30.11.2012

Trettiande november

Trettiande november 1945 kom Roger David Glover til verda i Brecon i Wales. Bassisten Rober Glover var sentral i Deep Purple og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Deep Purple si studioplate Machine Head frå 1972, og konsertplata Nobody’s Perfekt frå 1988, samt samleplata Power House, som kom på den japanske marknaden i 1977. I 1980 var Toy Dolls attende i Durham og kunne opplevast frå scenen i West Cornfort Club. I 1981 rocka AC/DC dei frammøtte i Ruff Arena i Lexington. I 1985 kunne universitetet i Nottingham helse Toy Dolls velkomen. I 1989 hadde Toy Dolls teke turen til Spania der dei stod på scenen i Chinatown i Madrid. I 1994 døyde Connie Kay.

29.11.2012

Tjueniande november

Tjueniande november 1940 vart Seán Cannon fødd i Galway i Irland. Cannon har sidan 1982 vore vokalist i The Dubliners. Hjå meg kan Cannon høyrast på konsertplata Live In Carré frå 1985. I den amerikanske hovudstaden Washington D.C kom William Hart til verda. Trommeslagaren Billy Hart kan hjå meg høyrast på plata Tutu, som Miles Davis slepte i 1986. I Halifax på Nova Scotia vart Dennis Gerrard Stephen Doherty fødd. Songaren Denny Doherty var ein av grunnleggjarane av The Mamas & The Papas. Hjå meg kan Doherty høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. Doherty døyde i 2007. I 1947 kom Ronald Douglas Montrose til verda i San Francisco i California. Gitaristen Ronnie Montrose har spelt med artistar som Johnny Winter og Sammy Haggar, og hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. Montrose tok sitt eige liv i 2012. I 1957 kom Heitor Teixeira Pereira til verda i Brazil. Hjå meg kan Heitor Pereira sitt gitarspel høyrast på Simply Red si plate Stars frå 1991. I 1969 vart Lars Håvard Haugen fødd på Ål i Hallingdal. Gitaristen Haugen spelar til dagleg i Hellbillies og kan hjå meg høyrast på tre av bandet sine studioplater i tillegg til ei konsertplate. I 1975 fekk Neil Young hjelp av kompisane sine i Crazy Horse til å forevige godlyden som enda opp som songen Like A Hurricane. Dette skal ha skjedd på Broken Arrow Ranch. Plata American Stars’n Bars frå 1977 byr på denne perla. I tillegg kan ein sjølvsagt kjøpe plata Greatest Hits. I 1981 stod AC/DC på scenen i Richfield Coliseum i Cleveland. I 1986 gav tidlegare Blondie-vokalist Debbie Harry ut den andre soloplata si, Rockbird, som var fyrste plate ho spela inn etter at Blondie skilte lag i 1982. I 1988 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Guns n’ Roses si plate G N’ R Lies som var bandet si andre plate og inneheld fire tidlegare utgjevne livespor frå EP-plata Live ?!*@ Like A Suicide og fire akustiske spor som eigentleg var meint for Appetite For Destruction. Same dato i 1989 spela Toy Dolls i Chinatown i Madrid. I 2001 døyde George Harrison.

28.11.2012

Tjueåttande november

Tjueåttande november 1949 vart musikaren og skodespelaren Paul Allen Wood Shaffer fødd i skimetropolen Thunder Bay. Mannen bak It’s Raining Men og musikken i Dave Letterman sitt bidrag til fjernsynsunderhaldninga kan hjå meg høyrast som ein del av The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og på landsmannen Jeff Healey si plate Hell To Pay frå 1990. I 1960 kom Aslag Haugen til verda på Ål i Hallingdal. Haugen er gitarist og vokalist i Hellbillies og kan i mi platehylle høyrast på tre av bandet sine tidlege studioplater, i tillegg til ei konsertplate frå 1997. I 1962 kom Matthew David Cameron til verda i San Diego. Trommisen Matt Cameron held til dagleg takten for Pearl Jam og Soundgarden, og hjå meg kan du høyre han på Soundgarden-platene Badmotorfinger (1991) og Superunknown (1994). Cameron kan i ledige stunder også finnast bak trommene for Hater, som gav ut ei plate med same fantasifulle tittel som bandet i 1993. I 1970 gav våre beste venner frå Wolverhampton, Slade, ut plata Play It Loud. Platetittelen indikerer korleis bandet sjølv meiner musikken deira best vert formidla, og det er ei vurdering eg er heilt einig i. Produsent for denne gamle klassikaren var Chas Chandler. I 1978 platedebuterte kultbandet The Blues Brothers med A Breifcase Full Of Blues, eit meisterverk som nådde fyrsteplassen på den viktige Billboard 200-lista. I 1981 var eit AC/DC på Nord-Amerika-turné i Market Square Arena i motorsportbyen Indianapolis. I 1989 var Zeleste i den katalanske hovudstaden, Barcelona, åstad for ein Toy Dolls konsert. I 1993 døyde Jerry Edmonton.

27.11.2012

Tjuesjuande november

Tjuesjuande november 1942 vart Johnny Allen Hendrix fødd i Seattle i delstaten Washington på den amerikanske vestkysten. Johnny Allen tok seinare namnet James Marshall Hendrix, men er i ettertid best kjend som gitarguruen Jimi Hendrix. Jimi Hendrix revolusjonerte gitaren si tyding i moderne rock og har inspirert eit utal unge gitarheltar over heile verda. Hendrix døyde i 1970. Hjå meg kan gitarguruen høyrast på samleplatene Whipper, The Magic Collection og Cornerstones. I 1945 kom Randal Edward Brecker til verda i Cheltenham i Pennsylvania. Trompetisten Randy Brecker sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1957 vart Thomas Johnson fødd i Thomasville i North Carolina. Plateprodusenten Johnson er i mi platesamling kreditert for å spele perkusjon på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1959 vart Charles Burchill til verda i skotske Glasgow. Charlie Burchill var ein av grunnleggjarane av Simple Minds, som herja platelistene på åtti- og nittitalet. Hjå meg kan Burchill høyrast på plata Real Life frå 1991. I 1960 kom Lorraine Crosby til verda i engelske Walker. Songerinna kjend som Mrs. Loud kan hjå meg høyrast med hjelpevokal på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell II: Back Into Hell frå 1993. I 1962 vart Charlie Benante fødd i The Bronx i storbyen New York City. Benante sine musikalske bidrag til mi platesamling er som hardtarbeidande trommeslagar i det amerikanske hardrockbandet Anthrax på studioplatene State Of Euphoria (1988) og Persistence Of Time (1990), og på samleplata Attac Of The Killer B’s frå 1991. På den andre sida av det nordamerikanske kontinentet, i California, kom Michael Andrew Bordin til verda i San Francisco. Trommeslagar Mike Bordin var ein av grunnleggjarane av Faith No More, i tillegg held han takten for Ozzy Osbourne ved behov. Hjå meg kan Bordin høyrast på FNM-platene Angel Dust (1992) og Album Of The Year frå 1997. I 1965 vart gitaristen Fiachna Ó Braonáin fødd i Dublin. Ó Maonlaí er fast medlem av det irske bandet Hothouse Flowers og kan hjå meg høyrast på plata Songs From The Rain frå 1993. I 1974 kom Tom Cato Visnes til verda. Visnes er best kjend under artistnamna King ov Hell, eller berre King og har spelt bass i det bergenske metallbandet Gorgoroth, men hjå meg er det som medlem i bergenske Sahg (Sahg III) og på den spelemanndekorerte plata No Hay Banda (2005) med Audrey Horne han kan høyrast. I 1979 hadde One Step Beyond sjuandeplass på singellistene. Bandet bak denne perla var galningane i Madness. I 1982 stod Our House for ein femteplass på listene. Det var Madness som fortalte om huset In The Middle Of Our Street. Same dag slepte Ozzy Osbourne konsertplata Speak Of The Devil, som var ei samling av gamle Black Sabbath-slagarar framført på The Ritz i New York tidlegare same år. Plata erstatta eit planlagt konsertopptak der gitaristen Rhandy Rhoads stod for underhaldninga, dette vart utsett på grunn av Rhoads sitt uventa dødsfall, men kom i butikkane seinare med tittelen Tribute. I 1987 var familien Timmins i spissen for det lågmælte kanadiske bandet Cowboy Junkies i Church Of Holy Trinity i Toronto, der dei spelte inn det som enda opp som plata The Trinity Sessions, som kom på marknaden året etter. I 1988 la Iron Maiden ut på ein englandsturne som inkluderte to utselde konsertar på Wembley Arena og enno tre i utskjelte, men likevel så myteomspunne Hammersmith Odeon.

26.11.2012

Tjuesjette november

Tjuesjette november 1939 vart Anna Mae Bullock fødd i Nutbush i Tennessee. Tina Turner er kjend som rocken si bestemor, og er for dei fleste best kjend for solokarrieren si, som vart revitalisert med hjelp av alltid like velkledde David Bowie på slutten av det dekadente åttitalet. Turner sin best kjende song, Nutbush City Limits, har fått ei gate oppkalla etter seg i fødebyen hennar, slå den. Turner har også ei karriere på lærretet, der ho spela i filmar som Mad Max III og Tommy. Hjå meg er bestemor rock representert med soloplatene Forreign Affair (1989) og Twenty Four Seven (1999), i tillegg til ei samling som oppsummerar det beste ho gjorde saman med mannen som banka ho til topps på listene med duoen Ike & Tina Turner i fyrste del av karriera, den no avdøydde valdelege eks-mannen Ike Turner. I 1941 kom Amos Garrett til verda i Detroit i Michigan. Gitaristen Garrett skal ha spela med meir enn eit hundre og femti ulike plateartistar, hjå meg kan han høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975. I 1945 vart John Graham McVie fødd i Ealing i London. Bassisten John McVie vart i si tid hyra av Peter Green til å spele i Fleetwood Mac, ein jobb han har gjort så bra at han har jobben enno. Hjå meg kan McVie høyrast på studioplata Rumours (1977), i tillegg til samleplata Greatest Hits (1971). I 1953 kom Ian Parker til verda i skotske Irvine. Tangentmannen Parker, som har spela med Killing Joke og The Hollies, kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Tom Robinson Band med Tom Robinson Band. I 1967 kom John Stirratt til verda i deltabyen New Orleans i Louisiana. Bassisten Stirratt spelar til dagleg i Wilco og kan hjå meg høyrast på studioplatene Summerteeth (1999) og A Ghost Is Born (2004). I 1981 heldt AC/DC konsert i Checkerdome i den tidlegare OL-byen frå 1904, St. Louis i Missouri. I 1982 vart Magnus Robot Børmark fødd i Trondheim. Gitaristen Magnus Børmark spelte i Gåte og hjå meg kan han høyrast på plata Iselilja frå 2004. I Sunderland var det Annabels sin tur til i få ei vitjing av Toy Dolls. I 1985 sigla oktetten Madnesss over havet for å helse på Uncle Sam. Det vart løna med ein tjuefyrsteplass på singellistene. I 2002 slepte Snoop Dogg si sjette studioplate, Paid Tha Cost To Be Da Boss, ei plate som har seld i meir enn 1,3 millionar eksemplar verda over. I 2007 slepte Adam And The Ants den doble samleplata Dandy Highwaymen, og gjorde med det det meste av det beste frå ein gylden æra tilgjengeleg for det platekjøpande publikum.

25.11.2012

Tjuefemte november

Tjuefemte november 1927 kom Richard MacQueen Wellstood til verda i Greenwich i Connecticutt. Dick Wellstood sitt pianospel kan i mi platesamling høyrast på plata The Freewhellin’ Bob Dylan frå 1963. Wellstood døyde i 1987. I 1950 vart Jocelyn Lorette Brown fødd i Kinston i North Carolina. Hjå meg kan Jocelyn Brown høyrast medan ho hjelp Debbie Harry med bakgrunnsvokal på somme av spora på plata Rockbird frå 1986. I 1959 kom Steve Rothery til verda i engelske Brampton. Gitaristen Rothery har vore med i Marillion sidan starten tidleg på 1980-talet og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Script For A Jesters Tear frå 1983. I 1965 vart Timothy Lockwood Armstrong fødd i universitetsbyen Berkeley i California. Tim Armstrong er sjefen for Hellcat Records og har også tent til livets opphald i punkbandet Rancid. Armstrong kan i mi platehylle høyrast medan han syng og spelar gitar på Rancid sine plater Rancid (1993), Life Won’t Wait (1998) og Indestructible frå 2003, i tillegg yt Armstrong også vokaliske bidrag på songen Television frå Bad Religion si plate Stranger Than Fiction frå 1994. I Ellensburg i delstaten Washington kom Mark Lannegan til verda. Songaren Lannegan er best kjend som ein av grunnleggjarane av Screaming Trees, men hjå meg kan han høyrast medan han brukar røysta si for Queens Of The Stone Age på platene Songs For The Deaf frå 2002, og Lullabies To Paralyze (2005). I 1974 døyde ein altfor ung Nick Drake av ein altfor stor dose antidepressiva. I 1979 var Conservative Club i Thornaby vertskap for Toy Dolls, dette var, i følgje sikre kjelder, gitaristen Hud sin einaste konsert med bandet. I 1981 var AC/DC i Ohio og spelte i Riverfront Coliseum i Cincinnati, medan ein annan stor sceneperson, Iggy Pop, hadde teke turen til San Francisco for å underhalde. Denne konserten er tilgjengeleg under tittelen Live San Francisco 1981 og inneheld klassikarar som I’m A Conservative og Lust For Life. I 1983 kunne Toy Dolls opplevast frå scenen i Henderson Hall i Newcastle. I 2003 gav Johnny Cash sitt overivrige og grådige dødsbu ut CD-boxen Unearthed, som, tross mine motførestellingar mot grådige Cash-arvingar, toppa ynskjelista til jul det året. Og i og med at boksen er nemnt her, bør det vere mogleg å tenkje seg til at ynsket vart innfridd. Same dag slepte No Doubt si samling av listefyllarar The Singles 1992-2003, og produsent var Nelle Hooper. Og som om ikkje det var nok, gav Rage Against The Machine ut konsertplata Live At The Grand Olympic Auditorium.

24.11.2012

Tjuefjerde november

Tjuefjerde november 1941 fekk verda for fyrste gong stifte kjennskap med superbassisten Donald Dunn. Dette skal han hendt i den musikalsk belasta byen Memphis i Tennessee. “Duck” Dunn vert av fleire rekna som verdas beste bassist og kan hjå meg høyrast på plate med dei legendariske banda Blues Brothers og Booker T & The MGs. Han trakterar også bassen på Bob Dylan si plate Shot Of Love, som kom på marknaden i 1981. I 1945 vart Beverley Bevan fødd i Birmingham i England. Trommeslagaren Bev Bevan var ein av grunnleggjarane av Electric Light Orchestra og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. Bevan spelte også på plata The Eternal Idol, som Tony Iommi slepte under namnet Black Sabbath i 1987. I 1946 kom Anthony Michael Clarkin til verda i Birmingham. Tony Clarkin la i ungdomen frisørsaksa på hylla for å spele gitar i bandet Magnum. Clarkin har skrive alle songane på dei tre platene som står i mi platehylle, Kingdom Of Madness frå 1978, Magnum II, som kom i 1979 og konsertplata Marauder frå 1980, alle på plateselskapet Jet Records. I 1954 vart Clement Anthony Bozewski fødd i Bayonne i New Jersey. Trommisen Clem Burke Burke er best kjend for arbeidet han gjorde i new-wave bandet Blondie, som så langt står med to titlar i mi samling, Parallelle Lines (1978) og No Exit (1999). Bruke har også tromma for stjerner som Joan Jett, og har gjort seg merka som Elvis Ramone etter at han heldt takten for dei skinnkledde i to show i august 1987. I 1956 kom Terry Steven Lewis fødd i Omaha i Nebraska. Terry Lewis er den eine halvleiken av eit produksjonsteam som også omfattar Jimmy Jam, og er best kjend for arbeidet dei har gjort med Janet Jackson. Lewis spelar gjerne med på platene han produserar og hjå meg kan han høyrast med basspel og diverse perkusjon på plata Janet Jackson Rhythm Nation frå 1989. I 1960 vart familien Meyer i Oak Ridge i Tennessee lykkelege foreldre til jazzbassisten Edgar Meyer. Saman med resten av bandet Telluride kan Meyer hjå meg høyrast på Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1962 kom John Thommas Squire til verda. John Squire var gitarist i det engelske bandet The Stone Roses og kan i mi platehylle høyrast på deira andre og siste studioplate The Second Coming frå 1994. I 1978 slepte The Clash singelen Tommy Gun, som plasserte seg på ein fin nittandeplass som høgaste plassering på dei engelske singellistene. I 1982 var ein særs produktiv Stevie Ray Vaughan i studio og spela inn songane Love Struck Baby, Pride And Joy, Testify, Rude Mood, Mary Had A Little Lamb, Dirty Pool, Lenny og Tin Pan Alley (aka Roughest Place In Town) for bruk på plata Texas Flood. Med seg i studio hadde Stevie Ray bandet Double Trouble. I 1991 døyde Eric Carr av kreft, førtiein år gamal, same dag som Freddie Mercury sa takk for seg etter å ha levd med diagnosen HIV i fire år. I 1993 døyde Albert Collins. I 1999 slepte Luca Turilli plata King Of The Nordic Twilight. Plata var den fyrste i ein triologi. I 2011 døyde Ross MacManus.

23.11.2012

Tjuetredje november

Tjuetredje november 1949 kom Alan Paul til verda i Newark i New Jersey. Songaren Paul slo seg saman med vokalgruppa The Manhattan Transfer i 1973, og hjå meg kan han høyrast på plata The Offbeat Of Avenues frå 1991. I Kingston på Jamaica vart Marcia Llyneth Griffiths fødd. Queen Of Reggea Marcia Griffiths sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast når ho, som medlem av vokaltrioen I Threes, syng bakgrunnsvokal for Bob Marley på plata Legend frå 1984. I 1954 vart Bruce Randall Hornsby fødd i Williamsburg i Virginia. Pianisten Bruce Hornsby sine trillande tonar kan hjå meg høyrast på plata The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1991, og på Robbie Robertson si studioplate Storyville, også den frå 1991. I 1956 fekk verda for fyrste gong stifte kjennskap med ein av grunnleggarane av Iron Maiden, gitaristen Dave Murray. I 1960 kom jazzgitaristen Jean-Paul Bourelly til verda i Chicago. Ein far frå Haiti er med å forklare det franskklingande namnet på mannen som hjå meg kan høyras medan han leikar med strengane på plata Amandala, som trompetlegenda Miles Davis gav ut i 1989. I 1964 vart Sharon Marley Prendergast fødd i Kingston på Jamaica. Sharon Marley er dotter av Rita Marley og vart adoptert av reggealegenda Bob Marley då dei to gifta seg i 1966. Sharon Marley har spela i lage med halvsyskena sine i gruppa The Melody Makers og hjå meg kan ho høyrast på plata One Bright Day frå 1989. I 1978 kom Tommy Marth til verda i spillebyen Las Vegas. Saksofonisten Marth er best kjend for å spele med The Killers, sjølv om han ikkje var fullverdig medlem av bandet. Hjå meg kan Marth høyrast på plata Sam’s Town frå 2006. Marth skaut seg sjølv i 2012. I 1979 døyde Henry Coker. I 1981 spelte AC/DC for dei frammøtte i Met Centre i Minneapolis, same dag som dei gav ut plata For Those About To Rock (We Salute You). I 1982 var Stevie Ray Vaughan i Down Town Studio i Los Angeles og spela inn Tell Me og I’m Cryin’ til bruk på plata Texas Flood. Med seg i studio hadde han bandet Double Trouble. I 1983 vart Thomas Armon Pridgen fødd i Alameda County i California. Trommisen Thomas Pridgen spelte med The Mars Volta i perioden 2006 til 2009. I mi platehylle kan arbeidet hans høyrast på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1993 gav Guns’N Roses ut plata “The Spaghetti Incident?”, same dag som skaterockarane i Anthrax slepte samleplata Return Of The Killer A’s. I 1999 fekk verda for fyrste gong høve til å stifte kjennskap til plata Midnite Vultures, artisten bak meisterverket var sjølvsagt Beck. Same dag oppsummerte Beastie Boys karriera si så langt med å gje ut samleplata Beastie Boys Anthology: The Sound Of Science. I 2004 gav No Doubt-vokalist Gwen Stefani ut soloplata Love. Angel. Music. Baby.

22.11.2012

Tjueandre november

Tjueandre november 1925 kom jazzmusikaren Gunther Schuller til verda. Schuller er i mi platesamling representert medan han spelar franskhorn på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957. I 1946 vart Aston Francis Barrett fødd i Kingsoton på Jamaica. Bassisten Aston “Family Man” Barrett var ein viktig del av lydbiletet til Bob Marley og hjå meg kan han høyrast på plata Legend frå 1984, i tillegg til eit par samleplater av varierande kvalitet. I 1957 kom Clarence Öfwerman til verda. Produsenten Öfwerman er i mi platehylle høyrast medan han spelar tangentar på Roxette si plate Joyride frå 1991, ei plate han også produserte. I 1958 vart verda rikare då bondesonen og musikaren Jason Ringenberg kom til verda i den amerikanske delstaten Illinois. Som soloartist, leiar av alt-country-bandet Jason & The Scorchers og barne-TV-figuren Farmer Jason har Jason gleda fleire generasjonar på begge sider av Atlanterhavet, og på Facebook er det folk som føreslår han som neste president for USA. Det er absolutt lov å håpe. Same dag kom Gipsy Kings-vokalisten Nicolas Ryes til verda. Reyes er mannen som sjarmerte verda med slagarar som Bamboleo og Volare. I 1978 kom Karen Lee Orzolek til verda i Sør-Korea. Karen O er songar i bandet Yeah Yeah Yeahs. I 1980 kom Motörhead med plata The Beer Drinkers EP. I 1981 var Toy Dolls i West Road Club i Loftus og AC/DC møtte den etter kvart trufaste fansen i Met Centre i norskamerikanske Minneapolis. I 1982 gjekk Stevie Ray Vaughan And Double Trouble i Down Town Studio i Los Angeles og starta innspelinga av det som skulle ende opp som plata Texas Flood, tittelsporet vart foreviga denne dagen. I 1988 gav Gipsy Kings ut si tredje studioplate, den hadde same namn som orkesteret og inneheldt slagaren Bamboleo. I 1993 var dette dagen Jethro Tull gav ut samleplata Nightcap. The Unreleased Masters som inneheldt ei rekkje tidlegare uutgjevne innspelingar som vart gjort tidleg i bandet si karriere. I 1997 døyde Michael Hutchence.

21.11.2012

Tjuefyrste november

Tjuefyrste november 1926 kom Odd Lunde Børretzen til verda på Hjelmeland i Rogaland. Heilt sidan sekstitalet har prestesonen, forfattaren og songaren m.m. Odd Børretzen kombinert lyrikk og musikk med ei svært ironisk tilnærming og med suverent resultat. Han har samarbeida med fleire store norske artistar som visesongaren Alf Cranner og gitaristen Lars Myhre. Mi platehylle byr på den sjølvtittelerte debutplata frå 1974, konsertplata Odd Børretzen og Alf Cranner I Levende Live På Sandvika Kino En Kald Desemberdag I 1973 (1974), og Noen Ganger Er Det Al Right (1995). Børretzen døyde i 2012. I 1940 vart Malcolm John Rebennack Jr fødd i New Orleans i Louisiana. Dr. John har hausta fleire Grammy-titlar og var ein ettertrakta studiomusikar før han gjekk i gang med ein platekarriere som soloartist. Mi platehylle byr på soloplata Anutha Zone frå 1998. I tillegg kan Dr. John høyrast medan han trakterar diverse tangentinstrument på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992, og på samleplata The Best Of Carly Simon, som Carly Simon slepte i 1975. I 1946 kom Rainer Brüninghaus til verda i tyske Bad Pyrmont. Pianisten Brüninghaus sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Jan Garbarek si plate Legend Of The Seven Dreams frå 1988. I 1948 vart keybordisten John Douglas Bundrick fødd i Houston. Bundrick sin CV tel namn som The Who, Eric Burdon og Johnny Nash, men hjå meg er det på Sleeping With The Dog frå Jethro Tull-plata Catfish Rising arbeidet hans kan høyrast. I 1950 kom David Williams til verda i marinebyen Newport News i Virginia. Gitaristen Williams spelte for Michael Jackson på plata Off The Wall frå 1979. Williams døyde i 2009. I 1960 fekk verda bassisten Brian Ritchie. Ritchie har ytt sitt bidrag til musikken si verd gjennom fleire plateinnspelingar med Violent Femmes. I 1961 kom Elvis Presley med singelen Can’t Help Falling In Love. Songen er henta frå filmen Blue Hawaii og låg fire veker på toppen av dei engelske listene. I USA var andreplass høgaste notering. I 1965 fekk verda den islandske songarinna Björk Guðmundsdóttir, som hjå meg både har fått plass til soloplata Debut frå 1993 og plata Stick Around For Joy som ho gav ut i 1992 som ein del av det fantastiske bandet Sugarcubes. I 1968 vart Steven Alexander James fødd i Bornemouth. Alex James er best kjend som bassist i Blur, men driv også som osteproduserande bonde. I tillegg til seks Blur-plater kan James høyrast på Sophie Ellis-Bextor si debutplate Read My Lips frå 2001. I 1971 platedebuterte Gasolin’ med plata Gasolin’ (Gaz 1). I 1973 kom Rain Joan Of Arc Bottom til verda i Crocket i Texas. Veslesystera til skodespelarane River og Joaquin Phoenix er i mi platehylle kreditert for å synge bakgrunnsvokal på songen Bang And Blame på R.E.M. si plate Monster frå 1994. I 1975 vart Erlend Øye fødd. Øye påstår han er The Whitest Boy Alive, men hjå meg kan han høyrast som den eine halvleiken av duoen Kings Of Convenience på deira debutplate Quiet Is The New Loud frå 2001. Øye er også kreditert for vokalhjelp på Röyksopp si plate Melody A.M. frå 2001. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm og spelte inn Wearing And Tearing. Det ferdige resultatet kan høyrast på samleplata Coda frå 1982. I 1980 slepte The Clash singelen The Call Up, som nøyde seg med ein førtiandeplass på dei engelske singellistene. Same dag la Iron Maiden ut på ein ti dagar turne i England, for å introdusere den nye gitaristen Adrian Smith for den voksande tilhengjarskaren. I 1979 gav plateselskapet CBS ut Gasolin’ si debutplate Gasolin’, i ettertid gjerne kalla Gas 1. Plata vart spela inn i Rosenberg Studios i København tidlegare same år og produsent var Sture Lindén. I 1981 spelte AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago. I 1986 gav det amerikanske alternativbandet Soul Asylum ut den tredje plata si, While You Were Out. I 1995 underheldt Ozzy Osbourne Gordiane og tilreisande i Newcastle City Hall, same dag som Matthew Ashman døyde. I 2000 slepte Nine Inch Nails ut plata Things Falling Apart, som var ei samling remixar frå andre studioplater og som ikkje fekk noko god mottaking i kritikarkrinsar.

20.11.2012

Tjuande november

Tjuande november 1947 vart Joseph Fiddler Walsh fødd i Wichita i Kansas. Multiinstrumentalisten Joe Walsh si musikalske karriere er nær knytt til Eagles, men hjå meg må ein nøye sem med å høyre arbeidet hans på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1949 kom Ulf Gerhardt Lundell til verda på Söder i grannelandet sin vakre hovudstad Stockholm. Rockepoeten Uffe er ein skandinavisk blanding av Bob Dylan og Bruce Springsteen og rockar skjorta av dei fleste nolevande svenskar. Best kjend, frå ein rikhaldig katalog, er nok klassikaren Öpna Landskap. Lundell har også gjort seg merkt som forfattar og biletkunstnar. I mi platehylle finn du plata Män Utan Kvinnor frå 1997. I Tacoma Park i Maryland vart William Reichenbach Jr fødd. Trombonisten Bill Reichenbach kan hjå meg høyrast på Michael Jackson si plate Off The Wall frå 1979, han spelar også på songen Trouble’s Braids på Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983, og han kan også høyrast på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I Bologna kom Fiorenzo Zanotti til verda. Fio Zanotti sitt bidrag til mi platehylle finn du på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998, der han spelar Hammond Orgel. I 1965 kom Michael Diamond til verda i New York City. Mike D er ein av grunnleggjarane av Beastie Boys og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Licenced To Ill (1986), Paul’s Boutique (1989), Check Your Head (1992), Ill Communication (1994), Hello Nasty (1998), i tillegg til samleplatene The In Sound From Way Out (1996) og The Sound Of Science (1999). I Pinar Del Rio på Cuba kom Senen Reyes til verda. Rapartisten Sen Dog sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokal på Rage Against The Machine si studioplate Renegades frå 2000. I 1966 vart Kevin Matthew Gilbert fødd i den californiske hovudstaden Sacramento. Multiinstrumentalisten Kevin Gilbert sitt bidrag til mi platehylle finn du på Sheryl Crow si debutplate Thuesday Night Music Club frå 1993. Gilbert døyde av surstoffmangel under ein onanileik i 1996. I 1975 kom David Paden Marchand til verda i Rochester i New York. Vegetarianaren Davey Havok syng til dagleg i AFI, men hjå meg kan han høyrast med vokalbidrag på The Offspring si plate Americana frå 1998. I 1981 spelte AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago, same dag som The Clash slepte singelen This Is Radio Clash, som klatra til førtisjuandeplass på dei britiske singellistene. I 1982 hoppa Olga og dei andre gladpønkarane i Toy Dolls på scenen i Framwellgate Moor Club i kolbyen Durham. I 1986 kom Michael Jared Followhill til verda i Tennessee. Jared Followill er bassist i det søskendominerte bandet Kings Of Leon. Same dag var Tsubaki House i Tokyo vertskap for Toy Dolls. I 1995 gav The Beatles ut det meste av det beste frå dei åtte fyrste åra i bandet si karriere under tittelen Anthology 1, ein dobbel CD. Same dag spelte Ozzy Osbourne live i Ballroom Barrowlands i Glasgow. Dei frammøtte fekk mellom anna høyre klassikarar som Paranoid, No More Tears, I Don't Want To Change The World, Suicide Solution, Sabbath Bloddy Sabbath, Mama, I'm Coming Home og Bark At The Moon, som alle kan høyrast på liveplata Master Of Madness som kom på marknaden i 1996. I 2005 døyde Fritz Richmond.

19.11.2012

Nittande november

Nittande november 1956 vart Garry George Johnson fødd i Chicago i Illinois. Jellybean Johnson trakterar både trommer og gitar, og hjå meg kan han høyrast på Janet Jackson si plate Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814 frå 1989. I 1957 kom Philip Trevor Spalding til verda i London. Bassisten Philip Spalding er i mi platesamling representert på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1960 vart Matthew William Sorum fødd i Mission Viejo i California. Den norsketta trommeslagaren Matt Sorum spelte saman med Guns N’Roses i sju år og er i dag fast del av rytmeseksjonen i Velvet Revolver, to band som begge står trygt på hylla heime hjå meg. I 1961 vart Margaret Mary Emily Anne Hyra fødd i Farifield i Connecticut. Skodespelarinna Meg Ryan syng bakgrunnsvokal på songen Heal Me på Melissa Etheridge si plate Skin frå 2001. I 1975 kom Cynthia Loving til verda på Long Island i New York City. Songerinna Lil’ Mo sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Missy Elliott si plate Miss E…So Addicitve frå 2001. I Longwiev i Texas vart Monte Lee Pittman fødd. Gitaristen Monte Pittman sitt bidrag til mi platehylle finn du på plata Confessions On A Dance Floor, som Madonna slepte i 2005. I 1981 spela AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago. I 1982 gav Led Zeppelin ut samleplata Coda på plateselskapet Swan Song. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Yubinchokin i Tokyo. I 1989 spelte Toy Dolls på Bercham Palace i Antwerpen.

18.11.2012

Attande november

Attande november 1949 kom Herman Erbel til verda i tyske Schmelz. Herman «Ze German» Rarebell spelte trommer på åtte Scorpions-plater frå 1977 til 1995 og kan hjå meg høyrast på plata Crazy World frå 1990. I 1950 vart Rodolfo Maximiliano Sarzo Lavieille Grande Ruiz Payret y Chaumont fødd i Havanna på Cuba. Bassisten Sarzo har ein imponerande CV frå store delar av heavy metal-bransjen. Hjå meg kan Sarzo sitt basspel nytast på Ozzy Osbourne sine konsertplater Speak Of The Devil, frå 1982, og Tribute (1987). I 1960 vart anonyme Kim Smith fødd i London. Kim Wilde har gjeve ut ei rekkje plater opp gjennom åra, men gjer det i dag like greitt som landskapsarkitekt. Kim Wilde prydar mi platehylle med plata Love Is frå 1992. I 1963 kom gitaristen og pianisten Thomas Darnal til verda. Darnal har gjort seg merkt i det franske punkrapbandet Mano Negra og hjå meg kan han høyrast på platene Puta’s Fever (1989), King Of Bongo (1991) og Casa Babylon (1994). I San Francisco vart Kirk Lee Hammet fødd. Gitaristen Kirk Hammet slo seg saman med Metallica i 1983 og hjå meg kan han høyrast på platene Ride The Lightning (1984), Master Of Puppets (1986), …And Justice For All (1988), Metallica (1991), Load (1996) og St. Anger (2003). I 1972 døyde Danny Whitten av ein overdose av den alltid like usunne blandinga av alkohol og valium, The Needle And The Damage Done. I 1981 slepte Joan Jett plata I Love Rock’n Roll, som produserte megahiten med same namn. I 1983 avslutta AC/DC innspelinga av videoen til For Those About To Rock (We Salute You). Regissør var Derek Burbridge. I 1986 spelte Toy Dolls på Big Ban i Kyoto. I 1993 var Nirvana i Sony Studios i New York og spela inn konserten som skulle ende opp som plata Unplugged In New York. Oppdragsgjevar var fjernsynskanalen MTV. I 1995 hadde Brixton Academy i London vitjing av Ozzy Osbourne med følgje. I 1997 gav AC/DC ut ein CD-Box med fem plater til minne om den avdøyde vokalisten Bon Scott. Boksen inneheld liveopptak og raritetar frå starten tidleg på syttitalet og fram til Scott døyde i 1980. Og som om det ikkje var nok, bydde denne dagen plateslepp frå Paul Simon og Erykah Badu. Produkta som vart tilgjengeleg denne dagen hadde namnet Songs From The Capeman (Simon) og Baduizm Live (Badu). I 1999 døyde tex-mex songaren Doug Sahm. I 2003 slepte Linkin Park konsertplata Live In Texas. Plata inneheld i tillegg ein konsert-DVD med bandet, mykje grom musikk for pengane med andre ord.

17.11.2012

Syttande november

Syttande november 1940 kom Luke Kelly til verda i Dublin. Kelly var ein av grunnleggjarane av det irske folkrockbandet The Dubliners og kan hjå meg høyrast på konsertplata Live In Carré, i tillegg til fleire samleplater. Kelly døyde i 1984. I 1944 vart Harold Eugene Clark fødd i Tipton i Missouri. Gene Clark var ein av grunnleggjarane av The Byrds og kan hjå meg høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. Clark døyde i 1991. I 1946 vart Martin Lancelot Barre fødd i engelske Birmingham. Gitaristen Martin Barre har spelt i Jethro Tull sidan 1969 og har vore med på alle platene bandet har slept etter This Was, som kom så tidleg som 1968. Hjå meg høyrer du Barre på studioplatene Aqualung (1971), Thick As A Brick (1972), Too Old To Rock’n Roll Too Old Too Die (1976), Heavy Horses (1978) og Catfish Rising (1991), samt samleplatene M.U. Best Of Jethro Tull (1976), Repeat. The Very Best Of Jethro Tull Vol.2 (1977) og Nightcap (1993), i tillegg til konsertplata A Little Light Music (1992). I 1966 kom Jeffrey Scott Buckley til verda i Disneybyen Anaheim sør for Los Angeles i California. Jeff Buckley var son av musikaren Tim Buckley, men døyde tragisk tidleg i 1997. Før han gjekk bort gav Buckley ut ei studioplate, Grace (1994), og den finn du hjå meg. I 1969 hadde Jimi Hendrix med seg Band Of Gypsies, Buddie Miles på trommer og Billy Cox på bass, og spelte inn Room Full Of Mirrors på Reccord Plant i New York. I 1970 kom Paul Allender til verda i engelske Colchester. Gitaristen Allender er inne i sin andre periode i Cradle Of Filth og kan høyrast på to plater i mi samling, The Principle Of Evil Made Flesh (1994), og Midian frå 2000. I 1979, på bandkollega Martin Barre sin fødselsdag, døyde bassisten John Glascock. I 1981 spelte Ebba Grön på Kulturama i Stockholm og songen Mental Istid kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. Same dag spelte AC/DC i Milwaukee Arena i Milwaukee. I 1983 starta AC/DC innspelinga av videoen til For Those About To Rock (We Salute You). I 1986 fekk dei frammøtte i Candy Hall i Osaka høve til å nyte Toy Dolls. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i L’usine i Reims. I 1995 var det Centre i Newport sin tur til å vere vertskap for ein snart pensjonert Ozzy Osbourne. I 1998 kom Offspring si femte plate, Americana, med kjempe hiten Pretty Fly (For A White Guy), som kjempa seg nesten til toppen av dei viktigaste amerikanske listene.

16.11.2012

Sekstande november

Sekstande november 1942 vart Geir Børresen fødd i Oslo. Skodespelaren Børresen opplevde gigantisk suksess då han song den norske vokalen på dei utruleg kitche smurfeplatene som herja den vestlege verda frå slutten av syttitalet. I 1945 kom Paul Martin Raymond til verda i engelske St. Albans. Paul Raymond har livnært seg som gitarist i band som UFO og hjå meg kan han høyrast på plata Obsession frå 1978. I 1954 vart Louis Conte fødd på Cuba. Perkusjonisten Conte sitt bidrag til mi platehylle finn du på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. I 1962 vart Gary Manny Mounfield fødd nær den engelske storbyen Manchester. Mani var bassist i The Stone Roses og gjør i dag teneste i Primal Scream. Hjå meg kan Mani høyrast på The Stone Roses si andre, og enn så lenge, siste studioplate, The Second Coming frå 1994, og på Primal Scream sine studioplater XTRMNTR frå 2000 og Beautiful Future frå 2008. I 1966 kom Christian Lorenz til verda i Berlin. Doctor Lorenz spelar til dagleg keyboard i Rammstein og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate Sehnsucht frå 1997. I 1977 la Lynyrd Skynyrd spørsmålet What’s Your Name? ut på dei amerikanske singellistene, b-sida med tittelen I Know A Little gjev eit hint om at dei hadde ei aning. I 1978 var Led Zeppelin på plass i ABBA-bastionen Polar Studios i Stockholm og spelte inn songen Darlene. Resultatet frå denne seansen kan høyrast på samleplata Coda, som kom på marknaden i 1982. I 1981 bydde datoen på konsert med AC/DC i Cobo Arena i Detroit. Tidlegare på dagen hadde Kiss slept konseptalbumet Music From The Elder, som på ingen måte vart den salssuksessen som bandet og produsenten Bob Ezrin hadde vona. Gitaristen Ace Freley forlèt bandet etter at plata var spela inn og vart erstatta av Bruce Kullic. I 1982 døyde Al Haig. I 1989 var Salle de la Cite i Rennes arena for Toy Dolls sine herjingar. I 1992 slepte Mano Negra si fyrste liveplate, In The Hell Of Patchinko. Dette var mitt fyrste møte med bandet og eg hugsar enno at håra på armen min reiste seg då den rå energien strøyma ut av høgtalarane og inn i øyrene mine. Absolutt ei av dei beste platene eg har høyrd nokon sinne. I 1993 slepte Ponter Sisters plata Only Sisters Can Do That, bandet si femtande studioplate. I 1995 spelte R.E.M. i North Charleston Coliseum i Charleston. Songen The Wake-Up Bomb kan høyrast på plata New Adventures In Hi-Fi, som kom på marknaden året etter. I 1999 kom Will Smith si andre studioplate Willennium og eg har ikkje anna forklaring på at eg eig denne plata enn at ein kan få mykje rart for ein tiar.

14.11.2012

Fjortande november

Fjortande november 1951 vart trommeslagaren Frankie Banali fødd i bydelen Queens i New York City. Banali er best kjend for å ha vore medlem i Quiet Riot, men i mi platesamling er det på W.A.S.P. si samleplate First Blood. Last Cuts trommespelet hans kan høyrast. I 1977 kom Obie Trice III til verda i Detroit i Michigan. Raparen Obie Trice sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som vokalhjelp på Eminem si plate The Eminem Show frå 2002. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm, der dei spelte inn Ozone Baby. Songen kan finnast på samleplata Coda frå 1982. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Arts Centre i Darlington, og datoen bydde også på ein konsert med AC/DC, det gjekk føre seg i Cobo Arena i Detroit i Michigan, der dei spelte for andre kveld på rad. I 1985 kunne 100 Club i London ynskje Toy Dolls velkomen attende. I 1989 var Toy Dolls i Theatret Barbet i Bordeaux. I 1992 slepte Motörhead The ’92 Tour EP. I 1995 kunne mørkets fyrste, Ozzy Osbourne både høyrast og sjåast på scena i Sheffield City Hall og Melissa Etheridge gav ut plata Your Little Secret. I 1996 prisa AC/DC våren i Sydney. Dei frammøtte i Entertainment Centre fekk høyre Hail Cesar, Ballbreaker og Rock’n Roll Ain’t Noise Pollution, og det gjer me andre også, om me stappar DVD’en Plug Me In i spelaren. I 1997 heldt Bee Gees konsert på MGM Grand i Las Vegas. Konserten vart spela inn og kan kjøpast som både DVD og CD. CD-versjonen har fått namnet One Night Only og kom på marknaden i 1998. I 2000 slepte Offspring plata Conspiracy Of One. I 2005 fekk Pete Doherty sitt prosjekt Babyshambles sin platedebut med plata Down In Albion

13.11.2012

Trettande november

Trettande november 1942 kom gitaristen John Paul Hammond til verda i storbyen New York City. Hammond kan i mi platesamling høyrast medan han spelar gitar for Bob Dylan på plata Bring It All Back Home frå 1965. Han er også kreditert for å spele Blues Harp på sporet Pony frå Tom Waits si plate Mule Variations, som kom på marknaden i 1999. I 1949 vart Terry Reid fødd i Huntingdon i England. Gitaristen Reid har slept plater på eiga hand, men er best kjend for å spele for andre. Hjå meg kan Reid høyrast medan han syng bakgrunnsvokal for Jackson Browne på plata Late For The Sky frå 1974. I 1953 fekk verda trommeslagaren Andrew Ranken. Ranken er best kjend for å spele trommer for The Pogues. Han kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Der er han rett nok omtalt som Ardren Ranken. I 1978 kom Nikolai Fraiture til verda i New York City. Fraiture er bassist i The Strokes. Same dag slepte Kate Bush si andre studioplate, Lionheart, som berre nådde ein skuffande sjetteplass på listene. I 1981 var Ferryhill staden for dei som ville høyre Toy Dolls spele og det hendte på 101 Club. Same dag spelte AC/DC i Cobo Arena i bilbyen Detroit. I 1987 kom The Sisters Of Mercy si andre studioplate, Floodland. I 2000 kom Oasis si konsertplate Familiar To Millions, som var spela inn på Wembley Stadium tjuefyrste juli same år.

12.11.2012

Tolvte november

Tolvte november 1944 kom Booker T. Jones til verda i musikkhovudstaden Memphis i Tennessee. Jones, som kurriøst nok ikkje har noko mellomnamn, berre ein T. midt i namnet, er kjent som både musikar og produsent og har arbeidd med alle dei store namna i bransjen. Hjå meg kan Booker T. høyrast både som sjef for eige band, det legendariske instrumentalbandet Booker T & The MG’s på samleplata The Best Of Booker T. & The MG’s, og som musikar for stjerner som Willie Nelson på plata Stardust frå 1978, og som bassist på Bob Dylan si plate Pat Garret & Billy The Kid frå 1973. I 1945 vart Neil Percival Young fødd i den forblåste storbyen Toronto. Den kanadiske superstjerna Neil Young har, aleine og saman med bandet Crazy Horse gjeve ei rekkje sterke bidrag til platehylla mi, det er diverre ikkje plass til å ramseo opp alle her, men eg lovar at det vert fleire. Før solokarrieren var Young med i supergruppa Buffalo Springfield, eit band han har songe om i songen Buffalo Springfield Again, som også er tittelen på den plata som er bandet sitt bidrag til mi platehylle, i tillegg finn du også Young kreditert for gitarspel, med meir, på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971, munnspel på songen Furry Sings The Blues på Joni Mithchell si plate Hejira frå 1976, for gitarspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, og hjelpevokal på Robbie Robertson si plate Storyville frå 1991. Sjølv var eg så heldig at eg fekk oppleve Neil Percival Young på Koengen i Bergen i 2008, eit minne for livet. I 1947 kom Donald Roeser til verda på Long Island i New York. Buck Dharma er vokalist og gitarist i Blue Öyster Cult og kan hjå meg høyrast på plata Spectres frå 1977. I 1953 vart Malcolm Macdonald fødd Lochmaddy i Skotland. Calum Macdonald har hatt fast jobb som perkusjonist for Runrig sidan starten i 1973 og i mi platehylle kan han høyrast på studioplatene The Highland Connection (1979), The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime frå 1988. I 1955 kom Leslie Richard McKeown til verda i Edinburgh. Les McKeown var songar i Bay City Rollers og kan hjå meg høyrast på samleplata The Magic Collection. I 1957 var Johnny Cash i Memphis og spela inn songen Big River, produsent var Jack Clement. I 1959 vart Lester Butler fødd i den amerikanske delstaten Virginia. Munnspelvirtousen Butler sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Rancid si studioplate Life Won’t Wait frå 1998. Butler døyde i 1998. I 1964 vart David Warren Ellefson fødd i Jackson i den skandinaviske delstaten Minnesota. Bassisten David Ellefson slo seg saman med Dave Mustain og starta Megadeth i 1983, og det er på plata Rust In Peace frå 1990 han kan høyrast i mi platesamling. I 1968 var Miles Davis i Columbia Studio B i storbyen New York for å spele inn songen Splash, som eigentleg var med på plata Circle In The Round frå 1979, men som i mi platesamling har fått plass som bonusspor på plata Water Babies. I 1987 var Toy Dolls i Sneeke for å spele på Bolwerk same dag som Cornelis Vreeswijk døyde. I 1991 kunne ihuga fans kjøpe ein Lynyrd Skynyrd-box med same namn som bandet. I 1995 var Rock City i fotballbyen Nottingham vertskap for Ozzy Osbourne sin Retirement Sucks-turné. I 1999 slepte Marilyn Manson liveplata The Last Tour On Earth. I 2000 spelte ein Steve Earle i storform med fullt band i levande live på fjernsynsprogrammet Austin City Limits. Denne konserten er tilgjengeleg som DVD-plata Live From Austin TX. I 2001 kunne trufaste The Cure-fans kjøpe samleplata Greatest Hits, som var ein dobbel CD med det meste av det beste frå bandet. I 2002 var det plateslepp for Missy Elliot si fjerde plate, produktet fekk tittelen Under Construction og vart seinare nominert til Grammy-pris. I 2004 slepte No Doubt-vokalist Gwen Stefani soloplata Love. Angel. Music. Baby. I 2007 slepte Led Zeppelin den doble samleplata Mothership.

11.11.2012

Ellevte november

Ellevte november 1930 kom Walter Louis Garland til verda i Cowpens i South Carolina. Gitaristen Hank Garland spelte gjennom ein hektisk femtenårsperiode med store amerikanske country-artistar som Patsy Cline og Roy Orbison. I mi platehylle er det hjå sjølvaste kongen, Elvis Presley, gitarspelet hans kan nytast. Garland døyde i 2007. I 1940 vart Dennis James Coffey fødd i Detroit i Michigan. Gitaristen Dennis Coffey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata I Want You, som Marvin Gaye slepte i 1976. I 1953 såg Andrew John Partridge dagens lys på Malta. Andy Partridge si merittliste er vokalist og gitarist, i tillegg til kunstnarisk leiar for det britiske New Wave-bandet XTC, som hadde utspringet sitt i Swindon. Hjå meg kan Partridge høyrast på plata Black Sea frå 1980. I 1962 kom Gunnar Mathias Michaeli til verda i ein av Stockholm sine forstadar. Tangentmannen Mic Michaeli sitt bidrag til mi platesamling finn du på Europe si tredje studioplate, The Final Coundown frå 1986. I 1963 vart den amerikanske songarinna Javetta Steele fødd i Gary i Indiana. Hjå meg kan Steele høyrast som hjelpevokalist på 10 000 Maniacs si plate Blind Man’s Zoo frå 1989. I 1968 var Miles Davis i Columbia Studio B i New York for å spele inn Two Faced og Dual Mr. Anthony Tillmon Williams Proces. Begge songane kan høyrast på samleplata Water Babies frå 1975, og med i studio var Wayne Shorter, Chick Correa, Herbie Hancock, Dave Holland og Tony Williams. I 1977 kunne Gasolin’ si sjuande studioplate, Gør Det Noget, kjøpast for pengar, i og med at plata var tilgjengeleg i butikken, kunne ho også stelast, men det var ikkje så populært. I 1987 var Toy Dolls underhaldninga på Wilhelm II i Den Bosch. I 1991 slepte Genisis si fjortande studioplate, We Can’t Dance. I 1995 kunne Ozzy Osbourne opplevast i levande live i Civic Hall i Wolverhampton. I 1997 slepte Ozzy Osbourne samleplata The Ozzman Cometh, som hadde fleire tidlegare uutgjevne spor frå Black Sabbath-tida. Skikkeleg mat for fansen med andre ord.

10.11.2012

Tiande november

Tiande november 1946 vart James Earl Gilstrap fødd i Pittsburg, nei, ikkje stålbyen i Pennsylvania, men ein liten småby i Texas. Songaren Jim Gilstrap hadde eit par solohits på syttitalet, men hjå meg kan han høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på Michael Jackson si plate Off The Wall, som kom på marknaden i 1979, og på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. I 1947 kom Glen Edward Buxton til verda i Akron i Ohio. Glen Buxton var med å starte Alice Cooper Band og er kredittert som komponist på fleire av dei store slagarane bandet hadde på byrjinga av syttitalet. Hjå meg kan Buxton høyrast på platene Schools Out frå 1972 og Billion Dollar Babies, som kom på marknaden i 1973. Buxton døyde i 1997. I 1958 vart Brian Taylor fødd. Trommisen Dolphin Taylor har spela med Stiff Little Fingers, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Tom Robinson Band, eit band han forlet i 1978. I 1964 vart Chris Connely fødd i skotske Edinburg. Connely har ei fortid som tangentmann i Ministry og kan hjå meg høyrast på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1966 kom Stephen Patric Mackey til verda i den engelske stålbyen Sheffield. Bassisten Steven Mackey spelte i Pulp og kan i mi platehylle høyrast på plata Different Class frå 1995. På denne dagen var også The Who i CBS Studios i London og spelte inn Happy Jack, også denne gongen med Kit Lambert som produsent. I 1967 kunne ein treffe The Who i De Lande Lea Studios i London der dei var i ferd med å spele inn sin eigen versjon av Eddie Cochran sin låt May Way. I 1973 kom den kvinnelege vokalisten i The Beautiful Sout, Jacqui Abbot, til verda i nordvest-England. Dama med døypenamnet Jaqueline Abbot forlèt bandet etter at plata Painting It Red kom på marknaden i 2000. I 1975 nytta Neil Young dagen til å gje ut plata Zuma, som han hadde spelt inn saman med dei hardtrockande kompisane sine i Crazy Horse. I 1978 vart Drew McConnell fødd i Dublin. McConnell er bassist i Babyshmables og i mi platehylle kan han høyrast på plata Down In Albion. Same dag fekk BBC One sine entusiastiske sjåarar oppleve AC/DC i eit opptak frå University Of Essex. Musikkelskande fjernsynssjåarar kunne nyte dei framtidige slagarane Problem Child, Sin City og Bad Boy Boogie. For dei som måtte kjenne for å gjennoppleve denne hendinga er det berre å gå til innkjøp av DVD-samlinga Plug Me In. I 1981 inntok Toy Dolls East Stanley Club i Stanley, same dag som den hårfine gjengen i Mötley Crüe platedebuterte med Too Fast For Love. I 1987 bydde dagen på Toy Dolls-konsert på Paradiso i Amsterdam. I 1989 var Toy Dolls på tur til Toulouse der dei spelte på Bikini. I 2008 døyde Miriam Makeba.

09.11.2012

Niande november

Niande november kom 1941 kom Thomas Richard Fogerty til verda i Berkeley i California. Tom Fogerty er storebroren til meir kjende John Fogerty og var den fantastiske gitaristen i Creedence Clearwater Revival, som herja platelistene for eit par generasjonar sidan. I mi platehylle finn du Fogerty sitt gitarspel på samleplata The Complete Hit-Album Vol. 1., som neppe kjem på bandet si offisielle liste over utgjevingar, men likevel inneheld det mest essensielle frå bandet si storheitstid. Fogerty døyde i 1990. I 1941 vart Richard Greene fødd i luksuriøse Beverly Hills like utanfor storbyen Los Angeles i California. Felespelaren Greene vert rekna som ein av dei framste i sin bransje og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975. I 1948 vart Joseph Bouchard fødd i Watertown i delstaten New York. Bassisten Joe Bouchard spelte i Blue Öyster Cult, og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Spectres frå 1977. I 1954 vart Dennis Stratton fødd i engelske Canning Town. Gitaristen Stratton spelte i Iron Maiden frå 1979 til 1980 og deltok på innspelinga av bandet si sjølvtittlerte debutplate frå 1980. I 1985 kom W.A.S.P. si andre studioplate, The Last Command. Sidan sist hadde Steve Riley erstatta Tony Richards på stolen bak trommesettet. Blind In Texas og Wild Child kan i tillegg høyrast i remixa versjonar på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1986 fekk Paradiso i Amsterdam vitjing av Toy Dolls. I 1987 nytta Toy Dolls kvelden til å spele på Bisqethalle i Bonn. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Rockstore i Montpellier. Same dag døyde Pancho” Hagood. I 1992 gav Mano Negra ut konsertplata In The Hell Of Patchinko. I 1995 stod Ozzy Osbourne på scenen i Guildhall i hamnebyen Portsmouth.

08.11.2012

Åttande november

Åttande november 1949 kom Bonnie Lynn Raitt til verda i Burbank i California. Bonnie Raitt har hjerja countrylistene med eiga karriere, men hjå meg høyrest ho med vokalhjelp på plata The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982. I 1954 vart den amerikanske artisten Rickie Lee Jones fødd i Chicago. Den allsidige songarinna var i mange år betre kjend for å vere dama til Tom Waitz enn for eigne prestasjonar, men det er ikkje tvil om at ho står seg godt på eiga hand. Jones er i mi platehylle representert med plata The Magazine frå 1984. I 1957 kom Paul Stephen Thomson til verda i tennisen sitt hovudkvarter, Wimbledon. Gitaristen Porl Thomson er best kjend for arbeidet han gjorde med The Cure og heime hjå meg høyrer du han på plata Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me frå 1987. I 1968 kom den amerikanske skodespelaren Parker Christian Posey til verda i Baltimore. Parker Posey lærte seg å spele mandolin i samband med ei rolle i filmen A Mighty Wind frå 2003, noko The Dandy Warhols sørgja for å utnytte, Posey spelar mandolin på songen I Am Sound frå plata Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1970 kom reggeaartisten Diana King til verda i Spanish Town i øystaten Jamaica. King platedebuterte med Tougher Than Love i 1995, ei plate som også har fått heim hjå meg. I 1971 fekk platekjøparane høve til å sikre seg Led Zeppelin si fjerde studioplate, Led Zeppelin IV. Plata inneheld klassikaren Stairway To Heaven, gruppa sin best kjende song, som utruleg nok aldri vart gjeven ut som singel. I 1980 fekk platekjøparane høve til å hente heim Motörhead si etter kvart udødlege Ace Of Spades plate. I 1986 venta Madness på toget. Singelen Waiting For The Ghost Train stogga på ein åttandeplass på platelistene. Gutane i Toy Dolls nytta dagen til å spele på De Koog i Noordesharwoude. Same dag slepte W.A.S.P. den tredje plata si, Inside The Electric Circus. Etter at Randy Piper forlèt bandet har Blackie Lawless gått over til gitar og bassisten Johnny Rod er på plass. Ein remixa versjon av I Don’t Need No Doctor kan høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1989 såg dei frammøtte på Ferrand Maison du People i Clermont Toy Dolls gjere sitt frå scenen. I 1990 var Violent Femmes på vitjing til Australia og spelte live på The Palace i Melbourne. Songen Kiss Of kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1995 var Ozzy Osbourne sin Retirement Sucks-turne komen til Regent Theatre i Ipswich. Fear Factory varma opp for The Mad Man.

07.11.2012

Sjuande november

Sjuande november 1943 vart Roberta Joan Andreson fødd i Fort McLeod i canadiske Alberta. Joni Mitchell var med å setje sitt preg på den nordamerikanske folkrock-scena på sekstitalet og har samarbeida med dei fleste av dei store artistane frå den tida. I mi platehylle finn du Mitchell sine bidrag til musikkhistoria på hennar åttande studioplate Hejira frå november 1976. Mitchell syng også på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971, og er også kreditert for vokalhjelp på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997. I 1963 kom bassisten Petter Taranger til verda i Bodø. Petter Pogo har vore innom ei rekkje punkband i både heimbyen Bodø og i Oslo, men har gjort størst suksess i Jokke & Valentinerne, der han fekk med seg ein spelemannspris for plata Frelst i 1991. I 1964 vart Liam Ó Maonlaí fødd i Irland. Maonlaí var ein av grunnleggjarane av Hothouse Flowers i 1985 og kan hjå meg høyrast på plata Songs From The Rain frå 1993. I 1969 spela Crosby, Stills, Nash & Young inn nydelege Helpless i Wally Heider studios. For dei som ikkje vil investere i Neil Young Greatest Hits er Crosby, Stills, Nash & Young-plata Deja Vu ein grei stad å leite etter denne perla. Same dag gav ein ung og framstormande David Bowie ut plata Space Odity. I 1974 kom Tom Cato Visnes til verda. King ov Hell er best kjend for tida han spelte i Gorgoroth, men hjå meg er det med bandet Sahg han kan høyrast. Plata har fått tittelen III og er bandet si tredje studioplate. Visnes spelte også bass på Audrey Horne si spellemannsvinnande plate No Hay Banda frå 2005. Same dag vart Christer Engen fødd. Engen, som også nyttar scenenamnet Chris Summers har ei fortid i både Big Bant, Turboneger og Euroboys. Hjå meg kan Summers høyrast på platene Retox, som Turboneger slepte i 2007, og Soft Focus, som var Euroboys sitt bidrag til populærkulturen i 2005. I 1981 hadde Le-Metro i Sunderland gleda av å presenterer Toy Dolls som den lokale haustunderhaldninga. I 1982 var dette datoen Iron Maiden opna sin fyrste Australia-turné og ti konsertar venta dei ”down under”. I 1986 døyde Tracy Pew, same dag som ein kunne oppleve Toy Dolls i Youth Hall i Den Bosch. I 1987 bydde denne dagen på ein konsert med Toy Dolls i Waginingen Youth Club. I 1988 slepte Iron Maiden singelen The Clairvoyant, som tok seg til sjetteplass på listene. R.E.M. sitt bidrag til platemarknaden fekk tittelen Green og var bandet si sjette studioplate. I 1989 var Toy Dolls på scenen og underheldt på Le Transbordeur i den franske mathovudstaden Lyon. I 1995 spelte R.E.M. i Paramid Arena i Memphis i Tennessee. Songen Bittersweet Me på plata New Adventures In Hi-Fi frå 1996 skal vere spela inn under lydprøven til denne konserten. I 1997 gav Ulf Lundell ut si sekstande studioplate, Män Utan Kvinnor, produsert av Lars Halapi.

06.11.2012

Sjette november

Sjette november 1941 kom Douglas Wayne Sahm verda i myteomspunne San Antonio i Texas. Dough Sahm var ein av Tex-Mex musikken sine mest markante skapningar og debuterte som musikar i ein alder av fem år, han spelte i ulike band fram til han starta Sir Douglas Quintett i 1965. SDQ hadde ei rekkje hits og gjorde stor suksess i Skandinavia. Saman med kompisen Freddy Fender og Augie Myers og Flaco Jimenez starta Sahm Texas Tornardos i 1990. Bandet gav ut fire plater og fekk med seg ein Grammy. Hjå meg kan Sahm høyrast saman med Sir Douglas Quintet på samleplata Scandinavian Years (2008), og saman med Texas Tornados på studioplata Hangin’ On By A Thread (1992), og på samleplata Best Of The Texas Tornados (1994). Sahm døyde i 1999. I 1948 vart John Russel Morgan fødd i Los Angeles i California. Bassisten Rushton Moreve spelte i det legendariske motorsykkelbandet Steppenwolf og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Steppenwolf frå 1968. Rushton Moreve døyde i ei motorsykkelulukke i 1981. I skotske Glasgow kom George Redburn Young til. Seinare utvandra heile Young-familien til Australia og unge George toppa hitlistene verda over saman med resten av The Easybeats med hiten Friday On My Mind. Men det er kan hende som produsent for dei to yngre brørne sine George Young har gjort seg best kjend, han har produsert dei tidlegaste AC/DC-platene, og kan i mi platesamling høyrast medan han spelar bass på Little Lover og She’s Got Balls på den internasjonale versjoen av plata High Voltage frå 1975. Også i Detroit vart det fødd ei stjerne denne dagen. Glenn Lewis Frey er mannen bak mange av dei store slagarane frå country-rock heltane i Eagles. Hjå meg kan Glenn Frey høyrast som sologitarist på utvalde spor på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate Stranger In Town frå 1978. Frey er også kreditter for vokalhjelp på Against The Wind (1980) frå same band. I 1961 kom Craig Goldie til verda. Goldie har vore innom band som Venegance og Rough Cut, men i mi platehylle er det som gitarist på Dio-plata Dream Evil frå 1987 han kan høyrast. I 1964 kom Gregory Walter Graffin til verda i Racine i Wisconsin. Geologiprofessoren og vokalisten Greg Graffin er i dag einaste gjenværande originalmedlem av Bad Religion og kan i mi platehylle høyrast medan han gaular ut si vrede på platene Stranger Than Fiction frå 1994, og No Substance (1998). I Brooklyn i New York City vart Corey Glover fødd. Vokalisten Glover er frontmann i Living Colour, eit band som prydar mi platehylle med platehylle med Stain frå 1993. I 1968 kom Eric Newkirt Singleton til verda i New York City. Rapparen Eric Singleton sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Modern Talking si plate Back For Good frå 1998. I 1970 vart Matt Johnson fødd i Houston i Texas. Trommeslagaren Johnson kan hjå meg høyrast medan han held takten for Jeff Buckley på debutplata Grace frå 1994. I 1978 nytta Blondie kvelden til å underhalde i The Walnut Theatre i Philadelphia. I Know But I Don’t Know kan høyrast som bonuskutt på plata Parallel Lines. I 1981 var det punkrock på programmet i Brewers Arm i Durham, underhaldninga var det Toy Dolls som stod for. I 1986 var endeleg Toy Dolls attende på Bolverk i hollandske Sneek. I 1987 hadde Toy Dolls teke turen til Hamburg for å spele på Markthalle. I 1988 var Iron Maiden-singelen Infinite Dreams til sals, det same var videoen Maiden England. I 1990 gav The Pogues ut plata Hells Ditch, og Scorpions slepte plata Crazy World, som var deira ellevte studioplate og byr på den særs plagsame Wind Of Changes. I 1992 platedebuterte Rage Against The Machine med ei sjølvtittelert plate. I 2004 døyde Pete Jolly.

05.11.2012

Femte november

Femte november 1931 kom Ike Wister Turner til verda i Clarksdale i Mississippi. Gitaristen Ike Turner stod for den drivande gode gitarlyden i duoen Ike & Tina Turner på slutten av sekstitalet, men vert gjerne hugsa for å ha brukt nevane til anna enn gitarspel. Turner skal ha banka kona Tina Turner ut av ektesenga og ned i rennesteinen, noko som har gjeve ein glitrande musikar eit heller slett ettermæle. Hjå meg kan Turner høyrast på samleplata 18 Classic Tracks, og med pianospel på Gorillas si plate Demon Days frå 2005. Ike Turner døyde i 2007. I 1947 vart Peter Blair Denis Bernard Noon fødd i nærleiken av Manchester. Peter Noon var vokalist og spela rolla som Herman i det engelske tyggegummipopbandet Herman’s Hermits, som produserte ei rekkje hits på sekstitalet. Hjå meg kan Noon høyrast på samleplata No Milk Today. I 1956 kom Jefferey Victor Watson til verda i den californiske hovudstaden Sacramento. Gitaristen Jefferey Watson var ein av grunnleggjarane av Night Ranger, eit band han sa takk for seg i i 2007. Hjå meg kan Watson sitt gitarspel høyrast på Chris Isaak si plate San Francisco Days frå 1993. I 1959 kom den kanadiske rockesviskesongaren Bryan Guy Adams til verda i Ontario. Bryan Adams har herja listene med bidrag av ulik kvalitet dei siste åra, Waking Up The Neighbours frå 1991, som du finn i mi platehylle, er neppe det beste produktet hans. I 1960 vart den tidlegare Wilco-trommisen Ken Coomer fødd. Coomer sitt bidrag til mi platehylle finn du på plata Summerteeth frå 1999. I 1965 vart Angelo Christoper Moore fødd. Poeten Angelo Moore var ein av grunnleggjarane av Jane’s Addiction og hjå meg høyre du han på spele saksofon på plata Nothing’s Shockig frå 1988. The Who nytta dagen til å gje ut singelen My Generation, som også var titelen på debutplata som kom ut ein månad seinare. Singelen nådde andreplassen på listene. I 1971 kom Jonathan Richard Guy Greenwood til verda i den engelske universitetsbyen Oxford. Gitaristen Jonny Greenwood spelar til dagleg i Radiohead og kan i mi platehylle nytast på platene Pablo Honey (1993) og OK Computer (1997). I 1973 kunne Lynyrd Skynyrd sin singel Gimme Three Steps kjøpast for pengar. I 1974 kom David Ryan Adams til verda i Jacksonville i North Carolina. Ryan Adams er ein utruleg produktiv og kreativ artist som diverre er tynt representert hjå meg. Love Is Hell frå 2004 er einaste bidrag, enn så lenge. I 1980 stod Coach and Eight i Durham som vertskap for Toy Dolls. I 1982 kom Toy Dolls til Central Club i Newbiggen. I 1983 var The Sun And The Rain tema for Madness sitt listebidrag. Publikum var såpass fornøgd at det vart ein femteplass. I 1986 kunne fastbuande og tilreisande i Köln gå på Luxor og sjå Toy Dolls spele. I 1987 spelte Toy Dolls på Batschlapp i Frankfurt. I 1996 gav Johnny Cash ut plata Unchained. Plata var nummer to i serien American Recordings og produsent var framleis Rick Rubin. I 2002 gav Johnny Cash ut plata American IV: The Man Comes Around. Plata resulterte i eit ras av nominasjonar og titlar på utdelingar som Grammy og MTV Awards. Dagen bydde også på plateslepp frå Justin Timberlake, debutplata selde i meir enn sju millionar eksemplar.

04.11.2012

Fjerde november

Fjerde november 1928 vart Lawrence Benjamin Bunker fødd i Long Beach i California. Trommeslagaren Larry Bunker har namn som Gerry Mulligan, Ella Fitzgerald og Billy Holiday på merittlista, men hjå meg er det på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992 trommespelet hans kan høyrast. Larry Bunker døyde i 2005. I 1954 kom Christopher Henry Difford til verda i London. Chris Difford er best kjend for arbeidet med bandet Squeeze, men hjå meg finn du arbeidet hans på Joe Cocker si studioplate Across from Midnight frå 1997. I 1955 vart Stefan Glaumann fødd. Musikkprodusenten Glaumann har produsert alle platene Imperiet gav ut og hjå meg kan er han også kreditert for å spele virveltromme på Imperiet si plate Synd frå 1986. I 1956 kom Noel McCalla til verda i London. Songaren McCalla er best kjend for å synge i Manfred Mann’s Earth Band frå 1991 til 2006 og hjå meg kan han høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered frå 1999. I 1974 vart Cedric Bixler-Zavala fødd i Redwood City i California. Songaren Bixler-Zavala syng til vanleg i The Mars Volta, og er kjend for ei røyst med eit enormt vokalspenn. Hjå meg kan Bixler-Zavala høyrast på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1976 kom kubanskætta Freddy Cricien til verda. Cricien tenar til vanleg til livets opphald som vokalist i det amerikanske punkbandet Madball, og den som stikk innom ein dag eg er i godlune, kan få høyre han skrike lungene sine ut på plata Hold It Down frå 2000. I 1977 var dagen Ramones kom med plata Rocket To Russia. Åstad for innspelinga av meisterverket var Media Sound, New York i august og september same år og produsentar var Tony Bongiovi og T. Erdelyi aka trommeslagar Tommy Ramone. Songane Rockaway Beach, Teenage Lobotomy, Cretin Hop og We’re A Happy Family kan høyrast på plata Ramones Mania. I 1978 spelte Blondie live på The Paradise i Boston. Deira versjon av Marc Bolan sin Bang A Bong (Get It On) kan høyrast som bonuskutt på plata Parallel Lines. I 1980 var The Who i Odessey Studios i London og spelte inn You Better You Bet. Erstattar for trommeslagar Keith Moon var Kenny Jones. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Biddic Farm Centre i Washington. I 1986 fekk gjestane på Zeche oppleve ein konsert Toy Dolls. I 1987 var Toy Dolls i Freiburg for å spele på Cräsh. I 1989 var Toy Dolls og rocka Paris frå scenen i Elysee Montmartre. I 1991 kom My Bloody Valentine si andre studioplate Loveless. I 1992 enda Iron Maiden sin Fear Of The Dark Tour i Yoyogi Olympic Pool i Japan. I 1994 døyde Fred ”Sonic” Smith. I 2002 slepte Badly Drawn Boy plata Have You Fed The Fish?, som inneheld hans einaste topp ti single You Were Right. I 2005 døyde Milton Holland.

Tredje november

Tredje november 1926 kom Billy Mitchell til verda i Kansas City i Missouri. Billy Mitchell vert rekna som ei av drivkreftene i jazzmiljøet i Detroit under andre verdskrigen. Hjå meg kan Mitchell sin saksofon høyrast på Count Basie si samleplate Atomic Swing. Mitchell døyde i 2001. I 1952 vart Derek Peter Palmer fødd. Del Palmer spelar bass på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978. I 1954 vart den amerikanske cellisten Melissa Hasin fødd i Newport Beach i California. Missy Hasin har ei imponerande merittliste som tel både Barbara Streisand, Page & Plant og Nathalie Cole, men i mi platesamling er det på platene Under The Pink, som Tori Amos slepte i 1994, og Tragic Kingdom, som No Doubt gav ut i 1995, ho kan høyrast. I 1960 kom tangentmannen i skotske Deacon Blue til verda. James Prime vart fødd i Kilmarnock og var med å starte bandet i 1985, men forlèt den glade forsamlinga i 1998. Same dag kom Matthew James Ashman til verda i Barnet. Matthew Ashman spelte gitar i Adam & The Ants og kan hjå meg høyrast på samleplata Dandy Highwaymen. Ashman døyde av diabetes i 1995. I 1963 kom den norske biletkunstnaren May Iren Aasen til verda. Aasen er for massane kjend for å spele trommer for Jokke & Valentinerne og kan i mi platesamling høyrast medan ho held takten på platene III (1990) og Frelst (1991). I 1964 vart Roar Ruus Finsås fødd i Bergen. Musikkterapeuten Finsås har herja dei ulike konsertscenene i heimbyen med eit utal ulike band. Hjå meg kan Finsås høyrast på plata Blod Svette Sæd Og Asfalt, som Radiofantomene slepte i 1992. Verda fekk også høve til å kjøpe Elvis Presley sin versjon av den kjende tyske barnesongen Muss I Den. Wooden Heart var henta frå familiefilmen G.I. Blues, den fyrste filmen der ”Kongen” ikkje spela rolla som rebell, og låg seks veker på topp av dei engelske listene, men fekk ikkje notert listeplassering i USA. I 1980 slepte Neil Young plata Hawks & Doves, der Levon Helm frå The Band slepte til på trommer på eit av spora. I 1981 vitja Toy Dolls Casablanca i Newcastle. I 1982 kom Toy Dolls til Fandangos i Hexham. I 1984 kom Iron Maiden med singelen Aces High. I 1986 kunne ein høyre Toy Dolls frå scenen på Tor III i Düsseldorf. I 1987 var Toy Dolls attende på Theatre Fabrik i München. I 1989 døyde Eddie Davis, same dag Exil i den tidlegare romerske grensebyen Trier var åstad for ein konsert med Toy Dolls. I 1998 kom Alanis Morissette si plate Supposed Former Infatuation Junkie, og same dag vart Bee Gees sin konsert frå MGM Grand i Las Vegas året før tilgjengeleg på CD, produktet fekk namnet One Night Only. Plata vart fyrst slept på den engelske marknaden september same året.

02.11.2012

Andre november

Andre november 1928 vart Herbert Albert Geller fødd i Los Angeles i California. Saksofonisten Herb Geller sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han spelar for Chet Baker på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1938 kom den norske kunstnaren Oddvar Torsheim til verda på Herland i Askvoll kommune. Torsheim er betre kjend som målar enn som plateartist, men han har gjeve ut fleire soloplater og har delteke i talentkonkurransar. Mi platehylle byr på plata Tur-Retur Blues, som kom ut på plateselskapet Tylden i 2000. I 1945 vart John David Souther fødd i Detroit. J. D. Souther har samarbeida med dei fleste store namna innan countryrocken, og hjå meg kan han høyrast på plata Late For The Sky, som Jackson Browne slepte i 1974, og The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band Slepte i 1991. I 1947 vart David Pegg til verda. Dave Pegg har spelt med fleire store folk-rock namn, som mellom anna Fairport Convention, og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar med Jethro Tull på studioalbumet Catfish Rising frå 1991 og konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1949 kom Rowland Salley til verda i Bellvidere i Illinois. Bassisten Salley er best kjend for samarbeidet med Chris Isaak og hjå meg høyrere du han på plata San Francisco Days frå 1993. I 1953 såg Stein Erik Tafjord dagens ljos i Langevåg på Sunnmøre. Tafjord spelar tuba og kan hjå meg høyrast som ein del av The Brazz Brothers på platene Afrobrazz (1993) og Aquarius (2001). I 1957 vart Carter Anthony Beauford fødd i Charlotteville i Virginia. Trommeslagaren Carter Beauford vert rekna som ein av verdas framste i sitt fag og spelar til dagleg i Dave Matthews Band. I mi platehylle held Beauford takten for DMB på debutplata Under The Table And Dreaming frå 1994. I 1961 kom Kathryn Dawn Lang til verda i canadiske Alberta. k.d lang har seld millionar av plater og er verdas best kjende lesbiske countryartist. I mi platehylle finn ein platene All You Can Eat, som kom på marknaden i 1995, og Watershed frå 2008. I 1969 vart Reginald Quincy Arvizu fødd i Los Angeles. Bassisten Reginald «Fieldy» Arvizu spelar til dagleg i Korn og hjå meg kan han høyrast på samleplata Proud frå 2000. I 1976 gav Miles Davis ut plata Water Babies som inneheldt studioinnspelingar han hadde gjort saman med eit elitelag av musikarar på slutten av sekstitalet. Mi nyutgjevne CD-plate inneheld songen Splash, som ikkje var blant dei fem utvalde spora på den originale plata. I 1977 var Neil Young i Woodland Sound Studios i Nashville og spela inn songen Comes A Time som vart utgjeven på plata med same namn. Same dato i 1979 stod Toy Dolls på plakaten i Comrades Club i Horden. Etter den konserten forlèt Pete Zulu bandet for fyrste gong. I 1981 spela Toy Dolls sin konsert nummer hundre og det jubileet vart markert i Legions Park i South Shields, same dag gav Neil Young ut plata Re-Ac-Tor saman med husrockarane i Crazy Horse. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Salle De Faubourg i Genève. I 1989 fekk Luxor i Köln gleda av å høyre og sjå Toy Dolls. I 1991 spela Mano Negra live på Club Chitta i Kawasaki, ein konsert som er foreviga på plata In the Hell of Patchinko som sjølvsagt står trygt plassert i platehylla mi. I 1999 gav Rage Against The Machine ut plata The Battle Of Los Angeles.

01.11.2012

Fyrste november

Fyrste november 1947 kom James Richard Steinman til verda i New York City. Superprodusenten og komponisten Jim Steinman har gjeve ut soloplater, men er best kjend for samarbeidet han har gjort med andre. Hjå meg kan Steinman høyrast på plata Bat Out Of Hell, som Meat Loaf slepte i 1977. I 1949 vart David Foster fødd i Victoria i British Columbia. Plateprodusenten Foster kan i mi platehylle høyrast på Alice Cooper si plate From The Inside frå 1978, og på plata Off The Wall, som Michael Jackson slepte i 1979. I 1951 kom Ronald Bell til verda i Youngstown i Ohio. Saksofonspelaren Bell er ein av grunnleggjarane av bandet Kool & The Gang, han er også bror av bassisten Robert Bell. Hjå meg kan Bell høyrast på samleplata Anthology 20 Greatest Tracks. I 1960 stilte Elvis Presley det spørsmålet svært mange ungjenter vona å få frå den mannen på den tida. Are You Lonesome Tonight? begeistra platekjøparane nok til at det var seks veker på fyrsteplass i USA, fire i England. I 1962 kom Red Hot Chili Peppers-vokalisten Anthony Kiedis til verda i Grand Rapids i Michigan. I tillegg til Kiedis sitt musikalske innslag, vert han gjerne hugsa for ei rekkje dameaffærar, og i mi platesamling er det forholdet til den aust-tyske punkdronninga Nina Hagen som utmerkjer seg. I 1968 slepte souldronninga Aretha Franklin singelen See Saw. I 1972 gav Slade ut plata Slayed?, som inneheldt mange av dei store hitene dei vert hugsa for i dag. Mama, We’re All Crazy Now nådde fyrsteplassen på dei britiske singellistene, Gudbuy T’Jane kom aldri høgare enn nummer to, men det sikra dei plass i historiebøkene. I 1977 var det andre og siste innspelingsdag for Keith Jarrett si plate My Song. Plata vart spela inn i Talent Studios i Oslo og foruten Jarrett var det berre skandinaviske musikarar i bandet. I 1986 kunne ein høyre Toy Dolls på Meerhaus i den sveitsiske hovudstaden, Bern. I 1987 var Toy Dolls innom Graz for å spele på Haus der Jugend. Same dag gav Black Sabbath ut plata The Eternal Idol, den fyrste plata der vokalist Tony Martin fekk prøve seg som frontmann. I 1988 platedebuterte My Bloody Valentine med Isn’t Anything, som var bandet sitt fyrste studioalbum etter ei rekkje singlar. Også Yello nytta dagen til plateslepp, produktet fekk namnet Flag og var sveitserane si sjette studioplate. I 1989 var dette dagen då Cafe Europa i Bielefeld tok i mot Toy Dolls. I 1994 vart det høve til å kjøpe Nirvana sin akustiske MTV-konsert på plate, og hadde ein pengar og lyst stod også The Black Crows si tredje studioplate, Amorica, i platehyllene denne dagen. I 2004 slepte brørne Caleb og Nathan Followill og resten av Kings Of Leon plata Aha Shake Heartbreak i UK og Irland, resten av verda måtte vente nokre månader. Her heime var det plateslepp for Enslaved, deira produkt hadde tittelen Isa.