15.03.2012

Femtande mars

Femtande mars 1940 kom bassisten Phillip Chapman Lesh til verda i Berkley, California. Phil Lesh trakterte bassen for hippiebandet Grateful Dead i heile deira trettiårige karriere og kan i mi platesamling høyrast på konsertplata ’64-Live og på samarbeidsplata med kompisen Bob Dylan, Dylan & The Dead frå 1989. I 1941 vart Michael Edward Love fødd i Los Angeles. Mike Love er syskenbarn til Wilson-brørne i The Beach Boys, der han sjølv stod for mykje av vokalen. I 1944 kom Ralph MacDonald til verda i Harlem i New York City. Percusjonisten MacDonald kan hjå meg høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. MacDonald døyde i 2011. I 1947 vart den amerikanske musikaren Ryland Peter Cooder fødd i Los Angeles. Ry Cooder er mannen som introduserte verda for den cubanske supergruppa Buena Vista Social Club. Karrieren hans omfattar elles ei rekkje soloplater og samarbeidsprosjekt med ei rekkje dugande musikarar. Hjå meg finn du plata Ry Cooder, som kom på marknaden for fyrste gong i 1970. I 1955 kom Daniel Snider til verda i den amerikanske delstaten New York. Dee Snider har gjort størst suksess som vokalist i Twisted Sister, som eg var så heldig at eg fekk sjå i levande live i Drammenshallen i mars 1986. Når eg i stille stunder kjenner for å gjennoppleve stemninga frå denne vårkvelden for ein liten mannsalder sidan, finn eg fram samleplata Big Hits And Nasty Cuts, som byr på det meste av det beste av Twisted Sister sine sprell. I 1959 kom gitaristen Steven W. Marker til verda i Minneapolis. Steve Marker er best kjend for arbeidet han har gjort i bandet Garbage. I 1977 slepte The Band plata Islands. I 1980 var Toy Dolls enno ein gong på plass for å spele i Labour Club i Hordon. I 1985 bydde denne datoen på Iron Maiden-konsert i Long Beach Arena, den andre av fire. I 1995 bydde dagen på plateslepp frå Trick Babys og produktet hadde namnet Player, og svenske Kent platedebuterte med eit produkt som hadde den spanande tittelen Kent. I 1999 nytta Blur høvet til å gje ut plata 13, som var bandet sitt sjette studioalbum. I 2005 kom Kent si sjette studioplate Du Och Jag Döden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar