17.03.2012

Syttande mars

Syttande mars 1919 kom Nathaniel Adams Coles til verda i Montgomery i den amerikanske delstaten Alabama. Nat King Cole gjorde eigentleg sitt beste for å gå inn i historiebøkene som jazzpianist, men vert nok best hugsa for den mjuke barytonrøysta si. Cole er far til songarinna Natalie Cole, som gav nytt liv til somme av dei best kjende songane hans lenge etter at han var daud. Nat King Cole døyde i 1965. I 1944 vart John Benson Sebastian Jr. fødd i Greenwich Village i New York. John Sebastian er for dei fleste best kjend for å ha starta bandet The Lovin’ Spoonful, men i mi platesamling er han å høyre som gitarist på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965. I 1954 kom Bjørn Eidsvåg til verda i ein bergsprekk kalla Sauda. Rockepresten har ein lang veg å gå for å komme inn på lista over mine favorittartistar, og det er ikkje eg som har plassert ei av platene hans i hylla, men plata Landet Lenger Bak står der, litt for seg sjølv. I 1963 kom Michael Lee Ivins til verda i Omaha. Michael Ivins er bassist i The Flaming Lips. I 1965 var Johnny Cash i studio og spela inn songen Mister Garfield, om presidenten som vart skoten i eit attentat på slutten av det nittande hundreåret. Songen vart originalt gjeve ut på plata Johnny Cash Sings The Ballads Of The True West og kan i tillegg høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1967 kom Smashing Pumpkins-sjefen Billy Corgan til verda i Elk Grove Village i Illinois. Corgan er representert med fire Smashing Pumpkins-plater i mi platehylle, han kan også høyrast medan han spelar bass på songen Hit So Hard på Hole si plate Celebrity Skin frå 1998. I 1971 var ei av tidenes beste rockegrupper, The Who, i Record Plant studio i New York for å spele inn songane Pure And Easy, Baby, Don’t You Do It og ein alternativ versjon av Behind Blue Eyes. Dei gjekk også i gang med innspelinga av låta Love Ain’t For Keeping, som vart fullførd seinare. Alle songane er tilgjengeleg på plata Who’s Next, som vart tilgjengeleg for sal seinare same året. I 1972 kom bassisten Melissa Auf Der Maur til verda i Montreal. Auf Der Maur har spelt med både Fountains Of Wayne og The Smashing Pumpkins, men er best kjend for å spele i Hole, der ho rakk å spele inn plata Celebrity Skin før ho skifta beite. I 1975 kom Justin David Hawkins til verda i Surrey. Justin Hawkins var frontfigur i det engelske glamrock bandet The Darkness og kan høyrast på plata Permission To Land frå 2003. I 1983 var Toy Dolls invitert til Royal Banquet Hall i badebyen Whitley Bay for å underhalde og eg vert ikkje forundra om stemninga stod i taket. I 1985 var det engelske metallbandet Iron Maiden på plass for å spele i eit utseld Long Beach Arena i California for fjerde kvelden på rad. I 1990 slepte Ozzy Osbourne konsert-Ep-en Just Say Ozzy, som vart spela inn på diverse konsertar november året før. I 1992 kom Twisted Sister si fyrste samleplate. Den fekk namnet Big Hits And Nasty Cuts og er ei flott blanding av gruppa sine beste studioinnspelingar og konsertopptak. Også Tears For Fears nytta dagen til å sleppe ei samleplate, den hadde tittelen Tears Roll Down og tok for seg bandet sine største hits i perioden 1982-1992.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar