25.02.2018

Tjuefjerde februar

I 1942 kom Paul Pond til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Paul Jones var med å starte The Blues Band i 1979, han hadde tidlegare gjort seg merkt som vokalist i, mellom anna, meir kjende Mannfred Mann. Hjå meg kan Jones høyrast på The Blues Band sine plater Official Blues Band Bootleg Album (1980), Ready (1980), Itchy Feet (1981) og Brand Loyality (1982).

Andre jubilantar
Don Law (1902-1982)
David “Fathead” Newman (1933-2009)
Nicky Hopkins (1944-1994)
Tullio de Piscopo (1946)
Bob Magnusson (1947)
George Thorogood (1950)
Steve Dawson (1951)
Michelle Shocked (1962)
Wuv Bernardo (1973)
Simen Vangen (1976)

Tjuetredje februar

I 1944 vart John Dawson Winter III født i Beaumont i Texas. Gitaristen og prestesonen Johnny Winter var kjent som verdas kvitaste bluesartist, og det vert hevda at dei flotte tatoveringane hans var dei einaste pigmenta han hadde i huda. At Johnny også var ein av verdas beste bluesgitaristar, ranka som nummer syttifire av Rolling Stone Magazine i 2003, kjem ofte litt i bakgrunnen. Eg har ei fin samling av Johnny Winter sine plater, studioplatene Nothin’ But The Blues (1971), Guitar Slinger (1984) og Let Me In (1991), samt den doble samleplata A Rock ‘n Roll Collection, men er mest nøgd med dei tre konsertplatene And Live (1971), Captured Live (1976) og Live In NYC ’97 (1998). Eg angrar enno ein smule på at eg ikkje reiste for å sjå og høyre legenda då han vitja bluesbygda Skånevik i Sunnhordland for ei tid sidan. Rykta fortel at den reisa ikkje ville vore like skuffande som konserten ein tilsynelatande livstrøyt Johnny heldt i Oseana på tampen av juni 2013. Winter døyde i 2014.

Andre jubilantar
John Halsey (1945)
Steve Priest (1948)
Thom Bresh (1948)
Brad Whitford (1952)
Zeke Manyka (1955)
Michael Wilton (1962)
John Norum (1964)
Shelley Thunder (1965)
Chris Vrenna (1967)
Lasse Johansson (1973)

Tjueandre februar

I 1958 vart Dave Spitz fødd i New York City. Bassisten Spitz spelte bass i Black Sabbath ein periode og er kreditert for basspel på plata The Eternal Idol frå 1987, sjølv om han vist nok ikkje skal ha spelt ein note på albumet.

Andre jubilantar
Mick Green (1944-2010)
Pillip Ballo (1950-2005)
Casino Steel (1952)
Ray Mayhew (1965)
Peter Zizzo (1966)
Scott Phillips (1973)

Tjuefyrste februar

I 1933 vart Eunice Kathleen Waymond fødd i Tryon i North Carolina. Nina Simone vert hugsa både som fantastisk jazzartist og som engasjert menneskerettsaktivist. Mi platehylle husar to ulike samleplater med denne fantastiske artisten, The Greatest Hits (2003), og My Baby Just Cares For Me. Simone døyde i 2003.

Andre jubilantar
Nina Simone (1933-2003)
Paul Newton (1945)
Jerry Harrison (1949)
Phil Hudson (1950)
Jean-Jacques Burnel (1952)
Larry Campbell (1955)
Mato Valtonen (1955)
Mark Arm (1962)
Rankin Roger (1963)
James Dean Bradfield (1967)

Tjuande februar

I 1944 kom Lew Soloff til verda i Brooklyn i New York City. Trompetisten Soloff er best kjend for tida han spelte med Blood Sweat & Tears (1968-73). I mi platehylle kan trompeten hans høyrast Ian Hunter si andre soloplate, All American Alien Boys (1976), på eit spor på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread Or Alive (1981), på Paul Simon si studioplate Graceland frå 1986, og The Offbeat Of Avenues, som The Manhatten Transfer slepte i 1991, samt på utvalgte spor på Lou Reed si samleplate The Very Best Of Lou Reed (2000). Solof døyde i 2015.

Andre jubilantar
Bryan Gregory (1951-2001)
Dave Taylor (1953)
Poison Ivy (1953)
Sebastian Steinberg (1959)
Ian Brown (1963)
Kurt Cobain (1967-1994)
Neil Primrose (1972)
Ed Graham (1977)

19.02.2018

Nittande februar

I 1943 vart Bobby Gene Emmons fødd i Corinth i Mississippi. Bobby Emmons er i mi platehylle kreditert for å spele diverse tangentinstrument på utvalde spor på tre ulikle samleplater: J. J. Cale si Classics (1999), Highwayman, som oppsummerte Highwaymen sine størte høgdepunkt, samt på Olav Stedje si 21 Beste (1998). Emmons døyde i 2015.

Andre jubilantar
Phil Coulter (1942)
Øystein Dolmen (1947)
Tony Iommi (1948)
Mark Andes (1948)
Francis Buchols (1954)
Peter Holzapple (1956)
Steve Nieve (1958)
Steve Poltz (1960)
Polo (1964)
Sara Isaksson (1971)
Teddy Thompson (1976)

18.02.2018

Attande februar

I 1935 vart Ciarán Bourke fødd i den irske hovudstaden Dublin. Bourke var ein av grunnleggjarane av The Dubliners, men vart råka av sjukdom i 1974 og kunne ikkje halde fram med å spele saman med bandet. Hjå meg finn du Bourke sine musikalske bidrag på utvalde spor på samleplatene Greatest Hits (1990), og At Their Best (1998). Bourke vart rekna som fullverdig medlem av The Dubliners heilt frå sjukdomen råka og fram til han døyde i 1988.

Andre februar
Buddy Cage (1946)
Randy Crawford (1952)
Fausto Mesolella (1953)
Robin Bachman (1953)
Tommy Scott (1964)
Dr. Dree (1965)

Syttande februar

I 1950 vart multiinstrumentalisten Rickey Medlocke fødd i Jacksonville, nord i pensjoniststaten Florida. Medlocke, som er barnebarn av bluesartisten Shorty Medlocke, er best kjend for at han gjennom åra har vore gitarist og vokalist i Blackfoot, og at han har vore innom sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd i to periodar, der han har traktert både trommer og gitar. I mi platesamling er Medlocke representert med gitarspel og vokal på Blackfoot si studioplate Marauder (1981), i tillegg til den fantastiske konsertplata Highway Song, frå englandsturneen i 1982. Medlocke er også kreditert for gitarspel på den niande studioplata frå Lynyrd Skynyrd, Twenty, som kom i platehyllene i 1997. Den tidlegare Blackfoot-sjefen har framleis ei framtredande rolle i sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd, samstundes som han leiger ut bandnamnet Blackfoot under strengt overoppsyn av sjefen sjølv.

Andre jubilantar
Spike Heatley (1933)
Buck Trent (1938)
John Lingwood (1951)
Moussa Diallo (1955)
Jeffrey Foskett (1956)
Taylor Hawkins (1972)
Gunnar Westgaard (1972)
Billy Joe Armstrong (1972)
Svein Berge (1976)

Sekstande februar

I 1959 vart Cèilo De Carvalho fødd i solrike Rio de Janeiro i Brasil. Perkusjonisten Carvalho har base i Oslo og kan i mi platehylle høyrast på den prisløna plata Brazilicum, som Trio De Janeiro slepte i 1993, i tillegg til utvalde spor på Bare Egil Band si sjølvtittulerte debutplate frå 1996.

Andre jubilantar
Charles Fowlkes (1916-1980)
John Bradbury (1953-2015)
Torbjørn Sunde (1954)
Dave Lombardo (1965)
Damon Reece (1967)
Vidar Bratlund Mæland (1978)

Femtande februar

I 1951 vart Norman Watt-Roy fødd i den indiske storbyen Bombay. Watt-Roy er best kjend som bassist i Ian Dury & The Blockheads, som prydar mine platehyller med to solide studioplater, New Boot & Panties (1977) og Do It Yourself (1979), og han kan hjå meg i tillegg høyrast som hjelpevokalist på Nick Cave & The Bad Seeds si plate Nocturama frå 2003.

Andre jubilantar
Mick Avory (1944)
John Helliwel (1945)
Billy Nicholls (1949)
David Ricketts (1954)
Adam Holzman (1958)
Ali Campbell (1959)
Ronnie Vannuccie (1976)

Fjortande februar

I verdas mektigaste by, Washington D.C., vart Timothy Charles Buckley III fødd i 1947. Tim Buckley levde fort, kort og hektisk i det krevjande rampelyset, men rakk å spele inn ni studioplater før han sa takk for seg med ein overdose av lovlege og ulovlege rusgifter. Buckley etterlot seg sonen Jeff Buckley til å føre den musikalske arven vidare. Mi platehylle byr på Buckley senior sitt arbeid på studioplata Greetings From L.A. frå 1972. Buckley døyde i 1975.

Andre jubilantar
Christ Pyne (1939-1995)
Maceo Parker (1943)
Arne Henry Sandum (1947)
Roger Fisher (1950)
Carmine Rojas (1953)
Jocelyn Pook (1970)
Tore Bratseth (1974)

Trettande februar

I 1950 vart Robert John Daisley fødd i den australske storbyen Sydney. Bassisten Bob Daisley har spela bass for store namn som Ozzy Osbourne og Mungo Jerry. Hjå meg kan Daisley høyrast på Rainbow si plate Long Live Rock’n Roll (1978), Uriah Heep si fjortande studioplate, Abiminog (1982), Black Sabbath si plate Eternal Idol frå 1987, utvalde spor på Ozzy Osbourne si konsertplate Tribute (1987), i tillegg til studioplatene No Rest For The Wicked (1988) og No More Tears (1991), og på Gary Moore si plate After Hours (1992), samt utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som Uriah Heep slepte i 1991.

Andre jubilantar
Peter Hook (1956)
Tony Butler (1957)
Rune Nicolaysen (1959)
Henry Rollins (1961)
Rob Ellis (1962)
Sergio Conforti (1964)
Robbie Williams (1974)

12.02.2018

Tolvte februar

I 1939 kom Raymond Daniel Manzarek jr. til verda i Chicago i Illinois. Tangentmannen Ray Manzarek er best kjend for at arbeidet hans framheva Jim Morrison sin surrealistiske lyrikk i The Doors. I mi platehylle kan Manzarek sine psykedeliske orgellyd nytast på The Doors si samleplate Greatest Hits frå 1980, i tillegg til på utvalde spor på samleplata Ballyhoo – The Best Of Echo & The Bunnymen, ei plate Echo & The Bunnymen slepte i 1997. Manzarek døyde i 2013.

Andre jubilantar
Ernie Hayes (1929)
Rutger Gunnarsson (1946-2015)
Phillip Frazier (1951)
Stephen Hodges (1952)
Brian Robertson (1956)
Warne Livesey (1959)
Omar Hakim (1959)
Paul Crook (1966)
Jon Thorne (1967)
Stein Inge Brækhus (1967)
Anneli Drecker (1969)
Jim Creeggan (1970)
Sarah Martin (1974)

11.02.2018

Ellevte februar

I 1943 kom Alan Rubin til verda i Brooklyn i New York City. Mr. Fabolous var ein meister på fleire blåseinstrument og kan hjå meg høyrast som ein del av The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og på samleplata Best Of The Blues Brothers (1981), på utvalde spor på samleplata Hits Out Of Hell, som Meat Loaf slepte i 1984, på Paul Simon si plate Graceland frå 1986, og på Anutha Zone, som Dr. John slepte i 1998. Rubin er også kreditert for å spele på diverse spor på Lou Reed si samleplate The Very Best Of Lou Reed (2000), samt på utvalde spor på Gloria Gaynor si samleplate The Collection. Alan Rubin døyde i 2011.

Andre jubilantar
Lionel Batiste (1931-2012)
David Uosikkinen (1956)
Øystein Eldøy (1957)
Sheryl Crow (1962)
Per Kristian Ottestad (1968)
D’Angelo (1974)
Søren Brandt (1974)
Mike Shinoda (1977)

Tiande januar

I 1962 kom Clifford Lee Burton til verda i Castro Valley i California. Bassisten Cliff Burton spelte på dei tre fyrste studioplatene som Metallica slepte. Hjå meg kan Burton høyrast på studioplatene Kill ‘Em All (1983), Ride The Lightning (1984) og Master Of Puppets (1986), i tillgg til den doble Ep’en Creeping Death/Jump In The Fire (1984). Burton omkom då Metallica sin turnébuss kvelva på motorvegen utanfor Stockholm i 1986.

Andre jubilantar
Rockin’ Dopsie (1932-1993)
Sture Åkerberg (1935-1997)
Roberta Flack (1937)
Kenny Rankin (1940-2009)
Chris Ethridge (1947-2012)
Nigel Olsson (1949)
Corky James (1954)
Walter Afansieff (1958)
Laura Dern (1967)
Lars Halapi (1967)

Niande februar

I 1947 kom Joe Ely til verda i Lubbock i skytegale Texas. Ely har eit stort namn innom fleire ulike sjangrar innom folk-rock konseptet, men hjå meg høyrest han i ei uvant rolle som hjelpevokalist på The Clash sin superhit Should I Stay Or Should I Go, som eg for sikkerhets skuld har sikra meg på to ulike plater, studoplata Combat Rock frå 1982, samt samleplata The Singles (2007).

Andre jubilantar
Wayne Moss (1938)
Red Lane (1939-2015)
Carole King (1942)
Dennis "D.T." Thomas (1951)
Bill Evans (1958)
David Rothary (1963)
Gjermund Landrø (1980)

Åttande februar

I 1961 vart Vincent Neil Wharton fødd i Hollywood i California. Racingentusiasten Vince Neil er til dagleg vokalist i Mötley Crüe, og sjølv om han hadde ein fem år lang racingpause frå 1992 til 1997 var han bandet sin frontfigur fram til dei inngjekk avtale om at ingen av bandmedlemmene skal forsøke å melke bandnamnet lengre. Eg har ein Crüe-konsert under jakken og skulle gjerne stilt opp fleire gonger, men ser at det er like greitt om ein heller kosar seg med gamle minner. Hjå meg kan du høyre Neil på platene Too Fast Fo Love (1981), Shout At The Devil (1983) og Theatre Of Pain (1985), reine slagerparraden, i tillegg til samleplata Classic Mötley Crüe.

Andre jubilantar
Fito de la Parra (1946)
Pytten (1950)
Paul Barker (1958)
Stuart Hamm (1960)
Torkild Viig (1963)
Guy-Manuel (1974)
Dave «Phoenix» Farrell (1977)
Anna-Lynne Williams (1978)
Seidmann (1978)

07.02.2018

Sjuande februar

I 1948 kom David Richard Campbell til verda i den kanadiske storbyen Toronto. Komponisten, plateprodusenten og scientologen David Campbell har delteke på meir enn 450 plateproduksjonar, og produsert plater for kjende artistar som Kiss, Metallica og Linkin Park, med fleire. I mi platehylle kan Campbell høyrast medan han spelar fiolin på sonen Beck, si plate Midnite Vultures frå 1999. Campbell er vidare kreditert for strengearrangement for Jackson Browne studioplata Late For The Sky (1975), Bon Jovi si plate These Days (1995), for Green Day på Nimrod (1997), for Black Crowes på By Your Side (1998), for Linkin’ Park på Meteora (2003), og på I.R.M., som Charlotte Gainsbourg slepte i 2009. Campbell er også krediter for å spele Harmonium på Willie Nelson si studioplate Across The Borderline (19939, strengjeinstrument på eitt spor på Hole si plate Celebrity Skin frå 1998, for å traktere både messingblåsarar og strengjeinstrument på plata So Much For The City, som irske The Thrills slepte i 2003. Og som om det ikkje var nok, fungerte Campbell som dirigent på fleire spor på Meat Loaf si tredje Bat Out Of Hell-plate The Monster Is Loose frå 2006.

Ander jubilantar
Milton Holland (1917-2005)
Malando Gassama (1946-1999)
Alan Lancaster (1949)
Bruce Gaitsch (1953)
Dieter Bohlen (1954)
Jimmy Z (1955)
Brian Travers (1959)
David Bryan (1962)
Wes Borland (1975)

Sjette februar

I 1945 kom Robert Nesta Marley til verda i Nine Mile i Jamaica. Den jamaikanske reggaeartisten Bob Marley er til dags dato den internasjonalt best kjende reggaeartisten verda har sett, og har, som rockekongen Elvis Presley, opplevd større suksess etter at han døyde. I tillegg til det faste bandet, The Wailers, spelte Marley tidleg i karrieren saman med dei to landsmennene Bunny Wailer og Peter Tosh, som begge hadde stor suksess på eiga hand etter at samarbeidet opphøyrde. Marley si musikalske arv omfattar, i tillegg til udødlege hits, ein stor og musikalsk barneflokk, som han laga i lag med kona Rita Marley. Hjå meg kan legenda høyrast på samleplata Legend frå 1984, i tillegg til dei uoffisielle samleplatene Collection Gold (1991) og His 24 Greatest Hits (1998) og This Is Bob Marley & The Wailers – The Very Best Of (2001). Bob Marley døyde av kreft, etter kort sjukeleie i 1981.

Andre jubilantar
Bernie Glow (1926-1982)
Nelson Boyd (1928-1985)
John Pisano (1931)
Tony Andreason (1943)
Bob Marley (1945-1981)
Richie Hayward (1946-2010)
Kate McGarrigle (1946-2010)
Dennis Godburn (1949-2011)
Malcolm Young (1953-2017)
Scott Kempner (1954)
Jerry Marotta (1956)
Simon Phillips (1957)
W. Axl Rose (1964)

Femte februar

I 1964 vart Michael Andrew McKagan fødd i grungebyen Seattle i Washington. Duff McKagan var lenge gitarist i bandet Guns N’Roses og i mi platesamling kan han høyrast på bandet sine fem studioplater, Appetite For Destruction (1987), Lies (1988), Use Your Illution I & II (1991) og The Spaghetti Incident? (1993). I tillegg kan McKagan sitt gitarspel høyrast på Velvet Revolver si debutplate Contraband frå 2004, samt at han er kreditert for å spele bass på eit spor på Iggy Pop si samleplate Nude & Rude – The Best Of Iggy Pop (1996).

Andre jubilantar
Hal Blaine (1929)
Al Kooper (1944)
Geriant Watkins (1951)
Cliff Martinez (1954)
Vinnie Colaiuta (1956)

04.02.2018

Fjerde februar

I 1948 vart predikantsonen Vincent Damon Furnier fødd i Ford-byen Allen Park i Michigan. Alice Cooper var eigentleg namnet på eit band Furnier var med å starte i 1966, men frå 1972, etter rettstvist om rettane til namnet er det i dag Furnier som er kjend som Alice Cooper. Både bandet og artisten har hatt fleire storselgjande plater frå starten og utover og hjå meg høyrer du studioplatene Billion Dollar Babies (1973) og From The Inside (1978), samleplata The Beast Of Alice Cooper (1989), samt rariteten Nobody Likes Me, som stammar frå ein konsert i Canada på slutten at syttitalet. I tillegg kan Alice Cooper si røyst høyrast på fleire spor på Guns ‘N Roses si hypa studioplate Use Your Illution I frå 1991.

Andre jubilantar
Barry Beckett (1943-2009)
Jimmy Johnson (1943)
Noodles (1963)
Brain (1963)
Spike (1968)
Natalie Imbruglia (1975)

03.02.2018

Tredje februar

I 1956 vart Lee M. Ranaldo fødd i Glen Cove på Long Island i New York. Lee Ranaldo var med å starte støyrockbandet Sonic Youth i 1981 og har markert seg såpass at han i fleire kåringar har plassert seg trygt inne på lista over verdas femti beste gitaristar. I tillegg til Sonic Youht har Ranaldo vore involvert i ei rekkje side- og soloprosjekt. Hjå meg kan Ranaldo høyrast på platene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street (2002).

Andre jubilantar
Snooky Young (1919-2011)
Eric Haydock (1942)
David Davies (1947)
Lol Tolhurst (1959)
Børge Petersen-Øverleir (1967)
Herbrand Larsen (1973)

Andre februar

I 1942 vart Graham William Nash fødd i tivolibyen Blackpool i eit krigsherja England. Graham Nash slo gjennom med eit brak i den engelske gruppa The Hollies, som etter kvart har fått sitt bidrag til mi platesamling med samleplata 20 Great Love Songs. Nash takka etter kvart for seg i The Hollies og tok turen over dammen, der han starta eit samarbeid med dei to herrane David Crosby og Stephen Stills i meir kjende Crosby, Stills & Nash (& Young) og fleire bidrag frå dette samarbeidet kan høyrast på Neil Young si Greatest Hits-plate frå 2004. Nash er også kreditert for å spele gitar og syngje på kompisen David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971, og han spelar gitar og perkusjon, i tillegg til å yte vokalhjelp på plata Zuma, som Neil Young og kompisane i Crazy Horse slepte i 1975.

Andre jubilantar
Joe Mondragon (1920-1987)
Ross Valory (1949)
Alphonso Johnson (1951)
Jan Magne Førde (1962)
Rune Lindstrøm (1963)
Robert DeLeo (1966)
Sam Littlemore (1975)

Fyrste februar

I 1939 vart Joseph Leslie Sample fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Pianisten Joe Sample var ein av grunnleggjarane av Jazz Crusaders, og hans elegante tangentleik kan hjå meg høyrast på Joan Baez si studioplate Diamonds And Rust (1974), studioplata Amandala, som trompetlegenda Miles Davis gav ut i 1989, og på Riding With The King, som var eit samarbeid mellom B.B. King og Eric Clapton og kom på marknaden i 2000, i tillegg til Queen Latifa si plate Travlin’ Light frå 2007. Sample døyde i 2014.

Andre jubilantar
Don Everly (1937)
Del McCoury (1939)
Mike Campbell (1950)
Bugge Wesseltoft (1964)
Patric Wilson (1969)
Ron Welty (1971)

Trettifyrste januar

I 1956 kom John Joseph Lydon til verda i Holloway i London. Vokalisten Johnny Rotten tok verda med storm då han i ein kort og hektisk periode på slutten av syttitalet var frontfigur for punklegendene Sex Pistols. Seinare starta Lydon det langt meir raffinerte Public Image Ltd.. «Eg var med å endre rocken to gonger!» hevdar Lydon i dag. Hjå meg høyrer du Lydon på samleplata Flogging A Dead Horse, som var Sex Pistols sitt bidrag til populærkulturen i 1980, og Metal Box (Second Edition) (1979) og This Is What You Want…This Is What You Get (1984), begge med Public Image Ltd.

Andre jubilantar
Charlie Musselwhite (1944)
Frank Ricotti (1949)
Phil Manzanera (1951)
Jeff Hanneman (1964-2013)
Al Doughty (1966)
Chad Channing (1967)
Jason Cooper (1967)
Justin Timberlake (1981)