re Gonna Groove. Resultatet kan høyrast på samleplata Coda som kom ut på Swan Song i 1982. I 1970 var Jimi Hendrix i Electric Ladyland Studios saman med Cry Of Love Band for å fullføre songen Freedom. Dei rakk òg å gjere dei fyrste innspelingane av Drifting. I 1971 kunne ein kjøpe ein kortversjon av ein av The Who sine signaturlåtar, Won’t Get Fooled Again, som singel. I 1988 døyde Hillel Slovak. I 1996 slepte Biohazard den fjerde studioplata si, Mata Leão. I 2002 kom det amerikanske Ska-punk-bandet Reel Big Fish med plata Cheer Up!, medan kultpunkarane i Sonic Youth slepte Murray Street, bandet si tolvte plate. I 2006 døyde Arif Mardin. I 2009 døyde Michael Jackson.

24.06.2017

Tjuefjerde juni

Tjuefjerde juni 1944 kom Geoffrey Arnold Beck til verda i Wallington ved London. Gitaristen Jeff Beck si karriere let seg vanskeleg oppsumere på liten plass, men tida med Yardbirds, Jeff Beck Group og ei rekkje andre samarbeidsprosjekt har resultert i uendeleg mykje bra musikk. I mi samling finn ein soloplata Who Else frå 1999. I tillegg kan Beck sitt brilliante gitarspel nytast på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I tennisforstaden Wimbledon på ei anna side av London vart Mike de Albuquerque fødd. Bassisten Albuquerque spelte i Electric Light Orchestra frå 1972 til 1974 og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1947 kom Michael John Kells Fleetwood til verda i landsbyen Redruth i idylliske Cornvall på den engelske sørkysten. Trommeslagaren Mick Fleetwood voks opp i Johannseburg i Sør-Afrika og er sjølvaste Mr. Fleetwood Mac. Fleetwood har helde takten for det engelske bluesrockbandet frå byrjinga i 1967 og har overlevd alle besetningar. Hjå meg er Fleetwood representert med to bidrag frå Fleetwood Mac, samleplata Greatest Hits frå 1971, og den legendariske storselgjaren Rumours frå 1977. I tillegg kan Fleetwood høyrast medan han held takten for Johnny Cash på songen Sea Of Heart Break på plata Unchained frå 1996. I 1957 vart Terence Williams fødd i engelske Birmingham. Astro var ein av grunnleggjarane av UB40 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of UB40 vol. 1 frå 1987. I 1960 kom Siedah Garrett til verda i Los Angeles i California. Songerinna Garrett har vunne Grammy og har vore nomminert til Oscar. Hjå meg kan Garrett høyrast med hjelpevokal på Madonna si plate True Blue frå 1986, og på Rancid si studioplate Indestructible (2003), samt på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1961 vart Curt Smith fødd i den engelske småbyen Bath. Smith var den eine halvleiken av den engelske duoen Tears For Fears og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Songs From The Big Chair (1985) og Elemental (1993), i tillegg til samleplata Tears Roll Down. I 1964 kom Niklas Hellberg til verda i Sverige. Hellberg er i mi platehylle kreditert for å spele på plata Kärlek Är För Dom, som var Thåström si sjette soloplate og kom på marknaden i 2009. I 1967 kom Richard Zven Kruspe til verda i den historiske byen Wittenberg. Richard Z. Kruspe er gitarist og hjelpevokalist i Rammstein som i mi platehylle kan høyrast på plata Sensucht frå 1997. I 1974 fekk verda servert Sweet Home Alabama frå sørstatsrockarane i Lynyrd Skynyrd. Songen med det drivande og lettkjennelege refrenget er eigentleg eit tilsvar på Neil Young sin song Southern Man, som ikkje er særleg flatterande for den gjennomsnittlege sørstatsamerikanar. I 1978 vart Nikolai Eilertsen fødd i Skotselv. Bassisten Eilertsen kan hjå meg høyrast på Bigbang sine plater Electric Psalmbook (1999), Clouds Rolling By frå 2000, Electric Psalmbook (2002) og Too Much Yang (2007). I 2016 døyde Bernie Worrell.

23.06.2017

Tjuetredje juni

Tjuetredje juni 1929 kom Valerie June Carter til verda i Hiltons i Virginia. Komponisten og songerinna June Carter hadde ei etablert karriere saman med fleire slektningar i songgruppa The Carter Family frå siste helvleik av førtitalet, og var etablert som stor stjerne «over there», før ho innvolverte seg i det som, etter omvegar, vart eit langt og givande ekteskap med countrystjerna Johnny Cash. Før ekteskapet med Johnny var June gift med komponisten Carl Smith, eit ekteskap som resulterte i dottera Carlene Carter. Det vert hevda at June gav opp si eiga karriere for å stå bak ektemannen, men ho har heile vegen pleia si eige karriere både som låtskrivar og artist og ho har mellom anna skrive teksten til songane Ring Of Fire, som heldigvis ikkje dukka opp i reklame for hemoroidekrem, slik nokre driftige reklamemenn ville, og Jackson, som ho har framført i duett saman med ektemannen i fleire versjonar. Hjå meg kan June Carter høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på ektemannens sine studioplater Orange Blossom Special (1965), The Johnny Cash Children’s Album (1974) og American III: Solitary Man (2004), konstertplatene At Folsom Prison (1968) og At San Quentin (1969), og den uautoriserte samleplata 54 Great Performances (2004). I tillegg kan June Carter høyrast med samlinga Collections der det er plukka ut utvalde duettar der ekteparet syng saman. Carter døyde i 2003. I 1956 vart Randall Darius Jackson fødd i Baton Rouge i Louisiana. Bassisten Randy Jackson har gjort seg merkt på ei rekkje frontar i underhaldningsbransjen, hjå meg kan han høyrast på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980, utvalde spor på samleplata Greatest Hits, som Journey slepte i 1988, på Pink Floyd-legandea Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992, og på Bon Jovi si plate These Days frå 1995. I 1958 vart Christopher John Holmes fødd i Glendale i California. Den sterkt alkoholiserte tidlegare W.A.S.P.-gitaristen Chris Holmes er utvilsamt ein av rockens største klyser. Karrieren hans etter at han forlét, eller vart sparka frå, W.A.S.P. har hatt ei sterkt nedoverpeikande kurve og sjølv om han stadig er involvert i nye prosjekt, er det klart for alle som bryr seg med å sjå etter at han lev mest på gamle merittar. I mi platesamling kan Holmes høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts, som W.A.S.P. slepte i 1994. I 1959 kunne Big Hunk O’Love kjøpast på plate. Artist var Elvis Presley og bandet var leia av gitaristen Hank Garland. Platekjøparane heldt plata på fyrsteplassen i USA i to veker, i England heldt det berre til andreplass. I 1960 vart Brendan O’Brien fødd i Atlanta i Georgia. Produsent og musikar O’Brien har ei imponerande merittliste som produsent for andre musikarar, og i mi platesamling kan han høyrast medan han spelar orgel for Red Hot Chili Peppers på Blood Sugar Sex Magic (1991), gitar for Mick Jagger på plata Wandering Spirit (1993), Hammon-orgel på Pearl Jam si studioplate Vitaology (1994), og medan han trakterar pianoet på på eit spor på The Offspring si plate splinter frå 2003. O’Brien er også kreditert for å spele Hammond-orgel på Bob Dylan si konsertplate MTV Unplugged frå 1995. I 1962 kom Steven Jay Shelley til verda i Midlands i Michigan. Trommisen Steve Shelley slo seg saman med Sonic Youth i 1985 og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street (2002). I 1965 kom Paul Arthurs til verda i engelske Manchester. Gitaristen Bonehead Arthurs var ein av grunnleggjarane av Oasist, men hoppa av rockekarusellen i 1999. Hjå meg kan Arthurs høyrast på studioplatene Definitely Maybe (1994), (What’s The Story) Morning Glory (1995) og Be Here Now (1997). I 1967 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio og spela inn Sweet Pea, komponert av Wayne Shorter som var med på tenorsaksofon. Songen vart gjeven ut på samleplata Water Babies frå 1976. I 1992 kom B-52s si sjette studioplate, Good Stuff, på marknaden. På denne plata måtte den glade gjengen klare seg utan Cindy Wilson, ei av dei originale bandmedlemmene som i dag heldigvis er attende i bandet. I 1995 døyde Jack Schroer. I 1998 nytta R.E.M. medlemmen Pete Buck sitt sideprosjekt, Tuatara, denne dagen til å gje ut plata Trading With The Enemy. I 2000 slepte J.J. Cale samleplata Classics i plateselskapet Mercury sin Universal Masters Collection. I 2009 gav Cheap Trick ut plata The Latest. Denne kom som gratisbilag i Classic Rock Magazine si desemberutgåve året etter, og det er den eg har sikra meg. I 2010 døyde Pete Quaife.

22.06.2017

Tjueandre juni

Tjueandre juni 1936 kom Kristoffer Kristian Kristofferson til verda i Brownsville i skytegale Texas. Artisten, skodespelaren og tekstforfattaren Kris Kristofferson er best kjend for å ha skrive songar som Me And Bobby McGee, udødleggjort av Janis Joplin, og songen som skildrar fyllesjuke og einsemd betre enn nokon annan, Sunday Morning Coming Down. Dei som vitjar meg for å høyre Kristofferson sjølv synge, må nøye seg med å høyre det han gjorde saman med tre andre outlaws, Johnny Cash, Willie Nelson og Waylon Jennings, i gruppa Highwayman, eller å høyre han syngje bakgrunnsvokal på country-kompisen Willie Nelson si studioplate Accros The Borderline frå 1993. I 1943 kom Ralph Molina til verda i den karibiske øyprovinsen Puerto Rico. Trommisen Molina er best kjend for å halde takten for Neil Young sine husrockarar i Crazy Horse. Hjå meg Molina sitt trommespelet nytast på studioplatene Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Comes A Time (1978), Re-Ac-Tor (1981) og Sleeps With Angels frå 1994, samt på utvalde spor på samleplata Greatest Hits, som Neil Young slepte i 2004. I 1948 vart Todd Harry Rundgren fødd i Upper Darby i Pensylvania. Todd Rundgren var ein gong sett på som rocken sin nye wunderboy, han har ei fortid i bandet Nazz og har gjort ei rekkje soloinnspelingar, men han er likevel best kjend som ein høgt skatta studiomusikar og produsent. Hjå meg kan Rundgren høyrast på ei dobbelsamleplate med den fantasifulle tittelen The Definitive Rock Collection. Rundgren spelar også gitar og keyboard på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell, som Meat Loaf slepte i 1977, ei plate Rundgren produserte, og han syng bakgrunnsvokal på plata Bat Out Of Hell II: Back Into Hell, som var Meat Loaf sitt bidrag til platehyllene i 1993. Rundgren er også kreditert for bakgrunnsvokal på eitt spor på den tredje Bat Out Of Hell-plata The Monster Is Loose, som kom på marknaden i 2006. Og som om det ikkje var nok er Rundgren sjølvsagt kreditert for å utføre diverse funksjonar på utvalde spor på samleplata Hits Out Of Hell, som stod i plateyllene i 1984. I 1953 såg Cynthia Ann Stephanie Lauper dagens ljos i Queens i New York City. Artisten og skodespelaren Cyndi Lauper er best kjend for kjempehitten Girls Just Want To Have Fun, som plaga vettet av oss for meir enn tretti år sidan, men hjå meg er det som hjelpevokalist for The Hooters ho kan høyrast, nærare bestemt på songen Boys Will Be Boys frå plata Out Of Body frå 1993. I 1954 vart Robert James Beckingham fødd i engelske Chatham. Artisten Bobby Valentino er punkens framste felespelar og fast innslag i The Men They Couldn’t Hang, han opptrer stadig saman med Mark Knofler og Tom Petty. I mi platehylle kan Valentino sitt felespel høyrast på plata Brand Loyalty, som The Blues Band slepte i 1992. I 1956 kom Derek Forbes til verda i skotske Glasgow. Bassisten Forbes spelte med Simple Minds i perioden 1979 til 1985, før han fekk sparken. Forbes har seinare vore innom bandet i kortare periodar, men brukar i dag tida si i eit anna skots band, nemlig Big Country. Hjå meg kan Forbes høyrast, saman med resten av Simple Minds, med bakgrunnsvokal på Iggy Pop si plate Soldier frå 1980. I 1957 kom Garry William Beers til verda i den australske byen Manly. Bassisten Garry Gary Beers har tent til livets opphald i det australske bandet INXS og er representer på to ulike studioplater hjå meg, Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I 1960 var Count Basie i Columbia Studios for å spele inn Taps Miller, som kan høyrast på Atomic Swing, ei samleplate som kom på marknaden i 1999. I 1961 kom James William Somerville til verda i den skotske storbyen Glasgow. Songaren Jimmy Somerville er best kjend for å syngje i band som Bronski Beat og The Communards, men hjå meg er det som hjelpevokalist på Fine Young Cannibals si sjølvtitulerte debutplate frå 1985 han kan høyrast. I 1962 vart Andreas Frege fødd i tyske Düsseldorf. Frege nyttar signaturen Campino når til dagleg tenar til livets opphald i det ufatteleg kule bandet Die Toten Hosen, men i mi platesamling er det som gjestevokalist på songen Raise Your Voice frå Bad Religion si plate No Substance frå 1998 han kan høyrast. I Glasgow kom Robert Bernard Andrew Gillespie til verda. Bobbie Gillespie er sjefen i bandet Primal Scream, han har også gjort teneste som trommeslagar for bandet The Jesus And Mary Chain, der han hjå meg kan høyrast på debutplata Psychocandy. Hjå meg høyrer du i tillegg Gillespie på Primal Scream-platene Screamadelica (1991), XTRMNTR (2000) og Beautiful Future (2008). I 1964 vart Michael James Edwards fødd i London. Mike Edwards er både gitarist og vokalist i Jesus Jones og hjå meg kan han høyrast på plata Doubt frå 1991. I Providence i den amerikanske mikrostaten Rhode Island kom Richard Michael Barrett til verda. Radioverten Dicky Barrett har til vanleg både røtene og føtene solid planta i Ska- og Punkkulturen, hjå meg kan han høyrast med hjelpevokal på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 2001 underheldt AC/DC på Stade De France i Paris. Dei frammøtte fekk høyre Hard As A Rock, Hells Bells og Ride On, som alle kan høyrast på DVD-samlinga Plug Me In. I 2004 slepte Wilco si femte studioplate A Ghost Is Born.

21.06.2017

Tjuefyrste juni

Tjuefyrste juni 1943 vart Eumir Deodato de Almeida fødd i den brasilianske storbyen Rio de Janeiro. Tangentmannen Eumir Deodato spelar til dagleg innom ulike sjangrar knytt til jazz. Hjå meg kan han høyrast medan han trakterar ulike tangentinstrument på utvalde spor på Kool And The Gang si samleplate Anthology – 20 Greatest Hits frå 1991. I 1944 kom Raymond Douglas Davies til verda i London. Songaren Ray Davies var den kreative krafta i The Kinks, som han starta saman med broren Dave. I dag er Davies kjend som ein gamal grinebitter som berre kritiserar andre musikarar for at dei ikkje veit noko om korleis god musikk skal lagast, noko han sjølv ikkje har gjort på ganske mange år. Hjå meg kan Davies høyrast på The Kinks-samleplata Greatest Hits, og i tillegg er han kreditert som gjest på utvalde spor på ei av George Clinton sine samleplater, også den med tittelen Greatest Hits (2000). I 1946 vart Brenda Holloway fødd i Atascandero i California. Den sterkt religiøse tidlegare Motown-songerinna Holloway er i mi platehylle kreditert for bakgrunnsvokal på Buffalo Springfiled si andre studioplate Buffalo Springfield Again (1967) og Neil Young si sjølvtitulerte debutsoloplate frå 1968. Også Doug Hastings kom til verda denne dagen. Gitaristen Hastings satt i hine hårde dager inn for ein manglande Neil Young i Buffalo Springfield og kan i mi platesamling høyrast på bandet si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1948 vart Donald Airey fødd i den engelske hamnebyen Sunderland. Produsenten og tangentmannen Don Airey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Judas Priest-songen A Touch Of Evil, som opphavleg var å finne på studioplata Painkiller, og som du hjå meg finn på samleplatene Metal Works ’73-’93 (1993) og The Essential Judas Priest (2006), samt at han er kreditert for å spele på Ozzy Osbourne si konsertplate Speak Of The Devil (1982). I 1950 vart Joseph Michael Kramer fødd i bydelen Bronx i New York City. Trommeslagaren Joey Kramer er mest kjend for å ha heldt takten for rockedinosaurane Aerosmith gjennom alle år. Hjå meg høyrer du Kramer på studioplatene Rocks (1976) og Draw The Line (1977). I Bergen kom Trygve Thue til verda. Gitaristen og plateprodusenten Thue var mannen bak drivande gitartonar og suverene vokalharmoniar i rockelegendene Saft. Thue har drive lydstudio i Bergen sidan 1976, og har spelt på ei uendeleg rekkje av plater og produksjonar. Så langt tel lista berre ei soloplate, den heiter Jeg – En Beach Boy og kom på marknaden i 1994. Thue er i mi platehylle også kreditert for gitarspel på vetlebror Ove si hyllestplate til fotballklubben SK Brann, Vi Går Frem (1995), og tangentspel på Mads Eriksen si instrumentalplate Journey 1990). I 1951 vart Nils Hilmer Lofgren fødd i Chicago i Illinois. Den Svenskætta gitaristen Nils Lofgren spelar til vanleg for Bruce Springsteen, men kan i mi platesamling høyrast på Neil Young si plate Tonights The Night frå 1975, samt på utvalde spor på den same Young si samleplate Greatest Hits (2004). I 1952 kom Marcella Levy til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Marcella Detroit, også kreditert som Marcy Levy, er dama som skreiv Eric Clapton-slagaren Lay Down Sally, og bidraget til mi platehylle finn du som hjelpevokalist på Alice Cooper si stuidioplate From The Inside frå 1978. I 1955 vart Henry Christian Priestman fødd i den engelske nordjøhamnebyen Kingston upon Hull. Tangentmannen Henry Priestman er best kjend for å spele i The Christians, men har omsider slept ei soloplate og er med det den eldste som har signert kontrakt som soloartist på eit av dei store plateselskapa (Island). Hjå meg kan Priestman høyrast medan han hjelp Echo And The Bunnymen med tangentspel på utvalde spor på samleplata Ballyhoo – The Best Of Echo And The Bunnymen frå 1997. I 1957 kom Mark Michael Brzezicki fødd i engelske Slough. Trommisen Mark Brzezicki er best kjend for arbeidet han gjorde med Big Country. Hjå meg kan han høyrast på plata The Seer frå 1986, i tillegg til utvalde spor på Ultravox si samleplate Dancing With Tears In My Eyes frå 1997. I 1961 vart José-Manuel Thomas Arthur Chao Ortega fødd i Paris. Manu Chao er ein av verdas framste artistar på den såkalla alternativscena. Han har gjeve ut plater med band som Hot Pants og Mano Negra, men har i dag ei solokarriere støtta av bandet Radio Bemba. Eg er lukkeleg eigar av soloplatene Clandestino (1998), Esperanza (2001) og Radio Bemba Sound System (2002). Frå gamle dagar er samlinga av Mano Negra-plater tilnærma komplett og inneheld titlar som studioplatene Patchanke, Putas Fever, King Of Bongo (1991) og Casa Babylon, samt konsertplata In The Hell Of Patchinko (1992) og samleplatene America Perdida (1991) og Best Of Mano Negra. For ordens skyld kan det nemnast at Chao også kan, truleg for å forvirre platekjøparane, eller avleie fiendar, finne på å nytte aliaset Oscar Tramor. I 1967 kom Tim Simenon til verda i London-bydelen Brixton. I mi platehylle er Bomb The Bass-sjefen kreditert for å ha lagt beats på Neneh Cherry si debutplate Raw Like Sushi frå 1989. I 1976 gav Gasolin’ ut si fyrste konsertplate, Live Sådan, ei dobbelplate som vart spela inn gjennom ein vinterturné same år. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast på Walkerville Hotel i Catterick. Kvelden bydde også på konsert med Bob Seger & The Silver Bullet Band i Cobo Hall i bilbyen Detroit i Michigan. We’ve Got Tonight på konsertplata Nine Tonight. I 1981 kom Richard Brandon Flowers til verda i Henderson i gamblingstaten Nevada. Brandon Flowers var ein av grunnleggjarane av bandet The Killers og kan hjå meg høyrast på bandet sine to fyrste studioplater, Hot Fuss (2004) og Sam’s Town (2006). I 1985 var Mötley Crue si tredje studioplate, Theatre Of Pain, på plass i butikkane. Plata er ei hylling av Hanoi Rocks sin trommeslagar Razzle, som omkom i ei bilulukke der Crue-vokalist Vince Neil var førar. I 1999 slepte No Fun At All konsertplata Live In Tokyo. I 2000 spelte Oasis på Wembley Stadium i London. Hendinga vart spelt inn og kan høyrast på plata Familiar To Millions som kom ut same året. I 2001 døyde John Lee Hooker. I 2014 døyde Gunther Schuller.

20.06.2017

Tjuande juni

Tjuande juni 1924 vart Chester Burton Atkins fødd i Luttrell i Tennessee. Gitaristen Chet Atkins gjorde seg merkt for den spesielle spillestilen sitn og gjorde ei rekkje instrumeltalhits på seksti- og syttitalet. Hjå meg kan Atkins sitt glitrande gitarspel høyrast på utvalde spor på Elvis Presley si samleplate 30 #1 Hits, som kom på marknaden i 2002. I 1928 kom Eric Allan Dolphy til verda i den solrike storbyen Los Angeles i California. Saksofonisten Eric Dolphy gjorde seg merkt på den amerikanske jazzscena på femti- og fyrste halvleik av sekstitalet og kan hjå meg høyrast på John Coltrane si plate Olé Coltrane frå 1962, og på konsertplata Live At Birdland – 1962, som kom på marknaden i 1963. Dolphy døyde i 1964. I 1939 vart Robert Neuwirth fødd i Akron i Ohio. På sekstitalet var songaren Bob Neuwirth ein del av sirkelen rundt Bob Dylan, han har gjeve ut fleire plater på eiga hand og han har samarbeidd med John Cale. Hjå meg kan Neuwirth si røyst høyrast på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol. 1-3, som Bob Dylan slepte i 1992. I 1942 vart verdas fremste strandgut, Brian Douglas Wilson, fødd i Inglewood i solrike California. Brian Wilson er kjend som komponist og bassist i Beach Boys og når sant skal seiast var han mannen bak både songane, dei flotte vokalharmoniane og den fantastiske sounden. I tillegg til eit par Beach Boys-samleplater av varierande kvalitet er eg så heldig at eg også eig studioplata 15 Big Ones (1976), samt to av Wilson sine soloplater, Pet Sounds Live frå 2002, og Presents Smile, som vart slept i 2004. Det er berre å konkludere med at sjølv om mykje av stoffet er gamalt, held det seg fantastisk bra og er vel verdt å lytte til også i dag. I 1948 kom Alan Longmuir til verda i skotske Edinburgh. Longmuir spelte bass i bandet Bay City Rollers, eit band han, saman med broren Derek, var med å starte i 1966. Hjå meg kan Longmuir høyrast på den ikkje altfor vellukka samleplata The Magic Collection. I 1949 vart Robert Charles Andrews fødd i den ein gong så stolte engelske fotballbyen Leeds. Gitaristen Bob Andrews har ei fortid i eit av verdas mest undervurderte band, Brinsley Schwarz, og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Carlene Carter på utvalde spor på ei dobbel plate som inneheld studioplatene Two Sides To Every Woman og Musical Shapes. I 1968 vart Eric Dwayne Collins fødd i Long Beach i California. Raparen RBX kan i mi platehylle høyrast med vokalhjelp på Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000, samt på Paid Tha Cost To Be Da Boss, som Snoop Dog slepte I 2002. I 1971 kom Jeordie Osbourne White til verda i Coral Springs i pensjoniststaten Florida. Bassisten og gitaristen Twiggy Ramirez spelar for Marilyn Manson, rett nok med eit opphald i perioden 2002 til 2008, men kan hjå meg høyrast på studioplata Mechanical Animals (1998), og konsertplata The Last Tour On Earth frå 1999. I 1973 var The Who i Ronnie Lane sitt mobile studio og spelte inn We Close Tonight. Songen var meint for filmen/plata Quadrophenia, men enda ei stund opp som eit uutgjeve spor, før det enda opp på samleplata Odds & Sods i 1974. I 1975 gav ein ung og aktiv Neil Young ut plata Tonight’s The Night. Plata bestod av opptak som var spela inn så lenge som to år tidlegare. I 1979 kom Charlotte Franklin Hatherley til verda i London. Gitaristen Charlotte Hatherley kan hjå meg høyrast på Ep-en Sometimes (2002) frå tida ho tenestegjorde i bandet Ash. I 1980 vart levande versjonar av Fire Lake og Night Moves spela inn i Cobo Hall i bilbyen Detroit i Michigan. Artistar var Bob Seger & The Silver Bullet Band og musikken kan høyrast på konsertplata Nine Tonight som kom ut i april året etter. I 2000 slepte Madball plata Hold It Down. I 2003 vitja Angus og Malcolm Young dei aldrande rockarane i Rolling Stones på scena i tyske Leipzig. Opptaket frå rocken si geriatriavdeling nådde aldri fjernsynsskjermane, men trufaste fans kan nyte det på DVD-samlinga Plug Me In. I 2006 døyde Clydes Smith.

19.06.2017

Nittande juni

Nittande juni 1948 vart Nicholas Rodney Drake fødd i den eksotiske storbyen Rangoon i det som i dag vert kalla Myanmar. Den engelske artisten Nick Drake rakk berre å gje ut tre plater frå han debuterte i 1969 og nådde aldri store salstal. Likevel vert Drake i dag rekna som ein av dei artistane som har hatt mest påverknad på engelsk popmusikk i dag. Hjå meg finn du debutplata Five Leafs Left (1969), og Pink Moon frå 1972, som var den siste plata han slepte. Drake døyde så altfor ung i 1974. I 1950 kom Ann Dustin Wilson til verda i San Diego i California. Ann Wilson spelar fløyte og er vokalist i bandet Heart, og hjå er ho meg representert med to titlar, Little Queen (1977), med ein av bandet sine best kjende låtar, Barracuda, og konsertplata Rock The House! Live, som kom på marknaden i 1991. I 1960 vart Luke Morley fødd i London. Gitaristen Morley er best kjend for arbeidet han gjorde med Thunder og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate, Laughing On Judgement Day frå 1992. I 1963 kom Simon Wright til verda i engelske Oldham. Wright er best kjend som trommeslagar for AC/DC i perioden 1983 til 1989, han har også spela med storleikar som Dio og UFO. I 1966 vart den norske songarinna Silje Nergaard fødd i Steinkjær. Hjå meg kan Nergaard høyrast på si eiga soloplate, At First Ligth frå 2001. I 1969 var Grand Funk Railroad i studio og spelte inn tre songar til bruk på plata On Time, som kom på marknaden like over sommerferien same året. Lista tel Call Yourself A Man, Can’t Be Too Long og Ups And Downs, og det er berre å nyte. I 1970 kom Brian Philliph Welch til verda i Torrance i California. Gitaristen Brian Welch, gjerne kalla «Head», var ein av grunnleggjarane av Korn, men sa takk for seg i bandet i 2005. Hjå meg kan Welch høyrast på samleplata Proud frå 2000. I 1973 vart Martin Curtis-Powel fødd i den engelske stålbyen Sheffield. Bassisten Martin Powel spelte tidlegare i Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på plata Median frå 2000. I 1980 fekk frammøtt publikum høyre Bob Seger & The Silver Bullet Band framføre mellom anna Against The Wind og Feel Like A Number i Cobo Hall i bilbyen Detroit i Michigan. Platekjøparane kan oppleve dette, med meir, på konsertplata Nine Tonight, som vart tilgjengeleg året etter. I 2001 slepte rapparane i D12 plata Devil’s Night, ein av produsentane var Eminem, ein av bandmedlemmene som verkeleg har gjort seg merkt på eiga hand, og plata gjekk til topps på dei amerikanske listene. I 2005 var Green Day i Milton Keynes og spelte andre og siste konsert som skulle ende opp som konsertplata Bullet In A Bible. I 2006 døyde Duane Roland.

18.06.2017

Attande juni

Attande juni 1942 kom James Paul McCartney til verda i den engelske hamnebyen Liverpool. Alle platesamlingar treng bidrag frå Sir Paul si tid i Beatles, og tida som soloartist, og begge delar er sjølvsagt på plass, samleplata Anthology I (1995) og studioplata Flaming Pie (1997). Enno manglar nokre spor frå tida i Wings, men gje tol, det kjem. McCartney er også kreditert for vokalhjelp på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. I Brooklyn i New York City vart Richard Perry fødd. Plateprodusenten Perry er i mi platehylle kreditert for å spele perkusjon på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. I 1950 vart Rod de’Ath fødd i Walisiske Pembrokeshire. Trommeslagaren de’Ath spelte fast med Rory Gallagher frå 1972 til 1978 og hjå meg høyrer du hans taktfaste bidrag på plata Calling Card frå 1976, samt på samleplata Big Guns – The Very Best Of Rory Gallagher, som kom på marknaden i 1995. de’Ath døyde i 2014. I 1955 kom Björn Henrik Curt Tollin til verda i svenske Jönköpings Sofia Församling i Värmland. Perkusjonisten Björn Tollin er ein av grunnleggjarane av Hedningarna, men sa tak for seg i bandet i 2000. Hjå meg kan Tollin sitt trommespel høyrast på studioplatene Trä (1994), Hippjokk (1997) og Karelia Visa (1999). I 1960 kom Aaron West Arkeen til verda i franske Neuilly-sur-Seine. West Arkeen voks opp i stillehavsbyen San Diego, men byrja å markere seg i musikkbransjen då han flytta til Los Angeles og byrja skrive songar saman med gutta i Guns ‘N Roses. Hjå meg kan West Arkeen høyrast medan han held takten på fire spor på Guns ‘N Roses plata Lies (1988), og med gitarspel på eitt spor på studioplata Use Your Illution I frå 1991. West Arkeen døyde av ein overdose av narkotiske stoff i 1997. I 1961 vart Richard Alfonso Martinez fødd i California. Oz Fox er gitarist i et grusome kristenrock-bandet Stryper, og kan hjå meg høyrast på plata To Hell With The Devil frå 1986. I 1963 kom Darren Arthur Reed til verda i Hinsdale i Illinois. Tangentmannen Dizzy Reed spelar til dagleg i Guns ‘N Roses og i mi platehylle kan han høyrast på platene Use Your Illution I og II (begge 1991), i tillegg til The Spaghetti Incident frå 1993. Same dag påstod Elvis Presley at (You’re The) Devil In Disguise. Påstanden gav han ei veke på toppen av lista i England, listemakarane i USA bydde på ein tredjeplass. I 1969 vart Pål Bøttger Kjærnes fødd på Kolbotn. Tangentmannen Pål Pot Pamparisu er ein av grunnleggjarane av Turboneger og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Ass Cobra (1996), Apocalypse Dudes (1998) og Retox (2007). I tillegg var dette ein særs produktiv dag for trioen Grand Funk Railroad, som var på plass i Cleveland Recording Company sitt studio og spelte inn Are You Ready, Anybody’s Answer, Time Machine, T.N.U.C og Into The Sun. Alle desse songane finn du på plata On Time, som kom på marknaden seinare same året. I 1970 hadde Cry Of Love Band med Jimi Hendrix i spissen Electric Ladyland Studios i New York City for seg sjølv og heldt fram med innspelinga av Freedom. I 1976 gav Led Zeppelin ut singelen Candy Store Rock frå studioplata Precense. På B-sida kunne kjøparane høyre Royal Oreleans og begge songane var kreditert heile bandet. I 1984 gav alltid like muntre og lettsinna Nick Cave & And The Bad Seeds ut plata From Here To Eternity. I 1996 gav den irriterande dyktige samplaren Beck ut det kritikarroste studioalbumet Odelay, som seinare vart kåra til årets album av det kjende musikkmagasinet Rolling Stone. I 1998 døyde gitaristen Bucky Meadows, som i mi platehylle kan høyrast på utvalde spor på samleplata Route 66, som Asleep At The Wheel slepte i 1992. I 2005 var Judas Priest på scenen i Tweeter Centre i Camden, New Jersey. Same dag heldt Green Day fyrste av to konsertar i Milton Keynes National Bowl i England. Den som vil freiste å gjenopplive konserten kan høyre på konsertplata Bullet In A Bible, som kom seinare same året. I 2007 døyde jazzmusikaren Bill Barber. I 2011 døyde Clarence Clemons.

17.06.2017

Syttande juni

Syttande juni 1938 vart Richard Farrell Morris fødd i Waxahachie i skytegale Texas. Perkusjonisten Farrell Morris hadde ei lang karriere bak seg som studiomusikar i Nashville og kan hjå meg høyrast på Neil Young si plate Comes A Time frå 1978, samt på utvalde spor på samleplata Classics som J.J. Cale slepte i 1999. Morris døyde i 2012. I 1939 kom James Gadson til verda i Kansas City i Missouri. Trommeslagaren Gadson kan hjå meg høyrast medan han held takten for Marvin Gaye på plata I Want You (1976), på Aretha, som Aretha Franklin slepte i 1980, på I.R.M., som Charlotte Gainsbourg slepte i 2009, og på eitt spor på Bigbang si plate Edendale, også den frå 2009. I 1940 vart Charles Walter Rainey III fødd i Cleveland i Ohio. Bassisten Chuck Rainey sine bidrag til mi platehylle høyrer du på Tim Buckley si plate Greatings From L.A. frå 1972, og på I Want You, som Marvin Gaye slepte i 1976, samt på utvalde spor på samleplata The Masters, som er kreditert Becker & Fagen. I 1944 kom Peter Robinson til verda i engelske Staveley. Gitaristen Chris Spedding har gjeve ut fleire plater under eige namn, han har vore ein snartur innom Roxy Music og i mi platehylle kan gitarspelet hans høyrast på eitt spor på Tom Waits si plate Rain Dogs frå 1985, tillegg til utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1946 vart Brian John Cole fødd i engelske Enfield. I mi platehylle kan B.J. Cole høyrast medan han spelar steel-guitar på Joan Armatrading si sjølvtitulerte tredjeplate frå 1976, på Deacon Blue si plate Raintown (1987), Angel With A Lariat, som k.d. Lang And The Recliners slepte i 1987, for Billy Bragg på plata Workers Playtime frå 1988, på Bel Canto si plate Magic Box (1996), og medan han spelar gitar for Roger Waters på to spor hans tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1947 kom Gregg Alan Rolie til verda i Seattle i Washington på den amerikanske vestkysten. Gregg Rolie har vore innom Santana, men er like kjend for å spele i Journey. Hjå meg kan Rolie høyrast på Journey si samleplate Greatest Hits, i tillegg til at han spelar piano for David Crosby på hans solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I engelske Manchester kom Paul Young til verda. Songaren Young slo gjennom som frontmann for bandet Sad Café, men hjå meg kan han høyrast som ein del av bandet Mike + The Mechanics på studioplata Word Of Mouth frå 1991. Young døyde i 2000. I 1953 kom Philip Ryan til verda i den irske hovudstaden Dublin. Ryan var kjend under aliaset Phil Chevron, var ein av grunnleggjarane av The Radiators og vart rekna som ein av dei viktigaste figurane i irsk punk. Ryan slo seg saman med The Pogues tidleg på åttitalet, og kun avbrutt av eit lang avrusingsopphald spela han med bandet fram til han døyde av kreft i 2013. Hjå meg kan Chevron høyrast på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). I mi platesamling kan Chevron også høyrast saman med resten av The Pogues på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road, som kom på marknaden i 1988. I 1955 vart Bruce Carl Rasmussen fødd. Trommeslagaren Bruce Rasmussen er professor ved UiA og har spelt med så å seie alle alt og alle innom norsk populærmusikk. I mi platehylle finn du hans taktfaste bidrag på Knudten og Ludvigsen si storselgande studioplate Juba Juba (1983), samt på utvalde spor på samleplata 21 Beste, som Olav Stedje slepte i 1998. I 1958 såg Eric Reed Boucher dagens ljos i Boulder i fjellstaten Colorado. Den legendariske amerikanske punkrockaren Jello Biafra vart kjend som drivkrafta bak det amerikanske punkbandet Dead Kennedys og har elles spela med mellom anna DOA, men i mi platesamling er det som hjelpevokalist for Mano Negra på plata Casa Babylon frå 1994, og på eit spor på The Offspring si plate Ixnay On The Hombre frå 1997, han kan høyrast. I 1962 vart den nordirske gitaristen Martin Kennedy fødd i Belfast. Bap Kennedy var leiar for gitarrockebandet Energy Orchard, som har forvilla seg inn i mi platesamling med ei dobbel konsertplate, Orchardville, frå 1996. I Helsingfors kom Matti Antero Kristian Fagerholm til verda. I mi platesamling kan den tidlegare Hanoi Rocks-vokalisten Michael Monroe høyrast med munnspel og saksofon på Guns ‘N Roses si plate Use Your Illution I frå 1991 og med vokalhjelp på same band si The Spaghetti Incident frå 1993. I 1964 vart Steven B. Kravac fødd i Burnaby i kanadiske British Columbia. Plateprodusenten Steve Kravac sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som bakgrunnsvokal på Guttermouth si plate Friendly People frå 1994. I 1967 såg Eric Matthew Stefani dagens ljos i Fullerton i California. Eric Stefani, som er bror av meir kjende Gwen, spelte tangentar i No Doubt i perioden 1986 til 1995. Hjå meg kan Stefani høyrast på studioplata Tragic Kingdom frå 1995, i tillegg til samleplata The Singles 1992-2003. Stefani er også kreditert for pianospel på eitt spor på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1978 vart Esben Ullbæk Bundgaard-Jørgensen Selvig fødd i København. Programleiaren Esben Selvig er kjend som «Dansken» i rapgruppa Klovner I Kamp og hjå meg kan han høyrast på plata Bjølsen Hospital frå 2001. I 1991 slepte Yello plata Baby. I 2003 var AC/DC på plass i Circus Krone i München for å halde konsert. Dei frammøtte fekk høyre Stiff Upper Lip og Thunderstruck, som også kan opplevast på DVD-samlinga Plug Me In. I 2005 døyde Karl Mueller.

16.06.2017

Sekstande juni

Sekstande juni 1940 vart Robbie Montgomery fødd i Columbus i Mississippi. Songerska Montgomery kan i mi platehylle høyrast med bakgrunnsvokal på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry & Roxy Music frå 1995. I 1947 kom Tom Malone til verda på Hawaii. Tom “Bones” Malone spelar dei fleste blåseinstrument, men er best kjend for å spele trombone. Malone er fast medlem av The Blues Brothers og kan i mi platehylle høyrast på plata Breiefcase Full Of Blues (1978) og samleplata Best Of The Blues Brothers (1981). Malone sitt arbeid kan elles høyrast på The Band si plate Islands frå 1977, samt samleplata Hits Out Of Hell, som Meat Loaf slepte i 1984. I 1954 vart Doane Ethredge Perry fødd i Mt. Kisco i den amerikanske delstaten New York. Trommeslagaren Doane Perry slo seg saman med Jethro Tull i 1984 og kan i mi platehylle høyrast på plata Catfish Rising frå 1991. I 1960 var Count Basie sitt storband i Capitol Studios i New York og spela inn 9:20 Special, solistar var, i tillegg til Basie sjølv, Frank Wess på altsaksofon, Frank Foster på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. Resultatet finn du på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1963 kom den Ben Granfeldt til verda i den finske hovudstaden Helsinki. Gitaristen Granfeldt er best kjend for samarbeidet med det finske showbandet Leningrad Cowboys og kan i mi platesamling høyrast på platene We Cum From Brooklyn (1992), Live In Provinz (1993), Happy Together (1994) og Go Space, som kom på marknaden i 1996. I 1965 vart Heinz Liljedahl fødd i Sverige. Gitaristen Liljedahl, med ei fortid i Lustans Lakejer, er i mi platehylle kreditert for å syngje hjelpevokal på plata På Hotell, som Bo Kaspers Orkester slepte i 1994, og på Ulf Lundell si plate Män Utan Kvinnor frå 1997. I 1975 var hardarbeidande AC/DC i gang med å spele inn videoar til songane Show Business og Hight Voltage, som begge kan nytast på DVD’en Family Jewels frå 2005. I 1976 vart Cian Ciaran fødd i Bangor i Wales. Cian Ciaran spelar til dagleg tangentar for det walisiske bandet Super Furry Animals og kan i mi platesamling høyrast på studioplata Love Kraft (2005), samt samleplata Songbook The Singles Vol.1 (2004). I 1978 slepte The Clash singelen (White Man) In Hammersmith Palais, som nådde ein trettiandreplass på dei britiske singellistene. I 1980 stod Toy Dolls for underhaldninga på Annabells i Sunderland. Same kveld held Bob Seger & The Silver Bullet Band hus i Cobo Hall i bilbyen Detroit i Michigan. Frå konserten kan ein høyre Hollywood Nights og Betty Lou’s Getting Out Tonight på konsertplata Nine Tonight som kom ut året etter. I 1997 kom Radiohead med plata OK Computer. I 1998 slepte Grace Jones samleplata Private Life: The Compass Point Sessions, som er ein dobbel CD med det beste frå dei tre platene dama spelte inn i Compass Point Studios på solfylte Bahamas, og Van Morrison nytta dagen til å sleppe ei dobbel samleplata kalla The Philosopher’s Stone, som inneheldt overskottsmateriale frå åra 1969 til 1988. Fiorella Mannoia slepte plata Belle Speranze.

15.06.2017

Femtande juni

Femtande juni 1937 vart countryartisten Waylon Arnold Jennings fødd i Littlefield i skytegale Texas. Waylon Jennings var kompis med den avdøyde rockelegenda Buddy Holly, og han har meir enn seksti plater på samvitet som soloartist. Jennings var også svirrebror med meir meritterte Johnny Cash då dei levde som country-verdas “Outlaws” på slutten av sekstitalet. Som ein av grunnleggarane av såkalla Outlaw-country var han sjølvskriven medlem då fire stjerner slo seg saman som supergruppa Highwayman, som har lurt samleplata Super Hits inn i mi platehylle, men Jenning er i mi platehylle også representert med soloplata ’Ol Waylon frå 1977. Jennings la opp som artist eit år før han døyde av diabetes i 2002. I 1943 kom Colin Arthur Wood til verda i Camberwell i Sør-Aust-London. Tangentmannen Colin Wood kan hjå meg høyrast medan han spelar på Uriah Heep si debutplate Very ‘Eavy… Very ‘Umble frå 1970, samt på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som Uriah Heep slepte i 1991. I 1944 vart Eddie Hinton fødd i Tuscaloosa i Alabama. Gitaristen Hinton var ein sentral del av berømte og meritterte Muscle Shoal Rhythm Section i tida frå 1967 til 1971 og spelte elles som studiomusikar for stjerner som Wilson Picket, Elvis Presley og Otis Redding. I mi platehylle finn du Hinton sitt gitarspel på utvalde spor på samlaplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1, som Aretha Franklin slepte i 1994. Hinton døyde i 1995. I 1946 kom Neville John Holder til verda i Walsall i engelske Staffordshire. Glamstjerna Noddy Holder gjorde seg merkt for verda som bukseselekledd gitarist og vokalist i Slade og var kjend for å ha ei røyst som kunne få murpussen til å skalle av veggen i lokala han song i. Hjå meg kan Holder høyrast på studioplatene Play It Loud (1970) og Slayed (1972), konsertplatene Slade Alive (1972) og Slade On Stage (1982), samt samleplata The Slade Collection ’81-87. I New Orleans i Louisiana kom Leo Nocentelli til verda. Gitaristen Nocentelli er i mi platehylle kreditert for å spele på eitt spor på den tidlegare The Band-leiaren Robbie Robertson si andre studioplate Storyville frå 1991. I 1947 vart Larry Eaglin Jackson fødd i Gadsden i Alabama. Gitaristen Brother Larry Eaglin Jackson har ei mangslungen karriere innom musikken og kan i mi platesamling høyrast medan han spelar for Arrested Development på plata Zingalamaduni frå 1994. I 1948 vart Dennis Dreith fødd i Glendale i California. Komponisten og fagforeiningsmannen Dreith er i mi platehylle kreditert for å spele saksofon, klarinett og klavinett på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. I 1956 kom Bernie Shaw til verda i Victoria i kanadiske British Columbia. Shaw har sidan 1986 vore vokalist for dei engelske hardrocklegendene Uriah Heep og kan i mi platesamling høyrast på plata Raging Silence frå 1989. I 1957 kom Anders Sjöholm til verda i Klippan i svenske Skåne. Gitaristen Stry Terrarie spelte i Imperiet og kan hjå meg høyrast på studioplata Synd og samleplatene Imperiet og Imperiet Kickar – Singlar 1981-1987 frå 1990. I Honolulu vart Bradley Frank Gillis fødd. Gitaristen Brad Gillis er best kjend for å spele i Night Ranger, hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Ozzy Osbourne på konsertplata Speak Of The Devil frå 1982. I 1963 vart Scott Rockenfield fødd i Seattle i Washington. Trommisen Rockenfield var med å starte Queensrÿche og kan i mi platehylle høyrast på debutplata The Warning (1984), og oppfølgjarane Empire (1990) og Hear In The New Frontier frå 1997. I 1965 vart David Alan Rachtman fødd i Los Angeles i California. Fjernsynsverten Rikki Rachtman sitt bidrag til mi platehylle er hjelpevokal på eit spor på Guns ‘N Roses si plate The Spaghetti Incident frå 1993. I 1972 kom Hans Erik Dyvik Husby til verda. Skodespelaren Hank von Helvete har ei fortid som songar i Turboneger og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Ass Cobra (1996), Apocalypse Dudes (1998) og Retox (2007). I 1974 vart Øystein Greni fødd i Oslo. Greni er grunnleggjar, gitarist, vokalist og låtskrivar i Bigbang. Hjå meg kan Greni høyrast på studioplatene Clouds Rolling By (2000), Frontside Rock ‘N Roll (2002), Too Much Yang (2007) og Edendale (2009), samt den doble konsertplata Radio Radio TV Sleep frå 2004. I 1975 vart Helge Risa fødd. Risa spelar pumpeorgel og diverse andre instrument i Kaizers Orchestra og kan i mi platehylle nytast på studioplatene Ompa Til Du Dør, Evig Pint (2003) og Violetta Violetta Vol 1 frå 2011. I 1980 fekk Bob Seger-songen The Fire Down Below evig liv etter innspeling under konserten i Cobo Hall i bilbyen Detroit i Michigan. Trufaste Silver Bullet Band stod for musikken. I 1982 døyde Art Pepper. I 1984 spelte Toy Dolls for dei frammøtte i Henderson Hall i Newcastle. I 1989 platedebuterte Nirvana på Sub Pop med produktet Bleach. I 1996 døyde Ella Fitzgerald. I 2007 døyde Richard Bell. I 2010 spelte Rammstein ein fantastisk konsert på Koengen i Bergen. Underteikna var tilstades og fekk sjå og høyre at både lyd og pyroeffektar sat som eit skott. Oppvarmarar var grungeveteranane i Alice In Chains, og Hatebreed, som enno ikkje er på plass i platesamlinga, men som står høgt på ynskjelista. I 2011 var Judas Priest på ny på vitjing i Bergen, denne gongen for å seie eit endeleg farvell til fansen. Konsertarenaen var Edvard Griegs Plass utanfor Grieghallen og konserten var ein ekte slagerparade med så og seie alle dei største høgdepunkta frå ei førti år lang karriere vart spela i eit to timar og eit kvarter langt sett. Vanskeleg å vurdere denne konserten opp mot den i 2008, men eg var sjølvsagt storfornøgd med mykje grom V-gitarlyd og glitrande gitarsoloar.

14.06.2017

Fjortande juni

Fjortande juni 1943 vart Dewey Lindon Oldham fødd i Center Star i Alabama. Pianisten Spooner Oldham er godt kjend for samarbeidet med superstjerna Neil Young og kan i mi samling høyrast på studioplatene Comes A Time (1978) og Silver And Gold (2000). Det eminente tangentspelet til Oldham kan også høyrast på Bob Seger si plate Beautiful Loser (1975), og Closer To The Truth, som var Tony Joe White sitt bidrag til platehyllene i 1991. Oldham er også kreditert for å traktere pianoet på utvalde spor på samleplatene The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1. (1994), og Classics (J.J. Cale, 1999). I 1945 kom Rodney Terence Argent til verda i engelske St. Albans. Rod Argent var ein av grunnleggjarane av The Zombies, hjå meg kan han høyrast med tangentspel på The Who si plate Who Are You frå 1978. I 1948 kom Steve Hunter til verda i Decatur i Illinois. Gitaristen Hunter kan hjå meg høyrast på plata Billion Dollar Babies, som Alice Cooper slepte i 1973. I 1949 kom Alan White til verda i Pelton i Nord-England. Trommeslagaren White har heldt takten for Joe Cocker og ei rekkje andre britiske artistar, men er best kjend for arbeidet han gjorde saman med proglegendene Yes. Hjå meg finn du White si tromming på Yes si studioplate Going For The One frå 1977. I Wolverhampton vart James Whild fødd. Bassisten Jim Lea kom til verda på ein såpass eksotisk stad som skjenkestova Melbourne Arms, om jordmora var ein ølhund seier ikkje soga noko om. Då Holder sa G’bye t’Jane og Slade byrja å samle gullplater verda over var Lea si lukka skapt. Hjå meg kan Lea høyrast studioplatene Play It Loud (1970) og Slayed (1972), konsertplatene Slade Alive (1972) og Slade On Stage (1982), i tillegg til samleplata The Slade Collection ’81-87. I 1952 vart Trond-Viggo Torgersen fødd i Oslo. Lækjaren, skodespelaren og komikaren Trond-Viggo Torgersen sitt bidrag til mi platehylle er ei samleplate som heiter Trond-Viggos Beste, og vart tilgjengeleg i 1997. I 1954 kom den italienske filosofen, miljøaktivisten og rockeartisten Gianna Nannini til verda i Siena. Eg har ei større samling av Nannini-plater enn det som godt er, men er faktiske ganske stolt av at eg oppdaga denne artisten ein gong på byrjinga av åttitalet, og sjølv om eg ikkje har konkrete planar om å utvide samlinga, kjem dei gamle klassikarane fram med jamne mellomrom. I platehylla finn du studioplatene Gianna Nannini (1976), Una Radura (1977), California (1979) G.N. (1981), Profumo (1986), Malafemmina (1988) og Scandalo (1990), konsertplatene Tutto Live (1985) og Giannissima (1991), samt samleplata Maschi E Altri (1987). I 1957 kom Chad Cromwell til verda i Paducha i Kentucky. Trommisen Cromwell er best kjend for arbeidet han har gjort saman med Neil Young, og hjå meg kan han høyrast medan han held takten på studioplatene This Note’s For You som på marknaden i 1988, og Living With War som vart stabla i platehyllene i 2006. I 1959 vart William Henry Marcus Miller Jr fødd i Brooklyn i New York City. Multiinstrumentalisten Marcus Miller er stor stjerne på jazz-scena, og hjå meg kan denne eminente musikaren høyrast medan han spelar både bass og keyboard på Miles Davis sine plater Tutu, som kom på marknaden i 1986, og Amandla frå 1989. Miller er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som kom på marknaden i 1995. I 1963 kom Christopher Lee DeGarmo til verda i Wenatchee i delstaten Washington. Gitaristen Chris DeGarmo er ein av grunnleggjarane av Queensrÿche og i mi platesamling kan du høyre gitarspelet hans på debutplata The Warning (1984), samt studioplatenen Empire (1990) og Hear In The New Frontier (1997). I 1965 kom Michael Scaccia til verda i Babylon i delstaten New York. Gitaristen Mike Scaccia spelte i Ministry og hjå meg kan han høyrast på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. Scaccia døyde på scenen i 2012. I 1966 vart Roger Matthew Freeman fødd i universitetsbyen Berkley i California. Bassisten Matt Freeman spelar til dagleg i Rancid og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Life Won’t Wait (1998), Rancid 2000 (2000) og Indestructible (2003). I 1968 kom Guy Sigsworth til verda. Klassisk skolerte Sigsworth er i mi platehylle å høyre med gitar- og tangentspel på Madonna si plate Music frå 2000. Aretha Franklin slepte plata Aretha Now, Jimi Hendrix Experience nytta dagen i studio til å spele inn Have You Ever Been (To Electric Ladyland). Plata med same namn kom på marknaden i september same år og fekk ein fyrsteplass på listene. I 1970 vart Chris Chaney fødd i Mill Valley i California. Bassisten Chaney har ei fortid i Jane’s Addiction, hjå meg høyrer du han med drivande godt basspel på Alanis Morissette si plate Supposed Former Infatuation Junkie frå 1998. I 1973 kom Gay-Yee Westerhoff til verda i engelske Kingston upon Hull. Cellisten Westerhoff sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Primal Scream si plate XTRMNTR frå 2000. I 1980 spelte Toy Dolls sin femtiande konsert. Jubileet vart markert i Seaham Labour Club i Sunderland. Same kveld stod Bob Seger & The Silver Bullet Band på scenen i Cobo Hall i bilbyen Detroit i Michigan. I 1982 tok Bier Cellar i Newcastle i mot Toy Dolls. I 1993 slepte Manic Street Preachers si andre studioplate, Gold Against The Soul. I 1994 slepte Arrested Development si andre studioplate, Zingalamaduni. I 1995 gjekk Rory Gallagher bort så alt for tidleg. I 2000 døyde Paul Griffin på denne dagen. I 2014 spelte Blood Command på Magic Mirror-scenen på Bergenfest, varmt og klamt både for artistar og fans. Dette var underskrivne sitt fyrste møte med bandet og det gav meirsmak. Kveldens største trekkplaster, indistjernene Franz Ferdinand måtte avlyse sin konsert etter at ein av bandmedlemmene hadde eit særs ublidt møte med ein handfull nøtter.

13.06.2017

Trettande juni

Trettande juni 1951 vart Howard M. Leese fødd i Hollywood i California. Gitaristen Howard Leese spelar i dag med Bad Company og Paul Rodgers Band, men spelte frå 1975 til 1997 med Heart og kan hjå meg høyrast på stuioplata Little Queen (1977), og konsertplata Rock The House – Live frå 1991, samt på utvalde spor på Lita Ford si samleplate The Best Of Lita Ford, som kom på marknaden i 1992. I 1952 kom Russell Javors til verda i New York City-bydelen Brooklyn. Gitaristen Javors er best kjend for å spele med Billy Joel i åra 1976 til 1989, og i mi platehylle er det nettopp på Joel sine plater Glas House (1980), og Kohuept (1987) gitarspelet hans kan høyrast. I 1953 kom Greg Cohen til verda i Los Angeles i California. Bassisten Cohen er til vanleg knytta til jazz-sjangeren, men kan i mi platehylle nytast på Tom Waits sine studioplateer Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variations (1999). I 1963 kom Angie Brown til verda i Brixton i den engelske hovudstaden London. Songerinna Brown har ei fortid i Bizzare Inc., og i mi platehylle kan du nyte røysta hennar på nokre av spora på plata A Night At The Playboy Mansion, som Dimitri From Paris slepte i 2000. I 1967 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio i New York for å spele inn songen Caprikorn. Songen vart tilgjengeleg for platekjøparane på samleplata Water Babies i 1976. I 1970 kom Rivers Cuomo til verda i den sjarmerande storbyen New York City. Cuomo er songar i Weezer og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Weezer (The Blue Album (1994), Pinkerton (1996) og Weezer (The Green Album) frå 2001. I 1977 gav Neil Young ut plata American Stars’n Bars, som inneheld låten Like A Hurricane, ein av dei best kjende og mest populære songane hans. I 1978 kom Rune Solheim til verda på industristaden Husnes. Soleheim er trommeslagar og held takten for Kaizers Orhestra, hjå meg kan han høyrast på studioplatene Ompa Til Du Dør, Evig Pint (2003) og Violetta Violetta Vol 1 (2011). I 1983 slepte Stevie Ray Vaughan And Double Trouble plata Texas Flood. Me som har kompaktplateversjonen som inneheld konsertopptak frå seinare same året matte nok vente ei stund, men det var det verdt. I 1995 kom Alanis Morissette si tredje studioplate, og fyrste internasjonale utgjeving, Jagged Little Pill. I 2000 slepte dei to gitarkompisane B.B. King og Eric Clapton plata Riding With The King, som selde til dobbel platina i USA og også hadde ein annan gitarkonge med på laget, nemleg Jimmie Vaughan, best kjend frå arbeidet han gjorde i The Fabolous Thunderbirds. I 2005 slepte Rory Gallagher sitt dødsbu samleplata Big Guns. The Best Of Rory Gallagher. I 2013 spelte Nick Cave & The Bad Seeds og Steve Earle på Bergenfest i Bergen, stor stemning.

12.06.2017

Tolvte juni

Tolvte juni 1937 kom Lincoln Wayne Moman til verda i La Grange i Georgia. Plateprodusenten Chips Moman har vore i kontrollrommet under innspelingar med Elvis Presley og Bobby Womack, hjå meg kan han høyrast medan han spelar gitar for Aretha Franklin på utvalde spor på samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1 frå 1994. I 1941 vart Armando Anthony Corea fødd i Chelsea i Massachusetts. Pianisten og jazzlegenda Chick Corea er kjend som orkesterleiar og som ein av føregangsmennen innan elektrifiseringa av jazzen. I mi platesamling Corea høyrast medan han spelar for Miles Davis på studioplatene In A Silent Way (1969), og Bitches Brew (1970), samt på utvalde spor på samleplata Water Babies frå 1976. I bydelen Brooklyn New York City kom Marvin Phillip Aufrichtig til verda. Sportsankeret Marv Albert kan i mi platehylle høyrast medan han parodierar seg sjølv på eit spor på Roger Water si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1944 kom Reginald Maurice Ball til verda i engelske Andover. Reg Presley var vokalist i The Troggs og kan i mi platehylle nytast på ei uoffisiell samleplate oppkalla etter bandet sin største slager, Wild Thing. Presley døyde i 2013. I 1949 kom bassisten John Kenneth Wetton til verda i engelske Willington. Multiinstrumentalisten John Wetton er best kjend som frontmann i bandet Asia, men har også vore innom Roxy Music og kan hjå meg høyrast på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. Wetton kan også høyrast som bassist i Uriah Heep på studioplatene Return To Fantasy (1975) og High And Mighty (1976), samt på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som kom på marknaden i 1991. Wetton døyde i 2017. I 1951 kom Brad Carlson til verda i Rockford i Illinois. Trommeslagar Bun E. Carlos har hatt levebrødet sitt i det fantastiske rockebandet Cheap Trick sidan starten, men grunna ryggproblem turnerar han for tida lite med bandet, sjølv om han framleis vert rekna som fullverdig medlem. Hjå meg kan Carlos sitt trommespel høyrast på studioplata Latest (2009), konsertplata At Budokan (1978), samt den doble samleplata The Essential Cheap Trick. I 1986 var andre og siste innspelingsdag av AC/DC sin promovideo av You Shook Me All night Long. Regissør var David Mallet. I 2014 bydde Bergenfest på regnfylt konsert med punklegendene Blondie, ein våt fornøyelse som var verdt kvar ei krone, og som viste ei aldrande Debbie Harry i overraskande storform. Hitparaden bydde på ein artig cover av Beastie Boys sin slager Fight For Your Righ. Også Audrey Horne stod på scenen denne kvelden. Dette var bandet sin fyrste opptreden på festivalen som er for heimebane å rekne og etter det vi fekk sjå må arrangørane vere gale om dei ikkje inviterar dei lokale metall-stjernene attende snarast. Diverre døyde Little Jimmy Scott denne dagen.

11.06.2017

Ellevte juni

Ellevte juni 1920 vart Sheldon Manne fødd i New York City. Jazztrommisen Shelly Manne er arveleg disponert for trommespel, både faren og onkelen var profesjonelle trommeslagarar, og hjå meg kan han høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992, og Tom Waits si studioplate Small Change frå 1976. Manne døyde i 1984. I 1928 kom Bob Gordon til verda i St. Louis i Missouri. I mi platesamling er det plata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 som byr på Bob Gordon sitt elegante saksofonspel. Gordon døyde i 1955. I 1939 vart Bernard Lee Purdie fødd i Elkton i Maryland. Trommisen Bernard «Pretty» Purdie er ein ettertrakta studiomusikar som i mi platehylle kan høyrast på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980, og på utvalde spor på James Brown si posthume samleplate The Godfather Of Soul (1998), og The Greatest Hits, som buet etter Nina Simone slepte i 2003. I 1949 vart Frank Lee Beard fødd i Frankston i skytegale Texas. Trommeslagaren Frank Beard har livnært seg ved å halde takten i den Texas-baserte bluesrocktrioen ZZ Top sidan byrjinga av bandet si karriere, og det vert ofte gjort eit poeng av at han, med det etternamnet han er utstyrt med, er den einaste i trioen som ikkje prydar seg med skjegg. Beard held i mi platehylle takten på platene Fandango (1975), og Recycler (1990), samt samleplata Viva Las Vegas (1997), så langt, more to come. I 1953 kom Mark Nauseef til verda i Cortland i den amerikanske delstaten New York. Trommeslgaren Nauseef har ei fortid i Elf og Ian Gilland Band, hjå meg kan han høyrast medan han held takten på sporet Gino på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1957 spurde Elvis Presley pent om å få vere einkvan sin Teddy Bear, kva svar han fekk er ikkje kjend for meg, men plata promoterte den godaste Elvis sin andre langspelfilm, Loving You, og selde ei mengd teddybjørnar. Singelen var nummer ein i sju veker i USA, men stogga på ein fin tredjeplass i England. I 1958 kom Barry Adamson til verda i engelske Manchester. Bassisten Adamson har gjeve ut ei rekkje soloplater, mellom anna As Above, So Below frå 1998, som er det bidraget han har ytt til mi platehylle under eige namn. Ettertrakta Adamson har i tillegg arbeida med verdsstjernene i Depeche Mode og kan hjå meg høyrast medan han spelar for The Buzzcocks på samleplata Singles Going Steady, med australske The Birthday Party på plata Junkyard frå 1982, og for Nick Cave And The Bad Seeds på plata From Here To Eternity frå 1984. I 1960 vart Nick Hallam fødd i engelske Nottingham. Hallam er kjend som The Head i electronicabandet Stereo MC’s, og kan i mi platehylle høyrast på den kritikarroste plata Deep Down & Dirty frå 2001. I 1961 kom Robert Charles Birch til verda i engelske Ruddington. Rob Birch kallar seg Rob B når han opptrer som vokalist i Stereo MC’s og kan i mi platehylle høyrast på plata Deep Down & Dirty frå 2001. I 1963 vart Hans Olav Sola Jonsen fødd. Trommeslagaren Sola Jonsen held stødig takt for DumDum Boys og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Schlägers frå 2001. I 1969 vart Steven Gregory Drozd fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Multiinstrumentalisten Steven Drozd fekk jobben som trommeslagar i The Flaming Lips i 1991, men har i dag overtatt jobben som gitarist i same bandet og hjå meg høyrer du arbeidet hans på studioplata At War With The Mystics frå 2006. I 1974 kom Frode Jacobsen til verda på hurtigrutestoppet Stokmarknes. Bassisten Jacobsen er ein av grunnleggjarane av Madrugada og kan i mi platehylle høyrast på platene Industrial Scilence (1989), The Nightly Disease, Grit (2002) og The Deep End, samt konsertplata Live At Trafalmadore. I 1983 slepte Dio debutplata Holy Diver i England, ein snau månad etter at amerikanarane fekk høve til å kjøpe produktet. I 1988 var Toy Dolls del av underhaldningsprogrammet på Lisieux Festival. I 1991 gav sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd ut plata Lynyrd Skynyrd 1991, dette var dei langhåra sørstatsrockarane si sjette studioplate. I 2001 gav Travis ut plata The Invisible Band. I 2002 gav Brian Wilson ut det etterlengta Pet Sounds Live-albumet som var spelt inn i London i januar same år. I 2007 slepte Turbonegro plata Retox.

10.06.2017

Tiande juni

Tiande juni 1910 kom Chester Arthur Burnett til verda i White Station i Mississippi. Howlin’ Wolf slo gjennom som førtieinåring i 1951 og vart gjennom ein kort og hektisk karriere ein av dei mektigaste røystene i rocken si soge. Hjå meg kan Wolf høyrast på samleplata Moanin’ At Midnight – 20 Blues Classics der han ular seg gjennom det meste av det beste han slepte gjennom karriera si. Howlin’ Wolf døyde i 1976. I 1956 vart Michael Timmothy Curry fødd i New Haven i Connecticut. Trommeslagaren Mickey Curry er best kjend for å ha samarbeida med Bryan Adams i ei årrekkje og kan hørast på plata Waking Up The Neighbours frå 1991. Curry er også kreditert for å spele trommer på eit spor på Tom Waits si åttande studioplate Rain Dogs frå 1985, og på eit spor på Blondie-vokalist Debbie Harry si soloplate Rockbird frå 1986. I 1958 stod Elvis Presley i studio og song inn (Now And Then There’s) A Fool Such As I. Akkompagnementet var ved The Jordanaires. Dagen bydde også på plateslepp frå «The King», platekjøparane kunne høyre Elvis Presley syngje om ei som vist nok var ei Hard Headed Woman. Songen var henta frå filmen King Creole og klatra heilt til fyrsteplassen på listene i USA, men nådde aldri høgare enn nummer to i England. I 1961 vart Max Alfred Elliot fødd i London. Songaren Maxi Priest sitt bidrag til mi platehylle er ein duett med Roberta Flack, Set The Night To Music, som kan høyrast på samleplata Softly With These Songs frå 1993. I Dayton i Ohio kom Kimberley Ann Deal til verda. Bassisten Kim Deal var lenge sentral i undergrunnsbandet The Pixies, men har i dag sagt takk for seg i bandet. Deal har også pleia eiga karriere i The Breaders, samt kjempa med eit formidabelt rusproblem. Deal sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på The Pixies sine studioplater Bossanova (1989) og Doolittle (1990). I 1964 kom den amerikanske trommeslagaren James Joseph Chamberlin til verda i Joliet i Illinos. Jimmy Chamberlin har vore av og på trommeslagar for The Smashing Pumpkins og kan i mi platehylle høyrast bandet sine studioplater Gish (1991), Siamese Dream (1993), Mellon Collie And The Infinite Sadness (1995), Machina/The Machines Of God (2000) og Zeitgeist (2007). I 1965 vart Joseph Alberto Santiago fødd i Manilla på Filippinane. Gitaristen Joey Santiago spelte tidlegare i The Pixies og kan hjå meg høyrast på studioplatene Bossanova (1989) og Doolittle (1990). I 1971 vart Erik Rutan fødd i New Jersey. Rutan kan i mi platesamling høyrast medan han spelar gitar for death metallbandet Morbid Angel på plata Domination frå 1995. I 1983 var Toy Dolls underhaldninga på Norseman i Amble. I 1985 slepte R.E.M. plata Fables Of The Reconstruction. I 1986 starta AC/DC innspeling av ein promovideo for det som er min absolutte favorittlåt frå bandet, You Shook Me All Night Long. Sjekk resultatet på DVD’en Family Jewels. I 1993 spelte alltid like blide The Brazz Brothers saman med Tatunane og Hukwe Zawose på Rockefeller i Oslo. I 2002 slepte Mark E. Smith og bandet hans, The Fall, plata 2G+2, som er ei samleplate med blanding av studioinnspelingar og konsertmateriale frå USA-turneen året før. I 2004 døyde Graeme Kelling. I 2009 døyde Barry Beckett. I 2012 var det Motörheadkveld i Peer Gynt Salen i Grieghallen i Bergen, ekstase.

09.06.2017

Niande juni

Niande juni 1928 kom Sheldon Kurland til verda i bydelen Brooklyn i New York City. Felespelande Shelly Kurland har stått for strengearrangement for eit utal countryartistar på Nashville-scena og er i mi platehylle kreditert for diverse strengespel på Neil Young si studioplate Comes A Time frå 1978, samt utvalde spor på J.J. Cale si samleplate Classics frå 1999. Kurland døyde i 2010. I 1941 vart Jonathan Douglas Lord fødd i engelske Leicester. Jon Lord er best kjend for å spele tangentar i Deep Purple og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Machine Head frå 1972, Burn (1974), Come Taste The Band (1975) og Perfect Stranger (1984), i tillegg til samleplata Power House frå 1977, og konsertplata Nobody’s Perfect frå 1987. Lord døyde i 2012. I 1947 vart Michael Frederic Box fødd i Walthamstov aust i London. Gitaristen Mick Box var ein av grunnleggarane av bandet med namn frå ein Dickens-roman, Uriah Heep, og har stått for glitrande gitarspel i alle verdsdelar i meir enn ein mannsalder. Sjølv var eg blant dei utvalde som fekk høyre Box i storform saman med resten av bandet på Maxime i Bergen i 1989. Hjå meg kan du høyre Box på så mange som ti ulike studioplater med det best og viktigaste Uriah Heep har gjort. Lista tel studioplatene Very ‘Eavy Very ‘Umble (1970), Look At Yourself (1971), Salisbury (1971), Demons And Wizards (1972), Wonderworld (1974), Return To Fantasy (1975), High And Mighty (1976), Fallen Angel (1978), Abiminog (1982) og Raging Silence (1989), samt samleplata Echoes In The Dark, frå 1991. I 1949 kom Andrew Francis Kenneth Monkman til verda i London. Francis Monkman spelar Hammond Orgel for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I 1950 var dette fødselsdagen for Trevor Bolder. Bolder vart fødd i den engelske hamnebyen Kingston upon Hull, og er best kjend for å ha traktert bassen i Uriah Heep, der han i si tid erstatta John Wetton. Bolder kan hjå meg høyrast på platene Fallen Angel, frå 1978 og Raging Silence frå 1989, samt utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark (1991). Bolder si merittliste omfattar også spel med bysbarnet Mick Ronson. Dei spelte saman i bandet The Rats, noko som leia til at Bolder var eit naturleg val då bassen skulle trakterast på Ronson sine soloplater frå fyrste halvleik av 1970-talet. Desse platene står alle høgt på ynskjelista mi. Bolder døyde i 2013. I 1951 kom Peter Gill til verda i den nitriste engelske stålbyen Sheffield. Pete Gill har traktert trommene for fleire store engelske band, som mellom anna Saxon, som i mi platehylle er representert med Wheels Of Steel frå 1980. Gill kan hjå meg også høyrast medan han trufast slår takten på Motörhead si plate Orgasmatron frå 1986, han er i tillegg kreditert for fleire spor på samleplatene No Remorse frå 1984 og From The Vaults (1990). I Los Angeles i California kom James Newton Howard til verda. Hjå meg høyrest Howard sitt tangetspel på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, og på plata The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1991. I 1963 vart Gilad Atzmon fødd i den israelske hovudstaden Tel Aviv. Saxofonisten Atzmon kan hjå meg høyrast på Robert Wyatt si ellevte soloplate Comicopera frå 2007. I Owensboro i Kentucky kom John Christopher Depp II til verda. Skodespelaren Johnny Depp er best kjend for å utøve yrket sitt, men hjå meg kan han høyrast medan han lagar rare gitarlydar på eitt spor Shane MacGowan & The Popes si debutplate The Snake frå 1995, og på like mange spor på Oasis si plate Be Here Now frå 1997. I 1970 vart Edmund John Simons fødd i London. Ed Simons er til dagleg halvparten av electronicaduoen The Chemical Brothers og har selt eit utal plater, og hausta fleire Grammynominasjonar. Mi platesamling byr på plata Push The Button frå 2005. I 1981 kom Anoushka Shankar til verda i London. Sitarspelande Shankar er dotter av den avdøyde sitarlegenda Ravi Shankar og kan i mi platehylle høyrast medan ha trakterar sitar på eitt spor på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I 1982 kunne ein voksande skare South Shilds-fans ta i mot gutane i Toy Dolls i New Crown. I 1993 bydde brørne Førde og resten av dei muntre musikantane i The Brazz Brothers opp til fest i Grieghallen under dei årlege festspilla i Bergen. Med seg på scenen hadde dei Tatunane frå Tanzania og Hukwe Zawose. Denne konserten kan høyrast på den drivande gode konsertplata Afrobrazz som kom ut seinare same året. I 1998 slepte Grant Lee Buffalo si fjerde studioplate Jubilee. I 2001 slepte Ash singelen Sometimes, som inneheldt totalt sju spor, med andre ord mykje bra musikk for pengane. I 2003 slepte Radiohead si sjette studioplate Hail To The Thief. I 2015 døyde James Last.

08.06.2017

Åttande juni

Åttande juni 1944 kom William Royce Scaggs til verda i Canton i Ohio. Boz Scaggs har gjennom åra servert ei rekkje solide plater som har markert seg på salslistene verda over, både som soloartist og som medlem av Steve Miller Band. Scaggs sitt bidrag til mi platehylle heiter Dig og kom på marknaden i 2001. I 1952 kom Jeff Rich til verda i London. Trommeslagaren Rich held til vanleg den stødige takten for boogierocklegendene Status Quo og mi platehylle byr på trommespelet hans på studioplata Rock ’Til You Drop frå 1991 og konsertplata Live Alive Quo frå 1992. I 1953 kom trivselfylket Sogn Og Fjordane sitt fremste musikalske bidrag til verda i saftbygda Sogndal. Bartekongen Olav Stedje har herja listene på Norsktoppen med fleire elegante popsongar og har i tillegg spela til dans over store delar av landet. Mi platehylle byr på samlinga 21 Beste som kom ut på plateselskapet Tylden i 1998. I 1956 vart Stephen Martin Walwyn fødd i engelske Southam. Steve Walwyn har vore sjefsgitarist i Dr. Feelgood frå 1989 og kan hjå meg høyrast på plata Primo frå 1991. I 1960 kom Michael Hucknall til verda i Denton nordvest England. Mick Hucknall var songar i bandet Simply Red frå byrjinga og fram til dei sa takk for seg i 2009. Hjå meg kan Hucknall høyrast på bandet si fjerde studioplate Stars frå 1991, i tillegg til at han kan høyrast i samarbeid med Tom Jones på eit spor på hans studioplate Reload frå 1999. I 1962 vart Nicholas James Bates fødd i den engelske industribyen Birmingham. I hine hårde dagar spelte Nick Rodes keyboard i Duran Duran, men hjå meg kan han høyrast på The Dandy Warhols si plate Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1970 slepte Bob Dylan si tiande studioplate, Self Portrait. I 1979 slepte The Who samleplata The Kids Are Allright, som var musikk til ein dokumentarfilm om bandet og hadde med musikk frå heile karrieren. I 1982 stod Toy Dolls på scenen i 100 Club i London. I 1987 hoppa trommisen Yogi Horton ut frå syttande etasje av Dumont Hotel i New York City og ein taktfastt karriere, med spel for mellom anna Luther Vandross og Aretha Franklin, var over. Hjå meg kan Horton sitt trommespel høyrast på Aretha Franklin si plate Aretha (1986), og Blondie-vokalist Debbie Harry si soloplate Rockbird (1986). I 1992 slepte W.A.S.P. plata The Crimson Idol. Bob Kulick hjelpte sjefen Blackie Lawless på gitar og heile tre trommeslagarar, Frankie Banali, Stet Howland og Dough Blair, hjelper til med å halde takten. Frå denne plata kan Chainsaw Charlie, The Idol og Hold On To Your Heart også høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. Også Faith No More nytta dagen til å gje ut plate på denne dagen, den fekk tittelen Angel Dust og var gruppa si fjerde studioplate. I 1993 gav Urge Overkill ut si fjerde studioplate Saturation. I 1999 slepte Red Hot Chili Peppers studioplata Californication. I 2004 platedebuterte supergruppa Velvet Revolver med plata Contraband. I 2008 fyrte Judas Priest opp Harleyen på scenen i Bergenshallen og heldt ein supernostalgisk metallkonsert som fekk underteikna sine skjøre trommehinner til å vibrere av rein fryd i vekevis etterpå. I 2009 kunne ”The Crüe”, Mötley Crüe opplevast i Bergenshallen. Tommy Lee og dei andre geriatrikarane heldt høgt tempo gjennom heile kvelden og leverte eit show det stod respekt av. Oppvarmar var bergenske Audrey Horne, som også leverar eit lydbilete som bør få alle gode rockarar til å glise. I 2011 døyde Alan Rubin.

07.06.2017

Sjuande juni

Sjuande juni 1940 vart Thomas John Woodward fødd i Treforest i det kongelause monarkiet Wales. Sir Tom Jones sine konsertar har, heilt sidan midt på sekstitalet, vore prega av at den hoftevrikkande walisaren har fått kasta dametruser etter seg, og etter ein lang Las Vegas-periode fekk han revitalisert karrieren sin slik at han rundt tusenårsskiftet herja salgslistene på ny. Eg har handla inn plata Reload frå 1999 og kjem nok ikkje til å utvide samlinga. I 1953 kom Jonathan Clegg til verda i engelske Bacup i Lancashire. Den sørafrikanske artisten Johnny Clegg er i mi platesamling ein del av bandet Juluka og kan høyrast på plata Crocodile Love, som kom ut i 1997. I 1958 vart Prince Rogers Nelson fødd i Minneapolis i den elles så norskætta delstaten Minnesota. Prince er superstjerne og ein av verdas beste gitaristar. Mannen som også nyttar berre eit symbol som signatur er også ein høgt skatta komponist, som i tillegg har prøvd seg som skodespelar. Mi platehylle inneheld platene Grafitti Bridge (1990), The Gold Experience frå 1995, og Musicology, som kom på marknaden i 2004. Prince er også kreditert for å syngje bakgrunnsvokal og spele keyboards på eitt spor på No Doubt si studioplate Rock Steady frå 2001. Prince døyde i 2016. I 1959 vart Esther Lene Ridgeway fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Songerinna Esther Ridgeway danna i barneåra vokalgruppa Ridgeway Sisters, saman med systrene Gracie og Gloria, og song innom ei rekkje sjangrar. I mi platehylle er Ridgeway kreditert for å syngje bakgrunnsvokal på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1986. Ridgeway døyde i 2003. I 1960 var Count Basie og storbandet hans i studio og spelte inn The Daly Jump og Out The Window, som du finn på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1961 vart David Catching fødd i Memphis i Tennessee. Gitaristen Dave Catching kan i mi platehylle høyrast medan han spelar gitar for Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabiez To Paralyze frå 2005. I 1963 kom Gordon Gano til verda i ølbyen Milwaukee i Wisconsin. Gano var den kreative krafta i Violent Femmes og med gitaren i handa leia han an i den akustiske traktorpunk rørsla som dukka opp tidleg på 1980-talet. Hjå meg kan Gano høyrast på studioplatene The Blind Leading The Naked (1986), 3 (1989), New Times (1994) og Freak Magnet (2000), i tillegg til samleplata Add It Up (1993). I 1967 vart David Michael Navarro fødd i badebyen Santa Monica i California på den amerikanske stillehavskysten. Dave Navarro vert gjerne hugsa som gitarist for bandet Jane’s Addiction og hjå meg kan gitarbråket hans kan nytast på plata Nothing’s Shocking frå 1988. Navarro kan også høyrast på Red Hot Chili Peppers si plate One Hot Minute frå 1995, og på songen You Oughta Know frå Alanis Morissette si plate Jagged Little Pill, også den frå 1995. Som om det ikkje var nok, kan Navarro sin gitarlyd også høyrast på songen I Don’t Like The Drugs (But The Drugs Like Me) på Marilyn Manson si plate Mechanical Animals frå 1998. Navarro har også gjort seg merkt hjå ein annan kjenning i platehylla mi, Nine Inch Nails, men er ikkje blant musikarane som yt bidrag på plata Things Falling Apart, som så langt er NIN sitt bidrag til mi samling. I New York var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio, med seg i studio denne tidlege sommerdagen hadde han musikarane Wayne Shorter, Herbie Hancock, Ron Carter og Tony Williams. Saman spela dette elitelaget inn songen Water Babies, som vart gjeven ut på plata med same namn i 1976. I 1971 la The Who siste hand på Getting In Tune. I 1980 var sleppdatoen for Iron Maiden singelen Sanctuary. Høgaste listeplassering var #29. I 1993 slepte Tears For Fears plata Elemental. Dette var den fjerde studioplata med bandnamnet, men etter som Curt Smith hadde forlete duoen er ho i røynda eit soloprosjekt i regi av Roland Orzabal. I 2004 slepte The Killers si debutplate, Hot Fuss. I 2009 døyde Kenny Rankin.

06.06.2017

Sjette juni

Sjette juni 1946 vart Anthony Frederick Levine fødd i Boston i Massachusetts. Bassisten Tony Levine er best kjend for å spele i King Crimson, i mi platehylle kan han høyrast medan han yt sitt bidrag til musikksoga på Tom Waits si åttande studioplate, Rain Dogs frå 1985, på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, samt på Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. Levine er også kreditert for basspel på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975, og på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1959 kom James Samuel Harris III til verda i Minneapolis i Minnesota. Nevenyttige Jimmy Jam spelar gjerne med på platene han produserar og hjå meg kan han høyrast med diverse perkusjon, gitar og vokalarbeid på Janet Jackson si plate Janet Jackson Rhythm Nation 1814 frå 1989, i tillegg til at han er kreditert for å spele bass på eit spor på Gwen Stefani si plate Love Music Angel Baby frå 2004. I 1960 vart Steven Siro Vai fødd i Carle Place i delstaten New York. Gitargeniet Steve Vai har seld millionar av plater på eiga hand, hjå meg kan han høyrast på soloplata Passion And Warfare, samt medan han spelar på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1961 kom Tomás Enrique Araya til verda i Viña Mar i California. Tom Araya er best kjend som vokalist og bassist i metallbandet Slayer. Hjå meg finn du Araya sitt arbeid på studioplata Christ Illution (2010), samt den doble konsertplata Decade Of Aggresion frå 1991, som sjølvsagt er kjøpt inn og flittig gjennomhøyrd. Allsidige Araya er i mi platehylle også kreditert for vokalbidrag på songen Iron Gland frå Alice In Chains si plate Dirt, som kom på marknaden i 1992. I 1964 vart Jay Dee Bently fødd i Wichita i Kansas. Bassisten Bentley er ein av grunnleggarane av punkrockbandet Bad Religion, der han var med i perioden 1979 til 1982. Etter ein fire år lang pause kom Bently attende i bandet i 1986, og dette er eit samarbeid som har heldt seg fram i dag. Bentley kan hjå meg høyrast på platene Stranger Than Fiction frå 1994 og No Substance frå 1998. I 1970 kom James Christian Shaffer til verda i Rosedale i California. Gitaristen Munky har vore med i Korn sidan starten i 1993 og hjå meg kan han høyrast på samleplata Proud frå 2000. I 1972 nytta The Who dagen til å produsere ferdig innspelingane av Put The Money Down, som enda opp på samleplata Odds & Sods. I 1978 slepte The Cars den sjølvtitulerte debutplata si og verda låg for føtene deira. I 1979 vart Idar Burheim fødd. Burheim nyttar artistnamnet Archaon når han spelar gitar i 1349, som hjå meg kan høyrast på bandet si femte studioplate Demonoir frå 2010. I 1992 stod dei finske myggjagarkongane Leningrad Cowboys på scenen under Provinssirock i Seinäjoki ute på det finske bondelandet, ein konsert som kan høyrast på den hysterisk morosame plata Live in Provinzz, som var i platehyllene seinare same år. I 2005 slepte Coldplay plata X&Y, som var bandet si fjerde studioplate. I 2006 døyde Billy Preston.

05.06.2017

Femte juni

Femte juni 1932 vart Peter Ceragioli, jr fødd i idylliske New Haven i Connecticut. Pianisten Pete Jolly kan du høyre om du følgjer med på fjernsynsseriar som Mash og Dallas, men i mi platehylle kan du nyte pianospelet hans på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Pete Jolly døyde i 2004. I 1943 kom Michael Davis til verda i den ein gong så stolte bilbyen Detroit i Michigan. Bassisten Davis kan i mi platesamling høyrast som ein del av rytmeseksjonen i MC5 på bandet si andre studioplate Back In The USA frå 1970. Davis døyde i 2012. I 1951 vart Ellen Foley fødd i St. Louis i Missouri. Foley har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men er beste kjend for samarbeidet med Meat Loaf der røysta henner hjå meg kan høyrast på studioplatene Bat Out Of Hell frå 1977, og Bat Out Of Hell II: Back Into Hell (1993), samt samleplata Hits Out Of Hell frå 1984. I mi platesamling kan Foley også høyrast som korist på Ian Hunter si konsertplate Welcome To The Club frå 1980, og for The Clash på studioplata Combat Rock, som kom på marknaden i 1982. I 1952 kom Michael Henry McBrain til verda i ein av London sine austlege bydelar. Trommisen Nicko McBrain var innom Pat Travers og Trust før han slo seg saman med Iron Maiden i 1982. Hjå meg kan McBrain sitt arbeid høyrat på studioplatene Piece Of Mind (1983), Powerslave (1984), Somewhere In Time (1986), Seventh Son Of A Seventh Son (1998), No Prayer For The Dying (1990), Fear Of The Dark (1992), The X-Factor (1995), Virtual XI (1998), Brave New World (2000), Dance Of Death (2003), A Matter Of Life And Death (2006) og The Final Frontiere (2010), i tillegg til konsertplata En Vivo frå 2012. I 1957 vart John Fumo fødd i Kenosha i Wisconsin. Trompetisten Fumo kan i mi platesamling høyrast på Neil Young si plate This Note’s For You frå 1988, samt på Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1970 var Led Zeppelin i Olympic Studios i London for å spele inn Page og Plant sin song Poor Tom. Resultatet av denne seansen kan høyrest på samleplata Coda, som kom på marknaden i 1982. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnes for å produsere Long Live Rock. Songen enda opp på samleplata Odds & Sods, eit produkt som kom på marknaden i oktober 1974. Også Johnny Cash var i studio denne dagen, det skal ha hendt heime i Hendersonville og hans produkt fekk tittelen Big Foot. Big Foot kom med på plata America frå 1972 og kan elles høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1980 var Toy Dolls attende på The Bell i Hordon for andre gong på under ei veke. I 1982 sa Exibition Park i Newcastle velkomen til Toy Dolls. I 1992 nytta Iron Maiden dagen til å spele opninga av Fear Of The Dark World Tour i verdas mest avsidesliggande metropol, Reykjavik. Ein passande stad etter som den geografiske plasseringa kombinert med den ljose årstida gjorde at bandet kunne stå uredde i kveldssola og spele for dei frammøtte islendingane. I 2001 kom Manu Chao si andre solostudioplate Próxima Estación: Esperanza. I 2002 minnast dagen for at den alltid like energiske Dee Dee Ramone gjekk bort etter å ha teke ein overdose narkotiske stoff. Også Curtis Amy sitt liv ebba ut denne dagen. I 2003 gav stadionrockarane i Metallica ut plata St. Anger. Dette var bandet sitt åttande studioalbum og med på laget var bassisten Robert Trujillo.

04.06.2017

Fjerde juni

Fjerde juni 1937 kom Baldemar Garza Huerta til verda i den ikkje heilt sentrale småbyen San Benito i skytegale Texas. Songaren Freddy Fender har hatt ei sjølvstendig karriere som ei blanding av countrymusikkar og smørsongar og har hatt fleire storselgjande enkeltsongar, som hjå er samla på den høgs uoffisielle samleplata Wasted Days And Wasted Nights. Hjå meg kan Fender si røyst også høyrast medan han briljerar som medlem av Tex-Mex-supergruppa Texas Tornados på studioplata Hangin’ On By A Tread, og på samleplata The Best Of Texas Tornados (1994). Fender døyde i 2006. I 1944 vart Roger Ball fødd i den skotske småbyen Brougthy Ferry. Ball spelte keyboard og saksofon i Average White Band fram til 1989 og kan hjå meg høyrast på samleplata The Best Of Average White Band. Ball er også kreditert for saksofonspel på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som kom på marknaden i 1995. I Long Beach i California kom Holly Michelle Gilliam til verda. Songerinna Michelle Phillips gifta seg med John Phillips i 1962 og saman spelte og song dei i The Mamas & The Papas. Hjå meg kan Phillips høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. I 1947 kom Toni Wine til verda i Washington Heights i New York City. Songerinna Wine har produsert solohits og filmmusikk på eiga hand, hjå meg høyrer du ho syngje hjelpevokal på Waylon Jennings si plate Ol’ Waylon frå 1977. I 1964 kom Chris Kavanagh til verda i London. Kavanagh var trommis i Sigue Sigue Sputnik, som freista å lure verda til å tru dei kom frå det ytre rom eller noko liknande. Hjå meg kan du høyre Kavanagh på plata Flaunt It frå 1986. I 1969 slepte Johnny Cash konsertplata Live At San Quentin, som vart spela inn i fengselet med same namn tjuefjerde februar same år. I 1971 kom Anthony McCarroll til verda i engelske Manchester. Trommisen Tony McCarroll var den fyrste som sleit på trommestolen i Oasis og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Definitely Maybe frå 1994, i tillegg til eit spor på den neste plata (What’s The Story) Morning Glory (1995). I 1972 kom Mikael Jorgensen til verda. Den norskætta tangentmannen Jorgensen slo seg saman med Wilco før innspelinga av bandet si sjette studioplate, A Ghost Is Born, som kom på markanden i 2004, og dette er hans bidrag til mi platehylle. I 1974 vart Stefan Kahil Lessard fødd i Anaheim i California. Bassisten Stefan Lessard spelar til dagleg i Dave Matthews Band og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994. I 1975 kom Julian Richardo Marley til verda i London. Rastafarien Julian Marley er son av meir meritterte Bob Marley og har si eiga musikkarriere. Hjå meg kan Marley høyrast med gitarspel på eit av spora på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1983 vart Motörhead si konsertplate Another Perfect Day lansert for platekjøparane, og der er det masse bra bråkelyd for dei, som eg, som likar slikt. Toy Dolls-nyhenda fortel at den muntre gjengen frå Nord-England kunne høyrast på Framwellgate Club i Durham same kveld. I 1994 døyde Derek Leckenby. I 1996 slepte Metallica plata Load, dette var bandet si sjette plate og har selt i meir enn fem millionar eksemplar. I 1997 døyde Ronnie Lane, og same dag vart liket av Jeff Buckley, som drukna nesten ei veke tidlegare, funne i Wolf River. I 2002 platedebuterte Avril Lavigne med Let Go. I 2007 slepte The Clash samleplata The Singles, som inneheld det meste av det best frå Strummer & Co.