13.01.2010

Trettande januar

Vi skriv trettande januar i dag og det er kaldt ute. For dei som ein gong sona under kummerlege forhold vert trettande januar 1968 hugsa som dagen då Johnny R. Cash spela inn den legendariske fengselskonserten sin i berykta Folsom Prison. Dei innsette fekk høyre at Cash, akkompagnert av Marshall Grant på bass, W. S. Holland på trommer og Luther Perkins på gitar, spela klassikarar som Folsom Prison Blues, Orange Blossom Special, Give my love to Rose og I still miss someone. Cash si komande kone, June Carter, stod i spissen for The Carter Family og The Statler Brothers som gjorde bakgrunnskoringa. Konserten, som er tigjengeleg i fleire lydformat, er i ettertid hugsa som ein av dei beste konsertane du er glad du ikkje var tilstades på.

06.01.2010

Sjette januar

Det er berre å krypa til korset, stå fram og tilstå. Eg er ein syndar. Eg har kjøpt plater på bensinstasjonar, i daglegvarehandlar, i kioskar og alle andre tenkjelege stadar som skal konsentrera seg om alt anna enn å selgja god musikk. Det er ikkje til å stikka under ein stol at dette faktisk plagar samvitet mitt.
Dei uavhengige platebutikkane er platebransjen sine riddarar og skal vere med å sikre at ytringsfridomen vert opprettheldt. Det er i dei uavhengige plateforretningane ein finn dei kontroversielle omslaga, dei upopulære ytringane og dei ukjende heltane som aldri kjem i hyllene til supermarkedkjedene. Dette er ikkje mogleg om me held fram med å kjøpa storselgjande plater andre stader, lastar ned musikken frå nett, eller kastar bort pengane på smørsongarar i platehyllene andre stader.
Eg oppmodar deg med dette om å støtte opp om di lokale plateforretning.