20.03.2012

Tjuande mars

Tjuande mars 1935 kom trommeslagaren Sam Lay til verda i Birmingham, Alabama. Lay har tromma så bra at det har gjeve han plass i Blues Hall Of Fame og i mi platesamling kan han høyrast medan han held takten for Bob Dylan på plata Highway 61 Revisited frå 1965. I 1951 fekk verda den amerikanske gitaristen James Lawrence Vaughan, ein eldre bror av den meir kjende Stevie Ray Vaughan. Jimmie Vaughan er best kjend for tida han tente som gitarist i den texanske bluesgruppa The Fabulous Thunderbirds, eit band han var med å starte saman med Kim Wilson i 1974. Jimmie sitt gitarspel er minst like sofistikert som det broren kunne by på, og heime hjå meg kan det nytast på plata Hot Number frå 1987. I 1957 vart Sven Joachim Eriksson Thåström fødd i Stockholm. Joachim Thåström var ubestriden leiar i banda Ebba Grön og Imperiet. I 1959 kom walisaren Ian Fredrick Rossiter til verda. Under aliaset Owen If opptrer Rossiter i Stereo MC’s. I 1960 var The Jordanaires innom studio og hjelpte Elvis Presley med å skape godlyd under innspelinga av Stuck On You. Samstundes var fru MacDonnell i barselseng, avkommet James er kjent som Slim Jim Phantom og trakterar trommene i rockabillygruppa Stray Cats. I 1961 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio i New York og spela inn songane Someday My Prince Will Come, i to ulike versjonar, og Old Folks. Alle versjonane kan høyrast på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1969 var Neil Young og kompisane hans i Crazy Horse i Wally Heider Recording Studios og spela inn songen om kaneljenta, Cinnamon Girl. Platene Everybody Knows This Is Nowhere og Greatest Hits er rett stad å leite for dei som vil låne øyret til denne slagaren, som også kan høyrast på ei rekkje andre samleplater. I 1972 kom Alexander Paul Kapranos Huntley til verda i Almondsbury. Alex Kapranos er frontfigur i det skotske indiebandet Franz Ferdinand der han både syng og spelar gitar. I 1978 var Gasolin på plass i Sweet Silence Studio i kongens by, København. Songen med den meiningsbærande tittelen U Lu La Lu vart foreviga for ettertida og produsent var Freddy Hansson i samarbeid med bandet. På denne tidlege vårdagen i 1982 var Toy Dolls enno ein gong på plass i South Shields for å spele på Shore Line. I 1991 slepte brasilianske Sepultura den kritikarroste plata Arise I 1997 døyde Ronnie Barron.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar