31.03.2012

Trettifyrste mars

Trettifyrste mars 1944 kom gitaristen Michael Geoffrey Ralphs til verda. Mick Ralphs er ein av grunnleggarane av både Mott The Hoople og Bad Company. Sjølv er eg livslang fan av Mott The Hoople og Ralphs sitt elegante gitarspel er sjølvsagt grundig dokumentert i mi platehylle, både frå tida i MTH og Bad Company. I 1955 skjedde det som gjør at det vert feira Angus Young dag for alle tilhengjarar av ekte gitarbasert hardrock. På denne dagen vart AC/DC-gitarist og rockegnom Angus McKinnon Young fødd i den falleferdige skotske storbyen Glasgow. Angus er kjent som den alltid like energiske og hardtarbeidande sologitaristen og det sjølvsagte midtpunktet på ein AC/DC-konsert. Fråhaldsmannen Angus er også midtpunktet på alle platene AC/DC har spela inn sidan 1974. Med feite riff og drivande soloar er han bindeleddet mellom solid komp frå storebror Malcolm og resten av bandet, og den hese vokalen til vokalist Brian Johnson. Eg er stolt eigar av meir enn ei handfull AC/DC-plater og videoar og tek gjerne fram luftgitaren til heimekos på seine kveldar. I 1970 spelte Cornelis Vreeswijk inn Första Vackra Dan I Maj. Songen kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1976 nytta Led Zeppelin dagen til å gje ut si sjuande studioplate, Precense. I 1984 var Toy Dolls utanlands igjen og spelte sin fyrste konsert i Nederland, det skjedde på Simplon i Groningen. I 1986 leverte Twisted Sister eit forrykande show på scenen i det som var den tida sitt fyrsteval for store konsertar i Noreg, Drammenshallen, oppvarmar var UFO og underteikna var sjølvsagt tilstades.

30.03.2012

Trettiande mars

Trettiande mars 1935 kom Karl Hanns Berger til verda i Heidelberg. Musikksosiologen Karl Berger er ein allsidig jazzmusikar og i mi platehylle er han kredittert for strengearrangement på Jeff Buckley si debutplate Grace frå 1994. I 1945 vart Eric Patric Clapton fødd i Surrey. Eric Clapton vert av fleire omtala som sjølvaste gitarguden og har sidan tida i Yarbirds og Cream vore opphav til fleire tusen timar med intest luftgitarspel frå tilhengjarar over heile verda. I mi platehylle finn du konsertplata Unplugged (1992) frå fjernsynskanalen MTV sin akustiske serie. I 1964 kom gitaristen og songskaparen Tracy Chapman til verda i “Home Of Rock’n Roll Hall Of Fame”, Cleveland i Ohio. Chapman slo gjennom med ei sjølvtittelert debutplate i 1988, og det er nettopp denne som prydar mi platehylle. Seinare har Chapman levert fleire sterke album, desse kjem eg vonleg attende til seinare ein gong. I 1967 kom Martin Ivor Kent til verda i Cheltenham. Kent nyttar artistnanmet Ash når han opptrer som medlem av det engelske hardrockbandet Skunk Anansie, og kan i mi platehylle høyrast på plata Stoosh frå 1996. I 1982 bydde dagen på konsert med Toy Dolls, dei hadde teke turen til Derby for å spele på Lonsdale College. I 1987 slepte The Smiths samleplata Louder Than Bombs, som selde til gull i USA. I 1998 gav tyske Modern Talking ut plata som annonserte at dei var Back For Good, diverre.

29.03.2012

Tjueniande mars

Tjueniande mars 1943 kom komikaren Eric Idle til verda i engelske South Shields. Idle gjorde seg kjend som ein av skodespelarane i den elleville truppen Monty Python, som herja fjernsynsskjermane frå slutten av sekstitalet og utover. Idle er mannen bak dei fleste av komikargjengen sine songar og hjå meg kan han høyrast saman med resten av gjengen på usansynlig morosame samleplata Monty Python Sings frå 1998. I 1959 vart Perry Farrell fødd og tildelt døypenamnet Peretz Bernstein. Farrell var vokalist og leiar for det amerikanske alternativbandet Jane’s Addicition og mi platesamling byr på debutplata Nothing’s Shocking frå 1988. Farrell har også vore med i band som Porno For Pyros og Lollapaloza. I 1960 vart forfattaren Jo Nesbø fødd i Oslo. Jo Nesbø var den kreative krafta i Di Derre og har såleis ei meir framtredande rolle i platehylla enn i bokhylla mi. I 1973 gjekk Gasolin i Rosenbergstudioet i København og spelte inn songen Som Et Streif Af En Dråbe. Produsent var Freddy Hanson. I 1980 slepte Billy Joel plata Glass Houses, ei av dei betre produkta frå hans side. Dagen i 1982 var ein merkedag for alle tilhengjarar av grom hardrock, då vart forrykande The Number Of The Beast slept laus på uskuldige platekjøparar, og dei langhåra mennene som spelar og syng er sjølvsagt bandet som framleis kallar seg for Iron Maiden. I 1985 spelte Violent Femmes på The Oriental Theater i Milwaukee. Ein radioreklame for showet kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. På same dato i 2002 var den moderne hippien Manu Chao på scenen i den meksikanske hovudstaden Mexico by. Det må vere lov å tru at dette var eit forrykande show i den gamle aztekarbyen. I 2001 døyde John Lewis. I 2006 gjekk jazzmusikaren Don Alias bort.

28.03.2012

Tjueåttande mars

Tjueåttande mars 1923 kom Thaddeus Joseph Jones til verda i Michigan. Trompetisten Thad Jones kan høyrast på samleplata Atomic Swing, som er meint å vise Count Basie sitt talent som bandleiar. Thad Jones døyde i 1986. I 1930 vart Eric Dixon fødd. Saxofonisten Eric Dixon var lenge ein del av Count Basie sitt band og kan høyrast på samleplata Atomic Swing. Dixon døyde i 1989. I 1941 vart Charlie Ray McCoy fødd i Oak Hill, West Virginia. Charles McCoy har gjeve ut halvanna dusin soloplater og er ein høgt skatta studiomusikar, best kjend for å spele munnspel. Han har sidan tidleg på 1960-talet spelt med mange kjende artistar, som mellom anna Roy Orbison og Elvis Presley. I mi platesamling kan Charlie høyrast på Johnny Cash-plata Orange Blossom Special frå 1965, og på platene Highway 61 Revisited (1965) og Blonde On Blonde (1966) av Bob Dylan. McCoy er også kreditert for å spele bass på Bob Dylan-plata John Wesley Harding frå 1967. I 1948 kom tangentfantomen John Evan til verda og fekk fullt namn John Spencer Evans. Han spelte keyboard i Jethro Tull frå 1970 til 1980, og kan hjå meg høyrast på platene Aqualung, Thick As A Brick, Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Young To Die og Heavy Horses. I 1965 fekk verda ein gitarist i Steve Turner, som er kjend frå mellom anna banda Mudhoney og Green River. I mi platesamling kan Turner høyrast medan han spelar på supergruppa The Monkeywrench si debutplate Clean As A Broke-Dick Dog frå 1992. I 1970 var Janis Joplin i Columbia Studio D i Los Angeles og spelte inn songen One Night Stand saman med Paul Butterfield Blues Band. Innspelinga var produsert av Todd Rundgren og kan hjå meg høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. I 1972 spelte Elvis Presley inn Burning Love. Bakgrunnsvokalen var det J.D. Sumner og The Stamps som stod for. I 1976 kom David Brent Keuning til verda i Idaho. David Keuning er gitarist i bandet The Killers. I 1983 var Dingwalls i Newcastle vertskap for kveldens Toy Dolls-konsert. I 1987 var Toy Dolls i Brest for å spele i Salle Les Hes Pertides. I 1989 platedebuterte Alannah Myles med plata Alannah Myles. I 1991 kom den svenske superduoen Roxette med plata Joyride. Duoen si tredje studioplate har seld i meir ein tolv millionar eksemplar over heile verda.

27.03.2012

Tjuesjuande mars

Tjuesjuande mars 1942 kom Gasolin-bassisten Wili Jönsson til verda og eg tykker dette er ein passande stad å nemne at eg har dei fleste Gasolin-platene og trivst utruleg godt med det. Eg trur This Is My Life var den fyrste Gasolin-songen eg høyrde ein gong på syttitalet, i dag er det nok andre songar eg set minst like stor pris på, men det er likevel inga tvil, det er mitt liv. I 1947 vart Andrew Steven Bown fødd. Andy Bown har spela saman med Peter Frampton og gjeve ut ei rekkje soloalbum, han har også spelt keyboard i Status Quo på meir eller mindre permanent basis sidan 1973 og kan i mi platesamling høyrast på Status Quo-platene Rock ’Til You Drop frå 1991 og Live Alive Quo frå 1992. I 1950 kom Anthony George Banks til verda. Tony Banks var ein av grunnleggjarane av Genisis, der han for det meste spelte keyboard. I 1959 kom keyboardspelaren Andrew Charles Farriss til verda i Perth på den australske vestkysten. Saman med brørne Jon og Tim starta Andrew Farriss INXS i 1977 og har levd godt av det sidan. I 1961 kom Brian Tristan til verda i La Puenta i California. Kid Congo Powers erstatta Bryan Gregory i The Cramps og kan høyrast på samleplata Off The Bone og konsertplata The Smell Of Female, begge frå 1983. Kid Congo Powers har også vore innom Nick Cave sitt backingband The Bad Seeds utan at det har sett spor i mi platehylle så langt. I 1962 var Elvis Presley i studio på denne dagen og song om eit brev han fekk attende frå postmannen. The Jordanairs stod for musikken på songen som heiter Return To Sender. I 1965 slepte Bob Dylan plata Bring It All Back Home, der Bruce Langhorne briljerte på gitar. I 1971 fekk den allsidige musikaren Dave Pegg ein son, også han med musikken som leveveg. Matt Pegg sitt basspel kan høyrast på Jethro Tull-plata Catfish Rising frå 1991. I 1978 slepte Lynyrd Skynyrd singelen You Got That Right. I 1987 stod Toy Dolls på scenen i Salle Communale i Saint Gilles. I 2000 forlét ein av dei store syttitalsikona, bandleiaren Ian Dury, denne verda etter ei tids sjukdom. Den polioramma rockaren var aktiv til det siste og vert sakna av alle oss som er glad i Sex, Drugs & Rock’n Roll. Songen med same namn kan høyrast på plata New Boots And Panities som kan lånast av underteikna om du ikkje har pengar til å kjøpe ho sjølv.

26.03.2012

Tjuesjette mars

Tjuesjette mars 1942 kom pianisten og produsenten Larry Butler til verda i byen som er best kjend for å huse flybasen Pensacola. Butler hadde eit tett samarbeid med Johnny Cash tidleg på syttitalet og spelar piano på fleire av slagarane hans. Hjå meg kan du høyre Butler spele piano på konsertplata Johnny Cash på Ôsteråker. I 1948 vart Stephen Victor Tallarico fødd. Steven Taylor har hatt sitt levebrød som vokalist i Aerosmith. Taylor er for mange betre kjend for å ha større lepper enn Mick Jagger og for å ha ei dotter som er finare enn Mick Jagger si, enn for sjølve synginga si, som til tider kan vere ganske anstrengande. Dette er likevel mannen bak hits som Walk This Way og Sweet Emotions og skal heidrast for det. I 1965 kom George Emanuell III til verda i den amerikanske delstaten Washington. Under artistnamnet Trey Azagthoth har han gjort seg merkt som gitarist og tangentmann i death metall-bandet Morbid Angel, og fleire omtykte musikkmagasin hevdar han er av dei beste gitaristane i sin sjanger. I 1968 kom gitaristen James Yoshiniobu Iha til verda i Chicago. Iha er best kjend for arbeidet sitt med The Smashing Pumpkins og kan hjå meg høyrast på tre av bandet sine titlar. I 1970 vart Justin Meldal-Johnsen fødd i Eugene i Oregon. Bassisten Medal-Johnsen har spelt med ei rekkje artistar og i mi platahylle kan han høyrast på Tori Amos si plate From The Chorgirl Hotel frå 1998, Beck sine plater Midnight Vultures (1999), Guero (2005) og Odelay (2008), og for Air på Moon Safari (1998)I 1972 spela kultbandet Mott The Hoople på ein trasig klubb i nærleiken av den sveitsiske bankbyen Zürich. Konserten var den siste før Mott The Hoople vart oppløyst for fyrste gongen og den seinare innspela songen Ballad Of Mott skal visst nok handle om denne hendinga. I 1980 gav den tidlegare Mott The Hoople-vokalisten Ian Hunter ut konsertplata Welcome To The Club, som var spelt inn på The Roxy Theatre i West Hollywood november året før. I 1987 var Toy Dolls underhaldninga på Club Avcard i franske Tours. I 1988 slepte Iron Maiden singelen Can I Play With Madness. Singelen storma inn på ein tredjeplass på listene og var den fyrste av fire topp-ti-singlar frå plata Seventh Son Of A Seventh Son. Same kveld var Toy Dolls i idylliske Linköping og underheldt frammøtte svenskar på Arris. I 1991 slepte Bob Dylan fyrste trippel-CD i ein serie kalla The Bootleg series, denne har undertittelen Rare And Unreleased 1961-1991, og inneheld ei nærast endelaus rekkje raritetar. I 2002 måtte Randy Castillo gje tapt for kreften.

25.03.2012

Tjuefemte mars

Tjuefemte mars 1942 vart soullegenda Aretha Louise Franklin fødd i countrybyen Memphis. Aretha Franklin sin opptreden, med låten Think, i den udødelege filmen The Blues Brothers er i høgste grad med å heve standarden på filmen. Dama hadde, då filmen vart spela inn, allereie markert seg med ei rekkje legendariske hits som har sikra ho legendestatus i musikkmiljøet. Hjå meg finn du samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1. frå 1994. I 1946 kom The Funky Doctor, Stephen Kupka, til verda i universitetsbyen Berkeley på den amerikanske vestkysten. Kupka er ein av grunnleggarane av bandet Tower Of Power, men hjå meg er det på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992, saksofonspelet hans kan høyrast. I 1963 spelte Johnny Cash inn den framleis mykje radiospelte songen Ring Of Fire som fekk plass på plata med same namn. Songen vart ein stor hit og kan også høyrast på dei fleste samleplater med Johnny Cash, mellom anna Love frå 2000. Den elles så griske familien, som styrer dødsbuet etter The Man In Black, har heldigvis nekta å la denne låta reklamere for hemorroidekrem. I 1966 vart den kanadiske gitaristen Norman Jeffery Healey fødd i Toronto. Jeff Healey mista synet etter at han fekk kreft som eittåring, men det hindra han ikkje i å utvikle glitrande teknikk på bluesgitaren. Healey var aktiv artist frå han var sytten til han døyde av kreft i 2008. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Darlington Arts Centre. I 1987 spelte Toy Dolls i Salle Monisoye i Besançon. I 1988 kunne Toy Dolls høyrast på Angered i Göteborg. I 1991 slepte Rod Stewart plata Vagabond Heart. I 1997 gav Queensryche ut plata Hear In The Now Frontier, ei plate som på grunn av flørtinga med den nye og utskjelte musikkstilen Grunge vart forbigått i tagnad av dei fleste av den mest trufaste fansenbasen, som bandet hadde brukt lang tid på å bygge opp. I 2003 slepte Linkin Park si andre studioplate, Meteora, som har seld i meir enn ti millionar eksemplar verda over. I 2006 døyde countryartisten Buck Owens.

24.03.2012

Tjuefjerde mars

Tjuefjerde mars 1935 kom Carol Kaye til verda i den amerikanske delstaten Washington. Bassisten Kaye vert rekna som ei av verdas framste studiomusikarar og har bidratt på så mykje som over ti tusen ulike innspelingar. Hjå meg kan Kaye høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1951 vart Douglas Campbell Thomson fødd i Glasgow. Dougie Thomson var bassist i Supertramp og kan høyrast på plata Crisis? What Crisis? Frå 1975. I 1966 kom den norske forfattaren Espen Stenhammer til verda. Stenhammer si musikalske karriere omfattar trommespel med bandet Di Derre. I 1970 vart Egil Hegerberg fødd i Oslo. Hegerberg er kjend frå band som Hurra Torpedo og Gartnerlosjen, men hjå meg er det som ubestridt leiar av Bare Egil Band han kan høyrast. I 1971 slepte Serge Gainsbourg konseptplata Historie De Melody Nelson. I 1972 gav Slade ut konsertplata Slade Alive. Plata inneheldt drivande gode konsertversjonar av John Sebastian sin Darling Be Home Soon, og det som av mange vert rekna som den fyrste hardrocksongen, kanadiske Mars Bonfire sin Born To Be Wild, som Steppenwolf tidlegare hadde herja platelistene med. I 1975 kunne dei som var interessert i slikt kjøpe Lynyrd Skynyrd si plate Nuthin’ Fancy, som inneheldt mellom anna Saturday Night Special. Denne songen kan også høyrast på samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd, som er sørstatsbandet sitt bidrag til mi platehylle. I 1979 var dette dagen Motörhead slepte den hardtslåande plata Overkill laus på folket. Eg innrømmer at denne plata har passert fingrane mine og her trengs det skjerping, men dei fleste låtane er nok representert på fleire samleplater og eg ser ikkje bort frå at originalen vert handla inn snart. I 1981 var Toy Dolls på plass og rocka for dei frammøtte i Working Mans Club i Kelloe. I 1987 hadde dei same karane i Toy Dolls teke turen over kanalen og kunne opplevast på Rex i Paris. I 1988 var det ganske sikkert høg stemning når Toy Dolls underheldt studentar og andre på Smallands Nation i universitetsbyen Lund. I 1994 spela Johnny Cash inn ein monoversjon av songen Redemption. Han fekk også festa Oh, Burry Me Not (Introduktion: A Cowboy's Prayer) til band. Produsent var legenda Rick Rubin og begge songane enda opp på plata American Recordings, den fyrste i ein serie på fleire studioplater som avslutta karrieren til The Man In Black, men begge songane kan i tillegg høyrast på samleplata God frå 2000.

23.03.2012

Tjuetredje mars

Tjuetredje mars 1947 vart Raymond Chikapara Phiri fødd i Sør-Afrika. Ray Phiri sitt bidrag til mi platyhylle kan høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1949 kom Richard T. Otcasek til verda i Baltimore. Under artistnamnet Ric Ocasek var han i perioden 1976 til 1988 leiar av The Cars, som hadde fleire storselgjande plater under hans leiarskap. Ocasek har sidan pleia ei mindre påakta solokarriere og er i dag ein mykje nytta produsent. I 1950 fekk verda Phil Lanzon. Lanzon sin CV visar at han har spela med artistar som Mick Ronson og Sweet. Lanzon har spela keyboard for Uriah Heep sidan 1986 og kan i mi platesamling høyrast på plata Raging Silence frå 1989. I 1960 kom Elvis Presley sin fyrste singel etter avtent militærteneste i Tyskland. Stuck On You nådde fyrsteplassen i USA, men nådde aldri høgare enn nummer tre i den viktigaste marknaden på denne sida av blåmyra, England. Eit år seinare, i 1961, var same Elvis Presley i studio og gav evig liv til Can’t Help Falling In Love. Musikken var ved The Jordanairs. I 1968 kom den engelske songaren Damon Albarn til verda. Økobonden Albarn har gjort seg merkt som songar i det ein gong så populære britpop-bandet Blur, som har fått så mykje som seks titlar på plass i mi samling. I 1973 slepte Pink Floyd megasuksessen Dark Side Of The Moon, som herja platelistene verda over i nesten ein generasjon etter, og framleis skal vere den plata som har lege lengst samanhengande på den prestisjetunge platelista Billboard 200. I 1988 var dette datoen Toy Dolls kunne opplevast på Underground i svenske Vaxlo. I 1990 bydde denne dagen på plateutgjeving frå ZZ Top og namnet på den nye babyen var Recycler.

22.03.2012

Tjueandre mars

Tjueandre mars 1937 vart trompetisten Jon Hassel fødd i Memphis i Tennesee. Hjå meg kan Hassel høyrast medan han spelar for den canadiske countryartisten k.d. Lang på plata Watershed frå 2008. I 1944 vart studiomusikaren Christopher Stainton fødd i stålbyen Sheffield. Chris Stainton har spela tangentar for mange store engelske musikarar, og lista tel namn som Eric Clapton og Joe Cocker. I mi platehylle finn du Stainton sitt tangentspel høyrast på Ian Hunter si andre soloplate All American Alien Boys frå 1976, der han også trakterar bassen på songen Restless Youth. I 1948 kom Randy Jo Hobbs til verda i Indiana. Hobbs prydar mi platesamling med basspel på Johnny Winter sine konsertplater And Live frå 1971 og Captured Live! frå 1976. Hobbs døyde i 1993. I 1957 var singelen All Shook Up i platehyllene. Artisten som stod for underhaldninga var ein ung Elvis Presley og plata klatra heilt til fyrsteplassen, ni veker i USA, sju i England. I 1965 gav Bob Dylan ut plata Bringing It All Back Home. Denne plata står i mi platehylle med tittelen Subterranean Homesick Blues, truleg fordi dette er den best kjende songen på originalplata. Mellom musikarane som hjelpte Dylan med å skape godlyd på plata finn ein trommeslagaren Bobby Gregg, bassisten John Boone, gitaristane Al Gorgoni og Bruce Longhorn, bassisten Joseph Macho Jr. og pianisten Frank Owens. I 1977 kom John Everett Otto til verda i Jacksonville i Florida. Trommeslagar John Otto held takten rapmetallbandet Limp Bizkit, ein jobb han har hatt sidan han var med å starte bandet i 1994, og han kan hjå meg høyrast på plata New Old Songs. I 1980 nytta Birmingham sin store son, Ozzy Osbourne, denne dagen til å byrje innspelinga av den fyrste soloplata etter at han forlét Black Sabbath. Soloplata fekk namnet Blizzard Of Oz, og det handplukka bandet bestod av den no avdøde gitaristen Randy Rhoads, Bob Daisley på bass, medan Lee Kerslake sat bak trommene. I 1981 kunne Toy Dolls opplevast i Durham, frå scenen i West Cornforth Club. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å innleie den europeiske delen av Beast On The Road turneen og trettitre konsertar venta metallhungrige europearar. I 1988 stod Toy Dolls på scenen på Oden i Karlskrona. I 1999 var det klart for Skunk Anansie si tredje studioplate, Post Orgasmic Chill.

21.03.2012

Tjuefyrste mars

Tjuefyrste mars 1944 kom David Perry Lindley til verda i San Marino i California. Allsidige David Lindley er musikaren som alle liker å samarbeide med og hjå meg kan han hørast medan han trakterar diverse insttrument på Jackson Browne si plate Late For The Sky frå 1974, og medan han spelar saksofon på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. Lindley kan også finnast kredittert som Perry Lindley. I 1950 vart Charles Roger Pomfret Hodgson fødd i Portsmouth. Gitaristen og songaren Roger Hodgson er ein av grunnleggjarane av Supertramp. I 1951 kom Conrad Lozano til verda i Los Angeles. Bassisten Lozano er sentral i Los Lobos, men hjå meg kan han høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1952 kom Andrew Maynard Parker til verda i Cheshunt. Andy Parker slo seg saman med resten av UFO som syttenåring i 1969, og han har vore fast medlem av bandet fram til i dag, med unnatak av eit opphald i perioden 2005-2007, då han, av medisinske årsaker, var tvungen til å gje frå seg trommestolen i bandet til Jason Bonham. Eg var heldig og fekk både sjå og høyre Parker då UFO varma opp for Twisted Sister i Drammenshallen i 1986, og platehylla mi byr på plata Obsession frå 1978. I 1961 vart Robert Lee Sweet fødd i Lynwood i California. Robert Sweet er trommis i Stryper. Miles Davis nytta dagen i Columbia 30th Street Studio i New York og spela inn låtane Teo, I Thought About You og Blues No 2. Alle tre spora kan høyrast på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1982 var Newcastle Polytechnic vertskap for Toy Dolls. I 2005 slepte Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze, bak spakane i kontrollrommet sat superprodusent Joe Barresi. I 2011 døyde Pinetop Perkins.

20.03.2012

Tjuande mars

Tjuande mars 1935 kom trommeslagaren Sam Lay til verda i Birmingham, Alabama. Lay har tromma så bra at det har gjeve han plass i Blues Hall Of Fame og i mi platesamling kan han høyrast medan han held takten for Bob Dylan på plata Highway 61 Revisited frå 1965. I 1951 fekk verda den amerikanske gitaristen James Lawrence Vaughan, ein eldre bror av den meir kjende Stevie Ray Vaughan. Jimmie Vaughan er best kjend for tida han tente som gitarist i den texanske bluesgruppa The Fabulous Thunderbirds, eit band han var med å starte saman med Kim Wilson i 1974. Jimmie sitt gitarspel er minst like sofistikert som det broren kunne by på, og heime hjå meg kan det nytast på plata Hot Number frå 1987. I 1957 vart Sven Joachim Eriksson Thåström fødd i Stockholm. Joachim Thåström var ubestriden leiar i banda Ebba Grön og Imperiet. I 1959 kom walisaren Ian Fredrick Rossiter til verda. Under aliaset Owen If opptrer Rossiter i Stereo MC’s. I 1960 var The Jordanaires innom studio og hjelpte Elvis Presley med å skape godlyd under innspelinga av Stuck On You. Samstundes var fru MacDonnell i barselseng, avkommet James er kjent som Slim Jim Phantom og trakterar trommene i rockabillygruppa Stray Cats. I 1961 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio i New York og spela inn songane Someday My Prince Will Come, i to ulike versjonar, og Old Folks. Alle versjonane kan høyrast på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1969 var Neil Young og kompisane hans i Crazy Horse i Wally Heider Recording Studios og spela inn songen om kaneljenta, Cinnamon Girl. Platene Everybody Knows This Is Nowhere og Greatest Hits er rett stad å leite for dei som vil låne øyret til denne slagaren, som også kan høyrast på ei rekkje andre samleplater. I 1972 kom Alexander Paul Kapranos Huntley til verda i Almondsbury. Alex Kapranos er frontfigur i det skotske indiebandet Franz Ferdinand der han både syng og spelar gitar. I 1978 var Gasolin på plass i Sweet Silence Studio i kongens by, København. Songen med den meiningsbærande tittelen U Lu La Lu vart foreviga for ettertida og produsent var Freddy Hansson i samarbeid med bandet. På denne tidlege vårdagen i 1982 var Toy Dolls enno ein gong på plass i South Shields for å spele på Shore Line. I 1991 slepte brasilianske Sepultura den kritikarroste plata Arise I 1997 døyde Ronnie Barron.

19.03.2012

Nittande mars

Nittande mars 1951 kom trommeslagaren Derek Longmuir til verda i Edinburgh. Longmuir var ein av grunnleggjarane av tyggigpopbandet Bay City Rollers. I 1953 vart Ricky Helton Wilson fødd i Athens i den amerikanske delstaten Georgia. Wilson spelte gitar i New Wave bandet The B52s og var broren til vokalist Cindy Wilson. Wilson døyde av HIV i 1985. I 1962 var Elvis Presley i studio og song inn She’s Not You. Med seg for å skape litt triveleg bakgrunnsmusikk var evigunge The Jordanaires. I 1969 kom Jeremy Thomas McRae Blackall til verda i engelske Essex. Tom McRae har levert fleire solide bidrag til musikkverda etter debuten i 2000. I 1971 slepte Jethro Tull plata Aqualung, der fansen, forutan tittelsporet, fekk høve til å stifte kjennskap med slagarar som Cross Eyed Mary og Locomotive Breath. I 1982 var dette ein tragisk dag, då mange hugsar at den unge og teknisk eminente Ozzy Osbourne-gitaristen Randy Rhoads døyde. Rhoads var i sine yngre dagar med å starte bandet Quiet Riot, og før han gjekk bort nådde han å skape grom gitarlyd på Ozzy-platene Blizzard Of Oz og Diary Of A Madman. Ozzy si liveplate Tribute (1987), der Rhoads også trakterte gitaren, kom på plass i platehyllene fem år seinare. I 1986 vart Susanne Aartun Sundfør fødd i Haugesund. Susanne platedebuterte i 2007 og kan i mi platehylle høyrast på plata The Brothel frå 2010. I 1987 gav Ozzy Osbourne ut konsertplata Tribute, ei samling gamle konsertopptak med Ozzy Osbourne sin favorittgitarist, avdøde Randy Rhoads, på gitar. I 2007 slepte BigBang si sjette studioplate, Too Much Yang.

18.03.2012

Attande mars

Attande mars 1961 vart Grantzberg Vernon Hart fødd i Minesota. Grant Hart var trommis i bandet Hüsker Dü. I 1964 kom saksofonisten Courtney Pine til verda i London. Pine arbeidar vanlegvis på jazzscena, men han kan i mi platesamling høyrast på Mick Jagger si plate Wandering Spirit frå 1993. I 1966 vart Alice In Chains-gitaristen Jerry Fullton Cantrell fødd i Tacoma i den amerikanske delstaten Washington. Cantrell vert rekna som ein av dei som, saman med Nirvana og eit par andre band, drog i gang Grunge-eventyret i Seattle på slutten av 1980-talet. Enn så lenge må du nøye deg med platene Facelift og Dirt om du vil høyre Cantrell sitt gitarspel hjå meg. I 1967 slepte ein ung Jimi Hendrix, med bandet Experience i ryggen, singelen Purple Haze som klatra så høgt som til fjerdeplass på dei engelske listene. I 1969 nytta den same Jimi Hendrix dagen til å gå i studio og spele inn ein av sine mest kjende songar, Star Spangled Banner. I 1971 nytta The Who datoen til å reise til New York for å gå i gang med innspelinga av Getting In Tune. Songen hadde eigentlege arbeidstittelen I’m In Tune. Dei tok seg også tid til å spele inn det som vart originalversjonen av Behind Blue Eyes. I 1977 slepte The Clash singelen White Riot, som nådde trettiåttandeplass på dei engelske singellistene. Frå 1978 hugsar me AC/DC sin opptreden på skotsk fjernsyn der dei rocka seg gjennom Riff Raff, Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog, Bad Boy Boogie, Let There Be Rock og (I’m A) Rocker. Me som ikkje fekk inn skotsk fjernsyn på syttitalet har i dag fått høve til å nyta dette opptaket på DVD-plata Let There Be Rock frå tyske Falkon Neue Medien. I 1980 var Johnny Cash i studio i Nashville og spela inn Song Of The Patriot, songen kan høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1991 spelte AC/DC inn video til Are You Ready. Produsent var som vanleg David Mallet. I 2011 heldt dei finske alternativrockarane i 22 Pistepirkko ein flott konsert på Garage i Bergen.

17.03.2012

Syttande mars

Syttande mars 1919 kom Nathaniel Adams Coles til verda i Montgomery i den amerikanske delstaten Alabama. Nat King Cole gjorde eigentleg sitt beste for å gå inn i historiebøkene som jazzpianist, men vert nok best hugsa for den mjuke barytonrøysta si. Cole er far til songarinna Natalie Cole, som gav nytt liv til somme av dei best kjende songane hans lenge etter at han var daud. Nat King Cole døyde i 1965. I 1944 vart John Benson Sebastian Jr. fødd i Greenwich Village i New York. John Sebastian er for dei fleste best kjend for å ha starta bandet The Lovin’ Spoonful, men i mi platesamling er han å høyre som gitarist på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965. I 1954 kom Bjørn Eidsvåg til verda i ein bergsprekk kalla Sauda. Rockepresten har ein lang veg å gå for å komme inn på lista over mine favorittartistar, og det er ikkje eg som har plassert ei av platene hans i hylla, men plata Landet Lenger Bak står der, litt for seg sjølv. I 1963 kom Michael Lee Ivins til verda i Omaha. Michael Ivins er bassist i The Flaming Lips. I 1965 var Johnny Cash i studio og spela inn songen Mister Garfield, om presidenten som vart skoten i eit attentat på slutten av det nittande hundreåret. Songen vart originalt gjeve ut på plata Johnny Cash Sings The Ballads Of The True West og kan i tillegg høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1967 kom Smashing Pumpkins-sjefen Billy Corgan til verda i Elk Grove Village i Illinois. Corgan er representert med fire Smashing Pumpkins-plater i mi platehylle, han kan også høyrast medan han spelar bass på songen Hit So Hard på Hole si plate Celebrity Skin frå 1998. I 1971 var ei av tidenes beste rockegrupper, The Who, i Record Plant studio i New York for å spele inn songane Pure And Easy, Baby, Don’t You Do It og ein alternativ versjon av Behind Blue Eyes. Dei gjekk også i gang med innspelinga av låta Love Ain’t For Keeping, som vart fullførd seinare. Alle songane er tilgjengeleg på plata Who’s Next, som vart tilgjengeleg for sal seinare same året. I 1972 kom bassisten Melissa Auf Der Maur til verda i Montreal. Auf Der Maur har spelt med både Fountains Of Wayne og The Smashing Pumpkins, men er best kjend for å spele i Hole, der ho rakk å spele inn plata Celebrity Skin før ho skifta beite. I 1975 kom Justin David Hawkins til verda i Surrey. Justin Hawkins var frontfigur i det engelske glamrock bandet The Darkness og kan høyrast på plata Permission To Land frå 2003. I 1983 var Toy Dolls invitert til Royal Banquet Hall i badebyen Whitley Bay for å underhalde og eg vert ikkje forundra om stemninga stod i taket. I 1985 var det engelske metallbandet Iron Maiden på plass for å spele i eit utseld Long Beach Arena i California for fjerde kvelden på rad. I 1990 slepte Ozzy Osbourne konsert-Ep-en Just Say Ozzy, som vart spela inn på diverse konsertar november året før. I 1992 kom Twisted Sister si fyrste samleplate. Den fekk namnet Big Hits And Nasty Cuts og er ei flott blanding av gruppa sine beste studioinnspelingar og konsertopptak. Også Tears For Fears nytta dagen til å sleppe ei samleplate, den hadde tittelen Tears Roll Down og tok for seg bandet sine største hits i perioden 1982-1992.

16.03.2012

Sekstande mars

Sekstande mars 1954 fekk verda ein kvinneleg rockegitarist i form av Nancy Lamoureux Wilson. San Francisco-fødde Nancy Wilson spelte i det amerikanske rockebandet Heart saman med systera Ann og kan hjå meg høyrast på platene Little Queen frå 1977 og Rock The House! Live frå 1991. I 1970 kom Herbert Joakim Berg til verda i Eskilstuna. Joakim Berg er vokalist og gitarist i det svenske bandet Kent og kan hjå meg høyrast på plata Du Och Mig Döden. I 1971 var Pete Townshend og dei tre andre i The Who i studio og spelte inn det som er blitt ein av fleire signaturlåtar for gruppa, Won’t Get Fooled Again, som i tillegg til ei røys med samleplater kan høyrast på Who’s Next. I 1976 slepte Marvin Gaye si trettande studioplate, I Want You, der dei sterkt erotiske tekstane skal vere inspirert av Gaye sitt forhold til si andre kone, Janis Hunter. I 1982 fekk den alltid like velkledde oktetten Madness notert ein fjortandeplass på listene for singelen Cardiac Arrest og i 1985 var Iron Maiden på scenen i Long Beach Arena i California og spelte sin tredje utselde konsert på like mange kveldar. I 1999 slepte supergitaristen Jeff Beck plata Who Else. I 2005 døyde Jackson ”Thunderfoot” Spires.

15.03.2012

Femtande mars

Femtande mars 1940 kom bassisten Phillip Chapman Lesh til verda i Berkley, California. Phil Lesh trakterte bassen for hippiebandet Grateful Dead i heile deira trettiårige karriere og kan i mi platesamling høyrast på konsertplata ’64-Live og på samarbeidsplata med kompisen Bob Dylan, Dylan & The Dead frå 1989. I 1941 vart Michael Edward Love fødd i Los Angeles. Mike Love er syskenbarn til Wilson-brørne i The Beach Boys, der han sjølv stod for mykje av vokalen. I 1944 kom Ralph MacDonald til verda i Harlem i New York City. Percusjonisten MacDonald kan hjå meg høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. MacDonald døyde i 2011. I 1947 vart den amerikanske musikaren Ryland Peter Cooder fødd i Los Angeles. Ry Cooder er mannen som introduserte verda for den cubanske supergruppa Buena Vista Social Club. Karrieren hans omfattar elles ei rekkje soloplater og samarbeidsprosjekt med ei rekkje dugande musikarar. Hjå meg finn du plata Ry Cooder, som kom på marknaden for fyrste gong i 1970. I 1955 kom Daniel Snider til verda i den amerikanske delstaten New York. Dee Snider har gjort størst suksess som vokalist i Twisted Sister, som eg var så heldig at eg fekk sjå i levande live i Drammenshallen i mars 1986. Når eg i stille stunder kjenner for å gjennoppleve stemninga frå denne vårkvelden for ein liten mannsalder sidan, finn eg fram samleplata Big Hits And Nasty Cuts, som byr på det meste av det beste av Twisted Sister sine sprell. I 1959 kom gitaristen Steven W. Marker til verda i Minneapolis. Steve Marker er best kjend for arbeidet han har gjort i bandet Garbage. I 1977 slepte The Band plata Islands. I 1980 var Toy Dolls enno ein gong på plass for å spele i Labour Club i Hordon. I 1985 bydde denne datoen på Iron Maiden-konsert i Long Beach Arena, den andre av fire. I 1995 bydde dagen på plateslepp frå Trick Babys og produktet hadde namnet Player, og svenske Kent platedebuterte med eit produkt som hadde den spanande tittelen Kent. I 1999 nytta Blur høvet til å gje ut plata 13, som var bandet sitt sjette studioalbum. I 2005 kom Kent si sjette studioplate Du Och Jag Döden.

14.03.2012

Fjortande mars

Fjortande mars 1978 avslutta The Who innspelinga av Trick Of The Light, som skulle få plass på plata Who Are You, med sleppdato seinare same året. I 1985 spelte eit ungt og energisk Iron Maiden den fyrste av fire konsertar i Long Beach Arena, og vart med det fyrste band nokon sinne til å selje ut denne flotte vestkystarenaen fire kveldar på rad. I 2005 gav elektronicabandet Daft Punk ut si tredje studioplate, Human After All, ei hending som samanfall med utgjevinga av Stereophonics si femte studioplate Language. Sex. Violence. Other?. I 2010 døyde Junior Collins.

13.03.2012

Trettande mars

Trettande mars 1937 vart Terence William Harvey Cox fødd i Buckinghamshire. Terry Cox kan høyrast i fint driv medan han spelar trommer for rockekamelonen David Bowie på plata Space Oddity frå 1969. I 1947 kom gitaristen David Kelly til verda i metropolen London. Kelly kan hjå meg høyrast som gitarist på fire ulike titlar frå den engelske gruppa The Blues Band, eit band han var med å starte i 1979. I 1948 vart trommeslagaren David James Mattacks fødd i Edgeware. Dave Mattacks er nok best kjend for å spele med det engelske folkrockbandet Fariport Convention, men har også spela inn plater med artistar som Paul McCartney, George Harrison, Nick Drake og Loudon Wainwright III. Mattacks kan hjå meg høyrast medan han trommar for Joan Armatrading på hennar sjølvtittelerte plate frå 1976, og for Jethro Tull på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1959 kom Gregory James Norton til verda i Rock Island i Illinois. Greg Norton var bassist i bandet Hüsker Dü. I 1969 gav MC5 ut ein singel med The American Ruse og Shakin’ Street på kvar si side. I 1978 var dette fyrste innspelingsdag for The Who sin Trick Of The Light, som kan høyrast på plata Who Are You frå 1978. I 2002 døyde Mark Moreland. I 2006 vart Blondie, under stor festivitas, endeleg innlemma i Rock And Roll Hall Of Fame, på tide.

12.03.2012

Tolvte mars

Tolvte mars 1948 kom Richard Leslie Holroyd til verda i den nordengelske byen Oldham. Les Holroyd har i vaksen alder livnært seg som bassist i symforock bandet Barclay James Harvest, og kan hjå meg høyrast på konsertplata Berlin - A Concert For The People frå 1982. I 1949 vart William Payne fødd i Waco Texas. Bill Payne er best kjend for å vere ein av grunnleggjarane av Little Feat, men hjå meg er det på plata Stranger In Town, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1978, på Lawyers In Love frå Jackson Browne i 1983, og på Bryan Adams si plate Waking Up The Neighbours frå 1991, pianospelet hans kan høyrast. I 1956 vart grunnleggaren av, og den ubestridne sjefen i dei engelske metallikona Iron Maiden, Steve Harris fødd som Stephen Percy Harris. Bassisten Harris har opp gjennom åra stått for det meste av Iron Maiden sin musikk og er dermed den viktigaste kjelda til bandet sin suksess. Om ein skal seie noko negativt om Harris må det vere at han, i fotballen si verd, held med London-laget West Ham, noko som aldri er eit godt teikn. Harris leverte glitrande basspel på Koengen i august 2010 saman med resten av den etter kvart godt vaksne gjengen i Iron Maiden, og glitrande basspel har han levert på alle dei femten Iron Maiden-platene eg har investert i. I 1959 var dette dagen då Johnny Cash spela inn The Great Speckled Bird og Five Feet High And Rising. Songane, som var produsert av den faste produsenten på den tida, Don Law, enda opp på plata Songs Of Our Soil og kan i tillegg høyrast på samleplatene God frå 2000 (TGSB) og Johnny Cash’s America frå 2008 (FFHAR). I 1969 kom Graham Leslie Coxon til verda i det som den gongen heit Vest-Tyskland. Graham Coxon er best kjend for tida han spelte gitar i Blur. I 1979 vart Peter Doherty fødd i Hexham. Skandaleombruste Pete Doherty er kjend for ein romanse med supermodellen Kate Moss og eit suksessrikt opphold i bandet The Libertines, men i mi platehylle kan han høyrast som vokalist i Babyshambles. Plata heiter Down In Albion og kom på marknaden i 2005. I 1983 var Toy Dolls sin turné komen til Barracks i Albemarle. I 1996 slepte The Afghan Whigs si femte studioplate, Black Love. I 2010 heldt Fish konsert på Garage i Bergen.

11.03.2012

Ellevte mars

Ellevte mars 1939 fekk verda den Texanske accordionspelaren Leonardo ”Flaco” Jimenez. Jimenez har hatt ei sjølvstendig karriere i Tex-Mex-segmentet og har henta heim fleire høgthengande Grammy-prisar, men hjå meg høyrest han best som medlem av supergruppa Texas Tornados. Jimenez har også spela med ein annan kjenning frå country-verda, Buck Owens, som også er å finne i mi platehylle. I 1945 kom den eksentriske gitaristen Harvey Mandel til verda i Detriot. Harvey Mandel flytta i ung alder til traktene rundt Chicago og utvikla seg til å bli ein framragande gitarist som har vore med å prega Canned Heat sitt lydbilde i fleire periodar. Hjå meg kan Mandel Høyrast på plata House Of Blue Light frå 1998. I 1955 vart den tyske punkdronninga Nina Hagen fødd som Catharina Hagen i det dåverande DDR, nærare bestemt i Aust-Berlin. Kunstpunkdronninga har seinare gjeve oss ei mengd plater og hjå meg finn ein Nina Hagen Band si plate Unbehagen, i tillegg til at dronninga har samla det beste av det beste på samleplata The Very Best Of Nina Hagen. Nina Hagen har også lånt bort røysta si til fleire tyskspråklege versjonar av amerikanske teiknefilmar. I 1961 kom Bruce William Watson til verda i Ontario, Canada. Gitaristen Bruce Watson er best kjend for arbeidet han har gjort med skotske Big Country. I 1965 spela Johnny Cash inn, i mono, Hardin Wouldn't Run, som vart gjeven ut på albumet Johnny Cash Sings The Ballads Of The True West. Songen kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1968 vart Jon Alexander Rosén fødd i Oslo. Alex Rosén lét seg korsfeste for plateomslaget på ei kontroversiell plate med bandet Go Go Gorilla og det er ein singel frå dette prosjektet som tek plass i mi platehylle. I 1984 kunne frammøtte på Shineyrow Club i Sunderland oppleve eit møte med Toy Dolls. I 1992 spelte The Allman Brothers Band andre av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året.

10.03.2012

Tiande mars

Tiande mars 1938 vart musikaren Norman Blake fødd i Chattanooga. Blake si merittliste tel eit utal av country og bluegrasband opp gjennom åra og i mi platesamling kan han høyrast som gitarist på Johnny Cash sine plater Orange Blossom Special frå 1965, America – A 200-Year Salute In Story And Song frå 1972, og American III: Solitary Man, som kom på marknaden i 2000. I 1957 tilstod Elvis Presley at (Now And Then There’s) A Fool Such As I. Kresne amerikanarar aksepterte denne tilståinga godt nok til at det vart ein andreplass på platelistene, i England vart det tre veker på topp. I 1963 vart Jeffrey Allen Ament fødd i Havre i fjellstaten Montana. Jeff Ament har traktert bassen i grungepionerane Pearl Jam sidan starten i 1990 og kan hjå meg høyrast på to plater, debutplata Ten, og Vitaology. I 1964 kom Neneh Mariann Karlsson til verda i Stockholm. I mi platehylle står Neneh Cherry si debutplate Raw Like Sushi frå 1989. I 1967 gav souldronninga Aretha Franklin ut plata I Never Loved A Man The Way I Love You. I 1972 slepte Jethro Tull plata Thick As A Brick, med ulike versjonar av tittelsporet på kvar side av vinylskiva. I 1976 kom Johan Wohlert fødd. Wohlert var bassist i Mew fram til 2006, akkurat lenge nok til vere med på plata And The Glass Handed Kites, som er bandet sitt bidrag til mi platehylle. I 1980 stod Wine Loft i Sunderland som vertar for Toy Dolls for andre gong. I 1989 rocka Neil Young laus i studioet The Barn i Woodside i California. Resultatet vart Rockin’ In The Free World og kan høyrast på plata Freedom frå 1989, i tillegg til mellom anna samleplata Greatest Hits. I 1992 spelte The Allman Brothers Band fyrste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året. I 1997 slepte engelske Death In Vegas debutplata si, Dead Elvis, og verda vart aldri den same. I 1998 slepte Johnny Winter konsertplata Live In NYC ’97, ei konsertplate der Winter sitt trufaste publikum sjølv hadde fått velje låtutvalet.

09.03.2012

Niande mars

Niande mars 1942 kom den walisiske musikaren John Davies Cale til verda. John Cale var, saman med Lou Reed, grunnsteinen i det eksentriske amerikanske kunstrockbandet Velvet Underground, eit band som oppstod i miljøet rundt den like eksentriske kunstnaren Andy Warhol sin kunstfabrikk i New York på slutten av sekstitalet, og som var ei av dei viktigaste inspirasjonskjeldene for den amerikanske punkrøyrsla. I 1950 var Miles Davis på plass i New York og spelte inn songane Moon Dreams, Deception, Rocker og Darn That Dream. Med seg i studio hadde han stjernelaget J.J Johnson på trombone, Gunther Schuller på fransk horn, John Barber, som spelte tuba, Lee Konitz, som var mannen som spelte altsaksofon, Gerry Mulligan, som stod for barytonsaksofon, medan Al McKibbon spelte bass. Max Roach var mannen som sat bak trommene og held takten, og Kenny Hagood stod for vokalen på Darn That Dream. Alle songane kan høyrast på plata Birth Of The Cool frå 1957. I 1962 kom Peter Wishart til verda i Dunfermline. Wishart spelte keyboard for Runrig frå 1986 til 2001 og kan hjå meg høyrast på plata The Big Wheel frå 1991. I 1963 vart Ian Kirkham fødd i Preston. Saksofonisten Kirkham kan hjå meg høyrast på Simply Red si plate Stars frå 1991. I 1974 vart bassisten Øyvind Storesund fødd i Bø i Telemark. Storesund sitt arbeid kan hjå meg høyrast på plater med Kaizers Orchestra. I 1999 gav Wilco ut plata Summerteeth, dette var det Chicago-baserte alternativbandet si tredje studioplate.

08.03.2012

Åttande mars

Åttande mars 1957 vart trommeslagaren Clive Burr fødd i London. Burr er best kjend for tida han heldt takten for Iron Maiden og han kan høyrast på bandet sine tre fyrste studioplater. I 1962 var ein ung Johnny Cash i studio og spelte inn A Little At A Time. Songen fekk fyrst berre plass som B-side på ein single, men i dag kan han også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1986 kunne Toy Dolls både høyrast og sjåast i kongens by, København, dei frammøtte på Barbui var dei heldige denne kvelden. I 1991 slepte R.E.M. plata Out Of Time, som, mellom anna, bydde på landeplaga Losing My Religion. I 1994 nytta Soundgarden dagen til å sleppe si fjerde studioplate, Superunknown. Plate selde til fem gongar platina i USA og vert rekna som bandet si sterkaste plate. I 1999 slepte Kula Shaker si andre studioplate Peasants, Pigs & Astronauts. I 2005 døyde Larry Bunker.

07.03.2012

Sjuande mars

Sjuande mars 1953 kom trommeslagaren Kenny Aronoff til verda. Aronoff sin CV inneheld namn som Alice Cooper og Johnny Cash. Hjå meg kan han høyrast på Bob Seger The Fire Inside, og Alanis Morissette si plate So-Called Chaos frå 2004. I 1961 var Miles Davis på plass i Columbia 30th Street Studio i storbyen New York. Der spela han inn songane Pfrancing og Drad Dog for plata Someday My Prince Will Come, som kom ut seinare same året. Med seg i studio denne dagen hadde trompetlegenda Hank Mobley på tenorsaksofon, Wynton Kelly på piano og Paul Chambers på bass, medan Jimmy Cobb trakterte trommene. I 1969 gav The Who ut singelen om den døve, dumme og blinde guten som var ein djevel til å spele flipperspel. Pinball Wizard er kan hende den best kjende låten frå rockeoperaen Tommy og klatra til ein fjerdeplass på listene. I 1986 var Toy Dolls komen til Danmark og Helsingør for å spele, Toldkanneren var namnet på staden der denne underhaldninga gjekk føre seg. I 1988 vart det spelt inn ein promovideo for That’s The Way I Wanna Rock’n Roll. Artistane var AC/DC.

06.03.2012

Sjette mars

Sjette mars 1937 kom den vetle Kansas-byen Forth Riley sin største son, Benneth Keith Schaufele, til verda. Ben Keith tente til levebrødet sitt ved å spele steel-guitar og dobro, og han var med setje preg på den amerikanske Country & Western-scena på femti- og sekstitalet. Keith gav ut to soloplater og spelte med artistar som mellom anna The Band, David Crosby, Warren Zevon og Todd Rundgren. Best kjend er Keith likevel for å vere ein del av Neil Young sitt faste husband, og han har spelt på meir enn eit dusin av Young sine soloplater. Keith kan i mi platesamling høyrast på Neil Young-platene Tonight’s The Night (1975), American Stars’n Bars (1977), Comes A Time (1978), Hawks & Doves (1980) og This Note’s For You, frå 1988. Om denne handfullen frå Neil Young ikkje skulle vere nok, kan Keith også høyrast medan han spelar på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975. Keith døyde i 2010. I 1951 vart trommeslagaren Brian Gibbons fødd i Nordsjø-hamna Newcastle-upon-Tyne. Gibbons kan hjå meg høyrast medan han held takten for gamlebandet til AC/DC-vokalist Brian Johnson, Geordie, på samleplata Can You Do It frå 1997. I 1980 var det (She Goes La La La To) Finos i Sunderland som fekk si andre vitjing av Toy Dolls. I 1983 spela Toy Dolls i Bowes Lyon House i Stevenage. I 1986 fekk folk i Borås høve til å nyte Toy Dolls, det var mogleg på Rockborgen. I 1990 gav Bel Canto ut andreplata si, Birds Of Passage, på den amerikanske marknaden, då hadde, heldigvis, plata allereie vore tilgjengeleg for oss europearar ei stund. I 2001 nytta den bergenske duoen Kings Of Convenience dagen til å få platedebuten Quiet Is The New Loud ut i butikkhyllene.

05.03.2012

Femte mars

Femte mars 1957 vart Mark Edward Smith fødd i engelske Broughton. Den tidlegare hamnearbeidaren Mark E. Smith er vokalist og tekstforfattar, og for tida, den einaste originalmedlemen som er att i det kritikarroste britiske punkbandet The Fall. Smith sitt bidrag til mi platehylle heiter 2G+2 og er ei fin blanding av studioinnspelingar og konsertopptak. I 1963 døyde Patsy Cline. I 1970 kom den eminente gitaristen John Anthony Frusciante til verda. I mi platesamling kan John Frusciante sitt gitarspel høyrast på plater med både Red Hot Chili Peppers og The Mars Volta i tillegg til hans eiga plate To Record Only Water For Ten Days. I 1972 kom den italienske gitaristen og komponisten Luca Turilli til verda i grensebyen Trieste. I 1975 vart Olav Bergene fødd. Bergene er kjend som songar i bandet 1349 der han nyttar kunstnarnamnet Ramn. I 1982 kom Toy Dolls for å spele i Legion Club i South Shields. Same kveld døyde John Belushi. I 1983 var dei alltid like sporty karane i Toy Dolls og spela i Nottingham Rowing Club. I 1986 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Rockmagasinet i Örebro.

04.03.2012

Fjerde mars

Fjerde mars 1932 vart den sørafrikanske songaren og menneskerettsforkjemparen Miriam Zenzi Makeba fødd i Johannesburg. Makeba sine merittar let seg ikkje summere i kortform, men stikkorda er Grammy, gullplater, President Kennedy og Nelson Mandela. Hjå meg kan du høyre plata The Best Of Miriam Makeba And The Skylarks. Makeba døyde i 2008. I 1945 var dette den fyrste dagen i Dieter Meier sitt liv. Meier er kjend som stemma i det sveitsiske syntbandet Yello. I 1947 kom den norske jazzsaksofonisten Jan Garbarek til verda på Mysen, eit vegkryss rundt ein travbane i Østfold, og som elles berre er kjend for å arrangere tivoli og marknad ein gong i året. I mi platehylle er Garbarek representert med plata Legend Of The Seven Dreams frå 1988. Garbarek sitt mjuke saksofonspel kan også nytast på Keith Jarrett si plate My Song frå 1978. I 1948 vart Christopher Russel Edward Squire fødd i London. Bassisten Chris Squire er den einaste musikaren som spelar på alle Yes sine album og hjå meg høyres han på plata Going For The One frå 1977. I 1951 kom Robert Allen Deal til verda. Folk flest kjenner han best som Mick Mars, den eminente gitaristen i glamrockbandet Mötley Crüe. Mars har i mange år slitt med skranglande helse, men stilte med ny hofte til konserten i Bergenshallen i 2009 og overbeviste med glitrande gitarspel. I 1981 var Toy Dolls i Newcastle og spelte på Cooperage. I 1983 var det Feltham Football Club i London som var vertskap når Toy Dolls spelte. I 1986 døyde Richard Manuel. Same dag kunne Toy Dolls opplevast i den svenske hovudstaden, Birkegarden var namnet på Stockholm-scenen der det hendte. I 1992 spelte The Allman Brothers Band andre og siste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året.

03.03.2012

Tredje mars

Tredje mars 1933 vart bassisten Jimmy Garrison fødd i Miami. Garrison er best kjend for arbeidet han gjorde saman med John Coltrane i og mi platehylle er det på plata Cresent frå 1964 han kan høyrast. Garrison døyde i 1976. I 1947 kom Jennifer Jean Warnes til verda i Seattle. Jennifer Warnes har sopt med seg fleire Oscars for filmmusikken sin og kan hjå meg høyrast medan ho syng for Warren Zevon på plata Sentimental Hygiene frå 1987. I 1954 kom den amerikanske gitaristen John Lilley til verda. Lilley slo seg saman med resten av The Hooters så tidleg som i 1983 og kan hjå meg høyrast på platene Zig Zag (1989) og Out Of Body frå 1993. Også plateprodusenten Christopher Merrick Hughes kom til verda denne dagen, og det hendte i London. Chris Hughes var trommeslagar i den andre utgåva av Adam & The Ants og kan hjå meg høyrast på samleplata Dandy Highwaymen. I 1972 slepte Jethro Tull plata Thick As A Brick, som berre hadde to songar, ein på kvar side av ei gamaldags langspelplate av vinyl. Dei av oss som har dette verket i kompaktplateversjon, slepp å snu plata mellom songane som har begge har same tittel som plata. I 1976 var AC/DC i St. Albans i den australske delstaten Victoria. DVD-samlinga Plug Me In byr på eit opptak av songane School Days og T.N.T., og dette er ein ekte godbit, for dei er ikkje gjeve ut tidlegare. I 1978 gav Patti Smith Group ut plata Easter. Denne skiva inneheld min favorittlåt med dama, Because The Night, som ho skreiv saman med ein ikkje like stor favoritt, Bruce Springsteen. I 1982 kom Toy Dolls for å spele i Arts Centre i Washington. I 1986 kom Metallica si tredje studioplate, Master Of Puppets, som var spela inn i Sweet Silence Studios i danske København. Same studio som dei danske rockelegendene i Gasolin brukte til mange av sine innspelingar. I 1992 spelte The Allman Brothers Band fyrste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året. I 1997 slepte Nick Cave And The Bad Seeds si tiande studioplate, The Boatman’s Call. Plata vart straks Nick Cave sitt mest kritikarroste arbeid til då, og i skrivande stund har han ikkje overgått seg sjølv, men me ventar i spenning.

Andre mars

Andre mars 1922 vart Eddie Davis fødd i New York City. Lockjaw spelte tenorsaksofon for Count Basie på samleplata Atomic Swing. Lockjaw Davis døyde i 1986. I 1936 kom Buell Neidlinger til verda i Connecticut. Cellisten Neidlinger kan hjå meg høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1942 kom ein av rocken sine meir eksentriske innslag til verda. Lou Reed fekk døypenamnet Lewis Allan Reed og vart kjent for det platekjøpande publikum gjennom bandet Velvet Underground, som på si side kan takke kunstnaren Andy Warhol for myke av sin suksess. Reed har sidan 1971 hatt ei solokarriere som har resultert i ei rekkje plater og i mi platehylle finn ein, forutan den nesten obligatoriske samleplata frå tida i Velvet Underground, klassikaren Transformer (1972), i tillegg til interessante, men ikkje like sterke Mistral (1986), Magic And Loss (1992) og livplata Live In Concert (1984). Og det heile er sjølvsagt oppsummert med ei samleplate, The Very Best Of Lou Reed (1989). I 1948 vart den irske bluesrockgitaristen William Rory Gallagher fødd i Ballyshannon. Gallagher vert rekna som ein av Europa sine mest talentfulle gitaristar og har inspirert utallige unge kvinner og menn til å leika med strengane. Gallagher døyde av skrumplever i 1995. I 1956 var dette fødselsdagen til tidlegare AC/DC-bassisten Mark Evans, som spelte i bandet frå 1975 til 1977. Hjå meg kan Evans høyrast på platene High Voltage frå 1975 og Dirty Deeds Done Dirt Cheap frå 1976. I 1962 kom John Francis Bongiovi Jr. til verda i New Jersey. Jon Bon Jovi er sjef i eige band og har selt mange millionar plater verda over. I 1980 sa T.V.C Club i Middlesbrough velkomen til Toy Dolls. I 1982 var det gruvebyen Durham og Brewers Arm som husa Toy Dolls. I 1983 var turen komen for Golden Eagle i Birmingham for å vere vertskap for Toy Dolls. I 1986 spelte Toy Dolls for dei frammøtte på Stadshotellet i Mariestad i Sverige. I 1991 døyde Serge Gainsbourg. I 1993 Living Colour si tredje studioplate, Stain. I 2004 slepte Cheap Trick den doble samleplata The Essential Cheap Trick. I 2008 døyde Jeff Healey.

01.03.2012

Fyrste mars

Fyrste mars 1930 vart Benny Powell fødd i New Orleans. Trombonisten Powell kan høyrast som ein del av Count Basie sitt band på samleplata Atomic Swing. Benny Powell døyde i 2010. I 1944 kom The Who-vokalist Roger Harry Daltrey til verda i eit London som levde i konstant frykt for hardt bomberegn frå tyske bombefly. I 1957 signerte Buck Owens for Capitol Records, og grunnlaget var lagt for eit fruktbart samarbeid. I 1968 spelte Janis Joplin saman med Big Brother And The Holding Company i Grande Ballroom i bilbyen Detroit. Songen Magic Of Love kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. Produsent var John Simon. I 1969 vart Dafydd Ieuan fødd i Bangor. Dafydd Ieuan tenar til vanleg til livets opphald som trommeslagar i det walisiske bandet Super Furry Animals. I 1972 gav Deep Purple ut si sjette studioplate, Machine Head. Plata vert rekna som bandet si mest suksessfulle, inneheld klassikaren Smoke On The Water, og har inspirert generasjonar av hardrockarar og luftgitaristar over heile verda. I 1974 døyde Bobby Timmons. I 1982 var karane i Toy Dolls attende i London og spelte på Old Twenty Nine. I 1985 nyttar Toy Dolls datoen til å spele to konsertar på Mayfair i Newcastle, ein for dei under atten år og ein for dei med stemmerett og lovleg tilgjenge til alkoholservering. To konsertar på ein kveld må ha vore tungt for Pete Zulu, for etter dette forlèt han bandet for andre gong og denne gongen for godt. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Kulturs i Jönköping. I 1993 platedebuterte The Cranberries med ein platetittel formulert som spørsmålet Everybody Else Is Doing It, So Why Can’t We? I 2001 kom Madrugada si andre studioplate, The Nightly Disease, og nok ein gong gjekk bandet frå Stokkmarknes til topps på dei norske platelistene.