30.06.2012

Trettiande juni

Trettiande juni 1957 vart Trond Berg fødd. Berg er gitarist og gjorde teneste i C C Cowboys frå 1989 til 1996 og spelte på fem av bandet sine plater. Hjå meg kan Berg høyrast på samleplata Ekko CC Cowboys Beste frå 1998. I 1962 kom Lars Lillos Stenberg til verda i Oslo. Mannen har, i tillegg til å skrive tekst og melodi til dei fleste songane, også lånt namnet sitt til eit av dei mest markante banda i Noreg dei siste tretti åra, de Lillos. Mi platehylle inneheld sju meisterverk frå de Lillos. I 1967 gav The Who ut sin versjon av Rolling Stoneslåta Under My Thumb. Innspelinga var meint som støtte for dei to låtskrivarane Jagger og Richards som var fengsla for narkobruk. I 1977 gav Kiss ut plata Love Gun og fekk, som fyrste gruppe nokon sinne, fire plater inne på Record World si topp 100 liste. Utgjevinga samanfall også med at teikneseriegiganten Marvel gav ut den fyrste Kiss-teikneserieboka, som selde i meir enn åtte hundre tusen eksemplar. I 1986 kom Madonna si tredje studioplate, True Blue. Plata skal ha toppa platelistene i så mykje som tjueåtte land over heile verda, noko som må seiast å vere ein grei prestasjon. I 1997 gav Prodigy ut plata The Fat Of The Land, som inneheldt superhitten Smack My Bitch Up. I 1998 slepte Lucinda Williams plata Car Wheels On A Gravel Road, der countrydronninga Emmylou Harris hjelpte til på vokalen. Same dag kom Rancid si plate Life Won’t Wait på marknaden. Plata var den siste dei gav ut på Epitaph Records.

29.06.2012

Tjueniande juni

Tjueniande juni 1948 kom Ian Anderson Paice til verda i skogvaktarheimbyen Nottingham. Trommeslagaren Ian Paice er kjend for stødig takt for tungrockarane Deep Purple og er den einaste av medlemmene som kan høyrast på alle bandet sine plater. I mi platesamling kan Paice høyrast på studioplatene Machine Head frå 1972, Burn (1974), og Come Taste The Band (1975), i tillegg til konsertplata Nobodys Perfect frå 1988, og samleplata Power House frå 1977. I 1953 vart Mitchell Froom fødd. Froom har ei omfattande merrittliste som plateprodusent, men kom opphavieg inn i musikkbransjen som keyboardspelar. Hjå meg kan tangentspelet hans høyrast på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. I 1961 kom gitaristen Greg Hetson til verda i Brookly i New York City. Hetson har laga gitarbråk i diverse punkband sidan han starta si aktive karriere i 1979, og kan i mi platesamling høyrast på veteranane Bad Religion sine plater Stranger Than Fiction (1994) og No Substance (1998). I 1964 døyde Eric Dolphy, same dag som Johnny Cash fullførde innspelinga av My Old Faded Rose. I 1975 døyde Tim Buckley. I 1992 gav Iron Maiden ut singelen From Here To Eternity. Songen klatra til tjuefyrsteplass på listene. I 2011 spelte ein sytti år gamal Bob Dylan i storform på Koengen i Bergen. Superstjerna si entré på Koengen fekk eit bastant skydekke til å sprekkje opp, og sjølv og røysta var rusten, trilla klassikarane ut som perler på ei snor.

28.06.2012

Tjueåttande juni

Tjueåttande juni 1960 kom Claudia Fontaine til verda i London. Claudia Fountaine er ein høgt skatta hjelpevokalist med mange store plateinnspelingar på merittlista. Hjå meg kan Fontaine høyrast på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1964 gjekk Johnny Cash i studio og byrja innspelinga av My Old Faded Rose. Innspelinga vart fullførd dagen etter, men hamna i arkiva fram til samleplata Love vart gjeven ut i 2000. I 1967 var The Who i CBS Studios i London og spelte inn ein versjon av rebellen Eddie Cochran sin legendariske sumarhitt, Summertime Blues. Samstundes sat managerlegenda Kit Lambert i De Lane Lea Studios ein annan stad i storbyen og la siste hand på verket i produksjonen av The Who sin versjon av Stones-låta Under My Thumb. I 1970 spelte Janis Joplin og Full Tilt Boogie Band på The Canadian Festival Express. Full Tilt Boogie Band var set saman av John Till på gitar, Richard Bell som spelte piano, Ken Pearson på orgel, Brad Campbell på bass og trommeslagaren Clark Pierson. Frå denne konserten kan songen Tell Mama høyrast på plata Farewell Song frå 1982 og Try er i mi platesamling å finna på samleplata Janis. I 1977 kom Mark August Stoermer til verda i den amerikanske oljehovudstaden Houston i Texas. Mark Stoermer er bassist i det Las Vegas-baserte bandet The Killers. I 1980 var Toy Dolls på farten i Hundingdon Club i Stanley. I 1993 kom den doble konsertplata Live & Loud frå den evigunge skrekkrockaren Ozzy Osbourne.

27.06.2012

Tjuesjuande juni

Tjuesjuande juni 1958 vart Lisa Ruth Germano fødd i Mishawaka i Indiana. Multiinstrumentalisten Lisa Germano kan hjå meg høyrast medan ho spelar fiolin på platene The Fire Inside frå Bob Seger And The Silver Bullet Band, og Real Life frå Simple Minds, begge slepte i 1991. I 1973 spelte The Who inn 5.15 i Thesally Road i Battersea. 5.15 vart utgjeven som singel i september same året og nådde tjuandeplass på listene. Songen kan elles finnast på plata Quadrophenia og ei rekkje samleplater. I 1981 gav Motörhead ut liveplata No Sleep ’Til Hammersmith. I 1989 kom The B-52’s si femte studioplate, Cosmic Thing, på marknaden. I 1993 stod The Smashing Pumpkins si andre studioplate, Siamese Dreams, i platehyllene. I 1995 slepte Bon Jovi sitt sjette studioalbum, These Days, som produserte ei rekkje singelhits. I 2002 døyde The Who-bassisten John Entwistle på eit hotellrom i Las Vegas. Dødsårsaka var hjartestans. Same dag døyde Russ Freeman, også han i Las Vegas, truleg utan at det var nokon samanheng mellom dei to hendingane.

26.06.2012

Tjuesjette juni

Tjuesjette juni 1937 kom Reginald Workman til verda i Philadelphia. Bassisten Reggie Workman sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på John Coltrane si plate Olé Coltrane frå 1961, som er ei av tre plater Workman gjorde med Coltrane. I 1942 vart Samuel Taylor fødd i verdsmetropolen New York. Bassisten Larry Taylor har spelt med store namn som Jerry Lee Lewis og Canned Heat, men i mi platehylle er det som ein del av Tom Waits sitt band han kan høyrast. Taylor sitt basspel kan høyrast på Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variations (1999). I 1955 kom Michael Lewis Jones til verda i London. Mick Jones voks etter kvart opp til å bli gitarist i The Clash, eit karriereval som har gjeve han legendestatus over store delar av den vestlege verda. Jones sitt bidrag til platehylla mi kan høyraste på platene Combat Rock frå 1982, og samleplata The Singles, som vart slept i 2007. Jones samarbeidar også med tidlegare Clash-kollega Paul Simonon på Gorillaz-plata Plastic Beach frå 2010. I 1956 kom Christopher Joseph Isaak til verda i Stockton i California. Chris Isak er artist og, innimellom skodespelar, og er representert med to titlar hjå meg, Wicked Game (1991) og San Francisco Days (1993), så langt, det kjem meir. I 1957 vart Patty Smyth fødd i New York City. Smyth har hatt suksess både som bandmedlem og soloartist, men er for tida best kjend for å vere gift med det tidlegare tennisesset John McEnroe. Hjå meg kan Smyth høyrast som hjelpevokalist på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1979 kom Ivan Nathan Followill til verda i Oklahoma. Nathan Followill er trommeslagar i bandet Kings Of Leon, der han spelar samen med to av brørne sine. I 1987 var Toy Dolls i Hendersons Hall i Newcastle. I 1990 slepte Sonic Youth si sjette studioplate, Goo. Dette var den fyrste bandet slepte på eit av dei store plateselskapa, Geffen. I 2010 døyde Benny Powell.

25.06.2012

Tjuefemte juni

Tjuefemte juni 1946 kom Allen Lanier til verda. Lanier var ein av grunnleggjarane av Blue Öyster Cult og spelte keyboard og gitar. Lanier hadde eit opphald frå bandet frå 1985 til 1987 og slutta for godt i 2006. Hjå meg kan Lanier høyrast på plata Spectres frå 1977. I 1954 vart David Frank Paich fødd i Los Angeles i California. David Paich er best kjend som tangentmann og komponist i Toto, men kan hjå meg høyrast på Boz Scaggs si plate Dig frå 2001. I 1961 fekk Elvis Presley festa (Marie’s The Name) His Lastest Flame til lydband. Musikken var ved The Jordanaires. I 1962 kom Phillip Christopher Jupitus til verda på den legendariske festivaløya Isle Of Wight i den engelske kanalen. Stand-Up komikaren Porky sitt bidrag til mi platehylle kan hjå meg høyrast på plata Workers Playtime, som Billy Bragg slepte i 1988. I 1963 vart Georgios Kyriacos Panayiotou fødd nord i London. Songaren George Michael vart kjend gjennom duoen Wham, men har seinare gjort seg merkt med ei suksessrik solokarriere, suplert med uheldige runkeepisodar på offentlege toalett. Hjå meg finn du Michael si soloplate Listen Without Prejudice Vol. 1 (1990), i tillegg til ein duett med Aretha Franklin på hennar plate Aretha, frå 1986. I 1969 var Led Zeppelin i Morgan Studios i London og spelte inn We’re Gonna Groove. Resultatet kan høyrast på plata Coda som kom ut på Swan Song i 1982. I 1970 var Jimi Hendrix i Electric Ladyland Studios med Cry Of Love Band for å fullføre Freedom. Dei rakk òg å gjere dei fyrste innspelingane av Drifting. I 1971 kunne ein kjøpe ein kortversjon av ein av The Who sine signaturlåtar, Won’t Get Fooled Again, som singel. I 1996 slepte Biohazard den fjerde studioplata si, Mata Leão. I 2002 kom det amerikanske Ska-punk-bandet Reel Big Fish med plata Cheer Up!, medan kultpunkarane i Sonic Youth slepte Murray Street, bandet si tolvte plate.

24.06.2012

Tjuefjerde juni

Tjuefjerde juni 1944 kom Geoffrey Arnold Beck til verda i Wallington ved London. Gitaristen Jeff Beck si karriere let seg vanskeleg oppsumere på liten plass, men tida med Yardbirds, Jeff Beck Group og ei rekkje andre samarbeidsprosjekt har resultert i uendeleg mykje bra musikk. I mi samling finn ein plata Who Else frå 1999. I tennisforstaden Wimbledon på ei anna side av London vart Mike de Albuquerque fødd. Bassisten Albuquerque spelte i Electric Light Orchestra frå 1972 til 1974 og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1947 kom Michael John Kells Fleetwood til verda i idylliske Cornvall. Mick Fleetwood er sjølvaste Mr. Fleetwood Mac og har vore med i det engelske bluesrockbandet frå byrjinga i 1967 og har overlevd alle besetningar. Hjå meg er Fleetwood representert med to bidrag frå Fleetwood Mac, samleplata Greatest Hits frå 1971, og den legendariske storselgjaren Rumours frå 1977. I tillegg kan Fleetwood høyrast medan han held takten for Johnny Cash på songen Sea Of Heart Break på plata Unchained frå 1996. I 1961 vart Curt Smith fødd i den engelske småbyen Bath. Smith var den eine halvleiken av den engelske duoen Tears For Fears. I 1967 kom Richard Zven Kruspe til verda i den historiske byen Wittenberg. Richard Z. Kruspe er gitarist og hjelpevokalist i Rammstein. I 1974 fekk verda servert Sweet Home Alabama frå sørstatsrockarane i Lynyrd Skynyrd. Songen med det drivande og lettkjennelege refrenget er eigentleg eit tilsvar på Neil Young sin song Southern Man, som ikkje er særleg flatterande for den gjennomsnittlege sørstatsamerikanar. I 1978 vart Nikolai Eilertsen fødd i Skotselv. Bassisten Eilertsen kan hjå meg høyrast på Bigbang sine plater Electric Psalmbook (1999), Clouds Rolling By frå 2000, og Too Much Yang (2007).

23.06.2012

Tjuetredje juni

Tjuetredje juni 1929 kom Valerie June Carter til verda i Hiltons i Virginia. June Carter hadde ei etablert karriere saman med fleire slektningar i songgruppa The Carter Family frå siste helvleik av førtitalet, og var stor stjerne «over there», men her heime er ho for, dei fleste, best kjend for eit langt og givande ekteskap med countrystjerna Johnny Cash. Før ekteskapet med Johnny var June gift med komponisten Carl Smith, eit ekteskap som resulterte i dottera Carlene Carter. Det vert hevda at June gav opp si eiga karriere for å stå bak ektemannen, men ho har pleia si eige karriere som låtskrivar og har mellom anna skrive teksten til songane Ring Of Fire, som heldigvis ikkje dukka opp i reklame for hemoroidekrem, slik nokre driftige reklamemenn ville, og Jackson, som ho framfører i duett saman med ektemannen. I tillegg kan June Carter høyrast som kordame på fleire av Johnny sine innspelingar og ho er også representert i mi platehylle med samlinga Collections der ekteparet syng utvalde duettar. I 1956 vart Randall Darius Jackson fødd i Baton Rouge i Louisiana. Bassisten Randy Jackson har gjort seg merkt på ei rekkje frontar i underhaldningsbransjen, hjå meg kan han høyrast på samleplata Greatest Hits, som Journey slepte i 1988, og på Bon Jovi si plate These Days frå 1995. I 1958 vart Christopher John Holmes fødd i Glendale i California. Den sterkt alkoholiserte tidlegare W.A.S.P.-gitarist Chris Holmes er utvilsamt ein av rockens største klyser. Karrieren hans etter at han forlét, eller vart sparka frå, W.A.S.P. har hatt ei sterkt nedoverpeikande kurve og sjølv om han stadig er involvert i nye prosjekt, er det klart for alle som bryr seg med å sjå etter at han lev mest på gamle merittar. I mi platesamling kan Holmes høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts, som W.A.S.P. slepte i 1994. I 1959 kunne Big Hunk O’Love kjøpast på plate. Artist var Elvis Presley og bandet var leia av gitaristen Hank Garland. Platekjøparane heldt plata på fyrsteplassen i USA i to veker, i England heldt det berre til andreplass. I 1960 vart produsent og musikar Brendan O’Brien fødd i Atlanta i Georgia. O’Brien har ei imponerande merittliste som produsent for andre musikarar, men i mi platesamling kan han høyrast medan han spelar gitar for Mick Jagger på plata Wandering Spirit frå 1993. I 1967 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio og spela inn Sweet Pea, komponert av Wayne Shorter som var med på tenorsaksofon. Songen vart gjeven ut på samleplata Water Babies frå 1976. I 1992 kom B-52s si sjette studioplate, Good Stuff, på marknaden. På denne plata måtte den glade gjengen klare seg utan Cindy Wilson, ei av dei originale bandmedlemmene som i dag heldigvis er attende i bandet. I 1998 nytta R.E.M. medlemmen Pete Buck sitt sideprosjekt, Tuatara, denne dagen til å gje ut plata Trading With The Enemy. I 2000 slepte J.J. Cale samleplata Classics i plateselskapet Mercury sin Universal Masters Collection. I 2009 gav Cheap Trick ut plata The Latest. Denne kom som gratisbilag i Classic Rock Magazine si desemberutgåve året etter, og det er den eg har sikra meg. I 2010 døyde Pete Quaife.

22.06.2012

Tjueandre juni

Tjueandre juni 1936 kom Kristoffer Kristian Kristofferson til verda i Brownsville i Texas. Artisten, skodespelaren og tekstforfattaren Kris Kristofferson er best kjend for å ha skrive songar som Me And Bobby McGee, udødleggjort av Janis Joplin, og songen som skildrar fyllesjuke og einsemd betre enn nokon annan, Sunday Morning Coming Down. Dei som vitjar meg for å høyre Kristofferson synge, må nøye seg med å høyre det han gjorde saman med tre andre outlaws, Johnny Cash, Willie Nelson og Waylon Jennings, i gruppa Highwayman. I 1943 kom trommeslagaren Ralph Molina til verda i Puerto Rico. Molina er best kjend for å halde takten for Neil Young sine husrockarar, Crazy Horse. Hjå meg kan trommespelet hans høyrast på platene Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Re-Ac-Tor (1981) og Sleeps With Angels frå 1994. I 1948 vart Todd Harry Rundgren fødd i Pensylvania. Rundgren var ein gong sett på som rocken sin nye wunderboy, han har ei fortid i bandet Nazz og har gjort ei rekkje soloinnspelingar, men han er likevel best kjend som ein høgt skatta studiomusikar og produsent. I 1953 såg Cynthia Ann Stephanie Lauper dagens ljos. Cyndi Lauper er best kjend for kjempehitten Girls Just Want To Have Fun, men hjå meg er det som hjelpevokalist for The Hooters ho kan høyrast, nærare bestemt på songen Boys Will Be Boys frå plata Out Of Body frå 1993. I 1957 kom Garry William Beers til verda i den australske byen Manly. Garry Gary Beers har tent til livets opphald som bassiste i det australske bandet INXS og er representer på to ulike plater hjå meg. I 1960 var Count Basie i Columbia Studios for å spele inn Taps Miller som kan høyrast på plata Atomic Swing. I 1961 kom James William Somerville til verda i den skotske storbyen Glasgow. Songaren Jimmy Somerville er best kjend for å syngje i band som Bronski Beat og The Communards, men hjå meg er det som hjelpevokalist på Fine Young Cannibals si sjølvtittelerte debutplate frå 1985 han kan høyrast. I 1962 vart Andreas Frege fødd i tyske Düsseldorf. Frege nyttar signaturen Camino når til dagleg tenar til livets opphald i det ufatteleg kule bandet Die Toten Hosen, men i mi platesamling er det som gjestevokalist på songen Raise Your Voice frå Bad Religion si plate No Substance frå 1998 han kan høyrast. I Glasgow kom Robert Bernard Andrew Gillespie til verda. Bobbie Gillespie er sjefen i bandet Primal Scream, han har også gjort teneste som trommeslagar for bandet The Jesus And Mary Chain, der han hjå meg kan høyrast på debutplata Psychocandy. Hjå meg høyrer du i tillegg Gillespie på Primal Scream-platene Screamadelica, XTRMNTR og Beautiful Future. I 1964 Michael James Edwards fødd i London. Mike Edwards er både gitarist og vokalist i Jesus Jones og hjå meg kan han høyrast på plata Doubt frå 1991. I 2001 underheldt AC/DC på Stade De France i Paris. Dei frammøtte fekk høyre Hard As A Rock, Hells Bells og Ride On, som alle kan høyrast på DVD-samlinga Plug Me In. I 2004 slepte Wilco si femte studioplate A Ghost Is Born.

Tjuefyrste juni

Tjuefyrste juni 1944 kom Raymond Douglas Davies til verda i London. Ray Davies var den kreative krafta i The Kinks, som han starta saman med broren Dave. I dag er Davies kjend som ein gamal grinebitter som berre kritiserar andre musikarar for at dei ikkje veit noko om korleis god musikk skal lagast, noko han sjølv ikkje har gjort på ganske mange år. Hjå meg kan Davies høyrast på samleplata Greatest Hits. I 1950 vart Joseph Michael Kramer fødd i bydelen Bronx i New York City. Trommeslagaren Joey Kramer er mest kjend for å ha heldt takten for Aerosmith gjennom mange år. Hjå meg høyrer du Kramer på platene Draw The Line og Rocks. I 1951 vart gitaristen Nils Hilmer Lofgren fødd i Chicago. Nils Lofgren spelar til vanleg gitar for Bruce Springsteen, men kan i mi platesamling høyrast på Neil Young si plate Tonights The Night frå 1975. I 1952 kom Marcella Levy til verda i Detroit. Marcella Detroit er dama som skreiv Eric Clapton-slagaren Lay Down Sally, og bidraget til mi platehylle finn du som hjelpevokalist på Alice Cooper si plate From The Inside frå 1978. I 1957 kom Mark Michael Brzezicki fødd i engelske Slough. Trommisen Mark Brzezicki er best kjend for arbeidet han gjorde med Big Country. Hjå meg kan han høyrast på plata The Seer frå 1986. I 1961 vart José-Manuel Thomas Arthur Chao Ortega fødd i Paris. Manu Chao er ein av verdas framste artistar på den såkalla alternativscena. Han har gjeve ut plater med band som Hot Pants og Mano Negra, men har i dag støtte frå bandet Radio Bemba. Eg er lukkeleg eigar av soloplatene Clandestino, Esperanza og Radio Bemba Sound System. Frå gamle dagar er samlinga av Mano Negra-plater tilnærma komplett. Chao kan også, truleg for å forvirre platekjøparane, eller avleie fiendar, finne på å nytte aliaset Oscar Tramor. I 1967 kom Tim Simenon til verda i Brixton. I mi platehylle har Bomb The Bass-sjefen lagt beats på Neneh Cherry si debutplate Raw Like Sushi frå 1989. I 1976 gav Gasolin’ ut si fyrste konsertplate, Live Sådan, ei dobbelplate som vart spela inn gjennom ein vinterturné same år. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast på Walkerville Hotel i Catterick. Kvelden bydde også på konsert med Bob Seger & The Silver Bullet Band i Cobo Hall i Detroit. We’ve Got Tonight på liveplata Nine Tonight. I 1981 kom Richard Brandon Flowers til verda i gamblingstaten Nevada. Brandon Flowers var ein av grunnleggjarane av bandet Killers og kan hjå meg høyrast på bandet sine to fyrste studioplater. I 1985 var Mötley Crue si tredje studioplate, Theatre Of Pain, på plass i butikkane. Plata er ei hylling av Hanoi Rocks sin trommeslagar Razzle, som omkom i ei bilulukke der Crue-vokalist Vince Neil var førar. I 2000 spelte Oasis på Wembley Stadium i London. Hendinga vart spelt inn og kan høyrast på plata Familiar To Millions som kom ut same året. I 2001 døyde John Lee Hooker.

20.06.2012

Tjuande juni

Tjuande juni 1928 kom Eric Allan Dolphy til verda i Los Angeles. Saksofonisten Eric Dolphy gjorde seg merkt på den amerikanske jazzscena på femti- og fyrste halvleik av sekstitalet og kan hjå meg høyrast på John Coltrane si plate Olé Coltrane frå 1961. Dolphy døyde i 1964. I 1942 vart verdas fremste strandgut, Brian Wilson, fødd i Inglewood i solrike California. Wilson er kjend som komponist og bassist i Beach Boys og når sant skal seiast var han mannen bak både songane, dei flotte vokalharmoniane og den fantastiske sounden. I tillegg til eit par Beach Boys-plater av varierande kvalitet er eg så heldig at eg også eig ei av Wilson sine soloplater, Pet Sounds Live frå 2002. Det er berre å konkludere med at sjølv om mykje av stoffet er gamalt, held det seg fantastisk bra og er vel verdt å lytte til også i dag. I 1948 kom Alan Longmuir til verda i Edinburgh. Longmuir spelte bass i bandet Bay City Rollers, eit band han, saman med broren Derek, var med å starte i 1966. I 1968 vart Eric Dwayne Collins fødd i Long Beach i California. Raparen RBX kan i mi platehylle høyrast med vokalhjelp på Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. I 1973 var The Who i Ronnie Lane sitt mobile studio og spelte inn We Close Tonight. Songen var meint for filmen/plata Quadrophenia, men enda ei stund opp som eit uutgjeve spor, før det enda opp på plata Odds & Sods i 1974. I 1975 gav ein ung og aktiv Neil Young ut plata Tonight’s The Night. Plata bestod av opptak som var spela inn så lenge som to år tidlegare. I 1979 kom Charlotte Franklin Hatherley til verda i London. Gitaristen Charlotte Hatherley kan hjå meg høyrast frå tida ho tenestegjorde i bandet Ash. I 1980 vart levande versjonar av Fire Lake og Night Moves spela inn i Cobo Hall i Detroit. Artistar var Bob Seger & The Silver Bullet Band og musikken kan høyrast på liveplata Nine Tonight som kom ut i april året etter. I 2000 slepte Madball plata Hold It Down. I 2003 vitja Angus og Malcolm Young dei aldrande rockarane i Rolling Stones på scena i Leipzig. Opptaket frå rocken si geriatriavdeling nådde aldri fjernsynsskjermane, men trufaste fans kan nyte det på DVD-samlinga Plug Me In.

19.06.2012

Nittande juni

Nittande juni 1948 vart den engelske artisten Nicholas Rodney Drake fødd i den eksotiske storbyen Rangoon i det som i dag vert kalla Myanmar. Nick Drake rakk berre å gje ut tre plater frå han debuterte i 1969 og nådde aldri store salstal. Likevel vert Drake i dag rekna som ein av dei artistane som har hatt mest påverknad på engelsk popmusikk i dag. Hjå meg finn du debutplata Five Leafs Left, og Pink Moon frå 1972, som var den siste plata han slepte. Drake døyde så altfor ung i 1974. I 1950 kom Ann Dustin Wilson til verda i San Diego i California. Ann Wilson spelar fløyte og er vokalist i bandet Heart, og hjå er ho meg representert med to titlar, Little Queen (1977), med ein av bandet sine best kjende låtar, Barracuda, og konsertplata Rock The House! Live, som kom på marknaden i 1991. I 1963 kom Simon Wright til verda i engelske Oldham. Wright er best kjend som trommeslagar for AC/DC i perioden 1983 til 1989, han har også spela med storleikar som Dio og UFO. I 1966 vart den norske songarinna Silje Nergaard fødd i Steinkjær. Hjå meg kan Nergaard høyrast på plata At First Ligth frå 2001. I 1969 var Grand Funk Railroad i studio og spelte inn tre songar til bruk på plata On Time, som kom på marknaden like over sommerferien same året. Lista tel Call Yourself A Man, Can’t Be Too Long og Ups And Downs, og det er berre å nyte. I 1973 vart Martin Curtis-Powel fødd i stålbyen Sheffield. Bassisten Martin Powel spelte tidlegare i Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på plata Median frå 2000. I 1980 fekk frammøtt publikum høyre Bob Seger & The Silver Bullet Band framføre mellom anna Against The Wind og Feel Like A Number i Cobo Hall i Detroit. Platekjøparane kan oppleve dette, med meir, på liveplata Nine Tonight, som vart tilgjengeleg året etter. I 2001 slepte rapparane i D12 plata Devil’s Night, ein av produsentane var Eminem, ein av bandmedlemmene som verkeleg har gjort seg merkt på eiga hand, og plata gjekk til topps på dei amerikanske listene. I 2005 var Green Day i Milton Keynes og spelte andre og siste konsert som skulle ende opp som konsertplata Bullet In A Bible.

18.06.2012

Attande juni

Attande juni 1942 kom James Paul McCartney til verda i den engelske hamnebyen Liverpool. Alle platesamlingar treng bidrag frå Sir Paul si tid i Beatles, og tida som soloartist, og begge delar er sjølvsagt på plass. Enno manglar nokre spor frå tida i Wings, men gje tol, det kjem. I 1950 vart Rod de’Ath fødd i Wales. Trommeslagaren de’Ath spelte med Rory Gallagher frå 1972 til 1978 og hjå meg høyrer du hans taktfaste bidrag på plata Calling Card frå 1976. I 1960 kom Aaron West Arkeen til verda i franske Neuilly-sur-Seine. West Arkeen voks opp i San Diego, men byrja å markere seg i musikkbransjen då han flytta til Los Angeles og byrja skrive songar saman med Guns ‘N Roses. Hjå meg kan West Arkeen høyrast med gitarspel på eit spor på Guns ‘N Roses-plata Use Your Illution I frå 1991. West Arkeen døyde av ein overdose av narkotiske stoff i 1997. I 1961 vart Richard Alfonso Martinez fødd i California. Oz Fox er gitarist i Stryper, og kan hjå meg høyrast på plata To Hell With The Devil. I 1963 kom Darren Arthur Reed til verda i Hinsdale i Illinois. Tangentmannen Dizzy Reed spelar til dagleg i Guns ‘N Roses og i mi platehylle kan han høyrast på platene Use Your Illution I og II (begge 1991), i tillegg til The Spaghetti Incident frå 1993. Same dag påstod Elvis Presley at (You’re The) Devil In Disguise. Påstanden gav han ei veke på toppen av lista i England, listemakarane i USA bydde på ein tredjeplass. I 1969 var dette ein særs produktiv dag for trioen Grand Funk Railroad, som var i Cleavland Recording Company sitt studio og spelte inn Are You Ready, Anybody’s Answer, Time Machine, T.N.U.C og Into The Sun. Alle songane finn ein på plata On Time, som kom på marknaden seinare same året. I 1970 hadde Cry Of Love Band med Jimi Hendrix i spissen Electric Ladyland Studios for seg sjølv og heldt fram med innspelinga av Freedom. I 1976 gav Led Zeppelin ut singelen Candy Store Rock frå plata Precense. På B-sida kunne kjøparane høyre Royal Oreleans og begge songane var kreditert heile bandet. I 1984 gav alltid like muntre og lettsinna Nick Cave & And The Bad Seeds ut plata From Here To Eternity. I 1996 gav den irriterande dyktige samplaren Beck ut det kritikarroste studioalbumet Odelay, som seinare vart kåra til årets album av det kjende musikkmagasinet Rolling Stone. I 2005 var Judas Priest på scenen i Tweeter Centre i Camden, New Jersey. Same dag heldt Green Day fyrste av to konsertar i Milton Keynes National Bowl i England. Den som vil freiste å gjenopplive konserten kan høyre på konsertplata Bullet In A Bible, som kom seinare same året. I 2007 døyde jazzmusikaren Bill Barber.

17.06.2012

Syttande juni

Syttande juni 1939 kom James Gadson til verda i Kansas City i Missouri. Trommeslagaren Gadson kan hjå meg høyrast på plata I Want You, som Marvin Gaye slepte i 1976. I 1940 vart Charles Walter Rainey III fødd i Cleaveland i Ohio. Bassisten Chuck Rainey sine bidrag til mi platehylle høyrer du på Tim Buckley si plate Greatings From L.A. frå 1972, og på Marvin Gaye si 1976-plate I Want You. I 1944 kom Peter Robinson til verda i Midt-Englad. Gitaristen Chris Spedding har gjeve ut plater under eige namn, han har vore ein snartur innom Roxy Music og i mi platehylle kan gitarspelet hans høyrast på Tom Waits si plate Rain Dogs frå 1985. I 1946 vart Brian John Cole fødd i Enfield i England. B.J. Cole spelar steel-guitar på Joan Armatrading si sjølvtittelerte tredjeplate frå 1976, og for Billy Bragg på plata Workers Playtime frå 1988. I 1947 kom Gregg Alan Rolie til verda i Seattle på den amerikanske vestkysten. Gregg Rolie har vore innom Santana, og er like kjend for å spele i Journey. Hjå meg kan Rolie høyrast på Journey-samleplata Greatest Hits, i tillegg til at han spelar piano for David Crosby på hans solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1953 kom Philip Ryan til verda i den irske hovudstaden Dublin. Ryan nyttar aliaset Phil Chevron når han spelar gitar for folkpunkbandet The Pogues. I mi platesamling kan han også høyrast saman med resten av The Pogues på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road som kom på marknaden i 1988. I 1958 såg Eric Reed Boucher dagens ljos i Boulder i fjellstaten Colorado. Den legendariske amerikanske punkrockaren Jello Biafra vart kjend som drivkrafta bak det amerikanske punkbandet Dead Kennedys og har elles spela med mellom anna DOA, men i mi platesamling er det som hjelpevokalist for Mano Negra på plata Casa Babylon frå 1994, og på eit spor på The Offspring si plate Ixnay On The Hombre frå 1997, han kan høyrast. I 1962 vart den nordirske gitaristen Martin Kennedy fødd i Belfast. Bap Kennedy var leiar for gitarrockebandet Energy Orchard, som har forvilla seg inn i mi platesamling med ei dobbel konsertplate, Orchardville, frå 1996. I Helsingfors kom Matti Antero Kristian Fagerholm til verda. I mi platesamling kan den tidlegare Hanoi Rocks-vokalisten Michael Monroe høyrast med munnspel og saksofon på Guns ‘N Roses si plate Use Your Illution I frå 1991 og med vokalhjelp på same band si The Spaghetti Incident frå 1993. I 1964 vart Steven B. Kravac fødd i kanadiske British Columbia. Plateprodusenten Steve Kravac sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som bakgrunnsvokal på Guttermouth si plate Friendly People frå 1994. I 1967 såg Eric Stefani dagens ljos. Stefani, som er bror av meir kjende Gwen, spelte piano og keyboard i No Doubt i perioden 1986 til 1995. I 1991 slepte Yello plata Baby. I 2003 var AC/DC på plass i Circus Krone i München for å halde konsert. Dei frammøtte fekk høyre Stiff Upper Lip og Thunderstruck, som også kan opplevast på DVD-samlinga Plug Me In.

16.06.2012

Sekstande juni

Sekstande juni 1947 kom Tom Malone til verda på Hawaii. Tom “Bones” Malone spelar dei fleste blåseinstrument, men er best kjend for å spele trombone. Malone er fast medlem av The Blues Brothers og kan elles høyrast på The Band si plate Islands frå 1977. I 1954 vart Doane Perry fødd i Mt. Kisco i den amerikanske delstaten New York. Trommeslagaren Perry slo seg saman med Jethro Tull i 1984 og kan i mi platehylle høyrast på plata Catfish Rising frå 1991. I 1960 var Count Basie sitt storband i Capitol Studios i New York og spela inn 9:20 Special, solistar var, i tillegg til Basie sjølv, Frank Wess på altsaksofon, Frank Foster på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. I 1963 kom den Ben Granfeldt til verda i den finske hovudstaden Helsinki. Gitaristen Granfeldt er best kjend for samarbeidet med det finske showbandet Leningrad Cowboys og kan i mi platesamling høyrast på platene We Cum From Brooklyn frå 1992, Live In Provinz frå 1993, Happy Together frå 1994 og Go Space som kom i 1996. I 1975 var hardarbeidande AC/DC i gang med å spele inn videoar til songane Show Business og Hight Voltage, som begge kan nytast på DVD’en Family Jewels frå 2005. I 1976 vart Cian Ciaran fødd i Bangor. Cian Ciaran spelar til dagleg tangentar for det walisiske bandet Super Furry Animals. I 1978 slepte The Clash singelen (White Man) In Hammersmith Palais, som nådde ein trettiandreplass på dei britiske singellistene. I 1980 stod Toy Dolls for underhaldninga på Annabells i Sunderland. Same kveld held Bob Seger & The Silver Bullet Band hus i Cobo Hall i Detroit. Frå konserten kan ein høyre Hollywood Nights og Betty Lou’s Getting Out Tonight på liveplata Nine Tonight som kom ut året etter. I 1997 kom Radiohead med plata OK Computer. I 1998 slepte Grace Jones samleplata Private Life: The Compass Point Sessions, som er ein dobbel CD med det beste frå dei tre platene dama spelte inn i Compass Point Studios på solfylte Bahamas.

15.06.2012

Femtande juni

Femtande juni 1937 vart countryartisten Waylon Arnold Jennings fødd i Littlefield i skytegale Texas. Waylon Jennings var kompis med den avdøyde rockelegenda Buddy Holly, og han har meir enn seksti plater på samvitet som soloartist. Jennings var også svirrebror med meir meritterte Johnny Cash då dei levde som musikkverdas “Outlaws” på slutten av sekstitalet. Som ein av grunnleggarane av såkalla Outlaw-country var han sjølvskriven medlem då fire stjerner slo seg saman som supergruppa Highwayman, men han er i mi platehylle også representert med plata ’Ol Waylon frå 1977. Jennings la opp som artist eit år før han døyde av diabetes i 2003. I 1943 kom Colin Arthur Wood til verda i London. Tangentmannen Colin Wood kan hjå meg høyrast på Uriah Heep si debutplate Very ‘Eavy… Very ‘Umble frå 1970. I 1946 kom glamstjerna Neville John Holder til verda i Walsall i Staffordshire. Noddy Holder gjorde seg merkt for verda som bukseselekledd gitarist og vokalist i Slade og var kjend for å ha ei røyst som kunne få murpussen til å skalle av veggen i lokala han song i. Eg har fleire Slade-plater som eg tek fram og høyrer på i nostalgiske augneblinkar, spesielt liveplata Slade Alive frå 1972 rockar ei gamal sjel. I 1956 var dette fødselsdagen til den kanadiske songaren Bernie Shaw. Shaw har sidan 1986 vore vokalist for dei engelske hardrocklegendene Uriah Heep og kan i mi platesamling høyrast på plata Raging Silence frå 1989. I 1957 kom Anders Sjöholm til verda. Stry Terrarie var gitarist i Imperiet. I 1965 vart David Alan Rachtman fødd i Los Angeles i California. Fjernsynsverten Rikki Rachtman sitt bidrag til mi platehylle er hjelpevokal på eit spor på Guns ‘N Roses si plate The Spaghetti Incident frå 1993. I 1974 vart Øystein Greni fødd i Oslo. Greni er gitarist, vokalist og låtskrivar i Bigbang. I 1975 vart Helge Risa fødd. Risa spelar pumpeorgel og diverse andre instrument i Kaizers Orchestra. I 1980 fekk Bob Seger songen The Fire Down Below evig liv etter innspeling under konserten i Cobo Hall i bilbyen Detroit. Trufaste Silver Bullet Band stod for musikken. I 1982 døyde Art Pepper. I 1984 spelte Toy Dolls for dei frammøtte i Henderson Hall i Newcastle. I 1989 platedebuterte Nirvana på Sub Pop med produktet Bleach. I 1996 døyde Ella Fitzgerald. I 2010 spelte Rammstein ein fantastisk konsert på Koengen i Bergen. Underteikna var tilstades og fekk sjå og høyre at både lyd og pyroeffektar sat som eit skott. Oppvarmarar var grungeveteranane i Alice In Chains, og Hatebreed, som enno ikkje er på plass i platesamlinga, men som står høgt på ynskjelista. I 2010 spelte Rammstein ein fantastisk konsert med mykje pyro på Koengen i Bergen. I 2011 var Judas Priest på ny på vitjing i Bergen, denne gongen for å seie eit endeleg farvell til fansen. Konsertarenaen var Edvard Griegs Plass utanfor Grieghallen og konserten var ein ekte slagerparade med så og seie alle dei største høgdepunkta frå ei førti år lang karriere vart spela i eit to timar og eit kvarter langt sett. Vanskeleg å vurdere denne konserten opp mot den i 2008, men eg var sjølvsagt storfornøgd med mykje grom V-gitarlyd og glitrande gitarsoloar.

14.06.2012

Fjortande juni

Fjortande juni 1943 vart Dewey Lindon Oldham fødd i Alabama. Pianisten Spooner Oldham er godt kjend for samarbeidet med superstjerna Neil Young og kan i mi samling høyrast på plata Comes A Time frå 1978. Det eminente tangentspelet hans kan også høyrast på Bob Seger si plate Beautiful Loser frå 1975. I 1948 kom Steve Hunter til verda i Decatur i Illinois. Gitaristen Hunter kan hjå meg høyrast på plata Billion Dollar Babies, som Alice Cooper slepte i 1973. I 1949 kom Alan White til verda i Pelton i Nord-England. Trommeslagaren White har heldt takten for Joe Cocker og ei rekkje andre britiske artistar, men er best kjend for arbeidet han gjorde saman med proglegendene Yes. Hjå meg finn du White si tromming på Yes-plata Going For The One frå 1977. Same dag kom Slade-bassisten Jim Lea til verda i Midt-England. Dette skal ha skjedd på ein såpass eksotisk stad som Melbourne Arms Pub i Wolverhampton, om jordmora var ein ølhund seier ikkje soga noko om. Lea måtte slite med det ville døypenamnet James Whild Lea før musikarkarrieren tok av, Holder sa G’bye t’Jane og Slade byrja å samle gullplater verda over. I 1952 vart lækjaren, skodespelaren og komikaren Trond-Viggo Torgersen fødd i Oslo. Mi platehylle byr på samleplata Trond-Viggos Beste som vart tilgjengeleg i 1997. I 1956 kom den italienske filosofen og rockeartisten Gianna Nannini til verda i Siena. Eg har ei større samling av Nannini-plater enn det som godt er, men er faktiske ganske stolt av at eg oppdaga denne artisten ein gong på byrjinga av åttitalet og sjølv om eg ikkje har konkrete planar om å utvide samlinga, kjem dei gamle klassikarane fram med jamne mellomrom. I 1957 kom Steve Jordan til verda. Jordan sat bak trommesettet på plata Landing On Water som Neil Young gav ut i 1986. Same dag kom ein anna dugande trommeslagar, Chad Cromwell, til verda, også han har heldt takten for Neil Young, på plata This Note’s For You som på marknaden i 1988, og Living With War som vart stabla i platehyllene i 2006. I 1959 var dette dagen for William Henry Marcus Miller Jr sin fødselsdag. Under namnet Marcus Miller kan denne eminente jazzmusikaren høyrast medan han spelar både bass og keyboard på Miles Davis sine plater Tutu, som kom på marknaden i 1986, og Amandla frå 1989. I 1968 slepte Aretha Franklin plata Aretha Now. Same dag nytta Jimi Hendrix Experience dagen i studio til å spele inn Have You Ever Been (To Electric Ladyland). Plata med same namn kom på marknaden i september same år og fekk ein fyrsteplass på listene. I 1980 spelte Toy Dolls sin femtiande konsert. Jubileet vart markert i Seaham Labour Club i Sunderland. Same kveld stod Bob Seger & The Silver Bullet Band på scenen i Cobo Hall i Detroit. I 1982 tok Bier Cellar i Newcastle i mot Toy Dolls. I 1993 kom Manic Street Preachers si andre studioplate, Gold Against The Soul. I 1994 slepte Arrested Development si andre studioplate, Zingalamaduni. I 1995 gjekk Rory Gallagher bort så alt for tidleg. I 2000 døyde Paul Griffin på denne dagen.

13.06.2012

Trettande juni

Trettande juni 1951 vart Howard M. Leese fødd i Hollywood i California. Gitaristen Howard Leese spelar i dag med Bad Company og Paul Rodgers Band, men spelte frå 1975 til 1997 med Heart og kan hjå meg høyrast på platene Little Queen (1977), og konsertplata Rock The House-Live frå 1991. I 1967 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio i New York for å spele inn songen Caprikorn. Songen vart tilgjengeleg for platekjøparane på samleplata Water Babies i 1976. I 1970 kom Rivers Cuomo til verda i den sjarmerande storbyen New York City. Cuomo er songar i Weezer. I 1977 gav Neil Young ut plata American Stars’n Bars, som inneheld låten Like A Hurricane, ein av dei best kjende og mest populære songane hans. I 1978 kom Rune Solheim til verda på Husnes. Soleheim er trommeslagar og held takten for Kaizers Orhestra. I 1983 slepte Stevie Ray Vaughan And Double Trouble plata Texas Flood. Me som har kompaktplateversjonen som inneheld konsertopptak frå seinare same året matte nok vente ei stund, men det var det verdt. I 1995 kom Alanis Morissette si tredje studioplate, og fyrste internasjonale utgjeving, Jagged Little Pill. I 2000 slepte dei to gitarkompisane B.B. King og Eric Clapton plata Riding With The King, som selde til dobbel platina i USA og også hadde ein annan gitarkonge med på laget, Jimmy Vaughan. I 2005 slepte Rory Gallagher sitt dødsbu samleplata Big Guns. The Best Of Rory Gallagher.

12.06.2012

Tolvte juni

Tolvte juni 1941 vart jazzlegenda Armando Anthony Corea fødd i Chelsea i Massachusetts. Pianisten Chick Corea er kjend som orkesterleiar og som ein av føregangsmennen innan elektrifiseringa av jazzen. I mi platesamling Corea høyrast medan han spelar for Miles Davis på plata In A Silent Way frå 1969, og på samleplata Water Babies frå 1976. I 1949 kom bassisten John Kenneth Wetton til verda i engelske Willington. Multiinstrumentalisten John Wetton er best kjend som frontmann i bandet Asia, men har også vore innom Roxy Music og kan hjå meg høyrast på samleplata More Than This frå 1995. Wetton kan også høyrast som bassist i Uriah Heep på platene Return To Fantasy frå 1975 og High And Mighty frå 1976. I 1951 kom Brad Carlson til verda i Rockford i Illinois. Trommeslagar Bun E. Carlos har hatt levebrødet sitt i det fantastiske rockebandet Cheap Trick sidan starten, men grunna ryggproblem turnerar han for tida lite med bandet, sjølv om han framleis vert rekna som fullverdig medlem. I 1986 var andre og siste innspelingsdag av AC/DC sin promovideo av You Shook Me All night Long. Regissør var David Mallet.

11.06.2012

Ellevte juni

Ellevte juni 1920 vart Sheldon Manne fødd i New York City. Jazztrommisen Shelly Manne er arveleg disponert for trommespel, både faren og onkelen var profesjonelle trommeslagarar, og hjå meg kan han høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992, og Tom Waits si plate Small Change frå 1976. Manne døyde i 1984. I 1928 kom Bob Gordon til verda i St. Louis i Missouri. I mi platesamling er det plata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 som byr på Bob Gordon sitt elegante saksofonspel. Gordon døyde i 1955. I 1949 vart Frank Lee Beard fødd i Frankston i Texas. Trommeslagaren Frank Beard har livnært seg ved å halde takten i den Texas-baserte bluesrocktrioen ZZ Top sidan byrjinga av bandet si karriere, og det vert ofte gjort eit poeng av at han, med det etternamnet han er utstyrt med, er den einaste i trioen som ikkje prydar seg med skjegg. Beard held takten på tre titlar i hylla mi, så langt, more to come. I 1957 spurde Elvis Presley pent om å få vere einkvan sin Teddy Bear, kva svar han fekk er ikkje kjend for meg, men plata promoterte den godaste Elvis sin andre langspelfilm, Loving You, og selde ei mengd teddybjørnar. Singelen var nummer ein i sju veker i USA, men stogga på ein fin tredjeplass i England. I 1958 kom den engelske bassisten Barry Adamson til verda i Manchester. Den godeste Adamson har gjeve ut ei rekkje soloplater, mellom anna As Above, So Below frå 1998, som er det bidraget han har ytt til mi platehylle under eige namn. Ettertrakta Adamson har i tillegg arbeida med verdsstjernene i Depeche Mode og kan hjå meg høyrast medan han spelar for The Buzzcocks på samleplata Singles Going Steady, med australske The Birthday Party på plata Junkyard frå 1982, og for Nick Cave And The Bad Seeds på plata From Here To Eternity frå 1984. I 1960 vart Nick Hallam fødd i Nottingham. Hallam er kjend som The Head i electronicabandet Stereo MC’s. I 1961 kom Robert Charles Birch fødd i Ruddington. Birch kallar seg Rob B når han opptrer som vokalist i Stereo MC’s og kan i mi platehylle høyrast på plata Deep Down & Dirty frå 2001. I 1963 vart Hans Olav Sola Jonsen fødd. Trommeslagaren Sola Jonsen held stødig takt for DumDum Boys og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Schlägers frå 2001. I 1969 vart Steven Gregory Drozd fødd i oljebyen Houston. Multiinstrumentalisten Steven Drozd fekk jobben som trommeslagar i The Flaming Lips i 1991, men har i dag overtatt jobben som gitarist i same bandet og hjå meg høyrer du han på plata At War With The Mystics frå 2006. I 1983 slepte Dio debutplata Holy Diver i England, ein snau månad etter at amerikanarane fekk høve til å kjøpe produktet. I 1988 var Toy Dolls del av underhaldningsprogrammet på Lisieux Festival. I 1991 gav Lynyrd Skynyrd ut plata Lynyrd Skynyrd 1991, dette var dei langhåra sørstatsrockarane si sjette studioplate. I 2001 gav Travis ut plata The Invisible Band. I 2002 gav Brian Wilson ut det etterlengta Pet Sounds Live-albumet som var spelt inn i London i januar same år. I 2007 slepte Turbonegro plata Retox.

10.06.2012

Tiande juni

Tiande juni 1956 vart Michael Timmothy Curry fødd i New Haven i Connecticut. Trommeslagaren Mickey Curry er best kjend for å ha samarbeida med Bryan Adams i ei årrekkje og kan hørast på plata Waking Up The Neighbours frå 1991. Curry er også kreditert for å spele trommer på eit spor på Debbie Harry si plate Rockbird frå 1986. I 1958 stod Elvis Presley i studio og song inn (Now And Then There’s) A Fool Such As I. Akkompagnementet var ved The Jordanaires. Same dag kunne platekjøparane høyre Elvis Presley syngje om ei Hard Headed Woman. Songen var frå filmen King Creole og nådde fyrsteplassen i USA, men nådde aldri høgare enn nummer to i England. I 1961 vart Max Alfred Elliot fødd i London. Songaren Maxi Preiest sitt bidrag til mi platehylle er ein duett med Roberta Flack, Set The Night To Music, som kan høyrast på samleplata Softly With These Songs frå 1993. I 1964 kom den amerikanske trommeslagaren James Joseph Chamberlin til verda i Joliet i Illinos. Jimmy Chamberlin har vore av og på trommeslagar for The Smashing Pumpkins og kan høyrast på alle dei fire titlane som eg er lukkeleg eigar av. I 1971 vart Erik Rutan fødd. Rutan kan i mi platesamling høyrast medan han spelar gitar for death metallbandet Morbid Angel på plata Domination frå 1995. I 1983 var Toy Dolls underhaldninga på Norseman i Amble. I 1985 kom R.E.M. med plata Fables Of The Reconstruction. I 1986 starta AC/DC innspeling av ein promovideo for det som er min absolutte favorittlåt frå bandet, You Shook Me All Night Long. Sjekk resultatet på Family Jewels. I 1993 spelte alltid like blide Brazz Brothers saman med Tatunane og Hukwe Zawose på Rockefeller i Oslo. I 2002 slepte Mark E. Smith og bandet hans, The Fall, plata 2G+2, som er ei samleplate med blanding av studioinnspelingar og konsertmateriale frå USA-turneen året før. I 2004 døyde Graeme Kelling. I 2009 døyde Barry Beckett.

09.06.2012

Niande juni

Niande juni 1941 vart Jon Douglas Lord fødd i Midt-England. Jon Lord er best kjend for å spele tangentar i Deep Purple og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Machine Head frå 1972, Burn (1974), Come Taste The Band (1975) og Perfect Stranger (1984), i tillegg til samleplata Power House frå 1977. I 1949 kom Andrew Francis Kenneth Monkman til verda i London. Francis Monkman spelar Hammond Orgel for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I 1950 var dette fødselsdagen for Trevor Bolder. Bolder er best kjend for å ha traktert bassen i Uriah Heep, der han erstatta John Wetton. Bolder kan hjå meg høyrast på platene Fallen Angel, frå 1978 og Raging Silence frå 1989. Bolder si merittliste omfattar også spel med bysbarnet Mick Ronson frå Hull. Dei spelte saman i bandet The Rats, noko som leia til at Bolder var eit naturleg val då bassen skulle trakterast på Ronson sine soloplater frå fyrste halvleik av 1970-talet. Desse platene står alle høgt på ynskjelista mi. I 1951 kom Peter Gill til verda i den nitriste engelske stålbyen Sheffield. Pete Gill har traktert trommene for fleire store engelske band, som mellom anna Saxon, som i mi platehylle er representert med Wheels Of Steel frå 1980. Gill kan hjå meg også høyrast medan han trufast slår takten på Motörhead si plate Orgasmatron frå 1986, han er i tillegg kreditert for fleire spor på samleplata No Remorse frå 1984. I Los Angeles kom James Newton Howard til verda. Hjå meg høyrest Howard sitt tangetspel på Ricke Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, og på plata The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1991. I 1963 vart Gilad Atzmon fødd i Tel Aviv. Saxofonisten Atzmon kan hjå meg høyrast på Robert Wyatt si plate Comicopera frå 2007. I 1970 vart Edmund John Simons fødd i London. Ed Simons er til dagleg halvparten av electronicaduoen The Chemical Brothers og har selt eit utal plater, og hausta Grammynominasjonar. Mi platesamling byr på plata Push The Button frå 2005. I 1982 kunne ein voksande skare South Shilds-fans ta i mot gutane i Toy Dolls i New Crown. I 1993 bydde brørne Førde og resten av dei muntre musikantane i Brazz Brothers opp til fest i Grieghallen under dei årlege festspilla i Bergen. Med seg på scenen hadde dei Tatunane frå Tanzania og Hukwe Zawose. Denne konserten kan høyrast på den drivande gode plata Afrobrazz som kom ut seinare same året. I 1998 slepte Grant Lee Buffalo plata Jubilee. I 2001 slepte Ash singelen Sometimes, som inneheldt totalt sju spor, med andre ord mykje bra musikk for pengane.

08.06.2012

Åttande juni

Åttande juni 1944 kom William Royce Scaggs til verda i Canton i Ohio. Boz Scaggs har gjennom åra servert ei rekkje solide plater som har markert seg på salslistene verda over, både som soloartist og som medlem av Steve Miller Band. Scaggs sitt bidrag til mi platehylle heiter Dig og kom på marknaden i 2001. I 1947 vart Michael Frederic Box fødd aust i London. Gitaristen Mick Box var ein av grunnleggarane av bandet med namn frå ein Dickens-roman, Uriah Heep, og har stått for glitrande gitarspel i alle verdsdelar i meir enn ein mannsalder. Hjå meg kan du høyre Box på så mange som ti ulike studioplater med det best og viktigaste bandet har gjort. I 1952 kom Jeff Rich til verda i London. Trommeslagaren Rich held til vanleg den stødige takten for boogierocklegendene Status Quo og mi platehylle byr på trommespelet hans på platene Rock ’Til You Drop frå 1991 og Live Alive Quo frå 1992. I 1953 kom trivselfylket Sogn Og Fjordane sitt fremste musikalske bidrag til verda i saftbygda Sogndal. Bartekongen Olav Stedje har herja listene på Norsktoppen med fleire popsongar og har i tillegg spela til dans over store delar av landet. Mi platehylle byr på samlinga 21 Beste som kom ut på plateselskapet Tylden i 1998. I 1956 vart Stephen Martin Walwyn fødd i engelske Southam. Steve Walwyn har vore sjefsgitarist i Dr. Feelgood frå 1989 og kan hjå meg høyrast på plata Primo frå 1991. I 1960 kom Michael Hucknall til verda i nordvest England. Mick Hucknall var songar i bandet Simply Red og hjå meg kan han høyrast på plata Stars frå 1991. I 1962 vart Nicholas James Bates fødd i Birmingham. I hine hårde dagar spelte Nick Rodes keyboard i Duran Duran, men hjå meg kan han høyrast på The Dandy Warhols si plate Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1979 kom The Who si plate The Kids Are Allright, som var musikk til ein dokumentarfilm om bandet og hadde med musikk frå heile karrieren. I 1982 stod Toy Dolls på scenen i 100 Club i London. I 1992 slepte W.A.S.P. plata The Crimson Idol. Bob Kulick hjelpte sjefen Blackie Lawless på gitar og heile tre trommeslagarar, Frankie Banali, Stet Howland og Dough Blair, hjelper til med å halde takten. Frå denne plata kan Chainsaw Charlie, The Idol og Hold On To Your Heart også høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. Også Faith No More nytta dagen til å gje ut plate på denne dagen, den fekk tittelen Angel Dust og var gruppa si fjerde studioplate. I 1993 gav Urge Overkill ut si fjerde studioplate Saturation. I 1999 slepte Red Hot Chilli Peppers plata Californication. I 2004 platedebuterte Velvet Revolver med plata Contraband. I 2008 fyrte Judas Priest opp Harleyen på scenen i Bergenshallen og heldt ein supernostalgisk metallkonsert som fekk underteikna sine trommehinner til å vibrere av rein fryd i vekevis etterpå. I 2009 kunne ”The Crüe”, Mötley Crüe opplevast i Bergenshallen. Tommy Lee og dei andre geriatrikarane heldt høgt tempo gjennom heile kvelden og leverte eit show det stod respekt av. Oppvarmar var bergenske Audrey Horne, som også leverar eit lydbilete som bør få alle gode rockarar til å glise. I 2011 døyde Alan Rubin.

07.06.2012

Sjuande juni

Sjuande juni 1940 vart Thomas John Woodward fødd i Wales. Tom Jones sine konsertar har, heilt sidan midt på sekstitalet, vore prega av at den hoftevrikkande walisaren har fått kasta dametruser etter seg, og etter ein lang Las Vegas-periode fekk han revitalisert karrieren sin slik at han rundt tusenårsskiftet herja salgslistene på ny. Eg har handla inn plata Reload og kjem nok ikkje til å utvide samlinga. I 1953 kom Jonathan Clegg til verda i engelske Lancashire. Den sørafrikanske artisten er Johnny Clegg i mi platesamling ein del av bandet Juluka og kan høyrast på plata Crocodile Love, som kom ut i 1997. I 1958 vart Prince Rogers Nelson fødd i Minneapolis i den elles så norskætta delstaten Minnesota. Prince er superstjerne og ein av verdas beste gitaristar. Mannen som også nyttar berre eit symbol som signatur er også ein høgt skatta komponist, som i tillegg har prøvd seg som skodespelar. Mi platehylle inneheld plata The Gold Experience frå 1995. I 1960 var Count Basie og storbandet hans i studio og spelte inn The Daly Jump og Out The Window. I 1963 kom den kreative krafta i Violent Femmes, Gordon Gano, til verda i ølbyen Milwaukee. Med gitaren i handa leia Gano an i den akustiske traktorpunk rørsla som dukka opp tidleg på 1980-talet. I 1967 vart Dave Navarro fødd i Santa Monica på den amerikanske stillehavskysten. Navarro vert gjerne hugsa som gitarist for bandet Jane’s Addiction og kan gitarbråket hans kan nytast på plata Nothing’s Shocking frå 1988. Han kan også høyrast på Red Hot Chili Peppers si plate One Hot Minute frå 1995. Navarro har også gjort seg merkt hjå ein annan kjenning i platehylla mi, Nine Inch Nails, men er ikkje blant musikarane som yt bidrag på plata Things Falling Apart, som er NIN sitt bidrag til mi samling. I New York var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio, med seg i studio denne tidlege sommerdagen hadde han musikarane Wayne Shorter, Herbie Hancock, Ron Carter og Tony Williams. Saman spela dette elitelaget inn songen Water Babies, som vart gjeven ut på plata med same namn i 1976. I 1971 la The Who siste hand på Getting In Tune. I 1980 var sleppdatoen for Iron Maiden singelen Sanctuary. Høgaste listeplassering var #29. I 1993 slepte Tears For Fears plata Elemental. Dette var den fjerde studioplata med bandnamnet, men etter som Curt Smith hadde forlete duoen er ho i røynda eit soloprosjekt i regi av Roland Orzabal. I 2004 slepte The Killers si debutplate, Hot Fuss. I 2009 døyde Kenny Rankin.

06.06.2012

Sjette juni

Sjette juni 1946 vart Tony Levine fødd i Boston i Massachusetts. Bassisten Levine yt sitt bidrag til mi platehylle på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1959 kom James Samuel Harris III til verda i Minneapolis. Nevenyttige Jimmy Jam spelar gjerne med på platene han produserar og hjå meg kan han høyrast med diverse perkusjon, gitar og vokalarbeid på Janet Jackson si plate Janet Jackson Rhythm Nation 1814 frå 1989. I 1961 kom Tomás Enrique Araya til verda i Viña Mar i California. Tom Araya er best kjend som vokalist og bassist i metallbandet Slayer. Hjå meg finn du Araya sitt arbeid på den doble konsertplata Decade Of Aggresion frå 1991, som sjølvsagt er kjøpt inn og flittig gjennomhøyrd. Allsidige Araya er i mi platehylle også kredittert for vokalbidrag på songen Iron Gland frå Alice In Chains si plate Dirt, som kom på marknaden i 1992. I 1964 vart bassisten Jay Dee Bently fødd i Wichita, Kansas. Bentley er ein av grunnleggarane av punkrockbandet Bad Religion, der han var med i perioden 1979 til 1982. Etter ein fire år lang pause kom Bently attende i bandet i 1986, og dette er eit samarbeid som har heldt seg fram i dag. Bentley kan hjå meg høyrast på platene Stranger Than Fiction frå 1994 og No Substance frå 1998. I 1972 nytta The Who dagen til å produsere ferdig innspelingane av Put The Money Down, som enda opp på samleplata Odds & Sods. I 1978 slepte The Cars den sjølvtittelerte debutplata si og verda låg for føtene deira. I 1979 vart Idar Burheim fødd. Burheim nyttar artistnamnet Archaon når han spelar gitar i 1349, som hjå meg kan høyrast på plata Demonir frå 2010. I 1992 stod dei finske myggjagarkongane Leningrad Cowboys på scenen under Provinssirock i Seinäjoki ute på det finske bondelandet, ein konsert som kan høyrast på den hysterisk morosame plata Live in Provinzz, som var i platehyllene seinare same år. I 2005 slepte Coldplay plata X&Y, som var bandet si fjerde studioplate. I 2006 døyde Billy Preston.

05.06.2012

Femte juni

Femte juni 1932 vart Peter Ceragioli, jr fødd i idylliske New Haven i Connecticut. Pianisten Pete Jolly kan du høyre om du følgjer med på fjernsynsseriar som Mash og Dallas, men i mi platehylle kan du nyte pianospelet hans på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Pete Jolly døyde i 2004. I 1943 kom Michael Davis til verda i den ein gong så stolte bilbyen Detroit i Michigan. Bassisten Davis kan i mi platesamling høyrast som ein del av rytmeseksjonen i MC5 på plata Back In The USA frå 1970. I 1951 vart Ellen Foley fødd i St. Louis. Foley har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men er beste kjend for samarbeidet med Meat Loaf. I mi platesamling kan Foley også høyrast som korist på Ian Hunter si plate Welcome To The Club frå 1980, og på The Clash si plate Combat Rock, som kom på marknaden i 1982. I 1957 vart John Fumo fødd i Kenosha i Wisconsin. Trompetisten Fumo kan i mi platesamling høyrast på Neil Young si plate This Note’s For You frå 1988. I 1970 var Led Zeppelin i Olympic Studios i London for å spele inn Page og Plant sin song Poor Tom. Resultatet av denne seansen kan høyrest på samleplata Coda, som kom på marknaden i 1982. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnes for å produsere Long Live Rock. Songen enda opp på samleplata Odds & Sods, eit produkt som kom på marknaden i oktober 1974. Også Johnny Cash var i studio denne dagen, det skal ha hendt heime i Hendersonville og hans produkt fekk tittelen Big Foot. Big Foot kom med på plata America frå 1972 og kan elles høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1980 var Toy Dolls attende på The Bell i Hordon for andre gong på under ei veke. I 1982 sa Exibition Park i Newcastle velkomen til Toy Dolls. I 1992 nytta Iron Maiden dagen til å spele opninga av Fear Of The Dark World Tour i verdas mest avsidesliggande metropol, Reykjavik. Ein passande stad etter som den geografiske plasseringa kombinert med den ljose årstida gjorde at bandet kunne stå uredde i kveldssola og spele for dei frammøtte islendingane. I 2001 kom Manu Chao si andre studioplate Próxima Estación: Esperanza. I 2002 minnast dagen for at den alltid like energiske Dee Dee Ramone gjekk bort etter å ha teke ein overdose. I 2003 gav stadionrockarane i Metallica ut plata St. Anger. Dette var bandet sitt åttande studioalbum og med på laget var bassisten Robert Trujillo.

04.06.2012

Fjerde juni

Fjerde juni 1937 kom Baldemar Garza Huerta til verda i den ikkje heilt sentrale småbyen San Benito i skytegale Texas. Freddy Fender har hatt ei sjølvstendig karriere som ei blanding av countrymusikkar og smørsongar og har hatt fleire storselgjande enkeltsongar, men hjå meg kan han høyrast som medlem av Tex-Mex-supergruppa Texas Tornados. Fender døyde i 2006. I 1944 vart Roger Ball fødd i den skotske småbyen Brougthy Ferry. Ball spelte keyboard og saksofon i Average White Band fram til 1989 og ka hjå meg høyrast på samleplata The Best Of Average White Band. I 1964 kom Chris Kavanagh til verda i London. Kavanagh var trommis i Sigue Sigue Sputnik, som freista å lure verda til å tru dei kom frå det ytre rom eller noko liknande. Hjå meg kan du høyre Kavanagh på plata Flaunt It frå 1986. I 1969 slepte Johnny Cash konsertplata Live At San Quentin, som vart spela inn i fengselet med same namn tjuefjerde februar same år. I 1974 vart Stefan Kahil Lessard fødd i Anaheim i California. Bassisten Stefan Lessard spelar til dagleg i Dave Matthews Band og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994. I 1975 kom Julian Richardo Marley til verda i London. Rastafarien Julian Marley er son av meir merriterte Bob Marley og har si eiga musikkarriere. Hjå meg kan Marley høyrast med gitarspel på eit av spora på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1983 vart Motörhead si liveplate Another Perfect Day lansert for massane, og der er det masse bra bråkelyd for dei, som eg, som likar slikt. Toy Dolls-nyhenda fortel at den muntre gjengen frå Nord-England kunne høyrast på Framwellgate Club i Durham same kveld. I 1994 døyde Derek Leckenby. I 1996 slepte Metallica plata Load, dette var bandet si sjette plate og har selt i meir enn fem millionar eksemplar. I 1997 døyde Ronnie Lane, og same dag vart liket av Jeff Buckley, som drukna nesten ei veke tidlegare, funne i Wolf River. I 2002 platedebuterte Avril Lavigne med Let Go. I 2007 slepte The Clash samleplata The Singles, som inneheld det meste av det best frå Strummer & Co.

03.06.2012

Tredje juni

Tredje juni 1926 vart poeten Allen Ginsberg fødd i New Jersey. Poeten Allen Ginsberg sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på The Clash si plate Combat Rock frå 1982, der han er kredittert for bakgrunnsvokal på songen Ghetto Defendant. Ginsberg døyde i 1997. I 1927 kom saksofonisten Homer Louis Randolph III til verda. Boots Randolph kan skilte med namn som Elvis Presley og Chet Atkins på ein lang og imponerande CV, men i mi platehylle er det på Johnny Cash si plate Orange Blossom Special frå 1965 dei leikne tonane frå saksofonen hans kan høyrast. I 1939 vart vokalist, gitarist og pianist i det kritikarroste engelske glamrockbandet Mott The Hoople, Ian Hunter Patterson, fødd i Oswestry i Shropshire. Ian Hunter har, i tillegg til eiga musikarkarriere, produsert plater for ei rekkje andre artistar, som mellom anna Billy Idol sitt band, Generation X. Fyrste Ian Hunter-songen eg høyrde var liveversjonen av Irene Wild frå plata Welcome To The Club frå 1980, eg var hekta, og i 1989 var eg heldig og fekk sjå Hunter saman med kompisen, supergitaristen Mick Ronson på Maxime i Bergen. Hjå meg høyrer du Ian Hunter på fleire Mott The Hoople-plater, i tillegg til fleire av soloplatene hans. I 1946 kom Michael James Dick til verda i Spokane i Washington. Trommeslagaren Michael Clarke er best kjend for arbeidet han gjorde med The Byrds, og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. Clarke døyde av ei stadig skrumpande lever i 1993. I 1950 kom Susan Kay Quatro til verda i den ein gong så stolte bilbyen Detroit ved Lake Michigan sine bredder. Suzi Quatro har utvilsamt vore med å forme mitt forhold til både lærkledde damer og kvinnelege bassistar, og eg er framleis vonbroten av at ho valgte å legge musikken på hylla for ei skodespelarkarriere. Heime hjå meg er dei største slagarane Quatro produserte på syttitalet samla på samleplata The Wild One The Greatest Hits frå 1990. I 1964 kom Kerry King til verda i storbyen Los Angeles. Gitaristen King var med å grunnleggje Slayer i 1981 og spelar med bandet framleis. Hjå meg kan King høyrast på konsertplata Decade Of Aggression frå 1991, han kan også høyrast medan han spelar på Beastie Boys si debutplate Licensed To Ill frå 1986. I 1978 nytta Blondie denne datoen til å spele inn Once I Had A Love (aka The Disco Song). Denne tidlegare uutgjevne perla er å finne som bonuskutt på nyutgjevingar av plata Parallell Lines som opphavleg kom september same år. I 1981 starta Iron Maiden sin fyrste USA-turné i gamblinghovudstaden Las Vegas i den ugjestmilde Nevada-ørkenen. Førti konsertar som oppvarming for Judas Priest venta. I 1997 gav Faith No More ut si sjette studioplate med den treffande tittelen Album Of The Year. Om plata levde opp til tittelen kan sikkert diskuterast, men som det meste av det andre den galne gjengen spela inn og gav ut, er det absolutt verdt å låne øyret til om ein ikkje har noko anna å høyre på. På vår kant av verda var det Bel Canto som stod for platesleppet denne dagen, deira bidrag fekk tittelen Birds Of Passage.

02.06.2012

Andre juni

Andre juni 1949 kom Tommy Mandel til verda i storbyen New York. Tangentmannen Mandel har spelt med store namn som Dire Straits og Cindy Lauper, men er best kjend for å spele med Bryan Adams. I mi platesamling kan Mandel høyrast medan han spelar for sistnemnde på plata Waking Up The Neighbours frå 1991.Mandel er også med som ein del av Ian Hunter sitt band på konsertplata Welcome To The Club frå 1980, og på B52s si plate Cosmic Thing frå 1989. Og som om det ikkje var nok, er det glitrande arbeidet hans kreditert som Polly Mandel på The Clash si femte studioplate, Combat Rock frå 1982. I 1980 vart Fabrizio Moretti fødd i den brasilianske storbyen Rio De Janeiro. Moretti er til daglig trommeslagar for The Strokes, og hjå meg kan han høyrast medan han held takten på bandet sine to fyrste studioplater, Is This It frå 2001, og Room On Fire, som kom på marknaden i 2003. I 1955 vart bassisten Michael Steele fødd. Micki Steele har ei fortid i jentebandet The Runaways, men hjå meg kan ho høyrast som medlem av The Bangles på samleplata Greatest Hits. I 1975 kom allsidige Aimee Springer til verda. Zia McCabe spelar bass, keyboard og trommer i The Dandy Warhols, som har tre flotte bidrag til populærkulturen plassert i mi platehylle, Thirteen Tales From Urban Bohemia (2000), Welcome To The Monkey House (2003) og Odditorium Of Warlords Of Mars frå 2005. I 1984 var det håpet om One Better Day som ordna Madness plass på listene. Attandeplass var nok ikkje det den galne septetten håpa på, men heller ikkje å forakte. I 1997 slepte Bob Dylan samleplata The Best Of Bob Dylan. I 2003 kom walisiske Stereophonics si fjerde studioplate You Gotta Go There To Come Back, som vart deira tredje listetopp på rad i England. I 2004 var dette datoen Judas Priest spelte sin fyrste konsert med metallguden Rob Hallford attende i stallen etter fleire års fråvær med mellom anna det sjølvtittelerte prosjektet Hallford.

01.06.2012

Fyrste juni

Fyrste juni 1924 vart trommeslagaren Herbie Lovelle fødd. Taktfaste Lovelle kan hjå meg høyrast i bakgrunnen av Bob Dylan si hese røyst på plata The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. I 1947 kom den noverande Rolling Stones-gitaristen Ronnie Wood til verda som Ronald David Wood. Det skal ha hendt i London. Wood, som er ein like god kunstmålar som gitarist, har ei fortid i Jeff Beck Group og Faces og var ein godt etablert musikar før han slo seg saman med resten av styggingane i Stones. Wood rakk også å eit samarbeid med Rod Stewart tidleg på syttitalet, der han spelar alle slags instrument forutan mandolin, og det er i den rolla han kan høyrast i mi platesamling. Wood var også ein viktig del av The Faces, mi platehylle byr på Long Player frå 1971, og har i tillegg gjeve ut fleire soloplater. Platene på mi hylle dokumenterar at Wood også skal ha lånt ut tenestene sine til Bob Dylan på plata Shot Of Love frå 1981. I 1950 kom Tom Robinson til verda i universitetsbyen Cambridge. Tom Robinson har gjort seg merkt som låtskrivar, bassist og vokalist i Tom Robinson Band, som herja listene med songar som 2-4-6-8 Motorway og Glad To Be Gay på syttitalet. I dag er det platepratar som er Robinson sin profesjon. I 1958 vart gitaristen Michael Landau fødd i Los Angeles. Hjå meg høyrer du Landau sitt gitarspel på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1959 vart Alan Charles Wilder fødd i London. Alan Wilder var ei tid innom Depeche Mode og kan hjå meg høyrast på plata Music For The Masses frå 1985. I 1960 kom Simon Jonathon Gallup til verda i Surrey i England. Bassisten Simon Gallup slo seg saman med Robert Smith og The Cure i 1979 og er den av Smith sine disiplar som har holdt ut lengst i bandet. Hjå meg høyrer du Gallup på platen Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me frå 1987 og Wild Mood Swings, som kom på marknaden i 1996. I 1963 vart trommeslagaren Michael Joyce fødd i Fallowfield. Mike Joyce heldt takten for The Smiths og kan i mi platehylle høyrast på plata Strangeways, Here We Come frå 1987. I 1974 kom Alanis Nadine Morissette til verda i den kanadiske hovudstaden Ottawa. Alanis Morissette har seld meir enn seksti millionar plater verda over, fleire av dei står i mi platehylle, vidare presentasjon er ikkje naudsynt. I 1979 kom det offisielle lydsporet til filmen Rock’n Roll High School der Ramones hadde med ein song med same namn. Låten vart spela inn i november året før i Cherokee Recording Studios, Los Angeles, California USA og produsent var Ed Stasium. Året etter, 1980, stod Toy Dolls for underhaldninga på The Bell i Hordon. I 1981 vart Brandi Carlile fødd i Ravensdale i den amerikanske delstaten Washington. Den lesbiske folkrockaren Carlile syng bakgrunnsvokal for Melissa Etheridge på plata Lucky frå 2004. Same kveld var Toy Dolls på plass i Old Twenty Nine Club i Sunderland. I 1982 slepte The Clash singelen Rock The Casbah, som berre klatra til ein trettiandeplass på dei britiske singellistene. Ni år seinare, i 1991 vart singelen relansert, denne gongen med ein femtandeplass som høgaste plassering. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på Brannigans i Leeds. I 1998 slepte Barry Adamson plata As Abowe So Below. I 2008 spelte Kiss på Koengen i Bergen, ein konsert underteikna, saman med nærare tjue tusen andre storfornøgde bergensarar, var tilstades på. Perle etter perle frå den fyrste liveplata kom som jordbær på eit strå.