18.03.2012

Attande mars

Attande mars 1961 vart Grantzberg Vernon Hart fødd i Minesota. Grant Hart var trommis i bandet Hüsker Dü. I 1964 kom saksofonisten Courtney Pine til verda i London. Pine arbeidar vanlegvis på jazzscena, men han kan i mi platesamling høyrast på Mick Jagger si plate Wandering Spirit frå 1993. I 1966 vart Alice In Chains-gitaristen Jerry Fullton Cantrell fødd i Tacoma i den amerikanske delstaten Washington. Cantrell vert rekna som ein av dei som, saman med Nirvana og eit par andre band, drog i gang Grunge-eventyret i Seattle på slutten av 1980-talet. Enn så lenge må du nøye deg med platene Facelift og Dirt om du vil høyre Cantrell sitt gitarspel hjå meg. I 1967 slepte ein ung Jimi Hendrix, med bandet Experience i ryggen, singelen Purple Haze som klatra så høgt som til fjerdeplass på dei engelske listene. I 1969 nytta den same Jimi Hendrix dagen til å gå i studio og spele inn ein av sine mest kjende songar, Star Spangled Banner. I 1971 nytta The Who datoen til å reise til New York for å gå i gang med innspelinga av Getting In Tune. Songen hadde eigentlege arbeidstittelen I’m In Tune. Dei tok seg også tid til å spele inn det som vart originalversjonen av Behind Blue Eyes. I 1977 slepte The Clash singelen White Riot, som nådde trettiåttandeplass på dei engelske singellistene. Frå 1978 hugsar me AC/DC sin opptreden på skotsk fjernsyn der dei rocka seg gjennom Riff Raff, Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog, Bad Boy Boogie, Let There Be Rock og (I’m A) Rocker. Me som ikkje fekk inn skotsk fjernsyn på syttitalet har i dag fått høve til å nyta dette opptaket på DVD-plata Let There Be Rock frå tyske Falkon Neue Medien. I 1980 var Johnny Cash i studio i Nashville og spela inn Song Of The Patriot, songen kan høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1991 spelte AC/DC inn video til Are You Ready. Produsent var som vanleg David Mallet. I 2011 heldt dei finske alternativrockarane i 22 Pistepirkko ein flott konsert på Garage i Bergen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar