30.01.2018

Trettiande januar

I 1971 spela Neil Young inn The Needle And The Damage Done i Royce Hall ved UCLA. Har du, som meg studioplata Harvest (1972) eller samleplata Greatest Hits (2003), har du høve til å høyre denne songen kvar einaste dag.

Jubilantar
Phil Collins (1951)
Joe Escalante (1963)

29.01.2018

Tjueniande januar

I 1947 kom David Garrick til verda i Epping i Essex. Vokalisten David Byron hadde ei fortid som mannen med mikrofonen i gruppa Spice før han slo seg saman med resten av den langhåra gjengen i Uriah Heep i 1969. Byron rakk å gje ut ti plater med dette bandet før han fekk sparken i 1976. Hjå meg kan Byron høyrast på studioplatene Very ‘Eavy, Very ‘Umble (1970), Salisbury (1971), Look At Yourself (1971), Demons & Wizzards (1972), Wonderworld (1974), Return To Fantasy (1975) og High And Mighty (1976), i tillegg til utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark frå 1991. Byron levde rockemyten til det fulle og døyde ein lite ærefull død av skrumplever i 1985.

Andre jubilantar
Steve Reid (1944-2010)
Tommy Ramone (1949-2014)
Louie Pérez (1953)
Charlie Wilson (1953)
Handsome Dick Manitoba (1954)
Amii Stewart (1956)
David Pilch (1960)
Eddie Jackson (1961)
Alex Møklebust (1971)

Tjueåttande januar

I 1945 kom Robert Wyatt-Ellidge til verda i den engelske universitetsbyen Bristol. Soft Machine-legenda Robert Wyatt vert rekna som ein av sin generasjon sin mest innflytelsesrike musikarar og har i tillegg til Soft Machine-katalogen, delteke på mange samarbeidsprosjekt, samt gjeve ut ei rekkje soloplater. Mi platehylle byr på mannen si ellevte studioplate, Comicopera, som inneheld ein versjon av Anja Garbarek-songen Stay Tuned og kom på marknaden i 2007.

Andre jubilantar
Roy Caton (1927-2010)
Peter Lindbæk (1945)
Eddie Bayers (1949)
“Billy Bass” Nelson (1951)
Dan Spitz (1963)

Tjuesjuande januar

I 1944 kom Nicholas Berkeley Mason til verda i engelske Birmingham. Trommeslagaren Nick Mason er den einaste av medlemmene i Pink Floyd som har vore med sidan starten og hjå meg kan han han høyrast medan han held takten på den storselgande studioplata Dark Side Of The Moon frå 1973.

Andre jubilantar
Jimmy Bond (1933-2012)
Buddy Emmons (1937-2015)
Fred Åkerström (1937-1985)
Seth Justman (1951)
Brian Downey (1951)
G. E. Smith (1952)
Janick Gers (1957)
Margo Timmins (1961)
Gillian Gilbert (1961)
Mike Patton (1968)
Åshild Breie Nyhus (1975)

28.01.2018

Tjuesjette januar

Tjuesjette januar 1953 kom Lucinda Williams til verda i Lake Charles i Louisiana. Williams platedebuterte i 1978, utan at det vart mykje mediemerksemd av det. Media si interesse vart derimot vekt etter at Williams vart tildelt Grammy i 1994, og då den femte studioplata, Car Wheels On A Gravel Road, kom på marknaden i 1998 våkna platekjøparane også. Hjå meg finn du sistnemnde plate og det er i grunnen nok country for meg.

Andre jubilantar
Aloke Dasgupta (1953)
Norman Hassan (1958)
Neil Taylor (1961)
Susannah Melvoin (1964)
Wendy Melvoin (1964)
Tim Commerford (1968)

27.01.2018

Tjuefemte januar

I 1958 kom Gary Brian Tibbs til verda i engelske Northwood. Bassisten Gary Tibbs har vore innom både Adam & The Ants og Roxy Music og i mi platehylle er han representert med ei samleplate frå kvart av banda, More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som kom på markanden i 1995, og Dandy Higwaymen – The Best Of Adam & The Ants frå 2007.

Andre jubilantar
Paolo Donnarumma (1955)
Terry Chimes (1955)
Andy Cox (1956)
Marius Roth (1972)

24.01.2018

Tjuefjerde januar



I 1947 kom Warren William Zevon til verda i Chicago i Illinois. Warren Zevon flytta til California som trettenåring, men etter foreldra si skilsmisse flytta han austover til New York City for å verte visesongar. Frå 1965 leverte Zevon ei rekkje kritikarroste plater og deltok på ei rekkje andre artistar sine produksjonar. Zevon vert rekna inn i den ekslusive klubben av musikarfavorittar og var høgt respektert i det amerikanske musikkmiljøet. Faktisk hadde han så høg stjerne «over there» at då han ville fortelje fjernsynssjåarane at han hadde uhelbredeleg lungekreft, rydda talkshowverten David Letterman plass til ein heil time med Zevon. Hjå meg finn du den stjernespekka studioplata Sentimental Hygiene frå 1987. Zevon døyde i 2003.

Andre jubilantar

Doug Kershaw (1936)

David Getz (1940)

Aaron Neville (1941)

Øystein Sunde (1947)

Warren Zevon (1947-2003)

Michael des Barres (1948)

John Belushi (1949-1982)

Hutch Hutchinson (1953)

Teijo “Twist Twist” Erkinharju (1962)
Tatyana Ali (1979)

23.01.2018

Tjuetredje januar

I 1953 kom Robin Wayne Zander til verda i småbyen Beloit i Wisconsin. Cheap Trick-vokalisten Robin Zander si gjennomtrengande røyst har hypnotisert jenter i alle aldrar sidan tidleg på syttitalet, og er den perfekte til å framføre gitarist Rick Nielsen sine surrealistiske songar. Hjå meg høyrer du Zander si røyst på studioplata Latest (2009), konsertplata Live At Budokan (1978), samt den doble samleplata The Essential Cheap Trick (2004).

Andre jubilantar
Leadbelly (1888-1949)
Marty Paich (1925-1995)
Curtis Counce (1926-1963)
Ralph Carney (1956)
Earl Falconer (1957)
Torgeir Andersen (1964)

22.01.2018

Tjueandre januar

I 1960 kom Michael Kelland John Hutchence til verda i den australske storbyen Sydney. Songaren Michael Hutchence var skandaleombrust vokalist i det australske bandet INXS i ein tjueårsperiode frå 1977 til 1997, og slepte ti studioplater, samleplater og ei konsertplate med bandet. I tillegg til musikken bydde livet på heftige romansar med internasjonale supermodellar og til slutt «stal» han TV-kjendiskona Paula Yates frå Live Aid-sjefen Bob Geldof. Hjå meg kan Hutchence høyrast på INXS sine studioplater Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). Hutchence vart funnen daud på eit hotellrom i Sydney i 1997, obduksjonsrapporten seier sjølvmord ved overdose.

Andre jubilantar
J. J. Johnson (1924-2001)
Eberhart Weber (1940)
Michal Urbaniak (1943)
Steve Perry (1949)
Ben Mink (1951)
Bruce Moreland (1959)
Lars Beckstrøm (1960)
Iain Bayne (1960)
Steven Adler (1965)
Sivert Høyem (1976)

21.01.2018

Tjuefyrste januar

I 1945 kom Pete Derek Kircher til verda i engelske Folkestone. Trommisen Pete Kircher erstatta John Coghlanl på trommestolen i Status Quo i 1982 og hadde fyrsteansvaret for boogie-takten fram til 1985. I mi platehylle kan Kircher sitt arbeid høyrast på utvalde spor på samleplata 12 Gold Bars II frå 1984.

Andre jubilantar
Benny Hill (1924-1992)
Chris Britton (1944)
Richie Ranno (1950)
Steve Riley (1956)
Tweet (1972)
Frank Negron (1977)
Zoey (1984)

20.01.2018

Tjuande januar

I 1951 kom Ian Frank Hill til verda i engelske West Bromwich. Bassisten Ian Hill er sjølve grunnsteinen i heavy metal-legendene Judas Priest, og i skrivande stund den einaste gjenværande originalmedlemmen i bandet som har halde det gåande sidan 1970. Hill er mannen som sørgja for å rekruttere «The Metal God» Rob Halford som vokalist og tekstforfattar, etter å ha kurtisert systera hans ei stund. Forholdet til Sue Halford enda i 1984, mens forholdet til Rob Halford, til tross for eit opphald frå 1992 til 2003, framleis held seg like varmt. Hjå meg kan Hill høyrast på studioplatene Stained Class (1978) og British Steel (1980), og konsertplatene Unlashed In The East (1979) og Concert Classics (2007), i tillegg til samleplatene Metal Works ’73-’93 (1993), Simply The Best (1999) og The Essential Judas Priest (2006).

Andre jubilantar
Jimmy Cobb (1929)
Chuck Domanico (1944-2002)
Eric Stewart (1945)
Jimmy Chambers (1946)
Mel Pritchard (1948-2004)
Paul Stanley (1952)
Rusty Anderson (1959)
Greg K. (1965)
Heather Small (1965)
Nicky Wire (1969)
Questlove (1971)
Markus Mustonen (1973)
Rob Bourdon (1979)

19.01.2018

Nittande januar

I 1943 vart verdas fyrste, og, kan hende, framleis største kvinnelege rockestjerne, Janis Lyn Joplin fødd i Port Arthur i Texas. Joplin, som for mange er best kjend for klassikaren Me And Bobby McGee, etablerte seg på sekstitalet, i det myteomspunne hippiemiljøet i San Francisco, med hard bluesrock i grupper som Big Brother And The Holding Company og Full Tilt Boogie Band. I tillegg til innspelingar i eige namn, gjorde ho fleire plateinnspelingar med begge banda. For den som vil stikke innom og høre Janis si fantastiske røyst er Big Brother And The Holding Company si sjølvtitulerte debutplate frå 1967, samleplatene Farewell Song (1982) og den doble Janis/Early Performances (1975) på plass i hylla. Joplin levde fort og hardt og døyde så tidleg som i 1970.

Andre jubilantar
John “Streamline” Ewing (1917-2002)
Willie «Big Eyes» Smith (1936-2011)
Phil Everly (1939-2014)
Dolly Parton (1946)
Robert Palmer (1949-2003)
Michael Boddiker (1953)
Mickey Virtue (1957)
Dennis Crouch (1967)

18.01.2018

Attande januar

I 1969 vart Jim O’Rourke fødd i Chicago i Illinois. Gitaristen og tangentmannen O’Rourke herja Chicago sin alternativscene i mange år før han flytta til New York City i 2000 og slo seg saman med støyguruane i Sonic Youth, eit samarbeid som heldt seg fram til 2005. O’Rourke kan hjå meg kan høyrast på Sonic Youth si studioplate Murray Street (2002). Allsidige O’Rourke rakk også å produsere alt-rock-legendene Wilco si femte, sjette og sjuande studioplate, Yankee Hotel Foxtrot (2002), A Ghost Is Born (2004) og Sky Blue Sky (2007), der han også er kreditert for å spele fleire instrument, før han flytta til soloppgangen sitt land, Japan, der han framleis bur.

Andre jubilantar
Hargus Robbins (1938)
Al Foster (1944)
Al Perkins (1944)
Angela Winbush (1955)
Bobby Broom (1961)
Jonathan Davis (1971)
Crispian Mills (1973)
Estelle Swaray (1980)

17.01.2018

Syttande januar

I 1955 vart Stephen Fain Earle fødd i Fort Monroe i Hampton i Virginia. Countryartisten Steve Earle voks opp i San Antonio i skytegale Texas og er ein av så altfor få samfunnsengasjerte artistar og han er ein av dei som ope kritiserar dei amerikanske styresmanktene sin bruk av dødsstraff. Earle er ein av få artistar eg har teke meg bryet med å sjå fleire gonger. Tre konsertar har eg fått med meg, alle i Bergen, og eg vonar han tek turen innom att snart. Vonleg er Earle sitt bidrag til mi platesamling kraftig utvida til då. To av Earle sine studioplater er på plass i hylla, Copperhead Road (1988) og El Corazón (1997), i tillegg til samleplata The Collection frå 2002. Earle kan også høyrast medan han syng saman med ein annan samfunnsengasjert artist, Jason Ringenberg, på songen Bible And A Gun frå sistnemnde si samleplate Best Tracks & Side Tracks 1979-2007. Earle er også kreditert for å traktere gitar og munnspel på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road frå 1998.

Andre jubilantar
Grady Martin (1929-2001
Mick Taylor (1949)
Cheryl Bentyne (1954)
Susanna Hoffs (1959)
Danny Blume (1960)
Andy Rourke (1964)

16.01.2018

Sekstande januar

I 1950 vart Robert J. Kulick fødd i New York-bydelen Brooklyn. Gitaristen Bob Kulick er ein av rockens anonyme bakmenn og storebror til meir meritterte Kiss-gitarist Bruce Kulick. Bob Kulick skal ha prøvd seg på prøvespeling for jobben som sologitarist i Kiss i 1973, men vart funnen for lett samanlikna med eldre og meir erfarne The Spaceman Ace Freeley. Seinare har Kulick spelt ukreditert på ei rekkje spor på fleire Kiss-plater, samt turnert med Paul Stanley på hans soloturné. Kulick har vore innom Lou Reed sitt band, han har spelt for Michael Bolton og W.A.S.P., men er likevel best kjend for tida i Meatloaf sitt Neverland Express, Kulick var også produsenten som sikra Mötorhead ein Grammy for Whiplash. I mi platehylle kan Kulick sitt gitarspel nytast på utvalde spor på Lou Reed sine samleplater The Very Best Of Lou Reed (2000), og NYC Man – Greatest Hits (2004), samleplata Hits Out Of Hell, som Meatloaf gav ut i 1984, samt like utvalde spor på W.A.S.P. si samleplate First Blood. Last Cuts frå 1993.

Andre jubilantar
Ron “Prophet” Ford (1948-2015)
Wayne Bergeron (1958)
Richard Elliot (1960)
Atticus Ross (1968)
Stevie Jackson (1969)
Kate Moss (1974)
Ricky Wilson (1978)
Rashawn Ross (1979)
Nick Valensi (1981)

15.01.2018

Femtande januar

I 1948 vart Ronald Wayne Van Zant fødd i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Songaren Ronnie Van Zant var i 1964, saman med gitarist Gary Rossington, ein av grunnleggjarane av det legendariske sørstatsrock-bandet Lynyrd Skynyrd. van Zant kan hjå meg høyrast med essensielle vokalbidrag på den doble samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd frå 1998, som inneheld alle dei store hitsa til bandet, som Free Bird og Sweet Home Alabama. van Zandt er også kreditert for posthumt vokalbidrag på songen Travelin’ Man på studioplata Twenty, som kom på marknaden i 1997 og skulle markere at det var tjue år sidan flyulukka som tok livet av fleire av bandmedlemmene. Van Zant var ein av dei som omkom i det sagnomsnuste flykrasjet som tok livet at fleire bandmedlemmer i Gillsbourg i Mississippi 20. oktober 1977.

Andre jubilantar
Tiny Timbrell (1917-1992)
Captain Beefheart (1941-2010)
Rev. Patrick Henderson (1949)
Biff Byford (1951)
Duke Ericson (1951)
Boris Blank (1952)
Melvyn Gale (1952)
Anders Eljas (1953)
Peter Trewavas (1959)
Lars Lundevall (1970)

14.01.2018

Fjortande januar

I 1969 kom David Eric Grohl til verda i Warren i Ohio. Trommis og gitarist Dave Grohl går for å vere ein av dei siste ekte rockarane og kan i mi platesamling høyrast på så mange som fire plater med grungebandet Nirvana, studioplatene Nevermind (1992) og In Utero (1993), og konsertplatene MTV Unplugged In New York (1994) og From The Muddy Banks Of Wishkah (1996), der han fekk æra av å spele på trommer, og som gitarist og vokalist på Foo Fighters sine studioplater Foo Fighters (1995), The Colour And The Shape (1997), og There Is Nothing Left To Lose frå 1999. I tillegg kan Grohl høyast medan han spelar trommer på studioplatene Songs For The Deaf (2002) og Lullabies To Paralyze (2005) med sideprosjektet Queens Of The Stoneage.

Andre jubilantar
Grady Tate (1932)
T-Bone Burnett (1948)
Steve Jordan (1957)
Chas Smash (1959)
Geoff Tate (1959)
Patricia Morrison (1962)
Slick Rick (1965)
Zakk Wylde (1967)
Caleb Followill (1982)

Trettande januar

I 1947 kom Drew Abbott til verda i Royal Oak i Michigan. Gitaristen Abbott er best kjend for å ha spela med Bob Seger, men gav seg i Seger sitt Silver Bullet Band i 1983 i frustrasjon over at sjefen stadig ville leige inn meritterte studiomusikarar til studiojobben og berre nytta SSB til turnering. Hjå meg kan Abbott høyrast på studioplatene Beautiful Looser (1975), Night Moves (1976), Stranger In Town (1978), Against The Wind (1980), og The Distance (1982), i tillegg til konsertplatene Live Bullet (1976) og Nine Tonight (1982).

Andre jubilantar
John Lees (1947)
Trevor Rabin (1954)
James LoMenzo (1959)
Wayne Coyne (1961)
Suggs (1961)
Elisabeth Moberg (1964)
Cato Thomassen (1973)

Tolvte januar

I 1959 vart Hans Kristian Emmerich fødd i den vestlege delen av Berlin. Gitaristen og komponisten Blixa Bargeld er drivkrafta bak kunstrockprosjektet Einstürzende Neubauten, som frå 1980 har levert tysk industrimetall av høg kvalitet. I mi platesamling er Bargeld representert som gitarist i The Bad Seeds, bandet som står for godlyd når Nick Cave syng på studioplatene From Here To Eternity (1984) og The Boatman’s Call (1997).

Andre jubilantar
Jack Schroer (1944-1995)
Maggie Bell (1945)
George Duke (1946-2013)
Chris Michie (1948-2003)
Henryk Lysniak (1950-2005)
Per Gessle (1959)
Guy Chambers (1963)
Zack de la Rocha (1970)
Matt Wong (1973)

Ellevte januar

I 1968 vart Thomas Martin Dumont fødd i Los Angeles i California. Gitaristen Tom Dumont spelar til dagleg i No Doubt og trakterar også keyboard i bandet når det røyner på. Dumont har også vore involvert i hobbyprosjekta Invincible Overlord og Dreamcar. Hjå meg kan Dumont høyrast på No Doubt sine studioplater Tragic Kingdom (1995), Return Of Saturn (2000) og Rock Steady (2001), i tillegg til samleplata The Singles 1992-2003 (2003).

Andre jubilantar
Egil Johansen (1934-1998)
Clarence Clemons (1942-2011)
Terry Williams (1948)
Mick Cocks (1955-2009)
Phil Calvert (1958)
Vicki Peterson (1958)
Jacquire King (1967)
Tom Rowlands (1971)
Mary J. Blige (1971)
Rahsaan Patterson (1974)
Timbuktu (1975)

10.01.2018

Tiande januar

I 1945 kom Roderick David Stewart til verda i ein krigstrøyt engelsk hovudstad. Mannen med piggsveis og anar frå The Lowlands var ein snartur innom det skotske juniorlandslaget i fotball før han satsa eitt hundre prosent på musikken, truleg eit godt val. Nyare utgjevingar, som serien The Great American Song Book, er, etter ein stemmebandsoperasjon med uheldig utfall, med å gje den ein gong så glitrande artisten Rod Stewart eit dårleg rykte, men samleplata The Mercury Years (1992) er faktisk ei samling rhythm’n blues perler som trygt kan tilrådast for alle som elskar den musikken som gjorde fyrste halvleik av syttitalet verda å leve. Går ein enno lengre attende i tid ser ein at gamle Roderick var vokalist i den engelske supergruppa Faces og hjå meg han kan høyrast på plata Long Player frå 1971. I hylla står også studioplatene Smiler (1974), Vagabond Heart (1991), og konsertplate for spesielt interesserte med den inkjeseiande tittelen Live USA.

Andre jubilantar
Max Roach (1924-2007)
Waymond Reed (1940-1983)
Rod Stewart (1945)
Aynsley Dunbar (1946)
Donald Fagen (1948)
Scott Thurston (1952)
Michael Schenker (1955)
Shawn Colvin (1956)
Curt Kirkwood (1959)
Brad Roberts (1964)

Niande januar

I 1941 kom Joan Chandos Baez til verda på Staten Island i New York. Songarinna Joan Baez har vore ein sentral del av den amerikanske folk-rock-rørsla sidan byrjinga og turnerar framleis. I tillegg til musikken har Baez vore sentral i kampen for både menneskerettar generelt og homofile sine rettar. Baez var ei tid gift med evigunge Bob Dylan. Mi platehylle byr på studioplata Diamonds And Rust frå 1975, eit av Baez sine sterkaste kort musikalsk sett.

Andre jubilantar
Kenny Clarke (1914-1985)
Seymour Barb (1921-2014)
Carson Smith (1931-1997)
Jimmy Page (1944)
Roy Hellvin (1944)
Bobby Z (1956)
Preston Glass (1960)
Eric Erlandson (1963)
Dave Mattews (1967)
MF Doom (1971)

Åttande januar

I 1935 kom rockelegenda Elvis Aron Presley til verda i den fattigslege småbyen Tupelo i den amerikanske delstaten Mississippi. Den godaste Elvis Presley fekk tusenvis av jenter til å dåne berre ved å vrikke varsamt på hoftene på femti- og sekstitalet. Han spelte inn ei rekkje storseljande plater og eit utal av elendige, men populære filmar gjennom ei hektisk karriere. Hjå meg finn du samleplata 30 #1 Hits frå 2002. Presley døyde i 1977 og har selt langt fleire plater etter at han gjekk bort enn han gjorde medan han var i livet.

Andre jubilantar
Wendell Culley (1906-1983)
Luther Perkins (1929-1968)
Shirley Bassey (1937)
Terry Melcher (1942-2004)
Sean Delaney (1946-2003)
Robby Krieger (1946)
David Bowie (1947-2016)
Terry Sylvester (1947)
Jerry Vivino (1954)
Mark Moreland (1955-2002)
Stephen Garvey (1955)
Paul Hester (1956-2005)
Ron Sexsmith (1964)
Sam Leigh-Brown (1969)

07.01.2018

Sjuande januar

I 1953 vart Earl Lindo fødd i Kingston på reggeaøya Jamaica. Tangentmannen Lindo slo seg saman med Bob Marley & The Wailers i 1972 og hjå meg kan han høyrast på den storseljande samleplata Legend, som kom på marknaden i 1984, i tillegg til utvalde spor på samleplata His 24 Greatest Hits frå 1998. Lindo sitt arbeid kan også høyrast på utvalde spor på samleplatenen The Toughest (1998), og The Best Of Peter Tosh (1999), begge posthume utgjevingar frå Peter Tosh sitt dødsbu.

Andre jubilantar
Rick Marotta (1948)

Sjette januar

I 1924 vart Earl Eugene Scruggs fødd i Flint Hill i North Carolina. Banjogeniet Earl Scruggs har ei fortid i Bill Monroe’s Blue Grass Boys og vert rekna som opphavsmannen for banjoteknikken som vert kalla 3-finger-style. Scruggs har si eiga stjerne på Hollywood Walk Of Fame og kan skilte med fleire Grammyprisar på hylla, han fekk mellom anna Life Time Acivement Award i 2008. Earl Scruggs er far til musikaren Randy Scruggs. Hjå meg kan Scruggs si klimpring høyrast på Johnny Cash si plate Ragged Old Flag frå 1974, samt utvalde spor på Dwight Yoakam si samleplate In Others Words, som kom på marknaden i 2003. Scruggs døyde i 2012.

Andre jubilantar
David Whitaker (1931-2012)
Dorris Troy (1937-2004)
Sandy Dennis (1947-1978)
Chris Laurence (1949)
Kim Wilson (1951)
Kathy Sledge (1959)
Tina Landon (1963)
Truls Waagø (1964)

Femte januar

I 1934 vart Rufus Thibodeaux fødd i Cajun-landskapet Ridge i Louisiana. Felespelaren, gitaristen og Cajun-artisten Thibodeaux var i hine hårde dagar den fyrste artisten som solgte til gull med ein song på Cajun-fransk. I mi platesamling spelar den allsidige Rufus fele på platene Comes A Time (1978) og Hawks & Doves (1980), begge i regi av Neil Young. Thibodeaux døyde i 2005 av komplikasjonar knytt til diabetes.

Andre jubilantar
Saxa (1930)
Rufus Thibodeaux (1934-2005)
Grady Thomas (1941)
Halvdan Sivertsen (1946)
Chris Stein (1950)
Grant Young (1963)
Marilyn Manson (1969)
Darrel Higham (1970)
Troy Van Leeuwen (1970)
Stian Carstensen (1971)

04.01.2018

Fjerde januar

I 1956 kom Bernard Edward Sumner til verda i engelske Manchester. Gitaristen Bernard Sumner var ein av grunnleggjarane av dei engelske banda Joy Division og New Order, og kan hjå meg høyrast på dei to ulike samleplatene Substance frå 1987 og 1988, den fyrste med New Order og den siste med Joy Division. Sumner er i tillegg kreditert som gjest på Primal Scream si plate XTRMNTR frå 2000, og for bakgrunnsvokal på No Doubt-vokalist Gwen Stefani si soloplate Love. Angel. Music Baby. frå 2004.

Andre jubilantar
Frank Wess (1922-2013)
John McLaughlin (1942)
Jay Dee Maness (1945)
John King (1947-2010)
Michael Thompson (1954)
Brian Ray (1955)
Patty Loveless (1957)
Jay Stapley (1957)
Michael Stipe (1960)
Till Lindemann (1963)
Yvan Attal (1965)
Caitlin O’Riordan (1965)
Beth Gibbons (1965)
Benjamin Darvill (1967)
Sverre Thorstensen (1974)
Tim Wheeler (1977)

Tredje januar

Tredje januar 1943 kom Van Dyke Parks til verda i Hattiesburg i Mississippi. Multiinstrumentalisten Parks har ei mangslungen karriere som både musikar og produsent, og er kan hende best kjend for arbeidet han gjorde med innspelinga av strandgutane i The Beach Boys si legendariske plate Smile på slutten av sekstitalet. Hjå meg er Parks kreditert for tangentspel på eit av spora på The Byrds si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966, og på Ry Cooder si sjølvtitulerte debutplate frå 1970. Parks er også kreditert for å stå for vokalarrangement på The Manhattan Transfer si studioplate The Offbeat Of Avenues, som kom på marknaden i 1991, og for strengearrangement på Rufus Wainwright si sjølvtitulerte debutplate frå 1998.

Andre jubilantar
Stephen Stills (1945)
John Paul Jones (1946)
Øyvind Westbye (1947)
Ross Funicello (1954)
Guy Pratt (1962)
Coati Mundi (1963)
Raymond McGinley (1964)
Kjell E. Moberg (1970)
Thomas Bangalter (1975)
Mariann Thomassen (1979)

Andre januar

I 1946 vart Michael George Churchill fødd Ilkeston i engelske Darbyshire. Den klassisk skolerte tangentmannen Chick Churchill er best kjend for tida han spelte i Woodstock-legendene Ten Years After (1966-76), og kan i mi platehylle høyrast på legendene si sjette studioplate, Watt, som kom på marknaden så tidleg som i 1970. Etter at Ten Years After takka for seg i 1976 gjekk Churchill over til å promotere andre sin musikk gjennom sitt eige selskap Whitsett Churchill Music Publishing.

Andre jubilantar
Frank Marocco (1931-2012)
John Barlow Jarvis (1954)
Wizard K-Jee (1962)
Glenn Goins (1954-1978)
Niko Röhlcke (1966)
Børge Fjordheim (1975)

01.01.2018

Fyrste januar

I 1950 kom Stephen Morgan Fisher til verda i Mayfair i London. Tangentmanen, plateprodusenten og fotografen Morgan Fisher har spelt i Mott The Hoople og British Lion, samt samarbeid med Queen. I mi platesamling kan han høyrast medan han trakterar tangentar på studioplatene The Hoople , Mott, Drive On, Shouting And Pointing, alle kreditert Mott The Hoople, samt utvalde spor på samleplatene All The Young Dudes og Greatest Hits (Mott The Hoople), og The Very Best Of Ian Hunter.
Fischer har dei siste åra budd i Japan, og nytta minst like mykje tid på fotografering som på musikk.

Øvrige jubilantar
Al McKibbon (1919-2005)
Bobbie Nelson (1931)
Kex Gorin (1949-2007)
Steve Ripley (1950)
Richard Payne (1971)
Brody Dalle (1979)