31.08.2011

Trettifyrste august

Trettifyrste august 1945 kom den nordirske songaren George Ivan Morrison til verda i Belfast. Van ”The Man” Morrison, er kjend som ein grinebitter som det er tilnærma umogleg å samarbeide med, og som ei notorisk fyllebøtte, men at mannen kan synge, er det ikkje nokon grunn til å tvile på. I mi platehylle finn du studioplatene No Guru No Method No Teatcher (1986) og Enligthenment (1990). I tillegg prydar samleplata Bang Masters frå 1991 hylla, den byr på det grommaste frå The Belfast Cowboy, inkludert superhiten og kjenningsmelodien Brown Eyed Girl. I 1957 vart den danske songarinna og musikkpedagogen Hanne Boel fødd i Københamn. I 1980 spela Toy Dolls i Witt On Gilbert Club i Durham. I 1984 var Toy Dolls attende på Norseman i Amble. I 1985 vart det nok ein åttandeplass på dei britiske singellistene for galningane i Madness då dei song om Yesterdays Men.

Trettiande august

Trettiande august 1950 kom Michael Joseph Moody til verda i Middlesbrough. Micky Moody kan i mi platehylle høyrast medan han, saman med Bernie Marsden, spelar ein akustisk blueskonsert i myteomspunne Hell i Trøndelag i 1993. I 1965 gav Bob Dylan ut si sjette studioplate, Highway 61 Revisited, den fyrste plata han spela inn med fullt band. I 1985 døyde Philly Joe Jones. I 1992 spelte Status Quo for 125000 ivrige fans i Sutton Park i nærleiken av Birmingham. Høvet var engelske Radio 1 sitt tjuefemårs jubileum og for dei av oss som ikkje var tilstades i The Midlands denne dagen kan denne konserten høyrast på plata Live Alive Quo, som kom på marknaden seinare same året. I 1994 var det klart for platedebut for dei to kranglete Gallagher-brørne og resten av Oasis, plata hadde tittelen Definitely Maybe og selde i meir enn sju millionar eksemplar, imponerande for eit par Manchester City supportarar. I 1999 platedebuterte Madrugada med Industrial Silence, som ganske snøgt gjekk til topps på dei norske platelistene.

Tjueniande august

Tjueniande august 1958 kom den australske musikaren Michael John Harvey til verda i Rochester i delstaten Victoria. Mick Harvey starta karrieren sin i bandet The Birthday Party, som ærar platehylla mi med plata Junkyard frå 1982, men er best kjend for samarbeidet sitt med landsmannen Nick Cave. Hjå meg kan Harvey høyrast som medlem av The Bad Seeds medan han spelar bass og gitar på Cave sine plater From Here To Eternity frå 1984, og The Boatmans’s Call, som kom ut i 1997. I 1987 gav musikkarfavoritten Warren Zevon ut plata Sentimental Hygiene. Stjernelaget av musikarane som gjev sitt bidrag på denne plata inkluderar Neil Young, Flea frå Red Hot Chilli Peppers, R.E.M., Bob Dylan, Stray Cats-gitaristen Brian Setzer og Eagles-sjefen Don Henly. I 2006 gav Motörhead ut plata Kiss Of Death.

28.08.2011

Tjueåttande august

Tjueåttande august 1945 vart Bob Segarini fødd i Stockton i solrike California. Segarini har, tross sitt anonyme tilvære, vore med på ei rekkje plateinnspelingar og kan hjå meg høyrast som korist på plata All American Alien Boy som Ian Hunter gav ut i 1976. I 1949 kom Hugh Gordon Cornwell til verda i Tufnel Park. Hugh Cornwell var gitarist og vokalist i The Stranglers i deira mest kreative periode. Etter at Cornwell forlèt bandet i 1990 har han gjeve ut fleire soloplater, men hjå meg er det på The Stranglers-plata The Gospel According To The Meninblack frå 1981 han kan høyrast. I 1955 døyde Bob Gordon. I 1967 kom trommeslagaren Paul Buchignani til verda. Buchignani sitt bidrag til mi platesamling finn ein på plata Black Love som Afghan Whigs slepte i 1996. I 1976 fekk sjåarane til det engelske fjernsynsprogrammet Super Pop oppleve AC/DC spele Live Wire og Can I Sit Next To You Girl. Bandet sin opptreden var eit opptak gjort i Wimbledon Theatre i juli same år. I 1977 vart musikar og plateprodusent Arve Isdal fødd. I mi platehylle høyrer du Ice Dale på platene No Hay Banda med Audrey Horne og platene Vertebrae og Axioma Ehtica Odini med Enslaved. I 1982 hadde hamnebyen Hartlepool vitjing av Toy Dolls. Lokale Catholics Club var stolt vertskap for dei unge pønkarane. I 1994 kom Manic Street Preachers si tredje studioplate, den hadde namnet The Holy Bible.

Tjuesjuande august

Tjuesjuande august 1941 fekk Kapp Verde-øyane og snart resten av verda den fantastiske songarinna Césaria Évora. Dama, kjend som The Barefoot Diva, platedebuterte seint med plata La Diva Aux Pieds Nus (1988), men hjå meg må ho nøye seg med å syngje bakgrunnsvokal. I 1950 kom gitaristen John Turnbull til verda i Newcastle-upon-Tyne. Turnbull har spela med ei rekkje store namn i engelsk musikkindustri og kan hjå meg høyrast på plata Do It Yourself med Ian Dury & The Blockheads. I 1956 kom Sex Pistols-grunnleggjaren Glen Matlock til verda i London. Etter at Matlock fekk sparken i Sex Pistols har han vore innom fleire band, mellom anna The Phillestines, som gjesta Garage i Bergen siste dagen i april 2011. I 1964 fekk verda ein Johnny Cash versjon av Bob Dylan sin It Ain’t Me Babe. Songen vart spela inn i Nashville og kan høyrast på plata Orange Blossom Special. Tony Kanal kom til verda i 1970, han er bassist i den amerikanske gruppa No Doubt. I 1975 vart Jan Ove Ottesen fødd. Janove Ottesen var ein lovande fotballspelar før han kom til Bergen og musikken tok han. Sjefen i Kaizers Orchestra har absolutt heidersplass i avdelinga for norskspråkleg rock i mi platehylle. I 1977 kunne ein live-versjon av Lynyrd Skynyrd sin Gimme Back My Bullets kjøpast på ein promosingel frå ein konsert i Anaheim sør for Los Angeles. I 1990 var dette ein tragisk dag då gitarhelten Stevie Ray Vaughan døyde i ei helikopterulukke. I 1991 gav Bob Seger And The Silver Bullet Band ut plata The Fire Innside, og Pearl Jam platedebuterte med Ten. I 1992 platedebuterte Hallingdal sine store countrysøner, Hellbillies med Sylvspente Boots på det norske selskapet Spinner. I 1996 gav The Who ut samleplata My Generation: The Very Best Of The Who, som selde til gullplate i USA. I 2001 slepte Sophie Ellis-Bextor. I 2002 slepte Aimee Mann plata Lost In Space, og Queens Of The Stoneage slepte si tredje studioplate, Songs For The Deaf, der tidlegare Nirvana-trommis Dave Grohl hadde teke plass bak trommesettet.

Tjuesjette august

Tjuesjette august 1960 kom den amerikanske jazzsaksofonisten Branford Marsalis til verda i Breaux Bridge i Louisianna. Marsalis kan hjå meg høyrast medan han spelar på Miles Davis si plate Decoy frå 1984. I 1966 kunne platekjøparane skaffe seg singelen I’m A Boy frå The Who. Songen, som handlar om eit par som får høve til å velje kjønn på barna sine, men som, når den store dagen endeleg er der, får ein gut i staden for ei jente, vart bandet sin andre #2 låt. I 1969 kom singelen Suspicious Minds frå Elvis Presley. Songen vart løna med ei veke på fyrsteplass i USA, men måtte nøye seg med ein andreplass som bestenotering i England. Same dag kom No Doubt-trommis Adrian Young til verda og ei hardtslåande karriere var byrja. I 1991 platedebuterte Blur med plata Leisure, som klatra til ein respektabel sjuandeplass på dei britiske platelistene. I 2000 døyde Allen Woody. I 2004 steppa metallguden Rob Halford inn som Black Sabbath-vokalist for ein bronkittsjuk Ozzy Osbourne. Konserten denne kvelden var i Camden, New Jersey og vart den fyrste av i alt åtte for superreserven. I 2008 slepte Motörhead plata Motorizer.

25.08.2011

Tjuefemte august

Tjuefemte august 1920 fekk verda bassisten Leonard Gaskin. New York-fødde Gaskin, som eigentleg vert rekna som jazzmusikar og har spel for Miles Davis på sin CV, kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Gaskin døyde i 2009. I 1933 vart saksofonisten Wayne Shorter fødd i Newark. Shorter, som har gjeve ut meir enn tjue plater som bandleiar under eige namn, kan i mi platesamling høyrast medan han spelar i bandet Weather Report og for trompetlegenda Miles Davis på platene In A Silent Way (1969) og Water Babies frå 1976. I 1949 kom Chaim Witz til verda i Haifa i Israel. Ettersom Chaim Witz ikkje er eit namn som sel så godt i rockeindustrien har han teke kunstnarnamnet Gene Simons. Simons er kjent som den langtunga bassisten i teikneseriebandet Kiss og skryt av at han har landa fleire damer enn dei fleste andre i same bransje, noko fleire nære kjenningar av Simons avkreftar. Underteikna var heldig og fekk oppleve Simons og resten av Kiss på Koengen i Bergen 1. juni 2008. Gamlingane leverte eit fantastisk show som heile familien levde lenge på, litt synd den lyse nordiske sumarnatta la ein dempar på litt av pyroshowet. Same dag vart Salif Keita fødd i byen Djoliba i Mali. Salif Keita er kjend som Afrikas gullrøyst og har hatt ei stor internasjonal karriere. Mi platehylle byr på plata 69-80, ei samleplate frå 1994. I 1950 kom William Paul Borsey Jr til verda i Stamford i Connecticut. Willie DeVille gjorde seg fyrst merkt som leiar av bandet Mink DeVille, som til tider var husband på CBGB’s, men frå 1986 gjorde han solokarriere under namnet Willie DeVille. Willie DeVille døyde av kreft i bukspyttkjertelen i 2009. I 1951 vart eit anna metallikon, Rob Halford, fødd som Robert Arthur Halford. Halford er kjend som vokalist i bandet Judas Priest og vert av fansen referert til som The Metal God, eit tilnamn alle frammøtte på konserten i Bergenshallen 8. juni 2008 og på Edvard Griegs Plass i 2011 vil skrive under på at han har gjort seg fôrtend til. I 1954 kom Declan Patrik MacManus til verda. MacManus er betre kjend som Elvis Costello og har i tillegg til plater under eige namn gjeve ut plater saman med bandet The Attractions. Han har også samarbeida med verdskjende artistar som Burt Bacharack og kona Diana Kral. I mi platehylle er det, enn så lenge, plata Mighty Like A Rose frå 1991 som er Costello sitt bidrag, men eg lovar at det kjem meir. Costello har også produsert plater for andre artistar, som mellom anna The Pogues. I 1962 fekk verda nok ein nordirsk gitarist då Vivian Patric Campbell vart fødd. Campbell var ein del av originalbesetninga i Dio og kan hjå meg høyrast på Holy Diver frå 1983. I 1967 vart Jeff Twedy fødd. Twedy har ei fortid i Uncle Tupelo (1987-1994), men er i dag best kjend for å vere den kreative krafta i bandet Wilco og er hjå meg representert med plate Summerteeth frå 1999. I 1968 kom Stuart Lee Murdoch til verda i skotske Clarkston. Stuart Murdoch er låtskrivar, vokalist og gitarist i det skotske indiebandet Belle & Sebastian. Så langt byr mi hylle på plata The Boy With The Arab Strap, og meir er på veg. I 1971 var dette dagen The Who gav ut Who’s Next i England. Plata nådde #1 på dei britiske listene. I 1978 var dette dagen plata Who Are You med The Who vart gjeven ut på andre sida av Atlanterhavet. Plata nådde andreplass på dei amerikanske listene. I 1986 var det Rockabillyfest på Klub Foot i Hammersmith og på scenen stod mellom anna Torment, Rochee & The Sarnos, Wigswille Spliffs, The Coffin Nails, The Caravans, alle frå Storbritannia, og nederlandske Batmobile. Alle saman kan høyrast og nytast på plata Stomping At The Klub Foot Vol. 3. I 1987 kom The Cars si sjette og siste studioplate, den fekk namnet Door To Door og gjorde ikkje nemneverdig suksess. I 1988 gav Metallica ut plata …And Justice For All, og no var dei tidlegare garasjerockarane superstjerner. I 1996 kom andresingelen frå plata To The Faitful Departed med The Cranberries, Free To Decide. I 1997 gav Rammstein ut plata Sehnsucht og gav med det nytt liv til sjangeren industrimetall. Same dag slepte Motörhead CD-Boxen Protect The Innocent der ein på fire plater får det beste av det beste frå perioden 1976 til 1992. Og som om ikkje det var nok, platedebuterte Stereophonics med plata Word Gets Around. I 1998 oppsummerte Lynyrd Skynyrd bandet sin gullalder, 1971-1977, med plata The Essential Lynyrd Skynyrd. Og Lauryn Hill lanserte plata som skulle markere starten på hennar solokarriere, The Miseducation Of Lauryn Hill. I 2000 døyde Jack Nitzsche.

24.08.2011

Tjuefjerde august

Tjuefjerde august 1945 kom multiinstrumentalisten Ken Hensley til verda. Hensley er best kjend som keyboardspelar og låtskrivar i det engelske hardrockbandet Uriah Heep som han spelte saman med frå 1970 til 1980. I 1956 var det Love Me Tender som stod på programmet for Elvis Presley sin innspelingssesjon. I 1963 kom John Bush til verda i Los Angeles. Bush var innom Anthrax ei stund, spelte inn tre plater, og kan hjå meg høyrast på enkelte spor på samleplata Return Of The Killer A’s. I 1981 kunne denne datoen by på konsert med Toy Dolls i Bentley Park i Doncaster. I 1984 stod Dovercot Arts Centre på Toy Dolls sin turnéplan. I 1992 gav Thunder ut plata Laughing On Judgement Day. Same dag døyde Larrie Londin, utan at det var noko å le av. I 1999 slepte Jimmy’s Chicken Shack plata Bring Your Own Stereo.

Tjuetredje august

Tjuetredje august 1947 var fyrste dag på jorda for Keith John Moon. Keith Moon var trommeslagar i The Who og ein av dei beste rocketrommisane som har levd nokon sinne. Moon døyde i 1978. I 1957 var det siste innspelingsdag for Ella Fitzgerald og Louis Armstrong sitt samarbeidsprosjekt Ella And Louis Again. I 1962 kom Shaun Ryder til verda i Salford. Shaun Ryder er best kjend som medlem av Happy Mondays, men i mi platehylle kan han høyrast saman med bandet Black Grape. I 1967 kom Cedella Marley til verda i Kingston i øystaten Jamaica. Cedella er dotter av artistane Bob og Rita Marley og kan høyrast medan ho spelar saman med tre sysken i Ziggy Marley And The Melody Makers på plata One Bright Day frå 1989. I 1968, det var ein fredag, avslutta Jethro Tull innspelinga av det som skulle verte langspelplata This Was. I tillegg til sjefen sjølv, Ian Anderson, deltok Mick Abrahams på gitar, Clive Bunker på trommer og Glenn Cornick på bass. I 1970 spelte Lou Reed og Velvet Underground sin siste konsert. Hendinga var lagt til den smått legendariske klubben Max’s Kansas City i New York City. I 1972 kom Stephen Bradley til verda i California. Bradley kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard og trompet for No Doubt på plata Tragic Kingdom frå 1995. I 1978 vart Julian Fernando Casablancas til verda i New York City. Julian Casablancas er leiar av bandet The Strokes, men har også levert gitarbidrag til Queens Of The Stone Age. I 1980 varma Iron Maiden opp for UFO på Reading Festival og spelte for fleire enn tretti tusen, største publikum til då. Så mange var nok ikkje til stades når Toy Dolls spela i Huntington Club i Stanley same dag. I 1988 platedebuterte Jane’s Addiction med plata Nothing’s Shocking.

22.08.2011

Tjueandre august

Tjueandre august 1917 vart bluesartisten John Lee Hooker fødd i Mississippi. Hooker vert rekna som ein av dei fremste representantane for Delta Blues og insatsen frå debuten i 1948 og framover sikra han ei stjerne på Hollywood Walk Of Fame. Hooker sitt bidrag til mi platehylle heiter Best Of Friends og er eit samarbeid med ei anna gitarlegende, Eric Clapton. Hooker døyde i 2001. I 1961 vart trommeslagar Deborah Mary Peterson fødd i Los Angeles. Saman med systera Vicki Peterson starta Debbi Peterson jentebandet The Bangles. I 1963 kom Tori Amos til verda som Myra Ellen Amos. Tori Amos sitt bidrag til godlyd i heimen min heiter Under The Pink og kjem fram med jamne mellomrom. Eg må innrømme at det ikkje er meg som har gått til innkjøp av denne plata, men det endrar ikkje det faktum at det dama frå Newton, North Carolina lurar ut frå platerillene absolutt kitlar øyregongane på ein mjuk og behageleg måte. I 1967 vart den tidlegare vokalisten i Alice In Chains, Layne Thomas Stanley fødd i Kirkland i den amerikanske delstaten Washington. Layne Stanley var med å starte Alice In Chains så tidleg som i 1987, men sleit dei siste åra av livet sitt med store rusproblem. Hjå meg høyrer du Stanley sine vokalprestasjonar på platene Facelift og Dirt. Stanley døyde i 2002. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Dixons Club i Sunderland. I 1992 toppa Iron Maiden nok ein gong plakaten på Monsters Of Rock på Castle Donnington. Andre langhåra rockarar på plakaten var Skid Row, Slayer, Thunder og W.A.S.P.

Tjuefyrste august

Tjuefyrste august 1904 vart storbande leiaren William James Basie fødd i Red Bank, New Jersey. Med kallenamnet Count Basie leia han sitt eige band med stødig hand i nesten femti år. Plata Atomic Swing er Basie sitt bidrag til mi samling. Basie døyde i 1984. I 1941 kom tangentmannen Tom Coster til verda i Detroit. Store musikarar som Santana og Joe Satriani har nytt godt av Coster sine tenester og kjem du innom meg for å høyre tangentspelet hans kan du gjere det på 50 Cent si plate Get Rich Or Die Tryin’ frå 2003. I 1943 var dette dagen for Clydie May Crittendon sin fødsel. Clydie King starta karrieren si som syngjedame tidleg i tenåra og har arbeida med artistar som Ray Charles og Steely Dan. Hjå meg kan King høyrast som bakgrunnsrøyst på Bob Dylan si plate Shot Of Love frå 1981. Ho har også vore med på andre Dylan-plater. I 1952 vart Clash-gitarist og vokalist, komponist, produsent og multitalent Joe Strummer fødd som John Mellor i Ankara i Tyrkia. Strummer kan hjå meg høyrst på Clash-plata Sandinista, han er også kreditert som produsent på Pogues-plata Hell’s Ditch og han song duett med Johnny Cash på ein flott versjon av Bob Marley sin Redemtion Song. I 1962 fekk Johnny Cash vokalhjelp av gruppa The Carter Family då han spela inn Where You There (When They Crusified My Lord?). Underverket enda opp på plata Ring Of Fire og er også tilgjengeleg på samleplatene God frå 2002 og Johnny Cash’s America frå 2008. I 1980 gav datoen oss ein Toy Dolls-konsert, den var i Belvedere Club i Bishop Auckland. I 1982 var Toy Dolls i Working Mans Club i Winlaton for å underhalde. I 1984 fekk 100 Club i London vitjing av Toy Dolls. I 1986 døyde Thad Jones. I 1990 gav Alice In Chains ut debutplata si, Facelift og Anthrax gav ut si femte studioplate, Persistence Of Time. I 2000 gav Bigbang ut plata Clouds Rolling By, som inneheld signaturlåten Girl In Oslo.

20.08.2011

Tjuande august

Tjuande august 1926 vart Frank Rosolino fødd i Detroit. Hjå meg kan Rosolino sitt trombonespel høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. Rosolino døyde i 1978. I 1941 kom Hawkwindsjefen Dave Brock til verda i Isleworth, der han fekk tildelt fullt namn David Anthony Brock. Bandleiar Brock er den einaste av medlemmene av Hawkwind som har vore med gjennom heile bandet si karriere. I 1946 var dette fødselsdagen til Ian Clarke som spelte trommer for Uriah Heep i perioden 1971-1972 og kan høyrast på plata Look At Yourself. I 1948 vart den engelske songaren Robert Anthony Plant fødd i Birmingham. Robert Plant slo gjennom med Led Zeppelin i overgangen frå seksti- til syttitalet. I 1949 kom den irske bassisten Philip Parris Lynnot til verda i West Bromwich. Lynnot var leiar av det irske bandet Thin Lizzy der han også markerte seg som låtskrivar. Før han starta sitt eige band spelte Lynnot bass i mellom anna eit anna legendarisk irsk hard rock band, Skid Row. Lynnot døyde i 1986 og kan hjå meg høyrast på samleplata Dedication som oppsummerar den kortliva karrieren til Thin Lizzy på ein glitrande måte. I 1957 vart Eric Ambel fødd. Ambel er gitarist og kan høyrast på plata I Love Rock’n Roll, som Joan Jett & The Blackheart gav ut i 1981. I 1970 kom William Frederick Durst til verda i Gastonia i North Carolina. Fred Durst er mannen som syng fyrstestemma i bandet Limp Bizkit og kan hjå meg høyrast på plata New Old Songs. I 1978 fekk svenske Helsingborg vitjing av Gasolin. Pas På Svinget I Solrød og Strengelengen er foreviga på band og kan høyrast på samleplata Derudaf - Forever. I 1981 er det Doncaster som tek i mot Toy Dolls, det skal ha hendt i Halfway Hotell, same dag gjesta Ramones Santa Cruz Civic i California, USA. I 1983 var Wings Of A Dove Madness sitt bidrag til hitlistene. Resultatet vart ein andreplass. I 1988 toppa Iron Maiden plakaten på Monsters Of Rock og fekk spele framfor meir enn hundre tusen headbangers & hellraisers på Castle Donnington. I 1995 døyde Red Rhodes.

Nittande august

Nittande august 1945 kom den engelske vokalisten Ian Gillan til verda i London. Gillan slo gjennom som vokalist i Deep Purple i overgangen mellom seksti- og syttitalet. I åra etter at bandet vart oppløyst var han innom fleire band, mellom anna sitt eige, Gillan, og Black Sabbath, men han er i dag attende i eit attfôreina Deep Purple. Hjå meg kan Gillan høyrast på Deep Purple-plata Machine Head frå 1972, og Black Sabbath-samlinga Between Heven And Hell. I 1958 var Johnny Cash i studio og spelte inn I Still Miss Someone som enda opp på plata The Fabolous Johnny Cash. Songen har også fått plass på ei rekkje samleplater, mellom anna Love frå 2000.

18.08.2011

Attande august

Attande august 1950 kom Dennis Leslie Elliott til verda i London. Elliott er best kjend for å ha halde takten for Foreigner, men i mi platehylle er det som trommis for Ian Hunter på plata med same namn han kan høyrast. I 1956 vart Tony Garnier fødd i ein av tvillingbyane i Minnesota, St.Paul. Garnier kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Tom Waits si plate Rain Dogs frå 1985. Han leverte også tenestene sine til Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997. I 1957 fekk humorverda eit bidrag då Dennis Collin Leary kom til verda i Worchester, Massachusetts. Stå opp-komikaren Leary sitt bidrag til mi platesamling heiter No Cure For Cancer og kom på marknaden i 1993. Denne blandinga av musikk og vitsar skal visstnok vere ganske morosam. I 1971 var Johnny Cash i Nashville og spela inn Miss Tara. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album. I 1978 gav The Who ut plata Who Are You i England. Plata klatra til sjetteplassen på dei engelske platelistene.

17.08.2011

Syttande august

Syttande august 1955 vart Colin Ivor Moulding fødd i Swindon. Bassisten Colin Moulding er ein av grunnleggjarane av det engelske New Wave-bandet XTC og kan hjå meg høyrast på plata Black Sea frå 1980. I 1959 slepte Miles Davis plata Kind Of Blue, som av mange vert rekna som den beste plata trompetgeniet gav ut. I 1964 kom Maria Louisa McKee til verda i Los Angeles. Maria McKee er ein av grunnleggjarane av bandet Lone Justice og har også ei solokarriere som artist og komponist, men hjå meg er det som korist for Steve Earle på plata Copperhead Road frå 1988 ho kan høyrast. I 1990 spelte AC/DC inn ein promovideo til Thunderstruck. Regissør var også denne gongen David Mallet.

16.08.2011

Sekstande august

Sekstande august 1929 vart William John Evans fødd i Plainfield i delstaten New Jersey. Bill Evans var ein høgt skatta jazzpianist og kan i mi platesamling høyrast på plata Kind Of Blue, som Miles Davis gav ut i 1959. Evans døyde i 1980. I 1939 kom banjospelaren Eric Weissberg til verda i New York. Weissberg har spelt med ei rekkje musikarar og kan høyrast medan han trakterar både banjo og gitar på New York delen av innspelingane til Bob Dylan si plate Blood On The Tracks frå 1975. I 1957 kom Timothy William Farriss til verda i Perth. Gitaristen Tim Farriss er eldst i ein syskenflokk på fire musikarar og har, saman med to yngre brør spela i INXS sidan starten i 1977. I 1958 vart Madonna Louise Ciccone fødd i Bay City i Michigan. Madonna har prega poplistene jamnt og trutt i dei siste tretti åra. Madonna sine bidrag til mi platehylle heiter True Blue frå 1986, I’m Breathless, som var inspirert av filmen Dick Tracy og kom på marknaden i 1990, og Music frå 2000. I 1960 vart den engelske produsenten Mark Ellis fødd i London. Flood spelar fleire spor for Barry Adamson på plata As Above So Below frå 1998. I 1977 døyde rockelegenda Elvis Presley heime på Graceland i Tennessee. Dette skapte endelause køar utanfor det som var bustaden hans. I 1980 er Downhill Club i Sunderland åstad for Toy Dolls sine larmingar. Same dag kom Robert Byron Hardy til verda. Hardy har stor suksess som bassist i det skotske indiebandet Franz Ferdinand. I 1985 slepte Red Hot Chilli Peppers si andre studioplate. Freaky Styley vart produsert av funkikonet George Clinton. I 1989 var det klart for enno ei plate frå Red Hot Chilli Peppers. Mother’s Milk var bandet si fjerde studioplate og med ny gitarist og trommeslagar, markerte den eit skilje i bandet si karriere. I 1994 gav Neil Young ut plata Sleeps With Angels saman med det hardtrockande husbandet Crazy Horse. I 2007 døyde trommelegenda Max Roach.

15.08.2011

Femtande august

Femtande august 1984 slepte Motörhead plata No Remorse, og det har dei sikkert ikkje angra på. I 1995 slepte Garbage si sjølvtittelerte debutplate, ei plate som nådde topp tjue i ei rekkje land i den vestlege verda. Same dag oppsummerte The Jackson 5 si karriere med plata The Ultimate Collection. I 2009 døyde Jim Dickinson.

Fjortande august

Fjortande august 1941 kom David Van Cortland Crosby til verda i storbyen Los Angeles. David Crosby er best kjend for samarbeidsprosjektet Crosby, Stills, Nash & Young, men har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand og i ulike samarbeidskonstellasjonar. Hjå meg finn du Crosby sitt arbeid på The Byrds si plate Fifth Dimesion frå 1966, og soloplata If I Could Only Remember My Name frå 1971. Crosby kan også høyrast på songen Through My Sails frå kompisen Neil Young si plate Zuma frå 1975. I 1971 fekk det platekjøpande publikummet i USA høve til å kjøpe The Who sitt meisterverk Who’s Next. Plata nådde #4 på dei amerikanske listene. I 1973 var The Who i studioet Eel Pie og la siste hand på låtane Postcard, Now I’m A Farmer, Water og Naked Eye som alle enda opp på Odds & Sods året etter. I 1982 hadde Fowlers Yard i Durham vitjing av Toy Dolls. I 1992 gav Motörhead ut ei plate med tittelen March Ör Die.

13.08.2011

Trettande august

Trettande august 1957 var fyrste innspelingsdag for Ella Fitzgerald og Louis Armstrong då dei gjekk i gang med og innspelinga av plata Ella And Louis Again. Denne kom ut på Verve Records seinare same året. I 1958 fekk studioteknikkarar i Nashville gleda av å høyre Johnny Cash spele inn Lead Me Father, me andre måtte vente til plata Hymns var tilgjengeleg seinare på året. Cash spela også inn Don't Take Your Guns To Town, som fekk plass på EP-en The Faboulous Johnny Cash, og i tillegg kan høyrast på ei rekkje samleplater, som mellom anna Murder frå 2000, og Pickin Time, som ein finn på plata The Fabolous Johnny Cash og samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1973 slepte sørstatsrockarane i Lynyrd Skynyrd plata Prounounced Lehn-nerd Skin-nerd. I 1981 var dette datoen Toy Dolls var i Stanley for å spele i Smuglers Club. I 1982 var det i Walker Park i Newcastle at Toy Dolls kunne høyrast. I 1988 slepte Iron Maiden Evil That Men Do, som plasserte seg på ein femteplass på listene. I 1991 kom Metallica si sjølvtittelerte femteplate, som produserte fem av bandet sine største hits, Enter Sandman, The Unforgiven, Nothing Else Matters, Wherever I May Roam og Sad But True. I jazzverda var det meir spenning retta mot The Manhattan Transfer si plate The Offbeat Of Avenues, som var bandet si tolvte studioplate og den fyrste på Columbia Records. I 2010 kom Iron Maiden si femtande studioplate, den fekk namnet The Final Frontier og var vel verdt å vente på.

Tolvte august

Tolvte august 1929 kom countrysongaren Buck Owens til verda som Alvis Edgar Owens Jr i Sherman, Texas. Owens flytta til Bakersfield i California på slutten av 1950-talet og hadde fleire hits som ikkje berre klatra til topps på countrylistene, men også plasserte seg høgt på dei vanlege poplistene. Eg hugsar Owens best frå far min sine gamle langspelplater, men då eg for ei tid tilbake kom over ei CD-plate på Fretex, vart eg hard gripen av nostalgi og investerte halvanna sneis i eit eksemplar av Act Naturally. Owens døyde i 2006. I 1949 vart pianisten og keybordisten Lou Martin fødd i Belfast. I mi platesamling kan Martin høyrast medan han held orden på tangentane for Rory Gallagher på plata Calling Card frå 1976. I 1953 kom den amerikanske fiolinisten Peter Ostroushko til verda. Ostroushko platedebuterte på Bob Dylan si plate Blood On The Tracks i 1975 og har ikkje hatt grunn til å angre på det. Seinare har han spelt for mellom anna Emmylou Harris og Willie Nelson. I 1967 platedebuterte Big Brother & The Holding Company med ei plate med same namn som bandet, vokalist var legendariske Janis Joplin. I 1976 spelte Ramones live på The Roxy i Hollywood. Hendinga vart festa til band og seksten tidlegare uutgjevne songar inkludert Blitzkrieg Bop og Now I Wanna Sniff Some Glue kan høyrast som tilleggsmateriale på plata Leave Home. I 1986 slepte Paul Simon plata Graceland, som var hans sjuande soloplate. I 1995 gjorde Doug Stegmeyer sjølvmord. I 2005 døyde Rufus Thibodeaux.

Ellevte august

Ellevte august 1941 kom plateprodusenten John Simon til verda i Connecticut. Simon kan høyrast medan han spelar altsaksofon på The Band si plate Islands frå 1977. I 1944 vart David Payne fødd i London. Davey Payne spelte saksofon for Ian Dury & The Blockheads og var ein viktig del av bandet sitt lydbilete. I 1958 kom John Joseph Wardle til verda i London. Jah Wobble var originalbassisten i Public Image Ltd, men hjå meg er det som gjest hos Primal Scream han kan høyrast på plata Screamadelica frå 1991. I 1968 vart gitaristen Charles Wayne Sexton fødd i San Antonio i Texas. Charlie Sexton vart spådd i fantastiske solokarriere, men fann etter kvart sin plass i hierarkiet då han valde å gå inn i Bob Dylan sitt faste band. Sexton sitt gitarspel kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate Love And Theft frå 2001. Sexton har også vore sjefsgitarist i Dylan sitt band på begge dei konsertane eg har fått med meg med legenda. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Mecca i Sunderland. I 1984 fekk verda stifte kjennskap med Iron Maiden sin singel 2 Minutes To Midnight.

Tiande august

Tiande august 1940 kom gitaristen Jerry Glenn Kennedy til verda i Shreveport, Louisiana. Kennedy spelar gitar for Bob Dylan på plata Blonde On Blonde. I 1947 vart Jethro Tull-sjefen Ian Scott Anderson fødd i Dunfermline i Fife i Skotland. Anderson har vore leiar av Jethro Tull sidan starten på slutten av 1960-talet. Underteikna var så uheldig å sjå Anderson og Jethro Tull i Grieghallen i Bergen i 2009, men røysta til Anderson var så dårleg at det heile var ganske så skuffande. Då er det betre å hygge seg med dei platene som står i hylla heime, This Was, Aqualung, Thick As A Brick, Too Old To Rock & Roll; Too Young To Die, Heavy Horses, Nightcap, Catfish Rising og liveplata A Little Light Music. I tillegg kjem sjølvsagt fleire samleplater. I 1961 vart Jonathon James Farriss fødd i Perth på den australske vestkysten. Jon Farriss har traktert trommene i bandet INXS sidan starten i 1977. I 1978 kunne ein høyre Gasolin i Tigerstaden. Dei heldige frammøtte fekk mellom anna høyre Det Bedste Til Mig Og Mine Venner, Hvad Gør Vi Nu, Lille Du, Kattemor og Kloden Dreier Stille Rundt som alle er å høyre på Derudaf - Forever. I 1981 gav Bob Dylan ut plata Shot Of Love. I 1984 platedebuterte Red Hot Chili Peppers med ei plate med same namn som bandet.

Niande august

Niande august 1955 vart trommeslagaren Charles Morgan fødd i London med fullt namn John Charles Morgan. Morgan sitt trommespel kan høyrast på tittelsporet til Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Steels Club i Sunderland. I 1983 var Toy Dolls attende i 100 Club i London for å spele. I 1984 er dette datoen for starten av Iron Maiden sin World Slavery Tour. Det var i seg sjølv ei stor hending, i og med at det hendte i Polen som den gong var trygt plassert i den kommunistiske delen av eit delt Europa. I 1986 var det plateslepp for Orgasmatron frå Motörhead. Sjølv venta eg nokre år før eg skaffa meg denne skatten, men no er plata trygt på plass i hylla. I 1987 kunne ein oppleve Toy Dolls på festival i Gronningen. I 1995 døyde Grateful Dead-gitaristen Jerry Garcia. I 2003 døyde Bill Perkins.

Åttande august

Åttande august 1937 vart den svensk-hollandske visesongaren Cornelis Vreeswijk fødd i Ijmuiden i Nederland. Gjennom eit hardt liv sette Vreeswijk sitt preg på skandinavisk visesong og han har skrive eit utal viser og gjendikta fleire kjende framandspråklege tekstar, ofte med ein humoristisk og samfunnsrefsande synsvinkel. Hjå meg finn du to samlingar av Vreeswijk sine songar, og eg ser ikkje bort frå at det vert fleire. Vreeswijk døyde i 1987. I 1942 kom bassisten John Gustafson til verda i Liverpool. Gustafson har ei allsidig karriere som omfattar mellom anna The Merseybeats og Ian Gillan Band, men hjå meg kan han, så langt, berre høyrast medan han spelar bass på songen Lounge Lizzard på Ian Hunter si sjølvtittelerte soloplate frå 1975. I 1950 vart den amerikanske trommeslagaren Liberty DeVitto fødd i New York. DeVitto var fram til 2006 fast medlem med meir enn tretti års fartstid i Billy Joel sitt band og kan hjå meg høyrast på konsertplata Kohuept frå 1987 og studioplata Storm Front frå 1989. I 1961 kunne Elvis Presley fortelje at (Marie’s The Name) His Latest Flame og fekk med det fire veker på fyrsteplass på hitlistene i England. I USA klatra plata til fjerdeplass som høgaste plassering. I 1968 spelte Johnny Cash inn Oh, What A Dream og All Over Again som begge kan høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1975 døyde Cannonball Adderley. I 1979 fekk nederlandske fjernsynssjåarar servert eit ungt og vitalt AC/DC. Programmet Veronica-Countdown bydde på eit opptak gjort i Rijnhall i Arnhem i juli same år. For dei som kjenner for å mimre kan det vere lurt å sjekke DVD’ane Plug Me In eller Let There Be Rock. I 1984 gav W.A.S.P. ut den sjølvtittelerte debutplata si og rocken vart aldri den same. Sjefen Blackie Lawless trakterte bassen og hadde med seg gitaristane Randy Piper og Chris Holmes i tillegg til trommeslagaren Tony Richards. L.O.V.E. Machine, I Wanna Be Somebody og On Your Knees kan i tillegg høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1986 er Toy Dolls på plass på Dollys i Oxford. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Sneekwave i Sneek.

Sjuande august

Sjuande august kom Peter Frederick Way til verda i Enfield. Bassisten Pete Way har spelt med Ozzy Osbourne og Fastway, men er best kjend for arbeidet han har gjort med UFO, der han kan høyrast på plata Obsession frå 1978. I 1958 vart Bruce Dickinson fødd i Worksop. Dickinson er kjend som den høgtflygande vokalisten i Iron Maiden. Han har også gjeve ut fleire soloplater og har ei fortid i fleire grupper, mellom anna meritterte Samson.

06.08.2011

Sjette august

Sjette august 1937 kom pianisten Paul Griffin til verda i Harlem i New York. Griffin kan mellom anna høyrast på Bob Dylan platene Bring It All Back Home frå 1963, Highway 61 Revisited, som kom på marknaden i 1965, og Blood On The Tracks frå 1975. Griffin spelar også på Don McLean plata med same namn som den udødelege klassikaren American Pie frå 1971. Griffin døyde i 2000. I 1952 fekk Green Bay i Wisconsin (home of the Packers) gitaristen og komponisten Pat MacDonald. MacDonald er best kjend som medlem av den alternative duoen Timbuk 3 som fekk debutplata si nominert til Grammy i 1987. Etter at bandet slutta å spele saman i 1995 har MacDonald gjeve ut fleire plater på uavhengige selskap utan den store salssuksessen. Han har derimot tent gode pengar på å skrive songar for andre artistar. I 1967 var The Who i Mirasound Studios i New York og spelte inn tredje versjon av Mary Anne With The Shaky Hand. Songen kom med på plata The Who Sell Out og Al Kooper spelte orgel. I 1986 hadde Warehouse i Dunfermline vitjing av Toy Dolls. I 2009 døyde Willie DeVille.

05.08.2011

Femte august

Femte august 1947 fekk verda gitaristen Rick Derringer kamuflert som Richard Zehringer. Derringer slo gjennom i gruppa McCoys som er fint plassert i kategorien ”one-hit-wonders” etter kjempesuksessen med Hang On Sloopy, men i mi platehylle gjer han jobben som hjelpegitarist og produsent for Johnny Winter på plata And Live frå 1971. I 1955 vart Eddie Ojeda fødd i New York City. Ojeda, med kallenamnet Fingers, er gitarist i Twisted Sister. I 1961 kom fiolinisten Mark O’Connor til verda i Seattle. O’Connor kan hjå meg høyrast saman med bandet Telluride på Nothing But A Child på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1964 vart Adam Nathaniel Yauch fødd i Brooklyn. Yauch er ein av grunnleggjarane av rap-trioen Beastie Boys, og nyttar ofte scenenamnet MCA. I 1968 nytta gitaristen Luther Perkins dagen til å dra sitt siste sukk etter ei tids sjukdom. I 1986 var Toy Dolls i skotske Ayr for å spele på Darlington Hotel. I 1992 døyde Jeff Porcaro.

04.08.2011

Fjerde august

Fjerde august 1901 vart jazztrompetisten og songaren Louis Daniel Armstrong fødd i jazzbyen framfor nokon, New Orleans. Frå fattigstroka ved Mississippi-elva sine bredder gjekk turen til Chicago og New York ,og seinare tusenvis av konsertar verda over. Etter kvart voks Armstrong si stjerne seg så stor at han i dag har si eiga stjerne på den berømte Hollywood Walk Of Fame. Armstrong døyde i 1971. I 1960 vart trommeslagaren Stefan Kaufmann fødd i Solingen. Kaufmann har heldt takten på ni av Accept sine plater og kan hjå meg høyrast på Balls To The Wall frå 1983. I 1967 slepte Aretha Franklin plata Aretha Arrives, produsent var Jerry Wexler. I 1986 kunne Toy Dolls høyrast på Roof Tops i den skotske storbyen Glasgow.

03.08.2011

Tredje august

Tredje august 1947 vart John Tyler fødd i Barlow. Sean Tyla hjelpte The Blackhearts med gitarspel for Joan Jett på plata I Love Rock’n Roll frå 1981. I 1961 kom Leon Drucker til verda. Drucker er til vanleg kjend som den hårfine bassisten Lee Rocker i det fantastiske rockabillybandet Stray Cats og kan hjå meg høyrast på platene Gonna Ball frå 1981 og Choo Choo Hot Fish frå 1992, i tillegg til samleplata The Best Of The Stray Cats (1996) som oppsummerar den fyrste delen av rockabillylegendene si karriere på strålande vis. I 1964 vart Amery Smith fødd i Los Angeles. Den trommeslagande artisten kjend som AWOL har vore innom ei rekkje band og kan hjå meg høyrast på Beastie Boys si plate Ill Communication frå 1994. I 1967 kom Deborah Ann Dyer til verda i innvandrarbydelen Brixton i London. Skin tok verda med storm midt på 1990-talet som ein del av bandet Skunk Anansie og kan hjå meg høyrast på platene Stoosh frå 1996, og Post Orgasmic Chil. I 1992 slepte INXS plata Welcome To Wherever You Are, bandet si åttande studioplate. I 1999 døyde Leroy Vinnegar.

02.08.2011

Andre august

Andre august 1937 vart Eric Garth Hudson fødd i Ontario. Garth Hudson vert rekna som mannen bak The Band sitt unike lydbilete og hjå meg kan tangentspelet hans høyrast på plata Islands frå 1977, bandet si siste studioplate med originalbestninga. I 1953 fekk musikaren Earl Scruggs ein son som etter kvart fekk namnet Randy. Randy Scruggs har ei sjølvstendig karriere som musikar og produsent, noko som har resultert i Grammypris. I mi platehylle kan Scruggs høyrast medan han spelar gitar for Johnny Cash på plata American III: Solitary Man frå 2000. I 1957 døyde Joe Shulman. I 1972 spela Johnny Cash inn Little Green Fountain i Hendersonville. Resultatet kan høyrast på plata The Johnny Cash Childrens Album frå same år. I 1983 gav Jackson Browne ut si sjuande studioplate, Lawyers In Love.

Fyrste august

Fyrste august 1942 vart Jerome John Garcia fødd. Jerry Garcia var ein av grunnleggarane av kulthippiebandet Grateful Dead og vart rekna som talsmann for bandet fram til han døyde i 1995. Garcia hadde i tillegg sitt eige band, Jerry Garcia Band i tillegg til ei rekkje andre samarbeidsprosjekt. I tillegg til ei Grateful Dead liveplate frå 1964 kan Garcia i mi platesamling høyrast på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. I 1946 kom Raymond Burrell til verda i Lincoln. Boz Burrell si merittliste inneheld legendariske band som King Crimson, men hjå meg er det som bassist for supergruppa Bad Company han kan høyrast. Burrell døyde i 2006. I 1951 vart Thomas Richard Bolin fødd i Sioux City i Iowa. Tommy Bolin fekk i løpet av si korte karriere høve til å erstatte supergitaristen Richie Blackmore i Deep Purple, men det vart med plata Come Taste The Band frå 1975. Bolin døyde av ein overdose heroin i 1976. I Winnipeg kom Timothy Gregg Bachman til verda. Gitaristen Tim Bachman var ein av grunnleggjarane av Bachman-Turner Overdrive I 1966 var The Who i IBC Studios i London og spelte inn I’m A Boy. Produsent var Kit Lambert. I 1972 var dagen Elvis Presley slepte singelen Burning Love. Songen var Elvis sin siste rockehitt og fekk ei veke på listetoppen i USA. I England var sjuandeplassen beste plassering. I 1982 køyrde Madness bil inn på listene. Drivin’ In My Car la seg inn på ein fjerdeplass. I 2000 gav The Dandy Warhols ut plata Thirteen Tales From Urban Bohemia.