31.03.2016

Trettifyrste mars

Trettifyrste mars 1935 vart Herbert Albert fødd i Los Angeles i California. Orkesterleiaren Herb Albert er best kjend for trompetspel saman med Tijuana Brass, men er også A’en i A&M Records. Hjå meg kan Albert høyrast med trompetspel på Janet Jackson si plate Janet Jackson Rhythm Nation 1814 frå 1989. I 1942 kom Hugh McCracken til verda i Glen Ridge i New Jersey. Gitaristen McCracken, som på syttitalet var så travel at han takka nei til å samarbeide med sjølvaste Paul McCartney, kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar både bass, gitar og munnspel på Dr. John si plate Anutha Zone frå 1998. McCracken døyde i 2013. I 1944 kom Michael Geoffrey Ralphs til verda i engelske Stoke Lacy. Gitaristen Mick Ralphs er ein av grunnleggarane av dei to syttitalslegendene Mott The Hoople og Bad Company. Sjølv er eg livslang fan av Mott The Hoople og Ralphs sitt elegante gitarspel er sjølvsagt grundig dokumentert i mi platehylle, med platene Wildlife (1971), All The Young Dudes (1972) og Mott (1973), samleplatene Walking With A Mountain (1990) og Greatest Hits (1975),i tillegg til Bad Company si plate Straight Shooter frå 1975. I 1951 vart Henry Anthony George Spinetti fødd i walisiske Cwm. Trommeslagaren Henry Spinetti er i mi platehylle kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata Early Collection, som Gerry Rafferty slepte i 1988. I 1954 vart Tony Brock fødd i engelske Poole. Trommeslagaren Brock sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991. I 1955 vart Angus McKinnon Young fødd i den falleferdige skotske storbyen Glasgow. Gitaristen og fråhaldsmannen Angus Young er den uniformskledde rockegnomen som har fronta AC/DC sidan 1974. Med feite riff og drivande soloar er han bindeleddet mellom solid komp frå storebror Malcolm og resten av bandet, og den hese vokalen til vokalist Brian Johnson. Mi platehylle inneheld High Voltage (1975), Dirty Deeds Done Deeds Cheap (1976), For Those About To Rock (1981), ’74 Jailbreak (1984), Live From The Atlantic Studios (1997), Let There Be Rock: The Movie (1997), Volts (1997), Back In Black (1980), The Razors Edge (1990) Black Ice (2008), og Rock Or Bust (2014), noko som burde gjere det klart kvifor eg gjerne tek fram luftgitaren til heimekos på seine kveldar. I 1962 kom Jeff Young til verda i Ann Arbor i Michigan. Gitaristen Young har vore innom Megadeth og er best kjend for å spele i metallgeneren. Hjå meg kan Young høyrast medan han spelar på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I 1970 spelte Cornelis Vreeswijk inn Första Vackra Dan I Maj. Songen kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1976 nytta Led Zeppelin dagen til å gje ut si sjuande studioplate, Precense. I 1984 var Toy Dolls utanlands igjen og spelte sin fyrste konsert i Nederland, det skjedde på Simplon i Groningen. I 1986 leverte Twisted Sister eit forrykande show på scenen i det som var den tida sitt fyrsteval for store konsertar i Noreg, Drammenshallen, oppvarmar var UFO og underteikna var sjølvsagt tilstades.

30.03.2016

Trettiande mars

Trettiande mars 1935 kom Karl Hanns Berger til verda i tyske Heidelberg. Musikksosiologen Karl Berger er best kjend som ein allsidig jazzmusikar, i mi platehylle er han kreditert for strengearrangement på Jeff Buckley si debutplate Grace frå 1994. I 1945 vart Eric Patric Clapton fødd i Ripley i det engelske fylket Surrey. Eric Clapton vert av fleire omtala som sjølvaste gitarguden og har sidan tida i Yarbirds og Cream vore opphav til fleire tusen timar med intest luftgitarspel frå tilhengjarar over heile verda. I mi platehylle finn du tøysekonsertplata Unplugged (1992) frå fjernsynskanalen MTV sin akustiske serie, i tillegg til plata Riding With The King, som var eit samarbeid med bluesgitaristen B.B King og kom på marknaden i 2000. Clapton sitt gitarspel kan også høyrast på plata City Streets, som Carole King slepte i 1989. I 1964 kom gitaristen og songskaparen Tracy Chapman til verda i “Home Of Rock’n Roll Hall Of Fame”, Cleveland i Ohio. Chapman slo gjennom med ei sjølvtitulert debutplate i 1988, og det er nettopp denne som prydar mi platehylle. Seinare har Chapman levert fleire sterke album, desse kjem eg vonleg attende til seinare ein gong. I 1966 vart Joseph William Castillo fødd i Gardena i California. Trommisen Joey Castillo erstatta Dave Grohl på trommestolen i Queens Of The Stone Age i 2002 og kan i mi platehylle nytast i taktfast arbeid på bandet si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze frå 2005. I dag har Grohl gjenerobra trommestolen hjå dronnigene og Castillo tenar sitt daglege brød ved å halda takten for Eagles Of Death Metal. I 1967 kom Martin Ivor Kent til verda i engelske Cheltenham. Kent nyttar artistnanmet Ace når han opptrer som medlem av det engelske hardrockbandet Skunk Anansie, og kan i mi platehylle høyrast på plata Stoosh frå 1996. I 1982 bydde dagen på konsert med Toy Dolls, dei hadde teke turen til Derby for å spele på Lonsdale College. I 1987 slepte The Smiths samleplata Louder Than Bombs, som selde til gull i USA. I 1998 gav tyske Modern Talking ut plata som annonserte at dei var Back For Good, diverre.

29.03.2016

Tjueniande mars

Tjueniande mars 1943 kom Eric Idle til verda i engelske South Shields. Komikaren Idle gjorde seg kjend som ein av skodespelarane i den elleville truppen Monty Python, som herja fjernsynsskjermar og filmlerret frå slutten av sekstitalet og utover. Idle er mannen bak dei fleste av komikargjengen sine songar og hjå meg kan han høyrast saman med resten av gjengen på ustyrteleg morosame samleplata Monty Python Sings frå 1998. I 1949 vart Michael Leonard Brecker fødd i Cheltenham i Pennsylvania. Saksofonisten Michael Brecker vert rekna som ein av dei mest markante saksofonistane på jazzscena sidan legenda John Coltrane. Hjå meg kan Brecker høyrast på Aretha Franklin si studioplate Aretha (1980), City Streets, som Carole King slepte i 1989, og på Willie Nelson si studioplate Across The Borderline (1993), samt Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. Brecker døyde i 2007. I engelske Brighton kom David Paul Greenfield til verda. Tangentmannen Dave Greenfield er best kjend for å spele i The Stranglers og i mi platehylle kan han høyrast på (The Gospel According To) The Meninblack frå 1981. I 1950 vart Richard E. Chertoff fødd i New York City. Plateprodusenten Rick Chertoff kan i mi platehylle høyrast medan han spelar trompet på The Hooter si plate Zig Zag frå 1989. I 1959 vart Peretz Bernstein fødd i bydelen Queens i New York City. Perry Farrell var vokalist og leiar for det amerikanske alternativbandet Jane’s Addicition og mi platesamling byr på debutplata Nothing’s Shocking frå 1988. Farrell har også vore med i band som Porno For Pyros og er grunnleggjaren av den omreisande festivalen Lollapaloza. I 1960 vart forfattaren, musikaren og MFK-patrioten Jo Nesbø fødd i Oslo. Jo Nesbø var den kreative krafta i Di Derre og har såleis ei meir framtredande rolle i platehylla, Den Derre Med Di Derre (1993), Jenter & Sånn (1994) og Gym (1996), enn i bokhylla mi. I London kom Stephen Street til verda. Produsenten Street er i mi platehylle kreditert for å programmere trommemaskiner på The Smiths si studioplate Strangeways Here We Come frå 1987, ei plate Street også produserte, saman med Morrisey og Marr, og for same jobben på eitt spor på samleplata Louder Than Bombs, også den frå 1987. Street er også kreditert for trommeprgrammering og tangentar på studioplata Parklife, som Blur slepte i 1994, og for bass- og gitarspel på Morrisey si soloplate Viva Hate frå 1988. I 1967 kom John Popper til verda i Cleveland i Ohio. Munnspelvirtousen Popper sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Dave Matthews Band si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994. I 1969 vart Jason Rebello fødd. Pianisten Rebello sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I 1973 gjekk Gasolin’ i Rosenbergstudioet i København og spelte inn songen Som Et Streif Af En Dråbe. Produsent var Freddy Hanson. I 1974 slepte Mott The Hoople si sjuande studioplate, som fekk den fantasifulle tittelen The Hoople. I 1980 slepte Billy Joel plata Glass Houses, ei av dei betre produkta frå hans side. I 1982 var dagen ein merkedag for alle tilhengjarar av grom hardrock, då vart forrykande The Number Of The Beast slept laus på uskuldige platekjøparar, og dei langhåra mennene som spelte og sang var sjølvsagt bandet som framleis kallar seg for Iron Maiden. I 1985 spelte Violent Femmes på The Oriental Theater i ølbyen Milwaukee. Ein radioreklame for showet kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. På same dato i 2002 var den moderne hippien Manu Chao på scenen i den meksikanske hovudstaden Mexico by. Det må vere lov å tru at dette var eit forrykande show i den gamle aztekarbyen. I 2001 døyde John Lewis. I 2006 gjekk jazzmusikaren Don Alias bort.

28.03.2016

Tjueåttande mars

Tjueåttande mars 1923 kom Thaddeus Joseph Jones til verda i Ponitac i Michigan. Trompetisten Thad Jones kan i mi platehylle høyrast på samleplata Atomic Swing (1999), som er meint å vise Count Basie sitt talent som bandleiar. Thad Jones døyde i 1986. I 1930 vart Eric Dixon fødd i New York City. Saxofonisten Eric Dixon var lenge ein del av Count Basie sitt band og kan hjå meg høyrast på samleplata Atomic Swing frå 1999. Dixon døyde i 1989. I 1941 vart Charlie Ray McCoy fødd i Oak Hill i West Virginia. Charles McCoy har gjeve ut halvanna dusin soloplater og er ein høgt skatta studiomusikar, best kjend for å spele munnspel. Han har sidan tidleg på 1960-talet spelt med mange kjende artistar, som mellom anna Roy Orbison og Elvis Presley. I mi platesamling kan Charlie høyrast på Johnny Cash sine studioplater Orange Blossom Special (1965) og America: A 200 Year Salute In Story And Song frå 1972. McCoy er også kreditert for å traktere bass eller gitar for Bob Dylan på platene Highway 61 Revisited (1965), Blonde On Blonde (1966), og Nashville Skyline og John Wesley Harding, begge frå 1967. McCoy kan også høyrast medan han bles liv i munnspelet på utvalde spor på J.J. Cale si samleplate Classics frå 1999. I 1948 kom John Spencer Evans til verda i tivolibyen Blackpool. Tangentfantomet John Evan spelte keyboard i Jethro Tull frå 1970 til 1980, og kan hjå meg høyrast på platene Aqualung (1971), Thick As A Brick (1972), Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Young To Die (1976) og Heavy Horses (1978), samt på dei fleste spora på samleplata M.U. Best Of Jethro Tull frå 1976. I 1965 kom Steve Turner til verda i oljebyen Huston i skytegale Texas. Gitaristen Turner, som er kjend frå mellom anna banda Mudhoney og Green River, kan i mi platesamling høyrast medan han spelar på supergruppa The Monkeywrench si debutplate Clean As A Broke-Dick Dog frå 1992. I 1966 vart Cheryl R. James fødd i Brooklyn i New York City. James er kjend som Salt i raptrioen Salt’n Peppa og kan i mi platehylle høyrast på den prisløna studioplata Very Necessary frå 1993. I 1970 var Janis Joplin i Columbia Studio D i Los Angeles og spelte inn songen One Night Stand saman med Paul Butterfield Blues Band. Innspelinga var produsert av Todd Rundgren og kan hjå meg høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. I 1972 spelte Elvis Presley inn Burning Love. Bakgrunnsvokalen var det J.D. Sumner og The Stamps som stod for. I 1976 kom David Brent Keuning til verda i Pella i Idaho. Gitaristen David Keuning spelar til dagleg i bandet The Killers og i mi platehylle kan han høyrast på bandet sine to fyrste studioplater, Hot Fuss (2004) og Sam’s Town frå 2006. I 1983 var Dingwalls i Newcastle vertskap for kveldens konsert med Toy Dolls. I 1987 var Toy Dolls i Brest for å spele i Salle Les Hes Pertides. I 1989 platedebuterte Alannah Myles med plata Alannah Myles. I 1991 kom den svenske superduoen Roxette med plata Joyride. Duoen si tredje studioplate har seld i meir ein tolv millionar eksemplar over heile verda. I 1995 platedebuterte Jeff Tweedy og resten av Wilco med plata A.M., og Faith No More slepte si femte studioplate King For A Day, Fool For A Lifetime. I 2010 døyde Herb Ellis. I 2012 døyde Earl Scruggs. I 2013 døyde Hugh McCracken.

27.03.2016

Tjuesjuande mars

Tjuesjuande mars 1942 kom Wili Jönsson til verda på Amager i København. Bassisten Jönsson er best kjend for tida han spelte i Gasolin’, og eg tykker dette er ein passande stad å nemne at eg har dei fleste Gasolin-platene og trivst utruleg godt med det. Eg trur This Is My Life var den fyrste Gasolin-songen eg høyrde ein gong på syttitalet, i dag er det nok andre songar eg set minst like stor pris på, men det er likevel inga tvil, det er mitt liv. Hjå meg kan Jönsson sitt glitrande basspel høyrast på studioplatene Gasolin’ (1971), Gasolin’ 2 (1972), som er samla på ei plate, Gasolin’ 3 (1973), Gasolin’ 4 (1974), som også er samla på ei plate, Efter Endnu En Dag (1976) og Gör Det Noget (1977), i tillegg til konsertplata Live Sådan (1976) og samleplatene Rabalderstrædet Forever (1991) og Live Derudaf Forever (1993). I 1946 vart Andrew Steven Bown fødd i London. Tangentmannen Andy Bown har ei fortid saman med Peter Frampton i The Heard og gjeve ut ei rekkje soloalbum, han har også spelt keyboard i Status Quo på meir eller mindre permanent basis sidan 1973 og kan i mi platesamling høyrast som fullverdig medlem på Status Quo si studioplate Rock ’Til You Drop frå 1991, og konsertplata Live Alive Quo frå 1992, i tillegg til at han spelar på dei fleste spora på samleplatene 12 Gold Bars (1980) og 12 Gold Bars II (1984). I 1947 kom Geoffrey Beadle til verda. Saksofonisten Bud Beadle spelar i dag i trommelegenda Ginger Baker’s Air Force, i mi platehylle er han kreditert for å spele på eitt spor på Lauryn Hill si studioplate The Misseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1950 kom Anthony George Banks til verda i engelske East Hoathly. Tony Banks var ein av grunnleggjarane av Genesis, der han for det meste spelte keyboard. Hjå meg høyres Banks på Genesis si studioplate We Can’t Dance frå 1991. I 1952 vart Bjørn Jensen fødd i nærleiken av trikotasjebygda Salhus. Jensen har karrikert frontfiguren Bertel’n for Vinskvetten sidan starten i 1975 og kan i mi platehylle høyrast på plata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. Jensen er også kreditert som solist på eit spor på Ove Thue si fotballplate Vi Går Frem frå 1995. I 1957 kom William McArthur Mackenzie til verda i skotske Dundee. Billy Mackenzie er best kjend for å syngje i The Associates, hjå meg kan høyrast med vokal og bakgrunnsvokal på Yello sine studioplater One Second (1987), Flag (1988) og Baby (1991). Mackenzie døyde av ein overdose antidepresiva i 1997. I 1959 kom Andrew Charles Farriss til verda i Perth på den australske vestkysten. Saman med brørne Jon og Tim starta tangentmannen Andrew Farriss INXS i 1977, og har levd godt av det sidan. Hjå meg kan Farriss høyrast på studioplatene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I idylliske La Puente i California kom Brian Tristan til verda. Gitaristen Kid Congo Powers hoppa av The Gun Club og erstatta Bryan Gregory i The Cramps. Seinare arbeid har vore med Nick Cave & The Bad Seeds og The Fall. I mi platehylle kan Powers høyrast på The Cramps si samleplate Off The Bone, og konsertplata The Smell Of Female, begge frå 1983. I 1962 var Elvis Presley i studio på denne dagen og song om eit brev han fekk attende frå postmannen. The Jordanairs stod for musikken på songen som heiter Return To Sender. I 1964 vart Erling Sande fødd i Haugesund. Perkusjonisten Sande sitt bidrag til mi platehylle finn du på Vamp si debutstudioplate God Morgen, Søster frå 1993. Sande slutta i bandet i 1995. I 1965 slepte Bob Dylan plata Bring It All Back Home, der Bruce Langhorne briljerte på gitar. I 1971 fekk den allsidige musikaren Dave Pegg ein son, også han med musikken som leveveg. I mi platehylle kan Matt Pegg sitt basspel høyrast på Jethro Tull si studioplate Catfish Rising frå 1991. I 1978 slepte sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd singelen You Got That Right. I 1987 stod Toy Dolls på scenen i Salle Communale i Saint Gilles. I 1996 døyde Howard Wyeth. I 2000 forlét ein av dei store syttitalsikona, bandleiaren Ian Dury, denne verda etter ei tids sjukdom. Den polioramma rockaren var aktiv til det siste og vert sakna av alle oss som er glad i Sex, Drugs & Rock’n Roll. Songen med same namn kan høyrast på plata New Boots And Panities som kan lånast av underteikna om du ikkje har pengar til å kjøpe ho sjølv. I 2003 døyde Chris Michie. I 2006 døyde Pete Wells.

26.03.2016

Tjuesjette mars

Tjuesjette mars 1940 vart Lewis Barry Tabackin fødd i Philladelphia i Pensylvania. Saksofonisten Lew Tabackin er i mi platehylle kreditert for å spele på Tom Waits si tredje studioplate Small Change frå 1976. I 1942 kom pianisten og produsenten Larry Butler til verda i pensjoniststaten Florida, nærare bestemt i byen som er best kjend for å huse flybasen Pensacola. Butler hadde eit tett samarbeid med Johnny Cash tidleg på syttitalet og spelar piano på fleire av dei store slagarane hans. Hjå meg kan du høyre Butler spele piano på den svenske fengselskonsertplata Johnny Cash på Ôsteråker. Butler døyde i 2012. I 1948 vart Stephen Victor Tallarico fødd i Yonker i New York. Steven Taylor har hatt sitt levebrød som vokalist i Aerosmith. Taylor er for mange betre kjend for å ha større lepper enn Mick Jagger og for å ha ei dotter som er finare enn Mick Jagger si, enn for sjølve synginga si, som til tider kan vere ganske anstrengande. Dette er likevel mannen bak hits som Walk This Way og Sweet Emotions og han skal heidrast for det. I mi platehylle høyrest Tyler medan han vræler på studioplatene Rocks (1976) og Draw The Line 1977). I engelske Birmingham kom Richard Tandy til verda. Tangentmannen Tandy spelte i Electric Light Orchestra og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1965 kom George Emanuell III til verda i Bellingham i den amerikanske delstaten Washington. Under artistnamnet Trey Azagthoth har han gjort seg merkt som gitarist og tangentmann i death metall-bandet Morbid Angel, og fleire omtykte musikkmagasin hevdar han er av dei beste gitaristane i sin sjanger. Hjå meg kan Azagthoth sitt arbeid høyrast på studioplata Domination frå 1995. I 1968 kom James Yoshiniobu Iha til verda i Chicago i Illinois. Gitaristen James Iha er best kjend for arbeidet sitt med The Smashing Pumpkins og kan hjå meg høyrast på studioplatene Gish (1991), Siamese Dream (1993), Mellon Collie And The Infinite Sadness (1995) og Machina/The Machines Of God (2000), samt samleplata Greatest Hits frå 1997. Iha er også kreditert for gitarspel og bakgrunnsvokal på Melissa Auf Der Maur si plate Auf Der Maur frå 2004. I 1970 vart Justin Meldal-Johnsen fødd i Eugene i Oregon. Bassisten Meldal-Johnsen har spelt med ei rekkje artistar og i mi platahylle kan han høyrast på Tori Amos si plate From The Chorgirl Hotel frå 1998, Beck sine plater Midnight Vultures (1999), Guero (2005) og Odelay (2008), og for Air på Moon Safari (1998), i tillegg til I.R.M., som Charlotte Gainsbourg slepte i 2009. I 1972 spela kultbandet Mott The Hoople på ein trasig klubb i nærleiken av den sveitsiske bankbyen Zürich. Konserten var den siste før Mott The Hoople vart oppløyst for fyrste gongen og den seinare innspela songen Ballad Of Mott skal visst nok handle om denne hendinga. I 1980 gav den tidlegare Mott The Hoople-vokalisten Ian Hunter ut konsertplata Welcome To The Club, som var spelt inn på The Roxy Theatre i West Hollywood november året før. I 1987 var Toy Dolls underhaldninga på Club Avcard i franske Tours. I 1988 slepte Iron Maiden singelen Can I Play With Madness. Singelen storma inn på ein tredjeplass på listene og var den fyrste av fire topp-ti-singlar frå plata Seventh Son Of A Seventh Son. Same kveld var Toy Dolls i idylliske Linköping og underheldt frammøtte svenskar på Arris. I 1991 slepte Bob Dylan fyrste trippel-CD i ein serie kalla The Bootleg series, denne har undertittelen Rare And Unreleased 1961-1991, og inneheld ei nærast endelaus rekkje raritetar. I 2002 måtte Randy Castillo gje tapt for kreften. I 2005 døyde Paul Hester.

25.03.2016

Tjuefemte mars

Tjuefemte mars 1942 vart Aretha Louise Franklin fødd i countrybyen Memphis i Tennessee. Soullegenda Aretha Franklin gjorde ein opptreden, med låten Think, i den udødelege filmen The Blues Brothers, som i høgste grad er med å heve standarden på filmen. Dama, som var tobarnsmor før ho fylte femten, hadde, då filmen vart spela inn, allereie markert seg med ei tilnærma endelaus rekkje legendariske soul-hits som har sikra ho legendestatus i musikkmiljøet. Hjå meg kan du høyre legenda si gjennomtrengjande røyst på plata Aretha frå 1980, i tillegg til samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1. frå 1994. I 1946 kom The Funky Doctor, Stephen Kupka, til verda i universitetsbyen Berkeley i California på den amerikanske vestkysten. Kupka er ein av grunnleggarane av bandet Tower Of Power, men hjå meg er det på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992, det glitrande saksofonspelet hans kan høyrast. I 1947 vart Reginald Kenneth Dwight fødd i engelske Pinner. Elton John har skrive og spela så mange hits at det ikkje er naudsynt å presentere han nærare, men han er likevel ikkje funnen verdig ein plass som soloartist i mi platehylle enno. Fotballentusiasten Elton John sitt bidrag til mi platehylle finn du derimot på kompisen Rod Stewart si studioplate Smiler frå 1974, i tillegg til utvalde spor på same mann si samleplate The Mercury Anthology, som var ei av dei betre samleplatene som kom på marknaden i 1992. I 1949 vart Robert Allan Ezrin fødd i Toronto i Canada. Bob Ezrin er best kjend som plateprodusent, men bidreg også på keyboard når det trengs. Hjå med kan Ezrin sitt tangentspel høyraste på platene School’s Out og Billion Dollar Babies, som Alice Cooper slepte i 1972 og 1973. Ezrin er også kreditert for tangentspel og bass på den utskjelte, men sterkt undervurderte plata Music From The Elder, som Kiss slepte i 1981. I 1959 kom Per Hillestad til verda i bergsprekken Årdal. Perkusjonisten Hillestad er i mi platehylle kreditert for å hjelpe til på Vamp si debutstudioplate, God Morgen, Søster frå 1993, og på Bare Egil Band si fyrste studioplate Absolutt Ikke Bare Egil Band, som vart slept laus på eit platekjøpande publikum i 1996. Hillestad er også kreditert for halde takten på utvalde spor på samleplatene Absolutt Prima Vera (1994) og 21 Beste (Olav Stedje, 1998). I 1963 spelte Johnny Cash inn den framleis mykje radiospelte songen Ring Of Fire, som fekk plass på plata med same namn. Songen vart ein stor hit og kan også høyrast på dei fleste samleplater med Johnny Cash, mellom anna Love frå 2000. Den elles så griske familien, som styrer dødsbuet etter The Man In Black, har heldigvis nekta å la denne låta reklamere for hemorroidekrem. I 1966 vart Norman Jeffery Healey fødd i den kanadiske storbyen Toronto. Jeff Healey mista synet etter at han fekk kreft som eittåring, men det hindra han ikkje i å utvikle glitrande teknikk på bluesgitaren. Healey var aktiv artist frå han var sytten til han døyde av kreft i 2008. Hjå meg høyrer du studioplata Hell To Pay frå 1990. I 1967 kom Vicente Amigo Girol til verda i andalusiske Guadelcanal. Flamencogitaristen Vicente Amigo sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata Sacred Love, som sting slepte i 2003. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Darlington Arts Centre. I 1987 spelte Toy Dolls i Salle Monisoye i Besançon. I 1988 kunne Toy Dolls høyrast på Angered i Göteborg. I 1991 slepte Rod Stewart plata Vagabond Heart. I 1997 gav Queensryche ut plata Hear In The Now Frontier, ei plate som på grunn av flørtinga med den nye og utskjelte musikkstilen Grunge vart forbigått i tagnad av dei fleste av den mest trufaste fansenbasen, som bandet hadde brukt lang tid på å bygge opp. I 2003 slepte Linkin Park si andre studioplate, Meteora, som har seld i meir enn ti millionar eksemplar verda over. I 2006 døyde countryartisten Buck Owens.

24.03.2016

Tjuefjerde mars

Tjuefjerde mars 1935 kom Carol Kaye til verda i Everett i den amerikanske delstaten Washington. Bassisten Kaye vert rekna som ei av verdas framste studiomusikarar og har bidratt på så mykje som over ti tusen ulike innspelingar. Hjå meg er Kaye kreditert for å spele bass på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, på Neil Young si sjølvtittulterte solodebutplate frå 1968, og på utvalde spor på samleplata Classics, som J.J Cale slepte i 1999. I 1949 vart Ellen Shipley fødd i New York. Songerska og komponisten Shipley samarbeidar til vanleg tett med produsenten Rick Nowels og hjå meg kan ho høyrast med bakgrunnsvokal på sjølvkomponert låt på Kim Wilde si studioplate Love Is frå 1992. I Walton-on- Thames, ein småby ikkje langt frå hektiske London, kom Nicholas Drain Lowe til verda. Nick Lowe har markert seg som musikar, låtskrivar og produsent, og ikkje minst som Johnny Cash sin «svigerson», og har ein trufast tilhengarskare over heile verda. Hjå meg kan Lowe høyrast medan han spelar bass på utvalde spor på John Lee Hooker si samleplate Best Of Friends (1998), og for eks-kona Carlene Carter. I 1951 vart Douglas Campbell Thomson fødd i skotske Glasgow. Bassisten Dougie Thomson spelte i Supertramp og kan i mi samling høyrast på plata Crisis? What Crisis? frå 1975. I 1963 kom Dave Douglas til verda i Montclair i New Jersey. Jazztrompetisten Douglas er best kjend for å nytte året som markerte hans eige femtiårsjubileum til å spele i alle dei femti amerikanske statane. Hjå meg kan Douglass sitt trompetspel høyrast på utvalde spor på Suzanne Vega si samleplate Tried And True – The Best Of Suzanne Vega frå 1998. I 1966 kom den norske forfattaren Espen Stenhammer til verda. Stenhammer si musikalske karriere omfattar trommespel med bandet Di Derre. Hjå meg kan Stenhammer høyrast på studioplatene Den Derre Med Di Derre (1993), Jenter & Sånn (1994) og Gym (1996). I 1970 vart Egil Hegerberg fødd i Oslo. Hegerberg er kjend frå band som Hurra Torpedo og Gartnerlosjen, men hjå meg er det som ubestridt leiar av Bare Egil Band han kan høyrast. Plata heiter Absolutt Ikkje Bare Egil Band (1996), og var einmannsbandet si debutplate. I 1971 slepte Serge Gainsbourg konseptplata Historie De Melody Nelson. I 1972 gav Slade ut konsertplata Slade Alive. Plata inneheldt drivande gode konsertversjonar av John Sebastian sin Darling Be Home Soon, og det som av mange vert rekna som den fyrste hardrocksongen, kanadiske Mars Bonfire sin Born To Be Wild, som Steppenwolf tidlegare hadde herja platelistene med. I 1975 kunne dei som var interessert i slikt kjøpe sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd si plate Nuthin’ Fancy, som inneheldt mellom anna Saturday Night Special. Denne songen kan også høyrast på samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd, som er sørstatsbandet sitt bidrag til mi platehylle. I 1979 var dette dagen Motörhead slepte den hardtslåande plata Overkill laus på folket. Eg innrømmer at denne plata har passert fingrane mine og her trengs det skjerping, men dei fleste låtane er nok representert på fleire samleplater og eg ser ikkje bort frå at originalen vert handla inn snart. I 1981 var Toy Dolls på plass og rocka for dei frammøtte i Working Mans Club i Kelloe. I 1987 hadde dei same karane i Toy Dolls teke turen over kanalen og kunne opplevast på Rex i Paris. I 1988 var det ganske sikkert høg stemning når Toy Dolls underheldt studentar og andre på Smallands Nation i universitetsbyen Lund. I 19989 døyde Arnett Cobb. I 1994 spela Johnny Cash inn ein monoversjon av songen Redemption. Han fekk også festa Oh, Burry Me Not (Introduktion: A Cowboy's Prayer) til band. Produsent var legenda Rick Rubin og begge songane enda opp på plata American Recordings, den fyrste i ein serie på fleire studioplater som avslutta karrieren til The Man In Black, men begge songane kan i tillegg høyrast på samleplata God frå 2000. I 2010 døyde den amerikanske bassisten John Ciambotti. Ciambotti vart kjend for å spele med Elvis Costello, men gjekk lei av turnélivet og flytta heim til California. Hjå meg kan Ciambotti sitt bass-spel høyrast på plater med Lucinda Williams og Carlene Carter.

23.03.2016

Tjuetredje mars

Tjuetredje mars 1947 vart Raymond Chikapara Phiri fødd i Sør-Afrika. Gitaristen Ray Phiri sitt bidrag til mi platyhylle kan høyrast på Paul Simon si sjuande soloplate Graceland frå 1986, samt på Across The Borderline, som Willie Nelson slepte laus på trufaste platekjøparar i 1993. I 1949 kom Richard T. Otcasek til verda i Baltimore i Maryland. Under artistnamnet Ric Ocasek var han i perioden 1976 til 1988 leiar av The Cars, som hadde fleire storselgjande plater under hans leiarskap. Ocasek har sidan pleia ei mindre påakta solokarriere og er i dag ein mykje nytta produsent. Hjå meg kan Ocasek høyrast på studioplatene The Cars og Door To Door (1987), i tillegg til samleplata Greatest Hits, som kom på marknaden i 1985. Ocasek er også kreditert for diverse musikalske bidrag på platene Rock Steady (No Doubt) og Weezer – The Green Album, begge frå 2001. I 1950 kom Philip James Lanzon til verda. Tangentmannen Phil Lanzon har vore aktiv sidan midt på sekstitalet og CV’en visar at han har spela med artistar som Mick Ronson, Chris Spedding og Sweet. Lanzon har spela keyboard for Uriah Heep sidan 1986, noko som betyr at underteikna såg han i levande live på Maxime i Bergen i 1989, og i platesamlinga mi kan han høyrast på studioplata Raging Silence frå 1989. I 1951 vart Patrice Yvonne Holloway fødd i storbyen Los Angeles i California. Songerinna Patrice Holloway er best kjend for å syngje i ulike fjernssynsseriar, hjå meg kan røysta hennar høyrast på Buffalo Springfiels si andre studioplate Buffalo Springfield Again (1967) og på Neil Young si debutsoloplate Neil Young frå 1968. Holloway døyde i 2006. I 1960 kom Elvis Presley sin fyrste singel etter avtent militærteneste i Tyskland. Stuck On You nådde fyrsteplassen i USA, men nådde aldri høgare enn nummer tre i den viktigaste marknaden på denne sida av blåmyra, England. Eit år seinare, i 1961, var same Elvis Presley i studio og gav evig liv til Can’t Help Falling In Love. Musikken var ved The Jordanairs. I 1968 kom den engelske songaren Damon Albarn til verda i Whitechapel. Økobonden Albarn har gjort seg merkt som songar i det ein gong så populære britpop-bandet Blur, som har fått så mykje som seks titlar, Leisure (1991), Modern Life Is Rubish (1993), Parklife (1994), The Great Escape (1995), Blur (1997), 13 (1999), på plass i mi samling. Albarn er også ein av mennene bak det virtuelle bandet Gorillaz og kan høyrast medan han syng, spelar gitar og trakterar keyboard på plata Demon Dayz frå 2005, Albarn er også kreditert for pianospel på The Pretenders si akustiske konsertplate The Isle Of View frå 1995. I 1971 vart Abraham Laboriel jr. fødd i Los Angeles i California. Trommisen Abe Laboriel jr. er son av bassisten Abraham Laboriel og kan i mi platehylle høyarst på Melissa Etheridge si plate Skin frå 2001. I 1973 slepte Pink Floyd megasuksessen Dark Side Of The Moon, som herja platelistene verda over i nesten ein generasjon etter, og framleis skal vere den plata som har lege lengst samanhengande på den prestisjetunge platelista Billboard 200. I 1988 var dette datoen Toy Dolls kunne opplevast på Underground i svenske Vaxlo. I 1989 slepte Ramones si ellevte studioplate, Brain Drain. I 1990 bydde denne dagen på plateutgjeving frå ZZ Top og namnet på den nye babyen var Recycler. I 1993 slepte Willie Nelson plata Across The Borderline. I 2009 døyde dirrigenten og filolinsten Gene Orloff.

22.03.2016

Tjueandre mars

Tjueandre mars 1937 vart Jon Hassel fødd i Memphis i Tennesee. Hjå meg kan trompetisten Hassel høyrast medan han spelar for den canadiske countryartisten k.d. Lang på plata Watershed frå 2008. I 1944 vart studiomusikaren Christopher Stainton fødd i stålbyen Sheffield. Chris Stainton har spela tangentar for mange store engelske musikarar, og lista tel namn som Eric Clapton og Bryan Ferry. I mi platehylle kan Stainton sitt tangentspel høyrast på Ian Hunter si andre soloplate All American Alien Boys frå 1976, der han også trakterar bassen på songen Restless Youth, og på Joe Cocker sine plater Across From Midnight, ei studioplate frå 1997, og konsertplata Joe Cocker – Live, samt på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. I 1948 kom Randy Jo Hobbs til verda i Winchester i Indiana. Hobbs prydar mi platesamling med basspel på Johnny Winter sine konsertplater And Live frå 1971 og Captured Live! frå 1976, samt utvalde spor på samleplata A Rock ‘N Roll Collection frå 1994. Hobbs døyde i 1993. I 1952 vart Jay Dee Daugherty fødd i Santa Barbara i California. Trommisen Daugherty har lang fartstid i Patti Smith Group og kan i mi platehylle høyrast i stødig driv på studioplatene Easter (1978) og Peace & Noice (1997). I 1955 vart Waliou Jacquqes Daniel Isheola Badarou fødd i Paris. Tangentmannen Wally Badarou sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Melissa Etheridge si sjølvtitulerte debutplate frå 1988, og på utvalde spor på samleplata Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads frå 1982. I 1957 var singelen All Shook Up i platehyllene. Artisten som stod for underhaldninga var ein ung Elvis Presley og plata klatra heilt til fyrsteplassen, ni veker i USA, sju i England. I 1965 gav Bob Dylan ut plata Bringing It All Back Home. Denne plata står i mi platehylle med tittelen Subterranean Homesick Blues, truleg fordi dette er den best kjende songen på originalplata. Mellom musikarane som hjelpte Dylan med å skape godlyd på plata finn ein trommeslagaren Bobby Gregg, bassisten John Boone, gitaristane Al Gorgoni og Bruce Longhorn, bassisten Joseph Macho Jr. og pianisten Frank Owens. I 1977 kom John Everett Otto til verda i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Trommeslagar John Otto held takten rapmetallbandet Limp Bizkit, ein jobb han har hatt sidan han var med å starte bandet i 1994, og han kan hjå meg høyrast på plata New Old Songs frå 2001. I 1980 nytta Birmingham sin store son, Ozzy Osbourne, denne dagen til å byrje innspelinga av den fyrste soloplata etter at han forlét Black Sabbath. Soloplata fekk namnet Blizzard Of Oz, og det handplukka bandet bestod av den no avdøde gitaristen Randy Rhoads, i tillegg til Bob Daisley på bass, medan Lee Kerslake sat bak trommene. I 1981 kunne Toy Dolls opplevast i Durham, frå scenen i West Cornforth Club. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å innleie den europeiske delen av Beast On The Road turneen og trettitre konsertar venta metallhungrige europearar. I 1988 stod Toy Dolls på scenen på Oden i Karlskrona. I 1994 døyde Dan Hartman. I 1999 var det klart for Skunk Anansie si tredje studioplate, Post Orgasmic Chill. I 2003 døyde Esther Ridgeway. I 2013 døyde Derek Watkins.

21.03.2016

Tjuefyrste mars

Tjuefyrste mars 1914 vart Joseph Francis Burke fødd i Scranton i Pennsylvania. Plateprodusenten Sonny Burke er i mi platehylle kreditert for å spele piano for Marvin Gaye på studioplata I Want You frå 1976. Burke døyde i 1980. I 1944 kom David Perry Lindley til verda i San Marino i California. Allsidige David Lindley, som tidvis er kreditert som Perry Lindley, er musikaren som alle liker å samarbeide med og hjå meg kan han hørast medan han trakterar diverse instrument på Jackson Browne si plate Late For The Sky frå 1974, og medan han spelar saksofon på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, samt ei rekkje instrument på utvalde spor på samleplata Greatest Hits, som The Bangles slepte i 1990, og mandolin og gitar for Ry Cooder på hans samleplate River Rescue – The Very Best Of Ry Cooder (1994). I 1950 vart Charles Roger Pomfret Hodgson fødd i den engelske hamnebyen Portsmouth. Gitaristen og songaren Roger Hodgson er ein av grunnleggjarane av Supertramp, og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Crisis? What Crisis? frå 1975. I 1951 kom Conrad Lozano til verda i Los Angeles i California. Bassisten Lozano er eit sentralt element i Los Lobos, men hjå er det på Paul Simon si plate Graceland frå 1986 han kan høyrast. Lozano er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata Best Of Friends, som John Lee Hooker slepte i 1998. I 1952 kom Andrew Maynard Parker til verda i engelske Cheshunt. Andy Parker slo seg saman med resten av UFO som syttenåring i 1969, og han har vore fast medlem av bandet fram til i dag, med unnatak av eit opphald i perioden 2005-2007, då han, av medisinske årsaker, var tvungen til å gje frå seg trommestolen i bandet til hardtslåande Jason Bonham. Eg var heldig og fekk både sjå og høyre Parker då UFO varma opp for Twisted Sister i Drammenshallen i 1986, og platehylla mi byr på plata Obsession frå 1978. I 1960 vart Dominic Miller fødd i den argentinske hovudstaden Buenos Aires. Gitaristen Miller kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I Brooklyn var fru MacDonnell i barselseng, avkommet James er kjent som Slim Jim Phantom og trakterar trommene i rockabillygruppa Stray Cats. Hjå meg høyrer du Phantom sitt trommespel på studioplatene Gonna Ball (1981) og Choo Choo Hot Fish (1992), i tillegg til samleplata The Best Of Stray Cats frå 1996. I 1961 vart Robert Lee Sweet fødd i Lynwood i California. Robert Sweet er trommis i kristenrocklegendene Stryper og er hjå meg representert med plata To Hell With The Devil frå 1986, utan at eg kan gjere greie for kva som er årsaka til at eg eig dette produktet. Miles Davis nytta dagen i Columbia 30th Street Studio i New York og spela inn låtane Teo, I Thought About You og Blues No 2. Alle tre spora kan høyrast på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1967 kom Keith Palmer til verda i Peterborough på den engelske austkysten. Dansaren Maxim Reality er best kjend for arbeidet han har gjort med The Prodigy og kan i mi platehylle høyrast medan han syng på platene Music For The Jilted Generation (1994) og The Fat Of The Land (1997). I 1971 vart Erik Ljunggren fødd. Plateprodusenten Ljunggren er best kjend for arbeidet han har gjort med Seigmen, og er i mi platehylle kreditert for programmering på studioplata Metropolis frå 1995. Ljunggren var ikkje med på gjennforeninga av Seigmen. I 1982 var Newcastle Polytechnic vertskap for Toy Dolls. I 2005 slepte Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze, bak spakane i kontrollrommet sat superprodusent Joe Barresi. I 2011 døyde Pinetop Perkins.

20.03.2016

Tjuande mars

Tjuande mars 1935 kom Sam Lay til verda i Birmingham i Alabama. Trommeslagaren Lay har tromma så bra at det har gjeve han plass i Blues Hall Of Fame og i mi platesamling kan han høyrast medan han held takten for Bob Dylan på plata Highway 61 Revisited frå 1965. I 1943 vart Jon Christensen fødd i Oslo. Hjå meg kan jazztrommisen Christensen høyrast på Keith Jarrett si plate My Song frå 1978. I 1951 vart James Lawrence Vaughan fødd i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Gitaristen Jimmie Vaughan er ein eldre bror av den meir kjende Stevie Ray Vaughan, og er best kjend for tida han tente som gitarist i den texanske bluesgruppa The Fabulous Thunderbirds, eit band han var med å starte saman med Kim Wilson i 1974. Jimmie sitt gitarspel er minst like sofistikert som det broren kunne by på, og heime hjå meg kan det nytast på plata Hot Number frå 1987, i tillegg til plata Riding With The King, som var eit samarbeid mellom B.B. King og Eric Clapton og kom på marknaden i 2000. Jimmie Vaughan er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplatene The Best Of Stevie Ray Vaughan frå 2007, og Best Of Friends, som John Lee Hooker slepte i 1998. I 1957 vart Sven Joachim Eriksson Thåström fødd i Stockholm. Joachim Thåström var ubestriden leiar i banda Ebba Grön og Imperiet, som herja punk- og nyveivmiljøet sytti- og åttitalet. Hjå meg kan Thåström høyrast på Ebba Grön si plate We’re Only In It For The Drugs frå 1979, samt eit bra utval av studio-, konsert- og samleplater frå begge banda, i tillegg til soloplata Kärlek Är För Dom frå 2009. I 1959 kom Ian Fredrick Rossiter til verda i walisiske Newport. Under aliaset Owen If opptrer Rossiter i Stereo MC’s og hjå meg høyrer du han på den kritikarroste plata Deep Down And Dirty frå 2001. I 1960 var The Jordanaires innom studio og hjelpte Elvis Presley med å skape godlyd under innspelinga av Stuck On You. I 1961 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio i New York og spela inn songane Someday My Prince Will Come, i to ulike versjonar, og Old Folks. Alle versjonane kan høyrast på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1969 var Neil Young og kompisane hans i Crazy Horse i Wally Heider Recording Studios og spela inn songen om kaneljenta, Cinnamon Girl. Platene Everybody Knows This Is Nowhere og Greatest Hits er rett stad å leite for dei som vil låne øyret til denne slagaren, som også kan høyrast på ei rekkje andre samleplater. I 1972 kom Alexander Paul Kapranos Huntley til verda i Almondsbury. Alex Kapranos er frontfigur i det skotske indiebandet Franz Ferdinand der han både syng og spelar gitar. Kapranos sine bidrag til mi platehylle heiter Franz Ferdinand (2004), You Could Have It So Much Better (2005) og Tonight: Franz Ferdinand (2009). I 1976 vart Chester Charles Bannington fødd i Phoeniz i Arizona. Songaren Chester Bannington har sitt daglege virke i Linkin Park og kan hjå meg høyrast på studioplata Meteora, og på konsertplata Live In Texas, begge frå 2003. I 1978 var Gasolin’ på plass i Sweet Silence Studio i kongens by, København. Songen med den meiningsbærande tittelen U Lu La Lu vart foreviga for ettertida og produsent var Freddy Hansson i samarbeid med bandet. I 1982 var Toy Dolls enno ein gong på plass i South Shields for å spele på Shore Line. I 1991 slepte brasilianske Sepultura den kritikarroste plata Arise I 1997 døyde Ronnie Barron. I 2000 slepte multikunstnaren Oddvar Torsheim plata Tur – Retur Blues. I 2011 døyde Ralph Mooney. I 2015 døyde AJ Pero.

19.03.2016

Nittande mars

Nittande mars 1951 kom Derek Longmuir til verda i den skotske hovudstaden Edinburgh. Trommeslagaren Longmuir var ein av grunnleggjarane av tyggigspopbandet Bay City Rollers. I mi platehylle kan Longmuir høyrast medan han held takten på samleplata The Magic Collection. I 1953 vart Ricky Helton Wilson fødd i Athens i den amerikanske delstaten Georgia. Gitaristen Ricky Wilson vasr ein av grunnleggjarane av new wave bandet The B52s og var i tillegg broren til vokalist Cindy Wilson. Hjå meg høyrer du Wilson sitt gitarspel på studioplata Wild Planet frå 1980, i tillegg til samleplata The Best Of The B52’s-Dance This Mess Around frå 1990. Wilson døyde av HIV i 1985. I 1958 kom Anne-Marie Gjørtz til verda i Stockholm. Jazzsongerinna og sangpedagogen Gjørts har slept soloplater, i tillegg til å delta i ulike konstellasjonar. Hjå meg kan Gjørtz høyrast på den prisløna plata Brazilicum, som Trio De Janeiro slepte i 1993. I 1962 var Elvis Presley i studio og song inn She’s Not You. Med seg for å skape litt triveleg bakgrunnsmusikk var evigunge The Jordanaires. I 1969 kom Jeremy Thomas McRae Blackall til verda i engelske Essex. Tom McRae har levert fleire solide bidrag til musikkverda etter debuten i 2000 og hjå meg kan han høyrast på den sjølvtitulerte debutplata, i tillegg til plata Just Like Blood frå 2003. I 1971 vart Øyvind Kolset fødd. Tangentmannen Kolset er ein av grunnleggjarane av Postgirobygget og kan i mi plathylle høyrast på plata Melis frå 1996. Same dag slepte Jethro Tull plata Aqualung, der fansen, forutan tittelsporet, fekk høve til å stifte kjennskap med slagarar som Cross Eyed Mary og Locomotive Breath. I 1973 kom Brant Bjork til verda i Palm Dessert i California. Trommissen Bjork etablerte seg innom stoner rocken med bandet Kyuss, og har tilnærma legendestatus innom sjangeren. I mi platehylle kan trommespelet hans høyrast på eit par spor på Melissa Auf Der Maur si debutplate Auf Der Maur frå 2004. I 1982 var dette ein tragisk dag, då mange hugsar at Ozzy Osbourne sin unge og teknisk eminente gitarist, Randy Rhoads, døyde i eit dramatisk småflykrasj. Rhoads var i sine yngre dagar med å starte bandet Quiet Riot, og før han gjekk bort nådde han å skape grom gitarlyd på Ozzy-platene Blizzard Of Oz og Diary Of A Madman. Ozzy si konsertplate Tribute (1987), der Rhoads også trakterte gitaren, kom på plass i platehyllene fem år seinare. I 1986 vart Susanne Aartun Sundfør fødd i Haugesund. Susanne Sundfør platedebuterte i 2007 og kan i mi platehylle høyrast på studioplata The Brothel frå 2010. I 1987 gav Ozzy Osbourne ut konsertplata Tribute, ei samling gamle konsertopptak med Ozzy Osbourne sin favorittgitarist, avdøde Randy Rhoads, på gitar. I 1990 slepte Robert Plant si femte soloplate etter tida i Led Zeppelin, Manic Nirvana. I 2007 slepte BigBang si sjette studioplate, Too Much Yang.

18.03.2016

Attande mars

Attande mars 1935 kom Bob Lynch til verda i irske Dublin. Gitaristen Bobby Lynch slo seg saman med The Dubliners i 1964 og spelte med dei i eit års tid før han satsa på ei solokarriere på andre sida av Atlanterhavet. Hjå meg kan Lynch sitt gitarspel høyrast på utvalde spor på The Dubliners si samleplate At Their Best (1998). Lynch sleit med depresjonar og tok livet av seg i 1982. I 1945 vart Eric Norman Woolfson fødd i skotske Glasgow. Songaren og advokaten Eric Woolfson var den eine halvleiken av The Alan Parsons Project, som leverte ei rekkje kritikarroste studioplater mellom 1975 og 1990. Hjå meg kan Woolfson høyrast på samleplata The Instrumental Works frå 1988. Woolfson døyde i 2009. I 1948 kom Robert Stanley Whitlock til verda i Memphis i Tennessee. Derek & The Dominos-grunnleggjaren Bobby Whitlock sitt bidrag til mi platehylle finn du på The Jeff Healey Band si plate Hell To Pay frå 1990. I 1961 vart Grantzberg Vernon Hart fødd i South St. Paul i Minnesota. Grant Hart var trommis i bandet Hüsker Dü, som hjå meg kan høyrast på plata Candy Apple Grey frå 1986. I 1964 kom saksofonisten Courtney Pine til verda i London. Pine arbeidar vanlegvis på jazzscena, men han kan i mi platesamling høyrast på Mick Jagger si plate Wandering Spirit frå 1993. I 1966 vart Jerry Fullton Cantrell fødd i Tacoma i den amerikanske delstaten Washington. Gitaristen Jerry Cantrell spelte i Alice In Chains og vert rekna som ein av dei som, saman med Nirvana og eit par andre band, drog i gang Grunge-eventyret i Seattle på slutten av 1980-talet. Enn så lenge må du nøye deg med platene Facelift (1990) og Dirt (1992) om du vil høyre Cantrell sitt gitarspel hjå meg. I Los Angeles i California kom Dyanna Lauren til verda. Skodespelaren Lauren er best kjend for eit utal filmar med pornografisk innhald. I mi platehylle kan Lauren høyrast med høglydt «pornography» på Marilyn Manson si plate Mechanical Animals frå 1998. I 1967 slepte ein ung Jimi Hendrix, med bandet Experience i ryggen, singelen Purple Haze som klatra så høgt som til fjerdeplass på dei engelske listene. I 1969 nytta den same Jimi Hendrix dagen til å gå i studio og spele inn ein av sine mest kjende songar, Star Spangled Banner. I 1970 kom Dana Elaine Owens til verda i flyplassbyen Newark i New Jersey. Queen Latifa er både modell, skodespelar og artist. Hjå meg kan Queen Latifa høyrast på studioplata Trav’lin’ Light frå 2007. I 1971 nytta The Who datoen til å reise til New York for å gå i gang med innspelinga av Getting In Tune. Songen hadde eigentlege arbeidstittelen I’m In Tune. Dei tok seg også tid til å spele inn det som vart originalversjonen av Behind Blue Eyes. I 1974 kom Daniel Gilbert til verda i svenske Hindås. Gitaristen Hurricane Gilbert kan hjå meg høyrast på Håkan Hellström si plate Känn Ingen Sorg För Mig Göteborg frå 2000. I engelske Sheffield vart Stuart Patric Jude Zender fødd. Bassisten Stuart Zender var ein av grunnleggjarane av Jamiroquai og spelte på bandet sine tre fyrste plater. Hjå meg kan Zender høyrast på Jamiroquai si debutplate Emergency On Planet Earth frå 1993, i tillegg til at han er kreditert for å spele på eit spor på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1977 slepte The Clash singelen White Riot, som nådde trettiåttandeplass på dei engelske singellistene. Frå 1978 hugsar me AC/DC sin opptreden på skotsk fjernsyn der dei rocka seg gjennom Riff Raff, Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog, Bad Boy Boogie, Let There Be Rock og (I’m A) Rocker. Me som ikkje fekk inn skotsk fjernsyn på syttitalet har i dag fått høve til å nyta dette opptaket på DVD-plata Let There Be Rock frå tyske Falkon Neue Medien. I 1980 var Johnny Cash i studio i countryhouvudstaden Nashville i Tennessee og spela inn Song Of The Patriot, songen kan høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1986 vart Li Lykke Timotej Svensson Zachrisson fødd i skånske Ystad. Lykke Li kan i mi platehylle høyrast som gjest på Primal Scream si plate Beautiful Future frå 2008. I 1991 spelte AC/DC inn video til songen Are You Ready. Produsent var som vanleg David Mallet. I 2001 døyde John Phillips. I 2011 heldt dei finske alternativrockarane i 22 Pistepirkko ein flott konsert på Garage i Bergen.

17.03.2016

Syttande mars

Syttande mars 1919 kom Nathaniel Adams Coles til verda i Montgomery i den amerikanske delstaten Alabama. Nat King Cole gjorde eigentleg sitt beste for å gå inn i historiebøkene som jazzpianist, men vert nok best hugsa for den mjuke barytonrøysta si. Cole er far til songarinna Natalie Cole, som gav nytt liv til somme av dei best kjende songane hans lenge etter at han var daud. Hjå meg kan Cole si fløyelsmjuke røyst nytast på samleplata The Trouble With Me Is You frå 1994. Nat King Cole døyde i 1965. I 1938 vart Bruno Glenmark fødd i svenske Tomelilla. Trompetisten Glenmark er gift med songerinna Ann-Louise Hansson og saman dreiv dei eige plateselskap, GlenDisc. Hjå meg kan Glanmark sin trompet høyrast på utvalde spor på samleplatene The Hits (1991) og Gold – The Greates Hits (1992), begge i regi av ABBA. I 1941 vart Paul Lorin Kantner fødd i San Francisco i California. Paul Kantner gjorde etter kvart stor suksess med hippiebandet Jefferson Airplane og han kan hjå meg høyrast på konsertplata Somebody To Love-Live, og på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1944 vart John Benson Sebastian Jr. fødd i Greenwich Village i New York. John Sebastian er for dei fleste best kjend for å ha starta bandet The Lovin’ Spoonful, men i mi platesamling er han å høyre som gitarist på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965. I 1951 kom William Scott Gorham til verda i Glendale i California. Gitaristen Scott Gorham fekk gitaristjobben i Thin Lizzy i 1974 og er ein av dei som framleis er med å halde liv i det gamle hardrockbandet. Hjå meg kan Gorham høyrast på samleplata Dedication: The Very Best Of Thin Lizzy frå 1991, og Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1954 kom Bjørn Eidsvåg til verda i ein bergsprekk kalla Sauda. Rockepresten har ein lang veg å gå for å komme inn på lista over mine favorittartistar, og det er ikkje eg som har plassert ei av platene hans i hylla, men plata Landet Lenger Bak står der, litt for seg sjølv. I 1957 vart Adriana Kaegi fødd i Sveits. Kaegi tok som attenåring turen til USA med det formål å slå seg opp i underhaldningsbransjen. Saman med ektemannen August Darnell starta ho opp Kid Creole And The Coconuts, som har to titlar på plass i mi platehylle, i tillegg kan Kaegi høyrast med bakgrunnsvokal på U2 si studioplate War frå 1983. I 1963 kom Michael Lee Ivins til verda i Omaha i Nebraska. Bassisten Michael Ivins er ein av grunnleggjarane av The Flaming Lips, som har lurt plata At War With The Mystics frå 2006 inn i mi platehylle. I 1965 var Johnny Cash i studio og spela inn songen Mister Garfield, om presidenten som vart skoten i eit attentat på slutten av det nittande hundreåret. Songen vart originalt gjeve ut på plata Johnny Cash Sings The Ballads Of The True West og kan i tillegg høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1967 kom William Patric Corgan til verda i Elk Grove Village i Illinois. Billy Corgan er sjefen i Smashing Pumpkins og representert med fire studioplater i mi platehylle, Siamese Dream (1993), Mellon Collie And The Infinite Sadness (1995), Machina/The Machines Of God (2000) og Zeitgeist (2007), i tillegg til samleplata Greatest Hits, som ikkje står på lista over bandet sine offisielle utgjevingar. Corgan kan også høyrast medan han spelar bass på songen Hit So Hard på Hole si plate Celebrity Skin frå 1998. I 1971 var ei av tidenes beste rockegrupper, The Who, i Record Plant studio i New York for å spele inn songane Pure And Easy, Baby, Don’t You Do It og ein alternativ versjon av Behind Blue Eyes. Dei gjekk også i gang med innspelinga av låta Love Ain’t For Keeping, som vart fullførd seinare. Alle songane er tilgjengeleg på plata Who’s Next, som vart tilgjengeleg for sal seinare same året. I 1972 kom Melissa Auf Der Maur til verda i den kanadiske olympiabyen Montreal. Bassisten Auf Der Maur har spelt med både Fountains Of Wayne og The Smashing Pumpkins, men er best kjend for å spele i Hole, der ho rakk å spele inn plata som er eit av hennar bidrag til mi platehylle, Celebrity Skin (1998) før ho skifta beite. Auf Der Maur kan hjå meg også høyrast på ei sjølvtituelert soloplate. I 1975 kom Justin David Hawkins til verda i Surrey. Justin Hawkins var frontfigur i det engelske glamrock bandet The Darkness og hjå meg kan han høyrast på debutplata Permission To Land frå 2003. I 1983 var Toy Dolls invitert til Royal Banquet Hall i badebyen Whitley Bay for å underhalde og eg vert ikkje forundra om stemninga stod i taket. I 1985 var det engelske metallbandet Iron Maiden på plass for å spele i eit utseld Long Beach Arena i California for fjerde kvelden på rad. I 1990 slepte Ozzy Osbourne konsert-Ep-en Just Say Ozzy, som vart spela inn på diverse konsertar november året før. Dette var også dagen Ric Grech døyde. I 1992 kom Twisted Sister si fyrste samleplate. Den fekk namnet Big Hits And Nasty Cuts og er ei flott blanding av gruppa sine beste studioinnspelingar og konsertopptak. Også Tears For Fears nytta dagen til å sleppe ei samleplate, den hadde tittelen Tears Roll Down og tok for seg bandet sine største hits i perioden 1982-1992.

16.03.2016

Sekstande mars

Sekstande mars 1948 vart Michael Owen Bruce fødd i Arizona. Michael Bruce var gitarist og bakgrunnsvokalist i Alice Cooper Group og kan hjå meg høyrast på platene Schools Out frå 1972 og Billion Dollar Babies, som kom på marknaden i 1973. I 1954 vart Stephen J. Lipson fødd i England. Plateprodusenten Stephen Lipson er i mi platehylle kreditert for å spele både bass og keyboards på Simple Minds si plate Real Life frå 1991. I San Fransisco kom Nancy Lamoureux Wilson til verda. Gitaristen og vokalisten Nancy Wilson var, saman med systera Ann, kjernen i det amerikanske rockebandet Heart og kan hjå meg høyrast på studioplata Little Queen frå 1977, i tillegg til konsertplata Rock The House! Live som kom på marknaden i 1991. I 1965 vart Damian LeGasssick fødd i skotske Glasgow. Komponisten og produsenten LeGassick er i mi platehylle kreditert for å spele både gitar og tangentar på Sopie Ellis-Bextor si plate Read My Lips frå 2001. I 1970 kom Herbert Joakim Berg til verda i svenske Eskilstuna. Joakim Berg er vokalist og gitarist i det svenske bandet Kent og kan hjå meg høyrast på platene Kent (1995), Hagnesta Hill (1999), Du Och Jag Döden (2005), og Tillbaka Til Samtiden, som kom på marknaden i 2007. I 1971 var Pete Townshend og dei tre andre i The Who i studio og spelte inn det som er blitt ein av fleire signaturlåtar for gruppa, Won’t Get Fooled Again, som i tillegg til ei røys med samleplater kan høyrast på Who’s Next. I 1972 vart Andrew Dunlop fødd i skotske Lenzie. Gitaristen Andy Dunlop spelar til dagleg i Travis og kan hjå meg høyarst på bandet si tredje studioplate, The Invisible Band, frå 2001. I 1976 slepte Marvin Gaye si trettande studioplate, I Want You, der dei sterkt erotiske tekstane skal vere inspirert av Gaye sitt forhold til si andre kone, Janis Hunter. I 1982 fekk den alltid like velkledde oktetten Madness notert ein fjortandeplass på listene for singelen Cardiac Arrest og i 1985 var Iron Maiden på scenen i Long Beach Arena i California og spelte sin tredje utselde konsert på like mange kveldar. I 1999 slepte supergitaristen Jeff Beck plata Who Else. I 2005 døyde Jackson ”Thunderfoot” Spires.

15.03.2016

Femtande mars

Femtande mars 1931 vart Dominic Joseph Fontana fødd i Shreveport i Louisiana. Trommisen D.J. Fontana har gjort seg merkt som ein viktig del av Elvis Presley sin rytmeseksjon og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som dødsbuet etter «kongen» slepte i 2002. I 1932 kom Arif Mardin til verda i den tyrkiske storbyen Istanbul. Plateprodusenten Mardin kom frå ein mektig diplomatfamilie i heimlandet, men var fanga av den amerikanske populærkulturen. Han samarbeide med store namn som Bette Midler, Queen og The Bee Gees, i mi platehylle er han kreditert for strengearrangement på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980, samt den same krediteringa på utvalde spor på same dame si samleplate The Best Of Aretha Franklin Vol 1. frå 1994. Mardin døyde i 2006. I 1938 vart Charles Lloyd fødd i Memphis i Tennessee. Jazzmusikaren Lloyd kan i mi platehylle høyrast med fløytespel på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. I 1940 kom Phillip Chapman Lesh til verda i Berkley i California. Bassisten Phil Lesh trakterte bassen for hippiebandet Grateful Dead i heile deira trettiårige karriere og kan i mi platesamling høyrast på den ganske så uautoriserte konsertplata ’64-Live, og på samarbeidsplata med kompisen Bob Dylan, Dylan & The Dead frå 1989. Lesh var også ein del av laget då ei anna hippielegende, David Crosby spelte inn si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1941 vart Michael Edward Love fødd i Los Angeles i California. Mike Love er syskenbarn til Wilson-brørne i The Beach Boys, der han sjølv stod for mykje av vokalen. Hjå meg kan Love høyrast på platene 15 Big Ones, Summer Dreams og Super Hits. I 1944 kom Ralph MacDonald til verda i Harlem i New York City. Percusjonisten MacDonald kan hjå meg høyrast på plater med to blad Simon, Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon, frå 1975, og på Paul Simon si studioplate Graceland frå 1986. MacDonald døyde i 2011. I 1947 vart Ryland Peter Cooder fødd i Los Angeles i California. Musikaren Ry Cooder er mannen som introduserte verda for den cubanske supergruppa Buena Vista Social Club. Karrieren hans omfattar elles ei rekkje soloplater og samarbeidsprosjekt med ei rekkje dugande musikarar. Hjå meg finn du plata Ry Cooder, som kom på marknaden for fyrste gong i 1970 og var mannen si debutplate, og samleplata River Rescue The Very Best Of Ry Cooder frå 1994. I tillegg kan Cooder sitt gitarspel nytast på Van Morrison si studioplate Into The Music frå 1979, samt samleplata Best Of Friends, som vart slept i 1998. I 1952 kom Howard Trafford til verda i Scunthorpe i engelske Lincolnshire. Howard Devoto var songar og frontmann i Buzzcocks og kan hjå meg høyrast på samleplata Singles Going Steady frå 1979. I 1955 kom David Daniel Snider til verda i Astoria i den amerikanske delstaten New York. Dee Snider har gjort størst suksess som vokalist i Twisted Sister, som eg var så heldig at eg fekk sjå i levande live i Drammenshallen i mars 1986. Når eg i stille stunder kjenner for å gjennoppleve stemninga frå denne vårkvelden for ein liten mannsalder sidan, finn eg fram samleplata Big Hits And Nasty Cuts (1992), som byr på det meste av det beste av Twisted Sister sine sprell. I 1959 kom Steven W. Marker til verda i Minneapolis i Minnesota. Gitaristen Steve Marker er best kjend for arbeidet han har gjort i bandet Garbage, som har to solide plater i mi platehylle, Garbage (1995) og Version 2.0 frå 1998. I 1963 vart Nellee Hooper fødd i engelske Bristol. Plateprodusenten Hooper har band som Smashing Pumpkins og U2 på samvitet, hjå meg kan han høyrast medan han spelar diverse slaginstrument for Neneh Cherry på studioplata Raw Like Sushi (1989) og Bjørk på Debut (1993). I 1977 slepte The Band plata Islands, bandet si siste plate med originalbesetningen ombord. I cowboy-byen Dallas i skytegale Texas vart Joseph Hahn fødd. DJen Joe Hahn spelar i Linkin Park og hjå meg kan han høyrast på studioplata Meteora, og konsertplata Live In Texas, begge frå 2003. I 1980 var Toy Dolls enno ein gong på plass for å spele i Labour Club i Hordon. I 1985 bydde denne datoen på konsert med Iron Maiden i Long Beach Arena, den andre av fire. I 1995 bydde dagen på plateslepp frå Trick Babys og produktet hadde namnet Player, og svenske Kent platedebuterte med eit produkt som hadde den spanande tittelen Kent. I 1999 nytta Blur høvet til å gje ut plata 13, som var bandet sitt sjette studioalbum. I 2005 kom Kent si sjette studioplate Du Och Jag Döden. I 2011 døyde Nate Dogg.

14.03.2016

Fjortande mars

Fjortande mars 1949 kom Roger Powell til verda. Tangentmannen Powell samarbeidar gjerne med Todd Rundgren og spelar elles i Utopia. Powell sitt bidrag til mi platehylle finn du på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell frå 1977, samt på utvalde spor på samleplata Hits Out Of Hell, som den same Meat Loaf slepte i 1984. I 1964 vart Per Øyvind Houmb fødd i Trondheim. Prepple Houmb er vokalist i DumDum Boys og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Schlägers frå 2001. I 1978 avslutta The Who innspelinga av Trick Of The Light, som skulle få plass på plata Who Are You, med sleppdato seinare same året. I 1985 spelte eit ungt og energisk Iron Maiden den fyrste av fire konsertar i Long Beach Arena, og vart med det fyrste band nokon sinne til å selje ut denne flotte vestkystarenaen fire kveldar på rad. I 1988 slepte Morrisey si solodebutplate Viva Hate. I 2005 gav elektronicabandet Daft Punk ut si tredje studioplate, Human After All, ei hending som samanfall med utgjevinga av Stereophonics si femte studioplate Language. Sex. Violence. Other?. I 2010 døyde Junior Collins.

13.03.2016

Trettande mars

Trettande mars 1937 vart Terence William Harvey Cox fødd i High Wycombe i engelske Buckinghamshire. Trommisen Terry Cox kan i mi platehylle høyrast i fint driv medan han held takten for rockekamelonen David Bowie på plata Space Oddity frå 1969. I 1938 vart Erma Vernice Franklin fødd i Shelby i Mississippi. Songerinna Erma Franklin er best kjend for å vere storesystera til meir kjende Aretha Franklin, men har levert fleire store hits på eiga hand. Hjå meg kan Franklin høyrast med bakgrunnsvokal på utvalde spor på storesyster Aretha si samleplate The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1 frå 1994. Franklin døyde i 2002. I 1947 kom David William Kelly til verda i Streatham, ein stad sør i metropolen London. Gitaristen Dave Kelly var med å starte gruppa The Blues Band i 1979. Hjå meg kan Kelly høyrast på platene Offical Blues Band Bootleg Album (1980), Ready (1980), Itchy Feet (1981) og Brand Lojality (1982). I 1948 vart David James Mattacks fødd i engelske Edgeware. Trommeslagaren Dave Mattacks er nok best kjend for å spele med det engelske folkrockbandet Fariport Convention, men har også spela inn plater med artistar som Paul McCartney, George Harrison, Nick Drake og Loudon Wainwright III. Mattacks kan hjå meg høyrast medan han trommar for Joan Armatrading på hennar sjølvtitulerte plate frå 1976, og for Jethro Tull på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1959 kom Gregory James Norton til verda i Rock Island i Illinois. Bassisten Greg Norton spelte i bandet Hüsker Dü og kan i mi platehylle høyrast på bandet si femte studioplate Candy Apple Grey (1986). I 1960 vart Adam Charles Clayton fødd i engelske Chinnor. Bassisten Adam Clayton spelar til dagleg i U2 og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate, War, som kom på marknaden i 1983 1983. I 1962 vart Filip Anders Roel Hernestam fødd i Malmö. Trommisen Anders Hernestam spelar til dagleg i bandet Weeping Willows og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate, Into The Light frå 2002. Hernestam er også kreditert for å spele på Thåström si sjette soloplate, Kärlek Är För Dom frå 2009. I 1969 gav MC5 ut ein singel med The American Ruse og Shakin’ Street på kvar si side. I 1978 var dette fyrste innspelingsdag for The Who sin song Trick Of The Light, som kan høyrast på plata Who Are You frå 1978. I 2002 døyde Marc Moreland. I 2006 vart Blondie, under stor festivitas, endeleg innlemma i Rock And Roll Hall Of Fame, på tide. I 2009 slepte Thåström si sjette soloplate, Kärlek Är För Dom.

12.03.2016

Tolvte mars

Tolvte mars 1930 vart Wardell Joseph Quezergue fødd i New Orleans i Louisiana. Orkesterleiaren Wardell Quezergue er i mi platehylle kreditert for å ha arrangert blåserekka på eit spor på Robbie Robertson si plate Storrryville frå 1991. Wardell Quezergue døyde i 2011. I 1948 kom Richard Leslie Holroyd til verda i den nordengelske byen Oldham. Bassisten Les Holroyd har i vaksen alder livnært seg ved å spele i symforock bandet Barclay James Harvest, og kan hjå meg høyrast på konsertplata Berlin - A Concert For The People frå 1982. I Boston i Massachutsetts vart James Vernon Taylor fødd. Gitaristen og komponisten James Taylor sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975, samt på plata Greatest Hits, som Neil Young slepte i 1998. I 1949 vart William Payne fødd i Waco i skytegale Texas. Pianisten Bill Payne er best kjend for å vere ein av grunnleggjarane av Little Feat, men hjå meg er han kreditert for glitrande pianospel på platene Pieces Of The Sky, som var Emmylou Harris sitt bidrag til platemarknaden i 1975, Stranger In Town (1978), The Distance (1982) og The Fire Inside (1991), alle slepte av Bob Seger And The Silver Bullet Band, på Lawyers In Love, som Jackson Browne slepte i 1983, og på Bryan Adams si plate Waking Up The Neighbours frå 1991, i tillegg til Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell II: Back Into Hell frå 1993, og Rhythm & Blues, som Robert Palmer slepte i 1999, og på utvalde spor på samleplatene Best Of Friends (John Lee Hooker, 1998) og Classics (J.J. Cale, 1999). I 1956 vart Stephen Percy Harris fødd i London. Bassisten Steve Harris er grunnleggjar av, og ubestriden sjef i dei engelske metallikona Iron Maiden, og har opp gjennom åra stått for det meste av Iron Maiden sin musikk og er dermed den viktigaste kjelda til bandet sin suksess. Om ein skal seie noko negativt om Harris må det vere at han, i fotballen si verd, held med London-laget West Ham, noko som aldri er eit godt teikn. Harris leverte glitrande basspel på Koengen i august 2010 saman med resten av den etter kvart godt vaksne gjengen i Iron Maiden, og glitrande basspel har han levert på alle dei femten studioplatene og den eine konsertplata eg har investert i så langt. I 1957 kom Marlon David Jackson til verda i Gary i den amerikanske delstaten Indiana. Marlon Jackson er storebror av betre kjende Michael Jackson og hjå meg høyrer du han på samleplata The Ultimate Collection, som brødregjengen Jackson 5 slepte i 1995. I 1959 var dette dagen då Johnny Cash spela inn The Great Speckled Bird og Five Feet High And Rising. Songane, som var produsert av den faste produsenten på den tida, Don Law, enda opp på plata Songs Of Our Soil og kan i tillegg høyrast på samleplatene God frå 2000 (TGSB) og Johnny Cash’s America frå 2008 (FFHAR). I 1969 kom Graham Leslie Coxon til verda i Rinteln i det som den gongen heit Vest-Tyskland. Graham Coxon er best kjend for tida han spelte gitar i Blur. Hjå meg kan Coxon sitt gitarspel høyarst på studioplatene Leisure (1991), Modern Life Is Rubbish (1993), Parklife (1994), The Great Escape (1995), Blur (1997) og 13 (1999). I 1979 vart Peter Doherty fødd i engelske Hexham. Skandaleombruste Pete Doherty er kjend for ein romanse med supermodellen Kate Moss og eit suksessrikt opphold i bandet The Libertines, men i mi platehylle kan han høyrast som vokalist i Babyshambles. Plata heiter Down In Albion, var bandet sin debut og kom på marknaden i 2005. I 1983 var Toy Dolls sin turné komen til Barracks i Albemarle. I 1996 slepte The Afghan Whigs si femte studioplate, Black Love. I 2010 døyde Leslie Duncan, same dag som Fish heldt konsert på Garage i Bergen og Susanne Sundfør slepte plata The Brothel på den engelske marknaden. I 2013 døyde Clive Burr.

11.03.2016

Ellevte mars

Ellevte mars 1939 kom Leonardo Jimenez til verda i San Antonio i skytegale Texas. Accordionspelaren Flaco Jimenez har hatt ei sjølvstendig karriere i Tex-Mex-segmentet og har henta heim fleire høgthengande Grammy-prisar, men hjå meg høyrest han best som medlem av supergruppa Texas Tornados på studioplata Hangin’ On By A Tread (1992), og samleplata The Best Of Texas Tornados, samt på Tish Hinojosa si plate Homeland, som kom på marknaden i 1989, og samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. Jimenez har også spela med ein annan kjenning frå country-verda, Buck Owens, som også er å finne i mi platehylle. I 1944 vart Graham Hamilton Lyle fødd i engelske Bellshill. Graham Lyle vart hyra inn som låtskrivar for The Beatles sin Apple Records så tidleg som 1968 og har sidan gjort seg merkt på ulikt vis i musikkindustrien. Hjå meg kan Graham Lyle høyrast med bakgrunnsvokal på Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989, og med gitarspel på Joan Armatradig si sjølvtittulerte studioplate frå 1976, og Joe Cocker si plate Across From Midnight (1997). I 1945 kom Harvey Mandel til verda i Detriot i Michigan. Den eksentriske gitaristen Harvey Mandel flytta i ung alder til traktene rundt Chicago og utvikla seg til å bli ein framragande gitarist som har vore med å prega Canned Heat sitt lydbilde i fleire periodar. Hjå meg kan Mandel Høyrast på plata House Of Blue Light frå 1998, samt på utvalde spor på Rolling Stones si samleplate Jump Back – The Best Of The Rolling Stones, som kom på marknaden i 1993. I 1951 vart Kathrine Farthing fødd i Port Of Spain på Trinidad. Katie Kissoon hadde fleire hits saman med broren Mac på syttitalet, men har dei siste åra livnært seg som korist for andre artistar. I mi platehylle kan røysta hennar høyrast på Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992, og på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992, samt Van Morrison sine studioplater Into The Music (1979) og Avalon Sunset (1989). I 1955 vart Catharina Hagen fødd i Berlin i det dåverande DDR. Kunstpunkdronninga Nina Hagen har seinare gjeve oss ei mengd plater og hjå meg kan ein finne Nina Hagen Band si andre studioplate Unbehagen frå 1979, i tillegg til at dronninga har samla det beste av det beste på samleplata The Very Best Of Nina Hagen (1990). Nina Hagen er i dag, for det meste oppteken med å låne bort røysta si til fleire tyskspråklege versjonar av amerikanske teiknefilmar. I 1957 kom Cameron Andrew McVey til verda i England. Plateprodusenten Cameron McVey, også kjend som Booga Bear, har jobba med Portishead og Massive Attac, hjå meg kan han høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på Neneh Cherry si debutplate Raw Like Sushi frå 1989. I 1961 kom Bruce William Watson til verda i Timmins i den kanadiske provinsen Ontario. Gitaristen Bruce Watson er best kjend for arbeidet han har gjort med skotske Big Country, eit band han i si tid var med å grunnleggje, og i mi platesamling kan han høyrast på bandet si tredje studioplate The Seer frå 1986. I 1965 spela Johnny Cash inn, i mono, Hardin Wouldn't Run, som vart gjeven ut på albumet Johnny Cash Sings The Ballads Of The True West. Songen kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1968 vart Jon Alexander Rosén fødd i Oslo. Alex Rosén lét seg korsfeste for plateomslaget på ei kontroversiell plate med bandet Go Go Gorilla og det er ein singel frå dette prosjektet som tek plass i mi platehylle. I 1969 kom Rami Jaffee til verda i Los Angeles i California. Tangentmannen Jaffee sitt bidrag til mi platehylle finn du på plata Jubilee, som Grant Lee Buffalo slepte i 1998. I 1984 kunne frammøtte på Shineyrow Club i Sunderland oppleve eit møte med Toy Dolls. I 1992 spelte The Allman Brothers Band andre av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året.

10.03.2016

Tiande mars

Tiande mars 1938 vart Norman Blake fødd i Chattanooga i Tennessee. Musikaren Blake si merittliste tel eit utal av country- og bluegrasband opp gjennom åra og i mi platesamling kan han høyrast som gitarist på Johnny Cash sine plater Orange Blossom Special frå 1965, America – A 200-Year Salute In Story And Song frå 1972, og American III: Solitary Man, som kom på marknaden i 2000. Blake er også kreditert for å spele på Bob Dylan si plate Nashville Skyline frå 1967, samt på Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. I 1948 kom Hans Rotmo til verda i Verdal. Rotmo spelar rolla som Kristian Schravlevold i Vømmøl Spelemannslag og kan i mi platehylle høyrast på bandet sine to fyrste studioplater Vömmöl’n (1974) og Vömlingen (1975). Også Erik Stenstadvold kom til verda denne dagen. Stenstadvold er professor ved Norges Musikkhøgskole og spelar for det meste gitar. Hjå meg kan han høyrast medan han trakterar stengeinstrumentet lutt for Cornelis Vreeswijk på utvalde spor på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer frå 1996. I 1955 kom Gary Louris til verda i Toledo i Ohio. Louris er best kjend for å spele i The Jayhawks og kan hjå meg høyrast på studioplata Tomorrow The Green Gras frå 1992. Hjå meg kan Louris også høyrast medan han syng bakgrunnsvokal for Soul Asylum på plata Grave Dancers Union frå 1992. I 1957 vart Graham Broad fødd i London. Trommisen Broad kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. På Broad sin fødselsdag tilstod Elvis Presley at (Now And Then There’s) A Fool Such As I. Kresne amerikanarar aksepterte denne tilståinga godt nok til at det vart ein andreplass på platelistene, i England vart det tre veker på topp. I 1963 vart Jeffrey Allen Ament fødd i Havre i fjellstaten Montana. Bassisten Jeff Ament har vore med i grungepionerane Pearl Jam sidan starten i 1990 og kan hjå meg høyrast på to studioplater, debutplata Ten (1991), og Vitaology (1994). Ament var også med i tributebandet Temple Of The Dog, som gav ut ei sjølvtituelert plate i 1991. I 1964 kom Neneh Mariann Karlsson til verda i Stockholm. I mi platehylle står Neneh Cherry si debutplate Raw Like Sushi frå 1989. Neneh Cherry kan også høyrast medan ho syng på songen Kids With Guns på Gorillaz si plate Demon Days frå 2005. I 1966 vart Dave Krusen fødd i Tacoma i delstaten Washington. Krusen var originaltrommisen i Pearl Jam og kan hjå meg høyrast på bandet si debutplate Ten frå 1991. I 1967 gav souldronninga Aretha Franklin ut plata I Never Loved A Man The Way I Love You. I 1972 slepte Jethro Tull plata Thick As A Brick, med ulike versjonar av tittelsporet på kvar side av vinylskiva. Same dag vart Timothy Zachery Mosley fødd Norfolk i Virginia. Rapartisten Timbaland sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Missy Elliott si plate Miss E…So Addictive frå 2001. I 1976 kom Johan Wohlert fødd. Wohlert var bassist i Mew fram til 2006, akkurat lenge nok til vere med på plata And The Glass Handed Kites frå 2005, som er bandet sitt bidrag til mi platehylle. I 2014 vart det kjend at Wohlert var attende i bandet, gode nyhende. I 1980 stod Wine Loft i Sunderland som vertar for Toy Dolls for andre gong. I 1989 rocka Neil Young laus i studioet The Barn i Woodside i California. Resultatet vart Rockin’ In The Free World, som revitaliserte karrieren hans og kan høyrast på plata Freedom frå 1989, i tillegg til mellom anna samleplata Greatest Hits. I 1992 spelte The Allman Brothers Band fyrste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året. I 1997 slepte engelske Death In Vegas debutplata si, Dead Elvis, og verda vart aldri den same. I 1998 slepte Johnny Winter konsertplata Live In NYC ’97, ei konsertplate der Winter sitt trufaste publikum sjølv hadde fått velje låtutvalet. I 2005 døyde Danny Joe Brown. I 2009 slepte Chris Cornell si tredje soloplate, Scream.

09.03.2016

Niande mars

Niande mars 1942 kom den walisiske musikaren John Davies Cale til verda i Garnant. John Cale var, saman med Lou Reed, grunnsteinen i det eksentriske amerikanske kunstrockbandet The Velvet Underground, eit band som oppstod i miljøet rundt den like eksentriske kunstnaren Andy Warhol sin kunstfabrikk i New York City på slutten av sekstitalet, og som var ei av dei viktigaste inspirasjonskjeldene for den amerikanske punkrøyrsla. Hjå meg kan Cale høyrast på samleplata The Best Of Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed. I 1946 kom James Cregan til verda i Yeovil i engelske Somerset. Gitaristen Jim Cregan er best kjend for arbeidet han gjord i Family og Steve Harley sitt faste band, Cockney Rebel, hjå meg finn du Cregan sitt arbeid på plata Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991. I 1947 vart Christopher Hamlet Thompson fødd i engelske Ashford. Songaren og gitaristen Chris Thompson er best kjend for arbeidet han har gjort med Manfred Mann’s Earth Band og hjå meg kan han høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band frå 1999. I 1950 var Miles Davis på plass i New York og spelte inn songane Moon Dreams, Deception, Rocker og Darn That Dream. Med seg i studio hadde han stjernelaget J.J Johnson på trombone, Gunther Schuller på fransk horn, John Barber, som spelte tuba, Lee Konitz, som var mannen som spelte altsaksofon, Gerry Mulligan, som stod for barytonsaksofon, medan Al McKibbon spelte bass. Max Roach var mannen som sat bak trommene og held takten, og Kenny Hagood stod for vokalen på Darn That Dream. Alle songane kan høyrast på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. I 1962 kom Peter Wishart til verda i skotske Dunfermline. Wishart er medlem av det skotske nasjonalistpartiet og har hatt sete i nasjonalforsamlinga. Wishart spelte tidlegare keyboard for Runrig (frå 1986 til 2001) og kan hjå meg høyrast på studioplatene The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), samt konsertplata Once In A Liftime frå 1987. I 1963 vart Ian Kirkham fødd i engelske Preston. Saksofonisten Kirkham kan hjå meg høyrast på Simply Red si fjerde studioplate Stars frå 1991. Kirkham var også med då Simply Red hjelpte Tom Jones med eit spor på hans studioplate Reload frå 1999. I 1974 vart kontrabassisten Øyvind Storesund fødd i landlege Bø i Telemark. Storesund sitt arbeid kan hjå meg høyrast på Kaizers Orchestra sine plater Ompa Til Du Dør, Evig Pint og Violetta Violetta Volume 1 (2011). I 1982 kom Gunnar Greve Pettersen til verda i den sjarmerande småbyen Bergen. Idoldommaren Gest var i hine hårde dagar ein av fleire rapparar i Spetakkel og kan i mi platesamling høyrast på bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 2003. I 1999 gav Wilco ut plata Summerteeth, dette var det Chicago-baserte alternativbandet si tredje studioplate. Også Van Morrison var moden for plateslepp denne dagen, Back On Top var hans bidrag og dette var The Belfast Cowboy si tjuesjuande studioplate, imponerande. I 2009 slepte Bigbang si sjuande studioplate, Edendale.

08.03.2016

Åttande mars

Åttande mars 1957 vart Clive Burr fødd i London. Trommeslagaren Burr er best kjend for tida han heldt takten for Iron Maiden og han kan i mi platehylle høyrast på bandet sine tre fyrste studioplater, Iron Maiden (1980), Killers (1981) og The Number Of The Beast (1982). Burr fekk sparken frå Iron Maiden under turnéen som skulle promotere bandet si gjennombrottsplate, The Number Of The Beast. Burr døyde i 2013. I 1959 kom Brian McGee til verda i skotske Gorbals. Trommisen Gorbals var ein av grunnleggjarane av Simple Minds, men hoppa av trommestolen så tidleg som i 1981, hjå meg kan han høyrast med bakgrunnsvokal på Iggy Pop si plate Soldier frå 1980. I 1962 var ein ung Johnny Cash i studio og spelte inn A Little At A Time. Songen fekk fyrst berre plass som B-side på ein single, men i dag kan han også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1971 slepte Uriah Heep den vanskelege andreplata, Salisbury. I 1986 kunne Toy Dolls både høyrast og sjåast i kongens by, København, dei frammøtte på Barbui var dei heldige denne kvelden. I 1991 slepte R.E.M. plata Out Of Time, som, mellom anna, bydde på landeplaga Losing My Religion. Slayer nytta dagen til å spele i Orange Pavilion i San Bernadino i California, opptak frå konserten kan høyrast på den doble konsertplata Decade Of Aggression, som kom på marknaden seinare same året. I 1994 nytta Soundgarden dagen til å sleppe si fjerde studioplate, Superunknown. Plate selde til fem gongar platina i USA og vert rekna som bandet si sterkaste plate. I 1999 slepte Kula Shaker si andre studioplate Peasants, Pigs & Astronauts. I 2005 døyde Larry Bunker. I 2011 døyde Mike Starr.

07.03.2016

Sjuande mars

Sjuande mars 1946 vart Peter W. Blankfield fødd i bydelen The Bronx i New York City. Songaren Peter Wolf er best kjend for å synge i J. Geils Band, og har i tillegg markert seg som låtskrivar, men i mi platehylle er han kreditert for å bidra med perkusjon på Ted Nugent si plate Penetrator frå 1984. I 1952 kom Ernest Isley til verda i Cinncinnati i Ohio. Multiinstrumentalisten Ernie Isley er ein viktig komponent i familiebandet The Isley Brothers og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar ulike instrument på studioplata Tracks Of Life frå 1991. I 1953 kom Kenny Aronoff til verda i Albany i New York. Trommeslagaren Aronoff er ein høgt skatta studiomusikar og CV’en inneheld namn som Alice Cooper og Johnny Cash. Hjå meg kan Aronoff sitt stødige arbeid høyrast på platene Big Daddy, som var John Mellencamp sitt bidrag til populærkulturen i 1989, The Fire Inside, som Bob Seger & The Silver Bullet Band slepte på marknaden i 1991, Bat Out Of Hell II: Back Into Hell og Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som var Meat Loaf sine bidrag til platemarknaden i 1993 og 2006, Your Little Secret, Skin og Lucky, som Melissa Etheridge slepte høvesvis i 1995, 2001 og 2004, Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997, og Alanis Morissette si plate So-Called Chaos frå 2004. I 1961 var Miles Davis på plass i Columbia 30th Street Studio i storbyen New York. Der spela han inn songane Pfrancing og Drad Dog for plata Someday My Prince Will Come, som kom ut seinare same året. Med seg i studio denne dagen hadde trompetlegenda Hank Mobley på tenorsaksofon, Wynton Kelly på piano og Paul Chambers på bass, medan Jimmy Cobb trakterte trommene. I 1969 gav The Who ut singelen om den døve, dumme og blinde guten som var ein djevel til å spele flipperspel. Pinball Wizard er kan hende den best kjende låten frå rockeoperaen Tommy og klatra til ein fjerdeplass på listene. I 1986 var Toy Dolls komen til Danmark og Helsingør for å spele, Toldkanneren var namnet på staden der denne underhaldninga gjekk føre seg. I 1988 vart det spelt inn ein promovideo for That’s The Way I Wanna Rock’n Roll. Artistane var AC/DC. I 2005 platedebuterte Kaizer Chiefs med Employment.

06.03.2016

Sjette mars

Sjette mars 1937 kom den vetle Kansas-byen Forth Riley sin største son, Benneth Keith Schaufele, til verda. Ben Keith tente til levebrødet sitt ved å spele steel-guitar og dobro, og han var med setje preg på den amerikanske Country & Western-scena på femti- og sekstitalet. Keith gav ut to soloplater og spelte med artistar som mellom anna The Band, David Crosby, Warren Zevon og Todd Rundgren. Best kjend er Keith likevel for å vere ein del av Neil Young sitt faste husband, og han har spelt på meir enn eit dusin av Young sine soloplater. Keith kan i mi platesamling høyrast på Neil Young-platene Tonight’s The Night (1975), American Stars’n Bars (1977), Comes A Time (1978), Hawks & Doves (1980), This Note’s For You, frå 1988, utvalde spor på samleplata Greatest Hits (1998), i tillegg til Young si tjuefemte studioplate Silver And Gold frå 2000. Om denne handfullen frå Neil Young ikkje skulle vere nok, kan Keith også høyrast medan han spelar på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975, og på utvalde spor på den triple samleplata The Bootleg Series Vol 1-3, som Bob Dylan slepte i 1991. Keith døyde i 2010. I 1946 vart David Jon Gilmour fødd i engelske Cambridge. Gitaristen David Gilmour slo seg saman med Pink Floyd i 1967 og vert rekna som ein av verdas framste gitaristar. Hjå meg høyrer du Gilmour sitt gitarspel på ei av verdas mestselgjande plater, Dark Side Of The Moon, som moderbandet Pink Floyd slepte i 1973, samt på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som kom på marknaden i 1995. I 1951 vart Brian Gibson fødd i den Nord-aust-engelske Nordsjø-hamna Newcastle upon Tyne. Trommeslagaren Gibbons kan hjå meg høyrast medan han held takten for gamlebandet til AC/DC-songaren Brian Johnson, Geordie, på samleplata Can You Do It frå 1997. I 1964 kom Stephen Gregory Bier Jr til verda i pensjonistbyen Fort Lauderdale i pensjoniststaten Florida. Tangentmannen Madonna Wayne Gacy heldt ut med Marilyn Manson frå 1989 til 2007 og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Mechanical Animals frå 1998, og konsertplata The Last Tour On Earth, som kom på marknaden i 1999. I 1969 vart Aslag Guttormsgard fødd. Guttormsgard er ein del av det kreative kunstnerfellesskapet Duplex og er sentral i band som Black Debatt og Hurra Torpedo. Hjå meg høyrer du Guttormsgard medan han spelar bass på kompisen Egil Hegerberg sitt prosjekt Bare Egil Band si debutplate Absolutt Ikke Bare Egil Band frå 1996. I 1977 vart Warren Anderson Mathis fødd i Virginia Beach i Virginia. Rapparan Bubba Sparxxx kan i mi platehylle høyrast på Justin Timberlake si solodebutplate Justified frå 2002. I 1980 var det (She Goes La La La To) Finos i Sunderland som fekk si andre vitjing av Toy Dolls. I 1983 spela Toy Dolls i Bowes Lyon House i Stevenage. I 1986 fekk folk i Borås høve til å nyte Toy Dolls, det var mogleg på Rockborgen. I 1990 gav Bel Canto ut andreplata si, Birds Of Passage, på den amerikanske marknaden, då hadde, heldigvis, plata allereie vore tilgjengeleg for oss europearar ei stund. I 1997 døyde Bobby Dyson. I 2001 nytta den bergenske duoen Kings Of Convenience dagen til å få platedebuten Quiet Is The New Loud ut i butikkhyllene. I 2009 døyde David Williams. I 2011 døyde Herman Ernest III. I 2013 døyde Alvin Lee.

05.03.2016

Femte mars

Femte mars 1946 vart Richard Bell fødd i kanadiske Toronto. Pianisten Bell er best kjend som å ha spelt i Janis Joplin sitt Full Tilt Boogie Band og hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på den doble samleplata Janis/Early Recordings (1975, og på Farewell Song, som dødsbuet etter Janis Joplin slepte i 1982. Bell døyde i 2007. I 1948 kom Richie Cannata til verda på Long Island i New York. Studioeigaren Cannata er kjend for å ha spelt saksofon i Billy Joel sitt band og kan hjå meg høyrast på plata Glass Houses frå 1980, samt på utvalde spor på samleplata The Best Of Lita Ford, som Carmelita slepte i 1992. I Plaisance i Guyana vart Edmond Montague Grant fødd. Songaren Eddy Grant slo gjennom med det engelske reggea-bandet The Equals i 1968 og har klatra til ujamne høgder på platelistene sidan. Grant driv i dag sitt eige plateselskap og produserar for andre artistar. Hjå meg finn du Grant si fjerde soloplate, Can’t Get Enought frå 1981. I 1952 kom Alan Clark til verda i engelske Great Lumley. Tangentmannen Clark er best kjend for å spele i Dire Straits, hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på Bob Dylan si samleplate The Bootleg Series, som kom på marknaden i 1992. I 1957 vart Mark Edward Smith fødd i engelske Broughton. Den tidlegare hamnearbeidaren Mark E. Smith er vokalist og tekstforfattar, og for tida, den einaste originalmedlemen som er att i det kritikarroste britiske punkbandet The Fall. Smith sitt bidrag til mi platehylle finn du på The Fall-plata som har fått tittelen 2G+2 og er ei fin blanding av studioinnspelingar og konsertopptak. I 1962 kom John Matthew Shanks til verda i New York City. Gitaristen og produsenten John Shanks kan hjå meg høyrast på Melissa Etheridge sine plater Your Little Secret frå 1995, og Lucky, som kom på marknaden i 2004, og på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1963 døyde Patsy Cline. I 1964 kom Bertrand Lucien Bruno Cantat til verda i Pau i dei franske Pyreneane. Songaren Bertrand Cantat var frontfigur for det franske bandet Noir Desir. Cantat sat fengsla for drapet på skodespelarkjærasten sin i Vilnius i 2003, men slapp ut på prøve i 2007. Hjå meg kan Cantat høyrast på plata Tostaky frå 1992. I 1970 vart den eminente gitaristen John Anthony Frusciante fødd i New York City. I mi platesamling kan John Frusciante sitt gitarspel høyrast på studioplatene Mothers Milk (1989), Blood Sugar Sex Magic (1991), Californication (1999) og By The Way (2002) med Red Hot Chili Peppers og The Bedlam In Goliath, som The Mars Volta slepte i 2008, på Johnny Cash sine plater American IV: The Man Comes Around (1992) og Unearthed (samling 1993), i tillegg til hans eiga soloplate To Record Only Water For Ten Days frå 2001. I 1972 kom den italienske gitaristen og komponisten Luca Turilli til verda i grensebyen Trieste. Turilli sitt bidrag til mi platehylle heiter King Of The Nordic Twilight og kom på marknaden i 1999. I 1975 vart Olav Bergene fødd. Bergene er kjend som songar i bandet 1349 der han nyttar kunstnarnamnet Ravn. Hjå meg kan Ravn høyrast på plata Demonoir frå 2010. I franske Nogent-sur-Seine kom Nicolas Jean-Pierre Dresti til verda. Dresti skapte seg eit namn i musikkverda som DJ Supreme, men har sidan 2002 jobba under aliaset Space Cowboy. DJ Supreme er i mi platehylle kreditert for å vere DJ på eitt spor på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1982 kom Toy Dolls for å spele i Legion Club i South Shields. Same kveld døyde John Belushi. I 1983 var dei alltid like sporty karane i Toy Dolls og spela i Nottingham Rowing Club. I 1986 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Rockmagasinet i Örebro.

04.03.2016

Fjerde mars

Fjerde mars 1932 vart Miriam Zenzi Makeba fødd i Johannesburg. Den sørafrikanske songaren og menneskerettsforkjemparen Miriam Makeba sine merittar let seg ikkje summere i kortform, men stikkorda er Grammy, gullplater, President Kennedy og Nelson Mandela. Hjå meg kan du høyre Mama Africa på samleplata The Best Of Miriam Makeba And The Skylarks frå 1994. Makeba døyde i 2008. I 1941 kom Bobby Shew til verda. Trompetisten Shew kan i mi platehylle høyrast på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. I 1942 vart Robert Wootton fødd i Red Branch i småbyen Paris i Arkansas. Gitaristen Bob Wootton ordna seg plass i Johnny Cash sitt band ved eit tilfelle på slutten av sekstitalet og var trufast mot The Man In Black heilt fram til han la opp som turnerande musikar i 1997. Hjå meg kan Wootton sitt gitarspel nytast på studioplatene America: A 200-Year Salute In Story And Song (1972), Ragged Old Flag (1974) og The Johnny Cash Childrens Album (1975), samt konsertplata At San Quentin (1969). Wootton sitt gitarspel kan også høyrast på sporet Girl From The North County på Bob Dylan si studioplate Nashville Skyline frå 1967. I 1945 var dette den fyrste dagen i Dieter Meier sitt liv. Meier vart fødd i Zurich og er kjend som stemma i det sveitsiske syntbandet Yello. Hjå meg kan Meier høyrast på studioplatene You Gotta Say Yes To Another Excess (1983), Stella (1985), One Second (1987), Flag (1988), Baby (1991) og Zebra (1994). I 1947 kom den norske jazzsaksofonisten Jan Garbarek til verda på Mysen, eit vegkryss rundt ein travbane i Østfold, og som elles berre er kjend for å arrangere tivoli og marknad ein gong i året. I mi platehylle er Garbarek representert med plata Legend Of The Seven Dreams frå 1988. Garbarek sitt mjuke saksofonspel kan også nytast på Keith Jarrett si plate My Song frå 1978. I 1948 vart Christopher Russel Edward Squire fødd i London. Bassisten Chris Squire er den einaste musikaren som spelar på alle Yes sine album og hjå meg kan han høyrast på plata Going For The One frå 1977. I 1951 kom Robert Allen Deal til verda i Huntington i Indiana. Gitaristen Mick Mars spelar til dagleg i Mötley Crüe. Mars har i mange år slitt med skranglande helse, men stilte med ny hofte til konserten i Bergenshallen i 2009 og overbeviste med glitrande gitarspel. Hjå meg kan Mars høyrast på studioplatene Too Fast For Love (1981), Shout At The Devil (1983) og Theatre Of Pain frå 1985, i tillegg til samleplata Classic Mötley Crue. I engelske Middlesbrough vart Christopher Anton Rea fødd. Gitaristen Chris Rea er best kjend for at han skal ha nytta vegen til Helvete for å kome seg heim til jul, i mi platehylle høyrer du arbeidet hans medan han spelar slide guitar på Dacon Blue si plate Raintown frå 1987. I 1963 vart Jason Curtis Newsted fødd i Battle Creek i Michigan. Bassisten Jason Newsted erstatta Cliff Burton i Metallica og forlet bandet av eiga vilje i 2001. Hjå meg kan Newstedt høyrast på platene …And Justice For All (1988), Metallica (1991) og Load (1996). I 1968 vart Evan Griffin Dando fødd i Boston i Massachusetts. Evan Dando er einaste gjenværande originalmedlemmen i Lemonheads og i mi platehylle kan han høyrast på debutplata Hate Your Friends frå 1987, samt studioplata Car Button Cloth.I 1971 kom Fergal Patrick Lawler til verda i irske Limerick. Trommeslagaren Fergal Lawler har hand om trommestolen i The Cranberries og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Everybody Else Is Doing It, So Why Can’t We? Frå 1993, samt den tredje studioplata To The Faithful Departet frå 1996. I 1981 var Toy Dolls i Newcastle og spelte på Cooperage, det er grunn til å tru at det var stor stemning. I 1983 var det Feltham Football Club i London som var vertskap når gladpønkarane i Toy Dolls spelte opp til dans. I 1986 døyde Richard Manuel. Same dag kunne Toy Dolls opplevast i den svenske hovudstaden, Birkegarden var namnet på Stockholm-scenen der det hendte. I 1992 spelte The Allman Brothers Band andre og siste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året. I 2004 døyde John McGeoch.

03.03.2016

Tredje mars

Tredje mars 1923 kom Arthel Lane Watson til verda i Deep Gap i North Carolina. Gitaristen Doc Watson mista syne før han var året gamal, men det hindra han ikkje i å spele dugande bluegras-musikk heile livet. Hjå meg kan Watson sitt gitarspel høyrast på studioplata Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. Watson døyde i 2012. I 1933 vart Jimmy Garrison fødd i Miami i pensjoniststaten Florida. Bassisten Garrison er best kjend for arbeidet han gjorde saman med John Coltrane i og mi platehylle er det på sistnemnde sine plater Live At Birdland 1962 (1963), og Cresent frå 1964 arbeidet hans kan høyrast. Garrison døyde i 1976. I 1947 kom Jennifer Jean Warnes til verda i Seattle i delstaten Washington. Jennifer Warnes har sopt med seg fleire Oscars for filmmusikken sin og kan hjå meg høyrast medan ho syng for Warren Zevon på plata Sentimental Hygiene frå 1987. Warnes er også kreditert for å syngje på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol.1-3, som Bob Dylan slepte i 1991. I 1948 vart Terence Charles White fødd i engelske Barnstaple. Gitaristen Snowy White er best kjend for å spele med Thin Lizzy og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata Dedications frå 1991. I 1953 vart Robyn Rowan Hitchcock fødd i London. Robyn Hitchcock er i mi platehylle kreditert for hjelpevokal på Grant Lee Buffalo si studioplate Jubilee frå 1998. I 1954 kom John Lilley til verda i West Chester i Pennsylvania. Gitaristen Lilley slo seg saman med resten av The Hooters så tidleg som i 1983 og kan hjå meg høyrast på studioplatene Zig Zag (1989) og Out Of Body frå 1993. Også plateprodusenten Christopher Merrick Hughes kom til verda denne dagen, og det hendte i London. Chris Hughes var trommeslagar i den andre utgåva av Adam & The Ants og kan hjå meg høyrast medan han held takten på utvalde spor på den doble samleplata Dandy Highwaymen frå 2007. I 1966 kom Timo Tapio Tolkki til verda i finske Nurmijärvi. Gitaristen Timo Tolkki er høgt plassert på Guitar World si liste over verdas snøggaste gitaristar. Til dagleg spelar Tolkki i Stratovarius, der han også bekler vokalistrolla. Hjå meg høyrer du Tolkki på bandet si tredje studioplate, Dreamspace, frå 1994. I 1972 slepte Jethro Tull plata Thick As A Brick, som berre hadde to songar, ein på kvar side av ei gamaldags langspelplate av vinyl. Dei av oss som har dette verket i kompaktplateversjon, slepp å snu plata mellom songane som har begge har same tittel som plata. I 1976 var AC/DC i St. Albans i den australske delstaten Victoria. DVD-samlinga Plug Me In byr på eit opptak av songane School Days og T.N.T., og dette er ein ekte godbit, for dei er ikkje gjeve ut tidlegare. I 1978 gav Patti Smith Group ut plata Easter. Denne skiva inneheld min favorittlåt med dama, Because The Night, som ho skreiv saman med ein ikkje like stor favoritt, Bruce Springsteen. I 1982 kom Toy Dolls for å spele i Arts Centre i Washington. I 1986 kom Metallica si tredje studioplate, Master Of Puppets, som var spela inn i Sweet Silence Studios i danske København. Same studio som dei danske rockelegendene i Gasolin brukte til mange av sine innspelingar. I 1992 spelte The Allman Brothers Band fyrste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året. I 1997 slepte Nick Cave And The Bad Seeds si tiande studioplate, The Boatman’s Call. Plata vart straks Nick Cave sitt mest kritikarroste arbeid til då, og i skrivande stund har han ikkje overgått seg sjølv, men me ventar i spenning. I 2009 døyde David Williams. I 2012 døyde Ronnie Montrose.

02.03.2016

Andre mars

Andre mars 1922 vart Eddie Davis fødd i New York City. I mi platehylle er Lockjaw kreditert for å traktere tenorsaksofon for Count Basie på samleplata Atomic Swing frå 1999. Lockjaw Davis døyde i 1986. I 1936 kom Buell Neidlinger til verda i Westport i konservative Connecticut. Cellisten Neidlinger kan hjå meg høyrast medan hans stryk strengane på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1942 vart Lewis Allan Reed fødd i Brooklyn i New York City. Samuraien Lou Reed vart rekna som ein av rocken sine meir eksentriske innslag, og vart kjent for det platekjøpande publikum gjennom kultbandet The Velvet Underground, som på si side kan takke kunstnaren Andy Warhol for det meste av sin suksess. Reed har sidan 1971 hatt ei solokarriere som har resultert i ei rekkje plater og i mi platehylle finn ein, forutan den nesten obligatoriske samleplata frå tida i The Velvet Underground, The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed, i tillegg til soloplatene, med klassikaren Transformer (1972) i spissen, i tillegg til interessante, men ikkje like sterke Mistral (1986), Magic And Loss (1992), og konsertplata Live In Concert (1984). Og det heile er sjølvsagt oppsummert med ei samleplate, The Very Best Of Lou Reed (1989). I 1945 kom Derek Roy Watkins til verda i engelske Reading. Trompetisten Derek Watkins er best kjend for å ha spelt på tittlesporet til alle James Bond-filmane frå Dr. No i 1962 til Skyfall, som traff kinolerreta i 2012. I mi platehylle kan Watkins sin trompet høyrast på eitt av spora på Tom Jones si studioplate Reload frå 1999. Watkins døyde i 2013. I 1948 vart William Rory Gallagher fødd i irske Ballyshannon. Gitaristen Rory Gallagher vart rekna som ein av Europa sine mest talentfulle gitaristar og har inspirert utallige unge kvinner og menn til å leika med strengane. Mi platehylle inneheld studioplata Calling Card frå 1976, og samleplata Big Guns. The Very Best Of, som vart kom på marknaden i 2005. Gallagher døyde av skrumplever i 1995. I Torrance i California kom Larry Eugene Carlton til verda. Gitaristen Larry Carlton, med fleire ettertrakta Grammy-statuettar, sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på platene Diamonds & Rust, som var Joan Baez sitt bidrag til platemarknaden i 1975, Hejira, som Joni Mitchell slepte i 1976, og Off The Wall som Michael Jackson slepte i 1979, samt utvalde spor på Dolly Parton si samleplate Greatest Hits som kom på marknaden fyrste gongen i 1982. I 1956 vart Mark Whitmore Evans fødd i olympiabyen Melbourne i Australia. Bassisten Mark Evans spelte i AC/DC frå 1975 til 1977. Hjå meg kan Evans høyrast på platene High Voltage frå 1975 og Dirty Deeds Done Dirt Cheap frå 1976, samt hyllinga av Bon Scott, 74 Jailbreak frå 1984, og utvalde spor på samleplata Volts, som kom på markanden i 1997. I 1961 kom Leif-Arne Bergvin Nilsen til verda i Stavanger. Gitaristen Leif Nilsen er i dag Leif i bandet Leif & Komponistane, hjå meg høyrer du han som trommis for Mods på plata Originaler, som er ei dobbel samling av platene Revansj (1981) og Amerika (1982). I 1962 kom John Francis Bongiovi Jr. til verda i New Jersey. Jon Bon Jovi er sjef i eige band og har selt mange millionar plater verda over. I 1977 vart Christopher Anthony John Martin til verda i Exeter. Chris Martin er songar og multiinstrumentalist i Coldplay. I mi platehylle står plata X&Y frå 2005. I 1980 sa T.V.C Club i Middlesbrough velkomen til Toy Dolls. I 1982 var det gruvebyen Durham og Brewers Arm som husa Toy Dolls. I 1983 var turen komen for Golden Eagle i Birmingham for å vere vertskap for Toy Dolls. I 1986 spelte Toy Dolls for dei frammøtte på Stadshotellet i Mariestad i Sverige. I 1991 døyde Serge Gainsbourg. I 1993 Living Colour si tredje studioplate, Stain. I 2004 slepte Cheap Trick den doble samleplata The Essential Cheap Trick. I 2008 døyde Jeff Healey.