30.10.2011

Trettiande oktober

Den trettiande oktober 1946 kom Christopher Rees til verda i det kongelause monarkiet Wales. Cris Slade har ei fortid som trommeslagar for Bad Company-sjefen Paul Rogers, men hjå meg kan han høyrast medan han held takten for AC/DC på plata The Razors Edge frå 1990. Denne plata er ei av fleire som er så grom at ho står trygt plassert mine platehyller, både som LP og CD. I 1960 song Elvis Presley inn Surrender med bandet The Jordanaires. Dette var også dagen den same Elvis Aron Presley spela inn Crying In The Chappel, sjølv om det i dette tilfellet gjekk fleire år før songen vart tilgjengeleg for platekjøparane. I 1967 slepte Buffalo Springfield si andre studioplate, Buffalo Springfield Again. I 1977 var dette dagen då Ramones spela det som vart den siste konserten deira på den legendariske punk- og rockeklubben CBGB (eigentleg Country, Bluegras, Blues) i New York. I 1983 var turen komen for Toy Dolls å spele på Jilly’s i Manchester. Same dag kunne texanarar, og andre tilreisande, oppleve AC/DC i Houston. Eit opptak av songen Shoot To Thrill kan nytast på DVD-samlinga Plug Me In. I 1986 kunne ein få høyre Toy Dolls spele i levande live, om ein var tilstades på Razzia i bankbyen Zurich. I 1989 spela Toy Dolls på Live Station i Dortmund, same dag som supergitaristen Joe Satriani slepte plata Flying In A Blue Dream. I 1995 fekk nostalgikarane høve til å kjøpe Bryan Ferry og Roxy Music si samleplate More Than This, medan dei med ein meir moderne musikksmak kunne gå til innkjøp av Pulp si plate Different Class, som kunne by på kjempehiten Common People.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar